Husflid, av Klara Lid

Frå Vaksdal Historielag

(Skilnad mellom versjonar)
Jump to: navigation, search
Noverande versjon (11:04, 24 oktober 2010) (endre) (undo)
 
Line 34: Line 34:
{{kategorisere Bergsdalen artikkel}}
{{kategorisere Bergsdalen artikkel}}
-
{{Historielag rettar}}
+
{{rettar}}

Noverande versjon

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Husflid
Av Klara Lid


I gamle dagar laut folk vera nøysame og læra seg til å ta vare på alt som kunne nyttast og brukast. Sjølvbergingstanken var stor i heimane og fekk utfalda seg på so mange måtar og i ymse gjeremål. Her skal me ta med noko frå kvinnesida, som idag ber det fine namnet: Husflid.

Særleg var det saueulla som var det grunngjevande stoffet å ta av. Alt frå ho vart klipt av sauen, vart ho teken hand om og skild ut etter finleik og kvalitet, etter kva ho skulle brukast til. Det var vanleg at alle kvinner, både unge og gamle, kunne karda og spinna garn til det som skulle brukast til huslyden, og alt vart spøta med hand, sokkar, leistar, vottar, ja trøyer og underklede med. Den finaste ulla vart brukt til veving. Varp og veft vart og spunne heime. Rokk, rennebom og vevreid høyrde saman. Og taktfaste vevslag høyrdest frå stovene når det leid utpå vetteren. Vadmålet vart bruka til under- og utanpåklede til heile huslyden, det var varme og slitesterke kler. Sengkler, kvitlar, vart vevde heime. Då vart litt av garnet farga og brukt til render i kvitlane. Til å farga med vart brukt alvenever, mose, bork og små greiner og kvister av ymse treslag, til dei fekk fram den fargen dei ville ha. Mosebrunt og sauesvart vart mykje brukt og gjorde fine ekte render i kvitlane.

Einskjefta var ein tunnare sort vevnad enn vendavove vadmål. Det vart helst brukt til kvinnekler og barnety, til skjørt, trøye og dei mykje brukte døssene som var både til kvardags og festbruk. Sume kvinner var svært ihuga og flinke i den slags arbeid, og dreiv det vidare enn til eige bruk. Dei kunne laga og selja, både garn og vovne ting.

Her må nemnast Ragnhild Berge (f. 1833, d. 1932). Ho var frå Nedre Helland i Modalen og gift med Lars Nygard (Krossen) i Modalen. Dei kjøpte gard på Berge og brukte dette namnet. Ho var svært flink til spinna og veva. Varene hennar kom og på utstellingar både som garn og einskjefta. Ho fekk fyrst diplom. So sylvmedalje på Landsutstillinga i Bergen 1898. Ho var og tilkjend gullmedalje, men då den måtte betalast med kroner, let ho den gå ut, men fekk graden. Sylvmedaljen har fylgt namnet Ragnhild, og er no i eiga hjå Ragnhild Lid Seim som er 5. led. Mange er dei døssene som Ragnhild har spunne og vove einskjefta til, mange her i dalen, og mange er komne utover i andre bygder. Det er fortalt at ho med sitt trottige arbeid, spinning og veving, tok ein stor del av kostnaden då dei bygde nye hus på garden. "Eg he spudne opp både flor og løa", sa ho sjølv eingong. Brottkvitlar vart og vovne i eldre tider, både i krokbragd og ymse rutemønster. Garnet vart spunne og farga heime, og av eldre kvitlar kan ein sjå at gulfargen og blåfargen saman med sauesvart og kvitt var mykje brukt. Truleg fordi desse var lettast å finna fargegrunnstoff til. Var det mykje raudfarge i kvitelen, vart han rekna for å vera ekstra kostesam, fordi denne fargen var vanskeleg å få fram og måtte ofte kjøpast. Mønstra i dei gamle brottkvitlane var mykje samanbundne i krossmønster, som er av kristen symbolikk.

Eit anna husflidarbeid som kravde ull, var labbatøving. Ei til års komen kvinna, Elisabeth Øye, budde i ei lita stove og livberga seg mykje på denne måten. Ho tok mot ull, karde og tøvde labbar for heile huslydane, for å få seg nokre kroner å leva av. Sumtid fekk ho ull for arbeidet, den tøvde ho og selde til handelsmenn eller beinveges til brukarar.

På Lid dreiv dei med labbatøving. Der var det fleire om arbeidet. Kvinnfolka karda ulla, so fekk dei mennene med på tøvinga, som var tyngste jobben. Dei leverte vara direkte til skomakarane på Voss. Av andre eldre kvinner må nemnast ho "Haldor-Anna" (før omtala nærkona). Ho var ei av dei som omlaga ull til mange fine ting. Ho var svært flink til setja fargar på arbeidet sitt. Helst dreiv ho med pjåning (ei slags hekling) ho pjånte både vottar, sjal og huer. Likeeins var putene hennar ei vare som lyste opp kringom i stovene her i dalen. Og som nærkona hadde ho alltid med seg eit par små labbar, fargerike og fine, som ho gav til den nyfødde.

Elles viser premielista frå husflidsjået på Evanger i 1951 i bladet Horda Tidend at bergsdalskvinnene hevda seg bra. Av dei som sende inn arbeid, fekk 2 fyrste premie, 2 andre og 4 tridje premie, og ein fekk hederleg omtale for garn, veving, strikking og prydsaum. Det vart og nytta tagl av kyrerovene. Det vart klipt av om hausten, når dei sette kyrne inn, vart so vaska og turka. So vart det karda og spunne tjukt garn av det, som so vart hekla til hårbørster, runde eller firkanta lappar. Dei vart brukte som skureklutar til mjølkekoller og andre trekvite bruksting. Hesterova vart og klipt og tvinna snarer av. Snarefangsten om vetteren var ei god attånæring og kunne gje kroner i mange slunkne pengepungar. Ja, endåtil grisebusta vart det teke vel vare på, og den vart brukt til stopping av bogtre, (klavaskier) og til små puter og andre bruksting. På fullvaksne griser kunne dei jamvel finna bust som var brukande til bekatråden, som dei sydde sko og andre lervarer med. Lodnesko var og mykje brukt den tida. Etter at symaskinen gjorde sitt inntog hjå sume her i Bergsdalen, vart det lettare å få seg litt finare klede, ogso av kjøpety. Ein mann i 80 åra fortalde soleis at i hans skuletid fekk dei leiga buksesying. Marta Brekke (f. Revheim, Osterøy) var gift med Nils Brekke. Ho hadde symaskin og var skreddarlærd. Ho hjelpte mange husmødre når "finbuksa" skulle syast. Serleg var det ei travel tid før eksamen i skulen, då skulle alle guter ha seg ny buksa og møta opp i sin finaste stas, til liks med jentene. Kristbjørg Berge var og av dei som hadde vore i sylære og kunne gje ei hjelp til andre, når det høvde so. Seinare kom Kristbjørg Fosse. Ho var utlærd herreskredder og var mange år i arbeid hjå skreddaren Knut Hatlestad. Han hadde hus på Hatlestad, (Skreddarstova me kalla) og dreiv verkstad med lærlingar til han døydde i 1916.

Helena Øye må og nemnast. Noko serskild utdaning hadde ho ikkje, det eg veit, men ho var "altmogeleg-kvinna." Ho sydde både kvinnekler og mannebukser, spann garn, farga, strikka, sauma, vov åkle og mangt anna. Ho kvidde seg heller ikkje for å ta eit tak mannfolkarbeid når det høvde slik.

Seinare vart det mest ei motesak for dei unge gifteferdige jentene å reisa i sylære hjå ho "Malla" på Evanger. Marta Steine var rette namnet, og ho dreiv syskule.

Strikkemaskinar kom òg til dalen, då vart det lettare med all strikking. Det vart no leigt strikking på underklede, jakker og gensarar, og folk tok og til kjøpa garn til slike ting. Her var òg rundstrikkemaskin for sokkar, labbar, vottar og sjal, både til heimebruk og sal.

Elles var her, og er framleis mange flinke og dugande kvinner i dalen, kvar på sin måte, både med hand og i ånd. Men det vil føra for vidt å bruka namn og fortelja om dei alle. Og etter som tida har endra seg, både i lettare reisemåtar og samkvem med mykje meir folk av alle typar, so har Bergsdalen fylgt med tida og utviklinga på so mange måtar. Mykje til det betre og lettare, men ikkje alt nytt er godt. Velprøvde livsverdiar frå gamletida bør heller ikkje gløymast av, eller vrakast.

Me er glad for at husflid og heimearbeid er kome so godt i gang under meir organiserte former. (Sjå soga om Husmorlaget vedkomande veving og arbeidsstova for born).


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy