Postruta, av Åsmund Hatlestad

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Postruta, nr. 4410
Av Åsmund Hatlestad


Gamle bergsdøler kan fortelja etter eige minne at postruta her kom i gang kort tid etter køyrevegen til Fosse var ferdig i 1894, og at Helge A. Fosse (1870-1947) var fyrste postbodet.

Ruta gjekk frå postkontoret på Dale i Bruvik tit garden Berge to gonger i vika (onsdag og laurdag) heile året, og i tida 20. juni til 20. september var ruta lengd til Søre Hamlagrø Hotel, der det var postopneri i sumarsesongen.

Mikjel Rykkje, Kvam, åtte då hotellet, og han ivra mykje for å få vegen Dale-Hamlagrø bygd, og for å få post og telefon fram til hotellet.


Den gamle gangvegen frå Fosse opp gjennom dalen gjekk heimom kvart tun, og posten kunne leverast ved kvar dør.

Frå postverket sine arkiv har me fått ein del opplysningar om postruta i Bergsdalen, men desse går berre attende til 1. april år 1900. Då vart Thorbjørn Larsson Fosse (1850-1929) tilsett som postbod. Ruta var den same som før, og vart rekna som gåande. Årsløna var kr. 315,- rekna ut etter 8,5 øre pr. km, og 4 km pr. time var rekna for normalfart for gåande postbod.


Då køyrevegen vart ferdig gjennom heile dalen (1909) vart mangt og mykje forandra. No gjekk ikkje vegen om kvart tun, men skar seg beinare gjennom lendet, og bygda fekk eit anna utsjåande mange stader. Då vart det brukt hest og karjol til postføringa, og oppsitjarane møtte til vegen og henta posten når posthornet lydde. Var det bankobrev med, måtte rette vedkomande møta fram og setja namnet sitt i "svartabokjæ", som ho vart kalla avdi ho var svart på permane.

Bankobrev var einaste måten å senda pengar i posten på den gong. Til bankobrev måtte nyttast serskilde konvoluttar av sterkt papir, inni vart lagt både setlar og mynt, og verdien var skreven utanpå. So vart konvolutten attlima og forsegla med postlakk og signet. Ei stong postlakk og signet (stempel) var noko kvar husbond hadde liggjande i kommodeskuffa til dette bruk.

Når me som minnest den tida tenkjer attende på "posten" i vår barndom, ser me helst for oss han Thorbjødn, som den gong var eit fast innslag i bygdebiletet der han kom: Ei brun merr for kar¬jolen, i setet ein rak og pertentleg kar med brunt skjegg og brun hatt og tettknappa trøya, skvettlèr over fanget og kjøpesvipa i handa, og posthornet i reim over skuldrene. På bakfjøla av karjolen stod måla med kunstferdig skrift: Th. Fosse.

Men om vetrane når vegar og brauter fauk att og uveret varde, kunne det gå vekevis det ikkje var komande med hest og slede etter vegen. Då var det helst ein av sønene til postmannen som gjekk på ski med postskreppa på ryggen.

år det var slutt på postturane til Søre-Hamlagrø om hausten, gjekk postruta berre til Berge. Der vart posten lagd inn i stova hans Johannes, og dei ovanfor henta han der. Frå hausten 1913 vart ruta lengd til Rødland onsdagane.

Thorbjørn Fosse hadde postruta til 1. mai 1918, då overlet han til sonen Andreas, som var postmann til 30. november 1919. Løna var då komen i kr. 700,– for året.


Frå 1. desember 1919 var Johannes L. Berge (1872-1959) konstituert som postbod, og fast tilsett 1. april 1923.

Då Johs. Berge overtok postruta, leigde han med seg Jakob Hatlestad (1869-1925) og sønene hans til å ta annakvar postveka, og slik vart det i vel 20 år. Men det var Johs. Berge åleine som var tilsett i denne tidbolken.


Det vart då oppretta brevhus på Berge, og ruta til Søre-Hamlagrø heldt fram til 1921, då tok rutebil og motorbåtruta på Hamlagrøvatnet denne delen av postforinga.

Frå 1930 leigde Johs. Berge rutebilen til å ta all post kvar dag til heile dalen i tida 19. juni til 21. september. Og frå same hausten gjekk postbodruta til Rødland ogso laurdagar.

Utgåande post vart henta frå Rødland og ned kvelden før postdag. Frå 1937- vart postbodruta utvida til tre dagar for vika, tysdag, torsdag og laurdag, alle dagar til Rødland.

1. juli 1940 fekk A/S Dale & Bergsdalen Billag kontrakt på postføringa alle kvardagar i året. Under krigen og fyrste åra attpå makta ikkje billaget å halda vegen brøytt til alle tider, då var det ein av sjåførane som bar posten tri gonger i vika.

Året 1964 vart vegen Dale-Voss statsveg, og sidan har Hordaland Vegvesen sytt for brøytinga på dette vegstykket. No går det rutebuss med post, varer og ferdafolk minst ein gong for dagen kvar veg.

Ved hundreårsskiftet kosta postføringa til Bergsdalen og Hamlagrø kr. 315,– for året. I 1977 nærma summen seg 18.000 kroner året for dagleg postføring i same området.

Det kan vera av interessa å sjå lenger attende i tida for å samanlikna. "Offisielt Norsk Postvesen" vart oppretta i året 1647. Då kom det i gang postruter mellom Kjøbenhavn og Christiania, og mellom Christiania og dei tre-fire største byane i Noreg. I desse byane vart opna postkontor, og frå desse gjekk ut postruter ein gong for vika. Ein privatmann fekk monopol på postvesenet for 20 år, og for dette hadde han 300 riksdalar årleg. All postføring var fyrste tida pålagd plikt for bøndene som budde ved postvegen. Dei vart fritekne for annan tilsvarande pliktskyss, og fri for militærteneste.

Kongsbrev og embetsbrev gjekk portofritt, for privatbrev var å betala 10 skilling (Ca. 30 øre).

Posten mellom Christiania og Bergen trong 12-14 dagar kvar veg, alt etter som ver og føre var. Postruta til Vestlandet kom over Fillefjell til Lærdal, vidare om Gudvangen, Voss, Bolstad, Dalseid, Dale, Stanghelle, Garnes og til Bergen, og same vegen attende.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy