Leiro

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III


Gards og ættesoge for Leiro.


GNR. 38 LEIRO


Innhaldsliste

INNLEIING

Ligg på fastlandet vel 2 km søraust for Eikefet, 1,5 km aust for Myster. Tunet ligg 333 m.o.h. nord for Leirovatnet som ligg på 323 m.o.h.

Gardsnamnet vart skrive Lera 1667, Leraae 1723, Leeraas 1853, Leiren (Mysterleiren) 1886. Segna seier at namnet kjem av at ein krigshær hadde leir her. I Norske Gaardsnavne finn me 2 ulike tolkingar av namnet. Den eine går ut på at garden har fått namn etter elva som renn gjennom dalføret frå Leiro til Myster. Denne elva må då ha heitt Leira. Den andre tolkinga byggjer på at namnet kjem av leira f. leirgrunn. Same gardsnamnet finn me ein annan stad i sokna. Det er gardsnr. 46 Stamnesleiro. Der er det leirgrunn. Men slik grunn finst ikkje på Mysterleiro. Bygdemålsuttalen er leiro el. Myssterleiró. «Eg skal på Leiro», men «eg er på Leirne».

Leiro er ein av dei yngste gardane i Stamnessokna. Han vart truleg oppteken i 1640-åra. I den gamle brukarætta som emigrerte til U.S.A. om lag 1880 var det munnleg tradisjon om korleis garden vart busett: Den fyrste brukaren heitte Olav. Han skulle vera odelsgut på Oppeluten på Myster. Då syster hans gifte seg, let foreldra henne få garden. Olav lika ikkje dette, som ventande var, men han ville heller ikkje ta opp nokon strid. Han tok øksa på nakken og gjekk opp til Leiro. Der rudde og bygde han seg ein heim. Han tok som sin eigedom heile stroket på nordre og austre sida av vatnet, heilt til fjelltoppane i nordvest, nord og aust for garden. Etter Olav vart sonen Johannes brukar, og etter han kom Nils Johannesson. Dei skriftlege kjeldene ser ut til å stø oppunder og utfylla denne tradisjonen. Ved byrjinga av 1600-talet var der på Myster ein brukar som heitte Johannes, nemnd fyrste gong 1609. Kona hans, Anna, var enkje 1645. Ho er i Koppskattemanntalet det året oppførd med sonen Olav og døtrene Randi og Helga. Det er truleg at dei budde på Oppeluten. Neste brukar der var Olav Pedersson Flatekvål. Olav Johannesson finn me ikkje meir nemnd, korkje på Myster eller Leiro. Den fyrste brukaren på Leiro som er nemnd i skriftlege kjelder, heiter Johannes Olsson. 1664 er han 31 år gamal. 1665 fødde han 10 storfe. Det er difor lite rimeleg at Johannes var rudningsmann her. Meir truleg er det at her var ein brukar før han, og at rudningsmannen var Olav Johannesson Myster, slik tradisjonen fortel.

Leiro grensar til Eikemo, Eikefet og Myster, Høvik, Vetlejord og Nese. Grensegang mellom Myster og Leiro vart halden og tinglyst 1832. Denne grensa er også skriftfest ved utskiftingsforretning på Myster 1837. Sjå Myster.

1723 heiter det om garden: «Lerrae. 1 Mand. landskyld 2 pd. 12 m.s. Hr. Søren de Fine tilhørende. Jngen Huusmandsplaser. Jntet Sætter. Brendeveed skoug. 1 flomqværn. ligger 1/4 Mil fra Søen og 5 3/4 Mil fra Bergen, gandske uvis til Korn og tungvunden til Høe. Saar havre 2 t. avler 4 t. 7 Kiør 3 Ungnød 12 faar 1 Hest. Taxt efter gl. Matricul 1/2 løb S. lever meest of Qvægets avling.»

Leiro var einbølt gard til 1886. Då vart garden skift i 2 jamstore bruk. Det vart halde skylddeling, og forretningen vart tinglyst 1886. Kvar av dei større teigane på innmarka vart skift mellom bruka. Heimanfor Storebekken hadde kvart bruk ein teig, og kvar sin teig innanfor Storebekken til elva. Dei hadde kvar sine Haustteigar, Lessingateigar, Holeteigar og Litlevikteigar. Denne utskiftinga står enno ved lag.

Husa i tuna vart delte mellom brukarane då garden vart delt. Brukaren på bnr. 2 fekk skøyte på helvta av husa. Brukaren på bnr. 1 bygde nye hus. Halve eine stova åt bnr. 2 stod på teigen åt bnr. 1.

Åkrane låg i teigane heimanfor Storebekken. 1863 var her 7 2/5 mål åker. Berre 2/3 mål var god åker, 3 1/2 mål var middels god, resten var ring. Her var frostlendt og sein haust. Det var ikkje alltid dei fekk moge korn. I tradisjonen om Nils, den tredje brukaren, vert det fortalt at han sådde 6 år etter einannan, og kornet fraus kvart år. Då han sådde det sjuande året, sa han at dersom det vart uår denne gongen og, ville han ikkje meir så åkrane til. Brukaren Johannes Olsson f. 1804 minnest at dei åt borkebrød. Men dei åra då det var knapt med grjon, var det rikeleg med fisk.

Bøen var 1863 60,8 mål. 6,8 mål var god bø, 24 mål middels bø, 30 mål var ring bø. Høyavlingane på garden var store. 1863 hausta dei 614 v. høy. Frå slåttene fekk dei 240 v. Garden var lett å onna, men det var langt til slåttene. Det var fleire utløer på garden. Etter delinga hadde bnr. 1 to løer, ei i Kupeslåtto og ei i Resaslåtto. Br. 2 hadde 3 løer, i Røyrbakkslåtto, Vetleløslåtto og Dalaslåtto. På Kupo oppe på fjellet hadde dei stakkstøe. Båe bruk hadde slåtter der, og dei kunne slå opptil 100 bører høy. Fødnaden på garden var stor. (Sjå oppgåver nedanfor.)

Før garden vart delt hadde Leiro større fødnad enn noko anna bruk i Stamnessokna. Skifta vitnar og om velstand. Olav Johannesson var brukar 1805 til 1830. Da fyrste kona døydde 1806, var nettoen i buet vel 107 rdl., men då det vart skift etter Olav 1833 var nettoen vel 485 spd. Han hadde ute på lån 262 spd. mot pant i gardar i Evanger, Radøy og ein gard i Stamnessokna. Tradisjonen fortel at ein gong Olav hadde vore i Bergen og selt smør, hadde han med seg heim så mykje papirpengar at han måtte leggja ein del av dei i ein tom smørholk. Dette må ha vore i 1815 då pengeverdet var svært lågt.

Beitet var rikeleg åt den store fødnaden. 1863: «Beliggende ved Gaarden af god Beskaffenhed og fuldt tilstrækkelig.» Her var skog nok til ved, hustømmer og litt never til husbruk. Ved til sal er ikkje nemnt 1863, men dei kunne selja bork til ein årleg netto på 1 spd. Kverna stod i det vesle elvestykket mellom vatnet og fossen, mest framme på fossen. Der var det slipestein og. Lenger nede i elva, mest nede ved Myster, hadde Leiromennene ei stampe. Folk kom der med vadmål og fekk det stampa. Denne stampa låg i Mysterutmarka. Stampa stod enno ved siste hundreårsskiftet. Staden vert enno kalla Stampo.

Vassrettar og fiskevatn vart 1886 utleigde til August Wallendahl for 20 år. 1911 vart tinglese dokument om overdraging av Leiroelva sine vassfall med fiske- og fløytingsrettar frå eigarane på Leiro og Myster til Møster & Co. eller rettsetterfylgjarar. Kjøparane skulle ha uavgrensa reguleringsrett i fjellvatn, unnateke Leirovatnet som berre skulle oppdemmast i ei viss høgd. Seljarane har teke unna rett til transportbane, fiske- og fløytingsrett, og vassretten i ein viss strekning. Kjøpesummen skulle avgjerast i visse hestekrefter som seljarane skulle ha i årlege avgifter. 1913 vart tinglese dokument der eigarane på bnr. 1 og 2 fall frå kravet på trekkbane mot at A/S Eidsfjord Møbelfabrikk svara ei årleg avgift på kr. 50,—.

Leiro er no øydegard. Folket på bruk 1 flytte herifrå 1948. På bnr. 2 budde der folk til 1947. Den viktigaste grunnen til fråflyttinga var nok at garden låg så einsamt til og at dei ikkje hadde skikkeleg veg. Tilhøvet var det same i dette hundreåret som i 1863, då lægjet åt garden vart karakterisert slik: «Omtrent 1/4 Mill ubanet og vanskelig Vei til Søen, derfra 5 1/4 Miil til Bergen. Meniis omtrent 5 1/2 Mdr.»

Den munnlege tradisjonen i den gamle brukarætta vart nedskriven 1933 i Barret, Minnesota, av dotter åt lærar Johannes J. Lerås f. 1857. Alfred Knutsen publiserte ein del av oppteikninga i bladet Nordhordland 7/12 1939. Dei gamle stadnamna på garden lærde kårkona Anna Askjelsdtr. f. 1819 frå seg til dei nye brukarane. Stadnamna vart nedskrivne 1964 av lektor Andreas Leiro.

Heimanfor Storebekken hadde dei desse namn: Geilæ, Rinden, Kariåkeren, Nyåkeren, Ækro, Solbakken, Solbakkehesæ, Gaupo (hes), Rugkallen, Flatåkeren, Bjørkåkeren, Kjelldalen, Kjeldo, Kjeldebekken, Smidalen, Smibrekko, Smibekken, Myrane, Neset, Stemmo, Slipo. Paddøynæ. Innanfor Storebekken låg Haugen, Vetlestølen, Holmane, Kalvhusmyrane, Skrubbebærhaugen, Trekanten. Dei hadde Storaleet, Kalvhusleet og Rindaleet. Utangjerdes låg Røyrbakkafjellet, Brystykket (ei trekanta to i fjellet), Stekkjeborgjæ, Stortonæ, Joanstonæ, Bjødnejoræ, Høgkrånæ, Vetlaløslåtto, Langerinden, Midrinden, Røyrbakkabrotet, Mjodalen, Gardbogane, Storhaugen, Kjemmet, Rotabrekko, Hamrane, Russliæ, Høghaugane, Leitet, Krånæ, Set-tødna, Reset, Resaslåtto, Fjellfossen, Fjellbotnane, Troppetødna, Svartaberget, Fyrklehamrane, Nakkane, Daurmålsbotn, Bjønnstonæ, Osen, Leirefossen, Kupena, Tistlane, Lynghaugen, Fossane, Høystaksbotnen, Høystaksløo, Mjodalen, Skreena, Hedlebekken, Hedlebekkmyrane, MartaJo-steinen. Marta-Jo var Jon A. Øyo f. 1821, b. Stamnes bnr. 70. Sjå husfolk.


SKYLD OG UTREIDSLER m.m.

Gamalt matr.nr. 12 i Hosanger skipreide. Nytt nr. 1838: 11. 1853: 153. 1886 til 1964 gnr. 49 i Bruvik. Gamalt L.nr. 28. Nytt 575. Gamal Iandskyld 2 p. 12 m. smør. Matr.takst 1665: 1/2 l. smør. Denne taksten vart lagt til grunn for skatteskylda som var 1 p. 12 m. (36 m.) smør. Leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar 1665: 1 m. 15 sk. Kandtiend: 1 1/2 mæle. Småtiend: 4 sk. Folketal 1801: 8. 1875: 17. Fødnad 1666: 10 storfe. 1712: 8 kyr, 4 kviger, 2 oksar, 5 kalvar, 1 hest, 15 søyer, 2 verar, 8 geiter, 5 kje. 1863: 1 hest, 16 kyr, 4 ungfe, 66 småfe. 1875: 2 hestar, 1 okse, 17 kyr, 5 ungfe, 41 sauer, 16 geiter. Sånad 1665: 5 mælar, avling 31/2 t. 1723 sånad 2 t., avling 4 t. 1863 sånad 3 t. havre, 4 t. poteter. Avling, 18 t. havre, 20 t. poteter. 614 v. høy, 126 v. halm. I slåttene 240 v. høy. Lyng, beit og skav til 1 kufor.

Ny skyld 1838: 1 dl. 2 ort, 7 sk. 1886: 3,65 skm.


EIGARAR

Den munnlege tradisjonen fortel at Olav, som var fyrste brukaren her, kjøpte seg full rett til garden med ei t. smør som han sende til Kongen i København. Men ved 1670-åra kom garden på sal saman med anna krungods som hadde høyrt til Munkelivsgodset, så brukarane her har truleg ikkje vore sjølveigarar då. Smørtunna som Olav sende til København, om ein skal tru tradisjonen, må ha vore den avgifta som ein mann måtte ut med til Kongen når han tok opp gard i ein almenning. Ervingane etter magister Arnoldus de Fine er 1676 sett opp som eigarar av Leiro, Hesjedal, Myster, Eikefet, Eikemo og ein heil del andre gardar som har høyrt til det gamle Munkelivsgodset. 1694 og 1700 eig Maren Sørensdtr. garden 1692 og 1718 er Søren de Fine oppførd som eigar. Han pantsette garden 1721 til Gjertrud de Fine, saman med anna jordegods, for ei skuld på 134 rdl. 1727 skreiv major von Krogh ut skøyte til brukaren for 13 rdl. 1748 vart det teke ut odelslysing for Kristoffer von Krogh, og for Johan Garmann. Men brukarane vart sitjande med garden og har sidan den tid vore sjølveigarar.


BRUKARAR FRAM TIL 1886.

1664 finn me for fyrste gong i dei skriftlege kjeldene namnet på brukaren i Leiro. Han heiter Johannes Olsson og er 31 år gamal. Etter den munnlege tradisjonen skulle han vera son åt den fyrste rudningsmannen her, Olav, som kom frå Myster. Johannes vart g.m. Synneva Olsdtr. og sat som brukar til år 1700 då han døydde ved ei ulukke. Han var på veg til ein av grannane då han fekk sjå nokre av geitene sine som var komne på avvegar. Medan han streva med å få dei til rettes att, fall han utfor fjellet og ned i elva der dei sidan fann han død. Kona d. 1701.

Born.

Olav f. 1672, brukar her.
Anna f. 1668 g.m. Hans O. Eide, sjå Eide bnr. 3.
Brita g. 1696 m. Olav Gulleiksson Farestveit, sjå Farestveit bnr. 7.
Dordi g. 1697 m. Eirik Nilsson Myster, sjå Myster bnr. 3.


1694 er Johannes Olsson førd opp som brukar saman med sonen Olav. Dei sat med kvar si helvt av garden. I manntalet 1701 er Olav soldat, og 1711 var han i Kongens teneste. Han hadde då både tenestegjente og dreng på garden. Olav f. 1672 d. 1712 var g. 1. g. m. Marta Olsdtr. Brørvik d. 1702.

Barn: Johannes f. 1702 var ei tid brukar her.

Olav g. 2. g. m. Inga Magnesdtr., dotter åt Magne Sjurson Romarheim 1620-1696 og Siri Olsdtr. 1624-1696.

Born:

Johannes f. 1702, brukar her.
Magne f. 1705 d. før 1712.
Marta f. 1706 g.m. Johannes Knutsson Simenes, Mellesdal.
Synneva f. 1708 d. 1737.

Ved skiftet etter Olav 1712 var bruttoen i buet 81 rdl. og nettoen var 42 rdl. 2 ort 6 sk. Krøtera var verdsette til knapt 50 rdl.

1713 vart Jakob Larsson Flatekvål g.m. enkja Inga Magnesdtr. Om Jakob vert det fortalt at han hadde vore med i 2 krigar. I segna vert dei kalla 5 og 10 årskrigane. Det må ha vore under den store nordiske ufreden fyrst på 1700-talet. I den siste krigen der Jakob var med, vart han og ein annan nordmann tekne til fange av nokre svenske soldatar. Svenskane stengde dei inne i eit sæter eller i ei tømmerhytte saman med ei svensk vakt og drog så vidare. Det var meininga deira å henta fangane på heimturen til Sverike. Det lukkast for dei to nordmennene å slå vaktmennene i hel, men å opna døra greidde dei ikkje. Høgt oppe på den eine veggen var der ein glugg, og Jakob hjelpte kameraten sin opp til gluggen slik at han slapp igjennom og kom seg fri, men Jakob som var ein storbygd mann kunne ikkje koma seg ut igjennom gluggen. Det lukkast heller ikkje for kameraten å få opna døra, og Jakob måtte slå seg til ro saman med dei drepne svenskane. Til slutt kom der ei avdeling svenskar som skulle ta dei norske fangane med seg til Sverike. Jakob drog nokre av dei døde svenskane over seg og låg som han sjølv var død då svenskane kom inn. Dei såg på dei falne, og ein av dei sa: «Der ligg ein raud mellom dei blå». Sidan drog dei sin veg, og Jakob skunda seg derifrå. Då han kom heim etter krigen, kunne korkje kona eller borna kjenna han, før han sa kven han var.


1727 fekk Jakob skøyte hjå major von Krogh for 13 rdl. Jakob g.m. Inga.

Born:

Inga f. 1714 g.m. Nils H. Eide, brukar her.
Siri f. 1715 d. før 1750.
Brita f. 1717 g.m. Torkjell Lillejord, sjå Vetlejord bnr. 1.

Jakob g. 2. g. m. Kari Jensdtr. Myster bnr. 3 f. 1687. Ved skiftet etter Jakob 1750 vart jordegodset, 12 m. verdsett til 9 rdl. 2 sk. Enkja Kari Jensdtr. fekk utlagt 6 m. og døtrene Inga og Brita 3 m. smør kvar.


1729 fekk Johannes Olsson f. 1702 d. 1766 skøyte på halve garden hjå stykfaren Jakob Larsson. Johannes var eigar berre ei stutt tid. Han var g.m. Brita Simonsdtr.

Born:

Bård.
Maria.
Marta.

Dei døydde små.

Olav f. 1729 d. 1807, vart vaksen. Om han vert det opplyst at han var leigearbeidar.


1734 skøyte til Nils Hansson Eide bnr. 3 på halve garden. 1736 vart han g.m. Inger Jakobsdtr. Leiro f. 1714 d. 1793. Ho hadde ervt nokre partar i garden ved skifte etter mora og faren, og 1750 fekk Nils skøyte hjå hennar medervingar, enkja Kari Jensdtr., systra Brita Jakobsdtr. og halvsystra Marta Olsdtr. på deira partar, i alt 17 m. smør for 23 rdl. 3 sk. Nils hadde no samla heile garden på si hand. 1750 gav han kår til enkja Kari Jensdtr. Ho skulle ha korn av ein åker, fødnad til 1 ku og 4 småfe.

Nils og Inger var gifte i 52 år, hadde 10 born, og då Inger døydde var det 47 barneborn og 7 barnebarnsborn.

Av borna vaks desse opp:

Anna f. 1738 g.m. John K. Myster,sjå Myster bnr. 1.
Brita f. 1743 g. 1766 m. Knut Olsson Flatekvål, sjå Flatekvål bnr. 4.
Inger f. 1746.
Jakob f. 1750.
Sigrid f. 1751 g. 1779 m. Olav Johannesson Lillejord, sjå sjå Vetlejord bnr. 2.
Johannes f. 1754, brukar her.
Hans f. 1757.


1775 skøyte til Johannes Nilsson på heile garden for 60 rdl. 1791 gav han kår til mora Inger Jakobsdtr. Johannes f. 1754 d. 1815 var lagrettemann 1787. Han var g. 1. g. m. Maria Olsdtr. Elvik f. 1754 d. 1797.

Born:

Olav f. 1780, brukar her.
Brita f. 1782 d. 1785.
Brita f. og d. 1785.
Inger f. og d. 1786.
Brita f. 1787 d. 1789.
Nils f. 1791. Sjå Elvik bnr. 2.
Jakob f. 1795 g.m. Ragnhild Knutsdtr. Myster bnr. 4. B. på Solheim i Hosanger.

Ved skiftet etter Maria 1797 vart garden taksert for 100 rdl. og delt med ein halvpart på enkjemannen og 1/6 på kvar av dei 3 sønene. Buet åtte også ein part i Elvik på 12 m. smør, verdsett til 40 rdl. etter skøyte 1792. Denne parten vart og delt mellom dei 4 ervingane, men vart 1805 skøytt til Nils Johannesson som var brukar i Elvik. Nettoen i buet var 300 rdl. 10 sk.


1805 skøyte til Olav Johannesson frå faren og brørne. Med det han sjølv hadde ervt etter mora, åtte han no heile garden. Han gav kår til faren og stykmora Kari Nilsdtr. Olav f. 1780 d. 1833 var g. 1. g. 1802 m. Brita Jakobsdtr. Brørvik d. 1806.

Barn:

Johannes f. 1804.

Ved skiftet etter Brita 1806 var bruttosummen i buet 183 rdl. 3 mark 11 sk. Nettoen 107 rdl. 5 mark 3 sk. Jordegodset var verdsett til 100 rdl. Halve garden vart utlagt til Johannes Nilsson for det gjeldskravet på 50 rdl. som han hadde i buet. Enkjemannen Olav Johannesson og sonen Johannes f. 1704 fekk utlagt 1/4 kvar.


1830 gav Olav skøyte på sin part til sonen Johannes, men same året fekk han sjølv i skifte etter faren utlagt den helvta faren åtte. Olav var g. 2. g. m. Dordi Knutsdtr. Straume bnr. 6 f. 1782 d. 1856.

Born:

Johannes f. og d. 1808.
Knut f. og d. 1809.
Brita f. 1810 g.m. Anders Jakobsson Flatekvål, sjå Flatekvål bnr. 2-3.
Knut f. og d. 1813.
Knut f. 1814.
Maria f. 1817 g.m. Olav M. Eide, sjå Eide bnr. 1.
Ingebrigt f. og d. 1820.
Nils f. 1822. Sjå husfolk.
Ingebrigt f. 1824 d. 1841. Bleiv i eit vatn medan han lauga seg.

Skiftet etter Olav Johannesson 1833 syner at han var ein svært velståande mann. Bruttoen i buet var på vel 602 spd. Nettoen 485 spd. 1 ort 4 sk. Mellom inngjelda i buet var ein pantobligasjon frå Gulleik Gulleikson Århus 1820 med pant i 1/2 l. smør i garden Århus i Evanger for 112 spd. Ein annan pantobligasjon tinglesen 1827 frå Olav Andersson Tveit med 1. prioritet i garden Nedre Tveit i Radøy på 50 spd., ein pantobligasjon frå Olav Jakobsson Hesjedal tinglesen 1829 på 100 spd. mot pant i garden Hesjedal. Dei ugifte borna gjorde krav på heimanfylgje i buet med 15 spd. kvar.


1830 skøyte til Johannes Olsson på 15 m. smør for 60 spd. Same året tinglyst vilkårsbrev til faren og stykmora Dordi. Johannes hadde ervt 15 m. smør i skiftet etter mora, og 1833 ved skiftet etter faren fekk han utlagt den andre helvta av garden 30 m. smør for 200 spd. Johannes f. 1804 d. 1880 var g. 1. g. 1830 m. Maria Knutsdtr. Lillejord f. 1811 d. 1837.

Nettoen i buet var på 241 spd. 1 ort og 6 sk. ved skiftet etter Maria.

Born:

Knut f. 1832-,brukar her.

Johannes g. 2. g. 1839 m. Marta Nilsdtr. Veo bnr. 1 f. 1804 d. 1843.

Born:

Maria f. 1841 g.m. Lars R. Eikemo.
Olav f. og d. 1843.

Johannes g. 3. g. 1844 m. Anna Askjelsdtr. Øyo f. 1819.

Born:

Olav f. 1844, g. 1870 i USA m. Marta L. Stamneshagen 1844, sjå Stamnes bnr. 11.
Askjel f. 1847.
Jakob f. 1848 d. 1852.
Marta f. 1851.
Jakob f. 1854. Emigrerte til U.S.A. 1886, g. 1886 m. Brita Knutsdtr. Eide f. 1859.
Johannes f. 1857, lærar i Trøndelag, g.m. Nelline Johnson f. Vikaunet. Emigrerte 1891. B. i Minnesota U.S.A.
Brita f. 1862.


1856 vart Knut Johannesson g.m. Maria Nilsdtr. Myster bnr. 4 f. 1834. Knut hadde fått skøyte på halve garden ved skiftet etter mora, og i skiftet etter faren 1882 fekk han skøyte på den andre helvta for kr. 1200,-. Nyebua og sauehuset var ikkje med i skøytet. Same året vart tinglyst kår til Anna Askjelsdtr. 1881 hadde Knut gjeve kår til Lars Jonsson og kona. Dei fekk kjøpa halve garden 1886 hjå den nye brukaren, og då vart kåret avlyst. Sjå bnr. 2. Knut selde garden 1882 (sjå bnr. 1) og emigrerte med huslyden sin til Amerika.

Born:

Maria f. 1858.
Johannes f. 1863.
Johan f. 1865.
Nils f. 1860 d. 1891.
Kari f. 1868.
Ole f. 1871.
Andreas f. 1874.
Martin f. 1877 d. 1878.
Martin f. 1879.


BRUK 1.

L.nr. 575 A i Hosanger skipreide. Skyld urevidert 3 ort 15 sk. Revidert 1 dl. 1 ort 4 sk. 1886 1,82 skm.


1882 skøyte til Johannes Olsson Haugen på heile garden. 1886 vart det halde skylddeling og bnr. 2 vart skilt frå. Johannes f. 1853 d. 1939 var son åt Ola Jakobsson Haugen, Eksingedalen, Mo sokn, og kona Anna. Han var g.m. Helga Johannesdtr. Nåmdal f. 1853 d. 1949, dotter åt Johannes Nåmdal, Modalen, og kona Ragnhild f. Gullbrå. Johannes Haugen var handelsstyrar på Eidslandet før han kjøpte denne garden. Kjøpesummen var kr. 3.200,-.

Born:

Ole f. 1884 d. ug. 1927. B. her.
Johannes f. 1885 d. 1963. Lærar og klokkar, b. Dale, bnr. 79. Han var og likningssekretær og heradskasserar og formann i bygdeboknemnda i mange år.
Reinert Andreas f. 1887. Brukar her.
Jakob f. 1890. B. i U.S.A. Andreas f. 1892. Lektor på Voss.


Reinert Andreas Johannesson f. 1887 og kona Inger f. 1891 var brukarfolk her ei tid. Inger var dotter åt Lars A. Åsheim, Haus, og kona Anna Nilsdtr. Helle f. 1849 d. 1935. Reinert var med i heradstyret og ymse kommunale nemnder. 1929 kjøpte dei Myster bnr. 4 og hadde det til 1931. Dei busette seg seinare på Voss, der dei dreiv garden Gjerde bnr. 4.

Born:

Johannes f. 1911. Snikkar, g.m. Aslaug Nevdal frå Lindås. B. i U.S.A.
Lars f. 1914. Gardbr., ordførar på Voss og stortingsmann, g.m. Kari Ringheim.
Helga f. 1915 g.m. gardbr. Nils Øvsthus, Voss.
Anna f. 1922 g. 1. g. m. Ingemann Andersson Åsheim, b. Nedste Mjelda.

Anna g. 2. g. m. Arne Løken, b. i Oslo.


1931 skøytte Maria Hauge dette bruket. Maria Olsdtr. Nese f. 1892 var g.m. Jon Hauge frå Haus, og dei dreiv gard på Borge, Haus. Maria vart tidleg enkje og flytte då attende til Nese der ho budde til ho kjøpte Leiro.

Born:

Bjarne
Inger.

Både Maria og borna hennar er no b. på Askøy.


1935 skøyte frå Maria Hauge til broren Olav O. Nese for kr. 4.000,og kår til Maria Hauge. Sjå Myster bnr. 41. Han la ned drifta på garden 1948 og flytte til Myster.


BRUK 2.

Skilt frå bnr. 1 1886. L.nr. 575 b. Skyld urevidert 3 ort, 16 sk. Revidert 1 dl.,1 ort, 5 sk. 1886 1,83 skm.


1886 skøyte til Lars Jonsson Lavik for kr. 1600,—. Halvdelen av husa på garden fylgde med i salet. Lars og kona Maria Olsdtr. hadde sidan 1881 hatt kår på garden. Dette kåret vart no avlyst. Maria Olsdtr. Haugen var syster åt brukaren på bnr. 1.

Born:

John f. 1880, fabrikksnikkar, g. 1914 m. Brita Johannesdtr Hesjedal St. bnr. 2. Ved giftarmålet busett Espeland i Arna.
Anna f. 1882.
Ragnhild f. 1884.


Om lag 1898 skøyte til Mons Ingebrigtson Eikefet. Mons f. 1864 d. 1898, hadde vore ein tur i Amerika før han kjøpte garden her. Han var g.m. Kari Johannesdtr. Eide f. 1864 på plasset Brotet.

Born:

Ingvald f. 1894. Brukar her.
Ida Gurine f. 1896 g.m. småbrukar Lars Flatekvål, Sandnes.
Brita f. 1898. Ug., b. på Voss.


Ingvald Monsson fekk skøyte på garden etter faren, men selde før han var fullvaksen og emigrerte til U.S.A. Han gav skøyte til Knut 0. Nese.


1914 skøyte til Knut O. Nese og kona Ingeborg Andersdtr. for kr. 3.000,— og for lausøyre kr. 300,—. Skøytet vart gjeve av myndling Ingvald Monsson Leiro.

Born:

Olav f. 1912.
Astrid Alida f. 19**.
Anton Andreas f. 19**.
Sigvald f. 19**.


1937 skøyte til Olav Knutsson for kr. 1940,— og kår til foreldra. Olav flytte til Dale 1947 og busette seg der. Bruket her vart nedlagt. Olav f. 1912 g.m. Martha Bruvik.

Born:

Inger f. 1946.
Kirsten f. 1947.
Ruth f. 1949.

HUSFOLK

Mons Johannesson d. 1718 60 år gamal og kona Ingeborg Olsdtr. var husfolk her.

Born:

Marta f. 1717.
Johannes f. 1718 d. 1730.

Ingeborg vart g. 2. g. m. Mons Knutsson Veo d. 1744. Ingeborg d. 1774 95 år gamal. Dei hadde ikkje born.


Kain Lorentsson og kona Bergitte Pedersdtr. f. Hjermann var husfolk her. Kain åtte Bolstad gard og gjestgjeveri som han selde 1722 til soknepresten i Lærdal, Jonas Hansson Leirdal. Kain Lorentsson d. 1731 48 år gamal, og enkja g. seg 2. g. 1732 m. korporal Sivert Ellingson Brattedick.

Born:

Metta f. 1710 d. 1781 g.m. Knut Jakobson Revheim. Husfolk på Kvåstad.
Markus f. 1721 d. 1734.
Eli f. 1725 g. 1750 m. Jakob Gulleikson Kalland, som døydde same år.


Jakob Johannesson f. her 1795 vart g. 1816 m. Ragnhild Knutsdtr. Myster bnr. 4 f. 1792. Dei pakte fyrst ein gard i Fana og busette seg seinare på Solheim i Hosanger.


Anders Jakobsson Flatekvål f. 1807 var g. 1829 m. Brita Olsdtr. Leiro f. 1810. Dei budde her då dotra Maria var døypt 1830.


Jon Askjelsson Øyo f. 1821 var g. 1. g. m. Ragnhild E. Dyvik, g. 2. g. m. Anna Monsdtr. Hesjedal. Jon budde her ei tid med huslyden sin. Han busette seg sidan på Stamnes bnr. 70.


Nils Olsson Leiro f. 1822 vart g. 1845 m. Ingeborg Monsdtr. Stamnes bnr. 1 f. 1822.

Born:

Olav f. 1845. Busett i Bergen.
Dordi f. og d. 1846.
Anna f. 1847 g.m. Haldor Hatlestad. Sjå Hatlestad bnr. 1, Bergsdalen.
Knut f. og d. 1849.
Dordi f. og d. 1849.
Dordi g.m. smed Knut Høvik, Fosse, Alverstraumen.
Ingeborg, busett i London. Jakob August, busett i U.S.A.
Mons, slaktar i Bergen.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy