Losje Fjellfast og barnelosje Fjellvår, samla ved Eirik Småbrekke

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 11:15, 24 oktober 2010 by Reveka (Talk | bidrag)
(skil) ←Eldre versjon | Vis noverande versjon (skil) | Nyare versjon→ (skil)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Losje "Fjellfast"
og
barnelosje "Fjellvår"

Samla ved Eirik Småbrekke


Bergsdalen, dalen med dei høge fjell og ville fossar, låg vel gøymd og avstengd frå hi verda. Gammal vane og eldgamle fordomar fekk fred og grorfeste, til dei stod som sterke kjemper og møtte alle nye tiltak som freista finna veg og rom. Men fjella fekk ikkje stengja til alle tidar. Veg vart bygd midt gjennom det hengjebratte, og dalen vart opna for liv utanfrå.

Alt lenge hadde tenkjande menn og kvinner sett at det gjekk for vidt med dei gamle drikkeskikkane. Dei freista med eit måtehaldslag. Det var berre brennevinet som skulle bort. Det andre "sterke" gav dei seg ikkje i kast med.

Men i 90-åra kom det eit par fråhaldstalarar til dalen, og agitera for fråhaldssaka. Tanken om fråhald fekk feste, og ikkje lenge etter vart Bergsdalen avhaldslag skipa. Laget arbeidde i 8-9 år. Sidan høyrde ein ikkje meir gjete det.

Men fråhaldstanken døydde ikkje, han hadde slått rot. Mellom ungdomane var det skilde meiningar om det skulle skipast fråhaldslag eller godtemplarlosje. Men etter samråd med vår eigen sambygding og godtemplar Nikolai Hatlestad og vener frå Dale, vart det fleirtal for losje.

Sumaren 1915 kom distriktslosje "Fremad" sin reisetalar M. Flokenes hit. I Øye skule heldt han eit klårt og greitt foredrag om grunnsynet og arbeidsmåtane til ordenen. Etter møtet skreiv det seg 23 medlemer til losje. Og alt 15. september vart losje "Fjellfast" skipa. Til skipingshøgtida var mange frå losjane "Hordaland", "Viljefast" og "Vossingen". Dei øvste ombodsmennene vart: Anders Småbrekke, øvstetempler, Peder J. Småbrekke, varatemplar, Nils Småbrekke, skrivar og Helena Øye, losjefullmektig. Frå "Hordland" fekk "Fjellfast" eit sett ombodsmannsregaljer og nokre kvite. Losjen arbeidde godt den fyrste tida. Interessa var ny og vaken, og medlemene møtte trutt på møta, som vart haldne 3. kvar sundag i Øye skule. Losjen fekk eit handskrive blad, som vart kalla "Bergsdølen”. Dette bladet har vore ein trufast fylgjesvein gjennom alle år. Stundom kom det ut både titt og ofte, andre tider gjerne berre til jol og 17. mai.


Bilete s. 478 Eit losjemøte i 20-åra.

I fyrste 5-årsbolken hadde losjen to svært gode medarbeidarar: Lærarane Hermann Kaldestad og Marta Brunborg. Alle hadde ei viljesterk vonfull tru på at målet skulle vinnast. Programma på møta var innhaldsrike og friske. I 1919 var medlemstalet oppe i 50. Ingen til då hadde meldt seg ut. Økonomisk stod det og bra til med losjen. Ein rest frå det nedlagde fråhaldslaget, gamle Jørgen Småbrekke, var òg aktiv losjemedlem nokre år.

I 1920 kom det eit vende i losjen si soga. Dei fyrste utmeldingane kom. 1 var død, 4 gått over til andre losjar og 5 suspendert. Losjen miste òg sin dugande Ø. T., Hermann Kaldestad, som reiste bort frå dalen. Men om der var avgang på medlemer, so var det og tilgang. Losjen fekk vitjing av studieringen til "Olav Kyrre", Knut Træen, Danielsen, presten Eliassen, og krinslosjemøte vart lagde her til dalen. Møte vart haldne, og arbeidet gjekk sin gang. I fyrste 10-årsbolken var det haldne 168 vanlege losjemøte og 32 festar og offentlege møte. Medlemstalet var 26 i 1925.

Men i 1927 byrja krisetida for ålvor. Mange av dei mest aktive medlemene reiste bort på tenesta. Og den faste L.F., Anders Småbrekke, som var losjen si største drivkraft, reiste til Bolstadøyri. Der var han sidan med og skipa losje "Bergfast". - Fleire gonger var det utlyst møte, men det kom so få at der vart ikkje noko samkoma. Krins- og distriktslosjen skyna at arbeidet var gått i stå. Dei kom på vitjing med foredragshaldarar, som samla fulle hus. Me minnest slike som presten Jon Mannsåker, A, Løkling, Martin Birkeland og Gustav Hantveit. Grannelosjar kom til hjelp. Men "Fjellfast"-medlemene var trøytte og mismodige.

Men slik kunne det ikkje gå. Det vart avtala ein sundag i 1930 at berre losjemedlemene skulle koma i hop, og ta ei avgjerd, utan påverknad av andre, om losjen skulle halde fram, eller leggjast ned. 8 medlemer møtte, og det vart fleirtal for å halda fram. Medlemstalet var då 2 brør og 7 systrer.

Etter dette gjekk losjearbeidet betre. I 1935 vart det halde ein gild 20-årsfest. Lærar Rosseland var talar. Og mykje folk var samla. Same året kom òg tanken om fjellstemner fram, på ein tur losjen hadde til Lonane. Desse fjellstemnene var ei tid årvisse. Det kom medlemer frå losjane på Dale, Bolstadøyri, Evanger, Bulken, Voss og Øystese var òg med. Venskap og kjennskap har vorte knytt over fjellet på denne måten.

Ei ferdakasse vart skipa til. Denne skulle vera med å dekkja frakter på større turar. Innkoma til kassa fekk dei ved pakkeauksjonar, utlutningar og ymse anna.

Ein studiering vart skipa 8/12-40 ved Johannes Ringheim. Interessa for studiearbeidet var god til å byrja med. Ein vår gjekk 3 av medlemene opp til Kunnskapsprøva i Alkoholspørsmålet, som fråhaldsfolkets studienemnd skipar til kvart år. Eirik Småbrekke har alle år vore studieleiar.

I krigsåra 1940-45 arbeidde losjen godt. Lærar Ingvald Folkedal og kona Gudrun var svært aktive medlemer.

I september 1945 hadde losjen 30-årsfest, Martin Birkeland var festtalar. Medlemstalet var då 20. Og "Bergsdølen" hadde kome ut med ca. 120 nummer.


Bilete s. 480 Barnelosje "Fjellvår".


Det hadde våre på tale å skipa ein barnelosje, då der var mange born i skulealderen. Ei nemnd var vald til å førebu saka. Og 24. november vart barnelosje "Fjellvår" skipa, og 13 born kom med. Frå distriktslosjen møtte Kristine og Gabriel Hansen, Agnes Haugsdal og Trygve Simonsen. Og for å hjelpa til og rettleia vart desse innvigde: Ingvald Folkedal, Johan Hatlestad, Klara Lid, Astrid Lid og Peder J, Småbrekke.

Barnelosjen arbeidde godt i åra frametter. Alle born som hadde alderen, kom med. Dei fekk sitt eige handskreve blad, som heitte "Symra". Barnelosjen sette òg sitt preg på vaksnelosjen. Åra omkring 1950 viste gode år for losjen. Mange av barnelosjemedlemene kom over i vaksnelosjen. Og dei unge tok del i programma med liv og lyst.

Men tidene skifte, dei unge laut tenkja på framtid og yrke. Mange reiste bort på skular eller til andre ting. Men dei "gamle" heldt trufast ved, for losjen skulle leva.

Losjen var med i programstafetten mellom losjane i krinslosje "Dagsprett". Dette var ordna slik at ein losje vitja grannelosjen sin, og hadde programmet der. Neste gong skulle so denne losjen ha programmet hjå ein annan, og soleis heldt det fram.

Etter mai 1955 har ikkje barnelosjen vore i arbeid. Det vart spørsmål om å ta han opp att, eller lata borna vera med på møta i vaksnelosjen. Og so kunne dei verta medlemer når alderen var der. Det siste vart vedteke.

Den 26. januar møtte borna opp og vart med på losjemøtet. Dette heldt fram til ut i 1967. Dei var med å hadde programma og var elles til gleda for losjen. Men etter den tid møtte det so få vaksne at det vart slutt med å halda losjemøte.

1964 var siste året at det vart teke opp nye medlemer. Og i 1970 var medlemstalet kome ned i 7. Men det vart likevel vedteke at dei ikkje skulle leggja ned losjen. Skattar og avgifter skulle betalast. Og meldingar til distrikts- og storlosje skulle sendast. Dei fekk venta å sjå korleis det ville gå.

Den 12. september 1965 hadde losjen ein gild 50-årsfest. 80 born og vaksne var møtt fram. Etter at alle hadde fått metta seg med rjomegraut, heldt Gustav Hantveit festtale. Og elles var det helsingstalar med gåver frå kommunen, edruskapsnemnda og grannelosjar. Ragnhild Lid hadde 50-årssogn. Maria N. Brekke fekk tildelt veteranknappen og diplom for 50 års medlemsskap. Grøslands trio sytte for musikk, og skuleborna song og hadde program frå scenen. I 1977 var medlemstalet kome ned i 4. Men sume av desse har møtt på krins- og distriktslosjemøte når det har høvt. Og krinslosjen har fleire gonger i den seinare tid lagt møta sine til losje "Fjellfast". Losjen har hatt møta sine i båe skulehusa i dalen. Men lengste tida var dei i ungdomshuset, og det gratis meste tida. Elles har det vore helde møte i kyrkjesalen, og kring hjå sume medlemar.

Tilhøvet til andre lag i dalen har vore godt. Med ungdomslaget har det vore halde fleire sammøte. Og jolefestane .heldt dei i lag, samleis med husmorlaget, då det kom til.

Losjen har mange gonger gjeve økonomisk stønad til tiltak i fråhaldsarbeidet på distrikts- og storlosjeplanet. Når losjekassa var tom, var det å halda marknader (basarar) eller på andre måtar skaffa seg midlar.

Eit utal program har vore framførde på møta gjennom åra. Dei fleste til lærdom og utvikling, men òg til hugnad og moro. Ja, losjearbeidet har vore som ein skule for dei som har vore med. Fleire av dei som kom med i heradsstyre og andre offentlege tillitsyrke, hadde god nytte der av den røynsle losjearbeidet gav. Der fekk dei mellom anna utvikla tale- og skrivetame.


Fager er den flokken som har vore medlemer i desse 62 åra. Det har vore både medgang og motgang. Slett ikkje alle desse 109 som har vorte innvigde vart verande trugne mot fråhaldslovnaden sin. Men dei fleste stod. Og mange, mange har lagt ned eit godt og trufast arbeid i ombod og nemnder, og på andre område. 3 stykke av skipings- (charter-) medlemene sto trufast gjennom eit langt liv, alt til sin døyande dag: Maria N. Brekke, Anna Th. Lid og Peder J. Småbrekke.


Takk, du vår losje, for alt du gav oss!
År etter år du vert oss meire kjær.
Takk for kvar kjærleg ven som tok seg av oss;
takk for kvar stund i syskinringen her.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy