Jordbruket, av Knut Rødland

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 10:51, 24 oktober 2010 by Reveka (Talk | bidrag)
(skil) ←Eldre versjon | Vis noverande versjon (skil) | Nyare versjon→ (skil)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Bilete s. 233


Jordbruket
Av Knut Rødland


Det har ikkje nokon gong vore nemnande mange produksjonar å velja mellom i Bergsdalen. Høgd over havet er frå 400 m på Fosse til 550 m på Rødland.

Høgda over havet gjer at frosten på dei fleste gardane set grensa for kva som kan dyrkast.

Det er kring jonsok at frosten kan gjera største skaden, og det er fåe år me ikkje har frostnetter på denne tida. Dei mest utsette gardane er Brekke, Lid og Rødland.

Me kan òg få frostnetter so tidleg som i siste halvdel av august. Slike år vert det svært små potetavlingar. Einskilde år vert ikkje potetene større enn valnøtt, og gjev då ikkje mykje att for arbeid og kostnad. Frosten gjorde òg at kornavlingane var svært usikre, og mange år vart det ikkje avling som kunne nyttast til matmjøl. I gamal tid hadde kvar gard ein kornåker, og i gode år vart det fullmoge korn. Det var likevel ingen som avla nok til eige hushald. Av halmen fekk dei sengjabol, og av mislukka avling vart det dyrefôr. Heilt fram til slutten på trettiåra var det kornstaur å sjå på mange gardar. Dei åra det ikkje vart moge såkorn av eige avling, vart såkorn kjøpt frå gardar i bygda som låg høgt og unnasolt. Det var om å gjera at kornet hadde vakse under so like vilkår som råd var. For øvre del av Bergsdalen vart mykje såkorn henta på Mykkeltveit og bore på ryggen over fjellet på skareføre om vetteren. Det er òg fortalt at såkorn vart henta heilt frå Os. På dei fleste gardane hadde dei kvernar med sikkert vatn, og her mol dei korn av eiga avling. I tillegg mol dei det kornet dei kjøpte på Bolstad eller Evanger, det vart frakta over fjellet på hesterygg. Det hende jamvel folk frå bygda kom til Bergsdalen for å mala kom i år dei ikkje hadde kvednavatn sjølve. Då vart det mala heile døgret, og folk gjekk vakt for å fylla på med korn og for å sjå etter om alt gjekk rett for seg.

So seint som under krigsåra 1914-1918 var det maling på dei fleste kvernane i Bergsdalen. I 1917 var det tvangsdyrking av korn, og då skulle kvart bruk dyrka 1 dekar med korn.

I Bergsdalen var det mykje nedbør. I medel pr. år feil det på Rødland 2.213 mm, på Fosse 2.647 mm nedbør som regn og snø. Dette er ein hemmande faktor for åkerbruket. Åkrane vart ofte lagde i brattlende og gjerne utanfor det som den tid vart rekna for innmark. Ofte var det små åkerlapper her og der, frå nokre hundre kvadratmeter til omlag 1 dekar.

Blanda husdyrhald med hovudvekt på sau og mjølk har vore det vanlege. Svært ofte ol dei opp stut for slakt, og dermed var dei hjelpne med avlstut.

Sumarbeite var det rikeleg av, og derfor vart det i gamal tid naturleg med seinbære kyr, for at produksjonen kunne takast på beite. Vinterfôret var flaskehalsen, derfor var det om å gjera å fôra so mange dyr gjennom vetteren som mogeleg, slik at dyra kunne nytta ut sumarsbeitet.

Frå gamalt var det vanleg å ta imot "hyrekyr" på mest kvar gard. Desse kyrne kom frå gardar i bygda som hadde dårlege beite. Det vart soleis mykje dyrestell sumarsdag. Av mjølka vart det laga smør og ost. Dråtten skulle reiast på hesteryggen over fjellet til Bolstad eller Evanger. Attende over fjellet tok dei med salt, sild, korn, turr-fisk med meir.

Om hausten kom eigarane for å henta kyrne heim att, og gjorde då opp for stell og beite, anten i pengar eller part i avdråtten. Det vart då avtala om hyrekyr for året etter. Gris hadde dei berre år om anna, for å ha flesk til eige bruk. Grisen vart alen opp på mjølkeavfall. småpoteter, høyfræ og anna frå hushaldet. Berre dei siste vekene fekk grisen litt mjøl. Alderen på slaktegrisen var som oftast over året, og slaktevekta kom stundom heilt opp i 150 kg. Det spurdest over heile grenda kva grisane vog.


Vinterforet vart for det meste samla i utmarkslåttene. Heimebøen var liten, og enghøyet vart for det meste rista saman med marka-høyet. Berre dei kyrne som mjølka mest og sauene etter lemming fekk enghøy. Markaslåttene vart slegne annakvart år, med unnatak av einskilde nære teigar. Høyet frå desse vart bruka til hesten og andre dyr som trong betre foring.


I dei slåttene som vart slegne annakvart år, var det ofte mykje senegras med. Dersom det var godt bergingsver kunne dei høya etter kvart; graset turka svært fort. Det kunne då vera ei fin lukt av markahøyet, som ein ikkje finn i enghøyet. Det var ikkje ofte dei fekk berga høyet etter kvart. Som oftast vart det liggjande i lange tider på bakken. Det hende det vart bortimot turt for so å verta vått att. Utvatna og bakkalege markahøy var fargelaust å sjå til, og hadde svært liten næringsverdi. Dei grasslaga som det er mest av i Bergsdalen, er finntopp, finnskjegg og myrgras. Sjølvsagt finst det teigar og slåtter der det er ein allsidig samansetnad av plantar. Slike teigar var særs verdfulle, endå om dei var seine å slå. Ofte måtte graset hesjast, om det skulle verta godt berga. Utslåttene veksla mellom langorvslått og stuttorvslått. Det var store vidder som måtte farast over for å berga vinterforet. På einskilde bruk vart det berga opp til 350 bører med ei medelvekt på 60 kg.

Når markaslåtten tok til, fann folka fram Markakista, ofte kalla "bombo", den vart fylt med mat som stod seg i dagevis, slikt som flatbrød, lefsa, spekekjøt og surmjølk. Elles hadde dei med seg treskeier eller skeier av horn, og tolekniv til fellesbruk. Tallerkar var det ikkje vanleg å bruka, då lefsa eller flatbrødet vart nytta til tallerk. Den mest vanlege maten var spekesild, spekekjøt, poteter, graut og surmjølk. Dertil vart soppa (flatbrød og surmjølk) mykje bruka. Fyrst seinare vart det vanleg å bruka kaffi når dei var i marka.


Bilete s. 236 Slåttekar frå 1932.


Det var god skikk å ta rikeleg med river og orv med i marka, slik at arbeidet ikkje stansa opp om noko gjekk sund. Høyet vart anten sett i stakk eller hatt inn i små markaløer. Å laga stakken rett, slik at han ikkje tok inn vatn, var ein kunst som måtte lærast frå far til son. Det var ei mengd slike stakkar heilt opp til fjellet. Gamle Nils Rødland, f. 26.03 1845, fortalde at dei hadde 17 stakkar og 3-4 markaIøer. Heimebøen var ikkje stor, so dei måtte heile vetteren igjennom draga heim høyet frå stakkane og utløene. Dette var ikkje alltid lett i styggever og laussnø. Vetteren vart derfor ofte ei travel tid med mykje tungarbeid for karfolka.


Skogen hadde ein brei plass i næringsgrunnlaget. Ikkje berre som brensel i simple bustadhus og matlaging heile året, men òg til å varma vatn til storfe og sau. Riset (beit) på vinterveden vart nytta til fór. Ein del kubb vart skava, og skavet vart dg nytta til fór. Dei gamle sa at skavet var sikringskost for husdyra.


Bilete s. 237 Høyberging frå 1920


Fangst og fiske i elvar og vatn hadde mykje å seia for busetnad og livberging i Bergsdalen.

Dei siste 50 åra har alt endra seg soleis at gamalt folk ikkje kunne kjenna seg att.

Frå 1875 til omlag 1920 vart det bygd mange nye florsbygg i dalen. Dette gav mykje større høyplass, og mykje av markahøyet vart då køyrt heim med hest frå slåtteteigen. Andre stader der lendet var slik at dei ikkje kunne bruka hest, vart det sett opp løypestrenger. Høybørene vart då sende frå slåtteteigen og heim i løa. Dette var eit stort framsteg, som letta arbeidet både om sumaren og om vetteren. Etter at vegen gjennom dalen kom, vart det vanleg å kjøpa noko kraftfór, og då kunne markahøyet nyttast betre ut. Simpelt markahøy vart bløytt og laga til "stamp" med litt kveitegris og sildemjøl på, og då vart fòret nytta til hest og storfe.


Bergsdølene hadde ord på seg at dei var snille med hesten. Om sumaren vart hestane slepte på beite. Dei samla seg då ofte i flokkar og rømde til fjells, og hadde fridom og ferie, medan folket på garden bar høyet i hus. Det var ofte lenge mellom godversdagane, og folket tykte det var sløsing med fór å halde hesten inne i dagevis, medan dei ventar på bøyver. Når godveret kom, tok det ofte so lang tid å leita opp hesten, at dei heller bar høyet i hus.


I sume år kom våren svært seint, og då fekk den einskilde vanskar med fôr til buskapen. Det kom ikkje på tale å kjøpa høy so lenge dalen låg veglaus. Fjellovergangane var som oftast ikkje farande på denne årstida. Grannane hjelpte kvarandre so godt dei kunne or verste vårknipa. For å "berga" som dei sa, var det å gå i skogsmarka og riva "kamb" mellom snøfonnene.

Mang ein raun vart hogd slike år og dregen heim, "skava mork" sa dei gamle om dette. Rauneskav var betre fôr enn bjørkeskav. Det var ikkje mogeleg å setja krav til høg avdrått med slik fóring, men so vart det heller ikkje store kraftfórrekningar å slita med i rekneskapen.

Mjølkemengda for ei årsku for hundre år sidan er det vanskeleg å gjeva sikre tal for, men mengda svinga frå buskap til buskap. Det nærmaste me kan koma om avdråtten, er nokre tal frå ei jubileumsskrift til Hordaland Landbruksselskap for 150 års arbeid. Der står det m.a. at fylkesmannen gav melding kvart femte år om tilstanden i fylket. I den vert det rekna med ei mjølkemengd på omlag 500 l for året. Dette vil gje ei årsinntekt pr. ku på ca. kr. 50,- til kr. 60,-. I same meldinga står det at - "eit slaktenaut kunne vera verd 7-15 spd. Ein sau eller geit gjekk for 1-2 spd., og ein hest kom opp i 25 spd.". Det var høgkonjunktur i 1850 åra, og sidan gjekk prisane ned att. Det er naturleg at det i avlsarbeidet utvikla seg ein type kyr som hadde evna til å nytta beitet og produsera mest mogeleg på det naturlege grunnlaget. Likeeins med sauen, den måtte koma seg gjennom vetteren med ring foring. Lemminga var sein, for at sauen kunne koma på groren snarast mogeleg med lamma sine. Det var ofte einstaka lam den tid. Når sauen kom på groren var han berga, og lamma hadde god trivnad og vokster på fjellbeite. Når sauen kom heim om hausten, var han ofte i god stand, slik at han hadde noko å tæra på utover vetteren. Dei som arbeidde med husdyra visste kva vilkår dei arbeidde under og nytta ut dei naturlege vilkåra på ein måte som fortener respekt.


Bilete s. 239 Små trehesjar frå 1930 åra.


So lenge det ikkje var veg gjennom dalen, heldt denne driftsforma seg mest uendra i fleire hundre år. Arbeidskraft til ei slik driftsform vart etter kvart vanskeleg. Med heile huslyden sin innsats vart det eit grunnlag for eksistens. Vederlaget for eit liv i hardt slit og arbeid var mat og det mest turvande av klær. Betaling i reine pengar førekom, men var ikkje vanleg. Ungdomar og drenger som dreiv med snarefangst av fugl om vetteren, fekk på denne måten nokre kroner til eige bruk.

Når so alderdomen kom, vart dei verande på garden, og den nye generasjonen tok seg av dei so lenge dei levde. Det var ofte trange hus, og fleire generasjonar levde tett innpå einannan. Dersom helsa var bra, kunne dei gamle gjera nytte for seg heilt til dei døydde. Der folketalet på ein gard ikkje var stort nok til å driva garden, laut dei hyra tenestefolk. Dei kom frå andre gardar der det var for mykje folk. Guter og jenter i ung alder hyrde seg bort, gjerne for sumaren eller for eit heilt år. Avtalar med leigefolk var ofte bygd på gamal tradisjon. Mat, klær og sko var hovudløna for arbeidet, og dertil kom noko pengar, alt etter dugleik. Det vert fortalt om ein dreng som hadde vore på ein gard i 50 år. Han hadde teke vare på 101 leistar (50 1/2 par). Dette var eit utslag av nøgdsemd. Når folk med lite eller ikkje slekt i bygda vart gamle eller uføre, kom dei på legd. Dei flytte frå gard til gard etter ei ruta som var lagd etter gamal hevd. Dette var den tids forsorg, og denne plikta til å ta gamle og uføre var lagt på gardsbruka. Livet baud ikkje på mange ljose sider for dei som måtte vandra frå gard til gard under skiftande tilhøve.


Om vetteren laga karfolka river, ljåsorv, høysledar, møkasledar og annan reiskap som trongs på ein gard. På fleire gardar hadde dei smia, og der laga dei mest alt dei hadde bruk for sjølve. Ved jonsoktider hogg dei rynning, som dei skrapa og vrei når dei var ferske, og fekk av dette vidjer. Vidjene vart nytta til trug for hest og folk, og til å binda opp jøter med. Vidare vart dei nytta til bendlar på troa på dei faste hesjane. Fyrst i nyare tid vart det nytta streng. Om våren var det ofte eit storarbeid å gå over og binda opp og vøla på alle dei faste hesjane.

Kvinnfolka tok hand om spinning, veving, spøting, og elles tillaging av alle kler som ein trong. Skinnkler vart laga av sau-, kalv-, eller storfeskinn. Skinnkler vart mest bruka til vetterkler, og av og til som bestekler. Tresko og lodnesko var vanleg til bruk om vetteren. Frå våren og til seine hausten var det å gå berrføtt. Dette gav eit hardt folkeferd som mest aldri gav opp kampen mot fattigdom og hardt arbeid.


Det var fyrst då utvandringa til Amerika kom i gang, og seinare, at dei som ikkje fann seg levebrød i dalen, reiste ut, eller tok arbeid i industrien då den voks fram. Frå den tid endra tilhøva seg for dei som ikkje var odelsgutar.


Særlege endringar i gardsdrifta kom ikkje før vegen vart bygd i kring 1895 til 1910. Til å byrja med var endringane små og lite merkande frå år til år. Det store nye var at gardsprodukta kunne køyrast til Dale og seljast der, og at det ein trong kunne takast med attende. Fabrikkstaden Dale voks fram for omlag hundre år sidan. Det var vasskrafta frå Bergsdalen som la grunnlaget for verksemda. Dale sitt oppland var avgrensa, og det fall derfor naturleg at Bergsdalen vart sterkt knytta til Dale med sin handel. Guter og jenter som reiste ut frå dalen, fann seg arbeid i fabrikken.

Varer som smør, mjølk, kjøt og ved fann dei marknad for på Dale. På grunn av høgda over havet, er tilveksten på skogen i Bergsdalen liten. Med stor uthogging av ved til eige bruk, og hjelpefor til buskapen, vart det heller små mengder som kunne hoggast for sal. Sal av rjuper frå snarefangst gjekk over Dale og vidare til Bergen med jarnbanen.


Etter kvart byrja gardbrukarane å kjøpa kraftfôr. Ikkje i store mengder, men slik at simpelt høy vart nytta betre. Det fyrste som vart kjøpt, var kveitegris og mais. Etter kvart kom sildemjøl òg i handelen. Dette auka avdråtten, og ei omlegging frå vårbære til haustbære kyr tok til. Med sterkare foring fekk dei større yting og lengre mjølkeperiode. Ein eller to grisar kom med i driftsopplegget. Ein vart nytta til huset og den andre vart seld. Som oftast vart flesket salta og røykt heime og so selt til private eller gjennom handelsmannen på Dale. Det same vart delvis gjort med sau- og lammekjøt. På den måten kunne ein få nokre øre meir pr. kg.


Kunsthevd høyrde me lite til før i 1915. Far kjøpte då Chilesalpeter, og med stor andakt vart det breidd utover. Om sumaren viste det trom i graset der gjødsla var breidd. Seinare kom norgessalpeter og etter kvart dei andre gjødselslaga. Dette opna for større avlingar på den innmarka som låg nærast.

Samstundes tok interessa seg opp for å bryta jord og grøfta vass-sjuk jord. Etter kvart korn det tilskotsordningar i stand, som hjelpte på interessa og økonomien. Som oftast var det spade, hakka og spett som var reiskapen ein hadde til rådvelde.


Det vart ofte lite tid til nybrotsarbeid. Sumarsdag var ein oppteken med slåtten, og når hausten kom, hindra ofte snøen nybrotsarbeidet. Då det synte seg at nybrotsteigane gav store avlingar, og at dei var lettare å hauste enn gamal steinet og ujamn bø, gjekk folk i gong med nybrotsarbeid.


Bilete s. 242 Jordbryting med spade, hakka og stubbebrytar i 1930 åra.


Det er to jordslag som skil seg ut i Bergsdalen: Fastmark med mykje stein og vass-sjuk myr. Det høver bra å ha båe typar jord under dyrking samstundes, so kan ein nytta steinen til grøfter. Vann ein å gjera ferdig 1 dekar for året, var det svært bra.


I 1912 vart det skipa bondelag i Bergsdalen, og dette fekk mykje å seia for den tida som kom. Dette at bøndene fann ut at dei kunne nå lenger med å samarbeida om oppgåvene, i staden for å arbeida kvar på sin kant, var eit stort framsteg.

Fjellbøndene hadde lært å samarbeida gjennom mange hundre år. Dei hadde dugnad når store arbeid skulle gjerast. Når bygningar skulle reisast, var det tømmertransport frå bygda over fjellet til byggjeplassen. Ei slik oppgåva kunne ingen ta på seg åleine. Når det var sjukdom på ein gard, kom det òg dugnad inn.


Bilete s. 243 Steinkøyring frå nybrot før krigen.


Dette var likevel ikkje organisert. Då so bondelaget vart skipa, gav det høve til nye og uprøvde tiltak. Noko av det fyrste som vart teke opp, var innkjøp av avlsokse. Det viste seg snart at ein kunne auka avdråtten frå kyrne gjennom utval av dyr. Dei beste kyrne i kvar buskap var grunnstamma, og når so gode oksar vart nytta, viste framgangen seg. Det vart skipa til kåringssjå for kyr, slik at bygdefolket kunne få læra meir om utvalsarbeid, og dermed auka interessa for yrket. Desse sjåa var noko som sette merke etter seg. I lange tider mintest bøndene dei visdomsorda som kåringsdomarane sa om den einskilde kua. Dei unge fekk òg interesse for dette, og det gjorde arbeidet lettare.

I 1912 vart fyrste kåringssjået halde. Det møtte 80 kyr, og av desse vart 53 godtekne som avlsdyr. Agronomane Håvard Berge og Johs. L. Lofthus var domarar. På dette sjået vart det vedteke at det skulle kjøpast inn premiert okse til laget. Springpengar (paringspengar) vart sett til 50 øre for kvar ku som vart godkjend, og kr. 1,00 for kvar ku som ikkje var kåra. Den som fòra oksen skulle ha ei godtgjersla for dette på kr. 150,– kvart år. Den som henta domarar med hest og heldt dei med hus og kost under kåringssjåa, skulle ha kr. 4,– for dette.

I 1915 vart det andre kåringssjået halde. Det møtte då 80 kyr og kviger, og av desse vart 60 premiert og godkjende som avlsdyr. Domarane let vel over buskapen, og sa at dei kunne sjå framgang sidan sjået i 1912.

I 1916 kjøpte bondelaget 1 plog, 1 skålharv og 1 slettharv for kr. 102,05 av Johannes 0. Berge, som då slutta med gardsdrift i Bjørgena (Solbjørg) og flytte til Dale. I 1917 kjøpte bondelaget treskjemaskin og dryftemaskin. Reiskapane vart vel helst lite bruka, då dei var tunge og lite høvelege for ein hest. Likevel var dette opptaket til ei ny tid, der reiskapane vart meir tekne i bruk.

Etter at Vestlandske Kjøpelag vart skipa, vedtok bondelaget at laget skulle stå for innkjøp av driftsmidlar til medlemene i laget. Det var ikkje stor omsetnad til å byrja med. Frå 1917 til 1934 var omsetnaden svært liten, men etter den tid har det teke seg monaleg opp.

Driftsmidlar som kraftfòr., handelsgjødsel og silovesker har auka frå år til år. Omsetnaden av reiskap og maskinar har òg vist auke. For rekneskapsåret 1941 var omsetnaden kr. 9.065,–. I 1977 var omsetnaden kr. 1.026.550,61.

Omkring 1920 kom det i gang mjølkelevering til Dale Handelsforening. Frå vår til haust vart mjølka send med rutebil. Når vegen var stengd av snø, måtte mjølka køyrast med hest. Snøtyngda var ofte slik at det krav stor innsats for å halda vinterbrøytt veg for levering av mjølk. Etter kvart vart det skipa køyrelag for mjølketransport. Fosse kom fyrst i gang med dette, men etter kvart kom Øye, Brekke og Lid òg med. Noko seinare vart det skipa køyrelag for Berge og Hatlestad.

I 1926 vart det gjort avtale med Dale Handelsforening om levering av fløyte frå Rødland. Fløyten vart levert onsdag og laurdag. Om vetteren var det å bera omlag 25 kg på ryggen til Dale. Dette var 4 mil fram og attende, og ofte kunne det vera eit hardt slit.

Fløytelevering gav litt meir att enn om det vart laga smør. Bøndene i dalen arbeidde for eit betre vegsamband om vetteren. Billaget vart etter kvart meir aktivt, men brøytinga kosta pengar. 1 1936 vart det søkt til Evanger kommune om tilskot til snømåking. Me fekk ei løyving på kr. 300,-. Det vart ikkje mange øre for kvar arbeidstime. Etter kvart vart det brøyting med bil, og i dag har me vetterbrøytt veg frå Dale til Voss.

Det er eit stort framsteg frå at smøret vart bore på ryggen over fjellet til Bolstad, til sporadisk fløyte- og mjølkelevering til Dale, og seinare dagleg levering med rutebil. I dag vert mjølka henta med tankbil.


Året 1935 var eit merkeår for dalen. Meldinga om Konowfondet førde til at bondelaget tok opp tanken om å skaffa dalen straum. Ei nemnd vart vald til å arbeida med dette.

Bondelaget tok elles opp mange saker. Alt i 1947 vart det semja om å samordna eigarinteressene til eit jaktområde, med seinare høve til å organisera sams fiskeområde. Det vart laga vedtekter om dette, og alle slutta opp om tiltaket. Inntektene av jaktkortsalet gjekk til lagskassa. Bondelaget nytta pengane til ei rekkja samarbeidstiltak til gagn for heile grenda.

Nokre år seinare vart fiskerettane organisert på same måten, og salet av fiskekort auka litt med åra. Det vart lagd ned mykje arbeid på å ta opp setjefisk frå dei vatn som hadde for mykje fisk. Noko av denne fisken vart slept i fisketome fjellvatn. Det vart selt setjefisk til Nordmarka via Oslo. Til å dekkja utgiftene til utstyr for slikt arbeid fekk laget stønad frå eit konsesjonsfond avsett til slikt føremål av B.K.K.

Etter kvart vart bondelaget noko tungrodd med den organisasjonsforma som då var. Etter grundig vurdering vart medlemane i laget samde om å skipa bondelaget om til Bergsdalen Jordbrukslag. Den 6. januar 1956 vart skipningsmøte halde. Det vart vedteke lover for laget, og det fyrste styret vart vald.

Inn under det nye laget kom alt som hadde med jordbruk å gjera, som fealslaget, saualslaget, bondelaget, innkjøpslaget og styret for jakt- og fiskeområdet.


Den fyrste slåmaskinen kom til dalen i 1937. Det var ikkje so mykje som kunne haustast med slåmaskin, men det viste at jorddyrking var viktig å satsa på. Ikkje berre for å få meir vinterfor, men òg for å kunna hausta det lettare. Like etter kom sleperiva, som òg letta onnearbeidet. Slutten av 1930 åra var aktive år innan utbygging av jordbruket og husdyrbruket i grenda vår.


Bilete s. 246 Slaghaustar i arbeid på nytt land.


Det kom automatiske drikkekar i mest kvar flor i denne bolken. Den fyrste siloen vart bygd i 1935, og var av gråstein. Den er framleis i bruk. Den store silobygginga kom fyrst etter 1947. I dag er det svært lite som vert berga som turt høy.

I 1950 åra vart mange av dei beste utmarkslåttene grøfta og gjødsla. Desse gav etter kvart store avlingar, og eit framifrå vår og haustbeite for sau. Bergingsmåten måtte endrast frå flathøy til hesjing. Dette var framleis ljåslått og krov mykje arbeidskraft.

Arbeidskrafta vart det minder av på gardane etter kvart som det vart lettare å få seg godt løna arbeid i anlegg og industri.

Mangelen på arbeidskraft førde til at ein måtte over på fulldyrka jord, der ein kunne hausta avlinga med maskinar.

Bruken av handelsgjødsel vart auka etter kvart, og dette gav større avlingar på innmarka.

Den fyrste traktoren kom til Bergsdalen i 1947. Det var ein Ford Ferguson på 24 hk. På denne tid var det ikkje mange traktorar i Hordaland fylke. Det vart ein heller stor overgang frå hest til traktor.

Ein fekk etter kvart valet mellom hest og traktor. Då traktoren overtok på dei fleste felt, vart det til at hesten måtte ofrast, endå om han kunne vore god å ta til i einskilde høve.

Traktoren vart ein god, men dyr tenar. Jordyrkinga tok seg svært opp etter at traktoren kom. I fyrstninga var det ikkje mange som rekna med at traktoren kunne overta etter hesten, men i dag ser me at traktoren er komen for å vera. I Bergsdalen er det i dag 9 firhjulstraktorar, 6 transportarar, 5 tohjulstraktorar og 11 slaghaustarar. Dertil mykje tilleggsutstyr for ymse arbeid.

Då silosvansen kom, gjorde den arbeidet so mykje lettare at han vart kalla "vår tids oppfinning". No er silosvansen avløyst av slaghaustaren, som har gjort haustingsarbeidet til traktorkøyring.


Dei store fjellviddene i Bergsdalen gjev plass for beitedyr om sumaren. I kvalitet er ikkje beita i Bergsdalen so gode som i Øvre Eksingedalen og på Vossestrand. Likevel har det vore frakta mykje sau fra Fana, Åsane og Osterøy til beita i Bergdalsfjella. Dei fleste gardar i dalen hadde hamnesau i beite, mest på Fosse, Øye og Lid. Under krigen og ei tid etter var interessa for sau stor. Noko seinare var det mange som slutta med sau, då lønsemda i sauehaldet vart slik at jamvel rådgjevingstenesta i jordbruket fann det lite tilrådeleg å satsa på sauehald.


I Bergsdalen var det frå gamal tid større eller mindre flokkar med sau på kvar gard. Dei kom tidleg med i avlsarbeidet, og det vart kjøpt inn premierte verar av det beste som var i Vossaområdet.

Seinare vart det òg kjøpt verar frå Trøndelag og Agderfylka. Det vart skipa til lokale saueutstillingar kvart år, og interessa var stor mellom gamle og unge. Bergsdalen fekk ord på seg for å ha ein framifrå gild sau, med mykje og god ull.

Då den gamle velprøvde utvalsmåten var i bruk, kjøpte jordbrukslaget inn fleire 1.premie verar, som stod til bruk for heile dalen. Det hende at det kom sauefolk langvegsfrå for å para sauene sine med desse verane.

Det vart halde kurs i fóring og stell av sau. Me hadde noverande fylkeslandbrukssjef Paul Moberg som lærar, og kven hugsar ikkje desse lærerike timane.

Den store interessa for sauen minka då dei nye avlsmetodane kom. Datamaskinen og indekstala makta ikkje å gjeva den tillit som trongs for å halde vedlike interessa for utstellingar og avlsarbeida. Sauekarane i Bergsdalen rekna dette som eit stort tap for sauen si framtid i dalen.

På grunn av vanskar med mjølketransport i vinterhalvåret, var det aktuelt med andre driftsformer. Sauen var då den som var nærast å tenkja på. Rekneskapene viste at sauen betalte omlag det same for arbeid og fór som kua.

I 1949 vart det oppretta prøvebruk på Rødland. Dette var andre prøvebruket i landet. Det var Landbruksøkonomisk Institutt som stod bak dette, og hovudvekta vart lagt på sauehaldet. Konsulent Axel Tveitnes la opp driftsplanen i samråd med fylkesagronomane Dalen og Moberg.

I analyseåret 1949 var lønsevna kr. 1,32 pr. time. Etter seks år var det kr. 3,38 pr. time. Då var omlegging frå ku til sau sterkare enn det planen gjekk ut på. Auken i lønsemda var noko sterkare enn medeltala elles i jordbruket i denne perioden. Største vanskane med ein slik einsidig produksjon var at inntektene kom berre ein gong i året. Dertil krov sauen store vårbeite, og det var ikkje lett å skaffa.

Seinare vart det drive fóringsforsøk for Landbrukshøgskulen på Ås. Forsøksleiar Jon J. Nedkvitne stod for forsøka. Det var aktuelt å finna ut korleis sauen tolde auka siloforing. Forsøka viste at sauen kunne nytta silofor like godt som storfe, og at det ikkje vart meir sjukdomar på grunn av fòringa, berre kvaliteten på fóret var god. Det viste seg etter mange års forsøk at silogruppa gav minst so stor lammeavdrott og ullavkastning som anna fóring.

Etter kvart vart andre fóringsproblem tekne opp. Samstundes kom Veterinærinstituttet med i forsøka for å finna reaksjonen hjå sauer med ulik fòring, og for å finna meir ut om sjukdomar som ofte råkar større saueflokkar. Forsøksleiar her var Oddvar Helle.

I dag har einskilde bruk ei blanding av sau og oppal av storfe til kjøttproduksjon. Nokre få har òg gris eller høns.

Dei fleste satsar på mjølkeproduksjonen. Mange har siste åra bygd nye driftsbygningar som er tilpassa mjølkeproduksjonen. Dei har bygningar for 15 - 20 mjølkekyr og dertil ungdyr.

Dette krev ein stor grovfórproduksjon. Jordbrukslaget tok opp denne saka i 1966. Saman med fylkesagronom Lars Mehl og heradsagronom Erik Aadland vart det arbeid ut planar for eit dyrkingslag. Dette var noko nytt, og interessa for det var stor. Ein kunne her dyrka store område med maskinar som høvde til dette, og med fagfolk på området. Ein fekk Jorddyrkningsdirektoratet interessert og oppnådde visse føremoner vedkomande tilskotsordninga. Skipinga av dyrkingslaget vart gjort 15/12 1967. Det kom 14 gardbrukarar med. Det skulle dyrkast 180 dekar utmark og byggjast vegar og kanalar. Styret i dyrkingslaget møtte store vanskar, men desse vart løyst på ein god måte. Formann i dyrkingslaget var Roald Brekke.

På årsmøte i jordbrukslaget 27/1 1967 var fylkeslandbrukssjef Paul Moberg tilstades som foredragshaldar. Han sa m.a. etter referat i møteboka til jordbrukslaget: "– Eg vil streka under at dersom ein legg opp drifta basert på kraftfór, so står det på laus grunn i framtida. På lang sikt kjem kraftfórtilførslene til å svikta –". I dag, 10 år seinare, viser det seg at Moberg var inne på det rette.

I 1966 tok jordbrukslaget opp spørsmålet om ein samla plan for utnytting av utmarksviddene. Grunnen til at dette vart teke opp, var ein auka etterspurnad etter hyttetomter i Bergsdalen. Vegen Trengereid - Dale var under arbeid, og folk frå bergenskanten viste stor interesse for Bergsdalen som utfartsstad.

Me hadde alt fått røynsle for at ikkje alle hytter som var bygde var særleg velplassert i lendet. Det hende dei var komne opp i område som no kunne nyttast til dyrkningsjord.

For ikkje å gjera fleire mistak, valde jordbrukslaget ei nemnd som skulle laga ein plan for heile dalen. I denne planen skulle dei ymse utnyttingsmåtane vegast opp mot einannan, slik at me fekk ei framtidsretta utnytting av resursane i utmarka. På denne måten ville me sikra dyrkingsjorda, beiteareal og skogen. Hytteområde skulle plasserast der dei høyrde naturleg heime i ein samla plan. Med i nemnda var: Heradsagronom Aadland, formann, fylkesagronom Mehl, skogreisingsleiar Skjerve og bonde Tormod Lid.


Bilete s. 250 Dette er frukter frå dyrkingsaksjonen.


Planen var ferdig til årsmøtet i 1968, og den 5. mars 1969 vart han godkjend av gardbrukarane i dalen. Planen var òg føre i dei organ som gjev uttale i slike saker, og vart vedteken med mindre endringar.

Storfeet: Bergsdalen hadde truleg same utvikling som bygdene ikring. I Hordaland Landbruksselskap sitt 150 års skrift frå 1961 side 154 står det: "Elles var feet i Hordaland av den typen som gjekk under namn av vestlandsfe og fjordfe. Dette var eit heller ueinsarta feslag både når det galdt farge, horn og form elles. Det fjordfeet som fanst inst i bygdene og som var slått ut av telemarkfeet, var etter som ein meiner ikkje noko kleint feslag. Det var eit slag som vart tilmåta etter beitebruk på fjellviddane.

Ofte var det kollet med høg nakke, eller det var kryplehorna eller nyvla. Fargen var gjerne sidet, sala eller skauta. No finst det ikkje noko att av det –".

Det var telemarkfeet som rådde grunnen her fram til til ca. 1930. Etter kvart kom det sterkare innslag av raudkolle. Raudkolleoksar vart innkjøpt til fealslaget. Det er ikkje gjort i ei handvending å skifta kyrerase. Det krev både tid, omtanke og pengar. Oksane som vart innkjøpt, kom mest frå Fana. Ein og annan kjøpte òg inn raudkolle-kalvar og -kviger.

Likevel vart storparten av buskapane ei kryssing mellom raudkolle og telemarkskyr. Fyrst noko seinare vart det meir einsarta buskapar. Det kan nemnast at det var mykje gode kyr i buskapane her i denne tida, som høvde vel i beitet. Dei nytta godt ut grovfôret og fekk heller små mengder kraftfòr.

So kom me inn i den tida då kunstig inseminering overtok. Dei ymse rasane vart då utvatna, og me har i dag rasen Norsk raudt fe. N.R.F.

Då Bergensmeieriet organiserte semintenesta i 1960 åra, vart det slutt på innkjøp av lagsoksar. Distriktet var lite, og det var ikkje lett å få nokon til å ta på seg dette arbeidet. Det kom ein bolk med delvis inseminering og bruk av oksar av god stamma, inntil ein betre ordning kan finnast.

Det er mest slutt med vårbære kyr no. Det er dei haustbære som gjev den største årsproduksjonen. Når fellesbeitet på Kaldestad kan takast i bruk, kan det truleg verta like lønsamt å ta mjølkeproduksjonen på beite.

Jordbrukslaget var klar over at fellesbeite for mjølkekyr var ei sak som måtte finna si løysing av fleire grunnar. Etter kvart som gardbrukarane òg har høve til ferie, må ei avløysing av dyrestellet om sumaren ordnast. l slåtten er det òg godt å vera fri dyrestellet, so ein kan ofra seg for fòrberginga. Det er heller ikkje lett å løysa problema med kulturbeite for kvar gard, då ikkje alle har høvande areal til dette.


Jordbrukslaget tok derfor opp tinging med Karolina Kaldestad i slutten av 1960 åra om kjøp av garden hennar til fellesbeite for storfe.

I 1972 vart Kaldestad kjøpt for kr. 40.000,– med unnatak av våningshuset og 3 - 4 da. tomt.

Ved synfaring saman med rådgjevingstenesta vart det funne ut at Kaldestad var vel skikka til fellesbeite. Planleggingsarbeidet tok til, og etter ein rundgang hjå dei instansar som avgjer slike saker, vart prosjektet godkjent.

Det skal fulldyrkast 180 dekar, og 90 dekar skal overflatedyrkast, samstundes som det skal byggjast 2,5 km veg. Fellesbeite må òg ha bygningar. Heile anleggskostnaden er rekna til kr. 678.000,–, av dette skal medlemene dekkja kr. 256.500,– utrekna etter kroneverdien i 1974.

Utanom vanlege tilskotsordningar har landbruksselskapet søkt om og fått eit ekstra tilskot frå staten på kr. 100.000,–.

I planen er det teke sikte på 80 kyr. Det er skipa beitelag av 9 mjølkeprodusentar. Laget har sitt eige styre.

Områda som vert nytta til fellesbeite, vert leigde av jordbrukslaget i 30 år utan vederlag.

Dei største viddene ligg på sørsida av elva, og det var då turvande med tilkomstveg og ny bru over elva. Dette er utført, og kostnaden med brua tok B.K.K. Arbeidet med oppdyrking av beite og vegbygging i feltet tok til sumaren 1976.


Då B.K.K. søkte om overføring av framandt vassdrag til Bergsdalen i 1928, vart dei pålagd å byggja ein del bruer som vederlag for reguleringa. Desse bruene høvde ikkje for traktoralderen, og det kom til forhandlingar om ombygging av nokre bruer til betongbruer. Ei nemnd vart vald av jordbrukslaget, og folk frå B.K.K. har kome fram til ei løysing søm er god for båe partar.

Arbeidet med bruene er godt i gang. Landbruksselskapet har løyvt statsmidlar til dette tiltaket. B.K.K. tek storparten av kostnaden med bruene. Store jordbruksområde får med dette veg og bruutløysing, noko som styrkjer jordbruket i dalen.

Då B.K.K. fekk konsesjon på bygging av Fosse og Kaldestad kraftstasjonar, fekk Bergsdalen eit konsesjonsfond til framhjelp for jord- og skogbruksinteressene i dalen. Rentene av dette fondet vert etter søknad sett til rådvelde for jordbrukslaget, som nyttar dei på beste måte i fellestiltak.

I 1965 vart B.K.K. og ei forhandlingsnemnd frå Bergsdalen jordbrukslag samde om at B.K.K. skulle setja av kr. 100.000,– til eit fond.

Rentene av desse fonda har vore til stor framhjelp for jordbruket, og har styrkt næringsgrunnlaget for dalen.

Det siste fondet sette jordbrukslaget i stand til å kjøpa Kaldestad til fellestiltak for jordbruk og skogbruk.


Skogplanting: Det har i eldre tid vore barskog i Bergsdalen, det kan me sjå når me tek grøfter i myrane og når me bryt jord.

I 1960 åra vart det dyrka opp eit større felt i utmarka på Rødland, omlag 600 m.o.h. Der fanst store fururøter som var til meins for arbeidet. Kva som gjorde at denne skogen vart borte, veit me ikkje. Lauvskogen veks seint, særleg øvst i dalen. I eldre tid vart det hogd mykje til brenne og til fór til buskapen. Dei eldre var redde for at det kunne verta for lite skog etter som tida gjekk.

Skogplantinga tok til for omlag 65 år sidan. Det var skulen som viste veg her. I fyrstninga av 1930 tok Ungdomslaget opp arbeidet med skogplanting. 2000 plantar vart sett ut kvart år. 17. mai vart då nytta som plantedag. Seinare, då det kom planar og tilskotsordning, tok den einskilde gardbrukar over plantinga sjølv.

Jordbrukslaget bygde ei grendesag omkring 1960, og den har kome til nytte, då dei tidlegaste plantefelta no er hausta.


Reinsdyrlaget: Frå gamalt har det vore reinsdyr i fjella mellom Voss og Hardanger. Laget vart oppløyst i slutten av 1890 åra og dyra vart skotne. Rundt 1923 vart det skipa eit nytt lag i Vosse- og Hardangerbygdene. I 1928 var det landsutstelling i Bergen. Der var m.a. ein sameleir som hadde 8 reinsdyr. Då utstellinga var slutt, kjøpte Bergsdalen desse dyra og slepte dei i fjella her. Det var Olav Kaldestad som ordna handelen og fekk dyra på plass. Det var vanskar med å ha to reinsdyrlag i same fjellområda, so alt same hausten vart Bergsdalen med i Voss og Hardanger reinsdyrlag. Dyra treivst godt og auka i tal, og etter kvart vart det henting av kjøt i fjellet for dei som ville gå og henta.


Ville bær: År om anna kan det vera gode bærår i fjella våre. Det kan koma vel med for bruk i hushaldet. Det er blåbær og tytebær, men av og til slår det dg til med molter. Ferdsla i skog og mark har auka på dei siste åra, og dette fører med seg at verdet av ville bær har minka for dei fast busette i dalen.


Hagebær har ikkje slege til noke særleg. Med unnatak av einskilde bruk, er det ikkje alle år dei vert mogne. Snøen er alt for tung for bærtrea.

Mange har undra seg over kvifor folk busette seg i den avstengde fjellbygda, og korleis dei kunne overleva med eit so avgrensa resursgrunnlag. Svaret må verta at i den tida var det ikkje so mykje å velja mellom. Det måtte vera eit folk som hadde evne og vilje til å nytta ut dei vilkår som var til stades i fjell, skog, mark, elvar og vatn.

Dersom me ser på tida etter 1900 og det veldige omskifte som har gått føre seg innan jordbruket, må det vel seiast at grenda vår har kome godt gjennom desse prøvingane. Jordbruk er framleis hovudnæringa, og dei unge som tek over viser vilje til innsats. Greier dei unge å samarbeida om løysing av felles problem, kan grenda vår gå trygt inn i framtida.


Faglege og økonomiske organisasjonar i jordbruket. Dei faglege organisasjonane innan jordbruket har god tilslutnad i grenda vår. Norges Bondelag har medlemar på kvar gard. Og det har vore medlemer herfrå i styret på fylkesplanet.

Vestlandske Felleskjøp har ålmenn tilslutnad. Det meste av produksjonsmidlar til jordbruket vert kjøpt derfrå gjennom det lokale innkjøpslaget i Bergsdalen Jordbrukslag.

Då Vestlandske Salslag vart skipa, vart mange av bøndene her medlemar. Men omsetnaden av slakt gjennom laget vart ikkje so stor som venta frå vår grend. Grunnen til dette var vel at det var lett å omsetja slakt gjennom den lokale slaktarforretningen på Dale. Dermed sparde ein sending og fraktkostnad ut or bygda. Seinare då vegen kom over Hamlagrø, låg Voss lagleg til for levering av slakt.

Frå det vart vegsamband til Dale, vart mjølk og mjølkeprodukt omsett ved Dale Handelsforening. Seinare, då det vart vegsamband til Voss og Bergen, vart all mjølk omsett gjennom Bergensmeieriet. For tida har Bergsdalen ein mann i rådet for Bergensmeieriet.

Det var full oppslutnad frå bergsdalsbøndene i 1948 då Evanger Sau- og Geiteavlslag vart organisert.

Etter kommunedelinga i 1964 vart Vaksdal Sau- og Geiteavlslag skipa, og Bergsdalen kom med der.

Mange av formennene i lokallaga har i desse 30 åra vore frå Bergsdalen. I styret for landslaget har det òg vore medlemer herifrå.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy