Snøvetteren 1962, av Eirik Småbrekke

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Snøvetteren 1962
Av Eirik Småbrekke


I gamle dagar kom det jamt over mykje meir snø om vintrane enn det har gjort i dei seinare år. Far fortalde at den store snøfonna under Såta gjekk i eit frå Geitaknausen til Middagsskaret om haustane. Men so eit år tok det til å stikka opp nokre små skarvknausar midt innpå ho, der ho var breiast. Dette tykte dei gamle var underleg.

Verlaget må ha vore mildare, for snøfennene har minka og minka. Og i september 1941 var det fyrste gong i manns minne at ein ikkje kunne sjå snø att under Såta og i Bukkafjellet. Etter mælingar som er gjorde seinare, har ein funne ut at snøfonna har vore kring 25 m djup etter at ein såg i skarvknausane.

Men so kom det ein heilt uvanleg snøvinter i 1962. Han var i emning alt frå fyrsten av desember 1961. Det var særleg samferdsla som vart råka i fyrste omgang. - Dale og Bergsdalen Billag hadde so smått teke til å køyra plog på den rutegående lastebilen alt i 1938. Og laget hadde ikkje noko godt brøyteutstyr i 1961/62 heller. Men A/S Ingeniørbygg, som dreiv anleggsarbeid på Dyrastigen på Rødland, hjelpte litt til med den store lastebilen sin og ein bulldosar. Men dei fekk snart nok med å halda Hamlagrøvegen open. Og naturkreftene heldt stendig på å få overtaket på billaget sine maskinkrefter og oppsitjarane sine mannekrefter. Det var slik den tid at dei hadde berre ein frontplog. Og brøytekantane måtte måkast ut med spade når dei vart for høge. Det same måtte snøen som fylte seg opp på øvre sida av vegen, der det ikkje var utslag. Skuleborna i Hatlestad krins fylgde på den tid buss og drosje til skulen på Øye. Men det var dagar dei ikkje kom fram før til middags, og ikkje heim att før om kvelden.

Snøen som fall var so passeleg kram at han bygde seg godt opp. Og han vart liggjande der han kom, for det var lite vind. Den 11. januar var brøytekantane 3,5 m høge i Småbrekke-skaret, og 2,3 m elles på flat mark. I skaret vart brukt ein stige for å koma i og or vegen. Dette var serleg bale ved mjølkelevering. Folk gjekk på snømåking dag etter dag. Opp til 9 timar dagen, i tillegg til arbeidet i florane. Dei såg det slik at noko av det alle viktigaste var å halda oppe vegsambandet.


Bilete s. 413 Brøytekantar i Skaret.


Det vart prøvt med ein liten kantfres, men han viste seg å vera i minste laget. Men so endeleg den 21. januar hadde Gjert og Åsmund fenge ferdig ein kantskjerar dei hadde laga i smia på Fosse. Men då var kantane so beinharde og islagde, at det var lite han fekk gjort. Brøytebilen vart for lett. Ein måtte gå føre med øks og hogga ei sprikka i brøytekanten so langt nede som kantskjeraren skulde ta.

So vart det urolegare ver, og den 30. januar fauk brauta i Bergsura att for godt. I dagboka for den 31. januar står det: "sunnastorm, ubrøyta, straumlaust og telefonen i uorden. Dei brøyter berre frå Dale til Fosse. Vanskar med brøytinga på Hamlagrøvegen òg". Veret spakna att, men Bergsdalen var godt innestengd. Småbrekke-skaret var fylt med snø, 3,5 m djup der avkøyrsla var. Straumen fekk ein vones før att. Det gjekk lenger å få telefonsambandet i orden. Posten måtte berast på rygg, slik som før når vegen ikkje var halden open.

Hamlagrøvegen snoa òg att. Då vart det sett inn beltebilar i transporten frå Hodnaberg til Dyrastigen. Dei vart seinare brukte i Bergsdalen òg. Eit dåpsbarn med fylgje vart køyrd til kyrkje med ein slik.


Bilete s. 414 Rødland før vegen vart stengd.


Ingen hadde lenger slike lager av kraftfor og mat, som før i tida. Og det tok snart til å røyna på for sume. Men folk hjelptest åt. Dei gamle separatorane kom til heider og æra att. Smør vart laga, og dyra fekk skumamjølka. So vart det å ta skiene fatt, og smøret vart bore til Storefossen. Dertil køyrde bussen. Han kom med matvarer og ymse, so dei fekk fylla i ryggsekkene heim att.

Hus og hytter vilde mest snøa ned. Hytteeigarane ringde opp og bad bøndene måka av taka. Og det trongst, for det var mesta 2 m med tung snø på mange tak.

Den 18. februar var det enno ikkje brøytt for hestekøyring gjennom dalen. Men veka etter hjelpte bulldosaren med å laga braut oppå snøen. Då vart det køyrande både for hest og for traktor med belte. Mjølkeleveringa kom i gang att. Skuleborna frå Hatlestad krins fekk ta til att på skulen. Dei vart innhyste i lærarbustaden på Brekke. Kvar laurdagskveld fekk dei koma heim att. Men dei måtte reisa att sundagane. 3. mars vart det brøytt so bussen kunde køyra heim til Fosse. Då var det 3 m snø på mælestasjonen på Fossheim. (Rødland). Det meste som var mælt på flat mark på Rødland var 3,2 m. På Fosse var det bort imot 2,5 m.

Til påske måkte mannen i Øyo seg ned på brunnen sin. Der var 2,8 m snø. Endå brunnen låg slik til at i alle vindretningar bles snøen derifrå.

Det vart store vanskar med å koma seg inn i florane. Der florsdørene var på øvre sida og snøen gjekk i eitt med løtaket, vart det mykje bal. På Hatlestad hadde dei 21 trappesteg ned til florsdøra. På Rødland var det berre eit trangt hol som gjekk ned. Dei som hadde små møkhus og laut til å køyra ut på ettervinteren, fekk hardt å bita i. Snøen gjekk som sagt langt over møkhusportane. Korleis skulle dei få hest og slede inn og ut der? Ein prøvde å skjota i den harde snøen med dynamitt.

Påskegjestene kom dette året òg. Dei gjekk på ski frå Fosse. Provianten vart køyrd med hest og traktor, på gamledags vis. Ja, det var då ikkje traktorar i gamledagar.

Snømengdene auka til midt i april. Seinare tok dei til å minka. Den 25. såg dei i Storsteinen på Småbrekke. Men det var verre før. Eitt år kom han ikkje til synes før 20. mai. Truleg var det etter hundreårsskiftet.

Siste dagane i april og dei fyrste i mai vart det brøytt for bil oppover dalen. Dei kom til Rødland den 7., og den 13. kunne bussen køyra heilt opp. Me snakkar gjerne om vårange. Men den finaste angen sume kunne kjenna den vinteren, var diseleksosen. Når han kom med vinddraget, visste dei at bulldosaren var ute og brøytte.

Den vanlege 17.-maifesten på Lid vart sløyft på grunn av dei store snømengdene. Men det var sume som reiste til Dale på feiring. Skuleborna som var innesnødde i februar, fekk seg 14 dagars stoveskule på Småbrekke då det leid ut i mai.

Det vart lang inneforing på beista. På Lid slepte dei smale ut fyrst 28. mai. På Rødland ikkje før 6. juni. Endå om dei fleste hadde åta (breidd mold eller tomasfosfat på snøen), so var ikkje heile bøane tådne (snøberre) på den tid. l bakkane var graset byrja å gro, endå om det låg mykje snø på flatane. På Tangen måtte dei moka braut for å få smalen bort på solsida. Men dei moka ikkje djupare enn til dei såg i gjerdet som gjekk langs vegen bort til brua. Snøkavane kom so seint som 30. mai. Og det gjekk heilt fram til 22. juni før siste snøklatten var tint bak eldhuset på Småbrekke.


Bilete s. 416 Våren let venta på seg dette året.


Skogen tok til å grønkast til pinse, den 10. juni. Åkerarbeidet vart sume ikkje ferdige med før langt ut i juni.

Kyraløysing vart det ikkje på Lid før nokre dagar ut i juli. Og på Haugen tok dei nett til å slå i tunet 17. juni. På Berge fekk dei ikkje jaga smalen av bøane før til 1. juli. Slåttetid ukjend.

5. juli var fyrste verkelege sumardagen. Men ein mann gjekk på ski 15. juli. Han tok skiene på utanfor Moaselet og gjekk på samanhangande snø til toppen av Storliknausen.

Det gjekk hardt utover skogen, særleg plantefelta. I bratte bakkar drog snøen slik i granane at røtene losna i jorda. Mange unggraner vart knekte sund. Andre brotna i 2 til 3 meters høgd. Dei som vart skeive retta seg seinare noko opp att, men vart då bogne og ubrukande til materialar.

Fjellbeita på sørsida vart veldig seine. Snøen låg meir enn ein månad lenger enn i vanlege år.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy