Kvåstad

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III


Gards og ættesoge for Kvåstad.


GNR. 43 KVÅSTAD


Innhaldsliste

INNLEIING

Ligg på austsida av Veafjorden, vel 1 km Or for Kvamme, om lag 4,5 km nord for Fylingslid. Eit dalføre kjem ned frå Kvåstadoksli om lag 750 m.o.h. Her renn ei elv som kjem frå Stemmetjørni. Tunet ligg litt sør for elva, 42 m.o.h. Det meste av innmarka ligg sør for elva. Lengst sør mot bøgarden låg husmannsplasset Stølane. Nord for elva låg Bakken. Der budde før ein husmann utan jord.

Gardsnamnet vart skrive Kuæðostaðom i 1370, Quadstad 1610 og 1723, Quastad 1611, 1620 og 1667. På 1800- og 1900-talet ofte skrive Kåstad. Bygdemålsuttalen er kå’sstå.

Magnus Olsen meiner at gardsnamnet kjem av eit elvenamn, Kvæða eller Kváða (f. Den noverande uttaleforma synest tvillaust å koma av gn. Kváðustaðir. Oluf Rygh meinte at fyrstelekken hadde samanhang med v. kveða, men dette held Magnus Olsen ikkje rimeleg, sidan dette verbet har stutt vokal. I målføret finst to ord, kvæda f. og koda f. som båe tyder råmjølk. (Koda tyder også harpeis.) Magnus Olsen held det mest rimeleg at elvenamnet har hatt samanhang med desse orda.

Kvåstad grensar til Fylingslid, Dalseid, Vik og Kvamme. Det vart halde grensegang 1837 etter oppmoding frå brukaren på Kvåstad. Det heiter i utskiftingsforretningen (attgjeven etter ayskrift utlånt frå bnr. 2):

«Derpaa begav samtlige sig til at bestemme grænsemærket omtrintlig efter kompasstrøg mellem gaarden Qvastad og ovenanførte tilgrændsende gaarde og begynder da samme ved et sted kaldt Mærkesnæsset hvor der sammesteds ved søen blev indhugget et X i bjerg. Bemeldte kryds valgtes da til første punkt for gaardens grændser som tager mod øst op til et X huggen i bjerg i syderste Furretøerne, do retning op til et sted kaldt Bergsnipen, og hvor der i kanten af samme blev hugget X, derfra i samme retning til et X hugget paa Svalefjeldnoven, derfra i do linje følger de syndre Svalefjeldskantene til en X hugget i en Eden hammer i Østre skaret do retning til en stor sten med indhugget X paa vestre side af syndre Krogevandet, derfra Nlger bemeldte vand mod nordøst til udfaldet af samme paa hvilket sted det slutter med gaarden Fyllingslie og begynder igjen med anden nabogaard Dalseide og tager retning mod nord efter elven til den sydreste ende af nordre Krogevandet paa hvilket sted det slutter med gaarden Dalseide og begynder med gaarden Vig og tager retning mod nordost efter en dal kaldet Varadalen til et X hugget i en fjeldvæg synderst paa Borgefjeldet derfra mod nordost efter vestre Borgefjeldkantene til en fjeldnov med indhugget X norderst paa bemeldte fjeld og dersteds slutter med gaarden Vig og begynder fra samme sted med den 4de og sidste nabogaard Kvamme. Derfra mod nordvest efter sydvestre Graanovkanten til et X hugget i Bjerg ved et sted kaldt Gjellene derfra mod vest over Klendalen til X hugget i Bjerg nest paa Saatesvaren do retning til X hugget i en skorv ved Levsmyrene derfra mod vest sydvest til en stor sten med X synderst paa Bjørnestigen, derfra mod nordvest til en X huggen i en stor sten nordst paa Bjørnestigen, do retning til et X huggen i en sten i Glædnen, do. retning til et X huggen i en sten i Qvastadleitet do linje ned til søen hvor X er hugget i en stor sten kaldet Vormurstenen, derfra følger søkanten mod syd til det første punkt eller X huggen i Bjerg paa Mærkesnæset, hvor den begyndte.

Eldste skriftlege vitnemål om garden finn me i Bjørgvins Kalvskinn om lag 1370. Men det er visst at garden er rudd lenge før. Gardar med namn samansett med staðir er i dei aller fleste høve rudde i sein vikingetid (om lag 900 e. Kr.), og det må me rekna med at Kvåstad er og.

Det ser ikkje ut til at Kvåstad har lege øyde etter svartedauden, endå garden er etter måten tungdriven. 1863 heiter det: «Ved Søen og derfra 6 Miil til Bergen. Tungt formedelst uryddig Slaat hjemme og i Slaatterne.

Fram til midten av 1800-talet var her berre eitt bruk. Brukarane var leiglendingar. 1811 fekk brukaren skøyte på halve garden, men hi helvta var framleis bygseljord. 1844 vart denne helvta skild ut som eige bruk og seinare bygsla bort til skyldfolk åt eigaren. (Sjå bnr. 2.)

Tunet ligg i den øvste delen av innmarka, og tunstaden er visst nok den same som før delinga. Husa åt kvart bruk ligg på kvar side av ei grenseline som gr gjennom tunet. Husa åt bnr. 1 ligg lengst nord og noko høgare enn husa åt bnr. 2, som vert kalla Nerestovo. Br. 1 heiter Øvrestovo – Oppistovo.

Offentleg utskifting har her ikkje vore, og delingsforretning frå 1844 står enno ved lag.

Av denne forretningen gr det fram at på innmarka fekk bnr. 1 teigane Husateigen, Kleivateigen, Geithusleiteteigen og Stølateigen. Br. 2 fekk og ein Husateig og ein Stølateig, dessutan Prestasteinteigen og Lurabrekkteigen. Åkrane vart skifte slik at kvar stort sett fekk åker i sine eigne teigar. Men Storåkeren, som måtte delast likt mellom bruka, låg slik at åkerparten til bnr. 1 her vart liggjande inni Husateigen til bnr. 2. Her fekk og bnr. 1 ein liten bøstrimmel mellom åkeren og sjøen. Nyåkeren vart lagd til bnr. 2, men denne åkeren låg inni Kleivateigen til bnr. 1. Delinga omfata og slåttene Snellebakken, Langarovo og Hjellane. I utmarka vart skogen delt mellom bruka slik at der var 5 hovudteigar til kvart. Br. 1 fekk Borgateigen mot Kvamsmerket og Borgafjellet, vidare søre Dalateigen, Liateigen, Hamrateigen og Brattliteigen. Br. 2 fekk nordre Dalateigen mot Kvamsmerket, vidare Aksleteigen, Bekkjanesteigen, Hamrateigen og Furerindteigen. For skogen i slåttene mot Kvamme vart der og drege opp ei deleline. Elles står der i skiftedokumentet at i heimemark og på bøen fylgjer skogen med teigane, og slåttene i utmarka fylgjer skogteigane.

1863 vart åkervidda «antaget» til 10 1/2 mål. Berre 2 mål var god åker, 4 2/5 mål var middels god, resten var ring. Naturleg eng 45 3/5 mål. 6 mål var god eng, 7 3/5 mål middels god, resten ring. Både god og ring åker og eng var likt delt mellom dei to bruka.

Her er ikkje hest på garden, og dei har spadd åkrane til no. Dei spader ein ferde om gongen. I Storåkeren åt bnr. 1 er det 4-5 ferdar.

«Brendeued till Husbehoff» heiter det i meldinga frå landkommisjonen 1661. 1863 er der «Nok til Brænde og Huseved samt Næver til Huusbrug». Dessutan kan der seljast så mykje ved at det gjev ei årleg nettoinnkome på 14 spd. — Skogen vart teigdelt 1844 (sjå ovanfor). 1845 vart tinglyst ei fråsegn frå brukarane på Kvåstad om ein bruksrett som Kvamsmennene hadde i ein utmarksteig.

Sætra heiter Kvåstadstølen og ligg om lag 2 km sør for garden, oppunder Høganipa som er 879 m.o.h. Sætra ligg 691 m.o.h. Kyrne gjekk fyrst i Nedrehagen, sidan på stølen om lag 4 veker, og så i Nedrehagen att. På sætra var det eit lite sæterhus som båe bruka åtte i lag. Budeiene gjekk heim annankvar dag.

«God Hjemmehavn ved Gaarden ogsaa Sæterhavn 1/4 Mill borte og tilsammen tilstrækkelig. N.B. Begge meget farefuld,» heiter det 1863. På bnr. 1 slutta dei å vera på stølen ei tid etter hundreårsskiftet avdi det var så fårleg for beista både i beitet og på stølsvegen. Når dei buførde, trongst det eitt menneske for kvart beist til å passa på at det ikkje gjekk gale.

Sauene beitte på bøen haust og vår. Før hundreårsskiftet beitte kyrne bøen ei tid om hausten.

Kvern hadde dei i elva eit stykke nedanfor tunet. Kvernhuset står framleis og er i bra stand. Både kverna og huset var sameige. «Saugpladset og Kværnpladset forblev tilfælles,» heiter det i utskiftingsdokumentet frå 1837. Saga var ei grindsag, dvs. oppgangssag, som det no syner berre vister att etter.

Frå kring 1890 har dei nytta sitjenot etter laks ved Kvåstadneset, og seinare ved merket mot Kvamme. Det har vore godt fiske sume det har hendt dei har drege over 30 laks i eitt drag.

Stundom kastar dei litt brisling ved Kvåstad.


SKYLD OG UTREIDSLER m.m.

Kvåstad høyrde til Arna skipreide, Stamnes kyrkjesokn. 1665 matr.nr. 11, 1838 matr.nr. 12, 1853 matr.nr. 158 i Haus tinglag. 1886 gnr. 54 i Bruvik. Månadsmatbolet som Stamneskyrkja åtte i Kvåstad i mellomalderen svara til 1 laup smør. 1590-91 var skylda for heile garden 1/2 laup. Det same skyldtalet finn me i kjeldene frå 1600-talet, med unnatak av 1626, då skylda er oppgjeven til 1 laup. Skylda vart ikkje endra i dei nye matriklane 1665 og 1718. Både landskyld og skatteskyld var 1/2 laup smør. 1838: 2 dalar 18 sk. Seinare revidert til 2 dalar 4 ort 10 sk. 1886: 4,38 skyldmark. 1590-91: «leding 1 faarskind, fredholdt huer 8 1665: leidang, fredtoll, gjengjerd og vedpengar 1 mark 15 sk. Småtiend 4 sk. Kandtiend 1/2 t. Husdyrskatt 1657 7 mark. Fødnad og avling 1657: 7 kyr, 2 kviger, 12 geiter, 16 sauer. 1665: 8 storfe. 1863: 16 kyr, 3 ungfe, 80 småfe. 1875: 12 kyr, 2 ungfe, 41 sauer, 27 geiter, 1 gris. 1959: 2 kyr, 2 ungfe, 8 sauer, 1 gris. 1665: Sår 1 1/2 t., haustar 5 t. 1863: Sår 8 t. havre, 6 t. poteter. Haustar 28 t. havre, 10 t. poteter, 1473 våger høy, 196 våger halm. I slåttene 210 våger høy. Skav, lyng og beit til 2 kufôr. 1959: Innmarka var på 46 mål. Folketal 1801: 13 menneske. 1875: 18 menneske.


EIGARAR

I Bjørgvins Kalvskinn, ei jordebok frå 1360-70 over kyrkjegods i Bjørgvin bispedøme, står det m.a.: «Præstr tæker a Stafnæsi Item j Kuæðostaðom manadamata bol.» Landskylda var visseleg større enn 1 månadsmatbol, og det var vel berre ein part av garden som høyrde til Stamneskyrkja.

Noko seinare må Munkelivklosteret ha vorte eigar av garden. Som alt anna klostergods vart munkelivgodset drege inn under kruna ved reformasjonen, men det vart forvalta som ei serskilt godssamling og gjekk under det gamle namnet. Munkeliv vart oppgjeve som eigar av Kvåstad utover på 1600-talet.

1676 var stiftskrivar Herman Garman eigar. Han hadde kjøpt ein heil del gardar som høyrde til det gamle Munkelivgodset, m.a. Kvåstad, Veo, Bukkstein og Hana. Garman var vyrk for skogen og klaga 1703 leiglendingen Johannes Kvåstad for at han hadde hogge meir i skogen enn han hadde rett til. Johannes møtte ikkje i retten då klagen vart lagd fram av Garmans fullmektig Paul Johannesen. Same året let Garman fredlysa skogen som høyrde til Veo, Bukkstein, Hana og Kvåstad. Då Garman var død, selde enkja Alida de la Rochne Kvåstad til lensmann Johannes Øvste Mjelde. Han let fredlysa skogen 1712.

1720 skøytte lensmann Øvste Mjelde halve garden frå seg til Tomas Reistad. Den andre helvta gjekk ved skiftet etter lensmannen over til sonen Johannes Askeland, som og var lensmann i Mjelde skipreide.

1735 let sorenskrivar Johan Garman, brorson åt stiftskrivaren, og nokre andre av Garman-slekta, presten Jens Mariager og kommerseråd Lyder Schult, tinglesa odelsrett til Kvåstad og ein del andre gardar som Herman Garman hadde ått. 1744 gav sorenskrivar Garman odelsskøyte til lensmann Askeland for 10 rdl.

1748 vart det halde skifte etter Tomas Reistad, og den helvta han hadde ått i Kvåstad gjekk no over til enkja og borna som 1752 gav skøyte på parten til Olav Olsson Votlo for 30 rdl. Han fekk samstundes skøyte frå Lars Larsson Reistad på den andre helvta for 30 rdl., og åtte no heile garden. Olav var g.m. Marta, dotter åt lensmann Johs. Askeland. Olav vart brukar på Nordre Askeland og tok gardsnamnet til etternamn. 1784 vart det halde skifte etter Olav, og Kvåstad vart delt mellom sønene Olav Rivenes og Johannes Nordre Askeland eller Ytre Arna.

Den fyrste parten etter Olav O. Rivenes vart 1811 skift mellom 5 søner Den nesteldste av dei, Anders, hadde 1807 fått bygsla garden. Han fekk 1811 skøyte hjå brørne på deira partar og åtte no halve garden. Sjå bnr. 1. Den andre parten vart ved skifte etter Johs. Askeland 1788 utlagd til dottera Marta. Ho gifte seg 1811 med syskinbarnet sitt, Olav Olsson Rivenes (son åt Olav nemnd ovanfor). 1845 gav dei skøyte til dottera Kari for 100 spd. Parten hennar var året før utskild som eige bruk og vart det noverande bnr, 2. Kari gifte seg 1851 m. Johannes Nilsson Søre Askeland. Dei skøytte frå seg til Olav O. Rivenes 1852 for 400 spd. Enkja etter Olav, Marta Olsdtr. skøytte frå seg 1870 til Kari Olsdtr. for 350 spd. Ho gav same året skøyte til brukaren Anders Johannesson for 400 spd. og kår verdsett til 87 spd. 60 sk.


BRUKARAR FØR 1850.

1590 Endre. Han er også nemnd i skattelistene fyrst på 1600-talet.


1645 Olav Endresson og kona Berete. Olav var brukar så seint som 1657, men er ikkje nemnd seinare.

Born:

Isborg.
Eirik g. 1696 m. Berete Johannesdtr. Teien.


1661 Johannes Johansson f. 1628 d. 1710. Han var truleg gift to gonger. 1664 er det mellom søner og tenarar ein gut, Olav Johansson, 14 år gamal, som kan vera son åt brukaren. 1666 er ikkje denne guten nemnd, men Olav Eiriksson, 18 år gamal. Drengen Nils Johansson f. 1638, er nemnd båe gongene og er kanskje bror åt brukaren.

Johannes g. 2. g. 1692 m. Berete Monsdtr. f. 1655 d. 1709. Dei hadde ein son, Johannes f. og d. 1694. I skiftet etter Berete 1709 var nettoeiga 43 rdl. som var delt likt mellom enkjemannen og systerborna åt avlidne. I buet var m.a. 1 sylvbelte verdsett til 7 rdl., og 1 sylvsnor med nål verdsett til 2 rdl. Kven som vart brukar då Johannes var død 1710, er ikkje visst.


1718 var Jon Johannesson brukar. Han skulle vera frå Boge. 1720 fekk han bygselsetel på heile garden. Jon var g. 1709 m. Anna Andersdtr. Kvåstad f. 1675 d. 1736.

Born:

Berete f. og d. 1710.
Berete f. 1711 d. 1712.
Johannes f. 1713, brukar her.
Olav f. og d. 1714.
Marta f. 1716 d. 1721.
Anders f. 1722.


Johannes Jonsson vart brukar etter faren. Johannes f. 1713 d. 1806 var g. 1. g. m. Ingeborg Hansdtr. Kvamme bnr. 2 f. 1712 d. 1752.

Born:

Anders f. 1733, brukar i Fylingslid.
Hans f. 1735, brukar i Kallvik.
Jon f. 1737 d. 1745.
Johannes f. og d. 1739.
Anna f. og d. 1740.
Anna f. 1741.
Anna f. 1745 d. 1774 ug.
Helga og Brita, tvill. f. og d. 1746.
Jon f. 1747, husmann i Stamnessund.
Helga f. 1751 g. 1774 m. lærar Olav A. Stanghelle, Stamnes.

Johannes g. 2. g. m. Anna Nilsdtr. Fylingslid f. 1727 d. 1766. Ho ervde halve Fylingslid etter far sin 1756, og eldste son åt Johannes, Anders, fekk då bygsla denne garden. Ved skiftet etter Anna vart halve parten hennar utlagd til enkjemannen og resten til sonen Nils Johannesson. Han vart seinare brukar i Fylingslid.

Born:

Jens f. og d. 1753.
Brita f. 1755 d. 1758.
Nils f. 1757, brukar i Fylingslid.
Brita f. 1760, sp. pl. Stølane.
Mons f. og d. 1761.
Ingeborg f. og d. 1762.

Johannes g. 3. g. 1767 m. Kari Olsdtr. Stamnes f. 1718 d. 1791.


1773 bygsla Johannes Andersson Stanghelle bnr. 3 f. 1742 d. 1810. Han var g.m. Marta Ingebrigtsdtr. Dale bnr. 1 f. 1742 d. 1816.

Born:

Ingebrigt f. 1768, brukar i Kyrkje-Bruvik og Seilæ bnr. 11.
Anders f. 1770, b. på pl. Kvåstadstølen.
Marta f. 1772 d. før 1810.
Maila f. 1773 d. før 1810.
Anna f. 1774 g. 1807 m. Anders Sjursson Nordås.
Marie f. 1776 g.m. Jakob Jakobsson Foss, Radøy.
Dordi f. 1777 g.m. Anders Olsson Rivenes, brukar her.
Nils f. og d. 1779.
Johannes f. 1779, sjå husfolk.
Marta f. 1781 g. 1812 m. Nils Knutsson Revheim.
Nils f. 1784.
Gjertrud f. og d. 1786.

Johannes var lagrettemann 1788.

Ved skiftet etter han var nettoeiga 122 rdl. 15 sk.


1807 bygsla Anders Olsson Rivenes frå Haus f. 1783 d. 1851. Han gifte seg s. å. m. dotter åt den førre brukaren, Dordi Johannesdtr. f. 1777 d. 1822, og gav kår til foreldra hennar. Far åt Anders åtte halve Kvåstad, og 1811 fekk Anders skøyte på denne parten. Ved skiftet etter Dordi vart gardparten verdsett til 175 spd. og delt likt mellom Anders og sonen Olav.

Born:

Olav f. 1810, sjå bnr. 1.
Marta f. 1811, b. på pl. Kvåstadstølen.
Marta f. 1814 g.m. Johannes J. Stamnes bnr. 1.
Kari f. og d. 1817.
Kari f. 1818 g.m. Johannes Nilsson.

Anders g. 2. g. 1822 m. Anna Nilsdtr. Veo bnr. 1 f. 1802 d. 1872.

Born:

Nils f. 1825, brukar i Øyo bnr. 2.
Dordi f. 1826 g.m. Nils M. Stanghelle bnr. 1.
Johannes f. 1830 d. 1852.
Magdeli f. 1832 g.m. Isak H. Dyvik bnr. 1.
Sigrid f. 1834 d. 1851.
Dordi f. 1835 g.m. Nils Velomsson Stamnes.
Einar f. 1837 g. 1861 m. Ingeborg Haldorsdtr. Øyo. B. ei tid som husfolk i Øyo.
Brita f. og d. 1840.

Anders var medhjelpar for presten i Stamnes. Ved skiftet etter han var nettoeiga 499 spd. Buet åtte m.a. eit bruk i Røskeland i Mjelde skipreide. Parten som buet åtte i Kvåstad vart utlagd til sonen Olav som vart brukar på bnr. 1.


BRUK 1

Daglegnamn: Oppistovo. Gamalt løpenr. 2 a, nytt 1853 586. Gamal skyld 1844 18 merker smør. Ny 1 dalar 9 sk. 1886 2,19 skyldmark. Fødnad 1863: 8 kyr, 1 ungfe, 42 småfe. 1875: 6 kyr, 1 ungfe, 23 sauer, 11 geiter. 1863: 5 1/2 mål åker. 1/2 mål var god, 2 1/5 mål middels, resten ring. Naturleg eng 22 4/5 mål. 3 mål var god, 3 4/5 mål middels, 16 mål ring. Der var ikkje dyrkingsjord. Sånad 4 t. havre, 3 t. poteter. Avling 14 t. havre, 10 t. poteter, 777 våger høy, 98 våger halm. I slåttene 105 våger høy. Skav, lyng og beit til 1 kufôr. Vanleg godt dyrka. Kan selja ved for 7 spd. årleg netto. 1959 var innmarka 24 mål, og fødnad 1 ku, 1 ungfe, 7 sauer.


Olav Andersson f. 1810 d. 1883 var fyrste brukaren etter bnr. 2 vart frå, delt. Ved skiftet etter mora 1822 fekk han utlagt halve bnr. 1, og ved skiftet etter faren 1851 fekk han hi helvta mot å svara panterettsutlegg 48 spd. 95 sk. til stykmora Anna Nilsdtr. Ho fekk kår både av dette bruket og av bnr. 2. Olav g. 1837 m. Gunhild Nilsdtr. f. 1813 d. 1871. Ved skiftet etter Olav var nettoeiga kr. 526.

Born:

Dordi f. 1838 d. 1839.
Dordi f. 1839.
Anders f. 1840, brukar her.
Nils f. 1843.
Marta f. og d. 1847.
Magdeli f. 1848 g.m. David S. Bukkstein bnr. 2.
Johannes f. 1850 g. 1873 m. Ingeborg A. Veo.
Olav f. 1852, b. U.S.A.
Dordi f. 1859 g.m. Daniel Sjursson Bukkstein, b. U.S.A.


1870 skøyte til Anders Olsson for 400 spd. og kr verdsett til 95 spd. Anders f. 1840 d. 1900 var g. 1. g. 1870 m. Guri Halsteinsdtr. Stamnesleiro f. 1835 d. 1894.

Born:

Ole f. 1860 d. 1861.
Gunhild f. 1862 g.m. Haldor N. Øyo, b. her på pl. Bakken.
Eli f. 1864 g.m. Ole Sjursson Bukkstein, brukar her.
Ole f. 1866, b. i U.S.A., g. der m. Olina Straume.
Kari f. 1869 d. 1870.
Halstein f. og d. 1872.
Karoline f. 1874, b. U.S.A.

Anders g. 2. g. 1899 m. enkja Brita Kalland bnr. 2. Han døydde ved ei ulukke. Han fall utfor ein berghamar i skogen.


1895 skøyte til Ole Sjursson for kr. 1600 og kr. Ole var f. på Bukkstein bnr. 2 1864 d. 1957, var g.m. Eli Andersdtr. Kvåstad f. 1864 d. 1950, dotter åt den førre brukaren. Ole var med i forsorgsstyret, skulestyret, var roteforstandar og skattekrevjar. Han bygde ny stove med kjellar og ny for og løe på bruket.

Born:

Guri f. 1891, fabr.arb. Dale.
Anna f. 1894, fabr.arb. Dale.
Ingeborg f. 1896, husmor her.
Anders f. 1899, brukar her.
Susanne f. 1902 g.m. handelsm. Herman Andersen, Florvåg.


1937 skøyte til Anders Olsson for kr. 2000 og kr. Anders er g.m. Olufine O. Strømsnes frå Askøy f. 1905.

Born:

Ella f. 19** g. 1954 m. Roald Teigland, Askøy.
Ole f. 19**, brukar her.
Aud f. 19** g. 1958 m. Odd Eliassen, Askøy.
Odd f. 19**, sjømann.
Gerd f. 19**.

Anders har vore med i skulestyret, forsorgsstyret og likningsnemnda.


1955 skøyte til Ole Andersson for kår til foreldra. Han er g. 1957 m. Ruth Lyngbø.

Born:

Astrid f. 19**.
Oddny Ellinor og Dagny Annlaug f. 19** (tvill.).


BRUK 2

Daglegnamn: Nerestovo el. Gjelane, avdi den fyrste brukaren budde på pl. Gjela under Elvik før dei kom hit. Gamalt løpenr. 2 b, nytt 1853 587. Gamal skyld 1844 18 merker smør, ny 1 dalar 9 sk. 1886: 2,19 skyldmark. Fødnad 1863: 8 kyr, 2 ungfe, 38 småfe. 1875: 6 kyr, 1 ungfe, 18 sauer, 16 geiter, 1 gris. 1863: 5 1/5 måll åker, 1/2 mål var god, 2 1/5 mål middels, resten ring. Naturleg eng 22 4/5 mål. 3 mål var god, 3 4/5 mål middels, 16 mål ring. Der var ikkje dyrkingsjord. Sånad 4 t. havre, 3 t. poteter. Avling 14 t. havre, 10 t. poteter, 660 våger 98 våger halm. I slåttene 105 våger høy. Skav, lyng og beit til 1 kufôr. Kan selja ved for 7 spd. rleg netto. 1959 hadde bruket 22 må! innmark, og fødnaden var 1 ku, 1 ungfe, 1 sau, 1 gris.


1852 bygsla Johannes Olsson Elvik bnr. 1 f. 1805 g. 1831 m. Kari Andersdtr. Dyvik bnr. 1 f. 1808 d. 1864. Dei bygsla fyrst halve Mo 1835. Sidan var dei plassfolk i Gjela i Elvik frå 1840 til dei kom hit.

Born:

Ola f. 1831 d. 1918 ug., b. her.
Anders f. 1834, brukar her.
Jakob f. 1837 d. ug. oml. 1860.
Marta f. 1840 g.m. lærar Knut Simenes, b. på pl. Stamneshagen.
Anna f. 1843 d. 1846.
Anna f. 1846 g.m. Johannes Andersson Veo bnr. 2.
Knut f. 1849, farmar i U.S.A.
Sigrid f. 1852 d. ung.


1870 skøyte til Anders Johannesson f. 1834 d. 1913 for 400 spd. og kår verdsett til 87 spd. 60 sk. Far åt kjøparen, som hadde vore bygselmann her, skulle ha kåret. Anders g. 1865 m. Torbjørg Askjelsdtr. Simenes f. 1840 d. 1929. Anders var kyrkjeverje i Stamnes, var med i skulestyret, forsorgsstyret, heradstyret og ymse kommunale nemnder.

Born:

Kari f. 1866 d. 1882.
Askild f. 1869 d. 1870.
Askild f. 1871, brukar her.
Brita f. og d. 1873.
Brita f. 1875 g.m. John B. Stamnes, brukar her.
Johannes f. 1877 d. 1955 g.m. Dortea Rød, gbr. Rød, Myking, Lindås.
Jakob f. og d. 1881.
Jakob f. 1882 d. ug. 1907.

1898 skøyte til Askild Andersson for kr. 1200 og kår. Askild f. 1871 d. 1914 var g.m. Karoline Olsdtr. Stamnesleiro f. 1871. Dei hadde ikkje born. Askild var med i heradstyret, var skjøns- og meddomsmann i mange år og sat lenge i likningsnemnda.

Ved skiftet etter Askild vart bruket utlagt til hans syster og verbror. Enkja gifte seg att med Haldor N. Øyo som budde her på pl. Bakken. Sjå nedanfor.


1918 skøyte til Brita Andersdtr. og John B. Stamnes for kr. 2500 og kår til enkja etter den førre brukaren. John var jekteskippar og åtte eit småbruk på Stamnes, Sundet, bnr. 24. John f. 1876 d. 1957 var fleire periodar med i skulestyret og forsorgsstyret.

Born:

Anders f. 1902, brukar her, motorbåtførar.
Torbjørg f. 1904 g.m. fiskar Tomas Tresnes, Fedje.
Bjarne f. 1905, sjå bnr. 3.
Albert Karl f. 1906, vegarb., b. Åsane, g.m. Borghild Monsen frå Mjølkråi, Åsane.
Jakob f. 1907 d. ug. 1934, gardbr.
Knut f. 1908, møbelsnikkar, b. Raknes i Hosanger.
Marie f. 1910 g. 1. g. m. motorbåtførar Halvdan Johnsen, Stamnes. G. 2. g. m. politibetjent Hjalmar Juhl, Bergen.
Astrid Karoline f. 1911 g.m. tekstilarb. Magnus Holme, Dale.
Ingeleiv f. 1912 d. 1931.
John f. 19**, brukar her.
Signy f. 19** g.m. Olav M. Stamnes bnr. 2.


1957 skøyte til Anders og John J. Kåstad for kr. 3700 og kår til mora Brita Stamnes Kåstad.

Anders f. 1902 eig også småbruket som foreldra hadde i Stamnessundet. Sjå Stamnes bnr. 24.

John f. 1914 er motormann, g.m. Anna f. Vaksdal, dtr. åt skomakar Alfred Vaksdal, Dale, og kona Kristina f. Hesjedal eller Veo.

Born:

Else f. 19**.
Turid f. 19**.


BRUK 3, SKOGLID

Skyld 4 øre. Skilt frå bnr. 2 1952. Selt til son åt brukaren på hovudbruket, Bjarne J. Kåstad f. 1905. Han er møbelsnikkar, b. Raknes, Hosanger. G. 1. g. m. Kanna Strømme frå Askvoll, Sunnfjord. G. 2. g. m. Alvhild Enes frå Halsnøy.


PLASSET KVÅSTADSTØLEN ELLER STØLANE

Dette plasset ligg eit godt stykke sør for tunet, ved grensa mellom utmark og innmark. No ligg det innanfor bøgjerdet, men på den tid det var oppteke, låg det truleg i utmarka. I den fyrste tinglyste festesetelen frå 1796 er det kalla «en Rydningsplads Stølen». Namnet syner at her frå gamalt har vore mjølkeplass for feet i beitetida.


1796 festesetel til Olav Davidsson Bukkstein bnr. 2 f. 1759 d. 1816. Han vart g. 1788 m. Brita Johannesdtr. Kvåstad f. 1760 d. 1816. 1804 fekk dei skøyte på Fylingslid og flytte seinare dit.

Born: Sjå under Fylingslid.


1812 festesetel til Anders Johannesson Kvåstad f. 1770 d. 1818. Han vart g. 1797 m. Kari Sjursdtr. Bukkstein bnr. 2 f. 1767 d. 1810. Dei budde på Kvåstad som husfolk.

Born:

Olav f. 1797 g. 1826 m. Anna Larsdtr. Lavik, plassmann på Myster frå 1825, seinare b. Lavik, Eksingedalen.
Marta f. 1798 g.m. Halstein D. Kvamme, plassmann i Fylehaugen. Sjå Fylingslid.
Johannes f. 1800, b. her. Sjå nedanfor.
Siri f. 1803 g.m. Hans M. Brørvik, brukar i Brørvik.
Askjel f. 1805 d. før 1818.
Gjertrud f. 1806 g. 1834 m. Olav Nilsson Fosse.
Ingeborg f. 1808 g. 1831 m. Mons J. Dalseid, b. Manger.

Anders g. 2. g. m. Synneva Johannesdtr. Stamnes bnr. 10 f. 1771 d. 1860.

I skiftet etter Anders fr me vita litt om dei hus som var på plasset. Der var eit lite hus bygt av tømmer. Der var og ei ny røykstove og eit gamalt kammers eller ei bu. Dette huset vart verdsett for 20 rdl. Ein gamal bygning med smaleflor og 1øe av standardverk vart verdsett for 6 rdl. Eit gamalt båtnaust av standardverk verdsett for 2 rdl. Ei lita tømmerbu verdsett for 3 rdl. Nettoeiga i buet var 64 rdl.

Born i 2. e.:

Kari f. 1812 d. 1896.
Brita f. 1814 g.m. Magne Monsson Veo bnr. 4.


1830 gifte Johannes Andersson Kvåstad f. 1800 seg med Marta Andersdtr. Kvåstad f. 1811. Dei var syskinborn. Dei budde her saman med stykmor åt Johannes. Dei flytte sidan til Indre Arna, Haus, der dei kjøpte jord.

Born:

Anders f. 1831.
Johannes f. 1834, b. Breistein.
Anders f. 1837, b. Berger ved Svelvik.
Jakob f. 1838 d. 1864.

Enkja Synneva budde visstnok her til ho døydde 1860.

1863 var plasset nedlagd.


PLASSET BAKKEN

Låg på nordsida av elva, straks ovanfor nausta. Her budde Haldor Nilsson Øyo bnr. 2 f. 1865 g. 1887 m. Gunhild Andersdtr. Kvåstad bnr. 1 f. 1862 d. 1910. Dei hadde ikkje born. Haldor g. 2. g. 1916 m. Karoline Olsdtr. Kvåstad. Ho var enkje på bnr. 2 og hadde kår der. Dei var barnlause. Haldor dreiv med svarving. Han var serleg kjend som rokkedreiar.


HUSFOLK

1666 er Magne Endresson busett på Kvåstad. Han er mellom 50 og 60 år og er kalla husmann. Ein kjenner ikkje til husmannsplass på Kvåstad på denne tid, og Magne har truleg vore kårmann eller innerst.


Knut Jakobsson Revheim f. 1705 d. 1796 og kona Mette Kainsdtr. Leiro f. 1710 budde her. Mette døydde 1781 og det vart halde skifte som syner ei nettoeige på 9 rdl.

Born:

Markus, sjå neste huslyd.
Jakob.
Eli f. 1753, bleiv i sjøen 1794.


Markus Knutsson Kvåstad (sjå ovanfor) og kona Kari Johannesdtr. budde her og hadde ein son, Jakob, til dåpen 1772. Markus var avliden før 1781.


Daniel Hansson og kona Kari Gunnarsdtr. budde her og hadde 2 born til dåpen, Kari f. 1750 og Kari f. 1752. Då den siste var døypt, skreiv presten: «Det er omløbende og slette mennesker.»


Johannes Johannesson Kvåstad f. 1779 var brukarson og oppvaksen her. Han vart g. 1807 m. Synneva Olsdtr. Kvamme f. 1781. Johannes var då kalla grenader. 1808 var han med i krigen mot svenskane, og han synte slikt mot at det vart sendt melding om det til kongen i København. I Barstads bok «Syvaarskrigen» str det fylgjande: «Johannes Johannesen Korstad, Stamnes sogn, grenader of det Berghusiske regiment viste utrolig mod og standhaftighed i den stærkeste kugleregn ved sine sikre skud viste fienden tilbage.» I meldinga til kongen skreiv oberst Krebs m.a.: «Den brave og tapre mand der med saa megen bravour og sandt mod have gjort fienden udmærket modstand anbefales underdanigst i Deres høyfyrstelige durchlaugtigheds naade.» Den 28. januar 1809 fekk Johannes sylvkrossen av Danebrogsordenen, og han vart seinare kalla danebrogsmann. Johannes og Synneva bygsla sidan jord på Hop i Fana.

Born her:

Olav f. 1807.
Barbru f. 1811.

I eit skifte 1832 er Johannes kalla Strømsnes.


Lars Johannesson Søre Myking og Marta Andersdtr. Dyvik bnr. 1 f. 1816 vart gifte 1836. Dei var fyrst husfolk i Dyvik. 1843 flytte dei hit.

Born:

Jorna f. og d. 1837.
Anders f. 1838.
Olav f. 1842 d. 1844.


Olav Johannesson Kvåstad og kona Guri Knutsdtr. budde her. Olav var fabrikkarbeidar.

Barn:

Knut f. 1860.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy