Langhelle

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 09:29, 18 november 2010 by Reveka (Talk | bidrag)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band I | Bruvik sokn innhald


Gards og ættesoge for Langhelle.


GNR. 11 LANGHELLE


Innhaldsliste

INNLEIING

Langhelle ligg ved Sørfjorden mellom Sandvik og Ytre-Boge. Fråstanden mellom gamletunet på Langhelle og tunet i Sandvik er 4,7 km i luftlinje. Til tunet på Ytre-Boge er det 4 km i luftlinje.

Gardsnavnet vart skrive Langhelde 1590, Langhelle 1610, Langheller 1620, Langhelde 1667, Langhelle 1723, 1838 og 1886. I bygdemålet vert namnet uttale lå'ngædle. Siste lekken i namnet er eit inkjekjønnsord helle som tyder fallande terreng. Same ordet finn ein i gardsnamnet Helland i Fusa. Innmarka ligg eit stykke opp frå sjøen i ei bratt nordvend li. Det er den lange og smale innmarka som ligg til grunn for gardsnamnet.

Langhelle grensar til Sandvik i vest og Ytre-Boge i aust. Mot nord grensar garden til Sørfjorden. Mot sør til garden Nordvik i Samnanger. Grensa mot Nordvik vart tinglesen 1941. Grensa mot Ytre-Boge vart tinglesen 1825 i samband med utskifting på Ytre-Boge. Grensa tek til ved fjorden i ei fjellkløft i Vasshola, og går i nokolunde rett linje opp mot Bjørkåsen. Derfrå fylgjer grensa fjellbruna innover mot Grøskaret og Futevasslia, og endar i Futefjellet, der grensa mot Nordvik tek til. Denne grensa går i vestsørvestleg retning over Geitnipa, og endar i Tverrfjellet. Her tek grensa mot Sandvik til. Denne grensa går mot nordvest langs fjellbruna på Tverrfjellet over Sandvikstjønna 313,5 m. o. h., og endar i Limelva nede ved sjøen.

Langhelle er truleg ein av dei yngste gardane på sørsida av fjorden. Her er ikkje gjort fornfunn. Det eldste skriftlege vitnemålet er frå 1590. Men garden var truleg busett på 1400-talet, kanskje endå tidlegare. Dette kan ein slutta seg til av eigarsoga. Den fyrste kjende eigaren var Allehelgenskyrkja i Bergen. Godset åt denne kyrkja vart drege inn under staten ved reformasjonen 1537.

I dei skriftlege kjeldene finst det ingen ting som tyder på at Langhelle var mellom dei gardane som vart liggjande øyde etter Svartedauden 1349. Busetnaden synest å ha vore samanhangande frå garden vart oppteken fram til vår tid.

I lensrekneskapen 1590-91 vert det opplyst at landskylda på garden var 1/2 laup (36 m.) smør. Leidangen var 1 saueskinn. Det vart betalt fredtoll kvart 8. år. Den siste avgifta vart innførd kring 1550. Ho avløyste ein eldre toll på slakt som bøndene førde til Bergen. Kjeldene frå 1600- talet fortel elles lite om tilhøva på sjølve garden.

Den eldste gardsskildringa finn me i matrikkelen 1723. Garden hadde ikkje seter, kvern, fiske eller husmannsplasser. Dette var lunnende som ville hatt innverknad på takseringa på garden. Opplysningane samsvarer for så vidt med den knappe merknaden i landkommisjonsprotokollen frå 1661: "Ingen Herligheed till." Om lægje og næringsgrunnlag heiter det 1723: "Ligger 1/2 fierding fra Søen 4 Mil fra Bergen tungvunden og Aarvant. Lever allene of Quægetz avling." Matrikkelkommisjonen som arbeidde i 1860-åra slo fast at garden var meir enn vanleg tungbrukt og utsett for turke. Her var "seen Høst". Om gardsvegen heiter det: "Omtrent 1/4 Miil daarlig Gangstie-vei til Søen og derfra 4 1/4 Miil Søvei til Bergen."

Sist på 1500-talet og tidleg på 1600-talet hadde garden berre ein brukar. Fyrste gongen me finn 2 brukarar nemnde samstundes, er i koppskattmanntalet 1645 og i kontribusjonsskattemanntalet 1648. Her er då 2 brukarar med jamstore bruk. I tida mellom 1648 og 1666 vart desse bruka delte på nytt. I manntalet 1666 finn me 4 brukarar med jamstore bruk. Denne oppdelinga i fjerdepartar stod ved lag til 1860. Dei fire bruka vart i daglegtalen kalla Oppehuset (Bnr. 1), Nordbruket eller Perahuset (bnr. 3), Nerebruket (bnr. 5) og Austbruket eller Hansahuset (bnr. 6). Oppehuset og Nordbruket høyrde truleg i hop før delinga i 1650-åra. Det same galdt Nerebruket og Austbruket.

I 1860-åra vart Nordbuket delt 2 gonger. Fyrste gongen var i 1860. Bruket vart då delt i 480 a med skyld 3 ort, 20 skilling, og 480 b med skyld 23 skilling. 1864 vart det gjort ei ny deling. Etter den siste delinga var dei to bruka jamstore. Sjå bnr. 3 og 4.

Bnr. 4 og 5 fekk same eigar 1915. Etter den tid har dei vore drivne som eitt bruk. Den formelle samanslåinga skjedde 1957. Bnr. 4 vart då sletta av matrikkelen.

Bruksdelinga førde til mykje teigblanding, både på innmarka og i utmarka. Som døme kan nemnast at bnr. 6 hadde 16 teigar på innmarka. Ein teig låg nede ved sjøen ved utløa i Neset. Dei andre teigane var Kvilesteinen, Nauststallen, Ramnstonæ, Stallane (låg ute i berget med utløe), Vetlestølen (innom husa åt bnr. 1). Djupedalen, Tonæ, Dalen, Smia, Myrane, Stølen og Kustallen. 3 åkerteigar låg på øvre delen av innmarka. Bnr. 6 hadde kornåker der bnr. 5 no har husa sine, 235 m. o. h. Potetarane låg like i nærleiken. Ein åker oppe med bøgarden kalla dei Symægarden. Der hadde alle bruk kvar si stripe.

I 1860-åra var åkervidda 13 mål. 4 mål var middels god åker, resten var ring. Dei sådde 9 3/4 tunne havre og hausta 34 tunner. Av poteter sådde dei 9 3/4 tunne og hausta 37 tunner. Engvidda var oppgjeven til 127 mål. 32 mål var god eng, 20 mål var middels god, resten var ring. Her var ikkje udyrka jord, som var skikka til oppdyrking. I tillegg til bøen på dei 4 hovudbruka, kom 8000 kvadratalen på plasset Lauviksneset.

Det gamle tunet låg oppe i lia 175 m. o. h. Alle brukarane budde her til 1890-åra. Då flytte brukaren på bnr. 5 stova si til Utgjerdet. Det var ei røykstove med kleve. I gamletunet var også ei husmannsstove. Plasset kalla dei Monsaplasset. Plasset høyrde til bnr. 5. Bnr. 5 overtok stova husmannen døydde. Stova vart sidan nytta til vilkårshus.

1923 vart det halde offentleg utskifting på innmarka. Utskiftinga vart tinglyst 1924. Bnr. 1 flytte husa sine til Vetlestølen. Bnr. 5 flytte til søre delen av Skaråkeren. Bnr. 6 vart buande i det gamle tunet.

Bøgarden på øvre delen vart flytta noko sørover i samband med utskiftinga av innmarka 1924. Utskifting av utmarka var avslutta 1956. Desse to utskiftingane førde til at nordre del av gardsområdet vart oppdelt i samanhangande innmarks- og utmarksteigar for alle 4 bruk. I søre delen av utmarka har bnr. 1 to teigar. Dei andre bruka har ein teig kvar.

Utmarksslåttene gav i alt 1400 våger høy i året, vert det opplyst i herredsbeskrivelsen frå 1863. Bnr. 1 og 6 kunne dessutan sanka beit og lyng. PA bnr. 1 var dette nok til for åt 12 ungfe. På bnr. 6 svara forverdien av beit til 15 våger høy. Alle bruk hadde skog nok til ved og hustømmer, men berre bnr. 1 hadde ved og tømmer til sal. Dette svarar til ei nettoinnkome til 1 1/2 spd. for året.

Om beitemarka seier herredsbeskrivelsen at det er godt og om lag høveleg stort, og at det ligg tett ved garden. Beitet for kyr var delt i 2 område, Øvstehagen og Nerehagen. Bnr. 1 og 3 hadde kyrne sine i Nerehagen, bnr. 5 og 6 i Øvstehagen. I Nerehagen var det vårflorar tett ved det noverande utmarksgjerdet. Ingen av bruka hadde seterhus, så vidt ein kjenner til. I nærleiken av vårflorane er det ei myr dei kalla Lamhusmyro. Namnet må koma av at her var lamhus der lamma vart stengde inne om våren den tida sauene vart mjølka.

1723 vert det opplyst i matrikkelen at garden korkje hadde husmannsplass, seter, kvern eller fiskerettar. Då dette var lunnende som kunne gje tillegg i skylda, kan oppgåvene på desse punkta vera mangelfulle. På slutten av 1700-talet ser det ut til at dei dreiv laksefiske. Eigaren av bnr. 6, som budde i Fossmark, skreiv 1790 ut bygselsetel til ein ny brukar på Langhelle. Eigaren tok då unna retten til å driva laksefisket sjølv. Sjå eigarsoga nedanfor. Før 1945 var det helst bnr. 1 som dreiv fiske. Etter 1945 har brukarane gått saman om å leiga ein mann til laksefisket og dei skiftest om å hjelpa han. Utbyttet av laksefisket vert delt etter skyld.

1676 hadde garden 3 flaumvasskvernar. Den eine vart teken av flaum 1798. Kring 1900 hadde alle bruk kvernhus i Djupedalselva. Kvernane har ikkje vore i bruk dei siste generasjonane.

Det eldste husmannsplasset ein kjenner til heitte Sauviksneset. Den fyrste bygselsetelen vart tinglyst 1833. 1858 vart det tinglyst bygselsetel på Monsaplasset. Stova som høyrde til dette plasset stod i gamletunet saman med gardshusa.

Båtstøet åt garden låg under Nauststallen. Her hadde kvart bruk særskilde naust. Frå nausta var det gongeveg opp til garden. 1932 vart det teke opp arbeid med å få køyreveg til gards. Det var meininga å få vegen ferdig på 5 år. Brukarane vart pålagde mange pliktdagsverk.

Dei fire brukarane arbeidde til saman 96 dagsverk for året i 16 år. Det vart reist protestar mot pliktarbeidet. I åra 1940-45 lå arbeidet nede. Vegarbeidet vart teke oppatt for alvor i 1950-åra og fullført 1962. 1965 vart vegen knytt til det offentlege vegnettet, då riksveganlegget Trengereid-Vaksdal vart opna. 1970-74 vart det bygt skogsveg med offentleg tilskot som dekte 60 % av kostnaden.

Frå 1883, då Vossebana vart opna, var jarnvegen viktigaste sambandet med utanverda. 1937 vart det stoppeplass for lokaltog på Langhelle. Jarnvegen går langs fjorden gjennom heile nordre delen av gardsområdet. Frå 1928 har jarnvegen gått i tunnel frå Leinelva til Djupedalen. Det var ekspropriert grunn til jarnvegen 1876.


Mellom dei lunnende som høyrer til garden er kalkstein. Det fyrste tinglesne dokumentet som gjeld kalksteinforekomstar er frå 1921. Bnr. 4 skifte då eigar. Dersom det vart teke ut kalkstein frå kalksteinbrotet på Langhelle, skulle tonnavgifta på bnr. 4 delast likt mellom seljar og kjøpar. 1937 vart det tinglyst handgjeving til lærar L. Lothe, eller den han måtte overdra retten til. 1940 fekk Gips og Kalk A/S, eller det selskapet som dette måtte setja i staden sin, retten til å nytta ut kalksteinforekomstar, mot å svara kr. 15 000 ein gong for alle og mot ei avgift på kvart tonn. Kontrakta var underskriven av brukarane på bnr. 1, 3, 4, 5 og 6, av brukaren i Sandvik bnr. 1 og 2, ingeniør Alf Vaksdal og lærar L. Lothe. Same dag, 8. 1. 1940, vart rettane overdregne til Sandvik Langhelle Kalkfelter A/S. Dei fekk konsesjon til å skaffa seg bruksrett til kalksteinforekomstane 16. 6. 1944. Kalkbrotet har ikkje vore i drift.


SKYLD, SKATT, FØDNAD, AVLING, FOLKETAL

Gamalt matrikkelnummer 24 i Arna skipreide. 1838 nytt matrikkelnummer 25. 1853 matrikkelnummer 122. 1886-1963 gnr. 22 i Bruvik herad.

Landskyld 1590 1/2 laup - 36 m. smør. Fyrst på 1600-talet vart landskylda sett opp til 54 m. mør. 1838 ny skyld 3 dl. 4 ort, 4 sk. 1886 5,37 skyldmark. Leidang 1590 1 saueskinn. Fredtoll kvart 8. år.

1665 leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar 2 mark 14 sk. Småtiend 6 sk.

Fødnad 1637: 12 kyr, 2 oksar, 5 ungfe, 10 geiter, 12 sauer. 1665: 12 storfe, 1 hest. 1723: 9 kyr, 3 ungfe, 24 småfe. 1864: 22 storfe, 8 ungfe, 70 småfe. 1875: 24 kyr, 8 ungfe, 93 småfe.

Sånad 1665: 1 1/2 tunne korn. 1723 sånad 2 tunner havre, avling 6 tunner.

1864: Sånad 9 3/4 tunner havre, 9 3/4 tunner poteter. Avling 34 tunner havre, 37 tunner poteter, 1962 våger høy, 238 våger halm. 1400 våger høy kom frå slåttene. Skav og beit på bnr. 1 svara til for at 12 ungfe. Bnr. 6 hausta beit svarande til 15 våger høy.

Folketal: 1801:29. 1865:36. 1875: 41. 1975: 49.


EIGARAR

Allehelgenskyrkja åtte garden før reformasjonen. Allehelgenskyrkja var eit kongeleg kapell, skipa og bygt av kong Håkon Håkonson. Til kyrkja høyrde eit hospital for menn, grunnlagt 1276. Kyrkja låg i Vågsbotnen i Bergen. Til jordegodset åt Allehelgenskyrkja før reformasjonen høyrde forutan Langhelle, også gardane Ytre-Boge, Indre-Boge, Hekland, Grøsvik, Gammersvik, Toskedal og Kalland.


Allehelgenskyrkja vart nedlagd kring 1530. Jordegodset vart drege inn under kruna. Men om jordegodset no vart krungods, vart det framleis kalla Allehelgensgods, av di godset var halve samla og styrt av den same ombodsmannen. Som så mykje anna krungods, vart dette jordegodset selt i 1660-åra då den dansk/norske staten var i store økonomiske vanskar.


Lauritz Lauritzson Rosenberg kjøpte Langhelle og Ytre-Boge 1668. Han døydde 1670. Ervingane hans åtte Langhelle og Ytre-Boge 1676. 1694 var det Wilmiche Rosenberg som åtte Langhelle.


1700 er det opplyst at brukarane eig garden. Dersom dette er rett, kan ikkje brukarane ha vore sjølveigarar særleg lenge. 1720-1770 var Langhelle på utanbygds hender. Sjur Andersson Kolldal i Fusa åtte garden 1720. Etter han kom sønene Rasmus og Anders. Anders fekk skøyte hjå Rasmus 1756.

1770 fekk tre av dei fire brukarane skøyte på bruka sine hjå Anders Kolldal. Sjå bnr. 1, 3 og 5.


Bnr. 6 vart selt til Johannes Nilsson Fossmark. Han fekk skøyte Anders Kolldal 1770, og odelsskøyte hjå dei som hadde odelsrett 1777. Johannes Fossmark åtte også partar i Vaksdal, Skaftå og Mjelde. Sjå Fossmark bnr. 5. 1790 skreiv han ut bygselsetel til ein ny leiglending på Langhelle. Retten til å driva laksefiske vart då teken unna. Johannes ville truleg driva dette fisket sjølv.


Johannes Fossmark døydde 1797. Ved skiftet etter han vart bruket i Langhelle delt likt mellom døtrene Anna og Kari. Anna var g.m. Mons Johannesson Songstad. Sjå Haus s. 382. Kari var g.m. Johannes Monsson Helle. Deira son, Johannes Johannesson Helle, fekk skøyte på halve bnr. 6 hjå foreldra 1814. Resten av bruket fekk han bygsla 1825. Då tok han til å driva bruket sjølv. Sjå Helle bnr. 3.

Johannes Johannesson var brukar her til 1846. Då bytte han bnr. 6 mot eit bruk på Morland i Sotra Skipreide. Den nye brukaren, Nils Nilsson Sedalen, fekk skøyte på heile bnr. 1 1846. Han var den fyrste brukaren på bnr. 6 som var sjølveigar fullt ut.


BRUKARAR FØR 1700

1608 og 1611 er Sæbjørn brukar på Langhelle. Han er den fyrste kjende brukaren her. Av borna hans kjenner ein berre til ei dotter, Barbra, f. om lag 1617, d. 1701, g.m. Olav Johannesson Sandvik. Sjå Sandvik, brukarar før 1808.


1620 vart Hans Andersson brukar på halve garden. 1648 betalte han 3 ort i kontribusjonsskatt. Hans Andersson og kona Inger var brukarfolk her til om lag 1655.

Born:

  1. Kari.
  2. Anders f. om lag 1628, brukar her. Sjå nfr.


1655-1696 var Anders Hansson brukar her. Det ser ut til at han fyrst overtok den helvta av garden som far hans hadde brukt. I byrjinga av 1600-åra vart Langhelle delt i 4 jamstore bruk, og etter den tid var Anders brukar på 1/4. 1657 fødde han 4 kyr, 1 okse, 2 kviger, 3 geiter og 5 sauer. Han betalte 4 m. og 3 sk. i husdyrskatt dette året.

Born:

  1. Johannes f. 1655-.
  2. Knut 1657-.
  3. Brita d. 1698.


1638 bygsla Olav Bastesson Ytre-Boge halve garden. Olav f. om lag 1607 og kona Ragnhild var brukarfolk her til kring 1670. 1657 fødde dei 5 kyr, 1 okse, 2 kviger, 4 geiter og 3 sauer. Dei betalte 4 1/2 m. og 3 sk. i husdyrskatt. Om lag 1665 delte dei bruket med sonen, Johannes.

Born:

  1. Johannes f. 1643, brukar her. Sjå nedanfor.
  2. Olav 1652-.
  3. Nils 1658-.


1665 om lag bygsla Johannes Olsson 1643-1697. Namnet åt kona er ikkje kjent.

Born:

  1. Anna 1658-, g.m. Knut Simonsson Myster. Sjå bnr. 1 nfr.
  2. Johannes 1661-, sjå Olsnes, brukarar før 1700.
  3. Kari g. 1694 m. Mons Monsson Liland.


1657 er Rasmus Nilsson brukar på Langhelle. Han fødde noko mindre enn dei 2 andre brukarane: 3 kyr, 1 kvige, 3 geiter og 4 sauer. Husdyrskatten vart derfor noko mindre for han, 2 1/2 m. 3 sk. I manntalet 1666 er Rasmus oppført som husmann, 52 år gamal. Husmann kan i dette høve tyda kårmann.

1665 om lag var Ivar Ellingsson den 4. brukaren på Langhelle. Han hadde truleg fått overteke halve bruket åt Anders Hansson. Etter 1670 er Ivar Ellingsson ikkje nemnd. Det er derfor truleg at han berre var brukar her ei stutt tid.

Barn:

  1. Elling 1665-.


1670 om lag vart Hans Eriksson Stavenes brukar her. Hans 1646-1709 var g.1 .g.m. Sigrid Olsdtr. d. 1695.

Born:

  1. Kari 1666-, g. 1701 m. Mons Andersson Søre Veseth. Sjå Haus s. 30.
  2. Oluf 1681- var i teneste på Snekkarvik i Sund 1701.

Hans g.2.g.m. Ingebjørg Olsdtr. Koppen. Sjå Gjerstad s. 436 og 440.

Barn:

  1. Sigrid 1701. Sigrid Hansdtr. og Johannes Monsson Mjeldervåg hadde ein son, Hans f. 1736, busett på Småland i Gjerstad. Sjå Gjerstad s. 11 og Langhelle bnr. 6 nedanfor.


BRUKARAR

BNR. 1

Daglegnamn Oppebruket (?).

Gamalt løpenummer 70, nytt løpenummer 1850 479. Gamal landskyld 13 1/2 m. smør. Ny skyld 1838 4 ort 18 sk. 1886 1,32 skyldmark. 1956 1,30 skyldmark.

Kring 1865 hadde bruket ein fødnad på 8 storfe og 12 småfe. Der var 1 mål middels god og 2 1/2 mål ring åker. Engvidda var 31 1/3 mål 8 må1 var god eng, 5 mål middels god, resten var ring eng. Dei sådde 2 1/4 t. poteter og 2 1/4 t. havre. Avlinga var 5 t. poteter, 5 t. havre, 56 v. halm og 465 v. høy. 350 v. høy kom frå slåttene. Beitemarka låg tett ved garden, var god og "omtrent tilstrekkelig". Skog nok til ved og hustømmer. Det kunne seljast ved for 1 1/2 spd. netto årleg. Det kunne haustast beit og lyng til for åt 12 ungfe. Bruket var vanleg godt dyrka, men det var særs tungbrukt, utsett for turke og hausten var sein. Desse opplysningane finn ein i den såkalla herredsbeskrivelsen av 1863. Opplysningane vart innsamla av ein komite som skulle førebu den nye matrikkelen, som kom i 1886.


Ca. 1699 bygsla Knut Simonsson Myster 1669-1703, g.m. Anna Johannesdtr. 1658-1754. Sjå rettingar og tillegg til bd. III.

Barn:

  1. Simon 1700-, sjå Stavenes bnr. 1.

Anna Johannesdtr. var enkje då ho gifte seg med Knut Simonsson. Fyrste mannen åt Anna heitte Anders. Dei hadde ei dotter Marta, g.m. Johannes Villumsson Indre-Fosse.


1704 bygsla Mikkel Johannesson Ytre-Boge bnr. 1, 1678-1747. Mikkel var g.m. Synneva Andersdtr. Hana 1673-1755. Deira etterkomarar har sidan budd på dette bruket.

Born:

  1. Olav f. og d. 1703.
  2. Marta 1705- g. 1741 m. em. Olav Sjursson Borge. Sjå Gjerstad s. 77.
  3. Kristi 1707- g. 1734 m. Johannes Eriksson Foksdal. Sjå Gjerstad s. 175.
  4. Olav 1710-, brukar her.
  5. Johannes 1713-1722.
  6. Barbro 1716 g. 1741 m. Johannes Magnesson Valestrand.


1740 om lag bygsla Olav Mikkelsson 1710-1778, g.m. Anna 1707-1778. Anna var einaste barnet åt Anders Veo og kona Siri Larsdtr. f. Stokke. Olav Mikkelsson var lagrettemann 1758.

Born:

  1. Johannes 1737-, brukar på Veo bnr. 3. Sjå Veo bnr. 3.
  2. Synnøva 1738-1741.
  3. Sigrid 1739-, g.m. Jon Monsson Skaftå, sjå Skaftå bnr. 2.
  4. Synnøva 1741-.
  5. Mikkel 1742-, g. 1768 m. enkja Sigrid Nilsdtr. Hundhamar. Sjå Haus s. 239.
  6. Anders 1751-, brukar her.


1770 skøyte til Anders Olsson frå eigaren Anders Sjursson Kolldal for 34 rdl. Anders vart no sjølveigar på det bruket som faren og farfaren hadde drive som leiglendingar. Anders 1751-1853 var g.1.m. Helga Nilsdtr. Hundhamar 1746-1788. Sjå Haus s. 239.

I skifte etter Helga Nilsdtr. var nettoeiga 119 rdl. Buet hadde ikkje anna jordegods enn bruket i Langhelle. Det var verdsett til 55 rdl. Halve bruket vart utlagt til enkjemannen. Dei 2 døtrene Anna og Sigrid fekk utlagt kvar sin fjerdepart.

Born:

  1. Nils f. og 1775.
  2. Olav 1777-1780.
  3. Anna 1779 g. 1802 m. enkjemann Nils N. Hole. Sjå Haus s. 399.
  4. Sigrid 1783-.

Anders g.2. gong 1790 m. Sigrid Knutsdtr. Rødberg 1764-1856. Ved skiftet etter mora, som døydde 1774, fekk Sigrid ein arv på vel 38 rdl.

Anders og Sigrid dreiv bruket her til 1806. Då flytte dei til Blom i Haus. Sjå Haus s. 251. I den munnlege tradisjonen i slekta heiter det at Anders åtte 3 gardar, Langhelle, Blom og Hole i Haus. Bruket i Hole fekk han kjøpa hjå verfaren 1810. Attåt jordegodset åtte Anders ein god del pengar, som han lånte ut mot pant i fast eigedom. Det vart fortalt at han var ein streng herre når rentene ikkje kom inn til rett tid.

Born:

  1. Helga 1791-1792.
  2. Anna 1792-, g.m. Johannes Mikkelsson Veo bnr. 2. Sjå Veo bnr. 2.
  3. Sigrid 1793-.
  4. Olav 1796-, brukar her frå 1815.
  5. Barbro 1798-, g. 1833 m. Ivar E. Gjerstad. Sjå Gjerstad s. 280.
  6. Knut 1801-, b. på Blom. Sjå Haus s. 253.
  7. Lars 1805-, b. på Hole. Sjå Haus s. 399.


1806 pakta Olav Andersson Veo 1779-1845. Olav var g. 1806 m. Anna Mikkelsdtr. Langhelle bnr. 3 1785-1862. 1811 pakta dei jord på Unneland i Haus. 1813 var dei busette på Minde. Dei hadde 2 døtre då dei flytte frå Langhelle, Agate f. 1807 og Marta f.1810. Sjå Arna s. 252-253 og Gjerstad s. 353.


1810 pakta Anders Johannesson Bukkstein 1768-, g.m. Brita Mikkelsdtr. Veo, bnr. 2 f. 1781. 1815 flytte dei til Blom. Sjå Veo bnr. 2 og Bukkestein bnr. 1 og Haus s. 252.

Born:

  1. Guri 1803-1887, b. Haugland, Arna sokn.
  2. Mikkel f. og d. 1804.
  3. Brita 1805-.
  4. Maria 1807-, g. 1830 m. Olav Eiriksson Jamne. Sjå leigebuarar Jamne.
  5. Anna 1809-.
  6. Mikkel 1810-.
  7. Olav 1813-.
  8. Marta 1815-.


1815 skøyte til Olav Andersson Langhelle for 50 rdl. frå dei som hadde fått dette bruket utlagt ved skiftet 1788 etter Helga Nilsdtr. Det var Olav Andersson Langhelle og dei 2 døtrene frå 1. ekteskap, Sigrid og Anna. Sjå ovanfor.

Olav 1796-1853 var g.m. syskenbarnet sitt, Sigrid Mikkelsdtr. Hundhamar 1796-1885. Sjå Haus s. 239-240.

Born:

  1. Sigrid 1818-, g.m. Erik O. Skreiæ, sjå Skreiæ bnr. 1.
  2. Marta 1822-, ug. b. Radøy.
  3. Mikkel 1825-, brukar her.
  4. Anders 1828-, g.m. Marta Nilsdtr. Blom. Sjå leigebuarar nedanfor.
  5. Anna 1831-, gift i Herfindalen.
  6. Helga 1833
  7. Nils 1835-, g.m. Anna Larsdtr. Hole. Sjå Haus s. 400.
  8. Helga 1840-, g.m. Johannes J. Fossmark. Sjå Fossmark, Fossdalen.
  9. Brita 1843-, ug.


1850 skøyte til Mikkel Olsson Langhelle for 150 spd. og kår til foreldra. Mikkel 1825-1904 var g.1.m. Brita Bastesdtr. Kyrkje-Bruvik bnr. 10, 1820-1853. I skiftet etter Brita var dette bruket verdsett til 200 spd. og utlagt til enkjemannen. Lausøyre i buet var verdsett til 33 spd.

Barn:

  1. Sigrid 1850-, g.m. neste brukar.

Mikkel g.2.g.m. Ingebjørg Nilsdtr. Blom 1828-1917. Dei hadde ikkje born. Sjå Haus s. 253.

1873 skøyte til verson Olav Olsson Langhelle for 100 spd. og kår, verdsett til 135 spd. Olav 1845-1928 var frå plasset Sauviksneset. Sjå nedanfor. Han var g.m. dotter åt den førre brukaren, Sigrid 1850-1933. Olav var tømmermann og dreiv med husbygging attåt gardsdrifta. Ei tid arbeidde han med tømring av bruer på Vossebana.

Born:

  1. Brita 1872-, ug., tekstilarbeidar, Dale.
  2. Olav 1874-, brukar her.
  3. Nils 1876-, anleggsarbeidar, b. Indre Arna, g.m. enkja Helena Randina Åstveit. Sjå Arna s. 535.
  4. Karoline g.m. Johannes Birkeland, Dale. Sjå ættesoge for Dale.
  5. Severin Olai 1880-, bakar, b. Dale. Sjå ættesoge for Dale.
  6. Ingeborg 1887-, b. Fitjar, g.m. Karl Myre frå Svelvik.
  7. Nils 1883-, anleggsarbeidar. Sjå Ytre-Bruvik bnr. 23 og 24.
  8. Johannes 1894-ca. 1920.


1925 skøyte til Ole Olsson Langhelle 1874-1954, g.m. Berta Maria Pedersdtr. Langhelle bnr. 6 1883-1958.

Born:

  1. Sigrid 1904-, g.m. Peder Nilsson Langhelle, b. Sandvik bnr. 5.
  2. Ragnhild 1905-, tekstilarbeidar, b. Dale.
  3. Ole 1908
  4. Katrine 1910, g.m. Olav A. Vaksdal. Sjå bnr. 11.
  5. Peder 1913, anleggsarbeidar, b. her.
  6. Gunhild 1915-1973, b. her.
  7. Borghild 19**-, g.m. Hilmar Fosse. Sjå bnr. 9.
  8. Inger 19**-, g.m. Mikal Vaksdal. Sjå bnr. 7.
  9. Edith 19**-, g.m. Magnus Fanebust. Sjå bnr. 8.
  10. Malvin 19**-, brukar her.


1954 skøyte til Malvin Olsson Langhelle 19**-.


BNR. 2

Langhelleneset. Skilt frå bnr. 1 1887. Skyld 1 øre.


1887 skøyte til Olav Olsson Bryn, f. på Voss 1855, g.m. Marta Bessesdtr. Skreien bnr. 3 1853. Olav var anleggsarbeidar på Vossebana. Då bana vart opna 1883, vart han tilsett som banevaktar. Noko seinare vart han baneformann for strekninga Rødbergtunellen-Grøskargjelet i Bogelia. Då Bergensbana vart opna for trafikk i 1909, vart han baneformann på Voss.

Olav og Marta budde på Indre-Boge til 1887. Då bygde dei hus her. Huset vart flytta til Voss 1909 og sett oppatt i nærleiken av Tvilde bru.

Born:

  1. Ole Bertin 1885-.
  2. Alfred Konrad 1889-.
  3. Peder 1891-.
  4. Thomas 1894-.


1925 skøyte til Norges Statsbaner for kr. 600,-.


BNR. 3

Daglegnamn Perane.

Gamalt løpenummer 71, nytt løpenummer 1850 480. 1860 løpenummer 480 a.

Gamal landskyld 13 1/2 m. smør. Ny skyld 1838 4 ort 19 sk. 1860 etter at bnr. 4 var skilt frå, skyld 3 ort 20 sk. 1864 2 ort 10 sk. 1886 0,69 skyldmark. 1974 0,68 skyldmark. 1864 etter at bnr. 4 var Belt frå hadde bnr. 3 ein fødnad på 4 storfe og 14 småfe. Her var 1/2 mål middels god og 1,2 må! ring åker og dyrka eng. Engvidda ellers var 15 1/2 mål. 9 mål var ring eng, 2 1/2 mål middels god, og resten var god eng. Sånad 1 1/2 t. poteter, 1 1/2 t. havre. Avling 5 t. poteter, 5 t. havre, 33 v. høy, 35 v. halm. 175 v. høy hausta dei i slåttene. Bruket hadde nok skog til ved og hustømmer, men hadde ikkje noko tømmer eller ved til sal. Bruket var i vanleg god hevd, men det var tungdrive og skrinlendt.


1680 bygsla Magne Eiriksson 1637-1729 g.m. Boletta Olsdtr. 1648-1722.

Born:

  1. Ingebjørg 1683-, g.m. Mons Johannesson, leigebuar på Indre-Boge.
  2. Marta 1687-, g.m. neste brukar.
  3. Brita g. 1734 med em. Knut Johannesson Ytre Eide. Sjå Hosanger I del 2 s. 510.
  4. Magdeli 1692-1722. Magdeli og Ivar Gabrielsson Risnes hadde ein son Olav 1722-, gm. Ingebjørg Halsteinsdtr. Hekland. Sjå Haus s. 330.


1719 bygsla Lars Monsson Sæterdal 1685-1764. Lars var g. 1718 m. Marta Magnesdtr. 1687-1723, dotter åt den førre brukaren.

Born:

  1. Lars f. og d. 1719.
  2. Olav 1720-, g. 1744 m. Brita Olsdtr. Veseth. Sjå Haus s. 23 og 28.

Lars g.2. gong 1724 m. Dorte Jonsdtr. Havrå. Dei busette seg på Havrå, der Lars døydde 1764.


1738 bygsla Peder Monsson Hekland 1707-1781, g.m. Anna Olsdtr. Sæterdal 1711-1787. Deira etterkomarar har sidan budd på dette bruket.

Born:

  1. Mons 1737-, brukar på Skaftå bnr. 2.
  2. Olav 1738-, brukar på Ytre-Bruvik bnr. 9.
  3. Guri 1739-, g.m. Olav Sjursson Vaksdal, busett på plasset Jamnebrekka under Jamne.
  4. Eirik 1740-, brukar på Kyrkje-Bruvik og Seilæ
  5. Mikkel 1742-, brukar her.
  6. Johannes 1744-1828, ugift.
  7. Synneva 1753-1833.
  8. Marta (?)


1770 skøyte til Mikkel Pedersson for 34 rdl. og kår til foreldra åt kjøparen. Dei hadde vore leiglendingar på dette bruket. Mikkel fekk skøyte hjå Anders Sjursson Kolldal, Fusa. 1777 fekk Mikkel skøyte på odelsretten hjå lensmann Jan Tveiterås med fleire.

Mikkel 1742-1787 var g.m. Marta Bessesdtr. Skreiæ 1751-1842. Ved skiftet etter Mikkel 1787 var nettoeiga 44 rdl. Gardsbruket var verdsett til 50 rdl. Enkja Marta, sonen Peder og ymse kreditorar fekk utlagt partar i jordegodset. Mellom kreditorane var to av syskena åt brukaren, Johannes Pedersson og Synneva Pedersdtr.

Born:

  1. Peder 1777-, brukar her.
  2. Marta 1781-1863. Marta og Olav Andersson Minde hadde ein son.
  3. Besse f. 1813. Sjå Skreiæ bnr. 3.
  4. Anna 1785-, g.m. Olav Andersson Veo. Paktar på Langhelle bnr. 1.


1789 skøyte til enkja Marta Bessesdtr. frå kreditorar og arvingari skiftet 1788. Marta sat med bruket til 1795. Då skøytte ho frå seg og tok kår.


1795 skøyte til Peder Mikkelsson 1777-1846, g.m. Brita Nilsdtr. Havrå 1761-1838. Sjå Haus s. 265. Born:

  1. Marta 1796-, g.m. Nils Eiriksson, f. på Ytre-Boge bnr. 1.
  2. Mikkel 1799-, brukar her.
  3. Nils 1803-, brukar på Neset, Arna sokn, g.m. Kari Olsdtr. Vikno, g.2.g.m. Brita Olsdtr. Vikno. Sjå Arna s. 207.


1825 skøyte til Mikkel Pedersson for 70 spd. og kår. Mikkel 1799-1855 var g.m. Brita Johannesdtr. Jamne bnr. 12 1805-1860.

Born:

  1. Peder 1826-1827.
  2. Peder 1828-, brukar her.
  3. Marta 1830-, g.m. Nils Danielsson Hellestræ. Sjå Helle, husmenn.
  4. Johannes 1831-, sjå bnr. 4.
  5. Anna 1831-, g.m. Olav Nilsson Langhelle bnr. 5.
  6. Eirik 1837-1871, ug.
  7. Brita 1837-1847.
  8. Maria 1840-, g.m. mylnearbeidar Anders Vaksdal.
  9. Mikkel 1842-, tekstilarbeidar, b. Dale. Sjå ættesoge for Dale.
  10. Marta 1845-1847.
  11. Johannes 1849-, tekstilarbeidar, b. Dale. Sjå ættesoge for Dale.
  12. Peder 1826-1827.


1852 skøyte til Peder Mikkelsson for 100 spd. og kår til foreldra og systra Marta. Peder 1828-1917 var g.1.g.m. Borgny Nilsdtr. Langhelle bnr. 5 1827-1857. Ved skiftet etter Borgny var bruket verdsett til 200 spd. Buet hadde ei pantegjeld på 150 spd. og ei gjeld på 30 spd. til kjøpmannsenkja madam Bøhmer. Bruket vart utlagt til enkjemannen.

Born:

  1. Mikkel 1854-, b. i Haugesund.
  2. Borgny f. og d. 1857.

Peder g.2.g.m. Anna Johannesdtr. Stavenes bnr. 3 1836-1915.

Born:

  1. Borgny 1859-, g.m. banevaktar Ole Haugen. Sjå Sandvik bnr. 5.
  2. Johannes 1863-, b. i Oslo.
  3. Nils 1866-, brukar her.
  4. Mons Olai 1870-, b. i Høylandsbygd, Sunnhordland.
  5. Brita 1873-, ug. tekstilarbeidar, b. Dale.
  6. Berta 1878-om lag 1944, ug. tekstilarbeidar, b. Dale.


1907 skøyte til Nils Pedersson 1866-1918, g.m. Anna Ivarsdtr. Vatle 1871-1948. Sjå Haus s. 141.

Nils hadde arbeidt mange år på veg- og jarnbaneanlegg før han overtok farsbruket. Anna sat med bruket frå mannen døydde 1918 til 1927.

Born:

  1. Jenny Amanda 1894- 1918, g.m. Johannes P. Langhelle frå bnr. 6. Sjå ættesoge for Dale.
  2. Peder 1895-1984, brukar her.
  3. Ingeborg 1900-, g.m. gardbrukar Gunnar Nerhus, Høylandsbygd, Sunnhordland.
  4. Inga 1902-1925.
  5. Nelly 1904-1932.
  6. Anna 1905-, g.m. gardbrukar Johan Moan, Leksvik, Trøndelag.
  7. Ivar Andreas 1911, brukar her.
  8. Arne 1913.


1928 skøyte til Peder Nilsson Langhelle f. 1895-1984. Han dreiv bruket til 1937. Då kjøpte han hus i Sandvik og flytte dit. Sjå Sandvik bnr. 5.


1937 skøyte til Ivar Andreas Nilsson Langhelle f. 1911-2002, gardbrukar og vegarbeidar, g.m. Anna Dortea 1910-1997, dtr. åt fabrikkstyrar Knut Martin Buvik og kona Oline Olsdtr. f. Hana, b. Dale. Sjå ættesoge for Dale.

Born:

  1. Nils Andreas 19**-, g.m. Sigfrid Steine.
  2. Bjarne Martin 19**-, g.m. Ellinor J. Nordbø.
  3. Ingrid Annlaug 19**-, g.m. Ingvald Jacobsen. Sjå bnr. 14.
  4. Atle Johan 19**-, g.m. Grete Totland.


BNR. 4

Løpenummer 480 b, skilt frå 480 a 1860. Gamal skyld 2 7/10 m. Ny skyld23 sk. 1864 ny skylddeling. Dette bruket vart då auka slik at det svara til halvparten av det gamle bnr. 480. Gamal skyld på løpenummer 480 b var no 6 3/4 m. Nyskyld 2 ort, 9 sk.

1886 ny skyld 0,69 skyldmark.

1864 fødde bruket 6 storfe og 8 småfe. Her var 1/2 mål middels god, og 1 1/2 mål ring åker og dyrka eng. Sånad 1 1/2 t. havre, 1 1/2 t. poteter. Avling 5 t. havre, 5 t. poteter, 35 v. halm, 306 v. høy. I slåttene hausta dei 175 v. høy. Her var nok skog til ved og hustømmer, men ikkje noko til sal. Engvidda var på 15 1/2 mål, 4 mål var god eng, 2 1/2 mål middels god, resten var ring. Garden var vanleg godt dyrka, men tungbrukt og utsett for turke.


1860 skøyte til Johannes Mikkelson for 100 spd. Johannes hadde fått tinglyst festebrev 1855 hjå broren Peder, på 6 teigar av bnr. 3. Ved skylddeling og skøyte 1860 vart Johannes eigar av ein part som svara til 1/5 av bnr. 3. 1863 vart det halde ny skylddeling, tinglyst 1864. Etter den tid var bnr. 3 og 4 jamstore. Johannes fekk no nytt skøyte på bnr. 4 for 100 spd. Johannes 1831-1923 var krøterhandlar, g.m. Maila Sjursdtr. Løtveit bnr. 1 1834-1915. Dei var barnlause.

Fosterborn:

  1. Mathilde, b. i Bergen.
  2. Ole.
  3. Jørgen, b. i Odda.


1915 skøyte til Mons H. Langhelle, brukar på bnr. 5. Etter at han vart eigar av bnr. 4, har bnr. 4 og 5 vore drivne som eitt bruk.


1921 skøyte til Olav Nilsson Nipen.

1952 skøyte til Nils Godskalk Nipen.

1956 samanføyning av bnr. 4 og 5 Bnr. 4 vart då stroke av matrikkelen.


BNR. 5

Daglegnamn Nerejorda.

Gamalt løpenummer 72. 1850 nytt løpenummer 481.

Gamal landskyld 13 1/2 m. smør. Ny skyld 1838 4 ort 19 sk. Ny skyld 1886 1,33 skyldmark. 1956, etter at bnr. 4 var samanføyd med dette bruket, skyld 2,02 skyldmark.

1864 hadde bruket ein fødnad på 5 kyr og 16 småfe. Her var 3,2 mål åker og dyrka eng. 1 mål var middels godt, 2,2 mil var ringt. Engvidda var 31 1/3 mål. 8 mål var god eng, 5 mål var middels god, resten var ring. Sånad 2 1/4 t. havre, 2 1/4 t. poteter. Avling 8 t. havre, 9 t. poteter, 414 v. halm, 56 v. høy. I slåttene hausta dei 350 v. høy.

Bruket hadde skog nok til ved og hustømmer, men ikkje noko til sal. Her var ikkje beit eller anna attåtfor. Bruket var vanleg godt dyrka, men tungbrukt og utsett for turke.

1875 var fødnaden på bruket 4 kyr, 2 kalvar, 10 sauer. Sånad: 3 tunner havre, 2 tunner poteter.


1704 bygsla Johannes Johannesson Fossmark 1680-1783, g.m. Dortea Nilsdtr. Stanghelle 1679. Johannes var reservesoldat. Han var i kongens teneste 1711. Kring 1720 flytte Johannes og Dortea til Stanghelle og vart brukarar der. Sjå Stanghelle bnr. 1 og 3.

1720 bygsla Anders Knutsson Kvitingen 1697-1732, g.m. Marta Nilsdtr. Langhelle bnr. 6 1697-1735. Sjå Samnanger I s. 576. Anders og Marta var barnlause. Marta gifte seg att med neste brukar.


1733 bygsla Lars Haldorsson Hesjedal 1698-1752. Sjå Hesjedal, brukarar før 1820. Lars var frå Åsen i Hesjedal. Han hadde tent på Langhelle eit års tid då han gifte seg med enkja Marta Nilsdtr. Sjå ovanfor. Lars g.2.g.m. Marta Johannesdtr. Skaftå 1711-1754. Deira etterkomarar sat med dette bruket 1772-1921.

Born:

  1. Haldor 1740-, brukar her.
  2. Johannes 1744-1782.


1749 bygsla Olav Simonsson Fokstad 1726-1751. Sjå Fokstad/Faugstad, leigebuarar. Olav var g.m. Ingebjørg Monsdtr. Vaksdal 1725-1795. Ingebjørg g.2.g.m. neste brukar.

Born:

  1. Mons f. og d. 1749.
  2. Brita 1750-, g.m. Haldor Larsson Langhelle, brukar her frå 1772.


1752 bygsla Olav Olsson Straume. Han gifte seg same året med enkja etter den førre brukaren, Ingebjørg Monsdtr. Olav f. 1731 var frå plasset Straumshjellen i Stamnes. Sjå Straume bnr. 2. 1770 fekk han skøyte på bruket for 34 rdl. 2 år seinare gav han skøyte til stykdottera Brita og mannen hennar.

Born:

  1. Guri 1753-.
  2. Synneva 1757-.
  3. Torbjørg.


1772 skøyte til Haldor Larsson Langhelle for 39 rdl. Haldor 1740-1816 var fødd på dette bruket, g.1.g. 1749 m. Marta Knutsdtr. Leknes d. 1769. Haldor var då i teneste i Rødberg.

Haldor g.2.g.m. Brita Olsdtr. Langhelle bnr. 5 1750-1833. Sjå ofr. Dei fekk skøyte på bruket hjå stykfar hennar. 1777 fekk dei odelsskøyte.

Born:

  1. Marta 1771-, g.m. Mikkel Ivarsson Tunestveit. Sjå Haus s. 427.
  2. Olav f. og d. 1773.
  3. Ingebjørg 1774-1775.
  4. Olav 1775-, brukar her.
  5. Marta 1776-.
  6. Johannes 1778-, b. Bergen.
  7. Lars 1780-, sjå leigebuarar nedanfor.
  8. Mons 1783-.
  9. Ingebjørg 1784-.
  10. Ingebjørg 1786-1792.
  11. Marta 1789-1792.
  12. Mikkel 1792-, sjå leigebuarar nedanfor.
  13. Ingebjørg 1793- g.m. Nils Nilsson Langhelle, brukar her.
  14. Nils 1796-1797.


1798 skøyte til Olav Haldorsson 1775-1862. Foreldra fekk kår av bruket. Olav g.1 .g.m. Synneva Andersdtr. Sandvik 1764-1800.

Olav g.2.g.m. Ingebjørg Markusdtr. Herfindalen bnr. 1 1756-1838.

Barn:

  1. Synneva f. og d. 1804.

Olav g.3.g.m. enkja Anna Olsdtr. Sandvik 1782-1856.


1823 skøyte til verbror Nils Nilsson Langhelle for 150 spd. og kår. Nils f. på bnr. 6 1780 d. 1861 g.m. Ingebjørg Haldorsdtr. f. på dette bruket 1793 d. 1852.

Born:

  1. Nils f. og d. 1825.
  2. Borgny f. og d. 1826.
  3. Borgny 1827-, g.m. Peder M. Langhelle bnr. 3.
  4. Haldor 1829-1837.
  5. Olav 1832-, brukar her.
  6. Nils 1835-1856, ug.


1854 skøyte til Olav Nilsson for 100 spd. og kår. Olav 1832-1885 var g.m. Anna Mikkelsdtr. Langhelle bnr. 3 1831-1856.

Barn:

  1. Ingebjørg 1854-1864.

Olav g.2.g.m. Marta Sjursdtr. Løtveit bnr. 1 1831-1888.

Born:

  1. Ingebjørg f. og d. 1858.
  2. Anna 1859-, g.m. neste brukar.
  3. Marta 1862-, busett i U.S.A.
  4. Nils 1865-, busett i U.S.A.
  5. Ingebrigt Olai 1867-. Sjå bnr. 7.
  6. Ingebjørg 1869-, busett i U.S.A.
  7. Sjur 1873-1895, ugift.
  8. Marta f. og d. 1873.
  9. Nils 1876-1945, overkonduktør i NSB, b. Bergen, g.m. Aletta 1880


1888 skøyte til Anna Olsdtr. Langhelle f. på dette bruket 1859, g. 1889 m. Mons Haldorsson Kjøndal 1866. Sjå Sandvik bnr. 3. Mons tok no Langhelle som familienamn. 1915 fekk han skøyte på bnr. 4. 1921 kjøpte han Sandvik bnr. 1-2 og busette seg der.

Born:

  1. Ole Martin 1892-, sjå Sandvik bnr. 1.
  2. Haldor 1895-1923, ug.


1921 skøyte til Olav Nilsson Nipen på bnr. 4 og 5. Sjå nfr.

Nils Olsson Farestveit 1859-1931 og kona Inga Olsdtr. f. Straume, foreldra åt den nye brukaren, kjøpte kår hjå sonen og flytte hit. Før dei kom hit hadde dei drive eit bruk på garden Nipo i Modalen. Sjå Nipen bnr. 2, Modalen.

Born:

  1. Olav 1891-, brukar her.
  2. Johannes 1893-, gardbrukar på Hetleflåt, Os, g.m. Kari Hetleflåt. Olai f. og d. 1896.
  3. Inga 1900-, g.m. Mons Langhelle. Sjå Stavenes bnr. 14.
  4. Oskar 1902-, skulestyrar, Strusshamn, g.1.g.m. Oline Skåtun, g.2.g. m. lærar Brita Eri frå Lærdal. Sjå bnr. 18.
  5. Magnus 1905-, b. i Hyllestad, g.m. Oline Risnes. Sjå bnr. 19. Sigurd f. og d. 1907.
  6. Borghild 1909-, g.m. snikkar Ole Hindenes. Sjå leigebuarar Stavenes.
  7. Sigvald Johan 1912, sjå Stavenes bnr. 10.


Olav Nilsson Nipen 1891-1944, brukar her frå 1921, var g.m. Mette 1888-1973, dtr. åt Mette og Ole Skåtun, Fusa.

Born:

  1. Inger 19**-, hushaldar her.
  2. Margit Johanne 19**-, g.m. Johannes A. Helle. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  3. Nils Godskalk 19**-, brukar her.
  4. Ola 19**-, mylnearbeidar, b. her.
  5. Johannes 19**-, banevaktar, b. her.

Borna åt Mette og Olav Nipen tok 1958 namnet Farestveit som familienamn.


1952 skøyte til Nils Godskalk Olsson Farestveit på bnr. 4 og 5. Det vart tinglyst kår til mora Mette.


BNR 6

Daglegnamn Hansajorda.

Gamalt løpenummer 73. 1850 nytt løpenummer 482.

Gamal landskyld 13 1/2 m. smør. 1838 ny skyld 4 ort 19 sk. 1886:1,33 skyldmark.

Kring 1864 var fødnaden 7 storfe, 15 småfe. Her var 3,2 mål åker og dyrka eng. 1 mål var middels godt, 2,2 mål var ring. Engvidda var 31 1/3 mål. 8 mål var god eng, 5 mål var middels god og resten var ring. Sånad 2 1/4 t. havre, 2 1/4 t. poteter, avling 8 t. havre, 9 t. poteter, 56 v. halm, 444 v. høy. 350 v. kom frå slåttene. Av attåtfor nytta dei beit svarande til 15 v. høy for året. Her var skog nok til ved og hustømmer, men ikkje noko til sal. Bruket var vanleg godt dyrka, men her var ikkje noko område som høvde til nydyrking. Bruket var tungdrive og utsett for turke.

Til bruket høyrde eit husmannplass, Søvik. Årleg avgift 2 ort. Fødnad 4 sauer, engvidd 8000 kvadratalen middels god eng.


1695 bygsla Nils Nilsson 1665-1703. Nils var frå Herfindalen. Han var enkjemann og hadde frå fyrste ekteskap sonen Nils f. 1693. Namnet på fyrste kona er ukjent.

Nils g.2. gong 1695 m. Guri Monsdtr. Havrå. Sjå Haus s. 262. Ca.1700 flytte dei til Sedalen og bygsla eit bruk der.

Born:

  1. Marta 1697-, g.m. Anders Knutsson Kvitingen. Sjå Langhelle bnr. 5.
  2. Nils 1698-, b. Åsen, Hesjedal og Jamne bnr. 1. Sjå Hesjedal, Dale sokn, brukarar før 1820.
  3. Mons 1701-, brukar her hi 1740, sjå nedanfor.
  4. Olav 1701-, brukar på Frøland. Sjå Samnanger I s. 690.


1705 bygsla Johannes Nilsson Stanghelle 1670-1722, g.m. Marta Johannesdtr. Toskedal. Dei var barnlause. 1722 flytte dei til Stamnes. Johannes døydde stutt tid etterpå.


1722 bygsla Johannes Monsson Nedste Mjelde f. 1696, g.1.g.m. Kristi Guttormsdtr. Romslo 1687-1722. Sjå Haus s. 83 og 347.

Born:

  1. Guttorm f. og d. 1718.
  2. Guttorm 1720-1736.

Johannes g.2.g.m. Magdeli Nilsdtr. Jamne bnr. 1 1688-1758. Dei var barnlause.

Johannes Monsson og Sigrid Hansdtr. Langhelle 1701-1752 hadde ein son, Hans 1736-, busett på Småland. Sjå Gjerstad s. 11. Hans hadde ei dotter, Sigrid 1773-1857, som vart gift i Sandvik.


1740 bygsla Mons Nilsson 1701-1758, son åt Nils Nilsson som var brukar her frå 1695. Mons var g.m. Synneva Monsdtr. Vaksdal f. 1684. Dei hadde butt på Vaksdal før dei kom hit. 1758 var Mons lagrettemann. I skiftet etter Mons var nettoeiga 22 rdl. Han hadde ikkje livsarvingar. Arven vart skift mellom enkja og syskena åt Mons.

Barn:

  1. Nils 1725-1738.

1758 bygsla Tomas Sjursson Herfindalen f. 1731, g.m. Synneva Johannesdtr. Dale bnr. 14 f. 1726. Sjå Dale bnr. 14. Dei dreiv dette bruket berre nokre år. Sidan flytte dei til Herfindalen. Der vart dei brukarar på bnr. 8.


1763 bygsla Daniel Sjursson Herfindalen 1736-1814, g.m. Siri Nilsdtr. Helle bnr. 2 1723-1798. Daniel og Tomas var brør. Dei kom frå Herfindalen bnr. 5. Sjå Helle, bnr. 2.

Born:

  1. Borgny 1762-, g.m. Nils Olsson Steintveit, brukar her.
  2. Nils f. og d. 1764.
  3. Nils 1765-.
  4. Sjur 1769-, b. på Reistad. Sjå Samnanger I s. 355.
  5. Nils 1775-, b. på Veo bnr. 3. Sjå Veo bnr. 3.

I skiftet etter Daniel 1814 var nettoeiga knapt 47 rdl. Versonen Nils, som no var brukar her, fekk heile eiga som vederlag for at han hadde sytt for Daniel på hans gamle dager.


1790 bygsla Nils Olsson Steintveit, son åt Olav Nilsson Steintveit og kona Lisbet Olsdtr. f. Helland. Lisbet var av Galtung- og Rustung-ætta. Sjå Samnanger I s. 381.

Nils Olsson 1760-1831 var g. med Borgny Danielsdtr. Langhelle 1762- 1842.

Born:

  1. Olav f. og d. 1791.
  2. Daniel f. og d. 1793.
  3. Daniel 1795-, brukar på Helle bnr. 4. Sjå Helle bnr. 4.
  4. Olav 1797-, plassmann i Sauviksneset. Sjå nedanfor.
  5. Nils 1800-, brukar på bnr. 5, sjå ovanfor.
  6. Sjur 1803-, g. 1830 m. Lisbeth Johannesdtr. Hillesmark, Ulveset i Fjell.


1825 bygsla Johannes Johannesson Helle halve bruket. Den andre helvta hadde han fått skøyte på 1814 hjå faren, Johannes Monsson Helle. Johannes sette seg ned her som brukar. Han gav kår til dei gamle brukarfolka, Nils og Borgny.

Johannes f. på Helle bnr. 3 1796 var g.m. Maria Andersdtr. Fokstad f. 1808. Sjå Fokstad/Faugstad, brukarar før 1836 og Helle bnr. 3. Dei budde her til 1846. Då bytte dei dette bruket mot eit bruk i garden Morland i Sotra skipreide.

Born:

  1. Kari 1831-1857.
  2. Johannes 1840-.


1846 skøyte til Nils Nilsson f. 1798 i Sedalen på bnr. 1, g.m. Inga Gunnarsdtr. Risnes frå Manger f. 1792. Kring 1825 var dei busette i Sedalen. 1830 budde dei på Hjelma i Manger. Før dei kom hit, hadde dei drive eit bruk i garden Morland i Sotra. Dei bytte bruket i Morland mot Langhelle bnr. 6. Her stogga dei berre eit års tid. Då flytte dei til Sedalen, der 3 av brørne åt Nils var brukarar.

Born:

  1. Nils 1824-.
  2. Gunnar 1826-.
  3. Ingebrigt, b. i Håkonshella.
  4. Johannes.
  5. Thomas 1830-, steinarbeiar, leigebuar i Sedalen, g.m. Brita Andersdtr. Sedalen bnr. 9.
  6. Anders, b. i Strusshamn.
  7. Jon.
  8. Ingeborg, b. i Håkonshella.
  9. Synneva, b. i U.S.A.


1847 skøyte til Hans Johannesson Sandvik for 500 spd. Hans fekk skøyte på Sandvik bnr. 1 1836, men selde 1842 til den eldre broren Anders.

Hans 1815-1888 var g.m. Brita Sjursdtr. Løtveit bnr. 1 1822-1910. Brita budde dei siste åra sine hjå dottera på Myking. Ho vart gravlagt ved Gjerstad Kyrkje.

Born:

  1. Johannes 1848-, brukar her.
  2. Sigrid 1853-, g.1 .g.m. Besse Nilsson Skreiæ bnr. 2, g.2.g.m Jon Larsson Myking. Sjå Gjerstad s. 197.
  3. Sjur 1855-, tekstilarbeidar, b. Dale. Sjå ættesoge for Dale.
  4. Nils 1858-1885, ug.
  5. Hans 1860-1862.
  6. Hans 1863-, arbeidsformann, b. Dale. Sjå ættesoge for Dale.


1875 skøyte til Johannes Hansson Langhelle for 150 spd. og kår verdsett til 140 spd. Johannes 1848-1896 var g.m. Anna Nilsdtr. Skreiæ bnr. 2 1846-1915.

Born:

  1. Brita 1874-, g.m. Mons Johannesson Herfindalen,sjå Herfindalen bnr. 5.
  2. Kari 1877-1915, ug.
  3. Hans 1879-1904, b. i U.S.A.
  4. Nils 1882-1904.
  5. Elida Sofie 1887-1977, b. i Kristiansand.


1905 skøyte til Gustav Pettersson Høyland for kr. 2000 og kår. Foreldra åt kjøparen busette seg på bruket og dreiv det. Då Gustav ikkje kom til å overta bruket sjølv, fekk foreldra skøyte 1922.


1922 skøyte til Petter Pettersson Hovland for kr. 2000. Petter 1855-1932 kom hit som arbeidar på jarnbaneanlegget. Han gifte seg 1881 m. Ragnhild Monsdtr. Langhelle f. 1860. Sjå Monsaplasset nfr. Medan Petter dreiv med anleggsarbeid budde dei ymse stader. 1905 vart dei brukarar på dette bruket. Huslyden deira kalla seg sidan Langhelle.

Born:

  1. Gustav 1886-, murar, b. Oslo. Hadde skøyte på dette bruket 1905
  2. Berte Marie 1883-, g.m. Ole O. Langhelle bnr. 1.
  3. Ingeborg 1888-, g.m. forretningsmann Eugen Andresen, Oslo.
  4. Johannes 1890-, anleggsarbeidar, g.1.g.m. Jenny Amanda Langhelle frå bnr. 3, g.2.g.m. Marta Fjellanger. Sjå ættesoge for Dale.
  5. Ingvald 1893-, tunnelarbeidar, b. Dale, g.m. Ingeborg Fjellanger. Sjå ættesoge for Dale.
  6. Regine Petrea 1896-, b. Dale, g.m. Anders Fjellanger. Sjå ættesoge for Dale.
  7. Synneva 1898-, tekstilarbeidar, Dale, seinare husmor her. Sjå leigebuarar.
  8. Mons 1901-. Sjå Stavenes bnr. 18.
  9. Theodor 1904--1987, brukar her.


1939 skøyte til Theodor Pettersson Langhelle f. 1904- d.1987.


BNR. 7

Fredheim. Skyld 0,01 skm. Skilt frå bnr. 1 1923.


1923 skøyte til Ingebrigt Olai Olsson Langhelle 1867-1939, vegarbeidar, seinare banevaktar, f. på bnr. 5, g.m. Marta Olina Vikingsdtr. Tunes 1869-1929. Sjå Haus s. 449.

Born:

  1. Ole Martin 1892-1974, baneformann, b. Kronstad, Bergen.
  2. Ingeborg 1894-1962, b. Bergen, g.m. Enok Enoksen.
  3. Varda 1896-1967, kjøkenjente, b. Bergen.
  4. Marta 1900-1968, b. Bønes i Fana, g.m. murar Lars Larsen.
  5. Johannes 1903-1929, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  6. Inga 1905-, b. Torpo, Hallingdal, g.m. Einar Granlien.
  7. Andreas 1906-1966, jarnbanearbeidar, b. Espeland.
  8. Nils Johan 1908-, sjå nfr.
  9. Anna Oliva 1911, g.m. Edvin Tolås. Sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
  10. Anton 1913, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.


1941 skøyte til Nils Johan Langhelle 1908-1964, ug., son åt Marta og Ingebrigt Langhelle. Sjå ofr.


1965 skøyte frå dødsbu til Mikal Andersson Vaksdal 19**-0, baneformann, g.m. Inger Olsdtr. Langhelle 19**-. Sjå Langhelle bnr. 1 og Stavenes bnr. 11.

Born:

  1. Reidun 19**-.
  2. Åse 19**-, g.m. Frank Korneliussen.
  3. Arild 19**-, g.m. Aud Solfrid Berge.
  4. Kjell 19**-.


BNR. 8

Neshaug. Skyld 0,01 skm. Skilt frå bnr. 1 1948.


1950 skøyte til Magnus Fanebust 19**-, vegarbeidar, son åt Oliver Fanebust frå Lindås, b. Samnanger, og kona Kristine f. Gjerde. Magnus er g.m. Edith Olsdtr. Langhelle bnr. 1. 19**-.

Born:

  1. Kjellaug Marie 19**-, g.m. Norvald Anthun. Sjå bnr. 20.
  2. Magne Emil 19**-.
  3. Oddlaug Haldis 19**-, gm. Håkon Hagen, Stamnes.
  4. Åge Johan 19**-.


BNR. 9

Nytun. Skyld 0,01 skm. Skilt frå bnr. 1 1950.


1952 skøyte til Hilmar Fosse 1911-1965, tekstilarbeidar, son åt Kristbjørg og Torbjørn Fosse, Bergsdalen, g.m. Borghild Olsdtr. Langhelle bnr. 1. 19**-.

Born:

  1. Marit Signe 19**-, b. Askøy, g.m. Bjørn Fjæra.
  2. Olaug 19**-, g.m. Kjell Grenasberg, sjå bnr. 13.
  3. Laila 19**-, b. Stanghelle, g.m. Finn Skaftun.
  4. Borgny 19**-, g.m. Arne Boge, sjå Indre-Boge bnr. 58.
  5. Arne 19**-, g.m. Anne Marie Steinsbø, sjå Indre-Boge bnr. 60.
  6. Irene 19**-, b. Askøy, g.m. Rune Jakobsen.
  7. Jan 19**-.
  8. Idar 19**-.


BNR. 10

Aspelund. Skyld 0,01 skyldmark. Skilt frå bnr. 1 1950. Heimel har eigaren av bnr. 1.


BNR. 11

Fjellheim. Skyld 0,01 skyldmark. Skilt frå bnr. 1 1950.


1950 skøyte til Olav Andersson Vaksdal f. 1903- d. 1992, banevaktar, son åt Malena og Anders Vaksdal, Stavenes bnr. 11, g.m. Katrina Olsdtr. Langhelle f. 1910,-d. 2000. Sjå bnr. 1 ovenfor.

Born:

  1. Ottar Arthur 19**-, jarnbanearbeidar. Sjå bnr. 15 og 21.
  2. Marit Margrete f. og d. 1946.
  3. Liv Marit 19**-, g.m. Helge Klette, Voss.


BNR. 12

Vegtun. Utskilt 1957 frå bnr. 1, skyld 0,03 skyldmark. Etter 1970 skyld 0,01 skyldmark.

1957 skøyte til Bruvik herad.

1966 skøyte til Magnus Fanebust. Sjå bnr. 8.


BNR. 13

Bakketun. Skyld 0,01 skyldmark. Skilt frå bnr. 1 1962.


1963 skøyte til Kjell Grenasberg f. 19**, tekstilarbeidar, son åt Berta og Magnus Grenasberg, Dale, g.m. Olaug f. 19**, dtr. åt Borghild og Hilmar Fosse. Sjå Langhelle bnr. 9 og Sjå ættesoge for Dale.

Born:

  1. Jane 19**-.
  2. Åse 19**-.
  3. Evy 19**-.
  4. Linda 19**-.


BNR. 14

Bjørketun. Skyld 0,01 skm. Skilt frå bnr. 3 1964.


1964 skøyte til Ingrid Anlaug Langhelle f. 19**, på bnr. 3, g.m. Ingvald Jakobsen f. 19**, son åt Oskar Jakobsen og kona Inga f. Boge. Sjå Ytre-Boge bnr. 5.

Born:

  1. Henning 19**-.
  2. Magnar 19**-.
  3. Øystein 19**-.


BNR. 15

Vinheim. Skyld 0,01 skm. Skilt frå bnr. 5 1966.


1966 skøyte til Ottar Arthur Vaksdal 19**-, banereparatør, son åt Kathrine og Olav Vaksdal, Langhelle bnr. 11, g.m. Jorunn Karin 19**-, dtr. åt Agnes og Per Ingvald Hundhamar. Sjå Haus s. 256.

Born:

  1. Ann Kristin 19**-.
  2. Per Ove 19**-.
  3. Bente 19**-.


BNR. 16

Storkarshaugen. Skyld 0,01 skm. Skilt 1966 frå bnr. 5.


1966 skøyte til Johannes Farestveit 19**-, banereparartør, f. på Langhelle bnr. 5, g.m. Nelly Anlaug 19**-, dtr. åt Sigrid og Peder N. Langhelle, Sandvik bnr. 5.

Born:

  1. Sigrun Marie 19**-.
  2. May Irene 19**-.
  3. Lisbeth 19**-.


BNR. 17

Ospetun. Skyld 0,01 skm. Skilt frå bnr. 1 1967.

1967 skøyte til Johannes Farestveit 19**-, sjå bnr. 16.


BNR. 18

Storhaug. Skyld 0,01 skm. Skilt frå bnr. 5 1969.


1969 skøyte til Olav Syslak f. 19**, son åt Martin Syslak og kona Karoline f. Saltnes, g.m. Målfrid, dtr. åt lærar Oskar Farestveit f. Nipen og kona Oline f. Skåtun. Sjå bnr. 5.

Barn:

  1. Ivar 19**-, g.m. Alice Ulvenes.


BNR. 19

Utsikten. Skyld 0,01 skm. Skilt frå bnr. 5 1969.

1969 skøyte til Per Loen f. 19**, g.m. Sigvor, dtr. åt Magnus Farestveit f. Nipen og kona Oline f. Risnes. Sjå bnr. 5.


BNR. 20

Storåkeren. Skyld 0,02 skm. Skilt frå bnr. 12 1970.


1970 skøyte til Norvald Anthun 19**-, vegarbeidar, son åt Anna og Olav Anthun, Voss, g.m. Kjellaug Marie 19**-, dtr. åt Edith og Magnus Fanebust, Langhelle bnr. 8.

Born:

  1. Gunnar 19**-.
  2. Anita 19**-.
  3. Agnar 19**-.


BNR. 21

Ørnetun. Skyld 0,01 skyldmark. Utskilt frå bnr. 1 1972.

1972 skøyte til Ottar Arthur Vaksdal f. 19**. Sjå bnr. 15.


BNR. 22

Bakketun. Tillegg. Skyld 0,01 skyldmark. Utskilt 1973 frå bnr. 1.

1973 skøyte til Kjell Grenasberg f. 19**. Sjå bnr. 13.


FESTENR. OG HYTTETOMTER


Eliassen Odd, son åt Ole Eliassen og kona Jenny f. Kolgrov, fekk skøyte på ei hyttetomt 1977. Odd er g.m. Vally, dtr. åt Hermanda og Karl Olsen.

Born:

  1. Torill 19**-, g.m. Werner Schmidt f. 19**.
  2. Herdis 19**-, g.m. Einar Kristian Larsen f. 19**.


Farestveit Jostein f. 19**, son åt lærar Oskar Farestveit, Askøy, og kona Olina f. Skåtun, fekk skøyte på ei hyttetomt 1977. Tomta er utskild frå bnr. 5, der farsslekta Jostein bur. Jostein er g.m. Berit Johanne, dtr. åt Størk Nordanger og kona Borghild f. Hope.

Born:

  1. Linda 19**-.
  2. Robert 19**-.


Farestveit Oddmund f. 19**, son åt lærar Oskar Farestveit, Askøy, og kona Olina f. Skåtun, har hytte på Langhelle bnr. 5, som er bruket åt farsslekta. Oddmund er g.m. Kari f. 19**, dtr. åt Johan Karlsen og kona Ragna f. Geithus.

Born:

  1. Dag Oddmund 19**-.
  2. Liv Ingunn 19**-.


PLASSET SAUVIKSNESET


1833 bygsla Olav Nilsson Langhelle f. 1797 på bnr. 6 og kona Kari Olsdtr. f. Fossmark bnr. 5 1799-1879. Sjå Fossmark bnr. 5. I bygselbrevet som vart tinglyst, gjorde brukarane på bnr. 1, 6 og 5 det kjent at det høyrde 3 teigar til dette plasset, Sauviksneset, Naustbakken og Vassholet. Dei krøter som kunne vinterfødast på desse teigane, skulle ha rett til fellesbeite saman med krøtera på hovudbruka. Men husmannen hadde ikkje rett på å hogga noko skog, korkje til ved eller tømmer. Arleg avgift for plasset var 5 ort. Brukaren på bnr. 1 skulle ha 1 ort, brukarane på 5 og 6 skulle ha 2 ort kvar.

På teigen Sauviksneset skulle husmannen ha rett til å setja opp dei husa han trong. Her bygde Olav Nilsson eit stovehus som vart selt og flytt til Sandvik 1880. Eit nytt stovehus i Sauviksneset vart bygdt noko høgare oppe. Det var rive kring år 1900.

Born:

  1. Katrina 1823-, g. 1844 m. Berge Knutsson Midttun. Sjå Gjerstad s. 355.
  2. Borgny 1826-1914, g.1 .g.m. Fossmark, b. Askøy. G.2.g.m. Helge Helgesson Nedste Mjelde, gbr. på Tjelland. å Gjerstad s. 372.
  3. Agathe 1830-, g.m. Tomas K. Stokke. Sjå Stokke bnr. 5.
  4. Margreta 1833-, b. i Aldalen, Samnanger.
  5. Sigrid 1836-, b. på Olsnes.
  6. Nils 1840-, brukar her, sjå nfr.
  7. Olav 1845-, brukar på Langhelle bnr. 1. sjå ofr.


1868 bygsla Nils Olsson, 1840-1873, sjå ovanfor, g.m. Marta Nilsdtr. Blom 1836-1903. Sjå Haus s. 253. Nils var rokkesmed. Han hadde fått grunnsetel 1862 på ei hustomt under bnr. 6. Denne grunnsetelen vart avlyst 1865 fordi tomta vart ekspropriert i samband med jarnbanebygginga. Nils fekk ny festesetel på tomt 1865. 1868 vart plasset utvida til å gjelda Sauviksneset, Naustbrekka, Vasshola og Kammemyra. Fødnaden var 1 kyr, 8 sauer. Sånad 1/4 t. havre og 1 t. poteter.

Born:

  1. Olav.
  2. Nils 1870-.


MONSAPLASSET


1858 bygsla Mons Mikkelsson og kona Brita Johannesdtr. nokre teigar under bnr. 5. Husa deira stod i tunet saman med dei andre gardshusa.

Den årlege avgifta var 4 arbeidsdagar, 2 om våren og 2 om sommaren. 1975 var fødnaden på plasset 2 kyr, 8 sauer. Sånad 1/4 t. havre, 1 tunne poteter.

Mons Mikkelsson 1826-1921 var gråsteinsmurar. Han sette opp mange kjellarar og fjøs. Foreldra hans, Mikkel Haldorsson og Ragnhild Monsdtr. var leigebuarar på Langhelle. Sjå, nfr. Mons var g.m. Brita Johannesdtr. Mele 1828-1904. Sjå Gjerstad s. 389.

Born:

  1. Ingebjørg 1857-1858.
  2. Ingebjørg f. og d. 1859.
  3. Ragnhild 1860-, g.m. Petter P. Hovland. Sjå Langhelle bnr. 6.
  4. Mikkel f. og d. 1863.
  5. Ingebjørg 1865-, b. i Oslo.
  6. Mikkel 1867-1905.
  7. Johannes 1870-1873.
  8. Elling 1873-. Sjå Stavenes bnr. 14.

Då Mons var død, vart huset selt til brukaren på bnr. 5. Der vart det nytta til vilkårshus.


LEIGEBUARAR

1814 vart Mikkel Haldorsson Langhelle bnr. 5.1792-1857 g.m. Ragnhild 1791-1875, dotter åt Mons Pedersson Øye og kona Marjo Helgesdtr. f. Brekke. [[Sjå Bergsdalen s. 198. ]] Born:

  1. Brita 1815-.
  2. Synneva 1817-, g.1 .g.m. Mons Larsson Indre-Boge , leigebuar i Skreiæ, seinare b. Bergen. G.2.g.m. Petter Fredrik Solbjørg. Haus s. 90.
  3. Haldor 1819-, sjå Sandvik bnr. 3.
  4. Maria 1822-, g. 1851 m. Salmakar Hans Henrik Hansen, Bergen, f. i Drammen 1823. Sjå Haus s. 104 nr. 164 b.
  5. Mons f. og d. 1825.
  6. Mons 1826-.
  7. Lars 1830-.
  8. Ingebjørg f. og d. 1833.
  9. Ingebjørg 1834-, g.m. Olav Tomasson Stavenes bnr. 1, b. på Trengereiddalen. Sjå Haus s. 306.


1962 vart Anders Olsson Langhelle bnr. 1 1828-1918 g.m. Marta Nilsdtr. Blom 1828-1915. Anders voks opp på Blom i Haus hjå farbroren Knut. Han kalla opp att eldste sonen etter han. Sjå Haus s. 253 og Arna s. 117.

Anders var ei tid vegarbeidar. Seinare dreiv han som slaktar og saueoppkjøpar. Han kjøpte lamsau om våren og leigde beite åt dei i Kvitingen i Samnanger. 1875-1879 dreiv han eit bruk i garden Arna. Sjå Arna s. 117. Han selde garden og flytte til Sandvik. Der bygde han hus tett nede ved sjøen. Her budde Anders og Marta til 1900. Då kjøpte dei kår hjå sonen Knut som hadde kjøpt seg gard i Ølen. Kåret vart betalt med kr. 2000, omfata foster til ei ku og 4 sauer, hus, ved, poteter og noko mjøl.

Born:

  1. Barbro 1866-, g.m. Anders Bruvik, busett Vassli, Valestrand.
  2. Knut 1870-, sjå nedanfor.


1894 vart Knut Andersson Langhelle 1870-1939, g.m. Anna Johannesdtr. Havre 1865-1927. Sjå Haus s. 269. Dei budde på Dale til 1900. Knut arbeidde på veganlegget i Bergsdalen. Anna var tekstilarbeidar i Dale Fabrikker frå 1891. 1900 kjøpte dei gard i Ølen og flytte dit. Attåt gardsbruket dreiv Knut som vegarbeidar og vegoppsynsmann.

Born:

  1. Anders 1895-, gardbrukar, vegarbeidar og vegoppsynsmann i Ølen. G.m. lærar Brita K. Heskestad frå Rogaland.
  2. Maria 1898-, g. 1933 m. Mons O. Nedste Mjelde. Sjå Haus s. 100.
  3. Johannes 1900
  4. Martin 1902-, b. Høyland, g.m. Inga Bergesdtr. Høyland.
  5. Mikal 1904-1945, ug. b. Ølen.
  6. Ingebjørg 1906-, g.m. Oliver Mortvedt, b. U.S.A.


1877 var Johannes Olsen og kona Karen Jakobsdtr. busette her, då sonen Ole var fødd.


1878 budde jarnbanearbeidar Johannes Johnsson frå Sverike her saman med kona Kari Richardsdtr. og sonen Alfred f. 1878.


1878 budde jarnbanearbeidar Karl August Antonsen her saman med kona Anna Marta f. Mathiesen og dottera Amalie f. 1878.


1878 jarnbanearbeidar Jørgen Ingebrigtsson Natvik f. om lag 1852 i Årdal og kona Helena Hansdtr. f. på Stord om lag 1853.

Born:

  1. Severine Amalie 1878-.
  2. Ida Johanne 1880-.
  3. Kristian Olai 1882-.


1879 vart jarnbanearbeidar August Johannesson Vakkelsong frå Sverike f. om lag 1844, g.m. Anna Sjursdtr. Kvale frå Sogndal f. om lag 1855.

Born:

  1. Ida Kristina 1879-.
  2. Johan Alfred 1881-.

1889 var jarnbanearbeidar Andreas Andersen og kona Amalie f. Torsteinsen busette her.

Born:

  1. Bertine Severine 1889-.
  2. Augusta 1891-.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy