Semja. Gjerdeavtalen

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Semje


Langs Bergsdalselva frå garden Fosse til grensa Voss-Kvam, og langs Kaldåne frå inntaksdam ved Idlegjel til Bergsdalselva er sett opp gjerde på dei strekningar der elva eller lendet ikkje er sjølvgjerdande. Gjerdet er kosta av B.K.K. Mellom oppsitjarane i Bergsdalen (oppsitjarane) og Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap (B.K.K.) er gjort slik semje:


§ 1.

Oppsitjarane tek på seg vedlikehaldet av gjerdet og har ansvaret for at dette vert utført på rimelegaste måte, og slik at gjerdet held sin noverande standard.


§ 2.

Til å stå for vedlikehaldsarbeidet og føring av rekneskap for dette skal oppsitjarane velja ein nemnd. Melding om dette og seinare endring i nemnda vert å senda B.K.K.


§ 3.

B.K.K. stiller kontantmidlar til rådvelde for gjerdenemnda ved innbetaling på konto i Bruvik Sparebank med høvelege summar etter oppgåve frå nemnda over føreståande vedlikehaldsarbeid. Desse innbetalingane på gjerdekontoen skal vera omkring 1. mai og 1. oktober. Rekneskap sendast B.K.K. kvart år pr. 31. desember, innan 31. januar det neste år.


§ 4.

B.K.K. skal halde lager av turvande gjerdematerialar, og gjerde-nemnda kan rekvirere det som etter kvart trengst til vedlikehaldet.


§ 5.

Syner det seg turvande med utviding av gjerdet skal B.K.K. ta kostnaden med dette. Om B.K.K. ynskjer det tek oppsitjarane på seg arbeidet.


§ 6.

Vedlikehald og eventuell utviding av gjerdet skal gjerast i samsvar med den gjerdelov som gjeld til kvar tid.


§ 7.

Tvist om tolking av denne semja vert avgjort med bindande verknad av ei nemnd på to mann der kvar av partane skal velja sin, og ein oppmann som er oppnemnd av sorenskrivaren i Nordhordland.


§ 8.

Denne semja, som kjem i staden for semja frå 20. april 1956, skal tinglysast. B.K.K. skal ha kostnaden med dette.


Bergen, den 20. desember 1966.


Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap Gjerdenemnda i Bergsdalen
Chr. Werner Erichsen Gulleik Lid
adm. direktør


Tinglyses og anmerkes i grunnboken på følgende gårds- og bruksnr. i Vaksdal:

gnr. 70 bnr. 1, 2 gnr. 76 bnr. 1, 2, 5
gnr. 71 bnr. 1 gnr. 77 bnr. 1, 2, 3
gnr, 72 bnr. 1. gnr. 78 bnr. 1, 2, 3, 8
gnr. 73 bnr. 1, 4. gnr. 79 bnr. 1, 2
gnr. 74 bnr. 1, 2. gnr. 80 bnr. 1, 2


Bergenshalvøen Kommunale Kraftselskap, 10. oktober 1969.


O. Chr. Werner Erichsen
adm. direktør

T. Hegrenæs

Dok. nr. 7530/I969 dagbokf. 11. okt. I969
NORDHORDLAND SORENSKRIVAREMBETE
ført inn i grunnboka den 20. oktober 1969
A 173.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy