Indre-Boge Gardssoge

Frå Vaksdal Historielag

(Skilnad mellom versjonar)
Jump to: navigation, search

Kaare (Talk | bidrag)
(New page: < Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band I | Bruvik sokn innhald | Indre-Boge '''Gards og ættesoge for Indre-Boge.''' [[Fil:Indre-Bog...)
Gå til neste skilnaden →

Versjonen frå 11:11, 9 april 2009

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band I | Bruvik sokn innhald | Indre-Boge


Gards og ættesoge for Indre-Boge.

Fil:Indre-Boge 01.gif


GNR. 13 INDRE-BOGE

Innhaldsliste

Innleiing

Indre-Boge ligg ved Sørfjorden 1,5 km. sør for Vaksdal. Næraste grannegard er Ytre-Boge. Fråstanden mellom tuna er om lag 350 m. i luftlinje. Boge-elva er grense mellom dei to Boge-gardane. Opphavleg var det ein gard. Gardsnamnet og tydinga av det er det gjort greie for under Ytre-Boge.

Det gamle tunet på Indre-Boge kallar dei enno for Garden. Dette er truleg den eldste tunstaden på Boge-gardane. Tunet ligg 150 m. nord for elva, 75 m.o.h. I ei gamal hustuft i Garden har dei funne ei klebersteinsgryte med skaft. Dette er det einaste fornfunnet som ein kjenner til frå Boge. Klebersteinsgryta er no i samlingane åt Bergens Museum. Sjå Bergens Museums Årbok 1953, funn nr. B 10 745.

Den eldste skildringa av garden finn me i matrikkelen 1723: "Ligger 1/2 Mil fra Søen, 4 1/2 Mil fra Bergen. Meget aarvant til Korn og temmelig til Høe. Lever allene of Qvægetz avling." Matrikuleringsfolka som var her i 1860-åra fann garden middels lettbrukt, men tungbrukt i slttene. Garden var utsett for turke.

1863 var åkervidda 21 3/5 mål. 5 mål var god åker. 6 mål var ring åker. Resten var middels god. Her var vel 100 mål eng. 32 1/2 mål var god eng. 15 mål var middels god. Resten var ring eng.

1626 hadde garden 2 brukarar. 1648 og 1655 var dei to bruka jamstore. Men 1666 hadde tilhøvet endra seg. Då var det eine bruket 1/3 og det andre bruket 2/3 av heile garden.

1694 var her 3 brukarar med jamstore bruk. Same brukartalet finn me 1723. 1800 er tilhøvet det same som 1666:2 bruk, det eine svara til 2/3, det andre til 1/3 av garden. Men 1829 vart det største bruket delt, slik at her på nytt var 3 jamstore bruk. Sjå bnr. 1, 4 og 6.

Oppdelinga av garden heldt fram på 1800-talet, slik at her vart 7 bruk i alt. Det gamle husmannplasset Ækra vart skilt ut som eige bruk 1864. Sjå bnr. 2. To andre bruk vart skilde ut frå bnr. 1. Sjå bnr. 3 og 5. Frå bnr. 6 vart det skilt ut eit nytt bruk i 1850. Sjå bnr. 7. Bnr. 7 vart siege ihop med bnr. 2 1910. Ein part av bnr. 6 vart lagd til bnr. 1 1850. Det vart mykje teigblanding etter alle desse delingane. 1920 vart det halde offentleg utskifting på innmarka. Utskiftinga vart tinglyst 1922.

Etter utskiftinga er det berre to bruk, bnr. 1 og 6, som bur i det gamle tunet som dei kallar Garden. Bnr. 3 bygde fyrst i Dalen nord for Garden. Men skredfåre gjorde at dei flytte husa sørover i 1906. Denne tunstaden har dei også etter utskiftinga.

Landkommisjonen 1661 skriv at Indre-Boge har heller lite vedskog. Matrikkelen 1723 slær fast at her var vedskog, men skriv ikkje noko om kor mykje skog her var. I 1860-åra var her nok skog både til ved og hustørnmer.

Her var ein god del utslåtter. På fleire av slåttene var det utløer. Dei slutta å bruka utløene då dei fekk løypestrenger. Dei frakta graset heim på strengene og turka det heime. I 1860-åra hausta dei 600 våger høy i slåttene. Det er i Herredsbeskrivelsen 1863 me finn denne oppgåva. Tilgang til forsurrogat som beit og skav var her ikkje, meinte kommisjonen. Det attåtforet som eldre folk finn verdt å nemna, var askelauvet. Her vaks mykje ask. Dei plukka ein del askelauv til for.

Om beitet heiter det 1863: "Noget Hjemmehavn ved Gaarden, betydelig farefuld. Det øvrige Fjeldhavn, of middels god beskaffenhed og tilstrækkelig."

1723 hadde garden ikkje seter. Eldre folk minnest eit gamalt seterhus, men dei minnest ikkje at det var i bruk. Kyrne gjekk fyrst på heimebeitet i lia. Når det var mat nok lenger oppe, tok kyrne til fjells, "gjætte dei oppum", som dei sa. Det var skilje mellom fjellbeitet t Ytre-Boge og Indre-Boge. Men der var ikkje gjerde. Dei gjekk og mjølka kyrne ute både når dei gjekk i lia og når dei gjekk i fjellet. Om hausten gjekk kyrne i lia att.

1723 var her ingen husmannplass. Den fyrste bygselsetelen på eit husmannsplass vart tinglyst 1797. Då fekk ein mann frå Mjelde i Haus bygsla nausttomt, to skogteigar, ein sltteteig og eit nybrot dei kalla Ækra. Plasset vart 1864 skilt ut som sjølvstendig bruk. Sjå bnr. 2.

Korkje 1723 eller 1863 fann kommisjonane at her vart drive fiske som gav noko nemnande innkome.

Ei flaumkvern er nemnd i matrikkelen 1723. Kverna låg truleg i Boge-elva. Vassrettane som Ytre-Boge og Indre-Boge hadde i Boge-elva vart skilde ut 1891. Mylnemeister Hans Peder Nilsen kjøpte rettane og grunnla Boge Sjå bnr. 8 og 9. Mylnebruket gav mange nye arbeidsplassar i grenda. Gardbrukarane fekk betre høve til attåtarbeid.

Mylnebruket brann 1904. Aret etter vart mylnebruket bygt oppatt. Seinare vart det utvida. M. G. Risøen tok over Boge Mølle 1912 og dreiv verksemda til 1960. Då vart mylnebruket på nytt herja av brann. Etter den siste brannen vart verksemda liggjande nede. Kring 20 arbeidsplassar gjekk tapt.

Dei fleste av arbeidarane ved Boge Mølle budde på Indre-Boge, anten som leigebuarar eller i sjølveigde hus. Tettgrenda har halde fram med å veksa etter 1960 også. Sjå bnr. 10-61 og Ættesoga for Indre-Boge.

1908 vart det sett i gang bygging av bygdeveg mellom Vaksdal og Boge. Før hadde dei ein gongeveg mellom gardane.

SKYLD, SKATT, FØDNAD, AVLING OG FOLKETAL

Gamalt matr. nr. 22. 1838 matr. nr. 23. Nytt matr. nr. 1853 124. 1886-1964 gnr. 24 i Bruvik Kommune.

Landskyld 1590 1 l. smør. 1648, 1661 og 1692 landskyld 1 l. smør, 1 ml. malt. Matrikkeltakst 1665 og 1723 1 l. smør. 1838: 4 dl. 1 ort 17 sk. 1886: 7,62 skyldmark.

Leidang 1567: 1 saueskinn. 1590: 1 geiteskinn, 1 kalveskinn. 1665: Leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar 1/2 rd. 13 sk. Kandtiend 3 melar. Småtiend 8 sk.

Fødnad 1657: 2 oksar, 10 kyr, 2 kviger, 19 geiter, 24 sauer. 1665: 16 storfe. 1723: 10 kyr, 6 ungfe, 18 småfe. 1863:25 kyr, 14 ungfe, 58 småfe (oppgåva er frå Herredsbeskrivelsen. Teljinga var truleg gjennomførd 1864.) 1865: 42 storfe, 70 sauer, 1 geit, 4 grisar (oppgåve frå folketeljinga). 1875: 26 kyr, 7 ungfe, 75 sauer, 1 geit (oppgåve frå folketeljinga).

Sånad 1665: 2 t. havre, avling 6 1/2 t. 1666: Avling 6 t. 1723: Sånad 3 t. havre, avling 10 1/2 t. 1863: Sånad knapt 12 t. havre, 14 t. poteter, avling 53 3/4 t. havre, 72 t. poteter, 2071 v. høy, 314 v. halm. 600 v. høy frå slåttene. Sånad 1865:111/2 t. havre, 17 1/2 t. poteter. 1875: Sånad 12 t. havre, 22 t. poteter.

Folketal 1801:19. 1865: 32. 1875: 38.

EIGARAR

Før reformasjonen høyrde garden til jordegodset t Allehelgenskyrkja i Bergen. Allehelgenskyrkja åtte også grannegardane Langhelle og Ytre-Boge. Ved reformasjonen vart Allehelgensgodset drege inn under kruna. Det gamle Allehelgensgodset var då ei særskild forlening med eigen godsstyrar. I kjeldene frå fyrste halvparten av 1600-talet, er derfor Indre-Boge framleis kalla Allehelgensgods.

I 1660-åra kom garden på sal saman med mykje anna krungods. Den fyrste kjende private eigaren er Maria de Ludes, enkja etter Jan de Ludes. 1676 åtte ho Indre-Boge og Kalland. I tillegg til desse 2 gardane, hadde ho 4 andre gardar i Hosanger. 1 i Arna, 1 i Mjelde, ein i Sotra, 2 i Herdla, 3 i Lindås Skipreide. Ho åtte også 3 gardar på Voss.

1692 er Hospitalet i Bergen oppført som eigar, men 1694 er det eigarskifte på nytt. Maria Macody, enkja etter oberstløytnant Macody, er då oppførd som eigar. Ho åtte garden truleg til midten av 1730-åra. Garden vart så seld til sokneprest, seinare konsistorialråd Gerdt Gelmeyden.

1782 vart det gjeve auksjonsskøyte til Hans Krohn. Han var kjøpmann i Bergen. Same året vart det tinglyst odelslysing frå generalkrigskommissær Gelmeyden og sonen kammerassessor Gelmeyden. Ein tredje av Gelmeydenætta, presten Gelmeyden, let også lysa odelsrett 1782. Men desse odelskrava førde ikkje til at dei tok garden attende.

Hans Krohn gav skøyte 1782 til dei to brukarane Mikkel Danielsson og Johannes Eriksson. Etter den tid har brukarane vore sjølveigarar.

BRUKARAR FØR 1690

Den fyrste kjende brukaren heitte Ivar. Me finn han i ei skatteliste frå fyrste halvpart av 1500-talet. Etter Ivar kom det ein brukar som heitte Jens.

1563 og 1590 er Torstein brukar på Indre-Boge.

1603,1611 og 1620 finn me brukaren Olav i skattelistene.

1620 og 1630 finn me også brukaren Anders.

1638 er det to brukarar i landskattelista, Rasmus og Jon. Dei er båe oppførde mellom halvegardsmenn og øydejordsmenn som betalar 1/2 ort i skatt. Dette er truleg dei same brukarane som me finn i ei rekkje kjelder frå 1640-1660-åra, endå Jon i 1638 må ha vore svæt ung, om lag 16 år gamal.

Rasmus Mortensson og kona Barbro er nemnde i koppskattemanntalet 1645. Rasmus er oppførd som brukar av halve garden 1648 og 1655. Siste gongen me finn han nemnd er i manntalet 1666. Han er då 55 år gamal, og bruket hans er ein tredjedel av garden.

Born:

  1. Morten 1644-.
  2. Nils 1648-.
  3. Anna 1657-, g.m. Johannes Olsson Sandvik, sjå bnr. 6 nedanfor.

Jon Nilsson f. om lag 1622 var brukar her samstundes med Rasmus Mortensson. Jon, kona Anna og tenestejenta Anna, er med i koppskattemanntalet 1645. Jon er siste gongen nemnd som brukar 1666. Bruket hans var då 2/3 av heile garden. Kona Anna døydde 1692.

Born:

  1. Johannes 1653-.
  2. Nils 1659-.

BNR. 1

Daglegnamn: Garden.

Gamalt løpenr. 66. 1853 løpenr. 485. 1864 løpenr. 485 a.

Gamal landskyld 2 p. (48 m.) smør. 1829, etter at bnr. 4 var skilt frå, landskyld 1 p. 6 m. smør. 1838 ny skyld 1 dl. 3 ort 19 sk. 1850 vart det lagt til ein part med gamal skyld 6 m. smør. Ny skyld 1 ort 22 sk. Denne parten hadde løpenr. 67 b/489, og var skilt frå bnr. 6. I den nye matrikkelen vart både det gamle bnr. 1 og den nye parten, kalla bnr. 1, med skyld 2,14 skyldmark. 1905 2,00 skyldmark, 1956 1,26 skyldmark.

Fødnad 1863: 10 kyr, 8 ungfe, 20 sauer. 1865: 19 storfe, 20 sauer, 1 gris. 1875: 9 kyr, 3 ungfe, 26 småfe.

Sånad 1863:4 t. havre, 4 t. poteter. Avling 20 t. havre, 24 t. poteter, 964 v. høy, 140 v. halm. 300 v. høy frå slåttene. 1865 og 1875 sånad: 4 t. havre, 4 t. poteter.

I herredsbeskrivelsen av 1863 er åkervidda oppgjeven til 6 1/2 mål. 1 mål var god åker, 5 1/2 mål middels god. Bøen var på 35 mål. 10 mål var god bø, 8 mål var middels god, 17 mål ring hø.

Mikkel Ørjansson Romslo 1644-1698 var brukar her på slutten av 1600-talet. Sjå Haus s. 343. Fyrste kona, som me ikkje kjenner namnet på, var gravlagd 1691.

Born:

  1. Mikkel 1662-, brukar her.
  2. Johannes g. 1705 m. Brita Jensdtr. Myster.
  3. Brita g. 1705 m. Johannes Johannesson Dale, bnr. 8.
  4. Ørjens 1685-, brukar på Vaksdal.

Mikkel g.2.g. 1692 m. Anna Anfinnsdtr. Steinsland, d. 1697.

Mikkel g.3.g. 1697 m. Anna Johannes dtr. Langhelle.

Born:

  1. Magdeli 1698-, g. 1726 m. Nils Gebusson Fitje. Sjå Gjerstad s. 164.

1694 var Mikkel Mikkelsson 1662-1744 brukar her saman med faren, Mikkel Ørjansson. Seinare vart han brukar Bygselsetelen hans, som lydde på 2/3 av garden, vart tinglyst 1720.

Mikkel var g.2 gonger. Fyrste kona, som me ikkje kjenner namnet på, døydde 1691. Mikkel g.2.g. 1692 m. Cecelia Ivarsdtr.

Born:

  1. Anna 1695-, g.m. neste brukar.

1715 vart Jens Danielsson Vaksdal 1689-1751 g.m. Anna 1695-1751, dotter t den førre brukaren, Mikkel Mikkelsson. 1716 fekk dei bygsla halvparten av det bruket som Mikkel Ørjansson, farfar hennar, hadde hatt.

Born:

  1. Magdeli 1716-.
  2. Daniel 1721-, brukar her.
  3. Cecelie 1726-, g. med enkjemann Knut Johannesson Hesjedal, b. Sedalen.
  4. Johannes g. 1743 m. Marta Nilsdtr. Helle.

1738 bygsla Daniel Jensson 1721-1763, g. 1742 m. Kari Andersdtr. Indre-Bruvik f. 1721.

Daniel var fleire gonger lagrettemann for Arne Skipreide.

Born:

  1. Mikkel 1743-, brukar her.
  2. Jens 1751-1826 ug.
  3. Anna 1755-1781 ug.
  4. Anders 1757-, brukar på Vaksdal bnr. 16.

1782 skøyte til Mikkel Danielsson 1743-1831. Han hadde bygsla dette bruket 1763. Då vart det tinglyst kårbrev til mora, Kari Andersdtr. Mikkel skulle fø 2 kyr og 6 sauer for henne, og ho skulle ha rett til å bu på bruket så lenge ho levde.

Mikkel g.1 .g. 1764 m. Ingebjørg Knutsdtr. Ytre-Boge bnr. 4, 1743-1782. Ved skiftet etter Ingebjørg vart dette bruket verdsett til 220 rdl. Bruttoen i buet var vel 305 rdl. Nettoen vel 133 rdl. Både kreditorar og ervingar fekk utlagt partar i jordegodset. Kreditorane var panthavaren Magne Mikkelsson Stokke, og kreditorane Anna Godfreis i Bergen, Knut Sivertsson Vakdsdal og Knut Ytre-Boge. 1785 fekk Mikkel Danielsson skøyte på partane t dei andre eigarane, slik at han på nytt var eigar av heile bruket.

Born:

  1. Daniel 1765-.
  2. Knut f. og d. 1767.
  3. Knut 1768-, brukar her.
  4. Tomas 1770-, brukar i Sandvik frå år 1800.
  5. Kari 1771-, g.m. Elling Monsson Olsnes bnr. 3.
  6. Anna 1773 g.m. Halstein Johannesson Ytre-Bruvik bnr. 7.
  7. Brita 1777-, g.m. Lars Helgesson Hekland bnr. 2.

Mikkel g.2.g. 1783 m. Anna Bessesdtr. Blindheim.

Born:

  1. Ingebjørg 1796-.

1798 skøyte til Knut Mikkelsson 1768-1862 for 200 rdl. og kår til seljaren. Knut g.1 .g. 1799 m. Kari Rasmusdtr. Almås 1782-1801. Ved skiftet etter Kari 1801, var jordegodset verdsett til 200 rdl. Bruttoen i buet var vel 383 rdl. Nettoen 341 rdl. Av aktiva var det forutan jordegodset ein panteobligasjon i garden Rødland i Mjelde skipreide på 130 rdl. Arven vart delt mellom enkjemannen og sonen Mikkel, som berre var 14 veker gamal.

Born:

  1. Mikkel 1801-, brukar her.

Knut g.2.g. 1802 m. Kari Nilsdtr. Helle bnr. 7, 1782-1823. Sjå II s. 166. I skiftet etter Kari 1823 var dette bruket verdsett til 250 spd. Bruttosummen i buet var 626 spd. Nettoen var 483 spd. Mellom innbuet var det eit stort sylvstaup med 3 lauv og 3 føter, verdt 6 spd., og 1 koparkjel som tok 1 tunne og var versett til 12 spd. Mellom aktiva i buet var det ein pantobligasjon på 60 spd. med 1. prioritets panterett i Indre-Boge bnr. 6, og ein annan panteobligasjon på vel 39 spd. med 1. prioritets panterett i Vaksdal, bnr. 28.

Det var berre halve bnr. 1 som var med i skiftet 1823. Den andre helvta av bruket var utlagt til eldste sonen Mikkel ved skiftet etter mora 1801. Ved skiftet 1823 fekk enkjemannen Knut utlagt ein fjerdepart av bruket, og eldste sonen i andre ekteskapet, Nils, ein fjerdepart. 1829 let Knut tinglesa ein odelsdeklarasjon om at parten t Nils ikkje skulle vera behefta med odel, og ikkje kunna løysast ut av den eldre halvbroren. Dette førde seinare til at bnr. 4 vart frådelt.

Born:

  1. Nils f. og d. 1804.
  2. Kari 1805-, g.m. Nils Andersson Romslo. Sjå Haus s. 354.
  3. Nils 1808-, brukar her.
  4. Ingebjørg 1810-, g.m. Johannes Tomasson Ytre
  5. Marta 1812-, g.m. Johannes Andersson Skreiæ bnr. 1.
  6. Magdeli 1813-.
  7. Anna 1814-, g.m. Johannes 0. Fossmark bnr. 5. Sjå II s. 99.
  8. Daniel f. og d. 1815.
  9. Knut 1821-. Sjå Løtveit bnr. 1.

(Marta er ikkje nemnd i skiftet etter mora 1823.)

1829 tinglyst skøyte til Mikkel Knutsson på halve bruket, som han hadde fått utlagt i skiftet etter mora 1801. Sjå ovanfor. Den andre helvta åtte faren, Knut Mikkelssen, til 1823. Då vart det halve skifte etter 2. kona t Knut. Halvbror t Mikkel, Nils Knutsson, fekk då utlagt 1/4 av bruket. Faren Knut 1/4. 1829 skøytte Knut sin fjerdepart over til Nils, og let samstundes tinglysa ein odelsdeklarasjon om at Mikkel ikkje skulle kunna gjera odelsrett gjeldande for den helvta som Nils åtte. Sjå bnr. 4. Men 1838 gav Nils skøyte til Mikkel på 1/4 av bruket sitt. 1838 gjorde Mikkel makeskifte med Eirik Andersson Vaksdal, og flytte til Vaksdal bnr. 24. 1849 flytte han til Bjørgås i Evanger. Seinare var han busett på Arnatveit og i Hausvik. Sjå Arna s. 176.

Mikkel 1801-1892 g.1.g.m. Brita Nilsdtr. Jamne bnr. 1, 1798-1823.

Born:

  1. Mikkel f. og d. 1823.
  2. Mikkel g.2.g.m. Ågot Andersdtr. Romslo 1804-1883. Sjå Haus s. 350.

Born:

  1. Brita 1826-, g.m. Johannes Knutsson Kyrkje
  2. Kari f. og d. 1829.
  3. Anders 1830-, b. Hausvik, g.1 .g.m. Brita Olsdtr. Leirkoll, g.2.g.m. Ågot Einarsdtr. Hausvik. Sjå Haus s. 187.
  4. Kari 1834-1840.
  5. Knut 1837-, ekspeditør og vaktmeistar, b. Hausvik og Bergen. Sjå Haus s. 177.
  6. Kari 1840-, g. 1860 m. Johannes E. Rønhovde. Sjå Ytre Arna s. 22.
  7. Nils 1841-1842.
  8. Anders f. og d. 1842.
  9. Nils 1844-1845.
  10. Nils Arnetvedt 1846-1935, ug.lærar ogmisjonsprest,b. Bergen, U.S.A., Kina. Avliden i Hausvik.

1829 og 1831 vart det tinglyst vilkårsbrev til Knut Mikkelsson frå sønene Nils og Mikkel Knutsson på deira partar i Indre-Boge.

1838 makeskøyte til Eirik Andersson Vaksdal mot vederlag i Vaksdal bnr. 24. Den nye eigaren let 1838 tinglysa vilkårsbrev til mora, Kari Eiriksdtr. Vaksdal og systra, Anna Andersdtr., men dette vilkårsbrevet vart avlyst 1840, då Eirik selde bruket att.

Eirik f. 1893 vart g. 1836 m. enkja Ågota Johannesdtr. Indre-Boge. Ho var eigar av bnr. 6. Eirik og Ågota selde jordeigedomane i Indre-Boge i 1840, og flytte til Li i Skjold Skipreide. Dei fekk 2 sooner medan dei budde på Indre-Boge, Johannes 1837, og Johannes 1838. Ein av dei sønene som var fødde på Li, emigrerte til Amerika, der han vart guvernør.

1840 skøyte til Anders Johannesson Skaftun bnr. 1 for 500 spd. 1850 fekk han skøyte hjå brukaren på bnr. 6 på ein part 6 m. 1 k. malt, løpenr. 489 a. Ved dette tillegget fekk bnr. 1 same storleik som det hadde hatt før bnr. 4 vart frådelt.

Anders Johannesson 1815-1901, ordførar i Bruvik 1892-1893, g. 1840 m. Magdeli Knutsdtr. Stokke bnr. 1 1811-1906.

Born:

  1. Johannes f. og d. 1841.
  2. Sigrid 1842-1930, b. her, ug.
  3. Johannes 1846-ca. 1870, ug.
  4. Knut 1848-, brukar her.
  5. Nils 1850-, sjå bnr. 3.
  6. Anders 1854-, lærar og klokkar Indre
  7. Brita 1854-, tvillingsyster t Anders, død som barn.
  8. Anna 1858-, truleg død som barn.

1879 skøyte til Knut Andersson for 1200 kr. og kår verdsett til 600 kr. i 5 år. Kårytinga galdt foreldra og systra Sigrid, som under visse vilkår skulle ha kår på bruket etter at foreldra var avlidne. Knut 1848-1938 var g.m. Helga Johannesdtr. Skaftun, bnr. 1, 1859-1949.

Born:

  1. Magnhild 1880 g.m. Nils 0. Lokøy, sjå bnr. 39.
  2. Anders 1884-, sjå bnr. 20 og 22.
  3. Maria 1890-, g.m. Ole K. Aasen. Sjå bnr. 32.
  4. Sofie 1892-1973. Sjå bnr. 31.

1916 skøyte til A/S Boge Mølle.


BNR. 2

Daglegnamn: Ækra.

Skilt fa. løpenr. 485, 486, 488, 489, 490 1864. Skyld 1 ort 14 sk. 1886: 0,55 skyldmark.

Dette bruket er eit gamalt husmannsplass som låg i sameige åt hovudbruka. Fyrste festesetelen er frå 1797. I Herredsbeskrivelsen er åkervidda oppgjeven til 3 1/2 mål. 1 mål var god åker, 1 1/2 mål var middels god, 1 mål var ring åker. Engvidda var 8 1/2 mål. 3 3/4 mål var god eng. 4 2/5 mål var ring eng. Sånad: 2 t. havre, 1 1/2 t. poteter. Avling: 9 t. havre, 7 t. poteter, 30 v. høy i slåttene. Høyavling ellers er ikkje oppgjeven, heller ikkje halm.

Fødnad 1863: 2 kyr, 1 ungfe, 8 småfe. 1865: 5 storfe, 15 Sauer, 1 geit, 1 gris. Sånad: 2 t. havre, 2 t. poteter.

1875: Fødnad 3 kyr, 1 ungfe, 9 småfe. Sånad: 2 t. havre, 3 t. poteter.


1797 festesetel til Mons Monsson Øvste Mjelde 1771-1849. Festesetelen lydde på eit rydningsplass, kalla Ækra, ein slåtteteig, Sønnestigen, 2 skogteigar og ei nausttomt ved sjøen. Avgifta for plasset var 6 dagsverk på bnr. 1 og 3 dagsverk på bnr. 6 årleg. Borna t Mons skulle ha fyrsterett på å få bygsla plasset etter han. Mons g.1.g.m. Marta Olsdtr. Skulstad 1758-1836. Sjå Haus s. 47 og 287.

Born:

  1. Anna 1793-, g.m. Samuel Gabrielsson Songstad. Sjå Haus s. 373.
  2. Magdeli 1794-1802.
  3. Kari f. og d. 1795.
  4. Kari 1797-, g.m. Mons Gabrielsson Songstad. Sjå Haus s. 373.
  5. Mons 1798-, brukar her.
  6. Lars 1806-, sjå Skreiæ, leigebuarar.
  7. Olav 1807-, sjå Herfindalen bnr. 2.

Mons g.2.g. 1838 m. enkja Kari Steffensdtr. g.1 .g.m. Mons K. Vaksdal, Sedalen bnr. 9. Ved skiftet etter Mons 1850 var bruttosummen i buet vel 50 spd. Nettoen vel 2 spd. Mellom kreditorane var sokneprest Hammer og klokkar Harbitz. Soknepresten kravde 3 spd. og 70 sk. for 43 høgtidsoffer a 10 sk., som Mons stod til rest med. Dessutan kravde han 36 sk. for jordpåkasting. Klokkaren kravde 4 sk. for kvart høgtidsoffer. Enkja og dei 2 verjene for borna som var frammøtte, hevda at krava frå sokneprest Hammer og klokkar Harbitz var for høge. Då det ikkje vart forlik, vart desse to krava opptekne til avgjerd. Rettsavgjerda gjekk ut på at utlegga til jordpåkasting ikkje skulle reknast som utgift til Bette buet, og at der for dei 43 høgtidsoffer skulle betalast 2 spd. 18 sk. Kravet t klokkaren vart betalt med 1 sp. 8 sk.

1827 festesetel til Mons Monsson frå brukarane på hovudbruka. Han gav samstundes kår til foreldra, som hadde vore brukarar her før. Mons 1798-1876, var g.m. Brita Gabrielsdtr. Indre Songstad 1799-1878. Sjå Haus s. 372 og 374.

Born:

  1. Mons 1826-1849.
  2. Gabriel 1829-, brukar her.
  3. Marta 1832-, g.m. mylnearbeidar Eiliv Olsson Hesjedal, b. Vaksdal.
  4. Samuel f. og d. 1835.
  5. Samuel f. og d. 1836.
  6. Anna g.m. Samuel Gabrielsson Songstad. (sjå Haus s. 374 og 379. Der står det at Samuel var ug. farmar, b. i U.S.A.)
  7. Brita f. og d. 1838.
  8. Kari f. og d. 1838.
  9. Kari 1840-, g.m. Tomas Olsson Indre

1864 skøyte til Gabriel Monsson for 150 spd. 1892 fekk Gabriel skøyte hjå Tomas Olsson på ei tomt for kr. 10,-.

Gabriel 1829-1894, småbrukar og krøterhandlar, var g.m. Marta Olsdtr. Indre-Boge, bnr. 6, 1838-1902.

Born:

  1. Olav 1857-. Mons 1869
  2. Mons 1870-. Mons 1875

1901 skøyte til Mons Gabrielsson, g.m. Ågota Monsdtr. Arnatveit, b. Dale, sidan U.S.A. I U.S.A. kalla huslyden seg Bessemer.

Born:

  1. Marta 1892-1969, b. U.S.A.
  2. Mo rad - b. U.S.A.
  3. Al red - b. U.S.A.

1902 skøyte til Tomas Tomasson 1876-1963, f. på Indre-Boge bnr. 7. Tomas fekk seinare skøyte på bnr. 7. 1949 vart bnr. 2 og 7 samanføyd. Bnr. 7 vart då sletta av matrikkelen.

Tomas 1876-1963, gardbrukar og jarnbanearbeidar, g.m. Anna Tomasdtr. Indre-Boge bnr. 4 1875-1962.

Born:

  1. Nolevande 1911-, brukar her, sjå nfr.

1949 skøyte til Nolevande f. 1911, tekstilarbeidar og gardbrukar, g.m. Erna Marie 1914-1959, dotter t gardbrukar Salamon Dolvik og kona Brita, b. Arnatveit. Sjå Arna s. 179.

Born:

  1. Nolevande 1939-, maskinist.
  2. Nolevande 1946-, mekanikar, g.m. Grete Sygnabere frå Voss.
  3. Nolevande 1949-, husmorvikar.
  4. Nolevande 1952-, g.m. Asle Karlsen.

BNR. 3

Daglegnamn: Dalen.

Skilt frå bnr. 1 1886. Skyld 1,53 skyldmark. 1956 1,44 skyldmark. Gamal urevidert skyld 4 ort, 3 sk., revidert 1 dl. 4 sk.

1886 skøyte til Nils Andersson for kr. 200. Seljar var broren Knut Andersson på bnr. 1. Nils 1850-1922 g.1 .g.m. Dortea Tomasdtr. Indre-Bruvik bnr. 13 1865-1886.

Born:

  1. Dortin 1886-, mylnearbeidar, b. Vaksdal, g.m. Claudia Mo.
  2. Nils g.2.g.m. Brita Eriksdtr. Ytre-Boge bnr. 1 1869

Born:

  1. Anders 1892-, brukar her.
  2. Nils 1894-, sjå bnr. 38.
  3. Margit 1896-,lærar b. Vaksdal.
  4. Marta 1899-, b. Ytre
  5. Johannes 1905-, b. U.S.A.
  6. Nolevande 1910-, elektrikar, b. Stanghelle, g.m. Astrid Olava Tysse. Sjå II s. 134

1922 skøyte til Anders Nilsson Boge 1892-1949. 1939 fekk han skøyte på Ytre-Boge bnr. 1. Opplysningar om huslyden, sjå Ytre-Boge bnr. 1.

1957 skøyte til Josef Steinsbø, snikkar, son t Helga Martine og Lars Johan Steinsbo, Bremnes. Josef f. 1922 er g.m. Magna Andersdtr. Boge 1925. Sjå Ytre-Boge bnr. 1.

Born:

  1. Nolevande 1946-, g.m. Arne Fosse 1947
  2. og Langhelle bnr. 9.
  3. Nolevande 1950-, sjå ættes o ga Indre
  4. Terje f. og d. 1956.
  5. Nolevande 1958-.

BNR. 4

Gamalt løpenummer 66 b, nytt løpenummer 486. Skilt frå løpenr. 66 a 1829, med skyld 1 p. smør, 4 k. malt. 1/4 av dette vart frådelt 1831, og selt attende til bnr. 1. 1838 ny skyld 4 ort 12 sk. 1864:4 ort, 4 sk. 1886: 1,38 skyldmark.

I Herredsbeskrivelsen av 1863 er åkervidda oppgjeven til 4 mål. 1 mål var god åker, 1 mål middels god, 2 mål var ring åker. Engvidda var 15 mål, 5 1/2 mål var god eng, 3 mål var middels god, 6 1/2 mål var ring eng. Sånad: 3 t. havre, 3 t. poteter. Avling: 12 t. havre, 15 t. poteter, 396 v. høy, 84 v. halm. 120 v. høy i slåttene. Fødnad: 15 kyr, 2 ungfe, 8 småfe.

I folketeljinga 1865 finn me desse oppgåvene: Fødnad 5 storfe, 8 småfe, 1 gris. Sånad 2 1/2 t. havre, 3 t. poteter. 1875: Fødnad 5 kyr, 1 ungfe, 12 småfe. Sånad 2 1/2 t. havre, 4 t. poteter.


1823 og 1829 skøyte til Nils Knutsson Indre-Boge på halve farsgarden. 1831 overlet han 1/4 av jorda si til den eldre halvbroren Mikkel Knutsson på bnr. 1. Nils f. 1808 g. 1830 m. Jorna Nilsdtr. Romslo f. 1807. Sjå Haus s. 350. Dei dreiv dette bruket til 1844. Då gjorde dei makeskifte med Tomas Johannesson Skaftun og overtok Vaksdal bnr. 1. Det dreiv dei til 1846. Kvar dei seinare vart busette, er uvisst.

Born:

  1. Kari 1831-.
  2. Kari 1832-1833.
  3. Knut 1833-.
  4. Nils 1837-.
  5. Kari 1839-.
  6. Jorna 1842-.

1844 makeskifteskøyte til Tomas Johannesson Skaftå bnr. 1 f. 1824, g.m. Brita Knutsdtr. Stokke bnr. 5 1822-1882. Dei hadde drive Vaksdal bnr. 1 før dei kom hit. 1854 gjorde dei på nytt makeskifte og flytte til Skaftå bnr. 4.

Born:

  1. Johannes f. og d. 1845.
  2. Johannes 1847-, brukar på Skaftå bnr. 4.
  3. Brita 1849-, sjå Skaftå bnr. 5.
  4. Magdeli 1851-.
  5. Magdeli 1853-, g.m. mylnar Søren Larsen, b. Ytre
  6. Nils 1863-.

1854 makeskifteskøyte til Tomas Johannesson Skaftå mot vederlag i Skaftå bnr. 4. Tomas f. 1826 var g.m. Brita Nilsdtr. Hana, bnr. 1 f. 1830.

Born:

  1. Johannes 1851-, sjå bnr. 5.
  2. Nils 1852-.
  3. Tomas 1856-, sjå bnr. 10.
  4. Brita 1859-.
  5. Kari 1861-1863.
  6. Kari f. og d. 1868.
  7. Brita 1869-, g. 1894 m. Nils Olai Nilsson Skulstad, sjå Ytre
  8. Kari 1872-1877.
  9. Anna 1875-, g.m. Tomas Indre

1897 skøyte til Jakob Johannesson Boge, f. Veo bnr. 5 1857-1939, mylnesmed, g.m. Marta Davidsdtr. Veo bnr. 2, 1863-1944. Sjå III s. 27 og 32.

Born:

  1. Johannes 1894-, brukar her.
  2. Anders 1896-1925, ug., b. U.S.A.
  3. David 1897-, busett U.S.A., g.m. Marta Tveit 1904
  4. Kari 1899-, ug. b. her.
  5. Guri 1901-, g.m. Ingebrigt Ingebrigtsen.
  6. Maria 1903-1938 g.m. Albert Hordvik, Vaksdal.
  7. Ole Martin 1905-1912.

1946 skøyte til Johannes Jakobsson 1894-1973, gardbrukar og mylnesmed, g.m. Marta Malena 1895-1979, dtr. t Elin Johanna og Andreas Andersson Hordvik. Sjå ættesoga Vaksdal.

Born:

  1. Nolevande 1921-, brukar her.
  2. Nolevande 1923-, kontorist, g.m. Sigrid Skålevik.
  3. Nolevande 1929-, tekstilarbeidar, b. Stanghelle, g. med Gunvor Farestveit.

1970 skøyte til Nolevande 1921-, mylnearbeidar, g.m. Nolevande 1924-, dtr. t Anna og Erling Skålevik. Sjå ættesoga Vaksdal.

Born:

  1. Nolevande 1944-, g.m. Knut Karlsen. Sjå ættesoga Indre
  2. Nolevande 1947-. Sjå ættesoga Indre
  3. Nolevande 1955-, mylnearbeidar.
  4. Nolevande 1962-.

BNR. 5

Gamalt løpenr. 66 c, nytt løpenr. 487. Skilt frå bnr. 1 1848. Gamal skyld 2 4/7 m. smør. Ny skyld 18 sk. Revidert skyld 1853 20 sk. 1886 0,25 skyldmark. 1891, etter at bnr. 8 var skilt frå, 0,24 skyldmark.

I Herredsbeskrivelsen 1863 er åkervidda oppgjeven til 1 1/5 mål. 3/5 mål var middels god åker, 3/5 mål var ring åker. Engvidda var 7 1/5 mål. 1 mål var god eng, 1 3/5 mål var middels god, resten var ring. Sånad 1/8 t. havre, 1 t. poteter. Avling 3/4 t. havre, 5 t. poteter, 162 v. høy, 6 v. halm. 50 v. høy i slåttene. Bruket vantar ved og hustømmer. Fødnad: 2 kyr, 4 småfe.

1865: Sånad 1/2 t. havre, 2 t. poteter. Fødnad: 2 storfe, 15 sauer. 1875: Sånad 3 t. poteter, fødnad 3 kyr, 9 sauer.

1848 skøyte til Johannes Johannesson Skjerping for 100 spd. Johannes 1825-, og kona Elin Johannesdtr. Hildesmark 1816-, budde her

til 1880. Då flytte dei til Langeland i Samnanger. Sjå Gjerstad s. 345-346, og Samnanger I s. 552.

Born:

  1. Johannes 1849-.
  2. Johannes 1852-, brukar på Langeland, sjå Samnanger I s. 552.
  3. Nils 1854-1874, ug.
  4. Olav 1854-.
  5. Anders Olaus 1857-.

1879 skøyte til Johannes Tomasson Indre-Boge bnr. 5 1851-1935, g.m. Ingeborg Bessesdtr. Skreiæ bnr. 3 1844-.

Born:

  1. Johan 1879-, brukar her.
  2. Tomas 1881-1956, ug., sjømann, b. U.S.A.
  3. Berentin 1883-, b. Skaftå bnr. 24.

Neste brukar var Johan Johannesson Boge 1879-1914, mylnar, g.m. Anna Andersdtr. Hagen 1883-. Sjå III s. 322.

Anna busette seg på Dale då mannen var død. Bror hennar overtok dette bruket.

Born:

  1. Inger Amanda 1907-, g.m. Johannes Hop. Sjå II s. 332.
  2. Konstanse 1907-, g.m. Emil Wilhelm Salberg. Sjå II s. 363.
  3. Nolevande 1912-, g.m. Arnold Prestegård. Sjå II s. 356.
  4. Anders, døydde tidleg.
  5. Ingeborg, døydde tidleg.

1917 skøyte til Bertin Andersson Hagen 1885-1968, småbrukar og mylnearbeidar, g.1.g.m. Ragnhild Nilsdtr. Stamnes 1887-1921. Sjå III s. 315 og 322.

Born:

  1. Nolevande 1916-, b. i Hardanger, g.m. Haktor Lien.
  2. Nolevande 1918-, brukar her.
  3. Nils 1920-1971, b. her, sjå nfr.

Bertin g.2.g.m. Anna Gjertina Skjøndal 1888-1970.

Born:

  1. Nolevande 1925-, g.m. Olav Tunestveit.
  2. Nolevande 1926-, sjå bnr. 25.

1968 skøyte til Nils Bertinsson Hagen 1920-1973 på bnr. 5 og 11.

1973 skøyte til Nolevande 1918-, tekstilarbeidar, g. m. Nolevande f. 1923, dtr. t gardbrukar Sjur Brekkhus og kona Anna f. Lien, Evanger.


BNR. 6

Fleire daglegnamn har vore i bruk: Oppigarden, Fokstadane, Olane.

Gamalt løpenr. 67, nytt løpenr. 488. Gamal landskyld 1 p. smør, 4 k. malt. Ny skyld 1838 1 dl. 2 ort 16 sk. 1853 gamal skyld 12 m. smør. Ny skyld 3 ort 20 sk. 1886 1,17 skyldmark, 1956 1,00 skyldmark. 1974 0,90 skyldmark.

I Herredsbeskrivelsen av 1863 er åkervidda oppgjeven til 4 2/5 mål. 1 mål var god åker, 2 mål var middels god, resten var ring. Engvidda var 22 mål. 6 4/5 mål var god eng, 1 2/5 mål middels god, resten var ring eng. Sånad 2 t. havre, 3 t. poteter. Avling 8 t. havre, 14 t. poteter, 333 v. høy, 56 v. halm. 70 v. høy i slåttene. Fødnad 4 kyr, 1 ungfe, 10 småfe.

1865 sånad 2 t. havre, 2 t. poteter. Fødnad 8 storfe, 8 sauer. Desse oppgåvene er Irå tida etter 1848, då bruket vart halvert ved frådeling av løpenr. 489 og 490. Sjå bnr. 1 og bnr. 7.


1692 var Johannes Olsson Sandvik brukar her. Han hadde då truleg vore brukar her ei tid. 1720 vart bygselsetelen hans fornya. Johannes 1655-1722 var gift 3 gonger. Namnet på fyrste kona er ikkje kjent.

Born i 1. ekteskap:

  1. Johannes 1684-, g. 1729 m. Marta Nilsdtr. Ytre
  2. Thomas 1685-, g. 1720 m. Kari Thomasdtr. Havrå.
  3. Sjur 1686-.
  4. John 1687-. Sjå III s. 275.
  5. Olav 1689-. Sjå III s. 23.
  6. Mons 1691-. Sjå Leigebuarar.
  7. Barbra 1694-1712.
  8. Sigrid f. og d. 1697.
  9. Sigrid 1698-1714.
  10. Kari 1699-.

Johannes g.2. gong 1700 m. enkja Kristi Mikkelsdtr. Ytre-Boge, f. Haukanes d. 1706. I dette ekteskapet var det 1 barn, Peder, 1701-1704. I skiftet etter Kristi 1706 var bruttosummen i buet vel 72 rdl., og då det ikkje var noko gjeld, var dette nettosummen. Halve buet vart tillagt enkjemannen Johannes Olsson. Den andre halvparten vart delt mellom borna. Etter namna å døma, gjeld dette borna åt Johannes frå 1. ekteskap, og ikkje borna som Kristi hadde i sitt 1. ekteskap. Sjå Ytre-Boge. Den eldste sonen, Mikkel som var gift, hadde i heimegifte flu 6 rdl.,

han fekk ingen arv. Men dei andre sønene, Johannes, Thomas, Olav og Mons, fekk kvar vel 6 rdl. Døtrene, Barbra, Sigrid og Kari, fekk kvar vel 3 rdl.

Johannes g.3.g. 1707 m. Anna Rasmusdtr. Indre-Boge 1657-1733. I dette ekteskapet var det ingen born. Anna gifte seg att med neste brukar.

1723 vart Eirik Monsson Hekland 1694-1766, g.m. enkja Anna Rasmusdtr. Indre-Boge 1657-1733. Eirik og Anna hadde ikkje born. Eirik g.2.g. 1734 m. Anna Monsdtr. Herfindal bnr. 1, 1691-1760.

Ved skiftet etter Anna 1760 var bruttosummen i buet vel 36 rdl., nettoen vel 23 rdl. Anna og Eirik hadde ein son, Eirik f. 1757, men han var død før 1760. Arven vart derfor skift mellom enkjemannen og syskena t Anna.

1782 skøyte til Johannes Larsson Ytre-Bruvik bnr. 7 1730-1791. Han hadde vore leiglending på dette bruket frå. 1754. 1762 var han lagrettemann.

Johannes var g. 1754 m. Brita Halsteinsdtr. Hekland 1728-1791.

Born:

  1. Brita 1754-1761.
  2. Kristi f. og d. 1755.
  3. Lars 1756-, brukar her.
  4. Eirik 1757-, brukar på Ytre
  5. Halstein 1759-1761.
  6. Lars 1759-.
  7. Kristi 1762-1795, ug.
  8. Anders 1765-, sjå Skreiæ bnr. 1.
  9. Halstein 1768-, sjå Ytre
  10. Magdeli 1771- d. før 1791.
  11. Mons 1779-1810, ug.

Ved skiftet etter Johannes og Brita 1791 var bruttoen i buet vel 32 rdl., etter at det var halde auksjon på lausøyre. Men gjelda var 72 rdl., så det vart ikkje noko å dela mellom ervingane.

1785 skøyte til Lars Johannesson 1756-1846, g.1 .g.m. Guri Monsdtr. Åsheim 1761-1819. Sjå Haus s. 205.

Born:

  1. Johannes 1788-.
  2. Magdeli 1789-1804.
  3. Brita 1790-.
  4. Dorte 1792-.
  5. Mons 1794-, b. i Skreiæ.
  6. Eirik 1795-1803.
  7. Kristi 1797-.
  8. Lars 1798-1803.
  9. Nils f. og d. 1800.
  10. Synneva 1801-, g.m. Nils K. Dale bnr. 8. Sjå II s. 250.
  11. Magdeli 1804-. Fekk 1829 ei dotter Brita, g. 1857 m. Johannes J. Holsen, Førde. Far åt Brita var Olav Mikkelsson Herfindalen bnr. 1.
  12. Mons 1806-.

Lars g.2.g. 1821 m. Brita Monsdtr. Herfindalen bnr. 1 f. 1776.

1807 skøyte til Johannes Johannesson Vaksdal f. Dale. Same år fekk han odelsskøyte hjå Johannes Larsson, son til den førre brukaren. 1810 skøyte til Knut Nilsson Vaksdal.

1810 skøyte til Anders Danielsson Vaksdal. Han gav same året bygselbrev til den førre eigaren, Knut Nilsson. Anders Danielsson let 1810 tinglysa vilkårsbrev til Lars Johannesson og kona Guri Monsdtr. som hadde vore brukarar her før. Eldste sonen deira, Johannes, gav samstundes odelsskøyte til Anders Danielsson.

1812 skøyte til Johannes Johannesson Vaksdal. Han hadde vore eigar av bruket frå 1807-1810. Han sat med bruket til 1820. Då bytte han til seg Sedalen bnr. 6. Seinare overtok han Skreiæ bnr. 1. Huslydopplysningar: sjå Skreiæ bnr. 1.

1820 makeskøyte til Johannes Andersson Vaksdal bnr. 24, 1797-1836. Dette bruket var då verdsett til 250 spd. og vart bytt med Sedalen bnr. 6, der Johannes Andersson hadde vore brukar ei tid. Johannes var g.m. Ågot Johannesdtr. Dale bnr. 19 f. 1805. Sjå II s. 253. Ved skiftet etter Johannes 1836 vart dette bruket verdsett til 350 spd. Johannes åtte også Vaksdal bnr. 24 som han hadde fått skøyte på 1833. Det var verdsett til 450 spd. Bruttosummen i buet var knapt 885 spd., men gjelda var stor, så nettoen vart berre 113 spd. Dette bruket vart utlagt til enkja Ågot.

Born:

  1. Kari 1823-.
  2. Anna 1824-.
  3. Brita 1826-1845
  4. Anna 1829-.
  5. Anders 1832-.
  6. Ågot 1835-.
  7. Ingebjørg 1835-.

Enkja Ågot g.2.g. 1836 m. Eirik Andersson Vaksdal. Sjå Indre-Boge bnr. 1.

1840 skøyte til Olav Andersson Sedalen bnr. 9 for 500 spd. Det vart tinglyst ei odelskontrakt, der Eirik Andersson Indre-Boge bnr. 1 og Mikkel K. Vaksdal, som formyndar for Anders Johannesson, son t den førre brukaren, vart sameinte om at Anders skulle avstå oldesretten sin i dette bruket, mot å få ein tilsvarande rett i garden Li i Skjold Skipreide, som Eirik Andersson tte. Anders Johannesson skulle kunna løysa inn halve denne garden for 500 spd. innan han fylte 20 år.

Den nye brukaren, Olav Andersson f. 1803 og kona Guri Andersdtr. Vaksdal bnr. 24 f. 1790 dreiv Sedalen bnr. 9 1821-1834, garden Reistad 1836-1840 og Skreiæ bnr. 1 frå 1842.

Born:

  1. Marta f. og d. 1822.
  2. Kari f. og d. 1823.
  3. Anders f. og d. 1824.
  4. Anders 1826-, brukar her, sjå nfr.
  5. Eirik 1829-, sjå Skreiæ bnr. 1.
  6. Anders f. og d. 1831.
  7. Mons f. og d. 1834.

1842 skøyte til Anders Olsson Boge f. 1826, g.m. Maria Johannesdtr. Indre-Boge f. 1822. Kjøpesummen for dette bruket var 100 spd. og kår til dei tidlegare brukarane, Olav Andersson og kona Guri Andersdtr. Truleg på grunn av økonomiske vanskar vart bruket 1846 delt i 2 like deler.

Born:

  1. Guri 1842-1843.
  2. Johannes f. og d. 1844.

1845 skøyte på halve bruket til Haldor Johannesson Vaksdal bnr. 1.

1846 skøyte til Olav Tomasson Skaftå for 850 spd. Seljarane var Haldor Johannesson Vaksdal, som selde si helvt for 350 spd., og Anders Olsson Boge, som selde den andre helvta for 500 spd. Den nye eigaren Olav Tomasson 1805-1852 var frå Skaftå bnr. 2, g.m. Brita Olsdtr. Hekland bnr. 1 f. 1809. Dei dreiv Skaftå bnr. 2 før dei kom hit. 1847 vart det tinglyst vilkårsbrev der Olav Tomasson forplikta seg til å gjeva opphald i 10 år til Nils Johannesson Skjerping. Når dei 10 åra var omme, skulle han betala ut 200 spd. Dette kåret vart avlyst 1849. Aret etter fekk Nils Skjerping skøyte på bnr. 7, som vart delt frå dette bruket. Bnr. 7 tilsvara ein fjerdepart av dette bruket. Ein annan fjerdepart vart skilt frå og selt til brukaren på bnr. 1. Bruket var altså halvert då neste brukar overtok 1850.

Born:

  1. Maria 1831-, g.m. neste brukar.
  2. Anna 1833-.
  3. Tomas 1835-. Sjå bnr. 7.
  4. Marta 1838-. Sjå bnr. 2.
  5. Olav 1845-, brukar her, sjå nfr.
  6. Anna 1848-1852.
  7. Brita f. og d. 1852.
  8. Brita, ug. b. her, døde etter 1900.

1850 skøyte til Anders Andersson Faugstad for 400 spd. og kår til seljaren og kona. Anders f. 1824 vart g. 1853 med dotter t den førre brukaren, Maria f. 1831. Anders og Maria var barnlause. Dei selde bruket 1879 til bror hennar. Sjå II s. 75.

1879 skøyte til Olav Olsson for kr. 1000 og kår til Anders Andersson og Maria Olsdtr., verdsett til 600 kr. for 5 år.

Olav, 1845-1940, var g.m. Dordi Tomasdtr. Indre-Bruvik f. Fokstad 1850-1939. Sjå II s. 76.

Born:

  1. Olav 1878-, brukar her.
  2. Berta f. og d. 1881.
  3. Thomas 1882-, b. U.S.A.
  4. Anders 1885-, b. U.S.A.
  5. Berta 1888-, g.m. Ole Skjelde, Bulken, Voss. Sjå bnr. 29.
  6. Martin 1892-, sjå bnr. 15.

1916 skøyte til Olav Olsson 1878-1964, ug. gardbrukar.

Mikal Andersson Bruvik var neste brukar. Mikal 1902, son t Katrina og Anders Kyrkje-Bruvik bnr. 2, var g.m. Anna Maria 1906-1971, dotter t Brita og Eirik Sæterdal. Sjå Vaksdal bnr. 16.

Born:

  1. Nolevande 1929-, sjå nfr.
  2. Nolevande 1931-, g.m. Arne Karlsen. Sjå bnr. 51.
  3. Nolevande 1932-, kaptein i forsvaret, g.m. Astrid Tesaker.
  4. Nolevande 1937-, sjå nfr.

1947 skøyte til Nolevande på bnr. 6 og 13. Nolevande f. 1929-, mekanikar, g.m. Nolevande 1932-.

1974 skøyte til Nolevande f. 1937, ekspeditør, g.m. Nolevande f. 1943, dtr. t Karen og Brynjulf Kvåle, Voss.

Born:

  1. Nolevande 1965-.
  2. Nolevande 1966-.

BNR. 7

Skilt frå bnr. 6 1850. Gamalt løpenummer 67 c, nytt løpenummer 490. Gamal skyld 6 m. smør, ny skyld 1 ort 22 sk. 1886: 0,60 skyldmark. I Herredsbeskrivelsen av 1863 er åkervidda oppgjeven til 2 mål. 1 mål var god åker, 1 mål var ring åker. Engvidda var 12 1/2 mål. 4 1/2 mål var god eng, 1 mål middels god, resten var ring. Sånad 3/4 t. havre, 1 1/2 t. poteter. Avling 4 t. havre, 7 t. poteter, 216 v. høy, 28 v. halm. 30 v. høy i slåttene. Fødnad: 2 kyr, 2 ungfe, 6 sauer.

1865: Sånad 1 t. havre, 2 1/2 t. poteter, fødnad 3 storfe, 4 sauer, 1 gris.

1875: Sånad 1 t. havre, 2 t. poteter. Fødnad 2 kyr, 1 ungfe, 7 sauer og 1 kje.

1850 skøyte til Nils Johannesson Skjerping for 300 spd. Nils f. 1819 var g.m. Magdeli Johannesdtr. Litun f. 1820. Sjå Gjerstad s. 340, 341 og 345. Dei dreiv dette bruket til 1857. Då flytte dei over fjorden tii Vik. Huslydopplysningar, sjå Vik bnr. 6.

1857 skøyte til Tomas Olsson for 300 spd. Tomas f. på bnr. 6 1835 gifte seg 1859 m. Kari Monsdtr. Indre-Boge bnr. 2 f. 1840.

Born:

  1. Olav 1860-1878.
  2. Mons 1862-.
  3. Mons 1864-, b. U.S.A.
  4. Brita 1868-, ug. tekstilarbeidar, b. her.
  5. Berta 1870-1873.
  6. Mons 1874-.
  7. Tomas 1876-, brukar her.

1910 skøyte til Tomas Tomasson 1876-1963. Han fekk også skøyte på bnr. 2, som mor hans var frå bnr. 2 og bnr. 7 vart slegne saman til eitt bruk. Bnr. 7 vart sletta av matrikkelen.

BNR. 8

Bogeelva. Skyld 0,83 skyldmark. Skilt frå Ytre-Boge bnr. 1-6, og Indre-Boge bnr. 1-7, 1891.


1891 skøyte til Hans Peder Nilsen for 2815 kr. Kjøparen fekk rett til å demma opp og nedminera Bogevatnet og andre vatn på Boges grunn.

Han tok på seg å byggja ein seterveg og å halda bt i Bogevatnet.

1895 skøyte til Boge Mølle Limited.

1901 skøyte til ingeniør B. Magnussen.

1912 skøyte til A/S Boge Mølle på bnr. 8, 9, 12 m.fl. bnr.

1970 skøyte til Vaksdal kommune på to parseller m.fl. eigedomar.


BNR. 9


Skilt frå bnr. 7 1891. Naustgrunn.

1892 skøyte til Gabriel Monsson Boge. Sjå bnr. 2 ofr.

1901 skøyte til Mons Gabrielsson Boge. Sjå bnr. 2 ofr.

1905 skøyte til ingeniør B. Magnussen.

1912 skøyte til A/S Boge Mølle på bnr. 8, 9, 12 m.fl. bnr.

1970 skøyte til Vaksdal kommune på ein parsell av dette bnr.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org
Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.

© Formgjevar og teknisk ansvarleg Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy