Kledebunaden, av Kristina Fosse

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 22:15, 22 januar 2008 by Kaare (Talk | bidrag)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Kledebunaden
Av Kristina Fosse.


I eldre tid var det stor skilnad på kvardagsklede og helgakler. Kyrkjeklerne var det beste dei hadde.

Skinnbrok vart brukt av gamle so seint som kring år 1900. Far min fortalde ofte om han gamle Nils, han gjekk i skinnbrok om vinteren. Varmaste sumaren fekk skinnbroka kvile, og han gjekk i berre sid vadmålsudla, som nådde til knes.

I regnver om sumaren brukte dei noko dei kalla ryggjaskinn. Det var festa med fatlar ved halsen og akslene. Dei bruka det når dei hesja i regnver, og når dei bar vått gras.

Oppveksande ungdom brukte då vadmålskler, både buksa og trøya. Bestekleda til karfolka var av fint leta vadmål. Ofte var hekter og spenne laga av hendige hender. Det kunne treffa at bestetrøya gjekk på lån, ikkje alle hadde råd å kosta seg det.

Sumarsko var av barka hud, dei var gjerne svarte og hårlause. Elles gjekk dei mykje berrføtt om sumrane. Vetrasko var av rå hud, desse vart kalla lodnesko. Hatten var høg og sylinderforma og laga av tøvd ull (ikkje filt). Ein slik hatt er det framleis teke vare på. Elles hadde dei strytehuva og lodnehuva. Stregaskjorta var eit helgeplagg av grov lin.

Kvinnebunaden var vel mykje lik den dei bruka elles i Vossebygdene. Det var ull nærmast kroppen. Strikkeudla var mykje gromare enn vadmål. Strikkeplagga var fyrst berre kvinneplagg. Sokkane vart haldne oppe med sokkeband under kneet. Skinnstakken hadde håra inn. Han skulde og vera so god under dossa, slik at ho held seg godt ut nede. Elles var understakken av vadmål. Ogso her i dalen hadde dei sauma bringedukar, og det er utruleg å sjå kor små betar av kleda som er sydde saman og nytta slik at dei har fått den vesle bringeduken. Det syner at kjøpety ikkje var til å sløsa med.

Bilete kring 1900 syner at jentene stundom hadde liv med kvare, men utan bringeduk. Det er truleg sundagsbunad. Dei brukte messingbelte eller listebelte som var vove eller sauma.

Ei tid etter 1900 og utover hadde mest alle koner i Bergsdalen svart fløyelskvare på dossa, og sylvborda ovanfor den. Dersom dei hadde vossaskaut, fekk det liggja på kistebotnen. Det var hardigskautet som var i bruk.


Bilete s. 370


Til svart skjørt og trøya eller svart kjole vart det og bruka hardingskaut. Kring 1800 var det mange på Voss, særleg unge, som tykte vossaskautet var lite fint, og dei byrja bruke hardingskaut til vossabunaden, og slik kom vel den skikken til Bergsdalen òg. Vossakruna vart heller ikkje mykje brukt. Dei tykte vel det var finare med høg kruna. Men laust og langt hår hadde brura. Jentene hadde to faste fletter bundne rundt hovudet. Kvit hovudduk i ull og med frynser var stasplagg. Konene hadde ei fin svarthuva med perler og silkeband og knytt under haka. Det var huva alle kledde, og det var eit staseleg plagg. Like til etter 1950-åra kunne ein sjå desse. Nasjonalbunaden her er no lik vossabunaden, både for kvinna og mann. Ingen ting særprega for Bergsdalen. Men dei innflutte held sjølvsagt på sine bunader.

Elles fann nye klemotar vegen til Bergsdalen òg. Ungdomane var ute og tente, kjøpte seg fine trøyer med legg og faldar, og svære hattar. Samkvem med byfolk og Dalefolk gjorde og sitt til skifte i klebunaden.

Eg minnest godt den fyrste dama eg såg i knebuksa. Ho kom opp saman med nokre andre ein sumardag og skulle helsa på bestemor. Då dei var gått, sa bestemor: "Ei slik kjekk og staut jenta og so gå i buksa"! På den tid heldt denne jenta på med si utdaning, og ho vart landets fyrste kvinnelege ingeniør i telegrafverket.

Det var vanleg å gå på ski i nokso sidt skjørt og jakke. Bilete frå kring 1915 og utover syner at dei kom seg både på Bukken og Storliknausen i desse plagga. Kring 1930 vart det meir vanleg med skibukse for kvinnene og. Men mange gjekk på ski i høg alder, og aldri i anna enn skjørt.

No er dei fleste like i kledbunad, anten dei bur her eller i tettbygd stad.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org
Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.

© Formgjevar og teknisk ansvarleg Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy