Rødlandstemna 100 år, av Knut Rødland

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 17:56, 23 januar 2008 by Rolferik (Talk | bidrag)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Rødlandsstemna
Av Knut Rødland


Det var vel ikkje rett i 1873 å kalla fyrste samkoma på Rødland for stemna. Det var Askel Rødland som etter samtalar med stølafolket kring Hamlagrøvatnet og folket i dalen ynskte å koma saman um Guds ord ein gong sumarsdag. Dei valde fyrste sundag i august, og slik vart det seinare.

Stølslivet kring Hamlagrøvatnet er noko for seg sjølv, og det har halde seg heilt til våre dagar. Her kom Hardanger og Voss saman med ei stor stølsgrend som samla mange heimefolk med helgane, Dette utvikla seg til kjennskap og venskap med Bergsdalsfolket og då serleg med folket på Rødland, som hadde eigedomsgrensa både mot Voss og Kvam i Hardanger. Det var heilt naturleg at Rødland vart vald som møtestad, og Aksel Rødland stilte seg viljug som tilskipar.

At Evangerfolket kom med frå fyrste stund er heilt sikkert. Namnet Brynjulf Mykkeltveit går att til sonen Knut tok over. Likeeins er det ikkje tvil um at det møtte mykje folk til stemna. Det kom mange alt um laurdagane og overnatta på gardane i dalen. Det viste seg seinare at dei same kom att år etter år, ja, so lenge helsa og levedagane rakk. Men det kom støtt nye til. Born og ungdom fylgde foreldra på møte den tid, og soleis vart generasjonsskiftet mest ikkje merkande. Møtedagen vart ikkje utlyst på annan måte enn at dagen var fast og årviss. Og folket kom - ruslande frå stølane over fjell og etter dalen. Klokka 11 samlast dei på Rødland. Var det fint ver, heldt dei møte ute. Var det regn, heldt dei til i løa som var nybygd i 1875.

Skikken var at dei hjelptest åt ved slike høve og. Folket i Bergsdalen og næraste stølsgrendi ved Hamlagrø gav mjølk til å koka dravle av til stemna. Mjølka vart samla saman fredag og kokt laurdag. Til å setja fram sundag stilte ungjentene i dalen seg viljuge, og dei gjorde det med gleda. Mat hadde kvar med seg. Kva tid det vart teke opp offer ved stemna og gjeve pengar for matstellet, veit eg ikkje. Men alt frå fyrste stund gjekk alt til Evanger Indremisjon. Då heradsdelinga kom, gjekk overskotet til soknerådskassa på eigen konto. Frå fyrst av vart ikkje nokon serskild talar tinga til å koma på stemna. Dei tok sikte på eigne krefter eller at det kunne koma einkvan på stemna, som peika seg ut til å halde hovudtalen. Etter matøkta samlast folket til vitnemøte. Fleire tok då ordet og fortalde um røynslene frå sitt gudsliv. Seinare vart det meir slik at det vart tinga ein hovudtalar og song- og musikkrefter til dagen. Song og musikk var møtelyden sers glad i, for det var ikkje ofte at bygdefolket hadde høve til å stella med slikt. Dale Song- og musikklag sette ein eigen dåm og glans over samkomene, og takk skal dei ha for det. Andre lag og einskildepersonar har og vore til gleda og oppbyggjing gjennom tidene med song og musikk.

Talarane har vore mange. Sume av dei kom att år etter år - eller med års mellomrom. Her skal nemnast nokre av dei. På ei stemna var ikkje tinga nokon serskild talar. Far opna møtet og spurde um der var nokon som vilde halde talen for dagen. Då reiste ein mann seg og gjekk fram til far. Han sa han heitte Ludvig Hope. So vart dei bra hjelpte det året og. Elles var Brandtzæg nokre gonger med på stemna, likeeins Nils Lavik, Helge Nesheim, Anker Goli, Nils Valland og fleire andre.

50 årsdagen for stemna minnest eg godt. Det var i 1922, eg var då 12 år gamal. So fekk me 75 årsdagen i 1948 og no i 1973 100 årsdagen. I 1941 vart det ikkje halde stemna på grunn av at far var hardt sjuk. I 1946 var stemnedagen ein av dei finaste sumardagar som folk kan minnast. Møtet vart halde ute, og prost Lars Bergo var talar. Frammøtet var stort. Det var talt upp 500 menneske på denne stemna. Krigen var då slutt, og folk pusta letta. Me hadde so mykje å vera takksame for. Den vonde krigstida var som eit jarngrip på folkelivet. Askel Arveson Rødland, stiftaren av sumarstemna på Rødland, døydde i 1911. Han ynskte at far, Nils Rødland skulle halda fram som leiar av stemna, og det gjorde han. Far døydde i 1943, men stemna har vorte halden oppe. Då me i 1955 fekk vår eiga kyrkja i Bergsdalen, fall det naturleg å samlast til sumarstemna i kyrkja med soknerådet som tilskipar. Men namnet Rødlandsstemna lever i hugen og er knytt til ein rikdom av gode minne.

Mangt og mykje har brigdast på gjennom dei 100 åra som Rødlandsstemna har halde seg oppe. Men folket er mest dei same. Hjartetrongen til å samlast um Guds ord er hjå oss no òg som for 100 år sidan. I dag på 100 årsdagen minnest me dei som gjekk vegen føre oss med takk og vyrdnad.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org
Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.

© Formgjevar og teknisk ansvarleg Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy