Lovene for Bergsdalen Jordbrukslag GAMAL

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search
Lover for Bergdalen Jordbrukslag


§ 1.

Laget sitt føremål er å hjelpa fram bonden og bygdi sine næringsgreiner.

§ 2.

Laget verkar til dette ved:
A. Opplysningsarbeid ved foredrag, kursverksemd og demonstrasjonar.
B. Innkjøp av avlsoksar og avlsverar.
C. Formidling av driftsmidler og reidskap.
D. Setja i gang aktuelle samyrketiltak.

§ 3.

Medlemskapen i laget skal fylgja gardsbruket. Brukar/ektemake, kårkona/kårmann er likestilt med omsyn til røysterett og til val i styre og nemnder, men då slik at kvart bruk berre får ein representant i kvart organ (styre, nemnder). Brukar/ektemake har ei røyst, kårfolk ved kona/mann har ei røyst.

§ 4.

Laget si høgste styringsmakt er årsmøtet. Årsmøtet skal haldast kvart år, innan utgangen av februar månad. Styret skal senda lags¬lemene saksliste, årsmelding og rekneskap minst 14 dagar føreåt. Likeeins skal styret leggja fram budsjett for komande år. Møte i laget skal haldast so ofte styret finn det turvande, eller når minst 5 lagslemer krev det.

§ 5.

Styret skal vera på 5 medlemer. Årsmøtet vel skiftevis 2 og 3 styreslemer kvart år. Årsmøtet vel formann for 1 år innan det valde styret. Formannsvalet skal vera skriftleg. Etter 1 år går 2 av styreslemene ut etter lutdraging. Styret vel seg i millom varaformann og kassastyrar. Formannen, varaformannen og kassastyraren skal tena som arbeidsutval, og kan ta opp til drøfting alle nye tiltak som måtte koma på tale. Dei framlegg som arbeidsutvalet måtte koma fram til skal leggjast fram for heile styret. Gjeld det saker av stort omfang, må dei leggjast fram for laget. Styreslemer i laget, kan etter å ha tenestegjort i ein valbolk, nekta attval like lenge. Valnemndi må få skriftleg varsel om dette 14 dagar før årsmøtet.

§ 6.

Til å stå for innkjøp av driftsmidlar og reidskap, vel årsmøtet ein serskild mann. Denne mannen fører rekneskapen vedkomande denne handelen, og han bør ha ei rimeleg godtgjersla for dette arbeidet. Denne godtgjersla fastset styret, på grunnlag av kor stor omsetnaden hev vore.

§ 7.

Bortsett frå hjortejakta skal lagsarbeidet òg femna om jakt og fiske i dalen. Styret skal då ta vare på grunneigarane sine rettar og plikter vedkommande jakt og fiske, i samsvar med vedtektene for Bergsdalen jakt- og fiskeområde. Laget skal likeeins arbeida for at der alltid er ein styreslem frå dalen i Voss og Hardanger reinsdyrlag.

§ 8.

Rekneskapen vert lagd opp med rubrikksystem, slik at ein til ei kvar tid har oversyn over dei ymse konti. Laget har sams kasse for alle inn-og utbetalingar. Så lenge ikkje anna vedtak vert gjort, skal laget disponera rentene av jordbruksfondet for Bergsdalen. Likeeins innkoma av jakt- og fiskekortsalg.

§ 9.

Framlegg til brigde i lovene må vera kome inn til styret 3 månader før årsmøtet, og kunngjerast 1 mnd. føreåt. Brigde kan berre gjerast om halvparten av lagslemene møter, og 2/3 av dei møtande røyster for. Saki kan takast oppatt på omframt årsmøte innan 3 mndr. og vert då avgjort med simpelt fleirtal av dei frammøtte.

Personlege verktøy