Mo

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III


Gards og ættesoge for Mo.


GNR. 27 MO


Innhaldsliste

INNLEIING

Ligg på Osterøy, 3,5 km sørvest for Toskedal, 3,5 km søraust for Kleiveland i Hosanger. Høgd over havet 114 m. Om gardsnamnet heiter det i Norske Gaardnavne: «Udt. mo. - Moe 1667 (1723). Bruges alm. i best. Form: på mó'ne, opp i mó'næ. Mo er i Indre Nordhordland Hunkjønsord.»

Mo grensar mot Kleiveland og Tyssebotn i Hosanger og mot Toskedal og Bukkstein. Grensa mot Kleiveland og Tyssebotn fylgjer heradsgrensa mellom Hosanger og Stamnes sokn.

I ein grenseforretning på Kleiveland, tinglesen 1938, står det m.a. om grensa mellom denne garden og Mo: Merket tek til i ein kross i berg under Lostehamaren øvst i Merkesbotnen og går mot nordnordvest gjennom djupaste Merkesgjela i øvste enden og vidare til Merkesbotselva. Ho fylgjer så denne elva til elva gjer ein bøyg omtrent mot vest. Her går grensa atter mot nordnordvest og fylgjer denne leia om lag, til ho kjem til ein haug eller eit nes aust for båtlendinga i Vaulatjørn. Her bøyer grensa meir mot nord til vestre skråning av nedste Knutstien, litt aust for ein kastegard. Herfrå i nordvest i same skråning i Knutstien til ein stein under rota av ei fure ved det gamle merkestreet. Herfrå går grensa nord og litt vest på Knutstien, svingar etter kvart nord og litt aust til høgda øvst på Knutstien og held fram om lag i same lei til ein bergrygg litt sørvest for Kammatjørn og derfrå til eit lite berg ved ei merkesfure ved Kammatonæ nedst i Krædna. Herfrå nordaust til ein merkestein ved ei skiftesfure oppe i bakkeskråninga i Kammatonæ, vidare til Fuglakammen og nordnordaust til ein bergnakke i søre kant av Vestrefjell (Kammafjellet), sidan litt austlegare til ein haug sørvest for Moagjelæ og litt nordlegare til eit flatt berg opp for Bukkaberget eller Okslæ sør for søre Bårdhjelldalen, og her endar grensa mot Kleiveland.

Grensa mot Toskedal vart skriftfest 1828 då brukarane på dei to gardane kom til forlikskommisjonen på Hausvik utan varsel og bad om å få innført i forliksprotokollen den semja dei hadde gjort om grensemerka. Olav Halsteinsson Stamnesleiro og Jakob Olsson Grøsvik var med og hadde vore med om å setja opp semja. Grensa mellom Toskedal og Mo skulle byrja ved grensa mot Kleiveland på Vestfjellet og gå til Dyregravæ. Derfrå mot aust til nedste enden av Steinbuberget ved Svartevatnet. Derfrå i bein line til nedste enden av Toskedalsvatnet der det er hogge inn ein kross. Frå Toskedalsvatnet går grensa til eit vinkelmerke i fast berg under Klinthaugen. Derifrå i sørvest til under Kolven, og vidare omlag mot sørvest til midten av Kolven. Derfrå midt etter Kolven opp mot søraust til øvste fjellkanten og sidan sør-søraust til høgda av Snjonipa. Frå Snjonipa i bein line til Strupedalshjellane der grensa mot Bukkstein tek til. Om grensa vidare, sjå Bukkstein.

Det eldste skriftlege vitnemålet er frå 1645. Kva tid garden er rudd er ikkje godt å seia. Men det er mykje rimeleg at han var i bruk alt i mellomalderen.

1661 heiter det: «Uduelig Jord.»

1723: «2 Mænd, landskyld 1 sp. Smør, 1 Mæle Malt. Opsidderne ejer sielf deres part med Bøxel. Ingen Huusmands Pladser. Intet Sætter, furreskoug til Huusfornødenhed og Brende-veedskoug. 1 flomqværn. Ligger 3/4 Miil fra Søen, 4 1/2 Miil fra Bergen, maadelig til Korn, og meget tungvunden til Høe.

Saar havre 11/2 t. Afler 5 t. 8 Kiør, 2 Ungnød, 18 faar.»

1863: «Betydelig frostlændt og seen Høst samt udsat for Elvebrud.» Vegen til sjøen er 3/4 mil lang og sers vanskeleg. Her er sers frostlendt og garden er tungbrukt, serleg fordi slåtten er så uryddig.

Mo har vore einbølt gard det meste av den tida ein kjenner til. Men her var 2 brukarar frå slutten av 1600-talet til 1740-åra og frå 1838 då garden vart pakta bort nokre år. Men her har budd ein del husfolk, så oftast har ikkje brukarfolket vore åleine.

Tunet ligg sør for Moavatnet. Det meste av innmarka ligg mellom vatnet og tunet. 1863 var her 6,8 mål åker. 3 mål var ring, resten middels god. Av naturleg eng var her 40,5 mål. 6 mål var god eng, 11 mål middels god, resten var ring. Her var ikkje dyrkingsjord. Om hamnegangen heiter det 1863: «Lidt Hjemmehavn beliggende ved Gaarden, forøvrigt Fjeldhavn, begge av god Beskaffenhed og fuldt tilstrækkelig.» 1841 var det seterhus på garden.

Til Kleiveland fører ein heller bratt gongeveg. Før kløvja dei mykje varer denne vegen. Etter at bilvegen kom til Toskedal, fører dei heist varene den vegen. Her er ikkje veg til gards. I åra 1950-59 bygde dei gards- og skogsveg for traktor frå tunet til Moavikjæ ved Toskedalsvatnet. Men der er enno eit godt stykke veg å byggja langs vatnet vegen rekk saman med vegen Toskedal-Grøsvik.

I semja 1828 står det at brukarane i Toskedal skulle ha fritt beite til krøtera sine på Snjonipa til Målurdbotnen og likeeins på Vestfjellet til Mohjellen mot å betala 8 sk. for året til brukaren i Mo. Skogen var 1863 rikeleg nok til ved, hustømmer og til husbruk. Dessutan kunne dei selja ved og tømmer til 6 spd. for året netto. Noko tømmer sel dei framleis. Johannes Mo f. 1826 rydja opp elva i sin bunad for fløyting av ved og tømmer frå Moavatnet og ned mot Tysse. Så seint som i 1962 fløyta dei tømmer der, til dels grovt stort tømmer.

Kvernhuset låg ved elva tett ved garden. Det er borte no. I vatna i utmarka har det vore bra fiske. Noko husmannsplass har her ikkje vore, det ein kjenner til.


SKYLD OG UTREIDSLER m.m.

Gamalt matr.nr. 23 i Hosanger skipreide, nytt 25, 1853 matr.nr. 142 i Haus tinglag. 1886 gnr. 38 i Bruvik. Landskyld 1648 og 1655: 1 pund smør, 1/2 mæle korn eller malt. Seinare på 1600- talet 1 pund smør, 1 mæle malt. I matrikelen 1665 1 pund 9 m. smør, og i matrikelen 1718 1 pund 18 merker smør. 1838 1 dl. 2 ort 6 sk., 1886 2,24 skyldmark. 1665: Leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar 1 mark 12 sk., kandtiend 1 male, småtiend 3 sk. 2 huid. 1665: Sånad 1/2 t. 1 male. Avling 21/2 t. 1863: Sånad 6 1/2 t. havre, 3 t. poteter. Avling 16 t. havre, 12 t. poteter, 932 våger høy, 112 våger halm. I slåttene 300 våger høy. Skav og beit til 2 ungfe. 1959 var innmarka 62,2 mål. Frødnad 1657: 1 hest, 6 kyr, 24 sauer. 1665: 8 storfe, 1 hest. 1863: 1 hest, 8 kyr, 4 ungfe, 38 småfe. 1875: 1 hest, 1 ukse, 7 kyr, 4 ungfe, 26 sauer, 19 geiter, 1 gris. 1956: 1 kyr, 1 hest, 3 sauer, 60 geiter. 1959 2 kyr, 60 geiter. Folketal: 1801 10. 1875 8.


EIGARAR

Mo er i bondeeiga då garden første gongen dukkar opp i kjeldene 1648. Me får då ikkje veta kven som eig garden, men 1661 og 1676 er det Olav Landsvik. Han bur i Herdla skipreide og eig ein part i garden Landsvik og. 1694 har brukarane vorte sjølveigarar. Sjå vidare under brukarsoga.


BRUKARAR

1645 Severin Magneson f. om lag 1600. Han var framleis brukar 1666 og truleg noko seinare. Foreldra Magne og Ingeborg budde hjå han 1645.


Born:

Berit f. før 1645.
Turid f. før 1645. Jens. Bygsla på Løtveit i Hosanger.
Olav f. 1660. Brukar her.
Ingvald f. 1662. Brukar her.


1687 vart Olav Severinson g.m. Brita Olsdtr. Kleiveland frå Hosanger. 1694 hadde dei vorte eigarar av eine helvta av garden. Olav f. 1660 d. 1729 og Brita d. 1731.


Born:

Ingeborg. G. 1697 m. Johannes J. Grøsvik. Busett Grøsvik bnr. 1.
Marta f. 1685. G.m. Jon O. Brørvik. Brukar her.


1683 vart Ingvald Severinson g.m. Guri Olsdtr. Kleiveland. Dei var leiglendingar fyrst, men fekk 1691 skøyte på halve garden.

Born:

Sevre f. 1685. Busett Nordre Myking, Haus.
Marie f. 1695 g. 1716 m. Johannes Olsson Byrkjeland, Hosanger.
Einvald f. 1708.

Ingvald Severinson døydde 1708 og det vart halde skifte etter han. Dei to yngste borna fekk i bryllupsgjerd og heimefylgje mot den gifte broren 70 rdl. 2 ort og i arv 10 rdl. 5 ort 7 sk.

Guri g. 2. g. 1709 m. Magne Johannesson Nordre Myking f. 1683 d. om lag 1730. Dei budde på Kallestad 1710, men kom sidan hit og dreiv bruket som fyrste mann åt Guri hadde fått skøyte på 1691:

Born:

Gjertrud f. 1710.
Kari f. 1716.

Son åt Guri i 1. ekteskap, Sevre Ingvaldsson Nordre Myking, ervde bruket etter dei. Ved skifte etter han 1746 vart bruket skøytt til Johannes. Mo for 20 rdl.


1713 vart Jon Olsson Brørvikg.m. Marta Olsdtr. Mo. Same året fekk han gåvebrev hjå verfaren på 12 m. smør, 6 kanner malt i garden. Jon f. 1691 d. 1777 og Marta f. 1685 d. 1733.

Born:

Marta f. 1714 g.m. neste brukar.
Maria f. 1715 g.m. Haldor N. Kallvik. Sjå Kallvik brukarar.

.Olav f. og d. 1718.

Anna f. 1719 g.m. Jakob Johannesson Toskedal bnr. 3 og busett på Bjørge i Hosanger.
Olav f. 1721. Brukar på Kallestad bnr. 1.
Olav f. 1724 d. 1746.
Johannes f. 1727.
Olav f. 1727 d. 1728.

Jon g. 2. g. 1734 m. Grete Kristensdtr. Han var lagrettemann 1741. Grete f. oml. 1700 d. 1777. Ved skiftet etter Marta vart halve bruket utlagt til enkjemannen.


1737 vart Johannes Johannesson Kallestad bnr. 1 f. 1715 d. 1749 g.m. Marta Jonsdtr. Mo f. 1714 d. 1788.


1746 fekk Johannesskøyte på halve garden av ervingane etter Sevre Ingvaldson Nordre Myking. Denne parten svara visseleg til det bruket Johannes dreiv. Ved skifte etter han 1749 vart jordegodset delt mellom enkja og borna.

Born:

Dordi f. 1739 g.m. Sjur Johannesson Grøsvik bnr. 3. Busett Li, Eikanger.
Brita f. 1742 g.m. Hans J. Kvåstad. Brukar i Kallvik.
Marie f. 1744 d. ug. 1777.
Olav f. 1746 d. oml. 1770.
Johannes f. 1749.
Marta f. før 1749 g.m. Anders Andersson Rekhus. Ei dotter Anna f. 1761.


1750 vart Knut Simonsson Vik, St., g.m. enkja Marta Jonsdtr. Same året kjøpte han partane åt dei umyndige stykborna for 11 rdl. Det andre bruket fekk han skøyte på same år for 20 rdl.

Knut f. 1710 d. 1787 og Marta hadde desse born:

Johannes f. 1751. Brukar her.
Olav f. 1753 d. 1784.
Simon f. 1755. Brukar i Toskedal på bnr. 1.

Ved skiftet etter Knut 1787 var nettosummen i buet 113 rdl. 4 sk. Jordegodset var verdsett til 40 rdl. Knut hadde då skøytt frå seg eine helvta av garden til eldste sonen. Den hi helvta vart ved skiftet 1787 delt mellom enkja Marta og dei 2 sønene. Ved skiftet etter Marta 1788 vart hennar part delt mellom alle 5 borna.


1782 skøyte til Johannes Knutsson på halve garden. Kjøpesummen er ikkje kjend. Foreldra skulle ha kår. 1789 fekk Johannes skøyte frå syskena på deira partar, slik at han no åtte heile garden.

Johannes f. 1751 d. 1813 var g. 1. g. m. Siri Johannesdtr. Kallestad bnr. 2. f. 1754 d. 1790. I skifte etter henne var nettoeiga 97 rdl. 3 mark 8 sk. Jordegodset var verdsett til 60 rdl. Det vart skift mellom enkjemannen som fekk ein halvpart og dei 3 borna. 1805 fekk Johannes skøyte på partane åt borna, slik at han no åtte heile garden att.

Born:

Olav f. 1784. Sjå nedanfor.
Marta f. 1786. Gift og busett i Breidvik i Skjold skipreide.
Marta f. 1789. Gift og busett på Florvågnes.

Johannes g. 2. g. 1791 m. Ingeborg Ivarsdtr. Eide bnr. 3 f. 1764 d. 1840.

Born:

Knut f. 1793. Brukar her.
Ivar f. 1794 d. 1802.
Siri f. 1795. G.m. Olav Simonsson Toskedal, sjå Toskedal bnr. 1.
Gunnbjørg f. 1797. G.m. Haldor I. Kallvik. Sjå husfolk.
Marie f. 1797 d. 1799.
Jon f. 1801 d. 1824.

Ved skifte etter Johannes 1814 var nettoeiga 653 rdl. 1 mark 14 sk. Jordegodset var verdsett til 500 rdl.


1815 skøyte til Knut Johannesson frå mor og syskin på deira partar. Mora og den eldste broren Olav skulle ha kår. Syskena fekk obligasjonar med pant i garden for i alt vel 93 rdl. Knut f. 1793 d. 1863 var g.m. Synneva Johannesdtr. Straume bnr. 1 f. 1794 d. 1886.

Born:

Ingeborg f. 1818 d. 1822.
Johannes f. 1821 d. same år.
Johannes f. 1826. Brukar her.
Ingeborg f. 1829. G.m. Johannes N. Torvund, Sogn.
Johannes f. 1831. Brukar på Myster bnr. 3.
Jon f. 1836. Busett på Øykeskarteigen, Straume, sjå Straume bnr. 1.

Broren Olav Johannesson f. 1784 d. 1833, som hadde kår her, vart g. 1. f. 1822 m. Brita Olsdtr. Kvamme bnr. 1 f. 1784 d. 1824. Ved skiftet etter henne var nettoeiga vel 10 spd. Olav g. 2. g. 1825 m. Marta Andersdtr. Kleiveland f. 1802. Dei hadde ikkje born.

Marta g. 2. g. m. Knut Olsson Bukkstein bnr. 1, busett på Neset i Hosanger, seinare Kleiveland. Deira dotter Marie f. 1835 vart gift i Grautå.

I brukartida åt Knut Johannesson vart det etter kvart stor skuld på garden. 1834 skøytte Knut garden frå seg til sonen Johannes for 450 spd. og kår, men kjøpte garden att året etter for same kjøpesummen.


1838 gjekk garden til auksjon og landhandlar Hans Hansen fekk tilslaget for 600 spd. Han selde helvta til Johannes Arneson Øvsthus for 300 spd. Denne helvta vart selt 1839 til Olav Jakobson Toskheller for 340 spd., og den andre helvta vart selt same året til Ivar Knutson Mellesdal for 340 spd. Den siste var visstnok brukar her eit par år. Sjå meir om han under Mellesdal. 1838 vart garden pakta bort til Knut Johannesson og verbroren Haldor Kallvik. Sjå meir om Haldor under Kalland bnr. 2.


1841 skøyte til Johannes Knutson Mo for 605 spd. Han var enno ikkje myndig, og Olav Johannesson Nedre Kleppe var verje for han. 1847 gjorde Johannes kontrakt med Halvor Larsson og Knut Larsson Bjørndal om at dei skulle få leiga Vestfjellet til febeite i 60 år. Johannes f. 1826 d. 1888 var g.m. Anna Jonsdtr. Kalland f. 1819 d. 1901.

Born:

Synneva f. 1848. G.m. Ingebrigt O. Nordre Myking, Haus.
Johannes f. 1849. Død same år.
Kari f. og d. 1850.
Johannes f. 1852.
Kari f. 1853.
Jon f. 1854. Busett i U.S.A.
Knut f. 1855, datt utføre og slo seg i hel i Nedretonæ, der dei hadde ei slåtte. Han skulle rulla noko gras utføre, og så fylgde han med sjølv. (1870.)
Kari f. 1859. G.m. Nils J. Elvik, sjå Elvik bnr. 2.
Kari f. 1861. G.m. Mons Johanson Hesjedal. Busett i U.S.A.
Gunnbjørg f. 1864 d. 1865.
Mons f. 1866 d. 1874.


1890 skøyte til Knut Andreas Ingebrigtson frå buet etter Johannes Knutson for kr. 3300,- og kår til enkja Anna Jonsdtr. Knut var fødd på Nordre Myking i Haus 1870, d. 1945. Mor hans, Synneva, var dotter åt den førre brukaren her. Knut kom hit 2 år gamal, og vaks opp hjå besteforeldra. Knut g. 1. g. m. Guri Rasmusdtr. Eknes f. 1855 d. 1895. Knut g. 2. g. m. Karoline Drangevåg f. 1877 d. 1953.

Born:

Gustav f. 1897. Sjå nedanfor.
Nils f. 1898, gardbr., busett Sætre i Hamre.
Ingeborg f. 1901 d. 1918.
Johannes f. 1904, g.m. Maria f. Haugland. Anleggsarb. og småbr. Busett Haugland, Askøy.
Sigurd f. 1906. Kelner. Busett U.S.A.
Bjarne f. 1910. Brukar her.
Gunnar f. 1912. Steinarb. Busett Kronegården, Bergen.


Johannes Jonson Fjelle og kona Anna Larsdtr. budde her å dotter deira Andrine var døypt år 1900. Johannes Fjelle kjøpte halve garden av Knut f. 1870 og budde her eit par år. Johannes og Knut dreiv å garden i lag. Johannes kjøpte seg så gard i Ulvik.


Gustav Knutson Mo f. 1897 d. 1939 var g. 1. g. m. Brita Kristiansdotter Kleiveland, f. 1892 d. 1918. Dei budde her. Gustav dreiv som steinarbeidar og gardsarbeidar.

Born:

Anna f. 19**. G.m. gardbr. Haldor Alvik, Ytre Alvik.
Alfred f. 19**. Major i Frelsesarmeen, g.m. Sigrid Joakimsen frå Kristiansund. Busett Stavanger.

Gustav g. 2. g. m. Gurine Sortland frå Bremnes.

Born:

Ingeborg f. 19**, g.m. Birger Mellesdal, Stamnes.
Bernhard f. 19**, g.m. Torhild Slimestad, Herad. Busett Justvik.
Georg Andreas f. 19**, g.m. Alfhild Holme. Busett Baldersheim.
Gerda f. 19**, g.m. Dagfinn Tøsse, Hosanger. Busett Fotlandsvåg.


1948 skøyte til Bjarne Moen og Georg Moen på bnr. 1, 2 og 3. Frå 1956 er Bjarne Moen eineeigar av alle 3 bnr. Bjarne er g. m. Sofie Oppedal f. 1909.

I matrikkelen frå 1853 er her to gamle løpenr. 47 a og 47 b. Dei har nye nr. 552 og 553. I panteregistret frå 1. delen av 1800-talet kan eg ikkje sjå at det er gjort noko skylddeling på garden. Dei 2 bruksnr. kjem truleg av at her var 2 brukarar, 2 paktarar, å den nye matrikkelen vart utarbeidd til 1838. I panteregister 3 e som går frå omlag 1850 og framover til 1892 er alle dokument som gjeld bnr. 1 også tekne med under bruk 2. Eg finn difor ingen grunn til å føra bnr. 2 opp serskilt i denne gardsmonografien.

1883 tinglyst eit skriv frå Amtet der det vert kunngjort at løpenr. 552 og 553 har fått ei skattenedsetjing av urevidert skyld 1 ort 11 sk., revidert 1 ort 2 sk. Bjarne Moen, som er brukar no, meiner dette heng saman med at elva frå Fjellbotnen gjorde flaumskade på innmarka. Panteregistret frå 1892 og utover til siste aktuelle grunnbok har me ikkje avskrift av. Det viser seg at det er frådelt eit tredje bnr.nr. «Myrvold» med skyld 56 øre. Det vart skilt frå i året 1928. Myrvoll kjøpte Johannes Knutsson f. 1904 av far sin og tenkte eigedomen til bureisingsbruk. Han arbeidde på det ca. 1 år og dyrka 6 mål jord. Men å kommunen ikkje gav tilråding til eit bureisingtilskot som han sate, og som han difor heller ikkje fekk, gav han opp. Bruket fall å attende til hovudbruket. Frå 1948 var Bjarne Moen og Georg Moen, dei same som åtte bnr. 1 og 2, eigarar av bnr. 3.

Utskrifta frå den noverande grunnboka på sorenskrivarkontoret i Bergen syner at det var grensegang med Kleiveland si utmark 1838. 1900 vart det tinglese ei kontrakt der Knut E. Moen overdreg til eigarane av Tyssen Bruk, retten til å oppdemma eller senka fleire vatn eller deira utlaup, mot vederlag kr. 800,-. 1935 vart det tinglese skøyte frå Augusta Hille til Sigurd Hille på parten hennar i Tysse Kraftverk med eigedomar og rettaf, mellom anna vassrettar på denne garden, for kr. 88.000,-. 1945 vart det tinglese ein skjønsforretning om regulering av Øvre-Botnavatn m.m. med vederlag for eigaren av alle 3 bruk i Mo for tap for overføring av Ljosevatn til Øvre-Botnavatn mot årleg avgift på kr. 32,- med tillegg av 25%. 1944 vart det sagt fråvikingsorskurd. Dette heng saman med at Mo eig noko av vassrettane i Ljosavatnet. Dei vart selde til Nordhordland kommunale kraftselskap i 1944, å dei bygde ut Øvre-Botnavatnet.

HUSFOLK OG PAKTARFOLK

Ivar Mo og kona Anna budde her på slutten av 1690-åra. Ho var stykdotter åt Johannes Magneson Mostraum.

Born:

Bård f. 1692.
Eiliv. Sjå Toskedal bnr. 2.
Nils, g. 1716 m. Gjertrud Arvesdtr. Rene, Voss, f. 1692.


Johannes Olsson Elvik og kona Kari Andersdtr. f. Dyvik pakta halve garden 1835. Dei budde her eit par år, og flytte sidan til plasset Gjela i Elvik. Haldor Kallvik og kona Gunnbjørg pakta her 1837-38. Året etter døydde Gunnbjørg, og i skiftet er ho kalla innerst.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy