Skulen, av Ragnvald Berge

Frå Vaksdal Historielag

(Skilnad mellom versjonar)
Jump to: navigation, search
Noverande versjon (11:13, 24 oktober 2010) (endre) (undo)
 
(3 intermediate revisions not shown.)
Line 3: Line 3:
<p align="center"><font size="+1"> Skulen </font> <br/>
<p align="center"><font size="+1"> Skulen </font> <br/>
-
<font size="o> ''Av Ragnvald Berge.'' </font>
+
<font size="o> ''Av Ragnvald Berge'' </font>
</p>
</p>
Line 139: Line 139:
-
[[kategori:Bygdebok artikkel Bergsdalen]]
+
{{kategorisere Bergsdalen artikkel}}
-
{{Historielag rettar}}
+
{{rettar}}

Noverande versjon

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Skulen
Av Ragnvald Berge


I dei eldste tider var det i heimen born og ungdom for det meste fekk si opplæring og oppseding. Krava til denne opplæringa har sjølvsagt endra seg i takt med tida frametter. Noko som kan kallast skule i vanleg meining finn ein ikkje, men ein kan tenkja seg at livet kring åren i dei lange vetterkveldane, der heile huslyden sat ilag med arbeid og samtale, vart ein skule for dei unge.

Bergsdalen har frå gamle tider høyrt til Voss, slik som heile Evanger herad gjorde frå fyrst. Evanger fekk tidleg si eiga kyrkja, (fyrste gong nemnd i 1315) men vart eige prestegjeld fyrst i 1877, og eigen kommune i 1885.

Då Voss vart delt opp i sokner, var det naturleg at Bergsdalen vart lagd til Evangersokna. D.v.s. det vidsveimte området som seinare vart Evanger kommune.

Med reformasjonen som vart innførd i Noreg med tvangsbod 1536, kom det heller ikkje til noko større ombrøyte i skulevegen. Endå reformasjonen etter Luthers tanke meir hadde til oppgåva å føra den kristne sanninga fram til alle.

Tilstanden i landet vårt var ikkje på den tid soleis at det gav gode kår for folkeopplysninga.

I 1539 kom ein ny kyrkjeskipnad, og etter den skulle kyrkja ha på seg å fremja folkeopplysninga. Prestane skulle om sundagane etter preika lesa opp eit stykke or Katekisma slik at folket kunne læra orda, og prestane skulle tyda dei.

I kvart prestegjeld skulle vera ein dekn eller klokkar som skulle undervisa ungdom i barnelærdomen ein gong i veka, på tid og stad som vart avgjord av presten.

Frå 1687 vart det pålagt prestane å bruka siste halvtimen av preika til tyding av Katekisma. Klokkaren skulle om sundagen og elles ein dag i veka, gjeva ungdomen den barnelærdom som tilhøyrde. Lenge var dette den einaste ålmenne opplæring som borna fekk utanfor heimen. I 1736 vart konfirmasjonen påboden. Dette førde med seg større krav om kristendomskunnskap. Og so i 1739 kom det påbod om skular på landet, dermed kan ein seia at landet hadde fenge si fyrste ålmenne skulelov.

Det vart påbode å skipa skular i alle prestegjeld, som kyrkjelydane sjølve skulle kosta. Føremålet var å førebu konfirmasjonen.

Borna skulle vera skulepliktige i minst tre år, frå dei var sju år gamle. Kvart barn skulle få minst 12 veker skule i året.

Skulen skulle fyrst og fremst gje opplæring i religion, men og i rekning når foreldra krov det.

Pontoppidans forklåring som kom ut i 1738 skulle vera lærebok, men borna skulle sleppa læra ho utantil. Stiftsamtmannen og bispen skulle syta for at det vart tilsett dei lærarar som trongst. Dette gjekk påbodet ut på, men verre vart det å gjennomføra det. Riksstyret lyt i 1741 slå av på krava. Kvart prestegjeld fekk difor høve til å skipa skulestellet so godt det let seg gjera.

Soknepresten og nokre av dei beste mennene i prestegjeldet skulle skipa ein skuleklasse og få fast orden med skulestellet, som måtte godkjennast av stiftamtmann og bisp.

Fyrst i 1761 vart det tilsett ein skulehaldar i Evanger sokn. (Prestane var i mot at desse vart kalla lærarar, avdi dei meinte at tittelen låg for høgt i høve til kunnskapen).

År 1761 vart det utarbeidt nye reglar for skulen som m.a. kravde meir lærarkrefter. Skriving og rekning var ikkje obligatorisk, men ein kan sjå av gamle dokument at enkelte har lært å skriva namnet sitt.


Skuleområda vart skift i samlingar, eller roter som det heitte. Skulen gjekk på omgang frå hus til hus. Borna i ei rota skulle alle koma saman til skule i ei av stovane der. Rotene kunne då ikkje vera større enn at borna fekk plass, og heller ikkje fekk for lang skuleveg. Når læraren var ferdig i den eine rota, reiste han til neste. Her kan ein vel seia at den fyrste form for sokalla omgangsskule vart til. Denne ordninga varde fram til 1816, då kom det ei førebils skulelov, der Evangersokna fekk to lærarar.

Det vart helst lite skule på kvart barn, læraren skulle undervisa i kvar samling 3 dagar om gongen.

Skriving og rekning vart no faste læreemne i skulen. Foreldra måtte syta for skulemateriell, og for dei som ikkje hadde råd, vart det dekt av skulekassa. Prestane skulle velja ut dei flinkaste av dei eldste skuleborna til å undervisa dei yngste.

Skulen skulle vera frå 14 dagar fyre mikjelsmess og til 14. april. Elles var det lite brigde i skulestellet fram til 1818. Då vart det tilsett fleire lærarar, og Evanger sokn fekk 3 skulehaldarar.

Skuleskatten som før hadde vore 10 sk. vart no auka til 18 sk. Likeeins skulle innkoma av at folk vart bøtelagde gå i skulekassa. Lærarløna vart og auka frå 8 til 10 spesidalar for året. I 1827 kom ei ny lov om ålmugeskular på landet.

Denne lova krevde faste skular ved kvar hovudkyrkja, og ved alle verk og bruk som hadde minst 30 arbeidarar. Elles skulle det alle stader det trongst, vera omgangsskular.

Attåt religion, salmesong, skriving og rekning, vart det no fastsett at dei skulle ha forstandsøving og bibelsoga i skulane. Det vart fastsett ei årleg prøva og skuletvang frå 7-8 års alderen til konfirmasjonen. Borna var frå dei var 12 år og til to år etter konfirmasjonen pliktige å møta i kyrkja til overhøyring to gonger årleg. For forsøming av skulen, årsprøve eller overhøyring i kyrkja vart det sett bot. Frå 1828 vart det vedteke å skipa skulekrinsar. For Evangersokna vart det framleis omgangsskule som vart delt i 3 krinsar. Bergsdalen høyrde til krins 3 og vart delt i to roter. Fosse-Lid var ei rota. Den gongen hadde dei 11 gardsbruk og 24 skuleborn. Solbjørg-Rødland var ei rota med 7 gardsbruk og 24 skuleborn.

I slutten av 30 åra vart det skipa seminar. Det skulle vera til opplæring av lærarane ved dei faste skulane. Omgangsskulelærarane skulle få si opplæring hjå presten og klokkaren. Det vart og høve for dei å få praktisk øving ved dei faste skulane.

Opplæringa i skulane vart etter kvart betre, men var stiv og mekanisk. Det var helst utanbokslæring i katekisme og forklåring, og overhøyring. No som før var det dei geistlege embetsmenn som fekk mest å seia, og som fekk tilsynet og leidinga av skulen. Frå 1844 vart det vedteke ny krinsskipnad for Evanger, sokna fekk no 4 krinsar, men Bergsdalen høyrde framleis til krins 3. Rota Fosse-Lid hadde 11 gardsbruk og 21 skuleborn, og rota Solbjørg-Rødland 8 gardsbruk og 8 skuleborn. År 1855 fekk Evanger sokn ein lærar til, slik at det vart ein lærar for kvar krins.

Like fram til slutten av 50 åra var det bygdefolket sjølve som hadde bore alle utgifter med skulen, men frå no av fekk dei faste skulane tilskot frå "Oplysningsvesenets Fond" til lærarløner, og omgangsskulane fekk "Amtstilskot".

Skulestellet hadde gått framover, både det religiøse og det kulturelle liv var vakna til vokster og hadde skapt ein sterk trong til folkeopplysning. Og so kom lova om ålmugeskule på landet i 1860. Etter denne lova skulle kvart barn ha minst 12 veker skule, og i delt skule minst 9 veker. Borna var skulepliktige frå dei var 8 år til dei var konfirmerte. Heradet, amtet og staten skulle no bera kvar sin part av utlogene med skulen.

Læreemna skulle etter lova vera lesing, religion, utvalde stykke av leseboka, landkunne, song, skriving og rekning. Kroppsøving kunne ein òg ta med. Den fyrste opplæringa skulle borna få på sitt eige talemål, men dei skulle og læra å skjøna og lesa og skriva på riksmål.

Det vart òg nye reglar for krinsskipnad, skuletid og klassedeling. For Evangersokna vart det no 7 krinsar. Bergsdalen kom i krins 5 med to roter og 28 skuleborn, 1 klasse i kvar rota med 9 veker skule. Denne ordninga varde heller ikkje lenge, alt i 1863 vart nemninga roter sløyfa og vart for framtida heitande krins. Soleis vart Rødland-Berge krins nr. 14, og Solbjørg-Fosse nr. 15.

Her legg ein merke til at Solbførg for ei tid er lagd til Fosse-Lid krinsen.

Elles vart det gjort mange brigde i krinsskipnaden no frametter. Sume av dei stod heller ikkje lenge ved lag.

Strandasokna, seinare heitande Vossestrand, vart frå 1. mai 1866 skild frå Voss som eige prestegjeld og fekk eige skulestell. Skulelova av 1860 gav òg påbod om bygging av skulehus. Dette vart og gjort i 70-80 åra, men berre på dei mest sentrale stader, for Bergsdalen og andre avsidesliggjande krinsar, vart det omgangsskule som før. Framgangen for skulen gjorde at folkeopplysninga steig, og so kom atter ny folkeskulelov i 1889.

Lova slo fast at det ikkje lenger skulle vera ein "Almugeskule", men ein folkeskule for alle. Den skulle skipast slik at den gav grunnlag for dei som ville gå over i det praktiske liv etter folkeskulen, og for dei som ville halda fram med opplæring og skulegang. Det skulle fyrst og fremst vera ein kristeleg skule, men han vart løyst frå kyrkja, og lagd meir under kommunalt folkestyre. Skulestyret skulle skipa og styra skulen og tilsetja lærarar.

Prestane var ikkje lenger sjølvskrivne formenn, og utskrivinga av skulen skulle ikkje lenger hanga saman med konfirmasjonen. Skuletida vart auka, og det vart gjeve høve til skipa framhaldskular. Dei borgarlege fag fekk soleis eit breiare rom.

Lova kravde òg betre klassedeling og betre skulerom. Alle born skulle no læra å lesa både landsmål og riksmål, men elles kunne ein velja kva for eit av dei to måla ein ville ha til hovudmål. Det vart og sett større krav til lærarskulane. Dei som hadde teke den lågare lærarprøva, kunne no verta lærar i småskulen, og dei med høgare lærarprøva i storskulen.


Lærarar som var her i eldre tid, veit me lite om. Men frå 1854 veit me at Magne Magneson Tyssen var lærar i Bolstad, Rasdal, Jørnevik og Bergsdals krinsane. Etter han var Ola Akselson Tveite lærar, og i 70-80 åra Godskall Flage, og frå 1883 var Arnfinn Oddson Himle lærar her.


Eldre folk fortalde at det ofte var skifte på lærarar på dei tider, det hende til og med at sume elevar hadde opptil 13 lærarar på 7 år. Dette kjem seg mykje av at Bergsdalen låg avsides og tungvint til. Den einaste måten å ta seg fram på vinters tid var å gå på ski, både over fjellet og mellom krinsane.

Me høyrde òg fortalt at lærarane i utkantstroka ikkje alltid var av dei beste. Sume var bra, andre mindre bra, og det fanst og dei som slett ikkje var skikka til læraryrket.

Ser me på tilhøva der skulen var halden, var stovene ofte både små og mørke. Borna vart stua saman rundt eit bord, og i beste fall benkjer å sitja på. Som oftast var det berre eitt rom dei kunne gjera opp varme i, og folk i huset måtte difor halda til med sitt vanlege innandørs arbeid i same stova. Det er lett å skyna at under slike tilhøve kunne det ikkje verta mykje lærdom borna fekk.

Rundt hundreårsskiftet vart det mykje betre med omsyn til skulerom. Sume av bøndene i dalen hadde bygd seg nye våningshus med to stover, eller bygd ei stova i tillegg til den han hadde før, soleis at dei kunne leiga bort den eine til å halda skule i.

I 1897 kom det ein nyutdanna lærar til Bergsdalen, Hans S. Tyssen frå Bolstadfjorden. Det er vel rett å seia at frå då av byrja ei ny og framgangsrik tid for skulestellet i Bergsdalen.

Dei fyrste åra hadde han todelt skule i nedre dalen, som den gong heitte Lid krins, og blanda skule i øvre dalen, som no heitte Rødland krins.

Barnetalet var stort, og det vart arbeidt iherdig for å få bygd skulehus. Og frå årsskiftet 1902 vart Øye skulehus teke i bruk. Dette var eit veldig framsteg for krinsen, som no fekk stor og ljos skulestova, og kvar sin pult å sitja på, kort sagt fylte dei krav som var sett til eit tidhøveleg skulehus i dei tider. Over skulestova var ein romsleg sal, og ved sida eit lite rom som vart nytta til kjøkken. Her budde Tyssen, som han til dagleg vart kalla, med huslyden sin i mange år. Det vart ikkje sett so store krav til ein lærarbustad den gongen. Tyssen var ikkje berre flink lærar, han hadde òg mange og store interesser utanfor skulen. Det vil føra for langt å koma inn på alt her, men nokre må nemnast. Mellom anna var han den fyrste som tok til å planta gran her i dalen, det som ingen tidlegare trudde kunne veksa her. Som eit døme på at det lukkast, kan me nemna at ein bergsdøl kom heim til farsgarden etter oppnådd pensjon og bygde seg hus, stort sett av granskog han sjølv hadde vore med å planta.

Elles vart Tyssen mykje nytta til festtalar, slik som ved 17. mai og jolefestar, som visevert i bryllaup og underhald med deklamasjon og opplesing i festlege samvere, noko bygdefolket sette stor pris på. (Hans arbeid med sport og idrett vert omtala annan stad i boka). Han var lærar her frå 1897 til 1916. I den siste tida minka barnetalet i Bergsdalen, so at han fekk Rasdalskrinsen i tillegg til Øye og Rødland-krinsane, med samla skule kvar tridje veka i kvar krins. Etter Tyssen kom Hermann Kaldestad her som lærar i to år for storskulen, og Marta Brunborg i eitt år for småskulen.

Frå 1. januar 1918 vart det nybygde skulehuset på Hatlestad teke i bruk. Dette var eit stort framsteg for Rødland krins, som hittil hadde leigt skulestova på gardane, for det meste på Hatlestad, men etter barnetalet var desse altfor små og tronge.

Etter skulehuset kom vart det heitande Hadestad krins.

Frå 1919 fram til 24 var ein tidsbolk med stadig skifte på lærarar.

Det vil føra for langt her å nemna alle på namn, for mange var her berre halve skuleåret. Det var soleis mange skuleborn på dei tider som hadde fleire lærarar enn skuleår. Dessutan var mest alle lærarane utan vanleg lærarskule.

Hausten 1924 kom Sigurd Aksnes til Bergsdalen og vart lærar her heilt fram til 1939. Det var eit langt og trufast arbeid Aksnes utførde for elevane sine i si lærartid her.

Hans ettermann vart Ingvald Olai Folkedal, han vart her i heile 20 år. I mange år budde han i Øye skulehus. Dette var fyrst i krigsåra, og mange vil minnast det press lærarane var utsette for under heile okkupasjonen. I Bergsdalen var trass alt nokolunde samanhangane skule heile tida. For Hatlestad krins vart det ofte skifte på lærarar både under og etter krigsåra.


Frå 1948 fekk Folkedal flytta inn i ny lærarbustad på Brekke. Dette var ei stor hending for skulestellet i dalen. No kunne ein tilby lærarane tidhøveleg husvere ogso for familiefolk, det som tidlegare hadde vore uråd å skaffa. Dette gjorde vel og sitt til at Folkedal gav seg til so lenge, og at han trivst mellom folket både i kvardag og fest, og gjorde gagns arbeid som lærar. Av interessar utanfor skulen kan ein i mange høve samanlikna han med tidlegare lærar Hans Tyssen.

Frå 1962 vart fru Helga Ytrearna tilsett som lærar i Øye krins då borna frå heile dalen var samla der, etter at det vart ordna med skuleskyss. Etter 1964 kom dei nye heradsgrensene, der Bergsdalen vart lagd til Vaksdal kommune. Skuleordninga vart no 9 årig med 6 år i folkeskulen og dei siste 3 åra på Dale ungdomsskule. Borna har skuleskyss og bur heile tida heime.

Fru Helga Ytrearena heldt fram som lærar til våren 1971. Utom skulen var ho mykje med i losjearbeid og husmorlag.

Hausten 1971 vart Else Sandnes lærar for eitt år, det var då berre fire skuleborn.

Frå hausten 1972 vart Odd Brevik tilsett som lærar. Fyrste året var det samla skule, sidan auka barnetalet so den måtte delast. Fru Beate Brevik som tidlegare hadde vore lærar på Dale kom no og overtok storskulen, og Odd småskulen, fram til 1976. Då vart fru Jorunn Høyland Aarrestad lærar for småskulen, Beate Brevik lærar for storskulen og Odd Brevik vart tilsett som timelærar.


Bilete s. 462 Bergsdalen skule.


Hausten 1977 var eit storhende i dalen si soga, i og med at skulen tok i bruk eit nytt og moderne skulehus for heile dalen på Løkjene på Lid. Med den standard og det utstyr den nye Bergsdalen skule har fått, må ein slå fast at den fullt ut stettar dei krav som vert sett til ein tidhøveleg skule.

Barnetalet er høgt for tida, med 12 i storskulen og 11 i småskulen, og 3 elevar på Dale ungdomsskule. Alt ligg soleis til rette for at elevar og lærarar vil trivast i nyeskulen til gagn og gleda, ogso for komande slekter.

Når det gjeld skulegang og utdaning i eldre tider, var det alltid økonomien som stengde. Med små gardsbruk som einaste leveveg var det uråd for foreldra å kosta borna vidare på skule. Framhaldsskule kom det heller aldri til Bergsdalen, endå om det til sine tider var nok elevar.

Fyrst etter 20 åra var det meir søknad til høgare skuleutdaning, men det var eit vilkår at kostnaden var rimeleg. Det vart òg lettare å koma inn på jordbruksskular. I dag er her mange unge bønder med agronomutdaning.

Nokre har, trass i trange kår, slite seg fram til ein god eksamen ved høgare skular. Me nemner ikkje namn, men viser til at dei er komne med i ættesoga for dalen.

Slik stoda i skulesektoren er lagd til rette idag, med rimelege lån, og med fri reise til og frå skulen, må det vera rett å seia at ein har oppnådd det skulelova av 1889 tok sikte på: Ein folkeskule med mest mogeleg like tilbod for heile folket.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy