Løtveit

Frå Vaksdal Historielag

(Skilnad mellom versjonar)
Jump to: navigation, search
Line 256: Line 256:
I skiftet etter Brita Monsdtr. 1758 var bruttosummen i buet vel 65 rdl. Nettoen var 55 rdl. Enkjemannen ervde helvta, resten vart delt mellom heilsysken og halvsysken åt Brita. Sjå Haus s. 404.
I skiftet etter Brita Monsdtr. 1758 var bruttosummen i buet vel 65 rdl. Nettoen var 55 rdl. Enkjemannen ervde helvta, resten vart delt mellom heilsysken og halvsysken åt Brita. Sjå Haus s. 404.
 +
 +
 +
<center>
 +
==BRUKARAR==
 +
</center>
<center>
<center>

Versjonen frå 22:20, 9 april 2009

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band I | Bruvik sokn innhald


Gards og ættesoge for Løtveit. Gards og ættesoge for Løtveit.

Fil:Lotveit 01.gif


GNR. 156 LØTVEIT

Innhaldsliste

Innleiing

Løtveit ligg lengst inne på Bruvikdalen. Lendet hallar nordover mot Storavatnet. Løtveit ligg difor lågare enn grannegardane Vassdal og Gamletunet på Løtveit ligg 235 m. o. h. Fråstanden til Seilæ er ca. 2 km i luftlinje, til Vassdal ca. 1 km.

I Bjørgvins Kalvskinn ca. 1320 vart gardsnamnet skrive Lodutuæit og Ladutuæit. Seinare finn me desse skriveformene: Løgethusedt 1563, Lørtued 1567, Løffthued 1610, Løetuet 1620, Løtvet 1667, Lødtvet 1723. Bygdemålsuttalen er lø'tveit. Namnet er samansett av hokjønnsorda løe og tveit (gamalnorsk lada og tveit). Ordet tveit er mykje brukt i stadnamn i Hordaland. Tydinga er "grasflekk mellom skog eller berg, slåtteland i skogen". Både i Hosanger og i Lindås er det gardar som heiter Løtveit. Desse gardane må ha vorte rudde på stader der eldre gardar i nærleiken hadde slåtte og utløe. Nokre fornfunn fortel om kor gamal garden er. Ei gravrøys og ein haug er registrerte av Bergen Museum. Haugen låg på ein naturleg kul i bakken på bnr. 4 20 m sør for grensa mot bnr. 3. Den gamle vegen til Njåstad gjekk framom denne haugen. Ein åker, Langåkeren, låg innåt haugen på eine sida. Haugen var berre 1 m i tverrmål. Då dei opna haugen, fann dei eit lite firkanta rom, 20 cm på kvar kant, 15 cm høgt. Det var bygt av samanlagde steinar og dekt med ei helle.

Eit stykke nord for denne haugen låg det ei røys, truleg 6-7 m i tverrmål. Røysa var lagd opp kring ein jordfast stein. I denne røysa var det ei mannsgrav frå den yngre jarnalder, 600-1050 år e. Kr. I grava fann dei sverd, øks, klinkhammar, eit skiferbryne og eit kvartsbryne. Funnet er mykje omtale i Bergens Museums Årbok 1913 og i Førhistoriske minne i Nordhordland, Bruvik Prestegjeld, Bergen 1966. Dette gravfunnet kan gje ein peikepinn om når garden var rudd, dersom ein tenkjer seg at det var rudningsmannen som hadde fått røys kring grava si.

Løtveit grensar til Kyrkje-Bruvik (Seilæ), Kyrkjeteigen åt Mjelde skipreide, Mele, Låstad, Njåstad, Hakanes og Vassdal. Grensa vart skriftfest 1836. Då var det minneleg utskifting på Løtveit. Folk frå grannegardane møtte og var med på grensegangen.

Grensa mot Kyrkje-Bruvik tek til i Storelva ved Monsbrua. Her vart det hogge kross i ein jordfast stein. Frå denne steinen var det eit 540 alen langt merkesgjerde mot sørvest til Høyhaugen. Derfrå gjekk merkesgjerdet mot sør til Storseilhaugen, som er siste punkt på grensa mot Kyrkje-Bruvik (Seilæ). Grensa mot Kyrkjeteigen åt Mjelde annekskyrkje tok til i Storseilhaugen og går 560 alen langs merkesgjerdet i sørvest til Lundekleivsledet. Her vart det hogge kross. Grensa går vidare til Litunbotnen og Litunfossen opp til fjellbruna, heile tida i same retning. Ved enden av grensa oppe på fjellbruna vart det sett ned ein merkestein med 2 visarar. Her byrja grensa mot fjellbeitet åt garden Mele. Den går 1850 alen mot nordvest og endar på Grunkjønnsleitet, der det er stein med 2 visarar. Frå Grunkjønnleitet held grensa fram etter fjellbruna til Jettenipa. På hi sida av grensa ligg fjellbeitet åt garden Låstad. Frå Jettenipa går grensa 800 alen mot nordvest til Svarthammarfossen. Fjellbeitet åt garden Njåstad ligg på hi sida av grensa.

Ved Svarthammarfossen byrjar grensa mot grannegarden Hakanes. Den går 1675 alen mot nordaust til Blautevikseidet. Her byrjar grensa mot Vassdal. Denne grensa fyl StoreIva 3418 alen opp til Monsbrua, der grensa mot Kyrkje-Bruvik (Seilæ) tek til.

1941 vart det halde utskifting over Njåstad si utmark med grenseskildring og deling av gjerdeplikt med Løtveit.

1947 vart det halde grenseganger over stølsmarka åt Revheim og fleire gardar.

Det eldste skriftlege vitnemålet om garden finn me i Bjørgvins Kalvskinn frå 1320-åra. Neste gong garden er nemnd, er i ei skatteliste 1563. "Mogens po Løgethuedt" betalte 12 daler og stod saman med lauskarar og husmenn i skattelista. Likevel synest det truleg at han var brukar på Løtveit, og at den låge skatten kan koma av at han sat på ein gard som hadde lege øyde. Løtveit var truleg øydegard ei tid etter svartedauden.

Den fyrste skildringa av garden finn me i matrikkelen 1723: "Ligger over en halv Mil fra Søen paa samme øe. Uvis til korn formedelst frost og meget tungvunden. Intet Sætter. Furreskoug til Huusfornødenhed og brendefang. 1 flomqværn. Leever dog meest Qvægets avling."

Herredsbeskrivelsen 1863 legg også vekt på gardsvegen: "5/8 Miil vanskelig Vei til Søen, derfra 4 Miil til Bergen".

Den vanlegaste sjøvegen gjekk til Bruvik. Men det hende dei drog til Fotlandsvåg. Då kunne dei ro over Storavatnet. Frå Bruvik var det ein gamal veg opp til Gjerslåttleitet. Men det var bratt, og hesten greidde ikkje dra tunge lass etter den vegen. Når ein mjølsekk på 100 kg skulle heim, la dei gjerne 60-70 kg på lasset, og bar resten på ryggen. Oppe på dalen drog dei mykje i handkjerre. Men det var mykje som måtte berast i kipe eller i børtog. Sildekassar og fiskekassar la dei på tog.

På slutten av 1500-talet og fyrst på 1600-talet var det berre 1 brukar. I 1650-åra vart garden delt i 2 jamstore bruk. Brukarane var leiglendingar under presten i Haus. 1788 og 1811 vart det tinglyst bygsel- setlar på fjerdeparten av garden, men det førde ikkje til varig oppdeling. Bruka hadde bnr. 19 og 20 i Arna skipreide. 1838 fekk dei to brukarane kongeskøyte og vart sjølveigarar. Båe delte bruka sine mellom borna. Sjur Olsson på bnr. 19 let sonen Olav få skøyte på halve bruket. Den andre helvta skøytte Sjur til dottera Kari og kjærasten hennar, Knut Knutsson Indre-Boge. Sjå bnr. 1 og 2. På bnr. 20 fekk enkja Anna Jensdtr. kongeskøyte 1838. Ho overlet 2/3 av bruket til sonen Anders Sjursson. Versonen Olav Jakobsson Vassdal fekk skøyte på 1/3. Sjå bnr. 3 og 4.

1846 var det skilt ut ein liten part av bnr. 3. Det var eit stykke innmark som dei kalla Nygard og ei fjellslåtte som dei kalla Briteslåtta. Kjøparen var ein verson åt den gamle brukaren på bnr. 3. Sjå bnr. 5.

Etter 1886 har det ikkje skjedd noko som har skipla den innbyrdes storleiken mellom bruka. Men det har kome nye slekter på fleire bruk. Dei namna som vart brukte til dagleg har også skift.

Bnr. 1 kalla dei Oppetræet etter ein brukar som kom hit 1849 frå Oppetræet på Rongve i Gjerstad. Kona hans var frå dette bruket, av den gamle brukarætta her.

Bnr. 2 kallar dei Olane etter den fyrste eigaren av bruket.

Bnr. 3 kallar dei Hansane etter Hans Olsson Blomdal. Hans gifte seg med enkja Anna Olsdtr. Ho hadde fåit dette bruket utlagt i skiftet etter 1. mannen 1856.

Bnr. 4 kallar dei Vassåsane. Vassåsen er eit plass under Vassdal. Dei fyrste bruksfolka på bnr. 4 budde på Vassåsen før dei kom hit. Namnet fylgde med dei.

Bnr. 5 heiter Monsane. 2 av brukarane har heitt Mons.

Før den offentlege utskiftinga budde alle i eitt tun. Tunet låg i ei lun hole midt i innmarka. Bnr. 1 bur i dette tunet enno. Dei andre har flytta ut. Alle husa stod i ei klyngje. Eit turkehus åtte bnr. 2 og 3 i lag. Dei fleste husa var tekte med never og torv. Løene hadde brakekledning. Dei hadde to dørar. Den minste kalla dei viskingadøra. Den brukte dei mest. Den største kalla dei storedøra. Ho var delt tvertover.

Eit av dei eldste husa i tunet var stova på bnr. 2. Attmed stova var det ein gang, like brei som stova, med dører ut i båe endar. Denne gangen kalla dei døræ. Innåt gangen var det bygt ei yngre stove. Ho var delt i to, bu og kammers. Dette yngste huset vart flytta etter utskiftinga. Men den gamle stova gjekk til brensel. Bnr. 2 flytte husa sine 1912. Dei bygde ny løe med brakekledning. Denne brakekledninga stod så seint som 1956.

Delinga av garden i 2 bruk midt på 1600-talet hadde ført til ein del teigblanding. Ved den minnelege utskiftinga 1836 freista dei å byta om, slik at kvart av dei to bruka fekk skog og innmark samla. Av utskiftingsforretningen går det fram at alt vart unnagjort på 3 dagar: Den 17. oktober gjekk dei opp grensa mot grannegardane. Den 18. oktober "beskieftigede man sig ...... med at Samle Ager og Eng og Skov for saavit Natturaarsager ey lagde Hindringer i Veien, uagtet gaarden Løtvedts indmark var til faaren Ud-Skiftet i Teiger, og blev nu ved Ud-Skiftningen om byttet saa de har hver sin Teig. Ageren ble Samlet i hver sin Teig, med Undtagelse af en Ager kaldet MeeAgeren der tilhører Sjur Olsens brug der er 40 Allen lang og 27 Allen bred, beligende i Sjur Andersens Enkes brug eller bøeteig. Denne Ager skiønnedes ey at kunde faa om byttet for di der ey fantes Ager i Ole Sjursens brug ei heller bøe som var tienlig til Ager som kunde hægnes til Sjur Andersens Enkes brug. Da Dagen Saaledes var med gaaet udsattes Forretningen til den næstpaa følgende Dag:"

Den 19. oktober sette dei ned merkesteinar og mælte opp grensene mellom dei to bruka. Innmarka vart delt med ei line som gjekk over ein stor stein mellom stovehusa åt dei to bruka.

"Ligeledes bemerkes at Gaarden Løtvedts op Sidere har Sine Huuser Saavel Vaanings Huuserne som de øvrige behørende Huuser hver i sine nu Udskiftede Teige."

På nedsida av tunet fylgde merkeslina stort sett gardsvegen ned til Storelva. På oppsida gjekk merkeslina rett opp mot bøledet. Bnr. 1 åtte på sørsida av lina. Bnr. 3 åtte på nordsida. Straks etter denne utskiftinga vart båe bruka delte. Då vart det teigblanding på nytt. Bnr. 1 hadde 30 bøteigar før den offentlege utskiftinga 1910. Det er ikkje visst at alle desse teigane vart utlagde ved frådelinga av bnr. 2 1838-39. Nokre av teigane kan ha vore inntekne frå utmarka og dyrka seinare. Men etter Herredsbeskrivelsen å døma var det uvanleg mykje teigblanding på Løtveit i 1860-åra.

Ved den offentlege utskiftinga 1911 fekk kvart bruk innmarka samla. Bnr. 2 vart liggjande lengst sør. Deretter bnr. 1, 4 og 3, og 5. Berre bnr. 1 vart buande i det gamle tunet. Dei andre flytte ut.

1863 var åkervidda knapt 20 mål. Om lag 4 mål var god åker, 9 mål var middels god. Resten var ring åker. Den største og beste åkeren heitte Brekkena eller Brekko. Der var god jord og solvendt. Denne åkeren var delt mellom dei gamle hovudbruka, bnr. 2 og 3. Grensa gjekk etter ei høg reine som delte åker ovanfrå og ned. Myråkeren var delt på same måten. Den var delt mellom bnr. 1 og 2.

Engvidda vart 1863 rekna til vel 200 mål. 14 1/2 mål var god eng. Knapt 15 mål var middels god. Det aller meste, om lag 170 mål, var ring eng. Slåttonna byrja 10. juli. Det var ein merkedag, "Knut med ljåen". På bøen hadde dei trehesjer, 20-25 rom i kvar hes. Desse hesjene fylte dei mange gonger. Fyrste gongen hesja dei tunt. Med fyrste hesjafylla turka, gjekk dei gjerne i slåttene og slo. Då fekk det veksa meir på bøen. "Der findes UdSlaatter til denne Gaard hvor i de har hver Sin del og ey kan opmaales for medels Steille bierg. OpSiderne paa Gaarden Løtvedt Saa ve! som de 2de Skiønsmænd erklærede ens Stemmigen at Udmarken bør forblive i eftertiden som den har været i fortiden, og ey kunde Ud Skiftes, men benyttes feller af opSiderne."

Skogen er teigdelt. Bnr. 1 og 2 har to teigar som dei eig i lag. Elles er det berre ein eigar til kvar. Men kvar eigar har fleire teigar. Dei eldste oppgåvene over skogen tyder på at her var skog nok, men han var småfallen. "Smaa Furreschoug til Husbehoff", skreiv Landkommisjonen 1661. Men 200 år seinare var det knapt med skog. Det ser ut til at det ei tid var mykje gamal skog som øydela for ungskogen. Då dei hogde ned storskogen, vaks det opp mykje ungskog. Men så lenge dei heldt geiter, gjekk beitinga hardt ut over ungskogen. I 1860-åra var det berre bnr. 4, som hadde nok tømmer og ved. Dei andre bruka hadde for lite. Bnr. 5 hadde berre helvta av det dei trong. No har dei vedskog nok på alle bruka.

Før brukte dei ein del torv til brendsel. Dette er nemnt i Herredsbeskrivelsen 1863. Torvmyra låg i ein skogteig som ein av brukarane åtte, men fleire bruk fekk stikka torv der. Dei turka torva på ein voll attmed myra. Der hadde dei torvhus som dei lagra torva Nokre torvhus stod att i 1956, men å hadde dei ikkje vore i bruk på lenge.

Det har vakse meir til med skog etter at dei slutta å halda geiter. Den gamle landskylda var 1/2 laup smør og 2 våger never. Dette tyder på at dei i mellomalderen kunne losta meir never enn dei trong til eige bruk. 1956 fortalde brukaren på bnr. 1 om logging, losting, skaving og sanking av beit og lyng: "Me både logga og losta før slåtten kom. Me losta borken av bjørkene og så nytta me lauvet av dei. Utpå hausten, når onnene var ferdige, logga me gjerne litt raun. Her finst ikkje ask i marka, men her er nokre askar på bøen. Eg trur dei er planta. Me skov raun og osp, og me braut beit. Det var kveldsarbeid heile vinteren. Han far hogde opp beita og la ho i bører ute. Om kvelden tok me beita inn. Me sat i stova og braut. Me brukte også ein del lyng til for. Her har vore bra med lyng. No er lyngen grov. Den tida lyngen vart skoren, var han mykje finare."

Både beit og lyng er nemnde i Herredsbeskrivelsen 1863. Utmarksbeitet var felles. Om beitet heiter det: "Ved gaarden av middels Beskaffenhed og mere end tilstrækkelig." At beitet var rikeleg syner seg m. a. i tinglyste leigekontrakter frå 1700- og 1800-talet. Så lenge brukarene på Løtveit var leiglendingar, var det soknepresten i Haus eller fullmektigen hans som stod for utleiga. 1803 fekk klokkar Nils Monsson Myking m. fl. bygsla stølsbeite. 1818 fekk Jakob, Elling og Mons Bysheim bygsla beite.

Etter at brukarane hadde vorte sjølveigarar, vart desse bygselavtalene tinglyste: 1844 fekk Nils J. Mjøs og Ole A. Mjøs leiga Øvredalen i 25 år. Retten skulle gå over til Beira etterfylgjarar dersom det var skifte av brukarar desse åra.

1849 fekk Nils Monsson Hatland festesetel for 25 år på Litunbotnen:

FÆSTESÆDDEL.

Vi underskrevne Ole Sjursen, Johannes Olsen, Erik Johannessen, Ole Jakobsen og Anders Nielsen Løetvedt tilstaaer herved at have fæstedt og bygslet, ligesom Vi herved bygsler og fæster til NIELS MONSSEN HATLAND et under vor eiende Gaard Løetvedt Mtr. No. gammelt og nyt 4re i Arne Skiprede beliggende Stykke i Udmarken LITUNBOTNEN kalde. Bemeldte Stykke grændser i sydost mod den under Mjeld Kirke beliggende Kirketeig og Syd og Vest mod Mærkeslinien mellem Præsthun og Mæhles Fjeldbeitning, mod Nord i det saakaldte Kirkeskaret og derifra mod Sydost efter et Hammerlag til nedre Lithunbrotfossen, overnnaevnte Kreds . . . overdrager bemeldte Stykke til Havnegang for Niels Monssen Hatlands Creature paa 25 / fem og tyve Aar, eller de paa samme Brug værende Beboere paa følgende Betingelser:

  1. Af ovennævnte Vidmærke skal han have Frihed at benytte til Havnegang, allene den halve Part i fornævnte Tidsrum.
  2. Skal han saalænge som Mons Nielssen Byseim lever og bruger den anden Andeel, skal der kun beites allene 5 fem / Kjøer.
  3. Naar bemeldte Mons Nielssen opgiver sin Brugsret skal han have Frihed at beite saamange som fødes paa sit eiende Brug.
  4. I det Tidsrum som Mons Nielssen Byseim bruger benævnte Andeel skal han for saamange Creature som overstiger de nævnte 5 / fem have Frihed at beite i H emme-Udmarken.
  5. Den fornødne Sæterbrænde skal han have Frihed of fal Brænde at tage i vores Skov: endvidere skal Rasmus Monssen Hatlan, naar oftnævnte Mons Nielssen Byseim fragaaer, have Fortrinet at erholde efter den Tids Overeenskomst.
  6. I Aarlig Afgift svares til Os lle - 1 Ort 6 Sk der erlægges til Mikaeli hvert Aar.

Den omforenede Bygselsum er Os rigtigt udbetalt, og endelig paalægges ham, at forsaavidt muligt paasee, at ingen Uvedkommende fornærme Os paa bemeldte Stykke med sine Creature, og heller ikke Fæsteren med sine, fornærme hverken Os eller nogen anden med sine Creature.

Gaarden Løetvedt d. 20de Novbr. 1849.


Til Vitterlighed Ole Sjursen Løtvedt

Peder Knudsen Lie Johannes Olsen Løetvedt Markus Knudsen Watzdahl Erik Johannes Løetvedt beg. m. f. P. Ole Jakobsen Løetvedt Anders Nielssen Løetvedt all. m. ført P.


Ovennævnte Forpligtelser forpligter jeg mig til at opfylde og efterkomme under min Fæstes Tab.

Datum ut supra.

Thinglæsning 1 ort 8 / Niels Monsen Hatland.

een Ort otte Skilling Læst inden Retten ved Høstthinget for Arne Betalt Skiprede den 3 Decbr. 1849 samtidigen med Nergaard. den originale Fæsteseddel og behørigt

protocolleret : test.
Nergaard."

1877 fekk alle brukarane på nordre Vevle leiga Litunbotnen til sauebeite i 25 år. Dei betalte 100 spd. i eingongsavgift. Seinare skulle dei betala 80 øre året i leige.

1857 fekk Jon Monsson festesetel på eit stølsbeite mot å betala 60 skilling for året i leige.

Før var det slik at kyrne skulle gå meir oppe i fjellet ei tid om sumaren for å spara heimehagen. Dette er det slutt med no. Det var ikkje gjerde mellom heimehagen og fjellhagen, men dei hadde gjerdt inn nokre fjellslåtter. Dette gjerdet heitte Slåttegarden. Løtveit har ikkje hatt seter. Men dei hadde vårflorar ved bøgarden. Der batt dei inn kyrne haust og vår. Geithus hadde dei og, men ikkje lamhus, endå det var vanleg i eldre tid å stengja lamma inne, så dei fekk mjølka sauene. Oppom vårflorane låg Gjeilæ. Det var eit klype, laga til med steingard ned åt florane. Det var lettare å sanka sauane når dei fekk dei inn i eit slikt klype.

1723 hadde garden ei flaumkvern. Dei to bruka hadde kverna i lag. Etter at dei gamle hovudbruka hadde vorte delte, heldt denne sameiga seg. Eit bruk frå kvar av helvta av garden, bnr. 2 og 3, åtte turkehus og kvernhus i lag. Dei andre 3 bruka hadde kvar sitt. Kvernstøet var i Storelva. I 1956 stod det berre eit kvernhus att. Det var kvernhuset åt bnr. 2 og 3.

Fisket i vatnet og Storelva er felles. Alle kan fiska der dei vil, berre dei ikkje går på bøen og trakkar ned graset. Før fanga dei fisk i merd. Slike fiskereidskapar hadde dei 1956 på bnr. 4.

1909 vart det tinglyst ekspropriasjon og semnjer som gav L. Holm og hans ettermenn på Fotland rett til å byggja stemne og støne dam ved utlaupet åt Storavatnet. Hosanger herad fekk skøyte 1916 på vassrettar m. m. Heradet selde rettane vidare 1917 til Hosanger, Haus og Hamre kommunale kraftverk. Kraftverket fekk konsesjon på utbygging 1919. For å gjennomføra utbygginga vart det sett i verk ekspropriasjon av grunn- og vassrettar.

Før var her mykje grannesamarbeid. Bytesarbeid var vanleg når dei sette opp hus eller dreiv med andre meir uvanlege arbeid som ikkje alle var kunnige i. Da fekk dei hjelp hjå ein granne som var kunnig, og hjelpte han att seinare, t. d. i onnene.

Kring 1915 kjøpte dei treskemaskin og drøftemaskin. Brukarane åtte desse maskinene i lag, og dei gjorde bytesarbeid når dei treskte. Dugnad var vanleg når dei skulle leggja torvtak. Løtveit, Vassdal og Seilæ var ei tokerot. I gravarota var også Hakenes med.

Våren kjem seint oppe i Brøkdalen. På Løtveit rekna dei med at 15. mai var spadtid (spoda). Nede ved fjorden byrja spoda 14. april. På Hosanger, Litland og Fjellskålnes var denne spodtida heilt årviss. Det var fast skikk at folk frå Løtveit drog ned til desse gardane for å vera med på spoda og tena seg nokre kroner. Dei for med spadane på aksla. Det var trespadar med påslege jarn nede, slike som dei brukte før. Folk frå Løtveit var heist i arbeid på Fjellskålnes, hjå Fjellskålneskongen, (Jørgen Olsson Fjellskålnes 1858-1937. Sjå Hosanger I del 1 s. 256) Dei fekk 1 ort for dagen i arbeidsløn. Dette var kring 1880. Dei sa ort også etter at krona var innført 1875.

SKYLD, SKATT, FØDNAD, AVLING OG FOLKETAL

Gamalt matr.nr. 4 i Arna skipreide. Nytt matr.nr. 1853: 115. 1886-1964 gnr. 10 i Bruvik Herad.

Landskyld 1590-91: 45 merker smør. 1648: 36 merker smør, 2 våger never. 1665: Landskyld 1 laup (72 merker). Skatteskyld 1 laup smør. 1838: Ny skyld 1 dl. 11 ort 76 sk. 1886: 6,20 skm.

Leidang 1567: 1 saueskinn. 1590-91: 1 saueskinn, 1 kalveskinn. Fredtoll kvart 5. år. 1665: Leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar 1/2 rdl. 13 sk. Småtiende 8 sk. Kandtiend 2 1/2 mele.

Sånad 1665: 3 tunner havre, avling 5 1/2 tunne. 1666: Sånad 3 tunner havre, avling 4 tunner. 1723: Sånad 4 tunner havre, avling 12 tunner. 1863: Sånad 10 3/4 tunne havre, 11 1/2 tunne poteter. Avling 45 1/2 tunne havre, 59 tunner poteter, 1560 våger høy, 318 våger halm. I slåttene hausta dei 160 våger høy. Beit og lyng svara til vel 65 våger høy.

1863 var åkervidda knapt 20 mål. 3 9/10 mål var god åker, 7 mål var ring åker, resten var middels god. Engvidda var 200 1/2 mål 14 1/2 mål var god eng, knapt 15 mål var middels god, resten var ring.

Fødnad 1657: 2 hestar, 8 kyr, 5 kviger, 18 geiter, 22 sauer. 1665: Fødnad 16 storfe. 1666: Fødand 10 storfe. 1723: Fødnad 1 hest, 12 kyr, 3 ungfe, 12 sauer. 1863: 3 hestar, 22 kyr, 9 ungfe, 98 småfe. 1875: 1 hest, 1 okse, 23 kyr, 9 ungfe, 76 sauer, 29 geiter.

Folketal 1801:15. 1865: 35. 1875: 43.

EIGARAR

Løtveit er gamalt kyrkjegods. I den gamle kyrkjerekneskapen frå 1300-talet, Bjørgvins Kalvskinn, var Haus prestebord eigar av 3 laupar smør i Løtveit, og Bruvik Kyrkje av 1/2 laup smør. På 1600-talet og seinare er det berre Haus prestebord som er oppgjeven som eigar.

1838 vart det gjeve skøyte på halve garden til brukaren Sjur Olsson for 350 spdl. og ei årleg jordavgift på 1 tunne 1 skjeppe 2 1/3 fjerdingkar bygg. Den andre helvta av garden vart det gjeve kongskøyte på 1838 til enkja Anna Jensdtr. for 350 spdl. og årleg jordavgift 1 tunne 1 skjeppe 2 1/3 fjerdingkar bygg.

Før 1838 var brukarane på Løtveit leiglendingar og fekk byselsetlane sine utskrivne av soknepresten i Haus eller hans fullmektig.

BRUKARAR FØR 1750

Nils Løtveit er nemnt i lensrekneskapen 1590-91.

1603 finn me brukaren Olav Løtveit og 1611 brukaren Anders Løtveit. Båe finn me i landskattelistene mellom dei leiglendingane som betalar 1 dl. i skatt. Anders er også nemnt i landskattelista 1620.

1630-31 finn me Magne Løtveit i landskattelista mellom øydejordsmenn. I landskattelista 1638 finn me han mellom halvegards- og øydejordsmenn som betalar halv skatt. I koppskattelista er Magne oppført som Magne Torsson. Kona heiter Brita. Dei har ein vaksen son, Olav, og ei dotter, Marta buande heime. Magne er også oppført som brukar i husdyrmanntalet 1657. Fødnaden hans var 1 hest, 2 kyr, 3 kviger, 10 geiter og 10 sauer. I odelsskattemanntalet 1661 er det oppgjeve at Magne Løtveit åtte ein jordepart på 1 pund smør og 4 kanner malt i garden Skår i Eikanger skipreide.

I skattemanntalet 1648 og 1655 er Magne den einaste brukaren på Løtveit, men 1657 hadde det kome ein brukar til, Nils Sjursson f. om lag 1625. Han er også nemnt i manntalet 1666. Fødnaden hans var 1657: 1 hest, 6 kyr, 2 kviger, 8 geiter, 12 sauer.

Det er ikkje opplyst noko om at Nils Sjursson var gift og hadde born. Magne Torsson og kona Brita hadde desse borna, som er kjende:

  1. Olav f. før 1633.
  2. Marta f. før 1633.
  3. Nils f. 1658, nemnt i manntalet 1666.

1666 var Magne Torsson død. Den brukaren som hadde kome i staden heitte Olav Fabiansson, og var f. om lag 1630. Han var g.m. Marta Andersdtr. d. 1708.

Born:

  1. Olav 1665-, brukar her.
  2. Magne 1668-1741, brukar på Vestre Kleppe, g.m. Brita Magnesdtr. Kleppe. Sjå Hosanger Del 1 s. 582.
  3. Fabian d. som soldat 1706.
  4. Brita 1680-, g.m. Anders Monsson Vestre Kleppe, brukar her. Sjå nfr.
  5. Ivar d. før 1708.

Då Olav var død gifte Marta seg 2.g.m. Mons Johannesson, brukar her. Sjå nfr.

Mons Johannesson f. om lag 1635 gifte seg m. enkja Marta Andersdtr. Løtveit, og vart brukar her. I saka mot sokneprest Hiermand 1706 vitna Mons at bruket hans var 3/4 av garden, og at han måtte betala presten ei årleg landsskyld på 2 rdl. 1 ort og 20 sk. i arbeidspengar. Ved skiftet etter Marta Andersdtr. 1708 var bruttosummen i buet vel 33 rdl. Nettoen var 25 rdl. Av skiftet går det fram at Marta Andersdtr. og Mons Johannesson ikkje hadde born i lag. Arven vart delt mellom Mons og borna åt Marta frå 1. ekteskap med Olav Fabiansson. Sonen Ivar var død før mora, men ettelet seg ei dotter, Guri, som fekk hans arvelut.

1690 bygsla Olav Olsson halve garden. Olav 1665-1737 var g.m. Anna Monsdtr. Herland 1660-1737. Sjå Hosanger I Del 1 s. 515.

Det var sokneprest Hammer som hadde skrive ut bygsselsetelen åt Olav 1690. 1691 kom magistrat Niels Hiermand som sokneprest til Haus. Han var ein strengare jorddrott, og det vart sak mellom han og leiglendingane 1706. Då vitna Olav Løtveit at han måtte betala ei årleg landskyld på 4 mark 8 sk. og 20 sk. i arbeidspengar for bruket sitt, som han då oppgav til 18 merker smør, d.v.s. 1/4 av garden. Dette skulle tyda på at Olav hadde fått ringare vilkår som brukar under sokneprest Hiermand enn han hadde hatt til å byrja med. Hiermand slutta som sokneprest 1703, og Claus Schavenius, som var prest fra 1704-1723, var truleg rimelegare med leiglendingane enn Hiermand hadde vore. I matrikkelen 1718 er bruket åt Olav ført opp med 36 merker smør. D.v.s. at han var brukar på halve garden.

Born:

  1. Kari f. og d. 1696.
  2. Kari 1697-1742.
  3. Olav 1699-, brukar her.
  4. Mons 1702-1741, g.m. Brita Jørgensdtr. Vevle, b. Søre Veset. Sjå Haus s. 31.
  5. Fabian 1706-.
  6. Fabian 1716-, b. Hakenes, g.m. Brita Monsdtr. Herfindal. Sjå Gjerstad s. 222.
  7. Brita.

1710 var Anders Monsson Vestre Kleppe brukar her. Anders 1677-1723 var g.m. Brita Olsdtr. Løtveit 1680-1763. Sjå Hosanger I Del 1 s. 583. I matrikkelen 1718 var Anders ført opp som brukar på halve garden.

Born:

  1. Marta 1716-1732.
  2. Brita 1718-1737.
  3. Kari 1721-, g.m. Mons H. Hesjedal. Sjå II s. 46.

Mons Monsson Indre-Bruvik 1704-1763 vart g. 1724 m. enkja Brita Olsdtr. 1680-1763, sjå ofr.

Born:

  1. Mons 1724-1725.
  2. Marta f. og d. 1725.
  3. Mons 1727-1752.
  4. Olav 1729-1782. SA bnr. 1.

1726 bygsla Olav Olsson 1699-1736, g.m. Brita Monsdtr. Takvam 1694-1758. Sjå Haus s. 404. Dei hadde ikkje born. Brita g.2.g.m. Olav Fabiansson Kyrkje-Bruvik, brukar her. Sjå nfr.

1737 bygsla Olav Fabiansson Kyrkje-Bruvik halve garden. Olav 1706-1778 var g.m. enkja Brita Monsdtr. Løtveit 1694-1758. Dei var Bornlause.


I skiftet etter Brita Monsdtr. 1758 var bruttosummen i buet vel 65 rdl. Nettoen var 55 rdl. Enkjemannen ervde helvta, resten vart delt mellom heilsysken og halvsysken åt Brita. Sjå Haus s. 404.


BRUKARAR

BNR. 1

Daglegnamn: Oppetreet.

Gamalt matr.nr. 19, seinare 19 a. Nytt matr.nr. 456. Gamal landskyld 36 merker smør. 1839, då bnr. 2 var skilt frå, 18 merker smør. Ny skyld 4 ort 19 sk.

1863 hadde dette bruket 5 mål åker. 1 1/5 mål var god åker, 2 mål var ring åker, resten var middels god. Engvidda var 46 mål. Det var 4 1/2 mål god eng, 2 mål middels god, resten var ring. Sånad: 2 1/2 tunne havre, 2 1/2 tunne poteter. Avling: 10 tunner havre, 14 tunner poteter, 310 våger Ivy, 70 våger halm. I slåttene hausta dei 30 våger høy. Beit tilsvara 10 våger høy. Fødnad: 1 hest, 6 kyr, 2 ungfe, 22 småfe. I folketeljinga 1865 finn me denne oppgåva: Sånad 3 tunner havre, 3 tunner poteter. Fødnad 1 hest, 8 storfe, 16 sauer, 6 geiter. 1956 fødde dei 1 hest, 4-5 kyr og ein del sauer.

1756 bygsla Olav Monsson Løtveit dette bruket hjå sokneprest Sylow. Olav var son åt Mons Monsson Indre-Bruvik og kona Brita Olsdtr. Dei hadde vore brukarfolk her. Sjå ofr.

Olav Monsson 1729-1782 var g. 1758 m. Brita Johannesdtr. Vik, 1729-1813. Ved skiftet etter Olav var bruttosummen i buet 291 rdl. Nettoen var 276 rdl. Når ein samanliknar desse summane med andre skifte frå same tid, går det fram at Olav Monsson og Brita Johannesdtr. har høyrt til mellom dei mest velhavande brukarfolka i desse traktene på den tida.

Born:

  1. Mons 1758-, brukar på Byrkjeland, g.m. Brita Monsdtr. Hesjedal. Sjå Gjerstad s. 263.
  2. Brita 1760-, g.m. Olav Sjursson Løtveit, brukar her. Sjå nfr.
  3. Johannes 1763-, brukar på Ytre
  4. Olav 1764-.
  5. Inger f. og d. 1767.
  6. Mons 1768-.
  7. Knut 1771-1779.
  8. Anna 1775-, g.m. Ingebrigt Johannesson Kvåstad. Sjå Kyrkje
  9. Baste 1760-, sjå Stokke bnr. 3.

Ved skiftet etter Brita Johannesdtr. 1813 var bruttosummen i buet 121 rdl. Nettoen var 69 rdl. Sylvet i buet var verdsett til 64 rdl. Mellom sylvet var det ei brurekrune.

1788 bygsla Olav Sjursson Løtveit halve bruket. Olav Sjursson 1755-1813 var frå bnr. 3, g. 1784 m. dtr. åt den førre brukaren på bnr. 1, Brita Olsdtr. 1760-1829. 1793 fekk Olav Sjursson bygselsetel på resten av bruket, og han forplikta seg då til å svara kår til vermora, Brita Johannesdtr.

I skiftet etter Olav Sjursson 1813 var bruttosummen i buet 266 rdl. Nettoen var 205 rdl.

Born:

  1. Olav 1785-1791.
  2. Sjur 1787-, brukar her.
  3. Kari 1790-, g.m. Baste Kyrkje
  4. Brita 1792-1793. Brita 1794
  5. Olav f. og d. 1797. Johannes f. og d. 1797.
  6. Marta 1801-, g.m. Elling Olsson Hakenes, brukar på Njåstad. Gjerstad s. 229.

Enkja Brita Olsdtr. g.2.g. 1814 m. ekm. Elling Olsson Hakenes. Sjå Gjerstad s. 223.

1812 bygsla Sjur Olsson dette bruket. Foreldra, som hadde drive dette bruket før, skulle ha kår. 1838 fekk Sjur Olsson kongeskøyte for 350 spdl. og ei årleg jordavgift på 1 tunne 1 skjeppe 2 1/3 fjerdingkar bygg. Sjur delte garden mellom to av borna. Sjå nfr. og bnr. 2. Sjur Olsson 1787-1872 var g.m. Marta Eiriksdtr. Ytre-Bruvik bnr. 6 f. 1788.

Born:

  1. Olav 1810-, sjå bnr. 2.
  2. Brita 1812-, g.m. Johannes O. Rongved. Brukar her. Sjå nfr.
  3. Dortea 1813-, g.m. Mons Eiriksson Ytre
  4. Marta 1815-, g.m. Ingebrigt Larsson Veo. Sjå Gjerstad. s. 355.
  5. Kari 1817-, g.m. Knut Knutsson Indre
  6. Kristi 1819-, g.m. Sjur Olsson Seilen. Sjå Kyrkje
  7. Eirik f. og d. 1821.
  8. Brita 1822-, g.m. Hans Johannesson Sandvik, b. Langhelle bnr. 6.
  9. Eirik 1822-, g.m. Pernille Larsdtr. Børaneset, b. Mjøs. Sjå Hosanger I Del 1 s. 338.
  10. Anna 1825-, g. og b. på Kleppestø, Askøy
  11. Anna 1826-, g.m. Nils Olsson Austad. Sjå Gerstad s. 378.
  12. Sjur 1829-1841.
  13. Marta 1831-, g.m. Olav Nilsson bnr. 5. Langhelle Magdeli 1834

1839 skøyte til Kari Sjursdtr. og hennar trulova Knut Knutsson Indre Boge på 18 merker smør for 200 spdl. og jordavgift til Haus prestebord. Knut Knutsson f. 1821 var frå Indre-Boge bnr. 1. Knut og Kari selde dette bruket 1844 og flytte til Kvilekvål i Evanger. 1848 flytte dei til ein annan gard i Evanger, Skjerven. Der vart dei buande resten av levetida.

1844 skøyte til Ivar Jonsson Sæterdal for 290 spdl. og kår. Ivar f. 1814 var frå Sedalen bnr. 1. Han selde bruket på Løtveit att same året, og flytte visstnok til Dale.

1849 skøyte til Johannes Olsson Rongved for 300 spdl. Johannes 1803-1876 var g. 1834 m. Brita Sjursdtr. Løtveit bnr. 1 1812-1903. Dei budde på Oppetreet på Rongved 1834 til 1849. Då dei busette seg her fekk bnr. 1 namnet Oppetreet.

Born:

  1. Kari 1834-, g.m. Johannes J. Øvste Mjelde. Sjå Haus s. 51.
  2. Marta f. og d. 1838.
  3. Sjur 1840-, brukar her.
  4. Johannes 1843-.
  5. Marta 1847-1864.
  6. Johannes f. og d. 1854.

1864 skøyte til Sjur Johannesson for 300 spdl. og kår til foreldra. Sjur Johannessen 1840-1885 var g.m. Sigrid Johannesdtr. Vassdal bnr. 3, 1832-1898.

Born:

  1. Brita 1863-, g.m. Tomas Nilsson Vassdal bnr. 2 f. 1866.
  2. Mons 1866-, brukar her.
  3. Johannes f. og d. 1871.
  4. Johannes f. og d. 1873.
  5. Ingeborg 1874-.

1891 skøyte til Mons Sjursson for 1600 kr. og kår til mora Sigrid Johannesdtr. I skøytet er teke atterhald om at Nystova ikkje skulle fylgja med i salet.

Mons Sjursson 1866-1939 var g.m. Anna Malena Johannesdtr. Vassdal bnr. 2, 1872-1940.

Born:

  1. Sigrid 1894-1964, ug. hushjelp b. U.S.A,
  2. Sjur 1897-, skulestyrar, Vennesla, g.m. husmor og lærar Guro Taraldsdtr. Ljosland frå Iveland.
  3. Johannes 1900-, anleggsgartnar, Nesttun, g.m. journalist Mathilde Andreasdtr. Lavik, 1885
  4. Anna 1902-, ug., fabrikkarbeidar, b. Espeland. Sjå bnr. 10.
  5. Nils 1907-, brukar her. Sjå nfr.
  6. Nolevande 1910-, ug., lærar og misjonær i N. M. S., b. Espeland.
  7. Nolevande 1916-, sjå nfr.

1940 skøyte til Nils Monsson 1907-, g.m. Signe Alvhilda Simonsdtr. Njåstad 1905-. Sjå Gjerstad s. 231 og 233.

Born:

  1. Nolevande 1937-, brukar her. Sjå nfr.
  2. Nolevande 1942-, sjåfør, b. Haukås, g.m. Doreen.

1947 skøyte til Nolevande 1916-, gartnar, g.m. Nolevande 1915-, hagearkitekt, dtr. åt handelsmann Ivar Starheim og kona Inga Raudeberg, Nordvågsøy. Ragnhild og Mons Løtveit er no busette i Oslo.

Born:

  1. Nolevande 1948-, lærar, b. Oslo.
  2. Nolevande 1955-.
  3. Nolevande 1957-.

1965 skøyte til Nolevande 1937-, sjå ofr., gardbrukar, g.m. Berit f. 1944, dtr. åt snikkar Kristian Solbakken, Austevoll, og kona Marta f. Teigen.

Born:

  1. Nolevande 1967-.
  2. Nolevande 1969-.

BNR. 2

Daglegnamn: Olane.

Skilt frå bnr. 1 1839. Løpenr. 19 b. Nytt løpenr. 457. Gamal skyld 18 merker ny skyld 4 ort 19 sk. 1886: 1,53 skm.

1863 hadde dette bruket 5 mål åker. 1 1/5 mål var god åker, 2 mål var ring, resten var middels god. Engvidda var 46 mål. 4 1/2 mål var god eng, 2 mål var middels god, resten var ring. Sånad: 2 1/2 tunne havre, 2 1/2 tunne poteter. Avling 10 tunner havre, 14 tunner poteter, 310 våger høy, 70 våger halm. I slåttene hausta dei 30 våger høy. Beit tilsvara 10 våger høy.

Fødnad: 1 hest, 4 kyr, 2 ungfe, 22 småfe.

I folketeljinga 1865 finn med denne oppgåva: Sånad 2 1/2 tunne havre, 3 tunner poteter. Fødnad: 1 hest, 6 kyr, 12 sauer, 1 geit.


1839 skøyte til Olav Sjursson Løtveit for 175 spdl., jordavgift 4 skjepper 3 1/2 fjerdingkar bygg, og kår til foreldra, som hadde vore brukarfolk på bnr. 1. Dei hadde delt jorda mellom to av borna. Olav vart såleis brukar på halve farsgarden.

Olav Sjursson 1810-1881 var g.m. Dortea Jakobsdtr. Olsnes bnr. 1, 1815-1902.

Born:

  1. Marta 1836-1837.
  2. Brita 1838-.
  3. Sjur 1841-, brukar her.
  4. Jakob 1844-, g. 1876 m. Marta Johannesdtr. Birkeland, Hosanger.
  5. Sjur 1844-, brukar i Seilæ. Sjå Kyrkje
  6. Olav 1846-.
  7. Sjur d.y. 1849-, bygningsmann, g. 1907 m. Berta Gurina Johannesdtr. Løtveit frå Loddefjord i Fjell.
  8. Marta 1851-.
  9. Dortea 1854-.
  10. Anna 1857-.
  11. Agate 1859-.

1868 skøyte til Sjur Olsson for 200 spdl. og kår til foreldra verdsett til 150 spdl.

Sjur Olsson 1840-1892 var g.m. Barbru 1844-1923, dtr. åt Askjel Rolland Haus, og 2. kona Anna Mikkelsdtr. Grimastad. Sjå Haus s. 14 og Hosanger I Del 1 s. 54-55.

Born:

  1. Olav 1865-1870.
  2. Olav 1870-.
  3. Dortea 1872-, b. Bergen, g.m. Johannes Seilen f. 1871. Sjå Kyrkje
  4. Olina 1875-, b. Askøy, g.m. Ulrik Juvik.
  5. Madli 1877-1880.
  6. Andrina 1878-.
  7. Pernilla 1879-, g.m. Knut Martin Rolland, brukar her.
  8. Madli 1881-, b. Askøy, g.m. Gjert Juvik.
  9. Andrina 1884-, g.m. Mons Nilsson Løtveit bnr. 5.
  10. Anna 1888-, g.m. Mikael Seilen, Kyrkje

1902 skøyte til Knut Martin Rolland 1876-1972, son åt Ingebjørg og Mons Rolland, g.m. Pernilla 1879-1975, dtr. åt Barbru og Sjur Løtveit bnr. 2. Sjå ofr. og Haus s. 16.

Born:

  1. Bertina 1901-, g.m. Bjarne Alsberg frå Sogn. Sjå bnr. 11.
  2. Ingeborg 1903-, g. Bergen, g.m. Knut Sværen.
  3. Martin 1905-, brukar her. Sjå nfr.
  4. Selma Malena 1909-, g.m. Johannes Njåstad. Sjå Gjerstad. s. 233.
  5. Nolevande 1910-, g.m. Johan M. Bruvik. Sjå Kyrkje
  6. Nolevande 1916-, g.m. Klara Revheim. Sjå bnr. 22 nfr.
  7. Nolevande 1918-, g.m. Sverre Ohrvik. Sjå Indre

1954 skøyte til Martin Knutsson 1905-, sjå ofr., gardbrukar,

Olina 1903-1972, dtr. åt fiskar og gardbrukar Odin Røvde, Sunnmøre, og kona Oluffa.

Born:

  1. Nolevande 1938-, g.m. Magne Stokke, brukar her.
  2. Nolevande 1944-, b. Asane, g.m. Arthur Turøy, son åt Olivia og Hermann Turøy.

Martin Knutsson g.2.g. 1975 m. Talida 1907-, dtr. åt fiskar Karl Thaule, Kallnes, Radøy, og kona Andrea f. Lid.

Bruket blir no drive av elektrikar Magne Olsson Stokke f. 1935, son åt Marta og Olav Stokke, Vassdal bnr. 2, og kona Solveig f. 1938, dtr. åt Olina og Martin Løtveit bnr. 2. Sjå ofr.

Born:

  1. Nolevande 1961-.
  2. Nolevande 1962-.
  3. Nolevande 1965-.
  4. Nolevande 1967-.

BNR. 3

Daglegnamn: Hansane.

Gamalt løpenr. 20. Seinare 20 a. Nytt løpenr. 458. Gamal skyld 36 merker smør.

Etter at bnr. 4 og 5 var frådelt var skylda på bnr. 3 20 4/5 merker smør. 1838: Ny skyld 1 dl. 13 sk. 1886: 1,57 skm.

1863 hadde dette bruket 4 2/3 mål åker. 1/2 mål var god åker, 1 2/3 mål var middels god, resten var ring. Engvidda var 43 1/6 mål. 2 1/4 mål var god eng, 5 1/4 mål middels god, resten var ring. Sånad 2 3/4 tunner havre. 2 1/2 tunne poteter. Avling 11 tunner havre, 15 tunner poteter, 470 våger høy, 77 våger halm, 30 våger høy i slåttene. Dei hausta også litt skav og lyng. Fødnad 5 kyr, 2 ungfe, 20 småfe.

I folketeljinga 1865 er sånaden 3 tunner havre, 3 tunner poteter. Fødnad: 1 hest, 7 storfe, 16 sauer, 8 geiter.


1752 bygsla Sjur Andersson 1732-1763. Kvar Sjur kom frå er ikkje kjent. Han kan ikkje ha vore son til den tidlegare brukaren på Løtveit, Anders Monsson, då Anders Monsson døydde 1723.

Sjur Andersson var g.m. Marta Hallsteinsdtr. Hekland 1723-1807.

Born:

  1. Sigrid g.m. Johannes O. Solbjørg. Sjå Gjerstad s. 297.
  2. Lars 1754-, g. 1774 m. enkja Ingeborg Johannesdtr. Låstad. Sjå Gjerstad s. 151.
  3. Olav 1755-, sjå bnr. 1 ofr.
  4. Anders 1758-, brukar her.
  5. Brita 1761-1816, ug.
  6. Marta. Sjå leigebuarar.

1763 bygsla Ingebrigt Sjursson Herfindal dette bruket. Han gifte seg med enkja etter den førre brukaren, Marta Hallsteinsdtr. Ingebrigt, f. 1739 d. om lag 1800, var frå Herfindal bnr. 8.

Born:

  1. Borgny f. og d. 1865.
  2. Sjur 1767-.

1781 bygsla Anders Sjursson. Mora, Marta Hallsteinsdtr., skulle ha eit kår på 1 tunne korn og for til 1 ku og 4 sauer.

Anders Sjursson 1758-1848 var g.m. Anna Monsdtr. Olsnes bnr. 3, 1755-1817. Ved skiftet etter Anders Sjursson 1849 var bruttosummen i buet 70 spdl. Nettoen var 46 spdl.

Born:

  1. Marta f. og d. 1782.
  2. Marta 1783-, g.m. Ivar Jakobsson Mele. Sjå Gjerstad s. 354.
  3. Sjur f. og d. 1786.
  4. Marta 1788-1823, ug.
  5. Sjur 1790-, brukar her.
  6. Mons 1793-, g.m. Brita Rasmusdtr. Gjerstad Sjå Gjerstad. s. 280.
  7. Anna 1797, d. før 1817.
  8. Ingebjørg f. og d. 1797.
  9. Anna f. og d. 1800.

1811 bygsla Sjur Andersson halve bruket som faren hadde hatt. 1817 fekk han bygsla resten. Det vart tinglyst vilkårsbrev til foreldra 1811. Sjur Andersson 1790-1838 var g. 1808 m. Anna Jensdtr. Mele, 1778-1859. Sjå Gjerstad s. 387. 1838 fekk enkja Anna Jensdtr. skøyte på 1/2 laup smør for 350 spdl. og årleg jordavgift 1 tunne 1 skjeppe 2 1/3 fjerdingkar bygg. Same året vart bruket delt. Anna gav skøyte til sonen

Anders på 2/3 og til versonen Olav Jakobsson Vassdal på 1/3. Sjå nfr. og bnr. 4.

Born:

  1. Brita 1810-1815.
  2. Anna 1812-, g.m. Olav Jakobsson Vassdal. Sjå bnr. 4 nfr.
  3. Brita 1815-, g.m. Mons E. Olsnes bnr. 3.
  4. Anders f. og d. 1818.
  5. Anders 1822-, brukar her.

Enkja Anna Jensdtr. g.2.g. 1846 m. Johannes Mikkjelsson Austad, brukar på Litun. Dei busette seg på Hakenes. Anna døydde der 1847. Sjå Gjerstad s. 340.

1838 skøyte til Anders Sjursson på 2/3 av farsgarden for 233 spdl. 40 sk. og årleg jordavgift 6 skjepper 1 5/9 fjerdingkar bygg. Seljaren Anna Jensdtr. skulle ha kår av dette bruket og av bnr. 4, som var frådelt same året.

1843 gjorde Anders Sjursson makeskifte med Eirik Johannesson Ytre-Bruvik. Løtveit bnr. 3 vart å bytt bort mot Ytre-Bruvik bnr. 6. Anders Sjursson fekk eit mellomlag på 50 spdl. i pengar og rett til å hogga ein del tre. Anders Sjursson var g. 1842 m. Agate Larsdtr. Rolland 1821-1861. Huslydopplysningar: Sjå Haus s. 13 og Ytre-Bruvik bnr. 6.

1843 makeskøyte til Eirik Johannesson Ytre-Bruvik bnr. 6, 1809-1856, g.m. Kari Ellingsdtr. Olsnes bnr. 3, 1810-1886.

Born:

  1. Anna f. og d. 1837.
  2. Johannes 1838-1841
  3. Anna 1842-1850.
  4. Kari 1845-1892, ug.
  5. Elling f. og d. 1848.
  6. Elling 1849-, brukar her.
  7. Johannes 1854-, sjå Herfindal bnr. 1.

Ved skiftet etter Eirik Johannesson 1856 vart dette bruket verdsett til 360 spdl. og utlagt til enkja Kari Ellingsdtr.

Kari g.2.g. 1857 m. Hans Olsson Blomdal 1799-1881. Sjå II s. 33. Hans flytte no hit og vart brukar her. Hans og Kari hadde ikkje born.

I 1. ekteskap med Anna Olsdtr. Indre-Bruvik 1787-1851 hadde Hans desse sønene:

  1. Olav 1826-1857.
  2. Olav 1829-, skreddar, Indre Arna, ug. Sjå Arna s. 118.
  3. Johannes 1833-, gardbrukar i Indre Arna, g.m. Brita Rasmusdtr. Games. Sjå Arna s. 118.

1873 skøyte til Elling Eiriksson for 200 spdl. Systra Kari Eiriksdtr. skulle ha fritt opphald på bruket. Det vart tinglyst kårbrev til seljaren, Kari Ellingsdtr. og 2. mannen hennar, Hans Olsson Blomdal. Elling Eiriksson 1849-1908 var g.1.g.m. Marta Askjellsdtr. Rolland 1846- 1890. Sp. Haus s. 14. Ved skiftet etter Marta Askjellsdtr. 1892 vart dette bruket verdsett til 1200 kr. og utlagt til enkjemannen.

Born:

  1. Anna 1876-1877.
  2. Anna 1877-1923, ug., hushjelp, b. Bergen.
  3. Kari f. og d. 1878.
  4. Edvard 1879-1909, ug.
  5. Andreas f. og d. 1881.
  6. Andreas 1882-1899, ug.

Elling Eiriksson g.2.g.m. Anna Johannesdtr. Børslien 1870-1954. Siå II s. 22.

Born:

  1. Marta 1892-, b. Bergen, g.m. skomakar Jon M. Kleiveland. Sjå Gjerstad s. 44.
  2. Johannes 1895-, brukar her.
  3. Malvin 1897-, målar, b. Bergen, g.m. Sanna Reksten frå Flom.
  4. Karl 1899-, gruvearbeidar, sjå Ytre
  5. Alfred 1902-, mekanikar, b. Bergen, g.m. Helga Vik frå Sunnfjord.
  6. Emma 1904-, b. Bergen, g.m. gartnar Oskar Litun. Sjå Gjerstad s. 342
  7. og 343.
  8. Anna 1906-, fabrikkarbeidar, ug., b. Espeland.

1918 skøyte til Johannes Ellingsson 1895-, g. 1913 med Severina Jonsdtr. Kallekleiv 1892-. Sjå Gjerstad s. 214 og Hosanger I del 1 s. 56-57.

Born:

  1. Nolevande 1913-, brukar her.
  2. Nolevande 1916-, brukar på Njåstad, g.m. Karolina J. Dale bnr. 18. Sp. II s. 251 og Gjerstad s. 233.
  3. Nolevande 1919-, sjå bnr. 18.
  4. Nolevande 1921-, sjå bnr. 20.
  5. Nolevande 1927-, b. Nyborg i Asane, g.m. Sigvald Orvedal. Sjå bnr. 17.
  6. Nolevande 1929-, b. Nyborg i Asane, g.m. Sigurd Hagen.
  7. Nolevande 1931-, b. Fotlandsvåg, g.m. Odd Åkre.

1957 skøyte til Nolevande 1913-, gardbrukar, g.m. Nolevande 1911-, sjå Vassdal bnr. 12.

Born:

  1. Nolevande 1940-, sjå bnr. 14.
  2. Nolevande 1945-.

BNR. 4

Daglegnamn: Vassåsane.

Skilt fra bnr. 3 1838. Gamalt matr.nr. 20 b. Nytt matr.nr. 459. Gamal skyld 12 merker smør. Ny skyld 3 ort 5 sk. 1886: 1,28 skm. 1956: 1,27 skm.

1863 hadde dette bruket 3 3/10 mål åker. 1 mål var god åker, 1/2 mål var ring, resten var middels god. Engvidda var 34 4/5 mål. 3 1/5 mål var god eng, 28 mål var ring eng, resten var middels god. Sånad 1 3/4 tunne havre, 2 1/4 tunne poteter. Avling 9 tunner havre, 9 tunner poteter, 280 våger høy, 63 våger halm. 50 våger høy frå slåttene. Skav og beit svara til 30 våger høy. Fødnad: 1 hest, 5 kyr, 2 ungfe, 24 småfe.

I folketeljinga 1865 finn me denne oppgåva: Sånad 2 tunner havre, 2 tunner poteter. Fødnad 1 hest, 7 kyr, 12 sauer, 4 geiter.

1838 skøyte til Olav Jakobsson Vassdal frå vermora Anna Jensdtr. Løtveit for 116 spdl. 8 sk. og jordavgift 3 skjepper 7/9 fjerdingkar bygg. Olav skulle svara kår til vermora saman med verbroren Anders Sjursson på bnr. 3.

Olav Jakobsson 1799-1872 var frå Vassdal bnr. 1, g. 1832 m. Anna Sjursdtr. Løtveit bnr. 3 f. 1812. Dei fyrste åra dei var gifte budde dei på plasset Vassåsen under Vassdal. Dei eldste borna var fødde der.

Born:

  1. Magdeli 1832-.
  2. Anna 1835-.
  3. Brita 1838-, b. Fossmark, g.m. Johannes M. Olsnes. Sjå II s. 105.
  4. Sjur 1842-, brukar her.
  5. Marta 1845-.
  6. Synneva 1847-, g.m. Haldor N. Vassdal, b. Blødal og Bergen. Sjå II s. 25.

1865 skøyte til Sjur Olsson for 100 spdl. og kår til foreldra verdsett til 135 spdl. i 5 år. Sjur 1842-1929 var g.m. Anna Olsdtr. Vassdal bnr. 4 1834-1934.

Born:

  1. Ingeborg 1863-, g.m. Anders Olsson Seilen. Sjå Kyrkje
  2. Olav 1865-1870.
  3. Anna 1867-, b. Bergen, g.m. Haldor Vassdal. Sjå II s. 25.
  4. Andrina 1868-, b. Bergen, g.m. Kornelius Bjørkvik.
  5. Ole Johan 1870-, brukar her.
  6. Ole 1872-, sjå bnr. 8.
  7. Ivar 1875-, snikkar, g. 1899 m. Magdeli Johannesdtr. Vassdal bnr. 2.

1896 skøyte til Ole Johan Sjursson 1870-1947, g.m. Brita 1877-1961, dtr. åt Steffen Eiriksson Hakenes og kona Kari Mikkelsdtr. f. Litun. Sjå Gjerstad s. 224.

Born:

  1. Anna 1898-, b. Bergen, g.m. steinarbeidar Olav Steffensen.
  2. Karoline 1900-, b. Oslo, g.m vaktmeister Wilhelm Andersen.
  3. Sjur 1902-, b. U.S.A.
  4. Mikael 1904-, gardbrukar på Veset, g.m. Anna Olsdtr. Veset. Sjå Haus s. 27.
  5. Johan 1908-, brukar her.
  6. Nolevande 1912-, bilførar, b. Hylkje i Åsane., g.m. Betzy Hordvik.
  7. Nolevande 1914-, b. Arna, g.m. fabrikkarbeidar Harald Andersen.
  8. Nolevande 1918-, b. Bergen, g.m. verkstadarbeidar Bjarne Rydland.
  9. Nolevande 1920-, b. Ytre Arna, g.m. bygningsmann Mikael Bernes.

1949 skøyte til Johan Olsson 1908-, gardbrukar, g.1.g. 1938 m. Gunny Johannesdtr. Vassdal bnr. 4, 1914-1944.

Born:

  1. Nolevande 1941-, b. Bergen, g.m. Ingrid Hanstveit frå Fotlandsvåg.

Johan Olsson g.2.g. 1949 m. enkja Nolevande 1916-, dtr. åt fiskar Jens Ullvatn, Radøy, og kona Elisabeth Oline f. Børnholm frå Sogn.

Born:

  1. Nolevande 1950-, teleteknikar, b. Bergen.

Enkja Jenny var g. 1.g.m. Jørg. Li frå Manger.

Born:

  1. Nolevande 1959-, b. Bergen, g.m. Olaug Gr. Hella frå Radøy.

BNR. 5

Daglegnamn: Monsane.

Gamalt matr.nr. 20 c. Nytt matr.nr. 460. Skilt frå bnr. 3 1846. Gamal skyld 3/5 mork smør. Ny skyld 20 sk. 1886: 0,29 skm.

1863 hadde dette bruket 2 mål middels god åker og 29 1/5 mål eng. 2 mål var middels god eng, resten var ring. Sånad: 1 1/4 tunne havre, 1 1/4 tunne poteter. Avling: 5 1/2 tunne havre, 7 tunner poteter, 190 våger høy, 38 våger halm. 20 våger høy i slåttene. Skav og beit svara til 15 våger høy. Fødnad: 2 kyr, 1 ungfe, 10 småfe.

I folketeljinga 1865 finn me denne oppgåva: Sånad 1 1/2 tunne havre, 1 1/2 tunne poteter. Fødnad: 3 kyr, 6 sauer, 5 geiter.

1875 sånad 1 tunne havre, 1 tunne poteter. Fødnad: 3 kyr, 9 sauer, 8 geiter.

Då bnr. 5 vart skilt frå bnr. 3 1846 omfatta det ein teig dei kalla Nygard og ei fjellslåtte dei kalla Briteslåtta.

1846 skøyte til Anders Nilsson Mele for 100 spdl. og jordavgift 3 11/27 fjerdingkar bygg. Anders Nilsson 1817-, var g. 1845 m. Dortea Johannesdtr. Ytre-Bruvik bnr. 6, f. 1813. Dei selde bruket 1853. Ein har ikkje opplysningar om kvar dei vart buande seinare. Sjå Gjerstad s. 390.

Born:

  1. Agate 1847-.
  2. Johannes 1850-.

1853 skøyte for 100 spdl. til Jon Magnesson Ytre-Bruvik bnr. 1, 1822-, g.m. Ingebjørg Johannesdtr. Ytre-Bruvik. Dei selde bruket att 1855 og flytte til Vaksdal. Sjå Vaksdal bnr. 6.

1855 skøyte til Mons Fredriksson Storseilen for 200 spdl. Mons .1831-1896 var frå Kyrkje-Bruvik bnr. 1, g. 1852 m. Marta Bastesdtr. Seilen, Kyrkje-Bruvik bnr. 10, 1826-1891.

Born:

  1. Nils 1852-, brukar her.
  2. Baste 1856-.
  3. Anna 1858-, hadde ei dotter Marta f. 1882. Far åt Marta var svensk banearbeidar Frank Pettersen.
  4. Sjur 1860-.
  5. Fredrik 1863-.
  6. Ole 1870-.

1883 skøyte til Nils Monsson for 400 kr. og kår til foreldra. Nils Monsson f. 1852 var g. 1878 m. Kari Jonsdtr. Indre-Bruvik bnr. 1, f. 1852.

Born:

  1. Marta 1879-1880.
  2. Johan 1880-1882.
  3. Marta Johanna 1883-1884.
  4. Mons 1885-, brukar her.
  5. Johannes Martin 1888-.
  6. Ole Johan 1892-.

1929 skøyte til Mons Nilsson 1885-, gardbrukar, g. 1911 m. Andrina Sjursdtr. Løtveit bnr. 2, 1884-1955.

Born:

  1. Nolevande 1912-, brukar her.
  2. Nolevande 1913-, sjå Kyrkje
  3. Nolevande 1915-, gruvearbeidar og snikkar, b. Risnes, g.m. Ase Flatabø.
  4. Nolevande 1917-, b. Gaupås, g.m. gardbrukar Ole Gaupås.
  5. Nolevande 1919-, gam fabrikkarbeidar Vigleik Gunnarskog.
  6. Nolevande 1919-, g.m. fabrikkarbeidar David Kristensen frå Danmark.

1957 skøyte til Nolevande 1912-, gardbrukar og vegvaktar, g. 1936 m. Nolevande 1910-.

Born:

  1. Nolevande 1943-, b. Fyllingsdalen, g.m. sjømann Arne Hatland, Sørbøvåg frå Sogn.
  2. Nolevande 1944-, b. Bergen, g.m. røyrleggjar Steinar Skår.

BNR. 6

Bruvikdalens tomleplass.

Utskilt frå bnr. 4 1904. 0,01 skm.

1906 skøyte til Bruvik Kommune. Tomta blir nytta til skulehustomt og leikeplass.

BNR. 7

Tonghaugen.

Utskilt frå bnr. 1 1943. 0,01 skm.

1943 skøyte til Nolevande 1911-.

BNR. 8

Birkelund.

Skilt frå bnr. 3 1944. 0,01 skm.

1949 skøyte til Ole Sjursson Løtveit 1872-1953, skomakar, b. Bergen, g.m. Magdalene Vatne frå Seim i Nordhordland 1875-1933. Sjå bnr. 4.

Born:

  1. Alfred 1902-, sjå bnr. 9.
  2. Ole 1905-, sjå nfr.

1950 skøyte til Ole Olsson Løtveit jr. 1905-1974, sjå ofr., konduktør, b. Bergen, g.m. Allida Folkedal frå Hardanger f. 1907.

Born:

  1. Nolevande 1929-, havforskar, g.m. Nolevande f. 1929.

BNR. 9

Knausen.

Skilt frå bnr. 5 1949. 0,01 skm.

1949 skøyte til Alfred Olsson Løtveit 1902-, salssjef, b. Bergen, g.m. Marguereth Rasmussen f. 1907. Sjå bnr. 8.

Born:

  1. Nolevande 1939-, b. Bergen, g.m. Nolevande f. 1937.
  2. Nolevande 1948-, b. Stavanger, g.m. Nolevande f. 1942.

BNR. 10

Haugtun.

Skilt frå bnr. 1 1953. 0,01 skm.

1954 skøyte til Anna Monsdtr. Løtveit f. 1902-, på bnr. 1, ug. Sjå bnr. 1 ofr.

BNR. 11

Aspelund.

Utskilt frå bnr. 2 1957, 0,01 skm.

1957 skøyte til Nolevande 1918-, b. Bergen, g.m. Kjellaug f. 1929, dtr. åt Bjarne Alsberg og kona Bertina f. Løtveit 1901. Sjå bnr. 2.

Born:

  1. Nolevande 1956-.
  2. Nolevande 1959-.

BNR. 12

Skogholt.

Skilt frå bnr. 1-5 1958.

1958 skøyte til Karl Løtveit 1899-1967. Huslydopplysningar: Sjå Ytre-Bruvik bnr. 38.

1967 skøyte til Nolevande 1923-, garveriarbeidar, son til Asta og Karl E. Løtveit, Ytre-Bruvik bnr. 38, g.m. Nolevande 1922-, dtr. åt Kari og Bernt Hartveit. Sjå Gjerstad s. 333 og 335.

Born:

  1. Terje 1948.


BNR. 13

Solhaug.

Skilt frå bnr. 2 1962. 0,01 skm.

Martin K. Løtveit har heimel. Sjå bnr. 2.

BNR. 14

Gardsåkerbakken.

Skilt frå bnr. 3 1965. 0,01 skm.

1965 skøyte til Nolevande 1940-, anleggsarbeidar, son åt Kari og Einar Løtveit bnr. 3, g.m. Nolevande 1945-, dtr. åt Berta og Knut D. Hesjedal, Dale. Sjå II s. 328.

Born:

  1. Nolevande 1965-.
  2. Nolevande 1971-.
  3. Nolevande 1975-.


BNR. 15

Fjellro.

Skilt frå bnr. 2 1968. 0,01 skm.

1968 skøyte til Alf Jakobsen 1923-.

BNR. 16

Fredhaug.

Skilt frå bnr. 3 1970. 0,01 skm.

1971 skøyte til Nolevande 1921-, bilførar, g.m. Nolevande 1922-, dtr. åt Rakel Helena og Johan Martin Marøy. Sjå bnr. 3 og Arna sokn s. 594 og 598.

Born:

  1. Nolevande 1944-, g.m. Oddvar Angelskår.
  2. Nolevande 1948-, g.m. Nolevande f. 1948
  3. Nolevande 1954-, g.m. Nolevande f. 1955.

BNR. 17

Maurstad.

Skilt frå bnr. 3 1970. 0,01 skm.

1971 skøyte til Sigvald Orvedal, son åt Maria og John Orvedal, Sogn, g.m. Nolevande f. 1927.

Born:

  1. Nolevande 1953-, g.m. Nolevande f. 1957.
  2. Nolevande 1957-, g.m. Nolevande f. 1959.

BNR. 18

Kringsjå.

Skilt frå bnr. 3 1970. 0,01 skm.

1971 skøyte til Nolevande f. 1919 på bnr. 2, g.m. Nolevande 1918- dtr. åt Anna Margreta og Johannes J. Myster bnr. 9. Sjå III s. 220.

Born:

  1. Nolevande 1944-, g.m. Nolevande f. 1945.
  2. Nolevande 1949-, g.m. Nolevande f. 1949.
  3. Nolevande 1952-, g.m. Nolevande f. 1956.
  4. Nolevande 1955-, g.m. Nolevande f. 1949.
  5. Nolevande 1957-. Gunnar 1960


BNR. 19

Knausen I.

Skilt frå bnr. 5 1971. 0,01 skm.

1971 skøyte til Alfred Løtveit 1902-, sjå bnr. 9 ofr.


BNR. 20

Fredhaug I.

Skilt frå bnr. 5 1973. 0,01 skm.

1973 skøyte til Alfred Løtveit 1921-. Sjå bnr. 16 ofr.


BNR. 21

Kringsjå I.

Skilt frå bnr. 5 1973. 0,01 skm.

1973 skøyte til Nolevande f. 1919-. Sjå bnr. 18 ofr.


BNR. 22

Bruhaugen

Skilt frå bnr. 2 1973. 0,01 skm.

1973 skøyte til Karl Løtveit f. 1916 på bnr. 2, b. Lonevåg, g.m. Klara Revheim.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org
Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.

© Formgjevar og teknisk ansvarleg Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy