Jole og høgtidsskikkar, merkedagar m.m., av Ragnhild Lid

Frå Vaksdal Historielag

(Skilnad mellom versjonar)
Jump to: navigation, search
Noverande versjon (11:03, 24 oktober 2010) (endre) (undo)
 
(One intermediate revision not shown.)
Line 49: Line 49:
-
MERKEDAGAR
+
''MERKEDAGAR''
Dei gamle messe- og merkedagane var fram til vår tid eit kjærkome samtaleemne når folk møttest. Fyrst og fremst var dei ei tidsmarkering som fortalde kor langt året lei, men attåt var det knytt vermerke til ein del av dei. Ved å merka seg veret på desse dagane, kunne ein spå veret til ymse årstider, helst då korleis sumaren skulle verta. No held desse dagane på å gå i gløyme, og det er vel ikkje so rart heller, når me tenkjer på at dei vart til i katolsketida, som tok ende her for over fire hundre år sidan.
Dei gamle messe- og merkedagane var fram til vår tid eit kjærkome samtaleemne når folk møttest. Fyrst og fremst var dei ei tidsmarkering som fortalde kor langt året lei, men attåt var det knytt vermerke til ein del av dei. Ved å merka seg veret på desse dagane, kunne ein spå veret til ymse årstider, helst då korleis sumaren skulle verta. No held desse dagane på å gå i gløyme, og det er vel ikkje so rart heller, når me tenkjer på at dei vart til i katolsketida, som tok ende her for over fire hundre år sidan.
Line 87: Line 87:
-
UNGFOLKA OVERTEK GARDEN. OMSUT FOR DEI ELDRE.
+
''UNGFOLKA OVERTEK GARDEN. OMSUT FOR DEI ELDRE.''
-
 
+
I Bergsdalen som andre stader var det gamal tradisjon når det vart generasjons-skifte, at eldste sonen, odelsguten overtok garden. Og det var når dei gamle ikkje orka driva lenger, eller når odelsguten gifte seg og måtte ha garden til leveveg.
I Bergsdalen som andre stader var det gamal tradisjon når det vart generasjons-skifte, at eldste sonen, odelsguten overtok garden. Og det var når dei gamle ikkje orka driva lenger, eller når odelsguten gifte seg og måtte ha garden til leveveg.
Line 105: Line 104:
{{kategorisere Bergsdalen artikkel}}
{{kategorisere Bergsdalen artikkel}}
-
{{Historielag rettar}}
+
{{rettar}}

Noverande versjon

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Jole- og høgtidsskikkar, merkedagar m.m.
Av Ragnhild Lid


Det er noko eige med jolehelga, ho er høgtidshelga over dei andre høgtidene våre.

Difor fylgde det og ymse ekstra førebuingar med. Det var ikkje slik då (fyrst på 1900-talet) som i dag, ein kan gå på butikken og kjøpa dei fleste ting ferdige.

Turrfisken måtte bløytast, oskelut kokast. God oske av rein bjørkeved måtte samlast føreåt. So låg fisken i lut ei vekes tid før jol. På sume gardar brukte dei kling til jol, den måtte klinast (smyrjast) vetlejolaften. Det vart brukt bondesmør og fløytost og sukker på klingen, so vart han klypt opp i høvelege bitar og lagd i fuktige dukar, til han skulle serverast. Knekkebrødet som klingen vart laga av, vart baka om hausten, den tid dei nådde i råmjølk.

Jolekaka eller jolebrød måtte steikjast, det var betre enn vanleg brød. Det var av fint mjøl med rosiner og sukat og anna godt. Jolekjeks og småkaker var mindre i bruk den tid.

Det var skikk at all senghalm skulle skiftast til jol, og når angen av nyhalmen fylte huset, var jolestemninga på veg inn.

Jolaftan var alle grytidleg oppe, dei vaska og skura på trekvite golv. I floren var òg ekstra føregjerd ein slik dag, husdyra skulle merka at det var jol.

Joletreet tok til å koma i bruk her kring hundreårskiftet, men det var ikkje lett å finna noko brukande, den tid; skogplantinga var enno i sin barndom her i dalen.

So skulle det steikjast mjølkekaker, det var tradisjon. Skumma mjølk og grynmjøl og sukker vart rørt saman, og i eldhuset vart dei steikte på den store bakstehella.

Når alt var unnagjort, skulle alle ha sitt jolelaug. Ein stor vaskestamp vart henta inn på kjøkkenet, og vatn vart varma på komfyren og blanda i stampen. Reine og ofte nye klede vart framlagde, so byrja den store stunda. Fyrst yngstemann av borna, og so etter tur etter alderen opp i stampen til reingjering frå topp til tå. Deretter dei vaksne og til slutt dei gamle.

Etter kvart dei var ferdige, gjekk dei inn i stova, og då sa dei: "Gledeleg høgtid!" Då hadde mor pynta joletreet med det vesle borna hadde laga av korger og band. Det var høgtid i stova, og store og små samlast kring bordet, som stod med kvit duk.


Bilete s. 360 Bakstedeia.


Då var det lutefisk eller pinnekjøt, etter som kvar huslyd hadde til skikk. I Bergsdalen var på den tid mange innflytte frå andre bygder, og kvar tok med sin matskikk. Husfaren las høgt både før og etter maten, og det vart sunge jolesalmar. Var det bestefar i huset, las han joleevangeliet, den skikken gjekk i arv frå far til son.

Borna fekk små jolegåver og, for det meste kleplagg dei trong om, og små leikar, og ikkje gløyma - kvar sin appelsin og kvart sitt eple. Alle gjekk kring joletreet og song dei kjende julesongane, og i kvilestundene kosa dei største seg med jolehefte og slikt noko. Joledagsmorgon fekk alle mat på senga. Fyrstedag var det ungkona, og andredag bestemora som stod for det. Då var det mjølkekaker og rjome, kling og jolekaka som vart servert. Før middag las husfaren frå ei tekstbok om barnet som var født i Betlehem, og det vart sunge før og etter. Ingen fekk lov å gå frå huset fyrste joledag. Maten i joledagane ymsa noko etter som skikkane var, men alle stader var det utsøkt god jolemat.

Mellom jol og nyttår, melsdagane vart dei kalla, gjekk folk litt på vitjing til kvarandre, og so var det kanskje joletrefest.

Det var sundagsskulen som fyrst tok til å halda joletrefestar i øvre krinsen, før det var kome skulehus der. Festen vart då halden i ei vanleg stova, der det var gang om joletreet, andakt, opplesing, joleleikar med meir. Maten var enkel og grei, og den vart kanskje servert oppe på stovelemmen, der eit langbord stod mellom sengene. Dette var både høgtidssamt og festleg i dei dagar.

Oftast måtte slaktegrisen bota med livet i melsdagane, husbonden frå kvar stova på garden var samla om dette store hende, og jolemat og godprat fylgde med.

I nyttårshelga gjekk og slektningar og grannar på småvisittar til kvarandre.

Mykje har endra seg frå hundreårsskiftet til i dag med joleskikkane. No kan dei som bur nærmast høyra kyrkjeklokkene på Lid ringja helga inn, og jolefestar vert haldne i ålmenne hus.

I heimane held dei gamle på sine skikkar, og ungfolket med koner frå mange kantar av landet tek med sine skikkar. Det har vorte eit stort tidskifte i dalen, ogso når det gjeld jolefeiringa.


MERKEDAGAR

Dei gamle messe- og merkedagane var fram til vår tid eit kjærkome samtaleemne når folk møttest. Fyrst og fremst var dei ei tidsmarkering som fortalde kor langt året lei, men attåt var det knytt vermerke til ein del av dei. Ved å merka seg veret på desse dagane, kunne ein spå veret til ymse årstider, helst då korleis sumaren skulle verta. No held desse dagane på å gå i gløyme, og det er vel ikkje so rart heller, når me tenkjer på at dei vart til i katolsketida, som tok ende her for over fire hundre år sidan.

Men nokre få av dei heng att i minnet enno:
2. februar var kyndelsmess. Då var halve vetteren Iiden. Dei gamle rekna alltid med ei snødokk på den tid. Kom snøen før den dagen, vart snødokka lettare enn om ho kom etterpå. I løda skulle halve høystålet vera att då, elles vart det forknipa til våren.

22. februar var Peters stol, kalla Per varmstein. Det var òg ein merkedag. Var sola framme so lenge at dei kunne sela hesten tri gonger, vart det godt sumarver.

Fyrste tysdag etter fastelavnsundag var feitetysdag. Då måtte det vera feit mat, helst flesk til middag. So fylgde oskeonsdag hakk i hel, då var det magrare kost. Mange hadde for skikk å ha smalaføter til middag den dagen.

Etter kvart fall desse gamle skikkane og merka ut or folkeminnet. Ingen treng i dag sjå etter at halve høystålet er att til kyndelsmess. Alle har store siloar, og kraftforbilen kjem til tuns når det er trong for det.

I månadskifte mars-april er påskehelga. Nokre påskegjester kom til Bergsdalen tett etter hundreårsskiftet og sidan har det berre auka på etter kvart.

Dei fyrste som kom, var smålåtne og nøysame, dei sleit seg fram på ski og bar med seg det dei trong av mat og klede. Alt var enkelt og greitt med bygjestar den gongen - oljelampar, kolpanner på ein vedkomfyr og halm i senger. Men det var stas med framandfolk til eit omskifte. Maten i påskehelgene var ikkje noko sers avbrot frå det vanlege.

Etter vegen kom fram til Hamlagrøosen, vart det vanleg med hesteskyss, serleg då for påskeprovianten. Etter kvart tok bilane over denne transporten so langt det var framkjømt for dei. Etter vegen kom herfrå og til Voss og vart heilårsveg, er det påsketuristar og bilar som mest ingen kan telja.

14. april er sumarmål. Dei gamle sa at snøa det den dagen, so snøa det ti gonger til om våren. Erla skal koma den dagen, og det slær sjeldan feil. Elles var det flyttedag for tenestfolk som ville byta plass. Etter kvart som maskinar overtek både ute og inne, vert det mindre bruk for tenestfolk. No heiter det husmorvikar og ferieavløysar. Sumarmål er ikkje lenger bytedag for tenarar som det var før. 17. mai tok gjerne folk seg fri frå vårarbeidet om ettermiddagen og møttest til fest i skulehuset på Øye. Der var det gjerne ein tale om eidvollsverket. Det var 17. maitog etter vegen, kanskje med ein felespelar i brodden, og ikkje alltid var vegen heiltåen heller. So var det sjølvsagt mat, og litt leik og moro ute. Dette har og endra seg mykje no, til meir program og idrottsleikar og premietevlingar for born og vaksne. 17. maifestane vert alltid haldne i ungdomshuset på Lid, og tek til med minnetale og kransing av bautaen til Tor Kirketeig, som fall i krigen 1940.

I månadskifte mai-juni er pinsetid. Då er det full vår i dalen, men og ei travel tid. Etter gamal skikk skulle husvasket vera unnagjort då, det var å skura med fin elvesand og grønsåpa dei umåla roma i bustadhusa.

Storevegen me kalla var no tåen, fjørkjerra (karjolen) vart rulla fram, smurd og ettersedd, for det skulle verta kyrkjetur til Dale i pinsehelga. Alle som rømdest i kjerra, fekk vera med, og det var sers høgtidsamt med ei slik kyrkjeferd om våren, tykte me. Men so kom bilane og hyttene, og me har kyrkja i vår eigen dal, sa no høyrer pinsen med til feriehelgane.

Jonsokaften, 23. juni, var høgsumar. Sola hadde gjort høgste runden sin, og no skulle det brennast bål. Borna hadde samla ymse brenne på ein høveleg stad, og når kvelden kom, samlast born og vaksne og kveikte bålet. I seinare tid leika gjerne born jonsokbryllaup denne dagen. Men nokon storfest vart ikkje halden den dagen. Det var ei travel tid i dei dagar, då alt skulle gjerast med handvelde.

10. juli vart kalla Knut med ljåen. Då burde slåtten vera komen i gang, om ikkje året var altfor seint.
20. juli heitte Mari vassausa, og 25. heitte Jakob våthatt.
Alle desse dagane var vermerkedagar, utan at me veit so nøye kva det gjekk ut på.
Olsokaften, 28. juli, vart stundom markert med bål, om dagen fall på ei helg, elles ikkje. Om olsokdagen hadde dei gamle eit ordtak som gjekk ut på at hadde dei ikkje fenge inn turrhøy då, sa at dei dekte heile høytelet, kom olsokrøven til å skita på telet, og det var stor skam. Men det hende at høybrotet var tomt olsok, i ruskeversomrar.

24. august var barsokdag. Då skulle slaktebukkane takast.
1. september kalla dei kvernknarren. Var det turrver den dagen, sa vart det smått med kvernvatn den hausten.
29. september var mikjelsmess, då skulle alt vera kome i hus, både av åker og eng, og alt fjelga ute og inne etter sumaren.
14. oktober vart kalla vinterdag, det var og flyttedag for tenarar og husfolk. Bededagen var fyrste fredagen i november og var helgedag. Seinare vart han flytta til nærmaste sundag.


UNGFOLKA OVERTEK GARDEN. OMSUT FOR DEI ELDRE.

I Bergsdalen som andre stader var det gamal tradisjon når det vart generasjons-skifte, at eldste sonen, odelsguten overtok garden. Og det var når dei gamle ikkje orka driva lenger, eller når odelsguten gifte seg og måtte ha garden til leveveg.

Då måtte ein kunnig mann skriva skøyte og kårbrev. Dette måtte tinglesast so alt kom i lovlege former. Alt som fylgde med garden, og alt som vedkom kåret, måtte skrivast opp, so alt var greitt. Dei gamle vart då kårfolk, det var ikkje folketrygd i dei dagar, levebrødet måtte takast av garden, for dei gamle òg. Husromet måtte delast mellom dei unge og dei gamle, om det ikkje var kårhus på garden. Kårytinga vart etter som dei gamle ville ha det. Sume tok arbeidskår, det vil seia dei tok unna teigar og åkrar som dei arbeidde med sjølve, og fødde og stelte dyra sine. Men det mest vanlege var her at dei tok to kyr og nokre sauer, tri-fire kanskje, som dei hadde inntekta av. Om den eine fall frå, vart kåret sett ned til det halve.

I gamal tid var det å kinna smør og selja, og inntekta var ikkje stor. Ofte var det verst for ungfolk, dei hadde gjerne ein stor barneflokk. Kårfolket var ofte med og arbeidde på garden, både ute og inne. Bestemora passa gjerne minsteborna og hjelpte elles til. Oftast gjekk dette samarbeidet mellom gamle og unge bra.

Ei anna form for kåryting var å ta nokre liter mjølk, og få nokre sauer fødde, poteter etter avtale, brensel til husbruk, fri køyring av varer og meir slikt.

Omsut for dei eldre måtte alltid dei unge ta på seg. Det som stod i kårbrevet var lov, meir enn idag. So lenge dei gamle greidde å stella seg sjølve, gjorde dei det. Men når alder og sjukdom kom, måtte dei unge yta hjelp og stell og tilsyn med alt som trongst. Vart dei gamle sengeliggjande, var det alltid heime dei låg, til dei døydde, og gravferda var frå heimen. Oftast var kåret ei tung byrd for dei som sat med ein liten fjellgard.

Seinare kom alderstrygd, og idag heiter det folketrygd. Kommunane har gamleheimar og pleieheimar. Det er langt lettare no, både for gamle og unge.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy