Høgabu, av Lasse Skeie

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Høgabu
Ved Lasse Skeie


Mykje av det eg her skriv om Høgabu, har eg henta frå årbøkene til Kjenn Ditt Land frå 1936-37-39 og Bergen Turlag's årbok frå 1969 der Gudleik Lid har skrive eit stykke. Noko er slikt eg minnest frå samtaler med Gudleik og Anders Lid og Reidar Stiegler.

Kjenn Ditt Land (KDL) vart skipa i Bergen i 1928, og so tidleg som fyrst i 1930 åra tok dei til med skiturar i Bergsdalsfjella. Dei kom då gjerne ein laurdagskveld til Bergsdalen og tok inn på gardane i dalen. Sundag gjekk turane som oftast mot Vaksdal/Boge. Tanken om ei hytta i dette fjellområdet dukka opp, og formannen i KDL, Reidar Stiegler, drog til Bergsdalen saman med Ole Kahrs for å få kontakt med folk som kunne hjelpa å finna høveleg tomt. Dei drog til Berge, men det høvde seg slik at dei møtte Gudleik Lid der. Dette var ein laurdagskveld seinhaustes 1936. Gudleik sa seg viljug til å hjelpa med denne fyrste hytta som KDL ville byggja, og etter ein prat om ymse stader vart dei samde om at området ved Kjødnadalen høvde godt. Gudleik snakka med dei andre grunneigarane på Lid, og alle gav fri tomt.

Grunnen til at hytta vart liggjande i Bergsdalsfjella, var ikkje berre dei mange skiturane dit. Det hadde seg nemlig slik at på generalforsamlinga til KDL 04.12.36 vart det lagt fram ei melding om eit anonymt rentefritt lån på kr. 4.000,- (lånet vart seinare omgjort til ei gåva). Føresetnaden var at pengane skulle gå til ei hytte i Vaksdalsfjella, og at hytta vart bygd etter same teikning som den planlagde hytta ved Skjerjevatnet nord for Modalen.

Gudleik Lid, Reidar Stiegler m/kjærasten og Ole Kahrs drog til Kjødnadalen ein februarsundag 1937. I det kuperte lendet aust for Kjødnadalen var det ikkje lett å finna "den rette plassen" for eit hyttebygg. Gudleik måtte tenkja etter korleis terrenget såg ut sumarsdag, for det måtte ikkje vera lang veg etter stein til grunnmur. No er det ikkje vanleg å ta ut ei tomt medan snøen ligg meterdjup, men dei ville ha hytta opp det året, og på grunn av materialtransporten måtte tomtestaden vera fastlagd alt i februar.

Materialane vart delvis tilskorne i Revehallen i Bergen kring jol 1936 og i januar vart dei sende med tog til Dale og derifrå med hest til Lid, der dei vart lagra på låven hjå Gudleik.


Bilete s. 505 Høgabu. Bergsdalsfjiella.


I mars månad tok so transporten til fjells til. Gudleik hadde fått bøndene i dalen med seg. Det vart laga køyreveg opp øyadalen, eit arbeid som tok eit par dagar. På godt sledeføre vart so 20 tonn materialar dregne opp til tomta. Det var mange hestar med og endå fleire karar, men arbeidet gjorde dei mest gratis, og det gjekk unna på stutt tid. Det står stor age av denne transporten og dei som utførde han. To månader etter gjekk Tomas P. Øye, Johannes N. Lid, Ludvik M. Lid og Anders N. Lid opp til tomta. Anders fortel at han hadde fått lånt telt og skinnsovepose hjå Snegler: Dei hadde teke med sprakje til å liggja på, og reiskap og proviant måtte dei òg ha med. Desse karane hadde teke på seg arbeidet med grunnmur og kjellar, men det fyrste dei måtte gjera var å spa bort snøen på tomta.


Biletside s. 506


So kom sumaren, og byggmeister Tøssebro frå Bergen med sine arbeidsfolk drog til fjells. Då juli månad var til ende, var hytta reist. Ei solid tømra hytta med utanpåliggjande kledning, stova, kjøkken og tre soverom på eit grunnareal på 65 m2, og i tillegg eit stort loft. Hytta hådde sengeplass til 24. Men mangt vanta i den nye hytta, og det vart mange tunge bører for dei ihuga medlemene i KDL. Men då dette var fyrste hytta laget reiste, er det skjøneleg at dugnaden var stor. I årboka for I937 er Tvendesæter særskild nemnd i denne samanhang.

Den 30. oktober 1937 kunne det so haldast vigslefest, og då fekk hytta namnet Høgabu. - Då det hausten 1977 vart halde 40-årsfest for hytta, var Reidar Stiegler innbeden som heidersgjest. Han kunne då fortelja at hytta hadde fått namn etter den anonyme gjevaren av dei kr. 4.000,-, herr Oppheim.

Byggjesummen for Høgabu vart liggjande tett oppunder kr. 10.000,-, langt over det dei hadde rekna med. Så stod hytta der - klar til å ta imot gjester. Det kosta kr. 1,50 å overnatta, dagsvitjing kr. 0,50. Påske med full pensjon kr. 60,-. Og hytta vart brukt. 1 årboka for 1936 kan ein lesa at dei hadde 17 fellesturar til Høgabu dette året, og alle er utførleg referert i årboka. Talet på overnattingar har svinga frå år til år, men i dei 40 åra som har gått, har det vore omlag 14.000 overnattingar. I alle desse åra har Gudleik Lid og seinare sonen Tormod vore til stor hjelp. Soga om Høgabu er og ein del av deira soga.

Då KDL i 1947 vart slege saman med Bergens Turistforening, vart namnet endra til Bergen turlag. Dette laget har sidan drive hytta, og i 1975 vart det sett i gang ei storvøla. Alt innvendes vart nypanelt og isolert. Det kom nye vindauge og dørar. Nytt soverom, kjøkkenet flytta. Taket på baksida vart flytta og vedhuset fornya. I1977 vart det bygd ei "sikringsbu" (redningshytta i tilfelle brann) ca. 60 m sørvest for Høgabu. Kostnaden for alt dette vart kr. 15.000,-. Med dette har Høgabu atter vorte ei "ny" og fin hytta til gleda for folk som går i fjellet. Nytt er at ein no kan kjøpa proviant på hytta etter sjølvbetjeningsprinsippet. Hytta står open for alle heile året. Dei fleste som dreg dit opp, tek stuttaste vegen frå Lid, men det er 6g varda veg frå Småbrekke om Dukevatn, likeeins frå Vaksdal og Kvittingen.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy