Vaksdal Historielag

Frå Vaksdal Historielag

(Omdirigert frå Hovudside)
Jump to: navigation, search

Velkomen til bygdebøker på nett!

Velkomen til Vaksdal Historielag sin nettstad for bygdebøker i Vaksdal og Modalen kommune.

Ynskje om oppdatering av bygdebøkene var stort. Å få eit nytt opplag eller eit supplerande band vil vera økonomisk vanskeleg.
Ideen om ei nettutgåve vart sådd, og i 2007 byrja arbeidet.
I ei nettutgåve vil bygdebøkene kunna oppdaterast kontinuerleg.
Noværande Vaksdal kommune er dekt av bøken for Evanger-, Modalen-, Bergsdalen- og Vaksdal.

Samla på ein plass vil dette væra ei fin kjelde for historie og slekts interesserte både i og utanfor kommunen. Sidan delar av kommunen historisk har hatt nær tilknyting til Modalen er bygdebok b. I for Modalen også tatt med.
Vaksdal kommune vart oppretta i 1964. Den vart samansett av delar frå kommunane Bruvik, Evanger og Modalen.

Bruvik var delt i tre sokn, Bruvik sokn, Dale sokn og Stamnes sokn.
Ved kommunereguleringa i 1964 vart Bruvik herad delt mellom dei to nyoppretta kommunane Osterøy og Vaksdal.
Det gamle bygdesenteret Bruvik med Bruvikstranda og Bruvikdalen vart overført til Osterøy kommune. Resten vart Vaksdal kommune.
I tilegg vart heile Bergsdalen og øvste del av Eksingedalen overført frå Evanger. Resten av Evanger vart del av Voss kommune.
I Modalen vart midtre del av Eksingedalen overført til Vaksdal og tre gardar i Romarheimsdalen, Nipen, Fosse og Dyrkolbotn til Lindås.


Bygdebøker tatt med på nettstaden:

  • Vaksdal Bygdebok er i tre band.
    • Bruvik sokn, 1981.
    • Dale sokn, 1974
    • Stamnes sokn, 1965.
    • Bergsdalen b. I, 1978.
    • Modalen b. I ættesoge, 1984.
    • Evangerboka b. I, 1982, øvre del av Eksingedalen.


Dei enkelte bygdebok-nemndene har gjeve sitt samtykke til ei slik publisering.


Nettutgåva!

  • Nettutgåva er digitalisering av papirutgåva.
  • Har brukt tilnærma lik oppsett. Nokre justeringa er gjort for å gjera tekst lettare å lesa.
  • Bilet.

Mykje av bileta var innlånt under arbeidet med bygdebøkene, utan at det vart tatt kopi for bygdebokarkivet. Redaksjonen arbeider med å finna bileta som er i papirutgåvene. Oppdatering av bilete kjem etter kvart som dei er klare.

  • Fotoarkiv for Evanger, Modalen og Vaksdal er å finna på: www.foto.fylkesarkivet.no
  • Personvern.

Nettutgåva er i.h.h.t. Datatilsynet underlagt eit anna regelverk enn papirutgåva. Personvern er strengare for internett. I nettutgåve er fødselsår for alle nolevande personar utelete. Eks. f. 1950 er erstatta med f. 19**. I Bergsdalsbok er fødselsår trykt, med samtykke frå kvar enkel gard.


Korrektur - rettingar

  • Digitalisering av bygdebøkene var eit omfattande arbeid. Tekst har gått gjennom fleire prosessar, som krov mykje korrekturlesing. Det har vore eit vanskeleg arbeid og feil finnes framleis i tekst.


Oppdatering

  • Nettutgåva er enkel å oppdatera, nokre få tastetrykk og oppdateringa er gjort. Det er orsaka til at redaksjonen ikkje har brukt mykje tid på å kvalitetssikra alle sidene. Nokre feil er det derfor i tekst.
  • Håpet er at brukarane av siden er med å hjelper oss med rettingar og tillegg.
  • Retting og tilføyingar vert ikkje merka.


Nyttig

  • Kategorisering: ein annan måte å finna fram på



© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy