Planteliv i Bergsdalen, av Erling Berge

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Plantelivet i Bergsdalen
Av landskapsarkitekt Erling Berge


Alt planteliv set visse vilkår for spiring, vekst og øksling. Korkje plantar eller dyr kan leva av berre luft og kjærleik. For å oppretthalda livet på jorda krevst mykje meir, og dei grunnleggjande element for alt planteliv er sol, luft, vatn og jord. Sol og luft er fritt for alle, og det er ikkje noko som tyder på at desse energikjeldene vil setja grensa for kretslaupet i naturen. Til vanleg er vatn heller ingen minimumsfaktor for plantelivet i Bergsdalen - tvertom. Nedbørsrik som bygda er, kan det ofte verta i mestelaget for ei optimal utvikling av dei ymse planteslag som krev vekstvilkår i eit turrare klima. Jord er derimot det av dei ovannemde element som er emne for dei største variasjonar. Fleire tilhøve gjer seg her gjeldande med omsyn til det opphavelege jordsmonet. Fyrst og fremst er det dei geologiske tilhøva som gjev grunnlaget. Dei harde bergartene vitrar seint og gjev dermed skrinn jord, medan dei lett vitrelege bergartene gjev djup og næringsrik jord.

Fjellgrunnen i Bergsdalen er mangslungen, og dei store variasjonane i vitringsgraden av dei ymse bergartene gjev seg tydeleg utslag i floraen.

(Sjå art. "Hvordan Bergsdalsfjellene ble til". Av prof. Anders Kvale).
I grove trekk kan fjellgrunnen i Bergsdalen inndelast slik: Omkring Dale og i nedre del av dalen er gneis den dominerande bergarta. Dette er eit hardt bergslag som vitrar seint og gjev lite jord. Frå Fosse og oppover til ein nærmar seg Berge har bygda på båe sider av dalen eit heilt anna preg. Her går vegetasjonsbeltet langt oppover dalsidene med frodig grasvekst høgt til fjells. Dette skriv seg frå eit stort belte med skifrige bergarter som inneheld mykje glimmer. Denne vitrar lett og gjev derfor djup og god jord. Aust og nord for Berge er det eit felt med gabbro, som ogso vitrar relativt lett og gjev dermed eit bra jordsmon. Det store granittfeltet på sørsida av dalen gjev seg til kjenne med fjella: Borninolten, Bukkafjellet, Storliknausen og Kjerringafjellet. Denne bergarta er endå hardare enn gneisen, slik at store delar av dei nemnde fjella må karakteriserast snaufjell, avdi vitringa går so seint at det ikkje gjev vekstvilkår for planter av den høgare klasse. På båe sider av dalen ovanfor Berge og heilt opp til Hamlagrøvatnet, er kvartsitt den framherskande bergarta. Denne er òg hard og vitrar seint.

Den retteleg lett vitrelege bergarta som gjev seg utslag i dei frodige grøne leinene i stor hogd over havet, finn me fyrst på båe sider ved Hamlagrøvatnet. Her finn me nemleg eit belte av fyllitt, som gjev djup og næringsrik jord. Heldigvis finst det òg mindre område av mjukare bergarter i bygda. I sjølve dalen, særleg på nordsida, er det ikkje so lite skifrige bergarter med mykje glimmer, som dermed er med på å gje grunnlaget for kulturlandskapet og gardsdrifta.

Heldigvis er det heller ikkje berre mineraljord i Bergsdalen. Viktig er òg det organiske jordsmonet. Dette er jord som vert danna ved ei stendig nedbryting av plantedelar. Når lauvet fell, gras, blomar og andre plantedelar visnar, kjem det, ved hjelp av luft, vatn og mikroorganismar, i gang ein nedbrytingsprosess som omdannar plantedelane til organisk jord. Best gjer dette jordsmonet seg til kjenne ved dei større eller mindre myrstrekningane som me finn i dalen. Jordlaget kan vera opp til fleire meter djupt. I naturleg tilstand er myrjorda kald, våt og sur, men ved grøfting, kalking og gjødsling, gjev det ei etter måten god jord. Mykje av kulturjorda i dalen er soleis oppdyrka myrjord.

Temperaturen er òg ein avgjerande faktor for kva slags planter som kan spira, veksa og øksla seg på dei einskilde stader. Det er særleg vinterkulden og middeltemperaruren i dei fem vekstmånadene mai - september som set grensa for meir varmekjære planter. Det må vel innrømast at Bergsdalen ikkje er so heilt venlegsinna når det gjeld temperaturtilhøva. Mellom anna kjem dette av at bygda (gardane) ligg i ei høgd o.h. på 400 - 550 m, og temperaturen fell med omlag 0,6° for kvar 100 m stigning. Kuldebolkar vinterstid på mellom 20 og 30 minusgrader og dertil relativt låg middeltemperatur i vekst-månadene, set soleis klåre grenser både for den ville floraen og for valet av lønsam drift innan kulturvekstene. Som døme på dette kan nemnast at det har vore gjort prov på planting av dei mest hardføre slag av frukttre utan at det har lukkast. At so å seia einsidig grasproduksjon til fór, og at gardsdrifta dermed baserar seg på mjølk- og kjøtproduksjon, er dertil prov på at temperatur og klima set grenser for val av vokstrar.

Den avgrensa spalteplass eg har fått til rådvelde for denne artikkelen, gjev ikkje rom for ei systematisk framstelling av det mangslungne plantelivet i Bergsdalen. Heller ikkje gjev det rom for særleg omtale av dei einskilde planteslaga. Det må difor nærmast verta ei oppramsing av dei viktigaste artene med freistnad på det formål å ta med det som i hovudsaka pregar plantelivet.

Av treslaga er det vanleg bjørk (Betula odorata) som er heilt dominerande. Hengebjørk eller låglandsbjørk (Betula verrucosa) finst ikkje rein, men innkryssa med vanleg bjørk på lune veksestader nedst i dalen. I dalbotnen og oppover til 600 - 650 m.o.h. veks bjørkeskogen med omfang som gjer han drivverdig, og på god bonitet kan stammediameteren verta opptil 30 - 40 cm. Det er bjørka som i hovudsaka vert brukt til brensel til eige bruk, og i noko mon ogso avverka til sal. Som kratt og låge buskar veks bjørka høgt til fjells. Av andre treslag som veks i bygda, men likevel i mindre omfang, er rogn eller raun (Sorbus aucoparia), osp (Populus tremula), selje (Salix caprea), or eller older (Alnus incana) og hegg (Prunus padus). Tidlegare vart borken og kvisten eller riset av både bjørk og rogn brukt til fór, særleg skulle rogneborken gjeva feit mjølk.

Av vier (Salix) veks det fleire slag. Det er låge tette buskar som til vanleg veks på våtlendte stader. Eit unntak er musøyra eller fjellmo (Salix herbacea). Denne vesle busken er berre eit par cm høg og veks heilt opp til over 1000 m.o.h., den klorar seg mest fast til harde snaufjellet. Dette er ein „lekkerbisk" for sauen, og det er vel ikkje tvil om at det er denne planten som er grunnen til at ein midsumars kan sjå sauer høgt oppe i snaufjellet.

Viltveksande nåletre er det heller skralt med i dalen. Eit lite islett finst det likevel med nokre spreidde tre hist og her. Sopass mange er det likevel samla sume stader at namnet Furuhaugane har me både på Lid og Berge.

I liene kring gardsbruka veks det likevel ikkje so få samlinger av nåletre. Dette er planta granskog. Det var lærar Hans Tyssen som straks etter hundreårskiftet byrja setja ut granplanter med skuleklassane sine. Til å byrja med var det ikkje store mengder som vart sette ut, kring 500 om året delt på Oppedalen og Nidalen. Men talet auka smått om senn, særleg etter at ungdomslaget tok over og gjekk inn for skogplanting frå midt i 20-åra. Laget vart starta i 1923. Fyrst i 60-åra vart det tilsett skogreisingsleiar i kommunen, og etter den tid er det sett ut mange granplanter i bygda. Grana veks godt i Bergsdalen, etter måten utruleg godt. I gode vekstår er det ikkje sjeldan å sjå toppskot på opptil 40-50 cm. Det er òg døme på at dei eldste brukarane i dalen har felt temmeleg grove grantre som dei sjølve har vore med på å planta, d.v.s. ein trealder på omkring 60 år. Dette er ei heller låg omlaupstid, som fullt ut kan måla seg med vanlege skogsbygder. Det burde kanskje ha vore satsa noko sterkare på skogplanting tidlegare, vilkåra ligg vel til rette.

Til den vintergrøne nåletreslekta må òg nemnast einer eller sprake (Juniperus communis), som er utbreidd over heile bygda.

Bringebær (Rubus idæus) og molte (Rubus chamaemorus) som høyrer til same familien, kan stundom gjeva ein verdifull bærhaust. Av lyngfamilien (Ericaceae) har me mange slag. Dei mest vanlege er: røslyng (Calluna vulgaris), blåbær (Vaccinium myrtillus), tytebær (Vaccinium vitis-idæa), blokkebær (Vaccinium uliginosum), krekling (Empitrum nigrum), tranebær (Oxycoccus quadripitalus) og kvitlyng (Audromeda polifolia). Blåbær og tytebær er verdfulle bærslag som rett ofte gjev rik avkasting. Krekling, både bær og unge skot, er truleg den viktigaste føde til rjupa på ettersumaren og hausten. Røslyngen har stor evne til å eta seg utover, og er soleis ei ugrasplante å rekna på beitemark.

Bregner eller blom som dei vert kalla i Bergsdalen, finn me mange variantar av. Det finst både høge og låge arter, utan at det her er rom til å namngje dei einskilde artene. Det ville verta ei lang liste. Blomeplantene spenner sjølsagt over den største artsmengda, og det vil ogso her vera uråd å gjeva plass til i ei systematisk namneliste. Nokre av dei som er med på å setja farge på floraen, må likevel nemnast. (Av plassomsyn vert dei latinske namna ikkje teke med her). Prestekrage, rau praktstjerne, blåklokke, solei - fleire arter, storkenebb, tistel - fleire arter, kvitveis, fiol - fleire arter, gullris, ryllik, marihand, marikåpe - fleire arter, fjelldronning, bergknapp, bergsildre, engkarse, kattefot, harerug, veronika - fleire arter, vikke - fleire arter, smørbukk, jonsokkoll, skogstjerne, gauksyre, tepperot, tiriltunge m.m.fl.

Som venteleg er det grasartene som har den største utbreiing av dei viltveksande planteslaga og som saman med lauvskogen set det grøne preget på bygda. Graset set små krav til klima og veks difor overalt der det finst eit lite jordlag - ogso høgt til fjells. Dei vidfemnande områda i dalsidene og i fjellstroka gjev gode beite for bufeet. Det finst ei mengd arter. Nokre av dei vanlegaste må nemnast: Svingel - fleire arter som rausvingel og sauesvingel, rapgras - fleire arter, finntopp eller finnskjegg, sølvbunke, smyle, kvein - fleire arter, fjelltimotei, hundegras, hengeaks, myske, myrull, bjønnskjegg og fleire arter av starrgras eller storr m.m.fl.

Og endeleg til slutt må det takast med at det finst eit rikt utval av dei lågare planteslaga, nemleg mose og algevokstrar. Desse veks òg mest over alt - ja til og med der det ikkje finst jord. Dei klorar seg fast på harde steingrunnen og dannar vakre teikninger og fargar. Dei veks på våte stader og på det turraste lende - i sanning ei nøysam plantegruppe, men som likevel er med på å gjera naturbiletet fullkome og plantelivet mangfelt i Bergsdalen.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy