Røtene våre, dikt av Lisbet Lid Venås

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 11:01, 24 oktober 2010 by Reveka (Talk | bidrag)
(skil) ←Eldre versjon | Vis noverande versjon (skil) | Nyare versjon→ (skil)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Røtene våre
Av Lisbet Lid Venås


Graset heime
hadde ein annan dåm
enn gras andre stader, særleg når ein kom
frå tronge smog i byen,
og fekk fylla lungene,
blodet og tomrommet
med angen av det grøne
graset heime.


Elva heime
hadde ein annan song
enn andre elvar,
ho lærde oss den fyrste tonen
i livet, og gav oss ein smak
av stein og urørde kjelder,
ein song og ein smak
det var godt å ha med seg på vegen.


Folk heime, dei
brukte eit mål vi skjøna.
Vendingar og tonefall
fortalde meir enn det
som vart sagt.
Orda deira synte oss bilete
frå farne år
kvar gong vi kom heimatt
på leiting
etter røtene våre.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy