Skibruk og idrett, av Magnus Berge

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Skibruk og idrett
Av Magnus Berge


I gamle dagar, frametter 1800 talet, var det ikkje organisert idrett i Bergsdalen. Men det levde på den tid mange spreke kvinner og menn. Og om dei ikkje fekk prøva seg på idrett som er brukt i dag, so har det til alle tider vore ymse måtar å måla krefter på. Nokre av desse mennene kunne vel høva å ta med i innleiinga når det skal skrivast idrettssoga om bergsdølene.


Når det gjeld styrke er det mellom andre ein mann som det har gått gjetord om. Han vart kalla Dala-Jonas, og levde ein gong på 1800 talet. Her skal eg berre ta med ei hending som syner at han har hatt kjempekrefter. Den tid var det veglaust i Bergsdalen, det vil seia at køyrevegen til Dale var ikkje komen. Og folket i dalen hadde sin handel og vandel med Bolstadøyri for det meste. Vegen over fjellet frå Bolstad til Berge er tung og lang, med ein stigning frå Bolstad som ligg ved sjøen, til ca. 800 m.o.h. på det høgste, for so å falla nedover att til Berge som ligg på 500 m.o.h. Ein må helst gå fort for å gå strekninga på 3 timar utan børa.

Det er fortalt at Dala-Jonas starta frå Bolstad med ei tunna korn på ryggen, og utpå dagen kom han fram til tunet på Berge. Han byrja som vanleg å fortelja nytt frå bygda. Då var det at eit par mann steig fram og ville lyfta av han børa. "Da trengst ikkje", sa han. Og for å syna at det ikkje var turvande, stod han på ein fot og lyfte den andre opp og beit i skotåa. So smilte han til dei som stod kringom og med stor undring såg det som hende, og rusla vidare.

Ein annan mann som levde på den tida vart kalla "Skarpe-Torbjødn". Han går det òg mange gjetord om. Var det styrken som særmerkte Dala-Jonas, so var det meir mot og kløkt han Torbjødn var kjend for. Han var ein ettertrakta slåttekar, og gjekk på leiga frå den eine til den andre om sumrane. Ein godversdag sat han saman med ein huslyd i utmarka og åt dauren, som dei sa då, (middagsmat). Det var grynmjølsgraut og skyr (surmjølk), som var mykje brukt den tida. Men då hende det noko. Då Skarpe-Torbjødn var på veg med grautbiten frå surmjølkskåla og opp til munnen, kom det fykande ein tordivel og sette seg på grautbiten. Han stirde ei stund på tordivelen medan han tok si avgjerd. "No ska du fao skreia deg kar"! sa han, og dermed svaide han tordivelen saman med grauten og surmjølka. Ingen stor idrettsprestasjon vil vel mange seia, men tru om det er mange som vil gjera det oppatt.


Det har heller ikkje vanta på sterke og spreke karar etter siste hundreårsskifte, men det vil føra for langt å gå i detaljar om dette her.

Å gå på ski har for folket i Bergsdalen til alle tider vore ein turvande og viktig ting. Når ein tenkjer attende på tida før bilar og snøplogar kom i bruk, var det ofte lenge om vinteren at skiene var einaste framkomstmidlet for folket i dalen. Det var soleis heilt naturleg at det vaks opp mange gode skilauparar. Her skal eg berre ta med litt om to spreke karar på kyrkjeferd.

Det var Olav Kaldestad og Anders Småbrekke, desse to var syskenborn og jamnaldringar, og gode skilauparar. Mange og lange turar hadde dei hatt saman. Denne gongen, i påsketider 19I5, hadde dei sett seg føre å gå på ski til Nesheimskyrkja i Eksingedalen. Dei var då 27 år og soleis på sitt beste. Dei starta heimefrå tidleg sundagsmorgonen. Fyrst gjekk turen over Lonane og Vossedalen til Evanger. So bar det opp Teigdalen til Brekkhus, vidare over fjellet til Nesheim. Og då preika byria kl. 11.00 som vanleg, hadde karane funne sine plassar i Nesheimskyrkja. Etter preika og ein liten matpause, vart det å ta same vegen attende. Vel heime om kvelden etter den lange kyrkjevegen, var det vel godt å få pusta på. Men sjølve tykte dei ikkje at det var so mykje å snakka om. Dei hadde nok hatt hardare turar enn denne, når dei måtte ta seg fram i klabbeføre og snøfok. Likevel skulle ein tru at det var noko av ein rekord når det gjeld lang kyrkjeveg.


I året 1897 kom det ein mann til Bergsdalen som sette merke etter seg på mange måtar. Det var Hans Sjurson Tyssen frå Bolstad-fjorden. Han kom til Bergsdalen som nyutdanna folkeskulelærar. Lærarutdanninga hadde han frå Seljord i Telemark.


Bilete s. 497 Bergsdølingar på Storliknausen for 60 år sidan. Jørgen Småbrekke (1855) i forgrunnen.


Han hadde stor interessa for idretten, både som utøvar og som organisator. Det heiter seg, og vel med rette, at skisporten hadde si vogga i Morgedal i Telemark. Og etter som Hans Tyssen hadde gått lærarskulen i Seljord, bygda som grensar opp til Morgedal, kan ein vel slutta seg til at han kom midt opp i det rikaste skimiljøet som fanst i landet då. Då Tyssen, som han til dagleg vart kalla, vart tilsett som lærar i Bergsdalen, såg han nok med ein gong at her var reine paradiset for skiidrett. Og alt i året 1900 skipa han til fyrste hopprennet i Bergsdalen. Hopplengdene den gong var nok minimale sett i relasjon til dei prestasjonar 1970 åra byd på. Men tek ein omsyn til skiutstyret og hoppbakkane som var den tid, låg nok nivået helst på høgt plan.

I 1903 skipa Tyssen skilag. Og etter som Bergsdalen den gong hadde so mykje samkvem med Bolstad, kalla han det Bergsdalen og Bolstad skilag. Same året vart det fyrste langrennet halde i Bergsdalen. Det var 24 km langt (målt med snor), og det var god deltaging. Sigerherre vart Olav Tyssen, bror til Hans. Han brukte 2 timar 24 minuttar, Nr. 2 vart Thomas øye frå Bergsdalen, og nr. 3 Tyssen sjølv. Det var harde duellar i løypa, og folk møtte fram langvegs frå og fylgde med i stor spaning. Dette skapte eit godt skimiljø i bygda. Og det vart kvart år frametter skipa til både hopp-og langrenn. Etter kvart kom det skilauparar heilt frå Voss og var med i desse renna.

Men etter ein tiårs bolk vart skilaget nedlagt. Grunnen var vel mykje den at sume av dei beste skilauparane tok til å dra på åra. Og ein del av dei yngre reiste frå dalen, sume heilt til Amerika. So tidbolken frå 1910 til 1920 åra vart det helst liten aktivitet i skiidretten i Bergsdalen når det var snakk om konkurranse. Men skiene vart ikkje lagde bort for det. Når det var godverssundagar om vintrane med godt skiføre, vart det alltid skipa turar til fjells. Då var det mann av huset heile dalen til ende med samlingsstad på Moastølen. Der vart det kokt kaffi i selet, det smaka alltid godt attåt nistematen. På Moastølen var uvanleg fint skiterreng. Der kunne dei finna hoppbakkar i ymse storleikar. Og hoppet vart bygd av snø. Der var og nok av bakkar å velja mellom for dei som lika best utforkøyring, eller flatskreie som me sa. Der kunne dei halda det gåande heile dagen med hopping, turgåing og flatskreie. Alle var med, både gutar og jenter, og det hende jamvel at dagane vart so godt utnytta at heimturen gjekk for seg i måneskin. Ja, skiturane til Moastølen vil sikkert mange eldre bergsdøler minnast med stor hugnad.
Skiutstyret var under god utvikling desse åra.

Det vart slutt med fure og bjørkeski, og i staden kom askeski og hickoryski. I staden for vidje- og røyrbindingar, kom Hvidtfeldbindingen. Dette revolusjonerte fullstendig skisporten i positiv lei. Og det førde til at mange fleire slutta seg til skikonkurransar. I1920 åra vakna Bergsdalen skilag til livet att. I 1921 vart det skipa stort hopprenn i Skrebakken på Lid. Dette rennet såg både deltakarar og publikum fram til med stor interessa; det var mange år sidan det hadde vore hopprenn i dalen. Det vart god tilslutnad både av innan- og utanbygds deltakarar. Og publikum svikta heller ikkje. Det var mykje bra hopping, og høg stemning i bakken. Rennet vart vunne av ein 16-åring frå Bergsdalen. Han hadde dagens lengste hopp, 34 meter som den gongen vart rekna som brukande.

Fram etter 1920 og 30 åra hadde Bergsdalen mange gode skilauparar. Dei deltok årleg i mange skirenn rundt på Vestlandet og hevda seg ofte mellom dei aller fremste. Høyr berre dette utdraget av premielista frå eit renn i Lonastølbakken på Vaksdal år 1927.

Klasse 20 til 30 år: 1.pr. Ragnvald Berge, Bergsdalen skilag.
Klasse 20 til 30 år: 2.pr. Johannes N. Lid, Bergsdalen skilag.
Klasse 17 til 20 år: 1.pr. Anton Berge, Bergsdalen skilag.


Det var sjølvsagt ikkje alltid det gjekk so godt, men stort sett gjekk det bra. Etter kvart vart det vanskar med å halda oppe eige skilag i Bergsdalen. Og dei som då var aktive, melde seg inn i Dale Idrettslag.


Ein skulle vel helst unngå å nemna namn og trekkja fram enkeltpersonar når ein skriv om idretten i Bergsdalen. Likevel vil eg nemna nokre av dei som gjennom åra har drive det lengst og oppnådd svært gode resultat. Dei eldste som då skal nemnast er brørne Gulleik og Ingvald Øye. Det var ein fryd å sjå dei i hoppbakken, med stilreine svev etter den tids mønster, og elegant utføring i det heile. Dei kom ofte høgt på premielista.

I slutten av 1920 åra var det Nils Forthun som gjorde seg sterkt gjeldande som skilaupar. Ein muskelbunt som, når han slo til, kunne utføra det heilt store både i langrennsporet og i hoppbakken. Den største bragd Nils utførde på ski var vel då han vann 30 km. i landsrennet på Voss 1932, i skarp konkurranse med dei beste ski-lauparane i landet. Han vann òg 2.pr, i kombinert ved same rennet. Nils dreiv og sumaridrett nokre år, og hevda seg bra i lange stafettlaup. Og i fyrstninga av 30 åra vann han krinsmeisterskapen for Hordaland i terrenglaup, som vart halden på Bulken.


I slutten av 1930 åra var Gjert Kyrkjeteig den beste av bergsdøler. Han deltok ikkje i langrenn, men i hoppbakken stortreivst han. Han er den einaste frå Bergsdalen som har delteke i Holmenkollen og i Noregsmeisterskapen. Høgdepunktet nådde han vel vinteren 1940. Då vann han krinsrennet i Ringheimsbakken på Voss og vart dermed krinsmeister for Hordaland. Gjert var òg ein dristig og god utfor- og slalåmlaupar, og i eit slalåmrenn som vart halde i Bergsdalen 1947, vart han bestemann og vann Doggerpokalen.

Tor Kyrkjeteig, bror til Gjert, var ein god og allsidig idrettsmann. Han hadde mange gode resultat i friidrett. Men hans største prestasjon var vel då han vann studentmeisterskapen i hopprennet i Gråkallen i Trondheim vinteren 1938.


Knut Rødland er vel ein av dei få bergsdøler som har prøvt seg på dei sokalla tekniske øvingar innan idretten. I ungdomen kasta han litt kula og diskos. Han hadde ingen læremeister i teknikk, so det vart mest kreftene å lita på. Det var i diskos han nådde lengst. Han reiste til Elverum på militærteneste i 1931. Der kom han i lag med gode idrettsmenn, samstundes som han fekk tid til å trena meir. På eit stort idrettsstemne der mellom militære og sivile, vart Knut utteken på det militære laget i kula og diskos. Han oppnådde det heiderlege resultat å verta nr. 2 i diskos.

1968 reiste Knut til sjøs. Han var ikkje då nokon ungdom lenger, og ein skulle tru at han hadde lagt idretten på hylla for godt. Men då han kom ombord, og der vart drive aktiv idrett, skulle det syna seg at ærleg kappestrid ligg latent både i unge og eldre bergsdøler. Knut melde seg på i veteranklassen, og var med i all idrett ombord. Og då den velkjende londonmeisterskapen vart halden for sjømenn i London, tok Knut gull i fire øvingar: kula, lengde, høgde og 60 m. I firekampen internasjonalt vart han nr. 6. Det var ein nordmann, ein svenske og tre finnar som hadde høgare poengsum.


Når eg no har skrive små utdrag om konkurranseidretten frå Bergsdalen, bør eg vel heller ikkje gløyma all den sunne sport og idrett som har vore til gagn og gleda gjennom tidene, utan organiserte konkurransar. Eg tenkjer då på godversvintrar når Bergsdalselva og vatna låg tilfrosne med blank stålis frå Hamlagrø til Storefossen. Ja då var det gildt å vera ung og sprek. Og endå om utstyret meir var av det slaget som vert rekna for museumsting no, so gjekk det ofte fort på dei gamle skreiskorne; for ikkje å snakka om då snabelskeisene kom i bruk. Det var ikkje turvande å skeisa i ring for å oppnå lange avstandar. For til dømes tvers over Bergsvatnet er det 1000 meter. So var det stilla opp på sida av kvarandre so mange som ville måla krefter, og sjå kven som fyrst nådde andre landet. Stoppeklokka vart ikkje brukt.

Etter at Bergsdalsvassdraget vart regulert for kraftutbygging, vart det slutt på isen på elvar og vatn i Bergsdalen.

Om våren, når snøen var borte, og frametter føresumaren var det ein idrett som var mykje brukt i dalen. Det var å slå ball. No kallast det gjerne springball.

Ungdomen samlast frå heile dalen om sundagane. So var det å finna ei stor flat sletta å halde til på. Jenter og guter deltok på like fot i dette ballspelet, so alle vart med. Det var ein hard idrett, og den som skulle rå sin plass fullt ut på laget, måtte helst ha mange gode eigenskaper. Han måtte slå ballen lengst mogeleg. Likeeins måtte han verta god å springa, og han skulle helst vera god å kasta ballen for å treffe ein motspelar når han sprang mellom måla. Denne idretten var mykje brukt frå hundreårsskiftet og frametter, til hygge og nytte for ungdomen i dalen.

Jakt og fiske var i eldre tider noko av næringsgrunnlaget for folket her; i seinare tider vart det drive meir som sport og hobby. Utanom hovudvassdraget er her mange fjellvatn med fin aure. Og mange bergsdøler finn avkopling frå kvardagsstrevet med ein fisketur til fjellvatna. Haustjakta etter småvilt har vore ein kjær hobby for bergsdølene heilt frå eldre tider. Den tid munnladning og flintelås vart brukt, var det berre på sitjande vilt det vart skote. Men etter kvart som jaktvåpna vart utvikla, frå enkeltlaup til dobbeltlaup og seinare til automatvåpen med 5-6 skot, var det fluktskjoting det vart snakk om. Det vart halde for lita karsleg å skjota på sitjande vilt. Det har vore og er framleis mange gode fluktskyttarar i dalen. Men tru om ikkje den beste av dei alle var Olav J. Berge. Han hadde automatgevær med 5 skot. Og det kunne hende att han plukka ned 5 rjupor av eit kull som reis lagleg. Og då lyt det gå kvikt for seg.

Som avslutning på haustjakta var det stundom atjegrane tok ein dag ekstra og skaut småvilt. Dette vart tillaga som festmåltid på ein viltfest som vart halden. Det var mannfolka som stod for tilskipinga og tillaging av viltet. Og so bad dei med seg damer. Det vart sjølvsagt høg stemning på desse festane.


Kring 1890 åra vart det fyrste skyttarlaget skipa i Bergsdalen. Kven som starta det og var dei drivande krefter fyrste tida, er ikkje klårlagt. Me veit at Magne Lid (1869-1951) var formann ei tid. Det var bakladnings Remington gevær dei brukte den gongen. (Innført i den Norske armé. 1867.)

Dette laget har nok vorte nedlagt. So skulle det syna seg at det var Hans Tyssen som tok opp att skyttarsaka òg. Han starta det nye skyttarlaget i 1905. Dette laget vart drive aktivt heilt fram til andre verdskrigen 1940. Etter 1905 var det Krag-Jørgensen gevær som vart brukt. Skytebana var på. Bergsfæte, og der var 100, 200, 300 og 400 m hald. Skyttarlaget var godt organisert, og utanom styret var det til kvar tid vald ein instruktør som tok seg av opplæring av dei unge. Det var vanleg at dei melde seg inn i skyttalaget når dei var konfirmert. Og instruksjonsskytinga var fyrste prøven. Det var 30 skot, 10 liggjande, 10 kneståande og 10 ståande på 100 m hald. Det var under nøye overvaking av instruktøren. Alt skulle gå reglementert for seg som det heitte. Og det skal seiast til deira æra som gjennom tidene styrde Bergsdalens skyttarlag, at dei gjorde sine saker på ein framifrå måte. Kvart medlem av laget fekk den respekt for skytevåpen som ein skal og bør ha.

Det var helst om sundagane det vart tid til skjoting. Og helst måtte det vera bra ver, for tak over standplassen hadde dei ikkje. øvingsskjotinga børja som regel ved pinsetid, og varde framover heile sumaren. Kvar haust var det premieskjoting. Det var då beinhard konkurranse om dei beste premiane. Premieskjotinga var alltid på ein laurdag, og om kvelden var det premieutdeling og skyttarfest. Då var det alltid høg stemning.

For å halde oppe eit skyttarlag krevst både arbeid og interessa. Heldigvis var det alltid eldsjeler som overtok når sume måtte takka av. Den siste formannen i laget var Lars J. Berge. Han var då militærløytnant, og leiinga var soleis i dei beste hender. Men då krigen kom i 1940 vart all idrett offisielt nedlagt, her som alle andre stader i landet. Det skulle diverre gå årevis etter at krigen var slutt før idretten kom til heider og æra att.

Men no 1 1970 åra ser det ut til å gå mot ein ny oppsving for idretten i Bergsdalen. Idrettslaget er kome i gang att. Og ungdomen, særleg dei aller yngste, stormar fram i mange idrettsgreiner både i sumar-og vinteridrett. Ljosløypa for langrenn er under oppføring. Ein kan merka stor aktiv innsats av unge og eldre bergsdøler, både som deltakarar i ymse idrettsgreiner, og for idrettssaka i det heile. Det er å vona at dette gode idrettsmiljøet vil vara ved, og at idrettssaka alltid vil verta høgt prioritert i Bergsdalen.


Etterskrift.
Då artikkelskrivaren er for smålåten til å ta med sine eigne skibragbragder, vil boknemnda leggja til nokre liner:

Den 16 åringen som vann rennet i Skrebakken 1921, var nettopp han som skriv om det. Og det var so visst ikkje hans einaste siger. I ein tidbolk på rundt 25 år, var han aktiv og stabil skilaupar som deltok i dei fleste større og mindre renn på Vestlandet. Han har henta heim over 100 større og mindre pokalar, mest større. Ein vinter deltok han i 7 hopprenn, og hadde då 5 fyrstepremiar og 2 andrepremiar. Dette fortel litt om stabiliteten. Også i kombinert hevda han seg godt; men det var særleg hopp som var hans spesialitet.

Boknemnda.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy