Kalland

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III


Gards og ættesoge for Kalland.


GNR. 41 KALLAND


Innhaldsliste

INNLEIING

Ligg på fastlandet om lag 3 km nord for Stamneshella ved innlaupet til Eidsfjorden. Eit stort nes stikk her ut mellom indre Osterfjorden og Eidsfjorden. Ytst på neset ligg ein rund koll, Kallandsklubben. Lenger inne på neset ligg det gamle gardstunet om lag 58 m.o.h. Frå tunet hallar noko av innmarka austover mot Kallandsvika og Eidsfjorden og noko mot sør mot indre Osterfjorden. Vegen frå Stamneshella til Eidslandet går over innmarka. 1723 vert lægjet åt garden skildra slik: «ligger ved Søen maadelig Jordart men tungvunden og ligger 5 Mile fra Bergen.» 1863: «Ved Søen og derfra 5 Miil til Bergen. Om Vinteren ligger omtrent 5 Mdr. Meeniis. Sørfjordsveien 6 1/2 Miil.»

Gardnamnet vart skrive Kalffueland 1567, Kalleland 1611 og 1620, Kalland 1667, Kaland 1723. Truleg er det same namnet som gardsnr. 77 i Fana, der ei skriftform frå 1522 tyder på at grunnforma har vore Kalfaland av Kalfr. Fyrste lekken kan då vera mannsnamnet Kalf ell. substantivet kalv. Den fleste gardar med etterlekken land, ser ut til å ha vore rudde ved overgangen frå folkevandringstid til vikingtid, om lag 700 år e. Kr. Mange av dei har vorte utskilde frå eldre gardar, og namnet kan då ofte vera ein peikepinn på korleis området har vore nytta før det vart fast busetnad der. Når det gjeld denne garden, skulle namnet tyda på at her har vore kalvehage, truleg høyrande til garden Stamnes.

Garden grensar mot Hesjedal, Vik og Stamnes. Grensene vart skriftfeste ved tinglyst minneleg utskifting 1837. Me har ikkje kjennskap til innhaldet i denne forretninga, men det ser ut til at grensa mot Hesjedal går på sørsida av Vikavatnet, og fylgjer Hesjedalsvassdraget mot sjøen. Grensa mot Stamnes tek til ved fjorden ved det gamle husmannsplasset Svarteberg, som i 1885 vart utskilt og vert drive saman med eit stykke av Stamnes som eitt småbruk. Om denne grensa, sjå elles Stamnes.

«Kongshaugen» kallar dei ein rund haug, som låg eit halvt hundre meter vest for tunet. Frå haugen var det stort utsyn både søretter og innover mot Eidsfjorden. Mons Jonsson, som var brukar frå 1840 til 1885, grov ut haugen. Han skal då ha funne lange steinar, lagde som ei kiste i firkant. Seinare har det stått fjøs og løe på staden. No er grunnen bortrudd i samband med grustak. Gardsnamnet syner at garden truleg har vore busett før vikingtida, og her har truleg vore samanhangande busetnad heile tida sidan. Kalland er ikkje nemnd i nokon av dei skriftlege kjeldene frå mellomalderen. Det eldste skriftlege vitnemål er frå 1567, og gjeld leidangen, som då var 1 saueskinn. Garden vart ikkje delt i fleire bruk før 1885, då eit husmannsplass, Svarteberg, vart utskilt som bnr. 2. Året etter vart sjølve garden delt i 2 jamstore bruk, bnr. 1 og bnr. 3. Seinare er det fråskilt nokre småbruk og fleire hustufter. Ein del hyttetufter er også skilde ut. Dei fleste av dei ligg på Kallandsklubben.

Då innmarka vart delt 1886, vart den delen som ligg inn mot Kallandsvik, delt med ei line i 2 teigar. Men på den sørvende innmarka vart det ein del teigdeling. Seinare vart det hadde offentleg utskifting, tinglesen 1915, over innmarka og utmarksstykket Klubben. Br. 3 flytte då ut or det gamle tunet og fekk nytt tun lenger sør på innmarka.

1863 var her 9 1/2 mål åker. 5 mål var god åker, 3 3/5 mål middels, resten ring. Bøen var på 68 3/4 mål. 12 mål var god bø 9 1/2 mål middels god, resten var ring. Her var 4-5 mål dyrkingsjord. I tillegg til dette kjem husmannsplassa Langenes og Svarteberg, som til saman hadde 1 1/2 mål ring åker, 2 3/4 mål middels god, og 6 mål ring bø.

Skogen er nemnd 1661: «Ingen Lunder till Vden hiemmebrende.» 1723 vert det opplyst at dei kan selja ved. Likeeins 1863 då. dei kan selja tømmer og ved for 10 spd. årleg netto. Utanom dette er det skog nok til ved, hustømmer, og elles til husbruk. Ved delinga 1886 vart skogen delt i 23 teigar. Skogteigane på Klubben var med i den offentlege utskiftinga 1915. Elles står delinga 1886 ved lag, såvidt ein kjenner til.

Utmarksslåtter hadde dei ikkje, vert det opplyst 1863. Grunnen må vel vera at innmarksarealet var så stort at det skaffa høy nok i den tida her berre var eitt bruk. I seinare tid har her vore ein del utmarksslått, som dei slo som byteslått. Dei to hovudbruka slo dei einskilde teigane kvar sitt år.

Beitet var 1863: «Beliggende ved Gaarden af ringe Beskaffenhed og 1/3 Del forliden.» Sæter hadde dei ikkje 1723, og visstnok ikkje seinare heller, før 1923, då dei bygde sæter på Storaheio på fjellet ovanfor garden. Sætra heiter Kallandstølen. Før den tid hadde dei faste mjølkeplassar kring i marka, oftast ved ein stor stein, som dei sette mjølkebyttene ifrå seg på.

Fisket er nemnt 1863: «Her kastes af og til Smaasild.» I seinare tid er det sjøfiske etter laks som har mest å seia. Kvernstøe hadde dei i elva sør for garden. Me bruk hadde kvernhus i lag til utskiftinga 1915. Utanom dette kvernstøet er det eitt i osen inne i Eidsfjorden. Dette kvernstøet har vore brukt av grannegarden Hesjedal. Alt 1723 hadde dei kvern på garden.

Dei verdfullaste vassrettane var i Hesjedalsvassdraget, som Kalland og Hesjedal var saman om. Vasskrafta var visstnok ikkje serleg utnytta før 1895, då Hesjedalsfossen og grunnar til vart bygsla bort til Anders Johannesson Nordre-Hagen (Stamneshagen) for 50 år. Han sette opp sagbruk her. Sagbruket og rettane til å driva det vart førde over til sonen Anders A. Stamnes, gjeldande i 50 år frå 1905. Noko seinare kom det opp planar om å nytta vassfallet til elektrisitetsutbygging, og Anders Stamnes sa då frå seg rettane over elva eller vassfallet, mot å få levert ved sagbruket vasskraft eller elektrisk kraft av ei viss mengd, og på visse andre vilkår. Vassrettane i Hesjedalselva vart så handgjevne til F. Hiorth 1913, og 1917 vart dei utskilde som eige bruksnummer. Sjå vidare under bnr. 5.

Husmannsplass ser det ut til å ha vore så tidleg som 1701, då det i manntalet er ført opp ein mann under «Husmend Sæder», men 1723 er her ingen husmannsplass, og det ser ikkje ut til å ha vore nokon før på 1800-talet, då det vart teke opp 2 plass, Langeneset og Svarteberget. Dei fyrste som sat på desse plassa hadde ikkje tinglyst bygselsetel, men det ser ut til at Langeneset har vorte teke opp kring 1825 og Svarteberget kring 1850. Dei har båe seinare vorte skilde ut som eigne bruk. Sjå bnr. 2 og 8.

Takningsrota: Kallestad, Sandalen, Toskheller, Simenes. Gravarrota er den same som takningsrota. Her har vore teke ut ein del leir og sand på garden. 1887 vart det tinglyst kontrakt mellom brukarane og P. A. Giertsen, der han fekk rett til å henta leir på garden mot kr. 50,- i årleg avgift.

Laksefisket var ei tid bortleigt. 1890 vart tinglyst kontrakt frå brukarane på bnr. 1 og 3 til Lars Olsson Gammersvik, der han fekk rett til å fiska laks ved Kallandsberget. Same året vart tinglyst kontrakt mellom brukaren på bnr. 2 og landhandlar Ole K. Dyvik, der Dyvik fekk einerett til laksefisket i 20 r.

Frå om lag 1940 har eigarane drive med sitjenot etter laks og aure ved Kallandsberget og år om anna fiska bra. Det har ofte vore kasta brisling ved garden.

1919 vart det sett opp fyrlykt på Kallandsskjeret.


SKYLD OG UTREIDSLER m.m.

Gamalt matr.nr. 15 i Hosanger skipreide. Nytt 1838: 16. 1853: 156 i Haus tinglag. 1886 til 1964 gnr. 52 i Bruvik. Gamalt 1.nr. 32. Nytt 1853: 583. 1723: I Mand landskyld 1/2 løb S. 1 Mæle Malt. fru Schønebølg tilhørende. Jngen Huusmands Pladser. Jntet Sætter, lit furreveed og brendeveed. 1 flomqværn. ligger ved Søen maadelig Jorart men tungvunden og ligger 5 Mile fra Bergen. Saar havre 2 1/2 t. Afler 7 t. 6 Kiør 2 Ungnød 12 faar 1 Hest. Taxt efter gl. Matricul 1/2 løb 9 m. S. ligger Nær Søen som meldt og lever of Qwægets avling og lit Brendeveed at selge. Landskyld 1626 1/2 laup smør, 1 mæle malt. Landskylda var den same 1648 og 1655. Matr.takst 1665: 1/2 laup 9 m. smør. 1718 «redusert» til 2 p. 6 m. smør. (Denne matrikuleringa vart ikkje sett i kraft.) 1838: 1 dl. 2 ort 2 sk. 1886: 3,89 skm. Leidang 1567: 1 saueskinn. 1590-91: 2 kalvskinn. Fredtoll kvart 8. år. 1665: Leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar: 2 m. 7 sk. Kandtiend: 2 1/2 ml. Småtiend: 5 sk. Fødnad 1657: 1 hest, 7 kyr, 1 kvige, 7 geiter, 9 sauer. 1665: 1 hest, 11 storfe. 1863: 1 hest, 8 kyr, 1 ungfe, 40 småfe. På husmannsplassane: 2 kyr, 2 sauer. 1865: 1 hest, 10 storfe, 28 sauer, 8 geiter, 1 svin. På husmannsplassane: 3 storfe, 20 sauer, 3 geiter. Sånad 1665: 2 1/2 t. korn. Avling: 6 1/2 t. 1863: sånad 6 1/2 t. havre, 5 t. poteter. Avling 22 t. havre, 22 t. poteter («formentlig mere»). 915 våger høy, 154 våger halm. Lyng for 1 ungfe. Sånad 1865: 6 t. havre, 6 t. poteter og på husmannsplassane t. havre, 1 t. poteter. 1875 sånad: 7 t. havre, 5 1/2 t. poteter. Fødnad: 1 hest, 1 okse, 7 kyr, 2 ungfe, 32 sauer, 9 geiter, 1 svin. Plasset Langenes. Sånad 1/2 t. korn, 1/2 t. poteter. Fødnad 3 kyr, 4 sauer, 2 geiter. Folketal 1801: 11. 1865: 16. 1875: 19.

1959 hadde garden 71,2 mål innmark, og frødnaden var 4 kyr, 4 ungfe, 9 sauer.


EIGARAR

Fyrste opplysning om kven som åtte garden er frå 1626. Garden er då Allehelgensgods. Allehelgenskyrkja låg i Vågsbotnen i Bergen og til kyrkja høyrde det eit hospital for menn, grunnlagt 1276.

1668 let Peder Hansen, rådmann i Bergen, krevja nokre Allehelgens landbønder for skyldig landskyld, og mellom dei var leiglendingen på Kalland. Stutt tid etter må garden ha vorte seld til private. 1676 er Maria sal. Jan de Ludes eigar. 1692 er det også ei enkje som åtte garden; Maria Macodj, enkja etter oberstløytnant Macodj. Ho skreiv ut bygselsetel til brukaren Anders Johannesson 1697, og til Haldor Knutsson 1700. Ho er oppført som eigar så seint som 1718, men 1723 er det fru Schønebølg som eig garden.

1737 skreiv herr Gert Gelmeyden ut bygselsetel til brukaren Anders Haldorson. 1745 fekk Anders skøyte, men då den gamle brukarætta gjorde krav på odelsrett, laut Anders året etter gje skøyte til Anders Johannesson Heimvik, som må vera soneson åt brukaren Anders Johannesson, brukar her 1697. Anders Heimvik d. 1746, og ved skøyte same år fekk sonen Rasmus utlagt 2/3 av garden, og dottera Brita 1/3. Garden var verdsett for 38 rdl. 3 ort. Anders hadde fått skøyte for 80 rdl. Brita Andersdtr. Heimvik vart g.m. Jon Monsson Romarheim, og 1773 fekk dei skøyte frå bror hennar på hans part, slik at dei no åtte heile garden. 1784 var det halde skifte etter Jon. Enkja Brita fekk utlagt halve jordegodset i Kalland, og hi helvta vart delt mellom 6 born. Den eine av sønene, Mons, fekk 1786 skøyte på partane åt syskina, og han flytte til Kalland og vart brukar her. Den helvta av garden som mora åtte fekk han 1788 bygsla hjå hennar andre mann, Lars Nilsson Sandal. 1797 fekk Mons skøyte også på denne parten. Sjå nedanfor under brukarsoga.


BRUKARSOGA FRAM TIL 1886.

1590-91 finn me i lensrekneskapen brukaren Nils.


1603 finn me brukaren Knut. Han er leiglending og betalar 1 dl. i landskatt. Knut finst fleire gonger nemnd i skattelistene utover til 1620-åra.


1630-31 er Olav brukar. I skattelista er han oppførd mellom halvegardsmenn og betalar 1 rdl. i skatt.

Anders Kalland vart 1642 dømd for å ha slege husmannen Mikkel Bendikson «med en Aare offuer ænde». For dette skulle han bøta 4 m. sylv eller 2 rdl. Det er helst lite truleg at denne Anders var brukar her. (Kalland finst også i Fana, Lindås og Ullensvang.)


1638 er Johannes brukar, og 1645 Knut Johannesson. Det er truleg far og son som har fylgt etter einannan som brukarar. Knut var fleire gonger stemnd for skuldig landskyld, 1667 skulda han 2 rdl., 1668 5 m., 1670 1 rdl. Knut Johannesson f. om lag 1609 og kona Mari hadde desse born:

Jon f. 1659.
Mons f. 1661. G. 1683 m. Ingeborg Gudmundsdtr. Eikefet.
Knut f. 1663. Plassmann i Totlandstø (truleg under gnr. 62 i Hosanger).
Johannes f. 1665.
Anna f. 1676 g.m. neste brukar.


1697 vart Anders Johannesson Kvamme g.m. Anna Knutsdtr. Kalland, og same ret fekk han bygselsetel hjå. fru Marie Macodj, som då åtte garden. Anders d. 1699 og Anna hadde 2 born:

Johannes f. 1698 g. 1725 m. enkje Ragnhild M. Nedre Eknes, Hosanger. Sjå nedanfor 1746.
Brita f. 1700 g. 1718 m. Johannes Haldorson Dalseid bnr. 1.

Ved skiftet etter Anna Knutsdtr. 1704 var nettoen i buet 16 rdl. Formyndar for borna Johannes og Brita i 1. ekteskap var morbrørne Jon Kalland og Mons Dalseid.


1700 bygsla Haldor Knutsson Øvstedal frå Evanger. Haldor f. 1674 d. 1722, var g.m. enkja etter førre brukar, Anna Knutsdtr. f. 1676 d. 1704. Haldor g. 2. g.m. Gjertrud Matiasdtr. Eide d. 1707. Ho var kanskje dotter til Matias Olsson Eide f. 1653 (nemnd under bnr. 3). Ingen av borna frå desse 2 ekteskap levde til dei var fullvaksne. Haldor g. 3. g. 1708 m. Ågota Helgesdtr. Bukkstein f. 1683 d. 1767.

Born:

Anders f. 1708. Brukar her frå om lag 1737.
Anna f. 1710 g. 1771 m. enkem. Johannes Eirikson Fylingslid.
Ragnhild f. 1712 g. 1738 m, Gudmund Gulleikson Øyo, brukar på Eikemo.
Gjertrud f. 1714 g. 1748 m. Jens Nilsson Stamnes, bnr. 10.
Kari f. 1718 g.m. Jakob Gulleikson Øyo. Brukar her.
Gulleik f. 1721 g. og b. på Bjørndal, gnr. 65, Hosanger.
Åse f. 1722.


1724 vart Nils Gulleikson Øyo g.m. enkja Ågota Helgesdtr. Kalland. Dei dreiv truleg garden til fyrste sonen hennar, Anders, vart vaksen. Nils Øyo bnr. 1 f. 1697 og Ågota hadde 2 døtre.

Anna g. 1752 m. Mons Johannesson. Brukar her frå 1751.
Bulina f. 1728 d. 1774.


1737 bygsla Anders Haldorson f. 1708. Han var g.m. Anna Gulleiksdtr. Øyo, og dei hadde vore husfolk i Hesjedal nokre r før del flytte helm til Kalland. 1745 fekk Anders skøyte på garden hjå sokneprest Gert Gelmeyden, og han var den fyrste kjende brukaren på Kalland som var sjølveigar. Men alt ret etter let han skøytet frå seg til Anders Johannesson Heimvik, som hadde reist søksmål om odelsretten. Anders Haldorson vart sidan brukar i Øyo på bnr. 1.


1751 bygsla Mons Johannesson. Mons f. 1732 var son åt Johannes Eirikson Fylingslid og kona Ågota, husfolk på Kvåstad og i Fylingslid. Han vart g.m. Anna Nilsdtr. Kalland, dotter til ein tidlegare brukar her. 2 av borna døydde små. Kvar dei andre busette seg, har ein ikkje opplysningar om, og det er truleg at Mons og huslyden flytte ut or bygda då her kom ny brukar.

Born:

Brita f. 1752.
Anna f. 1753.
Nils f. 1757.
Johannes f. 1758.
Gjertrud f. 1760.


1765 bygsla Jakob Gulleikson Øyo. Jakob f. 1718 d. 1784 var g.m. Kari Haldorsdtr. Kalland f. 1718 d. om lag 1750. Dei hadde før butt på bnr. 1 i Øyo, og det er ikkje heilt visst kva tid dei flytte hit, men truleg var det kring 1750.

3 born vart vaksne.

Gunhild f. 1742 g.m. pl.mann Olav N. Toskheller, Gammersvik.
Guri f. 1745.
Gulleik f. 1749. Brukar i Øyo bnr. 1.

Jakob g. 2. g.m. Ellen Kainsdtr. Leiro d. 1750. Same het gifte han seg for 3. g. m. Marta Eiriksdtr. Veo d. 1782. Fleire av borna døydde små.

Desse vaks opp:

Johannes f. 1751. Sjå husfolk.
Gudmund f. 1757. Brukar i Elvik bnr. 2.
Jakob f. 1764. Sjå husfplk.

Jakob Gulleikson g. 4. g.m. Åse Haldorsdtr. Eikefet f. 1728 d. 1806. Dette ekteskapet var barnlaust. Åse fekk kr hjå neste brukar. Ved skiftet 1784 etter Jakob Gulleikson var nettoen i buet 51 rdl. 3 m. 8 sk.


1788 vart Mons Jonsson Romarheim brukar. Han var dotterson åt Anders Johannesson Heimvik, som hadde fått skøyte på garden 1746 (sjå ovanfor under eigarsoga). Mons åtte halve garden då han flytte hit, og hi helvta fekk han bygsla til 1797, då han fekk skøyte hjå. stykkfaren Lars Nilsson Sandal. Mons f. 1770 d. 1802 var g.m. Brita Rasmusdtr. Heimvik f. 1770 d. 1848. I skiftet etter Mons var nettoen i buet 255 rdl. 2 m. 4 sk. Jordegodset var verdsett til 200 rdl. 1/4 av garden vart utlagd til Lars N. Sandal og resten til enkja og borna.

Born:

Jon f. 1791. Brukar her.
Rasmus f. 1794 g. 1818 m. husm.enkje Anna Jakobsdtr. Fosse.
Lars f. 1796.
Anders f. 1797 g.m. Ingeborg Eiriksdtr. Eide bnr. 1.
Inga f. 1800 g.m. Olav Larsson Kallestad, sjå Kallestad bnr. 1.


1803 vart Nils Jonsson Myster g.m. enkja Brita Rasmusdtr. Same året fekk han bygselsetel på heile garden. I mars 1814 vart Nils vald som valmann til valtinget i Bergen, der dei skulle velja utsending til riksforsamlinga på Eidsvoll. Nils Myster bnr. 1 f. 1773 d. 1861 og Brita hadde desse born:

Mons f. 1804 d. 1815.
Anna f. 1805 g. 1822 m. Magne E. Kallestad, sjå sjå Kallestad bnr. 2.
Jon f. 1809. Brukar i Grøsvik bnr. 1.
Knut f. 1812 g. 1842 m. Randi Olsdtr. Straume f. 1816. B. på Saue, Voss, sjå Vossaboki s. 513.
Mons f. 1816 g.m. Marie Knutsdtr. Simenes. Sjå Myster bnr. 4.


1803 skøyte til Jon Monsson frå Lars Nilsson Sandal på hans part. Med det Jon hadde ervt i skiftet etter faren, åtte han no knapt 1/4 av garden, men 1815 fekk han skøyte på partane åt syskina og. Frå dette året var truleg Jon brukar, men det er rimeleg at mora og stykkfaren framleis dreiv den parten dei åtte. Jon f. 1791 d. 1878 vart g. 1. g. 1813 m. Kari Sjursdtr. Straume, Modalen, f. om lag 1770 d. 1839.

Born:

Brita f. 1814 g.m. Ole D. Fylingslid, sjå Fylingslid brukarar.
Mons f. 1816. Brukar her.
Marie f. 1817 d. 1830.
Anna f. 1819 g.m. Johannes Knutsson Mo, sjå Mo brukarar.

Ved skiftet etter Kari var bruttosummen vel 256 spd., men der var stor skuld, så nettoen var vel 69 spd. Jordegodset, 22 1/11 m. smør, 7 1/11 k. malt i Kalland, var verdsett til 120 spd. Det vart utlagt til sonen Mons. Jon 2. g.m. enkja Kari Larsdtr. Kallvik d. 1879. Dette ekteskapet var barnlaust.


1840 skifteskøyte til Mons Jonsson på ein part i garden. (Sjå ovanfor.) Året etter fekk han skøyte på resten av garden, 13 1/2 m. smør, 4 1/2 k. malt hjå Nils Jonsson, som var g.m. farmor åt Mons, Brita Rasmusdtr. Vilkårsbrev åt Mons og Brita vart tinglyst same år, og året etter vart det tinglyst vilkårsbrev til faren Jon, og «i visse tilfeller» til stykmora Kari Larsdtr. Ho hadde også kår i Kallvik.

Mons f. 1816 d. 1885 vart g. 1842 m. Brita Ivarsdtr. Eide bnr. 1 f. 1823 d. 1914. Dei var barnlause. Mons var ei tid kyrkjeverje i Stamnes. Mons var den siste brukaren som sat med heile garden. 1885 vart det halde skylddeling, og bnr. 2 vart utskilt, og 1886 vart bnr. 3 også skilt ut. Sjå nedanfor under dei einskilde bruk.


BRUK 1

L.nr. 583 a. Gamal skyld: 3 ort 12 sk. 1886: 1,92 skm. 1956: 1,62 skm. Jordvidd: innmark om lag 25 mål. Jordsmon sand og leir. Fødnad 1956: 1 hest, 2 storfe, 1 ungfe, 4 sauer, 1 gris. 1959 hadde bruket 31,2 mål innmark, og fødnaden var 1 ku, 2 ungfe, 3 sauer.


1886 skøyte til David Olsson Fylingslid for kr. 4800,-. David Fylingslid bnr. 1 f. 1843 d. 1919 og kona Herborg Jonsdtr. Dalseid bnr. 3 f. 1843 hadde før drive farsgarden hans i Fylingslid.

Born:

Brita f. 1866 d. 1925 hadde ein son, Karl f. 1906.
Kari f. 1868 g.m. Johannes O. Stamneshagen. Sjå pl. Langeneset nedanfor.
Olai f. 1873. Brukar her.
John 1876-1937. Banevaktar, Garnes. G.m. Martha I. Kalland 1873-1942.
Halvard f. 1879. Sjå Vik, Bruvik sokn, bnr. 2.
Dordi f. og d. 1882.
Dortea 1883-1965 ug. hushjelp.


1902 skøyte til Olai Davidsson for kr. 2000,- .og kr. Olai f. 1873 var g.m. Martha Andersdtr. Stamnes bnr. 3 f. 1870 d. 1955. Olai var roteforstandar og var tilsynsmann for skulebygningane i Stamnes 1920.

Born:

Hermann f. 1896. Brukar her.
Ingeborg f. 1897 g.m. ekspeditør Osvald Sakarias Lange f. 1896, frå Nordstrøm, Sørreisa. Ved giftarmålet busett Tyssedal.
Martha f. 1899 g.m. Gisli Jonasson, Fosnavåg.
David f. 1901. Vegarb. Nordstrøno, g.m. Synneva f. Strønen.
Amanda f. 1903 g.m. vegarb. Alfred Flatås, Indre Arna.
Olav f. 1906. Betongarb. Sandeid, Ryfylke, g.m. Ida M. Kallestad bnr. 2.
Emma Julie f. 1908 g.m. vegarb. og fiskar Sigurd Kallestad, Stamneshagen.
Anders f. 1910. Brukar her.
Olga Margrete f. 1914 d. 1962 g.m. stuert Johan Haugland, busett her.


1946 skøyte til Hermann Olaison og Anders Olaison for kr. 2000,- og kr til foreldra.


BRUK 2, SVARTEBERGET

(og bruk 14 av gardsnr. 45 Stamnes)

<bnr> L.nr. 583 b. Gl. skyld 3 sk. Ny skyld 7 øre. Utskilt ved skylddeling 1885.

Svarteberget var opphavleg eit plass under Kalland. Det er fyrste gongen nemnt i «herredsbeskrivelsen» 1863. Til plasset høyrde då 3/4 mål ring åker, 1 1/4 mål middels god bø og 2 mål ring bø. Fødnaden var 1 ku, og dei avla 5 t. poteter. Den årlege avgifta var 6 dagsverk.

Han som hadde plasset 1863, var Haldor Ingebrigtsson Kallvik f. 1808. Han var brukarson i Kallvik, og den einaste av gutane i syskinlaget som vart vaksen. Men ei eldre syster og mannen hennar fekk bygsla garden medan Haldor var gut. Dei fekk og skøyte på garden 1837. Haldor g. 1. g. 1829 m. Gunbjørg Johannesdtr. Mo, St., f.1797 d. 1838. Dei budde i Kallvik til 1838. Då flytte dei til Mo, der dei fekk pakta halve garden. Gunbjørg døydde straks etter.

Av deira 6 born levde desse opp:

Maria f. 1831.
Ingeborg f. 1834 g.m. skomakar Johannes M. Eikefet, brukar her.

Haldor g. 2. g. 1839 m. Marta Olsdtr. Toskedal bnr. 2 f. 1809 d. 1877. Dei budde no i Toskedal ei stund. Sonen Jon f. 1845 var fødd der, men truleg ikkje dottera Marta f. 1848. Seinare flytte dei til Svarteberget og budde der då Marta døydde. Haldor hadde ikkje tinglyst festesetel på plasset, så me veit ikkje når han kom dit. Han vart oftast kalla «Hallor på Berje». Han flytte attende til Kallvik på sine gamle dagar og døydde der 1894.

Born:

Ingebrigt f. 1840, sjå nedanfor.
Jon f. og d. 1842.
Jon f. 1845, båtbyggjar og smed, g. 1. g. m. Marta K. Hesjedal, St. bnr. 3 f. 1841, sjå Hesjedal, Stamnes, Husfolk.
Marta f. 1848 g. 1874 m. Simon O. Toskedal, busett Dale.
Gjertrud f. 1855 g.m. Jon Olsson Fylingslid, sjå pl. Langenes og Plasset Lunde under bnr. 1, Vik, Stamnes.

Haldor var ein flink og truen handverkar som arbeidde både i jarn og tre. Han vart såleis mykje nytta av bygdefolk til husbygging og smedarbeid kring på gardane. Serleg var han kjend som båtbyggjar og skutebyggjar. Båtane hans gjekk under namnet Haldorbåtar. Dei var praktiske i bruk og dertil utifrå vakre og vel frå seg gjorde. Der finst framleis Haldorbåtar att einskild stader i Stamnes. Som nemnt bygde han skuter av den typen som dei kallar Ostraskuter. Dei var bygde som vengbåtar eller førsleskuter og kunne vera opp til 11 meter frå stamn til stylk og kring 3,5 meter breie; i atterenden hadde dei innebygd hytte med plass til 2 mann. Skutene var klinkbygde av lette furematerialar, slik at desse store skutene skulle kunna setjast på land og under tak nr dei ikkje var i bruk. Av småbåtar bygde Haldor alle slag, frå færingar til åttringar. Haldor var den fyrste ein kjenner til som hadde båtbygging til hovudyrke i Stamnes. Vanlegvis rekna Haldor seg ei veke til å byggja ein båt. Da møtte han fram måndag morgon og gjekk på skogen og hogde innved til båten, hadde dette heim og øksa det til. Båtbordi var skorne og ferdige på førehand. Når laurdagskvelden kom, måtte båten vera ferdig. Haldor hadde ikkje båtbyggjarverkstad, men reiste rundt og bygde båtane hjå dei som skulle ha dei. Han tente ikkje noko serleg på arbeidet sitt og døydde som ein fatig mann.


Son hans, Ingebrigt Haldorsson og kona Marta Eilivsdtr. budde her noko etter 1865. Kona døydde, og 1876 vart Ingebrigt g. 2. g. m. Brita Olsdtr. Fylingslid f. 1842. Han var då fabrikkarbeidar.

Sonen Eiliv frå fyrste ekteskap var fødd her 1869. Brita g. 2. g. m. Anders O. Kvåstad bnr. 2.


1880 vart det tinglese festesetel på plasset til David Jonsson Fylingslid og kona Anna Olsdtr. mot ei årleg avgift på kr. 4,-. Dei var båe f. i Fylingslid, David på bnr. 3 1849, Anna på bnr. 1 1853, og dei dreiv ei tid bnr. 1 saman med bror åt Anna.

Born:

Jon f. 1876 g. 1895 m. Martha Ingebrigtsdtr.
Ole f. 1879.
Brita f. 1882 d. 1925.


1885 skøyte frå skifteretten til Johannes Monsson for kr. 525,-. Bruket vart dermed sjølvstendig. Johannes var f. på Eikefet 1838, var skomakar og hadde 1879 fått kjøpa bnr. 14 av Stamnes, som ligg inntil dette bruket. Desse to bruka har seinare hatt same eigar og vore drivne som eitt bruk. Johannes f. 1838 d. 1904 var g.m. Ingeborg Haldorsdtr. Kallvik f. 1834 d. 1905. Ho var dotter til Haldor Kallvik (sp. ovanfor).

Johannes og Ingeborg hadde desse born:

Gunhild f. 1866.
Ingeborg f. 1869 g.m. steinarbeidar Karl Alfred Kristensen.
Mons f. 1871, busett i U.S.A.
Gunhild f. 1872 d. 1873.
Martha f. 1873 d. 1875.
Haldor f. 1876, busett på Voss.
Gudmund f. 1878, brukar her.
Gunhild f. 1889. Arbeidde på Lyster sanatorium.


1904 skøyte til Gudmund Johannesson Stamneshagen frå mora Ingeborg Haldorsdtr. for kr. 1000,- og kår. Gudmund f. 1878 og kona Anna Marie Nilsdtr. d. om lag 1908.

Born:

Johanne Margrete f. 1903.
Johannes.
Selma.


1906 skøyte til John Johannesson Kallestad for kr. 2300,-. John f. på Kallestad bnr. 2 1864 d. 1927 var g.m. Brita Jakobsdtr. Grøsvik bnr. 1 f. 1869 d. 1941.

Born:

Johannes f. 1907, brukar her.
Jakob f. 1910, brukar her.


1941 skøyte til Johannes Johnson Kallestad frå mora Brita Jakobsdtr., som skulle ha rett til hus på bruket. Johannes f. 1907 d. 1941 ved ei ulukke i eit sandtak på Stamnes. Han var g.m. sjukesyster Lilly Kjeilen f. 1915 i Lindås, d. 1962. Dei var barnlause.


1942 skøyte til Jakob Johnson Kallestad på dette bruk og gardsnr. 45, bnr. 14 for kr. 2000,- og rett for seljaren, Lilly Kallestad, til fritt hus. Jakob er g. 1958 m. Ingrid Kjeilen frå Lindås.

Innmarka er no på om lag 4 mål. Før fødde dei vanleg 1 ku. Hovudnæring på bruket er laksefiske med sitjenot.


BRUK 3.

L.nr. 583 c. Skyld 3 ort 11 sk. Revidert 1 dalar 1 ort 11 sk. 1886: 1,90 skm. 1956: 1,63 skm. Utskilt ved skylddelingsforretning 1886.

I skiftet etter den gamle brukaren, Mons Johnson, tinglyst 1886, fekk enkja


Brita Ivarsdtr. utlagt ei skyld på urevidert 2 ort 8 sk., revidert 4 ort 8 sk. for kr. 2400,-. Same dag vart tinglyst skøyte til brita Ivarsdtr. Frå David Olsson på ein part urevidert skyld 1 ort 3 sk., revidert 2 ort 3 sk. Desse to partane utgjer bnr. 3.


1907 skøyte til Knut Olsson Kallestad for kr. 5000,- og kr til seljaren, Brita Ivarsdtr. Knut Kallestad bnr. 1 f. 1878 d. 1918 var g.m. Martha Johannesdtr. Kallvik f. 1878 d. 1939. Martha var systerdotter åt Brita, som hadde ått bruket her.

Born:

Johannes f. 1907 d. 1930.
Brita f. 1907 d. 1928.
Malvin f. 1909 d. 1927.
Olav f. 1910 d. 1927.
Anna f. 1912 g.m. neste brukar.
Håkon f. 1914 d. 1927.
Ragna f. 19** g.m. snikkar Sigurd Kalstad, b. her.
Bergljot f. 19**. Sjå bnr. 10.
Lars f. 1918 d. 1947.


1943 skøyte til Olav Vevatne for kr. 5000,-. Olav er gardbrukar og vegarbeidar, f. på Tysnes 1905 g.m. Anna Knutsdtr. f. på dette bnr. 1912.

Born:

Evelyn f. 19**.


Jordvidda på bruket var 1956 om lag 25 mål innmark. Fødnaden 2 kyr, 10 sauer, 1 gris. I 1959 var der 30 mål innmark, og fødnaden var 2 kyr, 2 ungfe, 3 sauer.


BRUK 4, BJØRKHEIM

Skyld 8 øre. Skilt frå bnr. 1 1909 og selt til Anders Sandal. Han rudde opp eigedomen, som før var utmark, og bygde hus. Jordvidda var 1956 om lag 10 mål, og fødnaden 1 ku, 6 sauer. I 1959 hadde bruket 10 mål innmark, fødnaden var 1 ku, 3 sauer. Til bruket høyrer beiterett i utmarka til 2 kyr.


Anders f. 1878 på Kallestad bnr. 5 d. 1947, skifte namn då han flytte hit og kalla seg Bjørkheim. Han arbeidde ei tid som emissær og hadde ein del offentlege tillitsverv. Mellom anna var han med i heradstyre, likningsnemnd, forstanderskapet for Bruvik Sparebank og ymse kommunale nemnder. Kona Kari var f. 1884 i Stamneshagen, dotter åt kyrkjesongar og lærar Knut A. Simenes og kona Martha. Kari d. 1950.

Born:

Magnus f. 1907, brukar her.
Martha f. 1909 g.m. fabr.eigar Lasse Navdal, Frekhaug.
Knut f. 1911, fabr.eigar, Frekhaug, g.m. Margit Vik frå. Øystese.
Albert f. 1913, gardbr. pa Austrheim, Skjold, Rogaland, g.m. Torbjørg f. Austrheim.
Gunnar f. 19**, anl.arb. Tjore, Sæbø, Radøy, sjå. Kalland bnr. 11, g.m. Eldbjørg f. Tjore.
Ingrid Maria f. 19** g.m. Ola M. Straume, Dale.
Anna Signe f. 19** g.m. hotellkokk Tormod Høvik, Bergen.
Ester f. 19** g.m. fartyførar Osvald Kallestad, sjå sjå Kallestad bnr. 2.
Jakob f. 19**, fartyførar, Os, sjå Kalland bnr. 11, g.m. Olaug f. Austrheim.
Målfrid f. 19** g.m. Kaj Albrektsen, København, Danmark.
Ruth f. 19** g.m. fabr.arbeidar Torleiv Bagne, Os.


1948 skøyte til Magnus A. Bjørkheim for kr. 5000,- og kår til mora. Magnus f. 1907 er vegarbeidar g.m. Margit f. 1909, dotter åt Olav J. Neset og kona Kristine, Eksingedalen.

Born:

Oddvar f. 19** g.m. Solveig Magnusdtr. Øvstedal frå Evanger. 3 born.
Reidun Kari f. 19** g.m. Johannes Knutsson Simenes f. 19**, sjå Simenes. 1 barn.
Sverre f. 19**.


Bruk 5, HESJEDALSVASSDRAGET I

Dei rettane som garden hadde i Hesjedalsvassdraget vart skilde ut frå bnr. 1 og 3 1917 og fekk ei skyld på 36 øre. Frå. 1895 hadde Hesjedalsfossen med tilhøyrande grunn vore bortbygsla til Anders Johannesson Nordre Hagen, St. for 50 år. Desse rettane vart overførde til sonen Anders A. Stamnes 1914. Han gav frå seg rettane mot å få levert ved sagbruket vasskraft eller elektrisk kraft, ikkje under 40 og ikkje over 50 hk., og mot anna vederlag.

Ved skøyte 1919 vart rettane overdregne til f. Hiorth. Han fekk også skøyte på sagbruket. 1920 tinglyst fråsegn frå F. Hiorth og frå Olai og Martha Kalland om vilkår for levering av 20-25 hk. elektrisk kraft til Kallandsgardane.

1920 skøyte til Den norske stat på vassrettar og sagbruk. Kjøparen skal respektera pliktene til gratis kraft, 20-25 hk. til eigarane på Kalland.


Bruk 6, SJOARLEITET

Skyld 2 øre. Skilt frå bnr. 1 1930 og selt til Mathias Andreas Monsen.

1950 skøyte til Myrtle Lillian Eide for kr. 5000,-. Mathias Andreas Monsen har husværerett etter dette skøytet.

Bruk 7

Skyld 2 øre. Skilt frå bnr. 1 1933.

1948 skøytye til Anna Vevatne. Ho er f. på bnr. 3 1912. Sjå bnr. 3.


Bruk 8, NYLAND

Skyld 5 øre. Skilt frå, bnr. 3 1933. Heimel til bruket har enkja etter Magnus Kaland, Julie Marie Kaland. Om slekt o.a., sjå nedanfor under plasset Søre Langeneset. Julie Kaland g. 2. g. m. Magne Elvik bnr. 1.


Bruk 9, LEIRVIK

Skyld 2 øre. Skilt frå bnr. 1 og 3 1945 og selt 1955 til Birgitte Marie Bolstad for kr. 750,-. Ho er g.m. telegrafbod Knut E. Bolstad. Ikkje born.


Bruk 10, SOLTUN

Skyld 2 øre. Skilt frå bnr. 3 1946, og selt 1947 til Alf J. Lilletvedt og bergljot Kaland Lilletvedt for kr. 700,-. Bergljot er f. på bnr. 3 19** og g.m. snikkar Alf Lilletvedt frå Fana.

Born:

Magny Herdis f. 19** g.m. Steinar Jakobsen, sjå Myster bnr. 42.
Aud Ragna f. 19** g.m. Idar Bernt Jonny Bernhardsson Simenes, sjå Stamnes bnr. 54.
Karsten Johannes f. 19**.
Odd Malvin f. 19**.
Leiv Håkon f. 19**.
Reidar Arild f. 19**.
Bjørg Rigmor f. 19**.
Steinar Rune f. 19**.
Dagfinn Toralf f. 19**.
Åse Rita f. 19**.
Bernt Alvin f. 19**.


Bruk 11, AUSTBØ

Skyld 2 øre. Skilt Ira bnr. 3 1947 og selt til Gunnar A. Bjørkheim for kr. 1000,-. Han er f. på Kalland bnr. 4 1916. Anl.arb., b. i Sæbø på Radøy, g.m. Eldbjørg f. Tjore.

1949 skøyte til broren Jakob A. Bjørkheim for kr. 1000,-. Jakob er f. på bnr. 4 1924, fartyførar, b. i Os, g.m. Olaug f. Austrheim, frå Skjold i Rogaland.


Bruk 12, SOLTUN I

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 3 1948 og selt til Bergljot Lilletvedt. Sjå bnr. 10.


Bruk 13, SKOGLYS I

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 7 1948. Frå 1951 er eigaren den same som for bnr. 7, Anna Vevatne.


Bruk 14, NORDÅS

Skyld 1 øre. Skilt frå. bnr. 1 1948. Heimel har eigarane til bnr. 1 Hermann og Anders 0. Kaland.


Bruk 15, SKOGLUND

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 3 1949, og skøytt 1951 til Ragna Kaland Kalstad og Sigurd Kalstad. Eigedomen er nytta til hustuft. Ragna er f. 19** på bnr. 3, g.m. snikkar Sigurd Kalstad f. 19** i Fjaler, Sunnfjord.

Born:

Liv Marta f. 19**.
Svein Johan f. 1952 d. 1962.
Knut Edvin f. 1954 d. 1962.
Audun f. 19**.

Svein Johan og Knut Edvin drukna i isen nord for Kalland 1962.


Bruk 16, FREDHEIM

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 3 1954 og selt til Hallstein H. Sellevold for kr. 350,-. Han er busett Dale og arbeider i Dale fabrikker. Eigedomen er nytta til hyttetuft.


Bruk 17, LYNGHEIM

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 3 1955 og selt 1956 til Olga Abrahamsen for kr. 700,-. Eigedomen er nytta til hyttetuft. Eigaren er busett i Oslo.


Bruk 18, SOLSTRAND

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 3 1956 og selt til Ragnvald Rasmussen for kr. 588,-. Eigedomen er nytta til hyttetuft. Eigaren er smedformann i Dale fabrikker. Busett Dale.


Bruk 19, FURULUND

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 3 1956 og selt til Kåre Buene for kr. 800,-. Eigedomen er nytta til hyttetuft. Eigaren arbeider ved Dale fabrikker. Busett Dale.


Bruk 20, KALANDSHAUGEN

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 3 1956 og selt til Julius Kallestad for kr. 1700,-. Han er anleggsarbeidar.


Bruk 21, FURULUND

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 3 1956 og selt til samuel Kvamme for kr. 1400,-. Eigedomen er nytta til hyttetuft. Eigaren arbeider ved Dale fabrikker. Busett Dale.


Bruk 22, VARPNESET

Skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 1 1957 og selt til Halfdan Breistein for h. 1250,-. Eigedomen er nytta til hyttetuft. Eigaren arbeider ved Dale fabrikker. Busett Dale.


PLASSET LANGENES

Dette plasset låg ved Viksvatnet og vart teke opp om lag 1825. Dei fyrste som budde her var Anders Haldorson Øyo f. 1768 og kona Kari f. 1779 d. 1845. Ho var dotter åt Mons Andersson Furnes bnr. 2 f. 1751 i hans fyrste ekteskap med enkja Ågota Knutsdtr. Verpelstad. Då ho døydde gifte Mons seg med ei enkje på Takvam, og Kari Monsdtr. kalla seg Takvam då ho vart g.m. Anders Haldorson.

1845 vart husa på Langenes herja av brann, og Kari, som då var enkje, brann inne saman med alle husdyra.

Born:

Haldor f. 1810.
Ågota f. 1817 d. 1907.


1846 tinglyst festesetel til Haldor Andersson. Bygselsummen var 10 spd. og årleg avgift 12 dagsverk. 1863 var det på plasset 4/5 mål ring åker, 1 1/2 mål middels god bø og 4 mål ring bø. Dei avla 3 t. korn og 1 1/2 t. poteter. Fødde 1 ku og 2 sauer. 1865 var sånaden 1/2 t. havre, 1/2 t. poteter, og fødnaden 2 kyr og 10 småfe. 1875 var sånaden den same, men dei hadde 3 kyr, 4 sauer og 2 geiter. Haldor f. 1810 d. 1893 var g.m. Magdeli Andersdtr. Eikefet frå Hosanger f. 1810 d. 1907. Haldor var skei- og kammakar. Folk kom til han med horn og fekk han til å arbeida åt seg. Han var også før til å ta blod. Han hadde ein hilt som han slo med. Systra Ågota, som også budde her, arbeidde rampelabbar. Det var ein fotbunad som var mykje bruka i turrkulde. Rampelabbane var sydde eller fletta i hop av skrapull og filler. Haldor og Magdeli hadde ei dotter, Gjertrud f. 1855 g. 1875 m. Jon Olsson Fylingslid f. 1848. Sjå bnr. 2 og plasset Plasset Lunde under bnr. 1, Vik, Stamnes.


Søre-Langeneset vart som festenr. 1 under bnr. 1 bortfest 1898 til Johannes Olsson og kona. Johannes f. 1866 d. 1942 var frå Stamnes bnr. 11, og kona Kari Davidsdtr. 1868-1943, var frå Kalland bnr. 1. Johannes var fiskar og fartymann, og hadde elles ymse attåtarbeid.

Born:

Ola f. 1889. Båtbyggjar. Sjå Stokke bnr. 6.
David f. 1891. Fabr.arb. Salhus, g.m. Larsine Rundhovde.
Martin f. 1893 d. 1910.
Andreas f. 1896 d. 1916.
Hilmar f. 1899, sjømann, Kragerø.
Knut f. 1902. Verkstadsjef. Sjå Klendalsvik, Stamnes bnr. 40.
Magnus f. 1907. Sjå nedanfor.  :Johannes f. 1909 d. 1939. Fiskar, b. her.
Martin f. 1912 d. 1924.


Magnus Johannesson f. 1907 d. 1947 var vegarbeidar og skomakar og var busett her med huslyden sin. 1933 fekk han skilt ut frå bnr. 3 bnr. 8 Nyland med skyld 5 øre. (Sjå ovanfor.) Han reiste utfor i Kallandsberget og slo seg i hel 1947. Magnus var g.m. Julie Marie, dotter åt Martin og Serina Aas, St.

Born:

Arve, elektriker, b. her.
Martin, sjømann. Kirsten. Reidun, fabr.arb., Salhus.


Plasset Svarteberget, sjå bnr. 2.

I manntalet 1701 finn me under husmannssete nemnt Halstein Ivarson Kalland, 75 år gamal. Han må då truleg ha hatt eit plass, men kva det heitte og kvar det låg, er det ikkje opplyst noko om. Ein annan husmann på Kalland, Nils Ivarson, døydde 1706. Han kan vera bror til Halstein. Nils hadde ein son, Olav f. 1681. Sjå nedanfor under husfolk.

HUSFOLK

Olav Nilsson f. 1681 d. 1730, son åt husmann Nils Ivarson, var g.m. Marta Nilsdtr. Dei var husfolk her. Sonen Jakob f. 1714 vart brukar i Grøsvik bnr. 1.


Johannes Jakobson, son åt brukaren Jakob Gulleikson, f. 1751 vart g. 1779 m. Marta Andersdtr. Fylingslid f. 1757. Dei fekk sonen Mons f. 1782 medan dei budde her som husfolk. Seinare busette dei seg på Helland i Radøy.

Jakob Jakobson f. her 1764 vart g. 1784 m. Guri Hansdtr. Brørvik f. 1764. Dei var husfolk her då dei 2 eldste borna vart fødde, men sidan må dei ha flytt ut or sokna. Dei andre borna er nemnde i eit skifte på Myster 1844.

Born:

Marta f. 1785 g.m. Rasmus Ivarson Tokstad.
Jakob, b. Bjørnstad.(Kan det vera Bjørndal?)
Hans, b. Fosse.
Brita g. 1802 m. Olav Johannesson Leiro.
Kristi g.m. Tor Sletten. Anna g.m. Eiliv Jakobson, Paddøy.


Knut Eirikson og kona Marta Johannesdtr. budde her då dei fekk borna:

Marta f. 1831.
Nils f. 1843 d. 1844.


Anders Monsson Kalland f. 1793 vart 1821 g.m. Ingeborg Eiriksdtr. Eide bnr. 1 f. 1800. Dei var ei tid busette her, og Anders var då daglønsarbeidar. Seinare flytte dei til Bernes og deretter til Myr i Lindås, der dei fekk seg jord.

Born:

Mons f. 1822.
Brita f. 1826 g.m. Ingebrigt J. Kallvik. Sjå Stamnes bnr. 12.
Erik f. 1823. Sjå Mellesdal bnr. 2.
Gjertrud f. 1823 g.m. Olav J. Eikefet. Sjå Eikefet bnr. 4, Fethagen.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy