Olsnes

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band I | Bruvik sokn innhald


Gards og ættesoge for Olsnes.


Olsnes 1960. Gamletunet midt på biletet, på oppsida av bygdevegen. Lengst til venstre bnr. 3 Klyvvikjæ. Mellom Klyvvikjæ og gamletunet ligg bnr. 4 Dalen. Bnr. 6 Tonjen lengst til høgre. Attom Tonjen ser ein bnr. 5 Kråkhaugen. I framgrunnen Ulvsnesøy. I bakgrunnen på andre sida av fjorden Fossmark.  Foto: Widerøe’s Flyveselskap A/S.
Olsnes 1960. Gamletunet midt på biletet, på oppsida av bygdevegen. Lengst til venstre bnr. 3 Klyvvikjæ. Mellom Klyvvikjæ og gamletunet ligg bnr. 4 Dalen. Bnr. 6 Tonjen lengst til høgre. Attom Tonjen ser ein bnr. 5 Kråkhaugen. I framgrunnen Ulvsnesøy. I bakgrunnen på andre sida av fjorden Fossmark.

Foto: Widerøe’s Flyveselskap A/S.


GNR. 154 OLSNES


Innhaldsliste

INNLEIING

Denne garden ligg på eit stort nes som stikk ut i den breie fjorden mellom Bruvik og Vaksdal. Høgste punktet på neset er Olsnesnipa, 600 m. o. h. Nord for Olsnes smalnar fjorden til og går rett mot nord.

Dei næraste grannegardane er Indre-Bruvik og Fokstad. Til Indre-Bruvik er det gamal køyreveg som er omlagd og utbetra i seinare tid. Fråstanden i luftlinje mellom dei gamle tuna er 1 km, men veglengda er om lag det doble. Fråstanden til Fokstad er 7 km i luftlinje. Her er det veglaust og uframkomeleg. Stupbratte og nakne bergvegger reiser seg frå fjorden opp mot ei lang fjellbrun 600-687 m. o. h. Ein utmarksteig som høyrde til Bruvik kyrkje låg mellom Olsnes og Fokstad. Sjå gnr. 155 Kyrkjeteigen.

Grensa mot grannegarden vart skriftfest ved utskiftningsforretning 1834. Det vart halde ny grenseoppgang mot Indre-Bruvik 1901.

Gardsnamnet er samansett av inkjekjønsordet nesn og mannsnamnet Olav. Bygdemålsuttalen er O'lsnes. 1320 vart namnet skrive Olafsnæss. På 1500-talet var det skiftande skrivemåtar: Alznes, Oluffsness, Olugsnes og Olsnnes. Etter 1600 har namnet vore skrive Olsnes eller Olsnæss.

Olav, som garden er oppkalla etter, var kanskje den fyrste rudningsmannen. Her var ein eller fleire gravhaugar i 1860-åra, meinte geografen Henriksen og arkeologen Nicolaysen. No er det ikkje merke etter gravhaugar. Heller ikkje finst det segner om slike haugar på garden. Ein liten haug, Hundatuo, lag på Hollflekket der bygdevegen og vegen frå tunet møttest. Kan henda det var denne haugen dei trudde var ein gravhaug. Men bygdevegen skar gjennom haugen og berrla eit berg som viste at haugen var naturleg forma og ikkje kunne vera gravhaug.

Olsnes vart ikkje liggjande øyde etter svartedauden. Vilkåra for livberging har vore gode. Her er uvanleg solrikt og mykje god jord, sandblanda moldjord med leire under. Det var tungvint i slåttene, men lett heime, meinte matrikuleringskommisjonen, som var her i 1860-åra. I matrikkelen 1723 er garden skildra slik: "Ligger ved Søen 4 Miil fra Bergen, fattis Udmark og tungvunden

Ingen Huusmandspladser
Intet Sætter
ringe olderbrænde
1 flomqvern
Intet fiskerie
Lever allene av Qvægetz avling"


Bjørgvins Kalvskinn er den eldste skriftlege kjelda som nemner denne garden. Det er ei jordebok over kyrkjegods i 1320-åra. Olsnes var prestebordsgods. Innkoma av garden var ein del av levebrødet åt presten, som budde anten på Bruvik eller i Haus. Frå 1563 gjev kjeldene nokså pålitelege opplysningar om brukartalet. Heile tida sidan 1563 har det vore 2 bruk eller fleire brukarar på garden. Men talet har vore nokså skiftande. 1657, 1711 og 1723 var det 3 brukarar. 1666 og 1694 var brukartalet 4. 1774 er det opplyst at det berre var 2 brukarar. Men tingboka for 1786 fortel om 4 brukarar. Dei møtte på hausttinget og melde frå at det hadde vore brann på garden 8 dagar etter jonsok. "Beboerne paa gaarden Olsnes, Johannes Olsen, Knut Joensen, Sjur Pedersen og Mons Olsen mødte paa tinget og angav at der paa bemeldte deres paaboende gaard Olsnes 8 dage efter sidste St. Hansdag dette aar opkom en pludselig waade ild ved nattetiid som i en hast fortærede 26 husebygninger med deres eneste boeskab og med en del creaturer saa at det ickum blev tilbage 4 Kjør, endel af standerværk er paa hvert brug 2 fæehuse. Det ene paa Knud og det andet paa Monses brug samt de ubetydelige smaa faarehuse paa Mons og Sjurs brug. Langretten skjønnede der paa at skaden som Johannes Olsen i proportion til afbrændte bygninger og igienblevne høelade ere 9/10 deler. Sjur Pedersen 4/5 deler, Knud Joensen 2/3 deler og Mons Olsens 2/3 deler af total skade."

Rettsreferatet fortel at det var 30 hus i tunet på Olsnes før brannen 1786. Kva slag hus det var, får me ikkje veta. Berre 1 løe, 2 små smalhus og 2 florar er nemnde særskilt. Det må ha vore jamt over 7 hus på kvart bruk. Truleg stovehus, bu, eldhus, løe, flor, smalhus og geithus.

Tunstaden var visseleg den same som i nyare tid, under ein haug midt inne på neset, med gamla innmark mot sør og vest.

Frå 1802 var her 4 jamstore bruk. I åra 1814-1870 vart 3 av bruka delte, slik at her var 6 bruk med 1/8 av skylda (bnr. 1-6) og 1 bruk som var 1/4 (bnr. 7). 1937 vart bnr. 1 og 2 samanføyd. Brukarstorleiken vart no 4 bruk, som var åttendeparten (bnr. 3-6) og 2 bruk som var fjerdeparten (bnr. 1 og 7). Dei to største bruka har husa sine i gamletunet. Dei andre bruka har flytta ut. Alle bruka hadde sine eigne namn i gamletunet. Bnr. 3 kalla dei Ellingsbruket eller Haugen. Husa låg på ein haug ovanfor dei andre. Bnr. 1 kalla dei Jakopbruket eller Sjurane. Bnr. 5 var Olabruket, bnr. 6 Haldorsbruket og bnr. 7 Monsabruket. Bnr. 4 kalla dei Dalen. Dette bruket var det fyrste som flytte ut or gamletunet. Det skjedde før utskiftinga 1913.

Oppdelinga av garden i 7 bruk gjorde at her vart mykje teigblanding. Ellingsbruket hadde kring 30 teigar, og på dei andre bruka var det slikt slag. Det var mange små teigar. Dei hadde frå gamalt teke inn utmark, noko her og noko der, som dei rydja og delte etter skylda. Slike teigar var gjerne berre 1-2 mål og knapt nok det. I nærleiken av tunet var teigane støne.

Etter utskiftinga flytte bnr. 3, Ellingsbruket, lengst vest på innmarka, til Klyvvikjæ. Dette var gamal utmark som var oppdyrka. I eldre tid budde det ein husmann her. Sjå nfr.

Bnr. 3 har seinare vorte kalla Klyvvikjæ. Namnet er samansett av inkjekjønsorda klyv og vik. Klyv tyder det same som kleiv, eit bratt vegstykke der ein måtte kliva for å koma fram. Ordet klyv finst i fleire stadnamn på Osterøy (Havrå Kyrkje-Bruvik bnr. 2-10). På Voss er Klyve namn på ein gard som ligg ved Sverrestigen.

Då Ellingsfolket flytta i Klyvvikjæ, tok dei med seg bustadhuset Haugen. Det var eit tømrahus med ei stove i kvar ende og ein gang i midten. Over stovene var det lemmar. På sida åt eine stova var det panelt av eit rom, som dei kalla kleven eller bua. Der inne hadde dei maten. Gangen kalla dei døra. Der var det skorstein med grue. Dei koka maten der det meste av året. Men om sommaren koka dei på grua i kjellaren. Dei Bette inn komfyr ca. 1910, på den tida dei flytta til Klyvvikjæ.

Bnr. 4 fekk innmarka si i Dalen, mellom Klyvvikjæ og gamletunet. Dei hadde flytta husa sine til Dalen før utskiftinga. Ovanfor husa syner det murar etter eit geithus.

Bnr. 6, Haldorsbruket, flytte ut til Tonjen, lengst ute på neset. Den odden som stikk lengst ut, kallar dei Ulsneset. Dei gamle fortalde at namnet var frå den tida dei råka ulv på Osterøy. Dei gjekk manngard og jaga ulven ut på dette neset. Dette fortalde dei gamle på Stokke og Indre-Bruvik.

Bnr. 1, 2 og 7 vart verande att i gamletunet etter utskiftinga. Bnr. 1 og 2 hadde same eigar og vart drivne som eitt bruk. Samanføyd 1937. I daglegtalen heiter bruket Jakobsbruket. Dette bruket har overteke huset åt Skomakar-Sjur. Sjå husmenn nedanfor.

Bnr. 5, Olabruket, flytte nordover til Kråkhaugen. Her var eit gamalt husmannsplass under bnr. 7. Sjå husmenn nedanfor.

"Hjemme let, for slaattene lidet fordelagtigt" heiter det i Herredsbeskrivelsen 1863. Engvidda på garden var då knapt 120 mål. Åkervidda var vel 35 mål. Dei avla 83 tunner korn, 144 tunner poteter, 3482 våger høy og 560 våger halm. I slåttene hausta dei 450 våger høy. Slåttene låg langsmed sjøen og berga nord-aust for tunet. I Sveena var ei slåtte som bnr. 3 og 4 åtte i lag. Dei arbeidde i lag med å slå og raka og laga til høybører. Sidan letta dei på høybørene, kjende etter kor tunge dei var og delte deretter.

Dei brukte gjerne rodder når dei skulle ha høyet heim frå fjellet. Det vert fortalt at då Elling Monsson på bnr. 3 og kona Madli var nygifte, fekk dei rodder hjå bestemor åt Madli på Dale. Grannen hadde lite tru på at roddene var noko å fara med. Men det varde ikkje lenge før han tok til å bruka rodder. Når dei slo høyet oppe i Berget var roddene gode å ha. Sume tider trilla roddene heilt i sjøen. Då måtte dei ned og dra roddene på land. Sidan var det å ro dei heim. Dei hadde hesjar på Sanden, Fanten og Hestabenken som dei turka markahøyet i. På Sanden var det ei utløe til slikt høy.

Om skogen er det oppgåver frå 1661 og 1666. Garden hadde nok vedskog då. 1723 var vedskogen ring older. Noko av den gamle landskylda skulle svarast med skogsvyrke: 1 bordtre og 3 våger never. 1863 hadde bnr. 5 og 6 nok skog til ved og hustømmer. På dei andre bruka hadde dei for lite skog til at dei var sjølvhjelpne.

Det meste av skogen var teigdelt. Men bruk som hadde høyrt ihop, t. d. bnr. 3 og 4, hadde fleire teigar som dei åtte i lag. Dei arbeidde i lag når dei hogg i hopateigane.

Heimeutmarka vart utskift 1952.

Om beitet heiter det 1863: "Ved Gaarden of taalelig god Beskaffenhed og 3/4 tilstrækkelig". 1876 fekk brukarane på Olsnes kjøpa ein del av Kyrkjeteigen til fjellhage. Sjå Kyrkjeteigen gnr. 155 bnr. 1.

Dei laut låna pengar då dei kjøpte Kyrkjeteigen. For å greia renter og avdrag på dette lånet, dyrka dei ein utmarksteig ved elva. Dei sette opp eit steinlad og fekk til ein potetåker i den bratte teigen som dei kalla Hopen. Teigen var felles, avdi har var teken inn av felles utmark. Kvar brukar hadde potetforer der. Potetavlinga selde dei. Innkoma gjekk til renter og avdrag til dess lånet på fjellhagen var betalt.

Før hadde dei ikkje seterhus. Dei sette i gang med bygging då dei hadde kjøpt ny fjellhage. Olsnessetra ligg 390 m. o. h. Bnr. 3, 4 og 7 bygde seterhus i lag. Bnr. 7 hadde eit rom i nordenden av huset. Bnr. 3 og 4 hadde eit rom i sørenden. I midten var det ein felles gang. Golvet i gangen var slett og fint fjell. Veggene var mura og fint fråseggjorde. Bnr. 5 og 6 hadde også seterhus i lag, men dei hadde ikkje særskilde rom. Dette seterhuset skal vera frå Borgåsetra. Dei bar tømmeret over fjellet då dei flytte det. Seterhuset er rive og oppattbygt til hytte på Olsnestangen Sjå bnr. 11 og 34.

1723 var det berre 1 kvern på garden. Den kverna må ha vore sameige. Seinare fekk dei fleire kvernar.

Kvernane låg ved elva like aust for tunet. Denne elva kalla dei Stemmeelvæ. Dei hadde bygt ein dam, Storastemmæ, slik at dei skulle vera visse på å ha nok kvernvatn. Når stemma var full, kunne kven som ville to til å mala. Skulle noko vølast på stemma, samlast dei og gjorde arbeidet i lag. Stemma er borte, men stemmegarden syner enno.

Kvernane på Olsnes hadde svært gode steinar. Det vert fortalt at folk frå. Bruvik drog til Olsnes for å mala. To av kvernane var i bruk under siste krig. Det var kvernane åt bnr. 1 og 7. Kvernhuset åt bnr. 1 stod så seint som 1956.

Dei eldste naustgrunnane ligg i Naustvikjæ innanfor tunet. Hovudbruka har enno nausta sine her.

Tangstranda var felles før utskiftinga. Dei kunne skjera tang kvar dei ville. Ved utskiftinga vart noko av dette hopehavet oppløyst. Kvar fekk tangstranda ved sine teigar.

Laksefisket og kastevågane for sild og brisling var felles. Dei hadde lakseplassar på Sjøneset og i Hesttonæ. Dei fiska med kilenøter.


SKYLD, SKATT, FØDNAD, AVLING OG FOLKETAL

Gamalt matr. nr. 6 i Arna skipreide. Nytt matr. nr. 117. 1886: Gnr. 8 i Bruvik Herad.

Skatteskyld 1 laup smør, gamal landskyld 2 1/2 pund smør-, 3 våger never, 1 bordtre. Ny skyld 1838: 7dl. 3 ort 8 sk. 1886: 12,54 skm. Leidang 1567:4 merker smør, 2 saueskinn. 1590-91: 1 geitskinn, 1 saueskinn. Fredtoll kvart 4. år. 1665: Leidang, fredtoll, gjengjerd og vedpengar 5 mark 2 sk. Småtiend 10 sk. 2 hvid.

Fødnad 1657: 2 okser, 17 kyr, 6 kviger, 30 geiter, 37 sauer. 1665: 1 hest, 26 storfe, 1723: 1 hest, 19 kyr, 5 ungfe, 24 småfe. 1863:50 storfe, 138 småfe. 1865:47 storfe, 90 småfe, 3 griser. Sånad 1665:5 tunner korn. Avling 12 1/2 tunne. 1723: Sånad 6 tunner korn, avling 21 tunner. 1863: Sånad 18 tunner korn, 24 tunner poteter. Avling 83 tunner korn, 144 tunner poteter, 3482 våger høy, 560 våger halm. I slåttene hausta dei 450 våger høy. Ei tangstrand var verdsett til 50 spdl. i årleg avkasting.

1863 var det på garden 35 1/6 mål åker, 19 1/2 mil var god åker, 7 1/3 mål var middels god, resten var ring. Engvidda var 119 1/2 mål. 46 mål var god eng, 32 mål middels god, resten var ring.

1865: Sånad 16 3/4 tunner korn, 16 3/4 tunner poteter.

1875 fødnad: 36 kyr, 8 ungfe, 122 sauer, 110 geiter, 3 griser.

Sånad 1875: 17 tunner havre, 28 tunner poteter.

Folketal 1801:26. 1865:60. 1875:92.


EIGARAR

Haus prestebord åtte mesteparten av garden frå mellomalderen til fram på 1800-talet. I jordeboka Bjørgvins Kalvskinn frå 1320 er denne luten som prestebordet åtte i Olsnes oppgjeven til 5 laupar smør. I skattematrikkelen 1647 er parten åt Haus prestebord oppgjeven til 48 merker smør og 3 våger never. Denne landsskylda er omtrent 20 % av det talet som er oppgjeve i Bjørgvins Kalvskinn. Det tyder ikkje at Haus prestebo åtte ein mindre part av garden i 1647 enn i 1320, men det var landskylda for heile garden som hadde minka til om lag 20 %. Denne nedsetjinga av landskylda hadde samanheng med øydetida etter Svartedauden. Då minka landsskylda over heile landet, men noko ulikt i dei ulike distrikt.

Bruvik Kyrkje er også oppført som eigar i Bjørgvins Kalvskinn, men storleiken på kyrkjeparten er ikkje nemnt. I 1647 er skylda på kyrkjeparten 1/2 pund smør og 1 bordtre. 1774 er parten åt kyrkja oppgjeven til 12 merker smør og 8 sk. i pengar. Denne verdsetjinga bygde på utrekningane åt renteskrivar Roche 1733, blir det opplyst i futerekneskapen 1774.

I sokneprest Hiermans tid hadde leiglendingane hardare vilkår enn før. I tingboka 1706 finn me dette vitnemålet frå ein av brukarane på Olsnes:


"Mogens Olsnes som blef atter foreholdt dend eed hand i gaar aflagde, derpaa hand oh i dag om disse tvende poster forklarede, at hand maa give aarlig til mag. Niels Hierman landskyld af it pd. sm. leye og af 1 1/2 vaag never og 1/2 bord træ. landskyld in allis med arbeidspengene tilsammen til presten 1 rixdaler 2 1/2 mark penge oh til kirken af samme jorde part 28 skilling. Desforuden gjør hand oh fløtningsfornøyelse til hannem med at gaa i fieldet for hannem oh skyde vilt. Om dend treedi post forklarede hand først at have givet 1 rd. i kiendelse, dernest tvende gange for husemaate oh første gang da hand ey hafde meer end halfparten af det brug hand nu hafver gav hand hannem en slet daler oh anden gang hand kom til gaards motte hand give en rx.d. af samme brug mens nu trediegang i dette aar er hand endnu icke kommen til hannem efterdi hand med Here var da faren til byen at klage derover men tilforn har presten altid sendt bud for i veyen for sig at hand da motte brygge 01 oh lave til imod hans komme, oh var hand nu sidste gang nemlig dette aar trende gange tilsagd at hand skulde lave til imod prestens komme, oh var de som ham tilsagde, kirkevergen, Mogens Brudvig oh Christopher Hierman som begge nu var tilstede for retten oh icke kunde negte at de jo hafde tilsagt ham efter prestens befaling derom.


De to andre mend paa Olsnes nemblig: Johannes Johannesen oh Johannes Olsen som hafver begge icke mere brug end Mogens alene, maatte hver aarlig betale 4 mark og 14 skill som er tilsammen 9 mark og 12 skill foruden fløtningen de maa giøre."


Det var vanleg at når ein gard hadde to eller fleire eigarar, var det den største jordeigaren som stod for bygslinga. Leiglendingane på Olsnes fekk sine bygselbrev av soknepresten i Haus. Stundom kunne soknepresten gje fullmakt til ein annan. Dette skjedde til dømes 1793. Då var det lensmann Johannes Faugstad som på vegne av verfaren, sokneprest Arentz, gav bygselbrev til brukaren Mons Monsson på bnr. 7. Ved reformasjonen var prestebordsgodset vel 10 % av all jordeigedom i landet. Det skjedde ikkje noko særleg endring i eigedomstilhøva før på 1800-talet. 1821 kom det ei lov om sal av såkalla beneficert gods. Det vil seia jordeigedom som låg til eit embete, og som embetsinnehavaren sjølv brukte, eller hadde leigeinntekter av. Hovudregelen i lova av 1821 var at leiglendingsgardane heretter skulle seljast ved auksjon så snart dei vart bygselledige. Til vederlag for landsskyld og andre rettar som jorddrotten hadde hatt, skulle presten ha ei årleg jordavgift av garden. Denne avgifta vart utrekna etter gjennomsnittet av takstane dei siste åra. Salssummen skulle gå til Opplysningsvesenets Fond. Frå 1848 vart det høve til å løysa inn jordavgifta med ein eingongssum.


1833 vart det skrive kongskøyte til brukarane på bnr. 5 og 7. Skøyta vart tinglyste 1834. 1839 vart brukaren på bnr. 3 sjølveigar. 1845 vart det gjeve skøyte til brukaren på bnr. 1. Dei siste som fekk skøyte var brukarane på bnr. 2 og 4. Dei fekk skøyte 1847. (Grunnen til at bnr. 6 ikkje er nemnt i denne opprekninga er at dette bruket høyrde i hop med bnr. 5 fram til 1860.)

Kongeskøytet til brukaren på bnr. 3 er enno på garden. Det har denne ordlyden:

VI CARL JOHAN, af Guds Naade Konge til Sverige og Norge, de Gothers og Venders, GJØRE VITTERLIGT: At eftersom Leilænding Mons Ellingsen i Medhold af Lovene om det beneficerede Gods af 20de August 1821 og 4de August 1827, for den Hougs Præstebord beneficerede Gaard Olsnæs, Matr. N. 6, i Hougs Præstegjeld, Nordhordlehns og Voss Fogderie, Bergens Stift, af Skyld 4 Ort 19 Skilling, underhaanden har budet den Summa 130 Spdl., skriver Eet Hundrede og Tredive Speciedaler, og dette Bud naadigst er approberet, saa meddeles ham, hans Hustrue og Arvinger, i Henhold til de Conditioner, som have været ham forelagte og af ham ere antagne, herved lovligt Eiendoms-Skjøde paa bemeldte Gaard Olsnæs, af hvilken for bestandig og uden nogensomhelst Forandring, hvad enten dens Skyld ved en ny Matriculering i Riget forøges eller formindskes, bliver at udrede, overeensstemmende med forbemeldte Love i aarlig Jordafgift 4 (fire) Skjæpper og 1/4 (eetfjerdedeel) Fjerdingkar Byg, hvilket Byg beregnes i Penge for hvert Aar efter Middeltallet af de sidste 10 Aars Capitulstaxter for Bergens Stift. Denne Afgift hæfter stedse paa Gaarden i hvis Eiendom eller Besiddelse den end maatte komme, og erlægges aarligen til Hougs Præstebord.

Dette Skjøde, der formedelst Omstændighederne er, i Overeensstemmelse med naadigst Resolution af 2den August 1822, som dispenserer i dette Tilfælde fra Bestemmelsen i Forordningen af 25de Mai 1804, § 18, udstedt paa ustemplet Papir, maa ikke antages til Thinglæsning, forinden det er bleven bilagt med behørigt Stykke stemplet Papir efter Kjøbesummens Størrelse, hvilket under vedkommende RettensBetjents Segl vedhæftes, og forsynes med dennes Paategning om, til hvilket Skjøde Papiret er forbrugt: heller ikke maa det thinglæses førend Kjøberen enten framlægger Qvittering for at have betalt Kjøbesummen, eller hans for Kjøbesummen udstedte Panteobligation fremkommer til Thinglæsning.


Givet i Christiania den 17de September 1839.

Under Rigets Segl.

Efter Hans Majestæt Kongens naadigste Befaling.

H. Wedel-Jarlsbeg.



I. Fasting. N. J. Krog. Sibbern.......... ”Schmidt.”
---------------


Kjøbesummen 130 Spdlr og Renter 51 Sk,
tilsammen 130 Sp 51 Sk., skriver eet
Hundrede og tredive Species samt
femti og een Skilling, er betalt den
18de Septb. 1839.

Schrøder.

Noteret i Cassabogen. Gratis.

Schrøder.

Betalt Thinglaesning

/ : tre Ort otte Skil. : /

Aarestrup.


Læst inden Retten ved Høstethinget for Arne Skibrede den 23de November 1839 i Justitsprotocollen extraheret og i Pantebogen Fol 416 ordlydende indført.

Aarestrup.".
</font>


BRUKARAR FØR 1700

1563 er det nemnt 2 brukarar, Olav og Turid.

Tidlegare på 1500-talet finn me brukaren Guttorm og Olav, som truleg er den same som var brukar her 1563.


1590-91 finn me brukaren Johannes i futerekneskapen. I landskattelista 1620 er Johannes oppført mellom husmenn, øydejordsmenn og drenger som har full løn. Ein annan brukar, Olav, finn me i landskattelista 1603, 1611 og 1620. 1620 er han oppførd mellom dei personane som betalar 1 dl. kvar i skatt.

Olav Olsnes står i odelsjordeboka 1626 som eigar av 1 spann smør og 1 mele korn, 3 ort og 6 sk. i pengar. Denne jordparten må ha vore i ein annan gard enn Olsnes.


Gulleik Olsnes står også oppført i odelsjordeboka 1626. Han eig ein part på 1/2 pund smør, 2 kanner malt, 1 1/2 ort 4 sk. i pengar. Gulleik er i landsskattelista 1630-31 ført opp mellom leiglendingar og dei som gjev full skatt på 2 rdl. Olav er i same skattelista ført opp mellom dei som betalar 1 rdl. kvar. Dette skulle tyda på at bruket åt Gulleik var større enn bruket åt Olav.


1638 finn me Johannes Olsnes oppført i skattelista mellom drenger som tener for halv løn. Tilhøvet mellom brukarane Gulleik og Olav er det same som før. Gulleik står mellom dei som betalar full skatt, Olav mellom dei som betalar halv skatt.

Gulleik Nilsson var f. om lag 1580. Han var brukar her til 1650-åra. I manntalet 1666 er han kalla husmann. Han hadde da truleg teke kår.

Gulleik og kona, Helga, er oppførte i koppskattemanntalet 1645. Dei hadde då 2 tenestejenter. Av borna er berre ein son kjend: Nils 1640-, brukar her. Sjå nfr.


Nils Gulleiksson var brukar her 1657 og 1666. 1657 var det halde husdyrmanntal. Fødnaden åt Nils var a 1 okse, 6 kyr, 1 kvige, 11 sauer og 9 geiter. Det har ikkje lukkast å finna opplysningar om huslyden hans.


Olav Olsson og kona Kari er også opp førte i koppskattemanntalet 1645 og i husdyrmanntalet 1657. Fødnaden var 6 kyr, 2 kviger, 16 sauer og 10 geiter.

I koppskattemanntalet er det opplyst at Olav og kona Kari hadde tenestejente og 2 søner, Olav og Knut.

Born:

  1. Olav
  2. Knut f. om lag 1629-, brukar her. Sjå nfr.

Brukarane på Olsnes var mykje nytta som lagrettemenn. Olav Olsnes er oppført som lagrettemann frå 1642-1687. Det kan ha vore far og son, Olav og Olav Olsson. Sjå ofr. Frå 1694-1729 var Mons Olsnes lagrettemann.


Knut Olsson f. om lag 1629 er oppført som brukar 1657. Fødnaden på bruket var 5 kyr, 3 kviger, 12 sauer og 9 geiter. Opplysningar om huslyden hans har det ikkje lukkast å finna.


Olav Sjursson f. om lag 1631 d. om lag 1700 var brukar her frå om lag 1665. Kona Brita Olsdtr. d. 1705. Ho var då enkje. Ved skiftet etter Brita åtte buet 1 okse, 2 kyr, 3 geiter og 4 sauer. Bruttosummen i buet var vel 35 rdl. Nettoen var vel 28 rdl.

Born:

  1. Johannes 1661 , ikkje med i skiftet etter mora 1705.
  2. Mons 1664-, ikkje med i skiftet etter mora 1705.
  3. Kari g.m. Mons Jonsson Olsnes. Sjå bnr. 1.
  4. Brita d. 1703, g.m. Anders Monsson Havrå. Sjå Haus s. 263.


Markus Mikkelsson f. om lag 1640 d. 1720 var brukar her frå om lag 1665. Bruket hans var 1/6 av garden. Kona døydde 1704. Namnet hennar er ikkje kjent.

Born:

  1. Helge 1672-, brukar i Hesjedal. Sjå Hesjedal, brukarar før 1820.
  2. Kari g.m. Johannes Olsson Hesjedal, brukar her. Sjå nfr.
  3. Nils 1680-, brukar på Skaftå.
  4. Marta g.m. Lars Tomasson, b. Ytre-Bruvik.


Mons Jonsson f. om lag 1660 d. 1740 og kona Kari Olsdtr. d. 1744 var brukarfolk her. Mons er nemnd som lagrettemann mange gonger mellom 1694 og 1729. Bruket hans var 1/4 av garden.

Born:

  1. Anna 1692-, g.m. Olav Andersson Indre-Bruvik. Sjå bnr. 3 nfr.
  2. Brita 1696-, g.m. Magne Brynjelsson Vassdal, sjå Vassdal bnr. 3.
  3. Kari 1698-1724.
  4. Olav 1701-1765, ug.
  5. Jon 1703-, brukar på Skaftå bnr. 2.
  6. Brita 1709-, g.m. Anders Ivarsson Indre-Bruvik.
  7. Jakob 1710-, brukar på Olsnes bnr. 1.
  8. Brita 1712-, g.1.g. 1737 m. ekm. Anders Ivarsson Indre-Bruvik. G.2.g.m. Jakob Tomasson Sandvik, brukar på Indre-Bruvik.


Lars Olsnes var brukar her til han døydde 1692. Sonen Lars var fødd etter at faren var død.

Born:

  1. Marta 1690-1751, g.m. ekm. Eirik S. Skulstad, brukar på Trengereid. Sjå Haus s. 310.
  2. Lars 1692-, brukar på Ytre-Bruvik bnr. 9.


Johannes Johannesson Langhelle 1661-1741 og kona Anna Jonsdtr. 1663-1733 var brukarfolk her frå 1694. Bruket deira var 1/4 av garden.

Born:

  1. Magdeli f. og d. 1695.
  2. Ingebjørg 1696-, g.m. Olav Larsson Fossmark, brukar i Blomdal. Sjå Blomdal, brukarar før 1846.
  3. Johannes 1699 d. 1721, drukna i Vaksdalselva. Sjå husfolk nfr.
  4. Jon 1701-, brukar på Dale bnr. 21. Sjå Dale bnr. 21.
  5. Olav f. og d. 1704.
  6. Olav 1706-, sjå bnr. 7.


Johannes Olsson Hesjedal f. i Åsen 1664 d. 1720 var g.1.g. 1692 m. Kari Markusdtr. Olsnes, dtr. åt brukaren Markus Nilsson. Sjå ofr. 1694 dreiv Johannes eit bruk som var 1/4 av garden her. Han hadde då truleg overteke bruket åt verfaren. Johannes tente verneplikta si ved å vera postskyssar 6 år.

Born:

  1. Olav f. og d. 1694.

Johannes Olsson g.2.g. 1694 m. Brita Olsdtr. Olsnes.

Born:

  1. Marta g. 1735 m. ekm. Johannes Monsson Vassdal, sjå Vassdal bnr. 1.
  2. Olav f. og d. 1696.
  3. Nils 1698-.
  4. Jens 1701-, g. 1731 m. Anna Nilsdtr., husfolk på Helle.
  5. Jens 1703-, sjå Ytre-Bruvik bnr. 1.
  6. Olav 1708-, sjå bnr. 7.
  7. Kari 1712-, g.1.g.m. Olav Ørjansson Vaksdal d. 1741. Sjå leigebuarar nfr. G.2.g.m. Knut B. Ytre-Bruvik bnr. 10.

BRUKARAR

BNR. 1

Daglegnamn: Sjurane eller Jakobsbruket.

Gamalt mtr. nr. 13, seinare 13 a. Nytt matr. nr. 465. Gamal landskyld 15 merker smør, 3/4 våg never, 1/4 bord. Skatteskyld 24 merker smør 1814 vart bnr. 2 skilt ut som eige bruk, og skylda på bnr. 1 vart redusert til det halve. Ny skyld 1838: 4 ort 19 sk. 1886: 1,57 skm.

1937 vart bnr. 1 og bnr. 2 samanføyd. Skyld 3,14 skm.

1863 hadde dette bruket 4 2/3 mål åker. 2 mål var god åker, 2/3 mål middels god, resten var ring. Engvidda var 17 2/3 mål. 4 mål var god eng, 4 mål var middels god, resten var ring. Dei fødde 7 storfe og 16 småfe. Sånad 2 1/4 tunne korn, 3 tunner poteter. Avling 10-12 tunner korn, 18 tunner poteter, 418 våger høy, 77 våger halm. I slåttene hausta dei 60 våger høy. Tangstranda gav ei årleg avkasting som var verdsett til 1 spdl.

I folketeljinga 1865 er fødnaden oppgjeven til 7 storfe, 12 småfe. Sånad 2 tunner korn, 2 tunner poteter.


Jakob Monsson Olsnes, son til brukaren Mons Jonsson, sjå ofr., var den fyrste kjende brukaren på dette bruket. Han fekk bygselsetel 1738 hjå sokneprest Gert Gelmeyden.

Jakob 1710-1791 var g.1.g.m. Sigrid Johannesdtr. Skaftå 1706-1748. Ved skiftet etter Sigrid 1748 fekk dei to døtrene, Brita og Anna,. ein arv på vel 19 rdl. kvar.

Born:

  1. Kari f. og d. 1739.
  2. Johannes f. og d. 1741.
  3. Brita 1743-, g. 1779 m. ekm. Guttorm J. Herland, brukar på Låstad. Sjå Gjerstad s. 152.
  4. Anna 1746-, g.m. Olav O. Vassdal, sjå Vassdal bnr. 3.

Jakob g.2.g. 1855 m. Brita Knutsdtr. Ytre-Bruvik bnr. 10, 1727-.

Born:

  1. Sigrid 1756-1813, ug.
  2. Kari f. og d. 1759.
  3. Mons 1760-1761.
  4. Anna 1763-.
  5. Kari 1764-.
  6. Jakob 1767-1768.
  7. Jakob 1768-1786.
  8. Mons 1771-, sjå Ytre-Bruvik bnr. 9.
  9. Brita 1762-, g.m. Sjur Persson Langhelle, brukar her. Sjå nfr.


1783 bygsla Sjur Persson Langhelle bruket som verfaren Jakob Monsson hadde hatt. Sjur 1750-1829 var frå Langhelle bnr. 3, g.m. Brita Jakobsdtr. Olsnes 1762-1828.

Born:

  1. Anna 1782-1785.
  2. Kari 1785-, g.m. Lars Olsson Ytre Bruvik. Sjå bnr. 2 nfr.
  3. Jakob f. og d. 1789.
  4. Jakob 1791-, brukar her. Sjå. nfr.
  5. Anna 1793-1794.
  6. Anna 1798-, g.m. Fredrik Jonsson Presttun. Sjå Kyrkje-Bruvik og Seilæ bnr. 1.
  7. Brita 1801-1803.


1814 bygsla Jakob Sjursson helvta av det bruket som faren hadde hatt. Jakob 1791-1869 var g.m. Brita Olsdtr. Kyrkje-Bruvik bnr. 8, 1790-1850.

Born:

  1. Dortea 1815-, g.m. Sjur O. Løtveit, sjå Løtveit bnr. 2.
  2. Sjur 1818-, brukar her.
  3. Olav 1820-1821.
  4. Olav f. og d. 1822.
  5. Brita 1823-1857, ug.
  6. Sigrid 1826-, g.m. Olav A. Stanghelle bnr. 7. Sjå Stanghelle bnr. 7.
  7. Kari 830 -, g. 1859 m. ekm. Johannes A. Stanghelle, Olsnes bnr. 1. Sjå nfr.
  8. Anna f. og d. 1834.
  9. Olav 1837-, brukar på Jamne bnr. 9.

1845 fekk Jakob Sjursson kongeskøyte på bruket sitt, for 180 spdl. og jordavgift 4 skjepper 2 3/4 fjerdingkar bygg. Jakob skøytte bruket vidare til sonen Sjur året etter.


1846 skøyte til Sjur Jakobsson for 100 spdl. og kår til foreldra. Til Haus prestebord skulle det svarast same jordavgift som før, 4 skjepper og 2 3/4 fjerdingkar bygg.

Sjur 1818-1847 var g.m. Agate Johannesdtr. Helle bnr. 3, 1822-1857. Ved skiftet etter Sjur 1848 var bruttosummen i buet 233 spdl. Nettoen var vel 44 spdl. Dette bruket var verdsett til 200 spdl. og vart utlagt til enkja Agate Johannesdtr.

Born:

  1. Jakob 1843-, brukar her. Sjå nfr.
  2. Johannes f. og d. 1846.
  3. Johannes 1847-1848.

Johannes Andersson Stanghelle bnr.3 1817-1882, sjå Stanghelle bnr.3, vart 1848 g.m. enkja Agate Johannesdtr. Ho hadde fått dette bruket utlagt i skiftet etter 1. mannen sin, Sjur Jakobsson. Sjå ofr.

I skiftet etter Agate 1858 vart dette bruket verdsett til 200 spdl. Det vart utlagt til sonen Jakob frå 1. ekteskap. Enkjemannen Johannes Andersson vart buande på dette bruket, og gifte seg seinare att.

Born:

  1. Sjur 1849-, sjå husmenn.
  2. Anders 1853-, sjå bnr. 7.

Johannes Andersson g.2.g. 1859 m. Kari Jakobsdtr. Olsnes bnr. 1, 1830-.

Born:

  1. Johannes f. og d. 1859.
  2. Johannes 1860-.
  3. Olav 1863-, b. Ytre Arna, g.m. Karolina Reistad. Sjå Ytre Arna s. 82.
  4. Jakob 1866-, b. U.S.A.


1858 skifteskøyte til Jakob Sjursson Olsnes 1843-1901, g.m. Kari Johannesdtr. Fossmark bnr. 5, 1851-. Sjå [[Gnr. 19 Fossmark|Fossmark] bnr. 5.

Born:

  1. Sjur 1871-, brukar her.
  2. Agate 1872-.
  3. Anna 1875-1876.
  4. Anna f. og d. 1877.
  5. Johannes 1878-.
  6. Anna 1880-, g.m. Nils K. Vikno. Sjå, Haus s. 225.
  7. Johanna 1883-, b. Oslo.
  8. Johannes 1884-, sjå bnr. 9.
  9. Olav 1887-.
  10. Brita f. og d. 1889.
  11. Brita 1890-1966, ug., b. her.
  12. Johan 1894-1895.
  13. Maria 1897-1898.


1904 skøyte til Sjur Jakobsson 1871-1941, gardbrukar, g.1 .g.m. Elen Maria 1881-1903, dtr. åt banevaktar Jan Peter Olsen og kona Kari Eriksdtr. f. Bruvik. Sjå Skreiæ, leigebuarar.

Born:

  1. Johan 1900-, sjå Skaftå bnr. 37.
  2. Klara 1901-, b. Chicago, U.S.A., g.m. Arthur Olsnes frå Vaksdal.

Sjur Jakobsson g.2.g.m. Helga Olsdtr. Olsnes bnr. 5, 1878-1946.

Born:

  1. Olav 1905-, anleggsarbeidar, b. Indre-Bruvik bnr. 9.
  2. Karl 1906-, ug., bygningsarbeidar og brukar her.
  3. Brita 1908-, g.m. Hilmar Hopsdal. sjå bnr. 21 nfr.
  4. Einar 1910-, snikkar, b. Seimsmark, Arna, g.m. Bjørg Hartveit.
  5. Sigurd 1913-, sjå bnr. 17 nfr.
  6. Hjørdis 19**-, g.m. Ludvik Hetlevik. Sjå Indre-Bruvik bnr. 27.
  7. Bjarne 19**-, sjå Indre-Bruvik bnr. 46.
  8. Solveig 19**-, g.m. Johannes Stavenes, brukar her. Sjå nfr.


1957 tinglyst heimel til ervingane etter Sjur Jakobsson Olsnes og kona Helga: Olav, Karl, Sigurd, Bjarne, Johan, Klara, Einar Olsnes, Brita Hopsdal, Hjørdis Hetlevik og Solveig Stavenes.


1960 skøyte til svoger Johannes Stavenes 19**-, bonde og tekstilarbeidar, son åt snikkar Knut Stavenes og kona Gunda, g.m. Solveig Sjursdtr. Olsnes bnr. 1, 19**-.

Barn:

  1. Rudolf 19**-, lektor, b. Fana.


BNR. 2

Gamalt matr. nr. 13 b. Nytt matr. nr. 466. Gamal landskyld 7 1/2 mork smør, 3/8 våger never, 1/8 bord. Skatteskyld 24 merker smør. Ny skyld 1838: 4 ort 19 sk. 1886: 1,57 skm. 1937 vart bnr. 2 samanføyd med bnr. 1. Desse to bruka hadde høyrt saman før delinga 1814.

1863 var det på bnr. 2 4 2/3 mål åker. 2 mål var god åker, 2/3 mål var middels god, resten var ring. Engvidda var 17 2/3 mål. 5 mål var god eng, 4 mål middels god, 8 2/3 mål var ring eng. Dei fødde 8 storfe og 17 småfe. Sånad 2 1/4 tunne korn, 3 tunner poteter. Avling 10 tunner korn, 18 tunner poteter, 490 våger høy, 70 våger halm. I slåttene hausta dei 60 våger høy. Tangstrand gav ei årleg avkasting som var verdsett til 1 spdl.

I folketeljinga 1865 er fødnaden oppgjeven til 6 storfe, 10 småfe og 1 gris. Sånad 2 tunner korn, 2 tunner poteter.


1814 bygsla Lars Olsson Ytre-Bruvik dette bruket hjå sokneprest Meyer i Haus. Lars 1776-1801 var frå Ytre-Bruvik bnr. 9, g.m. Kari Sjursdtr. Olsnes bnr. 1, 1785-1831.

Bruket åt Lars og Kari var helvta av det bruket som far hennar, Sjur Persson Langhelle, hadde hatt.

Born:

  1. Ingebjørg f. og d. 1805.
  2. Olav 1806-, b. på Nedste Mjelde, g. 1840 m. Dortea Johannesdtr. Nedste Mjelde. Sjå Haus s. 93.
  3. Per f. og d. 1809.
  4. Sjur 1810-1836, ug.
  5. Brita 1812-, g.m. Johannes J. Ytre-bruvik, sjå Ytre-Bruvik bnr. 11.
  6. Per 1815-, g. 1847 m. enkja Anna A. Vinås. Sjå Haus s. 39.
  7. Ingebjørg 1818-, g. 1841 m. Nils N. Indre-Bruvik. Sjå Indre-Bruvik bnr.12.


1820 bygsla Knut Eiriksson Skreien dette bruket, og gifte seg med enkja etter førre brukar, Kari Sjursdtr. Knut 1798-1880 var frå Skreianeset. Sjå Skreiæ bnr. 3.

Barn:

  1. Anna 1824-, g.m. Knut Ytre-Bruvik, sjå Ytre-Bruvik bnr. 10.

Knut Eiriksson g.2.g. 1832 m. Gjertrud Nilsdtr. Skreien bnr. 2, 1799-1888.

Born:

  1. Kari f. og d. 1836.
  2. Kari 1837-, g.m. Olav M. Olsnes, brukar her. Sjå nfr.

1847 kongeskøyte til Knut Eiriksson for 200 spdl. og jordavgift til Haus prestebord, 4 skjepper 2 3/4 fjerdingkar bygg. Knut gav skøyte til versonen Olav Magnesson 1860.


1860 skøyte til Olav Magnesson Olsnes 1831-1899, g.m. dtr. åt den førre brukaren her, Kari 1837-1902. Olav var frå plasset Nålhaugen, eller Kråkhaugen under Olsnes. Sjå nfr.

Born:

  1. Gjertrud f. om lag 1859, g.m. Knut K. Vassdal, sjå Vassdal bnr. 4.
  2. Barbru 1866-.
  3. Knut 1873-1893, ug.


1898 skøyte til Jakob Sjursson Olsnes bnr. 1. Bnr. 1 og 2 har sidan vore drivne som eitt bruk, og vart formelt samanføyd 1937. Bnr. 2 vart då stroke av matrikkelen. Huslydopplysningar: å bnr. 1.


BNR. 3

Daglegnamn: Klyvvikjæ eller Ellingsbruket.

Gamalt matr.nr. 14, seinare 14 a. Nytt matr.nr. 467. Bnr. 3 og 4 høyrde saman i eitt bruk til 1825. Gamal landskyld før delinga: 15 merker smør, 3/4 våg never, 1/4 bord. Skatteskyld 24 merker smør.. Etter delinga 12 merker smør. 1838 ny skyld: 4 ort 19 sk. 1886: 1,57 skm.

1863 var det på dette bruket 4 1/3 mål åker. 3 mål var god åker, 1 mål var middels god, 1/3 mål var ring åker. Engvidda var 14 1/6 mål. 6 1/2 mål var god eng, 4 1/2 mål var middels god, resten var ring.

Fødnad: 5 vaksne storfe, 3 ungfe, 18 småfe. Sånad: 2 1/4 tunne korn, 3 tunner poteter. Avling: 10 tunner korn, 18 tunner poteter, 490 våger høy, 70 våger halm. I slåttene hausta dei 60 våger høy. Tangstranda gav ei årleg avkasting verdsett til 1 spdl.

1865 fødnad: 6 storfe, 10 småfe. Sånad 2 tunner korn, 2 tunner poteter.


1730 bygsla Olav Andersson Indre-Bruvik dette bruket, som då omfatta bnr. 3 og 4. Olav 1699-, var g.m. Anna Monsdtr. Olsnes, 1692- 1750.

Born:

  1. Anders 1729-1741.
  2. Olav 1730-, sjå, leigebuarar.
  3. Mons 1733-, brukar her.
  4. Knut 1726-1761.


1754 bygsla Mons Olsson bruket som faren hadde hatt. Mons 1733-1791 var g.m. Marta Ellingsdtr. Solbjørg, 1733-1798. Sjå Gjerstad s. 295 og 296.

Mons Olsson var mykje nytta som takstmann ved skifte og registreringsforretningar i bygda. Ved skiftet etter Mons 1791 var bruttosummen i buet 85 rdl. Nettoen var 27 rdl.

Born:

  1. Anna 1755-, g.m. Anders S. Løtveit, sjå Løtveit bnr. 3.
  2. Marta 1756-, g.m. Johannes T. Herfindal, sjå Herfindalen bnr. 5.
  3. Ingebjørg 1759-1765.
  4. Anders 1769-1772.
  5. Elling 1771-, brukar her.
  6. Anders 1774-.
  7. Olav 1777-1785.


1792 bygsla Elling Monsson bruket som faren og farfaren hadde hatt. Elling 1771-1855 var g.m. Kari Mikkelsdtr. Indre-Boge bnr. 1, 1771-1865.

Born:

  1. Ingebjørg 1795-1875, ug.
  2. Anna 1797-, g.m. Anders A. Kyrkje-Bruvik, brukar på Olsnes bnr. 4. Sjå nfr.
  3. Mons f. og d. 1800.
  4. Marta 1801-, g.m. ekm. Olav O. Fokstad. Sjå Fokstad, leigebuarar.
  5. Mons 1804-, brukar her.
  6. Mikkel 1807-, g. 1836 m. enkja Maria Olsdtr. Litun. Sjå Gjerstad s. 340.
  7. Kari 1810-, g.m. Eirik J. Ytre-Bruvik, sjå Ytre-Bruvik bnr. 6.
  8. Magdeli f. og d. 1813.
  9. Olav 1815-1836.
  10. Anna 1817-1818.
  11. Anders f. og d. 1818.


1825 bygsla Mons Ellingsson halve bruket som faren og forfedrene hadde hatt. Mons 1804-1880 var g. 1834 m. Brita Sjursdtr. Løtveit bnr. 3, 1815-1893. Mons var medeigar i Bruvik kyrkje. 1893 fekk han kongeskøyte på bnr. 3 for 130 spdl. og jordavgift til Haus Prestebord. Foreldra fekk kår både av bnr. 3 og bnr. 4.

Born:

  1. Elling 1835-, brukar her.
  2. Anna 1836-, g.m. Daniel Danielsson Helle. Sjå husmenn nfr.
  3. Sjur 1837-, b. på Olsnes ?
  4. Kari 1840-.
  5. Marta 1841-, g.m. Nils A. Bruvik ?
  6. Anna 1843-, g. 1879 m. banearbeidar Karl Svensson Berg frå Sverike.
  7. Ingebjørg 1848
  8. Brita 1849-1904, ug.
  9. Olav 1853-1878.


1871 skøyte til Elling Monsson for 100 spdl. og kår til foreldra, verdsett til 145 spdl.

Elling f. 1835 var g.m. Madli Nilsdtr. Dale bnr. 14 1842-1911. Sjå Dale bnr. 14.

Born:

  1. Anders 1868-, tekstilarbeidar, b. Dale. Sjå ættesoge for Dale.
  2. Brita 1871 (1869?) g.m. Nils S. Soltvedt, Dale. Sjå ættesoge for Dale.
  3. Anna 1873-, b. Nord Dakota, U.S.A., g.m. Ole Persson Olsnes. Sjå husmannsplasset Klyvet ofr.
  4. Kari 1876-, ug., b. her.
  5. Maria 1880-1885.
  6. Nils Olai 1883-, brukar her.

Madli Nilsdtr. var enkje då ho og Elling gifte seg. Madli var g.1.g.m. Anders J. Bruvik, sjå Indre-Bruvik bnr. 3.


1908 skøyte til Nils Olai Ellingsson 1883-, gardbrukar, g.m. Anna, dtr. åt Johannes Reigstad og kona Unna, Valestrandsfossen.

Born:

  1. Maria 1912-, g.m. Nils S. Bruvik. Sjå Indre-Bruvik bnr. 35.
  2. Marta f. og d. 1914.
  3. Einar 19**-, brukar her.
  4. Johanna 19**-, g.m. Håkon Mo. Sjå bnr. 13.
  5. Alf 19**-, brukar her. Sjå nfr.
  6. Sigurd 1927-1932.


1953 skøyte til Alf Nilsson Olsnes 19**-, gardbrukar, g.m. Ida, dtr. åt gardbrukar Gabriel Varleite, Masfjord, og kona Betsy f. Fosse, jordmor og husmor.

Ida og Alf Olsnes er barnlause. Dei er no busette på Knarvik i Lindås.


1962 skøyte til Einar Nilsson Olsnes 19**-, ug., gardbrukar.


BNR. 4

Dalen.

Skilt frå bnr. 3 1825. Gamalt matr.nr. 14 b. Nytt matr.nr. 468. Gamal landskyld 7 1/2 mork smør, 3/8 våg never, 1/8 bord. Skatteskyld 12 merker smør. 1838 ny skyld: 4 ort 19 sk. Revidert til 1 dl. 8 sk. 1886: 1,57 skm.

1863 var det 4 1/3 mål åker på dette bruket. 3 mål var god åker, 1 mål var middels god, resten var ring. Engvidda var 14 1/6 mål. 6 1/2 mål var god eng, 4 1/2 mål var middels god, resten var ring. Dei fødde 8 storfe og 18 småfe. Sånad: 2 1/3 tunne korn, 3 tunner poteter. Avling: 10 tunner korn, 18 tunner poteter, 520 våger høy, 70 våger halm. I slåttene hausta dei 60 våger høy. Tangstranda gav ei årleg avkasting verdsett til 1 spdl.

1865 finn me denne oppgåva i folketeljinga: Fødnad 6 storfe, 10 småfe. Sånad: 2 tunner korn, 2 tunner poteter.


1825 bygsla Anders Andersson Kyrkje-Bruvik dette bruket hjå sokneprest Meyer. Anders 1798-1846 var frå Kyrkje-Bruvik bnr. 2, g. 1821 m. Anna Ellingsdtr. Olsnes bnr. 3, 1797-1887. Ved skiftet etter Anders 1847 var bruttoen i buet vel 70 spdl. Nettoen var 50 spdl. 1847 fekk enkja Anna Ellingsdtr. kongeskøyte på bruket for 200 spdl. og jordavgift. Både bnr. 3 og bnr. 4 svara kår til dei gamle brukarfolka, Elling Monsson og Kari Mikkelsdtr. Kårbrevet deira var tinglyst 1825.

Born:

  1. Kari 1821-, g.m. Jon Nilsson Helle, brukar på Dale bnr. 3. Sjå Dale bnr. 3.
  2. Anders 1824-1849, ug.
  3. Elling 1826-, brukar her.
  4. Kristi 1840-, g. i Vassdal ?


1858 skøyte til Elling Andersson for 200 spdl. og kår til mora verdsett til 80 spdl. Elling 1826-1897 var g.m. Marta Johannesdtr. Vassdal bnr. 3,1829-.

Born:

  1. Ingeborg 1861-, sjå nfr.
  2. Andrina 1868-, g.m. Rasmus Andreas Kalleklev, Vaksdal. Sjå nfr.
  3. Anna 1865-, g.m. Steffen Arnesson Ytre-Bruvik, sjå Ytre-Bruvik bnr. 9.
  4. Marta 1870-.
  5. Johannes 1873-1897, ug., brukar her.
  6. Maria f. og d. 1877.
  7. Anders (Andrew) b. U.S.A. Sjå nfr.


1898 skifteskøyte til Ingeborg Ellingsdtr. 1861-1925, sjå ofr., g.m. Johannes Ørnehaug. Sjå nfr.


1921 skøyte til Jon Johannesson Erdal frå Hardanger.


1922 skøyte til Johan Ørnehaug f. om lag 1850 d. 1929, sløydlærar og gardbrukar, son åt Johannes Ørnehaug, Indre Holmedal, g.m. Ingeborg Ellingsdtr. Olsnes bnr. 4, skå. ofr. Dei var barnlause.


1928 skøyte på bnr. 4 og 8 til Andrew Olsens Legat til gamleheim for Bruvik sokn. Andrew Olsen var busett i U.S.A. Han var son åt Marta og Elling Olsnes. Sjå ofr. Føremålet med legatet, som han gav til Bruvik Kommune, var at det skulle byggjast aldersheim på bnr. 4 og 8.


1960 skøyte til dei 4 borna åt Andrina Ellingsdtr. og Rasmus Andreas Kalleklev. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.


1974 skøytte dei 4 syskena bnr. 4 og 8 over til borna sine. Marta Bolsønes f. Kalleklev åtte 1/4 frå 1960. 1974 gav ho skøyte til Anne Egeland og Ingrid Kanestrøm.


Ågot Tolås f. Kalleklev åtte 1/4 frå 1960. 1974 gav ho skøyte til Astrid Tonstad og Albert Tolls.


Johannes Kalleklev åtte 1/4 frå 1960. 1974 gav han skøyte til Steinar Kalleklev.


Jenny Reigstad f. Kalleklev åtte 1/4 frå 1960.


1974 gav ho skøyte til Arne Reigstad og Svein Reigstad. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.


Olsnes 1955. Ved sjøen til høgre ligg eigedomen Pax (bnr. 10).  Foto: Widerøe’s Flyveselskap A/S.
Olsnes 1955. Ved sjøen til høgre ligg eigedomen Pax (bnr. 10).

Foto: Widerøe’s Flyveselskap A/S.


BNR. 5

Daglegnamn: Kråkhaugen. Før Olabruket.

Gamalt matr. nr. 15. Nytt matr. nr. 469. Gamal landskyld 15 merker smør, 3/4 våger never og 1/4 bord. Skatteskyld: 24 merker smør. 1838: 1 dl. 4 ort 14 sk. 1860, etter at bnr. 6 var skilt frå, gamal skyld 12 merker smør, ny skyld 4 ort 19 sk. 1886: 1,57 skm.

1863 var det 4 1/3 mål åker på dette bruket. 3 mål var god åker, 1 mål var middels god, resten var ring. Engvidda var 14 1/6 mål. 6 1/2 mål var god åker, 4 1/2 mål var middels god, resten var ring. Dei fødde 5 storfe, 18 småfe. Sånad: 3 tunner poteter. Avling: 10 tunner havre, 18 tunner poteter, 400 våger høy, 70 våger halm. I slåttene hausta dei 45 våger høy. Tangstranda gav ei avkasting som var verdsett til 1 spdl. for året.

1865 finn me denne oppgåva i folketeljinga: Fødnad: 4 storfe, 10 småfe. Sånad: 2 tunner havre, 2 tunner poteter.


1727 bygsla Olav Johannesson Olsnes dette bruket hjå sokneprest Gert Gelmeyden. Olav 1688-1763 var son åt Johannes Johannesson Langhelle, brukar her fyrst på 1700-talet. Sjå ofr.

Olav Johannesson var g.m. Anna Knutsdtr. Dale bnr. 21, 1704-1763. Sjå Dale bnr. 21.

Born:

  1. Anna 1738-, g.m. Anders H. Ytre-Bruvik, sjå Ytre-Bruvik bnr. 8.
  2. Ingebrigt 1740-.
  3. Johannes 1742-, brukar her.
  4. Jon 1745-, brukar i Fossmark bnr. 1. Sjå Fossmark bnr. 1.
  5. Brita 1749-.
  6. Knut 1751-, brukar på Stanghelle og i Hesjedal. Sjå [[Gnr. 4 Hesjedal|Hesjedal], brukarar før 1820 og Stanghelle bnr. 3.
  7. Marta 1754-1755.


1963 bygsla Johannes Olsson Olsnes 1742-1820, g.m. Marta Fabiansdtr. Kyrkje-Bruvik bnr. 2, 1740-1815. Dei var barnlause. Johannes Olsson var mykje nytta som takstmann ved skifte- og reigstreringsforretningar.


1808 bygsla Olav Andersson Kyrkje-Bruvik dette bruket. Han hadde vore med i krigen sidan 1801. Olav 1780-1843 var frå Kyrkje-Bruvik bnr. 2, g.m. Marta Jonsdtr. Fossmark bnr. 1, 1783-1855. Sjå. Fossmark bnr. 1. 1826 fekk Olav festesetel på Kyrkjeteigen.

1833 fekk Olav kongeskøyte for 300 spdl. og jordavgift 6 skjepper, 2 2/3 fjerdingkar bygg.

Born:

  1. Johannes 1810-, brukar her.
  2. Kristi 1813-, g.m. Tomas Andersson Dale bnr. 11. Sjå Dale bnr. 11.
  3. Marta f. og d. 1816.
  4. Marta f. og d. 1819.
  5. Anders 1820-1898, g. 1848 m. Magdeli Haldorsdtr. Dale 1828-1899, bnr. 21, b. Sjå Dale bnr. 21. I 1848 kjøpt han Bergslidi, Vestbygdi, Voss, sjå [1] s. 74. De hadde 2 born, Marta f. 1851 og Olav f. 1861. Frå 1868 b. Bergestig, Rauland i Telemark.
  6. Jon f. og d. 1824.


1840 skøyte til Johannes Olsson for 150 spdl., jordavgift og kår til foreldra. Johannes delte bruket 1860 mellom ein son og ein verson.

Johannes Olsson 1810-1879 var g.m. Synneva Andersdtr. Dale bnr. 11, 1818-1901. Sjå Dale bnr. 11.

Born:

  1. Marta 1835-, g.m. Haldor O . Kyrkje-Bruvik , brukar på Olsnes bnr. 6.
  2. Olav 1851-, brukar her.
  3. Brita d. 1856.


1869 skøyte til Olav Johannesson for 100 spdl.

Olav Johannesson 1851-1924, gardbrukar, var g.m. Brita 1851-1927, dtr. åt Olav J. Ytre-Bruvik bnr. 6 og kona Helga Andersdtr. f. Dale bnr. 11. Sjå Dale bnr. 11 og Arna s. 10.

Born:

  1. Johanna 1873-.
  2. Olav 1875-, brukar her.
  3. Helga 1878-, g.m. Sjur J. Olsnes bnr. 1.
  4. Johannes 1880-.
  5. Tomas f. og d. 1883.
  6. Synneva 1885-.
  7. Tomas f. og d. 1887.
  8. Kristi f. og d. 1890.
  9. Brita f. og d. 1891.


1923 skøyte på bnr. 5 og Gnr. 155 bnr. 1 til Olav Olsson 1875-1947, gardbrukar, g.m. Kari Tomasdtr. Stavenes bnr. 1 1887-1942.

Born:

  1. Johannes 19**-, brukar her.
  2. Sigfred 19**-, tekstilarbeidar, b. Vaksdal. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  3. Olav 19**-, sjå bnr. 20 nfr.
  4. Tomas 1923-1979, tekstilarbeidar, b. Dale. Sjå bnr. 16 og 18 nfr. og ættesoge for Dale.
  5. Borghild 19**-, b. Hol, Hallingdal, g.m. snikkar Olav Herfindal.
  6. Agnes 19**-, g.m. styrmann Einar Visnes. Sjå bnr. 19 nfr.


1959 skøyte til Johannes Olsson Olsnes 1917-1979, ug. fabrikkarbeidar og gardbrukar.


BNR. 6

Tonjen eller Ulvsneset. Før Haldorsbruket.

Skilt frå bnr. 5 1860. Løpenr. 469 b. Gamal skyld 12 merker smør. Ny skyld 4 ort 19 sk. 1886: 1,57 skm.

1863 var det på dette bruket 4 1/3 mål åker. 3 mål var god åker, 1 mål var middels god, resten var ring. Engvidda var 14 1/6 mål 6 1/2 mål var god åker, 4 1/2 mål var middels god, resten var ring.

Fødnad: 5 storfe, 15 småfe. Sånad: 2 tunner korn, 3 tunner poteter. Avling: 10 tunner korn, 18 tunner poteter, 400 våger høy, 70 våger halm. I slåttene hausta dei 45 våger høy.

1865 finn me denne oppgåva i folketeljinga: Fødnad 6 storfe, 10 småfe, 1 gris. Sånad: 2 tunner korn, 2 tunner poteter.

1875 fødnad: 4 kyr, 9 sauer, 10 geiter. Sånad: 2 t. havre, 3 t. poteter.


1860 skøyte til verson Haldor Olsson Kyrkje-Bruvik for 100 spdl. og kår til seljaren Johannes Olsson og kona Synneva Andersdtr., brukarfolk på bnr. 5. Sjå ofr.

Haldor Olsson 1825-1889 var son åt Olav Andersson Kyrkje-Bruvik og kona Synneva Larsdtr. f. Øvste Mjelde. Dei budde på Risnestangen. Sjå Haus s. 331. Haldor var g.m. Marta Johannesdtr. Olsnes bnr. 5, 1835-1896.

Born:

  1. Olav 1855-, brukar her.
  2. Brita 1857-, g.m. Martin J. Loftås, brukar her.
  3. Synneva 1859-1863.
  4. Johannes 1861-1863.
  5. Johannes 1863-, b. Haukeland. Sjå Arna s. 326.
  6. Synneva 1866-, g.m. Ingebrigt T. Rønneid. Sjå leigebuarar nfr.
  7. Anders b. U.S.A.
  8. Olai Andreas 1870-.
  9. Brita.
  10. Agate 1874-, b. Samnanger, g. Tverlid.
  11. Haldor f. og d. 1877.
  12. Maria 1881-1898, ug.


1890 skifteskøyte til Olav Haldorsson for 1000 kr. og kår til mora, Marta Johannesdtr. Olav Haldorsson var brukar på Dale bnr. 11. Sjå Dale bnr. 11.


1898 skøyte til Ole Olsson.


1900 skøyte til Martin Johannesson Loftås 1866-1944, gardbrukar, g.m. Brita Haldorsdtr. Olsnes bnr. 6,1857-. Dette ekteskapet var barnlaust. Brita hadde ein son, Johan Olsnes 1881-, møllesnikkar, b. Vaksdal. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.


1929 skøyte til Johan Johannesson Olsnes f. 1899.


1935 skøyte til Johannes Andersson Olsnes på Olsnes bnr. 7, g.m. Dagny Sjursdtr. Bruvik f. 1902. Sjå Indre-Bruvik bnr. 10. Dei er barnlause.


1960 tinglyst skøyte datert 1947 til Ulfsnesøy Skolehjem på bnr. 6 og rettar på gnr. 155 bnr. 1.


BNR. 7

Daglegnamn: Monsabruket.

Gamalt matr. nr. 16. Nytt matr. nr. 470. Gamal landskyld 12 merker smør, 1 våg never. Skatteskyld 24 merker smør. 1886: 3,12 skm.

1863 var det på dette bruket 7 mål åker. 3 1/2 mål var god åker, 2 mål var middels god, resten var ring. Engvidda var 24 mål. 8 mål var god eng, 6 mål var middels god, resten var ring. Fødnad: 8 storfe, 2 ungfe, 30 småfe. Sånad: 4 tunner korn, 5 tunner poteter. Avling: 19 tunner korn, 30 tunner poteter, 702 våger høy, 133 våger halm. 120 våger høy frå slåttene. Tangstranda gav ei årleg avkasting på 1 spdl. Til bnr. 7 høyrde også plasset Kråkhaugen. På dette plasset var det 1 1/2 mål ring åker. 3 1/2 mål eng. Fødnad: 1 storfe, 6 småfe. Sånad: 1 tunne korn, 1 tunne poteter. Avling: 4 tunner korn, 6 tunner poteter.


Den fyrste brukaren på dette bruket som ein kjenner til, var Olav Johannesson Olsnes 1706-1759 g. 1722 m. Inger Monsdtr. Indre-Bruvik, 1697-1763. Dei hadde ikkje born. I buet etter Olav var bruttosummen 188 rdl. Nettoen var knapt 150 rdl. Sylvet i buet var verdsett til 51 rdl. og buskapen til 33 rdl. Mellom sylvet var det ei sylvkrune verdsett til 30 rdl.

Olav Johannesson hadde vore eigar av eit bruk i Ytre-Bruvik. Dette selde han før han døydde. Men på grunn av sjukdomen hadde han ikkje fått ordna med skøytet til den nye eigaren, Henrik Eiriksson Midt-Bruvik. Henrik møtte fram på skiftet etter Olav og vitna at han hadde betalt 50 rdl. for bruket sitt. Det vart no ordna med skøytet. Sjå Ytre-Bruvik bnr. 8.


1758 bygsla Knut Jonsson Dale dette bruket. Ved skifteforretninga etter førre brukar, Olav Johannesson, påtok Knut Jonsson seg å setja i stand husa på garden.

Knut Jonsson 1730-1801 var frå Dale bnr. 21, g.m. Ingebjørg Johannesdtr. 1735-1801. Sjå Dale bnr. 21.

I skiftet etter Ingebjørg og Knut 1801 var bruttoen i buet 38 rdl. Nettoen var 34 rdl. Arven vart skift mellom dei 2 døtrene Marta og Brita.

Born:

  1. Marta 1767-, g.m. Mons M. Vik, brukar her.
  2. Johannes f. og d. 1769.
  3. Simon f. og d. 1770.
  4. Kari 1773-1793.
  5. Brita 1778-, ho var ug. 1801, men skal visstnok ha vorte gift seinare på Helle.


1793 bygsla Mons Monsson Vik dette bruket. Han skulle yta kår til verforeldra Knut Jonsson og Ingebjørg Johannesdtr. 1799 fekk Mons bygselbrev på ein slåtteteig som høyrde til Bruvik kyrkje, og som dei kalla Slåttevika. 1803 fekk han også festebrev på dei trea i Storetoa som var tenlege til skav åt krøtera.

Mons Monsson 1763-1850 var frå Vik bnr. 5, g. 1794 m. dtr. åt den førre brukaren her, Marta Knutsdtr. 1767-1832.

Born:

  1. Knut 1794-, sjå Kyrkje-Bruvik og Seilæ bnr. 8.
  2. Kari f. og d. 1796.
  3. Mons 1797-1803.
  4. Simon 1800-1801.
  5. Ingebjørg 1802-1803.
  6. Mons 1804-, brukar her.
  7. Johannes 1805-, brukar på Vassdal bnr. 3.
  8. Åsa f. og d. 1806.
  9. Magne 1808-, sjå plasset Kråkhaugen.
  10. Marta f. og d. 1810.


1823 bygsla Mons Monsson bruket som faren hadde hatt. Foreldra fekk tinglyst kårbrev 1823.

1834 fekk Mons kongeskøyte på bruket sitt for 250 spdl. og jordavgift. Same året bygsla han bort eit plass Kråkhaugen til broren Magne. Mons var ei tid stotarkonge i bygda. 1848 kjøpte han 1/4 av Bruvik kyrkje for 30 spdl. Han var også med utskiftingskomiteen i 1830-åra.

Mons Monsson 1804-, var g.1 .g. 1826 m. Ingebjørg Einarsdtr. Indre Songstad, 1803-1843. Sjå Haus s. 373. Ved skiftet etter Ingebjørg var bruttosummen i buet 389 spdl. Nettoen var 349 spdl. Dette bruket var verdsett til 250 spdl. Det vart utlagt til enkjemannen.

Born:

  1. Mons f. og d. 1827.
  2. Knut f. og d. 1828.
  3. Knut 1829-.
  4. Anders 1830-1853, ug.
  5. Mons 1833-, brukar her.
  6. Johannes 1835-, b. Fossmark, g.m. Brita Olasdtr. Løtveit. Sjå Fossmark, Knulten.
  7. Marta 1837-.
  8. Brita 1840-, g.m. Ole J. Fossmark bnr. 5. Sjå Fossmark bnr. 5.
  9. Åsa 1842-, g.m. Jon L. Fossmark bnr. 1. Sjå Fossmark bnr. 1.

Mons Monsson g.2.g. 1844 m. Marta Ivarsdtr. Horsås frå Hamre.

Born:

  1. Ingebjørg 1846-.
  2. Kari 1849-, g. 1881 m. banearbeidar Johan Gustavsson Hunstad frå Bohus i Sverige.
  3. Knut 1852-.
  4. Brita 1855-1865.


1859 skøyte til Mons Monsson 1833-1900, gardbrukar, g.m. Marta Johannesdtr. Fossmark, bnr. 5, 1840-.

Born:

  1. Ingebjørg 1862-, g.m. Anders J. Stanghelle, brukar her.
  2. Anna 1867-1909, g.m. Nikolai Andreas Ytre Takvam. Sjå Haus s. 420.
  3. Brita 1871-, b. Stavanger, g.m. Oluf Dahl.
  4. Johanna 1874-, g.m. Helge Johannesson Hekland, sjå Hekland bnr. 2.
  5. Maria 1879-1886.


1887 skøyte til verson Anders Johannesson Stanghelle for kr. 1400 og kår til verforeldra, som hadde drive dette bruket før.

Anders 1853-1938, gardbrukar og snikkar, var son åt brukarfolka på Olsnes bnr. 1, Agate og Johannes Andersson f. Stanghelle. Sjå ofr. Anders var g.m. Ingebjørg Monsdtr. Olsnes 1862-, sjå ofr.

Born:

  1. Johannes 1885-1886.
  2. Johannes f. og d. 1887.
  3. Martin 1890-, brukar her.
  4. Agate 1892-, g.m. Johannes J. Olsnes bnr. 9.
  5. Marta 1896-, g.m. Ansgar Vik, sjå Vik bnr. 15.
  6. Johannes 1899-, sjå Olsnes bnr. 6.
  7. Kristina 1901-, g.m. Magnus Stokke, b. Indre-Bruvik bnr. 33.
  8. Sofia 1904-, g.m. Nils Drægni. Sjå Indre-Bruvik bnr. 54.
  9. Mons 1908-, Sjå bnr. 14.


1938 skøyte på dette bruket og ein part i Kyrkjeteigen til Martin Andersson 1890-1970, g.m. Maria Magdalena 1897-1944, dtr. åt Anna Maria og Ole Th. Bruvik. Sjå Indre-Bruvik bnr. 13.

Born.

  1. Anders 19**-, brukar her.
  2. Ole 19**-, sjå Indre-Bruvik bnr. 47
  3. Ingebjørg 19**-, g.m. Oddmund A. Bruvik. Sjå Ytre-Bruvik bnr. 5.
  4. Anna 19**-, b. Indre Arna, g.m. ingeniør Lars Storli.


1960 skøyte til Anders Martinsson Olsnes 19**-, bonde og fabrikkarbeidar, g.m. Else 19**-, husmor og sjukepleiar, dtr. åt Alfred Ormen, Oslo, og kona Magdalene f. Eckhoff.

Born:

  1. Trond Martin 19**-, barnevernsarbeidar, b. Bergen.
  2. Elin 19**-, g.m. Ingvald Hekland. Sjå Skaftå bnr. 33.

BNR. 8

Nyheim. Skilt frå bnr. 4. 1921. 0,04 skm.

1928 skøyte på bnr. 4 og bnr. 8 til Andrew Olsens Legat til gamleheim for Bruvik sokn.


1960 skøyte på bnr. 4 og 8 til Marta Bolsønes, Ågot Tolås, Johannes Kalleklev og Jenny Reigstad.


1974 skøyte på bnr. 4 og 8 til Anne Egeland og Ingrid Kanestrøm (1/4), Astrid Tonstad og Albert Tolås (1/4), Steinar Kalleklev (1/4), Arne Reigstad og Svein Reigstad (1/4). Sjå bnr. 4.


BNR. 9

Nytun. Skilt frå bnr. 7 1926. 0,03 skm.

1926 skøyte til Johannes Jakobsson Olsnes 1884-1944, gardbrukar, son åt Kari og Jakob S. Olsnes bnr. 1, g.m. Agathe 1892-1961, dtr. åt Ingebjørg og Anders J. Olsnes bnr. 7.

Born:

  1. Kåre 19**-, sjå nfr.
  2. Ingrid Andrea 19**-, g.m. Sigmund Høylo. Sjå nfr.
  3. Johanna 1938- ca. 1940.


1963 skøyte til bror og medarving Kåre J. Olsnes 19**-, ug. fabrikkarbeidar, frå Ingrid Andrea Høylo 19**-, sjå nfr.

Ingrid Andrea Høylo f. Olsnes er g.m. vaktmeister Sigmund Høylo 19**-, son åt Synneva og Elias J. Høylo. Sjå Ytre-Bruvik bnr. 33.

Born:

  1. Ellinor 19**-, g.m. Torbjørn Anthun frå Gjerstad, Osterøy.
  2. Jan Erik 19**-, bygningssnikkar.
  3. Stein Arne 19**-.


Olsnes 1955. Ved sjøen til høgre ligg eigedomen Pax (bnr. 10).  Foto: Widerøe’s Flyveselskap A/S.
Olsnes 1955. Ved sjøen til høgre ligg eigedomen Pax (bnr. 10).

Foto: Widerøe’s Flyveselskap A/S.


BNR. 10

Pax. Skilt frå bnr. 6 1935. 0,01 skm.

1948 skøyte til Alfred Andersson Tvedt 1892-.

1970 auksjonsskøyte til høgsterettsadvokat Th. Oppdahl.

1970 skøyte til Aktive krigsdeltakeres Forening på bnr. 10 og 22.


BNR. 11

Bjørkhaug. Skilt frå bnr. 6 1947. 0,01 skm.

1947 skøyte til Wilhelm Strøm Nilsen 1899-, lærar, son åt skomakar Martin Nicolai Nilsen, Bergen, og kona Ellen f. Strøm frå Askvold i Sunnfjord, g.m. Johanne 1904-, lærar og husmor, dtr. åt arkitekt Hartvig Sverdrup Eckhoft, Stavanger, og kona Cecelie f. Heiberg frå Bergen. Sjå bnr. 34.

Born:

  1. Helge Nicolai 19**-, formingslærar, Bergen, g.m. Inger Kibsgård 19**-


BNR. 12

Idrottsplassen. Skilt frå bnr. 4 og 6 og Indre-Bruvik bnr. 3. 0,03 skm.

Heimel har eigarane av bnr. 4, 6 og Indre-Bruvik bnr. 3. Skaftå Idrottslag står i merknadsrubrikken i grunnboka, men det er ikkje tinglyst skøyte til Skaftå Idrottslag.


BNR. 13

Knatten. Skilt frå bnr. 3 1953. 0,01 skm.

1954 skøyte til Håkon Mo 19**-, instruktør ved Ulfsnesøy Skolehjem, son åt skomakar Nils Mo, Modalen, og kona Maria f. Tesdal, g.m. Johanna Nilsdtr. Olsnes bnr. 3 1919-, husmor.

Born:

  1. Mary Ann 19**-.
  2. Otto 19**-.


BNR. 14

Bakketun. Skilt frå bnr. 7 1953. 0,01 skm.

1953 skøyte til Mons A. Olsnes 1908-, vaktmeister, son åt Ingebjørg og Anders J. Olsnes bnr. 7, g.m. Kate 19**-, dtr. åt Kristine og Sigurd Johnsen, Salhus. Kristine Johnsen 1882-, var dtr. åt husmann og snikkar Ole Jakobsson Olsnes og kona Andrina. Sjå husmenn nfr.


BNR. 15

Heimtun. Skilt frå bnr. 3 1953. 0,01 skm.

1954 skøyte til Einar Nilsson Olsnes 19**-, sjå bnr. 3, ofr.


BNR. 16

Solhaug. Skilt frå bnr. 5 1957. 0,01 skm.

1957 skøyte til Thomas O. Olsnes 1923-1979, b. Dale, son åt Kari og Ole O. Olsnes bnr. 5. Huslydopplysningar: sjå ættesoge for Dale., ættesoge.


BNR. 17

Stølen. Skilt frå bnr. 1 1957. 0,01 skm.

1957 skøyte til Sigurd Olsnes 1913-, møbelsnikkar, son åt Helga og Sjur J. Olsnes bnr. 1, g.1.g.m. Olga 1915-1967, dtr. åt Johanna og Johan Bernes, Fotlandsvåg.

Sigurd Olsnes g.2.g.m. Augusta 19**-, dtr. åt Anna og Ole Bernes, Fotlandsvåg.


BNR. 18

Solhaug I. Skilt frå bnr. 5 1960. 0,01 skm.

1960 skøyte til Thomas O. Olsnes 1923-1979, sjå bnr. 16.


BNR. 19

Nygård. Skilt frå bnr. 5 1960. 0,01 skm.

1960 skøyte til Einar Visnes 19**-, styrmann, son åt gardbrukar Jakob Vines og kona Kristine, Hardanger, g.m. Agnes 19**-, dtr. åt Kari og Ole O. Olsnes bnr. 5. Sjå bnr. 28 og 29.

Born:

  1. Alf 19**-, EDB-operatør, b. Bergen
  2. Kari 19**-, b. Lonevåg, g.m. Johan O. Solberg.
  3. Agnar 19**-.
  4. Kjell Åge 19**-.


BNR. 20

Bjørkelund. Skilt frå bnr. 5 1960. 0,01 skm.

1960 skøyte til Olav O. Olsnes 19**-. Huslydopplysningar: Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.


BNR. 21

Fagerbakke. Skilt frå bnr. 1 1962. 0,01 skm.

1962 skøyte til Brita Hopsdal 1908-, dtr. åt Helga og Sjur J. Olsnes bnr. 1, g.m. Hilmar Hopsdal. Sjå Indre-Bruvik bnr. 40.


BNR. 22

Pax, tillegg. Skilt frå bnr. 6 1962. 0,01 skm. 1962 skøyte til Th. Oppdahl 1888-.

1970 skøyte til Aktive Krigsdeltakeres Forening. Sjå bnr. 10 ofr.


BNR. 23

Hegghauen. Skilt frå bnr. 5 1962. 0,01 skm.

1968 skøyte til Konrad Hesjedal 19**-, dtr. åt Ella og Einar Pettersen, g.m. Nils Martin Myklebust 1918-1968, tekstilarbeidar, b. Dale. Huslydopplysningar: Sjå ættesoge for Dale.


1975 skøyte til sonen åt den førre eigaren, Magnar Myklebuste 19**-, og kona Palma 19**-. Sjå ættesoge for Dale.


BNR. 24

Ongelsvik. Utskilt frå bnr. 3 1963. 0,01 skm.

1963 skøyte til Håkon Mo 19**-. Sjå bnr. 13.


BNR. 25

Lyngbu. Skilt frå bnr. 1-9 i felles utmark 1963. 0,01 skm.

1963 skøyte til Konrad Hesjedal 1894-, og Bjarne Nøttveit. Bjarne Nøttveit 19**-, rektor b. Nesttun, son åt gbr. og kommunearbeidar Johannes Nøttveit 1887-1965, og kona Ingeborg Margrete 1890-1977, b. Fana, g.m. Astrid 19**-, husmor, dtr. åt Konrad O. Hesjedal og 1. kona, Malene Sjursdtr. Sjå Indre-Bruvik bnr. 23.

Born:

  1. Kristin Merete 19**-, adjunkt.


BNR. 26

Haugtun. Skilt frå bnr. 3 1964. 0,05 skm.

1964 skøyte til Alf N. Olsnes 19**-. Sjå bnr. 3.


BNR. 27

Lines. Skilt frå bnr. 5 1964. 0,01 skm.

1964 skøyte til Fridtjof Stürtzel 1900-1970. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.


BNR. 28

Nygård II. Skilt frå bnr. 5 1966. 0,01 skm.

1966 skøyte til Einar Visnes 19**-. Sjå bnr. 19.


BNR. 29

Nygård III. Skilt frå bnr. 1 1966. 0,01 skm.

1966 skøyte til Einar Visnes 19**-. Sjå bnr. 19 og 28.


BNR. 30

Eineli. Skilt frå bnr. 4 1966. 0,01 skm.

1967 skøyte frå Marta Bolsøynes, Johannes Kalleklev og Jenny Reigstad til Birger Bruvik 19**-, b. Bergen.


BNR. 31

Sjøly. Skilt frå bnr. 4 1967. 0,01 skm.

1967 skøyte til Jakob Kalleklev 19**-, b. Vaksdal. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.


BNR. 32

Solli. Skilt frå bnr. 5 1967. 0,01 skm.

1967 skøyte til Ingrid Solberg 19**-, g.m. Einar Solberg 1909-, son åt Hansine og Haldor A. Solbjørg. Sjå Gjerstad s. 305 og 311. Ingrid f. Mykkeltveit er frå Evanger, b. i Arna.


BNR. 33

Eiketun. Skilt frå bnr. 7 1968. 0,01 skm.

1968 skøyte til Moritz Vatle 19**-, røyrleggjar, son åt Johannes Nilsson Vatle og kona Brita Nilsdtr., g.m. Hjørdis Nilsdtr. Bjørgen frå Fana. Sjå Haus s. 152 og Arna s. 81.

Born:

  1. Oskar 19**-, røyrleggjar, g.m. Sigrid Berit Mostraum. Sjå Arna s. 343.


BNR. 34

Brakahaugen. Skilt frå bnr. 7 1968. 0,01 skm.

1968 skøyte til Wilhelm Strøm Nilsen 1899-. Sjå bnr. 11 ofr.


BNR. 35

Eikhaugen. Skilt frå bnr. 7 1969. 0,01 skm.

1970 skøyte til Karl Vassdal 1902-, verksmeister i N.S.B., son åt

Gjertrud og Knut K. Vassdal bnr. 4, g.1.g.m. Betzy 1905-1967, dtr. åt Johanna og Kornelius Johnsen, Vaksdal. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.

Born:

  1. Øystein 19**-, elektroingeniør.

Karl Vassdal g.2.g.m. Astrid 19**-, dtr. åt Kristine og Magne Stokke, Vassdal bnr. 12.


BNR. 36

Angelsnes. Skilt frå bnr. 3 1969. 0,01 skm.

1970 skøyte til Thomas Faugstad 19**-, b. Dale. Sjå ættesoge for Dale.


BNR. 37

Solli I. Skilt frå bnr. 5 1970. 0,01 skm.

1971 skøyte til Ingrid Solberg 1919-. Sjå bnr. 32.


BNR. 38

Angelsnes II. Skilt frå bnr. 3 1971. 0,01 skm.

1971 skøyte til Thomas Faugstad 19**-. Sjå bnr. 36 og ættesoge for Dale.


BNR. 39

Solåsen. Skilt frå bnr. 7 1974. 0,01 skm. Areal 0,4 dk.

Heimel har Anders Olsnes.


LEIGEBUARAR

1703 budde Jakob korporal her med kona si, som ein ikkje kjenner namnet Dette året fekk dei ei dotter, Anna 1703. Fleire opplysningar har ein ikkje om denne huslyden.


1741 døydde Olav Ørjansson Vaksdal. Same året fekk Ole og Kari Johannesdtr. Olsnes 1712-, ein son Olav 1741-. Kari vart g.2.g. 1744 m. Knut Bastesson Ytre-Bruvik, sjå Ytre-Bruvik bnr. 10.


Knut Olsson Eide 1727-1761 g. seg 1765 m. Anna Sveinsdtr. Dei budde til leige på Olsnes. Knut døydde ved ei ulukke. Han var ute i marka og slo. Då fall han i sjøen og drukna.

Born:

  1. Olav 1759-.


Olav Olsson Olsnes d. 1812 var truleg son åt Olav Andersson Indre Bruvik brukar på Olsnes bnr. 3 og 4. Olav budde til leige her med huslyden sin. Namnet åt fyrste kona er ikkje kjent. Olav g.2.g. 1797 m. Synneva 1739-1826, dtr. åt Anders Mikkelsson Skulstad og Kari Olsdtr. Sæterdal.


Olav Olsson Olsnes f. om lag 1802 var g.m. Eli Eiriksdtr. Mjelde f. om lag 1797. Dei busette seg på Tongeland i Arna sokn 1826. Born:

  1. Olav f. 1825.


Olav Olsson Rongve f. om lag 1802 d. 1856, gifte seg 1834 m. Brita Persdtr. Kyrkje-Bruvik bnr. 12, 1810-1862. Dei budde til leige på Kyrkje-Bruvik og på Olsnes.

Born:
  1. Olav 1835-.
  2. Per 1838-, b. på Ytre-Bruvik.
  3. Anders 1841-.
  4. Anna 1846-.


1840 vart Olav Larsson Olsnes bnr. 2 1806-1860 g.m. Dortea Johannesdtr. Nedste Mjelde 1818-. Dei budde til leige på Olsnes fram mot 1850. Sidan flytte dei til Nedste Mjelde. Sjå Haus s. 93.

Born:

  1. Kari 1841-, g. 1864 m. Mons Larsson Åsheim, b. Nedste Mjelde og Salhus. Sjå Haus s, 97.
  2. Knut 1843-, brukar på Halland, g.m. Kari Hallsteinsdtr. Koppen. Sjå Gjerstad s. 21.
  3. Olav f. og d. 1845.
  4. Johannes 1850-, skipstømmermann, b. Salhus og Bergen, g. 1875 m. Marta Eiriksdtr. Stigen, f. 1853-, i Meland.


1844 vart Olav Ivarsson Vassdal bnr. 3 1811-1883 g.m. Brita Olsdtr. Børslien 1820-1888. Dei budde til leige på Olsnes dei fyrste åra dei var gifte. Kring 1850 bygsla dei bruket Raunevollen i Mjelddalen. Seinare kjøpte dei eit bruk på Vikno. Sjå Børsli og Haus s. 222.

Born:

  1. Ivar 1845-, brukar på Vikno og Landås ved Bergen. Sjå Haus s. 223.
  2. Sigrid 1852-, g.m. Mons Olsson Havrå. Sjå Haus s. 391.
  3. Olav 1854-, brukar på Ytre Takvam og Landås ved Bergen. Sjå Haus s. 420.
  4. Ingeborg g.m. handelsmann Thomas Vedå, Dale. Dei bygde hus på Landås ved Bergen.


Knut Olsson Stanghelle d. 1872 budde her saman med kona Marta Monsdtr. Sonen Knut f. 1873 var fødd etter at faren var død.


Johan Bertsson Liholm, jarnbanearbeidar, og kona Brita Arnesdtr. budde her 1877 då sonen Johannes Behr var fødd.


Fredrik Nilssen, banearbeidar, og kona Anna Andersdtr. budde her 1879 då. dottera Charlotte Sofie var fødd.


Peder Hansen, banearbeidar, og kona Gjertrud Gunnarsdtr. budde her 1880 då sonen Peter Magnus var fødd.


August Anders Dahl, handelsbetjent, f. i Sverike, og Brita Monsdtr. Olsnes fekk i 1882 sonen August Bertin Olsnes. Brita var truleg frå Olsnes bnr. 3. Sjå ofr.


Ingebrigt Torbjørnsson Rønneid frå Luster og kona Synneva Haldorsdtr. Olsnes bnr. 6 1866-, budde her kring 1890.

Born:

  1. Haldor 1889-.
  2. Anders 1891-1892.


HUSMENN

Det har vore fleire husmenn på Olsnes. Berre ein av dei hadde tinglyst bygselsetel. 1834 fekk Magne Monsson bygsla ein teig hjå broren Mons som var brukar på bnr. 7. Denne teigen kalla dei Kråkhaugen. Der var husgrunn og eit lite jordstykke til. Magne bygsla også ein del av Kyrkjeteigen. Der hadde han slåttene sine. Sjå Kyrkjeteigen. Då Magne døydde, fall plasset tilbake til bnr. 7. Ved utskiftinga 1913 fekk bnr. 5 innmarka si på denne kanten. Dei flytte då husa sine til Kråkhaugen.

1863 hadde plasset Kråkhaugen 1 1/2 mål god åker. Engvidda var 3 1/2 mål. 3 mål var god eng, resten var ring. Fødnaden var 1 ku og 6 sauer. Sånad: 1 tunne korn, 1 tunne poteter. Avling: 4 tunner korn, 6 tunner poteter.

I folketeljinga 1865 er fødnaden på plasset 2 storfe, 8 sauer. Sånad: 3/4 tunne havre, 3/4 tunne poteter.

1875 var fødnaden 1 ku, 10 småfe. Sånad 1 tunne havre, 1 tunne poteter.


Magne Monsson 1808-1876 var g. 1827 m. Barbro Olsdtr. Fossmark bnr. 5, 1803-. Sjå Fossmark bnr. 5.

Born:

  1. Katrina 1827-, b. Tunes, g.m. Nils N. Mele. Sjå Gjerstad s. 388 og Haus s. 449.
  2. Mons f. og d. 1830.
  3. Ole 1831-, sjå bnr. 2 ofr.
  4. Mons 1834-.
  5. Mons 1835-, brukar på Tunes, g.m. Brita Johannesdtr. Tunes. Sjå Haus. s. 450.
  6. Knut 1838-, b. Vikno, g.m. Ingebjørg Knutsdtr. Bruvik. Sjå Haus s. 222.
  7. Nils 1842-.
  8. Jon 1847-, sjømann.


I Klyvvikjæ budde der ein husmann tidleg på 1800-talet. Dei skriftlege kjeldene har lite og inkje å fortelja om han, så ein lyt byggja på det som folket på Olsnes og Bruvik har fortalt: Dei kalla denne husmannen Gamle-Klyven. Han hadde eit einfelt hus ute ved Klyvet. Han fødde ei ku. Den hadde han i kjøkenet. I fjæro hadde han naust. Naustgrunnen og husgrunnane var synlege då bnr. 3 flytte til Klyvvikjæ 1913.

Gamle-Klyven hadde ein son som heitte Per. Dei kalla han Klyvviks Per. Per var i Bergen og dreiv med arbeid av ymse slag, mest steinarbeid. Han hadde ein son som heitte Ole. Ole drog tidleg til Amerika. Der vart han gift med Anna Ellingsdtr. Olsnes bnr. 3. f. 1873. Dei busette seg i Nord-Dakota. Dei hadde ein son som heitte Erling.


På Olsnes var fleire husmenn som berre hadde husgrunnar.

Eit husmannplass låg ved Stemmeelva. Dette plasset kalla dei Træinngjerdet. Plasset var lite, visstnok berre ein husgrunn. Her budde ein huslyd som kom frå Vaksdal:


Olsnes Nils 1833-1913, skomakar, son åt Anna og Anders Olsson Vaksdal bnr. 1, g.m. Maria 1835-1912, dtr. åt Kari og Mons Jamne. Sjå plasset Nethovden under Jamne.

Born:

  1. Anna 1865-, b. Eivindvik i Sogn, g.m. Gjellestad.
  2. Karolina f. om lag 1869 d. 1938, b. Bergen, g. Elde.
  3. Mons 1870-1895, ug.
  4. Maria 1872-, b. U.S.A., g.m. Olai Martin Takvam.
  5. Anders f. og d. 1873.
  6. Eirik 1875-1924, sjømann, avliden i Durban, Sør-Afrika.
  7. Nils 1877-, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  8. Johanna 1880-, b. Samnanger, g.m. Wincents Johannesson Skar. Sjå Samnanger I s. 272.


Daniel Danielsson Helle 1836-1903, son åt Gjertrud og Daniel Helle bnr. 4, var g.m. Anna Monsdtr. Olsnes bnr. 3 1836-. Dei hadde hus i øvste kanten av Buskarvet i gamletunet. Dei hadde ein liten hage med bærbuskar. Huset deira vart flytt til Vassdal. Sjå Helle bnr. 4.

Born:

  1. Daniel 1866-, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  2. Brita 1870-1951, b. Dale, g.m. Thomas O. Faugstad. Sjå ættesoge for Dale.
  3. Gjertrud 1872
  4. Borgny 1876-1877.
  5. Borgny f. og d. 1882.


Ole Olsnes f. 1837-, husmann og snikkar, son åt Brita og Jakob S. Olsnes bnr. 1, g. 1863 m. Andrea eller Andrine Kristine f. om lag 1845, dtr. åt Ole Daae, eller Andreas Olsen Daae, Bergen.

Born:

  1. Brita 1863-, b. Dale, g.m. Aron Olaus Aronsen. Sjå ættesoge for Dale.
  2. Sjur 1866-, b. Sedalen bnr. 3, g.m. Malena Nilsdtr. Tunes.
  3. Karoline 1870-, b. Dale, g.m. Johannes Thaule. Sjå ættesoge for Dale.
  4. Ole Andreas 1873-, b. Vaksdal, g.m. Alis Målnes. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  5. Dortea 1877-, b. Vaksdal, g.m. Richard Stürtzel. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  6. Jakob f. og d. 1876.
  7. Andreas 1876-1877.
  8. Jakob Andreas 1880-, b. Vaksdal, g.m. Selma Strømme. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  9. Oline 1882-.
  10. Kristine 1882-, g.m. Sigurd Jonsen, Salhus. Sjå bnr. 14.
  11. Juliane 1885-.


Sjur Olsnes 1849-, skomakar, son åt Agate og Johannes A. Olsnes bnr. 1, g. 1879 m. Olina Persdtr. Herfindal bnr. 7, 1851-1894. Dei budde i Skomakarhuset, tett attmed stovehuset på bnr. 1.

Born:

  1. Johannes 1880-, g.m. Magnhilda Boge. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  2. Agate 1883
  3. Pernille 1886-, ug.
  4. Anders 1889-, g.m. Alise Malene Baugstø. Sjå Skaftå bnr. 42.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy