Rindafolket, av Ingeleiv Sandem

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Bilete s. 417


Rindafolket
Av Ingeleiv Sandem (f. Hatlestad)


Amerikabåten gleid stilt utover Byfjorden, endå ein gong fullsett med emigrantar. Foreldre med born i alle aldrar, ungdomar i sine beste år, og eit fåtal eldre folk var med. Alle stod på dekk og såg gamlelandet minka bort mellom holmar og skjer, for til slutt berre å ana det bak havet og båten. Nokre gret, men dei fleste svalde gråten og heldt tankar og kjensler for seg sjølv. Dei som hadde småborn med, fekk det annsamst med å samla dei og få dei til køys. Sjøreisa skulle vara i fleire veker, so dei hadde tid til å verta kjende med reisefylgjet sitt.

Samla for seg sat eit lite reiselag frå Hatlestad. Det var plasskona or Rinden, ho Brita og sonen Helje, so var det bror hennar, han Amund (Oddmund) med kona Ranveig og dei to yngste døtrene deira, Anna og Lussi.

Brita var no over 60 år. Håret var grått, og hardt arbeid, sorg og motgang hadde merkt det sterke andletet hennar. I heimlandet var alt ho hadde levd og slite for i alle år, oppløyst og delt ut til andre. Det hadde vore ein kamp å riva seg laus. Ho hadde vel hyst ei von om at einaste sonen no, han Helje, skulle gifta seg og overta jorda. Det er fortalt at han fridde til ei jenta lengst nede i dalen og fekk avslag. No hadde han sett seg føre å fara til Amerika. Å gje seg til i Rinden åleine, såg ikkje Brita seg syn med. Då ville ho før eller sidan verta til ei bør for grannane sine. Visst hadde dei gode grannar, men plassen låg avsides. Eit ljos frå andre stoveglas i myrke haust- og vinterkveldar kunne vera som eit venleg bod og livsteikn frå den eine til den andre. Ikkje det eingong såg ho frå stoveglaset sitt.

Ein gong hadde ho og mannen drøymt om ein heim bygd av dei sjølve på heimleg jord. Dei fekk det som dei ynskte seg det, med mykje arbeid og slit, men det skulle ikkje vara til livs ende for henne. No var ho på veg til dotter og verson, og kanskje barneborn hi sida havet. Ho hadde tri sysken som var reiste for over 20 år sidan. Den eine broren døydde tidleg, men den andre broren og systra hadde gift seg der borte og kome godt i veg. Kanskje kunne ho enno få møta dei, om ikkje avstandane var for store.


Men me går 38 år attende i tida, til den dagen ho Brita og Nils fekk festesetel på Rinden. Der tok dei til med sitt livsverk som bureisarar på heimleg jord.

Brita var frå Hatlestad. Ho var dotter til gamle David (f. VetleSaue), og ho var fødd året 1811. (Sjå ættesoga).

Den 3. november 1834 delte gamle David Hatlestad garden mellom dei to eldste sønene sine, Peder og Arne. Husa vart liggjande i same tunet, og vart kalla Oppistova og Nistova. Garden var so stor at der var jord nok til to huslydar, og jorda vart delt so rettferdig som råd var i dei dagar, med teig om teig på bø og utmark. Brita hadde vore gift eit års tid, og mannen, Nils Arneson Bolstad, var fødd 1802. Desse to hadde sikkert fleire gonger vore inne på tanken å slå lag med dei mange frå Bergsdalen og Bolstad som for til Amerika. Men Brita var knytt til sine eigne folk, heim og dal med sterke røter. No ville dei to gå mot straumen og rydja seg ein heim på eiga fedrejord.

Far hennar meinte det var plass til Brita òg på garden, og same dagen brørne fekk kvar sin halvpart, skreiv dei ut festesetel på "En Udmarksteig kaldet Horgabrekke", for livstid. Staden vart elles heitande Rinden alle dagar. Dei fyrste fem åra skulle det ikkje svarast leiga for plassen, men etter den tid var det 1 spd. til kvar, årleg. At dei hadde pliktarbeid kjem ikkje fram av noko dokument.

Frå no av var Brita og Nils bureisarar i Rinden. I åra frametter fekk dei bruk for alle sine krefter, sin omtanke og si nøysemd, og slikt hadde dei nok av båe. Forteljingar frå livet deira har halde seg på folkemunne til våre dagar, og dei vitnar om ein strevsam huslyd. Husa fekk plass i bakkehallet under Nukjen. Her var lettleg og turt, med utsyn til alle kantar. Oppover dalen såg dei mot blenkjande vatn og teine lier, og rundt i synsranda låg fjella i rekkje og rad. Dei såg mot Krampane og Brunane, mot Nos og Geitafjellet, Kjæringjæ, Såto og Storliknausen, Bukkafjella og Borninolten. Gråstein til grunnmur og flor fann dei eit steinkast ifrå. Her kom òg klårt kjeldevatn boblande ut under steinane. Ein potetkjellar på omlag ein kubikkmeter vart mura under stova.

Floren vart både liten og myrk, der han var graven inn i bakken. Men dei måtte stella vel med dyra sine. Det har gått eit herme etter ein fehandlar som for her tidt og ofte, han skal ha sagt at han fekk ikkje finare dyr enn dei som kom or Rindafloren.

Hustimberet vart hogd i Bolstadskogane og frakta hit med dugnadshjelp. Utan eit slikt grannesamarbeid kunne knapt eit fjellfolk berga seg i dei dagar.

Det vart travle år for folket i Rinden. Dei grov seg åker i den beste jorda og fekk seg nokre teigar som kunne kallast eng. Verst var det å skaffa nok gjødsel til bakkane. Og det er fortalt at når hausten kom, og kyrne på Hatlestadgarden var innsette, so gjekk ho Brita kring på Grindahaugen og Sladdane med reka og kipa og samla kumøk som ho bar på åkrane.

Korleis dei kom seg gjennom den fyrste tida i Rinden, er ikkje godt å setja seg inn i. Det kunne ikkje alltid vera godt å metta og kle den barneflokken som etter kvart kom. Og det kom mange born i Rinden, som i alle andre heimar i dei dagar. På 13 år fekk Brita og Nils 8 born. Tre av desse døydde som småborn. (Sjå brukarsoga for Hatlestad).

Etter kvart vart det god hjelp å få av barneflokken, som tidleg måtte læra seg å ta del i strevet for å skaffa mat og klede til ein huslyd på sju menneske.

Den vesle heimebøen slo dei fort ferdig. Det var mest utmarkslåttene å lita på. Dei hadde Instedokkjè og Slettebakken og eit stakkstøe under Kjæringafjellet. Det var gode slåtter, men dei låg langt unna. Meir heimsleg hadde dei to stakkstøe i Horgabrekkena. Der hadde dei vedrett òg, slik som i Nestebrekkena.

På Storehorga var ei myr med godt storrgras. Det slo dei og sette i stakk, og sloa det heim når snøen kom. Det var godt sengebol, og godt til innlegg i lodnesko’ne om vinteren.

Kari Kaldestad (1842-1926) mintest godt Rindafolket, og etter henne tek me med nokre små stubbar:
Han Nils var svært vyrk for graset sitt og rekna på kvart strå. Nedfor stova hans gjekk stølsvegen gjennom beste bøen. Der var trakka ein smal gangveg gjennom. Men var budeiene so lettsindige at dei gjekk jamsides der, so fekk dei tilsnakk. Det måtte ikkje trakkast ned meir enn høgst turvande. Sumarsdag var det vanleg at karane gjekk berrføtte og i vadmålsunderbuksa og udla (ullskjorta). Dei var so lette og ledige på den måten. Men hadde han Nils det retteleg travelt med høybering, so kasta han buksa og gjekk i berre udla. Men då var han snåpt av etter ei byrd. "Ho va no nokke si, udlo", sa ho Kari. Ein gong kom bjørnen ned i Nukjen, 150 meter frå husa, og slo to vaksne verar for Rindafolket. Det var eit stort tap for dei som hadde lite å missa.


Borna tok til å dra ut. Brita (f. 1845) gifte seg i 1866 med John Jakobson Væle. Dei høyrer me ikkje meir om. Torbjørg vart gift til Fosse, ho vart tidleg enkja og drog til Amerika. Der vart ho attgift med enkjemann Magne M. Kaldestad. Arne, eldsteguten, var stor og sterk, han vart kalla "stor-Aodne". Han kom på lærarskule på Voss. (I 1857 sette dei i gang ein skule dei kalla Voss høiere Almen- og Lærerskole. Skulen gav ikkje full lærarutdaning, men var til god hjelp når det galdt å skaffa lærarkrefter til bygdene. I 1881 gjekk lærarskulen inn, men Den høiere Almenskole heldt fram til 1888. Desse opplysningane er frå D.N.T.'s årbok 1950.)

Kor lenge Arne var på Voss, veit me ikkje. Han kom heim att i Rinden tæringssjuk og døydde der 1863.

Etter ei stund tok broren David òg til skranta, og ein vinterdag i 1867 døydde han òg.

Det var gravferda hans som vart so dramatisk at ho lever på folkemunne som ei av dei hardaste likferder folk hadde vore med på her. Lars A. Berge var komen frå Modalen til Berge i 1865, og han har fortalt om denne ferda. I dei dagar var Solbjørg, Berge og Hatlestad saman om ei gravrota. I desse gardane skulle dei hjelpast åt med å få lik over fjellet og i kristna jord på Evanger, eller Bolstad etter dei fekk gravstad der.


Bilete s. 421


Den gongen la dei ut fire-fem mann, om morgonen ein dag i februar. Under kista var festa ski som ho glei på. So drog dei og skyvde og støtta etter som det trongst. Veret var ikkje so verst då dei tok ut, men vind og snøstorm auka på so kraftig at då dei var innved Skoro, måtte dei ta ei avgjerd. Dei fann å måtta snu medan dei enno hadde litt retning å halda seg til. Kom dei inn i Lonae og høgdene der, var det lett å missa ætta.

Kista vart sett på ende for at dei lettare skulle finna ho att seinare. Det kunne ta fleire dagar før dei fekk fullføra reisa til Evanger kyrkjegard.


Nils var no 65 år og ein utsliten mann. Han døydde òg i 1867, same året som sonen David gjekk bort.

No var det berre Brita og sonen Helje att i Rinden. Men då Helje sette seg føre å fara til Amerika, og det kom brev frå Torbførg at ho gjerne ville ha mor si bort til seg, tok Brita si endelege avgjerd. Det vart å selja buskap, hus og bruksting for å skaffa reisepengar. Jorda gjekk attende til heimegarden, og dei to brørne skifte ho mellom seg teig for teig. Det Rinden hadde hatt utagjerds vart då sameiga, både skog og slåttemark. Stova kom på fjellstølen Geitabotn og vart sel. Bua vart flytt heim i Oppestovtunet, der ho står framleis. Løa som stod oppå floren vart ståande til ho vart til nedfalls. Sidan vart grunnmurane g køyrde bort til anna bruk.


So for dei to siste or Rinden til Amerika i året 1872. Arne Hatlestad som då var odelsguten til Oppestovgarden, fekk ein peng stukken i neven av Brita då ho for. Ho var syster til godfar hans, ho Brita. Korleis det gjekk i det nye landet, er det ingen her som kjenner til. So skulle det likevel verta utferd for ho Brita til slutt. I sin ungdom hadde ho stått imot og vunne over reisehugen. No hadde Amerika fått henne òg mellom immigrantane sine.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy