Grøsvik

Frå Vaksdal Historielag

(Skilnad mellom versjonar)
Jump to: navigation, search
(BRUKARAR)
(BRUKARAR)
Line 87: Line 87:
-
'''1657 Haldor Johannesson''' f. om lag 1630. Han var kanskje son åt den førre brukaren. Johannes dreiv halve garden her fram til 1666. Sidan den tid veit me ikkje noko om han.
+
'''1657 Haldor Johannesson''' f. om lag 1630. Han var kanskje son åt den førre brukaren. Haldor dreiv halve garden her fram til 1666. Sidan den tid veit me ikkje noko om han.

Versjonen frå 11:17, 6 mars 2015

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III


Gards og ættesoge for Grøsvik.


GNR. 29 GRØSVIK


Innhaldsliste

INNLEIING

Ligg på Osterøya ved Grøvikvågen om lag 3 km nord for Toskedal, 2 km sør for Gammersvik. Til båe desse gardane er der no køyreveg. Om gardsnamnet heiter det i Norske Gaardnavne: «Udt. grø'ssvikjæ. Grødtzuig 1610. Grøgersuig 1620. Grøßwig 1667. Grøsvig 1723. Ligger ved Bunden af en længere Vik, som gaar ind i Osterøen. Det ligger nær at formode, at 1 ste Led er en Sammensætning med et gammelt Navn paa Viken, f.Ex. Grýtir (afledet af grjót n. (Indl. S. 52, jfr. N. Fjordn. S. 77)). O. R. Inde i Vikens Bund fin-des lidt Kampesten (Grjot); her gaa ofte Stenras. Man skulde dog efter For-men fra 1620 snarere gjette paa en Sammensætning med Mandsnavnet Gregers (Gregorius), som efter Mandtalslisterne var i Brug i Nordhordland omkring 1520.»

Grøsvik grensar mot Gammersvik, Toskedal, Kleiveland og Heimvik. Dei to siste gardane ligg i Hosanger. Grensa mot grannegardane vart skriftfest ved minneleg utskifting i Grøsvik 1836. Mot Kleiveland vart det halde grensegang 1938. Om grensa mot Kleiveland heiter det 1836 at ho frå siste kross i grensa mot Toskedal, kross i eit berg over Sorrabotnen, går mot nordvest etter fjellkanten Sorranovæ, og vidare etter søre fjellkanten til kross i ein stein på Mosefjellet, vidare til ein stein med hoggen kross på austre sida av Norddalsskaret, og derfrå til endemerket mot Kleiveland, ein kross i eit skarv på vestre sida av Norddalsskaret. Dette vart stadfest 1938. Grensa mot Gammersvik tek til på fjellet ved søre Kallefjellnova. Går fyrst vestover, sidan nordover til Kallefjellkanten, vidare nordvest til Bergfoten, over Trettehjellen til Trettehjellreset, over Ospeskarhaugen og nord til Furenova. Derfrå nord til ein bergnakke ovanfor Urddalen, vidare til ein stein under Urdgjelhaugen, derfrå til Lindetøene og kjem ned i sjøen ved Ormetoa. Grensa mot Toskedal. Sjå Toskedal. Grensa mot Heimvik tek til på fjellet på austre sida av Myrbergfjellet og går nordaust til ein bergnakke med innhogge x austanfor Vassliskaret. Vidare i same retning til ein stein med innhogge x i sjølve Vasslia. Derfrå i same retning ned til sjøen der det er hogge x i berg i sør-austre kanten av Storslåtta.

1723 heiter det om garden: «2 Mænd, landskyld 1/2 løb, 1/2 t. Malt. Elling Hannestvet med bøxel tilhørende. Ingen Huusmands Pladser. Intet Sætter. Lit furreved men Brendveed til Huusfornødenhed og lit til at selge. 2de flomqverner. Intet fiskerie. Ligger ved Søen 4 Mil fra Bergen. Maadelig Jordart, men tungvunden. Lever af Qvægets avling og Brendeveed at selge.»

1863: «Ved søen og derfra 4 1/2 Miil til Bergen, om Vinteren ligger Menis omtr. 5 Mdr. . . . noget Frostlændt samt seen Høst.»

Kva tid Grøsvik er rudd er det vanskeleg å seia noko om så lenge me vantar opplysningar om arkeologiske funn. Det eldste skriftlege vitnemålet er frå 1590. Det er ikkje noko som tyder på at garden har lege aude etter svartedauden.

1590 var her ein brukar, men midt på 1600-talet vart garden delt i to jamstore bruk. I 1830-åra vart den eine helvta delt i to, men i 1860-åra fekk dei to bruka same eigar og 1902 vart dei samanslegne att til eitt bruk, bnr. 1. Frå dette bruket er det. 1919 skilt frå eit småbruk, Norddalsvik, bnr. 5 og 1929 eit større bruk, Fritun, bnr. 8, dessutan nokre mindre hustufter. Den andre helvta av garden vart delt i to noko så nær jamstore bruk i 1860-åra. Brukaren fekk då løysa inn vel helvta av det bruket som ætta hans hadde drive som leiglendingar. Dette vart bnr. 3. Resten, bnr. 4, vart overteke av eigaren. Han gifte seg med syster til brukaren på bnr. 4, og det vart ikkje halde skylddeling før 1888 då brukaren på bnr. 4 var død barnlaus og arven skulle skiftast etter han. Dei to bruka har framleis sams skogteigar. Frå bnr. 3 og 4 vart det 1921 skilt frå eit småbruk, Elvelund, bnr. 6, og frå dette att vart Solbakken utskilt 1952.

Frå gamalt budde alle brukarane i eit sams tun inst ved vågen. Etter utskiftinga 1905 flytte bnr. 3 ut i Vikane og har seinare fått namn etter denne staden. Br. 1 og 4 er framleis i det gamle tunet. Før utskiftinga var her nokså mykje teigblanding. 1863 var her 11 mål åker. 3,5 mål var ring, 5 mål god, resten middels. Av 63,4 mål eng var 12 mål god, knapt 14 mål middels, resten ring. Her var dessutan 2 mål dyrkande jord.

Av skog var her nok til ved, hustømmer og til husbruk og dessutan til sal for netto 20 spd. årleg. Sal av ved og kanskje tømmer har hatt ikkje lite seia både i eldre og nyare tid. I slutten av førre hundreåret reiste brukarane i Grøsvik til Bergen med ei skute fullasta med ved vår og haust. Noko var hogge i eigen skog og noko hadde dei kjøpt opp. Der var skute på garden, og i skutenaustet var der også plass til å turka ved. Skogen gav likeins vyrke til ymse attåtarbeid. Store-Jakob på bnr. 1 var bøkker. Sag hadde dei ikkje på garden, men dei skar i Hesjedalsfossen. Her vart laga mykje fjerdingar til agnskjel i dei åra da det vart drive skjelgraving.

Utslåtter hadde dei nokre stader kring i markane. Det var alltid slik at dei som åtte skogen, åtte slåtten og, med beitemark sams. Br. 3 og 4 slo sine utslåtter i lag. Høyet vart delt når det var turka, og dei la det på tog og bar børene heim. I Norddalen hadde dei ei utløe. Der og vart høyet delt når dei bar det heim. Det var ein bratt, stygg dal og vanskeleg veg, så kvar mann kunne berre greie 2 bører for dagen. Slåtta er nedlagd for ein god del år sidan, og no tilplanta med gran.

Om hamnegangen heiter det 1863: «Ved Gaarden af middels Beskaffenhed og knapt tilstrækkelig.»

Fisket må ha vore rikt også i eldre tid, endå me ikkje finn opplysningar om det før 1863, då det heiter: «Ved Søen og derfra 4,5 Miil til Bergen om Vinteren ligger Meths omtr. 5 Mdr.... Noget Frostlændt samt seen Høst. Her kastes undertiden Sommersild. 1/2 Spd.»

Grøsvikvågen synest ha vore ein god kastevåg. Her har vore fiska brisling, mussa og bladsild. 1954 vart her sett eit kast på 1000 skjepper bladsild med landnot. Det går enno segn om eit kast på siste helvta av 1800-talet då dei håva opp fisken og førde han i lettbåtar frå stenget.

Brukarane i Grøsvik bar hatt skøyte og notbruk saman med grannegardane. Dei har hatt både landnot og snurpenot. Dei var 10 mann som åtte i snurpenota, 3 frå Grøsvik, 3 frå Gammersvik, 2 frå Elvik, 1 or Toskedal og 1 frå Stamnesfet. Dei hadde også brislingnot og fiska med drivgarn etter vintersild. Makrel har dei også stengt pa vågen. Før sat dei på steinane eller på taket av sjøbua og vakta på makrelen, men i 1930-åra sette dei opp ei gilje. Ho har vorte fornya fleire gonger, siste gongen 1957. Det er heist bruk 4 som driv dette fisket. Alt fisket er sams, og dersom ein av brukarane set eit steng, vert det betalt landslut til dei andre bruka etter skyld. Fisket etter laks or mellom dei eldste i fjorden. Det vert no fiska med kilenøter, 2 på kvar side av vågen. Sitjenot har dei freista med fleire stader, men det gav lite vinst og vart nedlagt.

Kvernstøet har dei i Storelva på austsida av tunet. Bruk 1 hadde kvernhus for seg sjølv. Det vart for nokre år sidan flytt og sett opp til sæterhus. Bruk 3 og 4 har kvernhus i lag. Det står enno, og har årstalet 1721. Same årstalet står også på naustet åt desse bruka. Bruka i Toskedal hadde også naust her. Det er no nedrive. Etter 1910 vart her sett opp sag, driven med vasskraft. På ein stad dei kallar Plasset skal det ha vore eit husmannsplass. Plasset heiter det no på innmarka til bnr. 3, utanom bekken. Det er ikkje tinglyst ein einaste festesetel på husmannsplass i Grøsvik, men etter dei munnlege opplysningar ein har, ser det ut til at Knut Askjelsson Grøsvik og kona Gunhild Eiriksdtr. g. 1826 har budd her. 1838 flytte dei til Bernes Hosanger. På vestsida av vågen lag det del før kalla Treet. Her åtte bnr. 1 på nordvestsida av elva, bnr. 3 på søraustsida og bnr. 4 innanfor der att. Det vert fortalt at tenarane fekk lov å ha kornåkrar der. Det var berre nokre små åkerlappar mellom steinane, men det skulle vera det beste kornet på garden.


SKYLD OG UTREIDSLER m.m.

Gamalt matr.nr. 21 i Hosanger skipreide, nytt 1838 23. 1853 matr.nr. 144 i Haus tinglag. 1886 gnr. 40 i Bruvik.

Landskyld 1644 1 laup smør. 1648 1/2 laup smør, 1/2 t. malt. Skatteskyld 2 pund 12 m. smør. Skyld 1838: 2 dalar 1 ort 16 sk. 1886: 5,89 skyldmark. 1665: Leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar 1/2 riksdlr. 3 sk. Kandtiend 2,5 mæle. Småtiend: 6 sk. 1 huid. 1591: Leidang 1 fårskind. Fredtoll vert betalt kvart åttande år. Landskyld 1/2 laup. Folketal 1801: 11. 1875: 24. Fødnad: 1657: 2 hestar, 2 oksar, 10 kyr, 2 kviger, 17 geiter, 23 sauer. 10 1/2 mark 10 sk. i husdyrskatt. 1723: 12 kyr, 4 ungfe, 18 sauer, 1 hest. 1863: 2 hestar, 12 kyr, 4 ungfe, 72 småfe. 1875: 2 hestar, 12 kyr, 4 ungfe, 34 sauer, 29 geiter, 1 svin. 1959: 2 hestar, 9 kyr, 6 ungfe, 17 sauer, 3 svin, 905 høns. Sånad 1665: 3 tunner. Avling 6 1/2 tn. 1723: Sånad 3 tn., avling 9 tn. 1863: Sånad 9 1/2 tn. havre, 5 1/2 tn. poteter. Avling 29 tunner havre, 22 tunner poteter. 1452 våger høy, 203 våger halm, 130 våger høy i slåttene. Lyng, beit og skav svarande til 90 våger høy. Vanleg godt dyrka. 1959 var der 175 mål innmark.


EIGARAR

Grøsvik høyrde til Allehelgenskyrkja I mellomalderen. Fyrst på 1600-talet høyrde garden framleis til Allehelgensgodset som etter reformasjonen var drege inn under kruna.

1676 hadde borgarmeister Trojel vorte eigar. Han åtte også Gammersvik, Toskedal, 3 gardar i Lindås, Mjelde i Arna og 1 gard i Sotra. Dei 3 gardane i Stamnes selde han nokså snart til Rasmus Hannestveit som star som eigar 1694. 1718 er Johannes Hannestveit eigar. Han gav skøyte 1726 til Ivar Olsson Eidsheim. 1739 vart ein part av garden, vel 13 1/2 mark smør og vel 12 kanner malt, skøytt til Nils Jonsson eller Jon Nilsson Romarheim. 1748 gav enkja hans, Gunhild Monsdtr. og hennar søner og døtre skøyte på denne parten til lensmann Magne Eidsheim. Dei sa frå at dei frå no av ikkje lenger hadde rett til nokon jordepart i Grøsvik, men at dei var forlikte om at heile garden skulle tilhøyra lensmann Magne Eidsheim til odel og eige. Det ser likevel ut til at han berre åtte halve garden. Omlag 1/4 av resten hadde Marita Magnesdtr. g.m. Mons Basteson Hatland ervt i fylgje skiftebrev 1739. Dei gav skøyte 1767 til brukaren Knut Knutsson Grøsvik på 11 m. smør, 5 1/2 kanne malt i garden for 30 rdl. Knut fekk ikkje sitja lenge som sjølveigar. 1775 lyste Ivar Magneson Eidsheim odelsretten sin til denne parten og året etter fekk han skøyte på parten. Han hadde truleg ervt noko før, slik at han no åtte halve Grøsvik.

1780 vart det skift etter kona åt Ivar Eidsheim, og døtrene Ragnhild og Ingeborg fekk kvar ein part på 9 m. smør, 6 kanner malt. Ragnhild gav skøyte 1805 til brukaren på bnr. 1 Jakob Olsson. 1822 fekk han skøyte på parten åt Ingeborg for 200 spd. Jakob Olsson åtte no halve garden. Den andre helvta som omfatar bnr. 3, og 4 var 1792 i eiga åt Elling Arneson Eikanger m.fl. 1798 vart det halde skifte etter Elling Andersson Hosangerkleven. Det er truleg den same Elling som er nemnd ovanfor. Enkja hans, Anne Magnesdtr., fekk då utlagt 10 m. smør, 5 3/4 kanner malt i garden. Denne parten vart ved skifte etter henne 1820 utlagd til sonen Lars Jonsson Eikanger og døtrene Marta og Kari. Parten åt Lars vart ved skifte 1841 utlagd til dotra Ase Larsdtr. Ho gav skøyte 1857 til Olav Larsson Gammersvik som var verbror til brukaren på bnr. 3 i Grøsvik. Han skreiv da ei fråsegn om at han kjøpte parten for å skøyta han vidare til verbroren, og det gjorde han 1862. Den siste fjerdeparten som Marta og Kari Jonsdtr. åtte, svarar til bnr. 4. Marta var g.m. Olav Larsson Eikanger. Ved skifte etter Marta 1831 vart hennar part verdsett til 35 spd. og utlagd til 3 søner og 4 døtre. Sonen Jon gav skøyte 1833 til Lars Jonsson Hordvik på 5 5/6 m. smør, 3 17/48 kanner malt for 45 spd. Den same Lars Hordvik fekk skøyte 1836 på. 2 1/2 m. smør, 1 7/16 kanner malt for 27 spd. 1859 gav Lars Jonsson skøyte til brukaren Knut Larsson på det han åtte, 12 1/2 m. smør for 290 spd. Denne parten svarar til mindre enn 1/4-part. Br. 4 er også noko mindre enn bnr. 3.


BRUKARAR

1590 Jon. Han er også. nemnd 1603.


1620 Johannes Eiriksson. Han er nemnd fleire gonger og ser ut til å ha vore åleine brukar til 1660. Han var fleire gonger stemnd for retten. 1628 finn me dette mellom sakefall: «Johanns Grødtzuig war Steffnd. Møtte Iche, ey heller Nogen Louglig Vndschyldning Paa Hans wegne bøte derfore Penge — 1/2 Dr.»

1637 var han saman med Hans Mellesdal, Olav Eide og Rasmus Myster stemnd for retten for: «fourenschabffs Vlydighed emoed Fogdenns Fuldmegtig Bendix Hansenn, huer en Rix daler.»

Johannes og kona Anna hadde desse born:

Born:

Jakob f. 1620. Sjå nedanfor.
Knut f. 1624. Sjå nedanfor.
Magdalene.
Synneva.

26 april 1696 vart det hold likpreik over Jakob Johanneson, Mageli Johannesdotter og Berette Olufsdotter.


1657 Haldor Johannesson f. om lag 1630. Han var kanskje son åt den førre brukaren. Haldor dreiv halve garden her fram til 1666. Sidan den tid veit me ikkje noko om han.


1661 Jakob Johannesson f. 1620 d. 1696. Jakob var g.m. Ingeborg Olsdtr. Mo.

Born:

Magdeli f. 1659 g. 1704 m. enkjemann Steffen Andersson Heldal, Hosanger.
Johannes f. 1661. Sjå bruk 1.

1668 vart Jakob stemnd for skuldig bygsel, 5 ort. Det same tok seg oppatt 1671. Då opplyste lensmannen at han hadde lova å betala.


1666 var Knut Johannesson husmann her.

2 born er kjende:

Nils f. 1661-.
Marita g. 1702 m. Nils Fabianson Gjerstad.


1694 var her ein leiglending som heitte Knut Johannesson f. om lag 1640 d. 1720. Han var g.m. Ingeborg Gudbrandsdtr. Bukkstein f. 1669 d. 1739. Sonen Johannes f. 1702 vart seinare brukar her. Sjå bnr. 3.

Ei dotter:

Marta Knutsdtr., vart g. 1702 m. Nils Fabiansson Vevle, busett Gjerstad.


BRUK 1

Gamalt løpenr. 42. Nytt løpenr. 558. Landskyld 1 pund 6 merker smør. 1838: 15 merker Ny skyld 2 ort 22 sk. 1886: 1,49 skyldmark. 1906: 2,94 skyldmark. 1956: 1,86 skm. 1863: 3 mål åker. 1 mål ring, 1/2 mål middels god, resten god. Knapt 16 mål eng. 3 mål god, 3 1/2mål middels, resten ring. Sånad: 2 3/4 t. havre, 1 1/2 t. poteter. Avling 8 t. havre, 6 t. poteter, 370 våger høy, 56 våger halm. 50 våger høy i slåttene. Fødnad: V2 hest, 3 kyr, 1 ungfe, 18 sauer. Kan selja ved og tømmer for 5 spd. årleg netto. Lyng, beit og skav svarande til 30 våger høy. Lettbrukt. mål dyrkingsjord. Skog nok til ved, hustømmer og til husbruk. 1956: 40 mål innmark. Fødnad: 1 hest, 3 kyr, 7 sauer. 1959: 57,7 mål innmark. Fødnad: 2 kyr, 3 ungfe, 6 sauer, 2 svin, 400 høns.

Daglegnamn: Før kalla dei dette bruket «Hjå Storejakob» etter Jakob som var brukar her frå 1866.


1694 var Johannes Jakobson brukar her. Far hans var truleg brukar på same bruket. Sjå ovanfor. Johannes f. 1661 d. 1727 vart g. 1. g. 1695 i Mo kyrkja m. Brita Olsdtr. Straume. G. 2. g. 1697 m. Ingeborg Olsdtr. Mo, St.

Born:

4 born døydde små.
Berit f. 1702.
Jakob f. 1705 g. 1732 m. Marta Nilsdtr. Vike, Hosanger.
Synneve f. 1706 d. 1786 g. 1736 m. Lars Olsson Haugstveit, busett Hatland, Haus.
Brita f. 1707 g.m. neste brukar.
Einvald f. 1711 g. 1740 m. Berit Olsdtr. Mellesdal, busett i Haukås, Hosanger.
Marit f. 1714 g. 1752 m. Jakob Holme, Hosanger.
Synneva g. 1736 m. enkjemann Lars Olsson Svenheim.

I skiftet etter Johannes 1738 ervde kvar av sønen 1 rdl. 11 sk., og kvar av døtrene 3 mark 5 sk. Alt vart utbetalt i lausøre.


1728 vart Simon Olsson Mellesdal g.m. Brita Johannesdtr. f. 1707 d. 1739. Same året fekk han bygsla dette bruket.

Born:

Marta f. 1730 g.m. Knut Johannesson Simenes, sjå Simenes brukarar.
Johannes f. 1732 d. 1741.
Olav f. 1734 busett på Mostraum bnr. 1, Modalen.
Kari f. 1736 g.m. Helge N. Veo, sjå Veo bnr. 4.

Simon f. 1700 d. 1741 g. 2. g.m. Dordi Nilsdtr. Kallvik f. 1715 d. 1782.

Born:

Kari f. 1740 d. 1758.
Brita f.-1740 d. 1778 ug.


1741 vart Jakob Olsson Kalland g.m. enkja Dordi Nilsdtr. Jakob var f. 1714 d. 1756.

Born:

Olav d. 1743 d. 1768.
Simon f. 1749 d. 1757.


1757 vart Knut Knutson Straume bnr. 6 f. 1729 d. 1790 g.m. enkja Dordi Nilsdtr. Same året fekk han bygsla bruket. 1767 fekk han skøyte på 11 m. smør, 5 kanner malt. Men 1775 let Ivar M. Eidsheim lysa odel til denne parten, og Knut måtte gje skøyte til han 1776. Knut fekk då bygselsetel på parten. Knut g. 2 g. m. Dordi Olsdtr. Straume d. 1824.

Born:

Dordi f. 1785 g.m. Knut O. Toskheller, sjå Gammersvik husfolk.
Olav f. 1787 d. 1823 som lægdslem.


Ved skifte etter Dordi Nilsdtr. 1782 var nettosummen 68 rdl. 3 mark 8 sk. Arven vart delt mellom hennar syskin og enkjemannen. Ved skifte etter Knut Knutson 1791 var nettosummen 83 rdl.


1792 bygsla Askjel Rasmusson Heimvik, Hosanger. Askjel f. 1764 d. 1843 gifte seg med enkja etter den førre brukaren, Dordi Olsdtr

Born:

Lars f .og d. 1794.
Knut f. 1795-, sjå husfolk.

Askjel g. 2. g. m. enkja Anna Knutsdtr. Stamneshagen, Stamnes bnr. 11.


1804 bygsla Jakob Olsson Toskheller halve dette bruket hjå verja åt Ingeborg Ivarsdtr. Eidsheim. 1805 fekk han skøyte hjå verja åt syster hennar, Ragnhild Ivarsdtr. på den helvta ho åtte. Same året gifte han seg med Ragnhild som var av den gamle lensmannsslekta på Eidsheim. 1821 fekk dei skøyte på parten åt syster hennar for 200 spd. Jakob f. 1780 d. 1846 og Ragnhild f. 1769 d. 1862.

Born:

Guri f. 1806 d. 1807.
Guri f. 1814 g.m. neste brukar.


1831 skøyte til Jon Nilsson Kalland på 9 merker smør, 6 kanner malt for 100 spd. Jon f. 1809 d. 1849 vart g. 1830 m. Guri Jakobsdtr. f. 1814 d. 1899. Dei skulle svara kår til foreldra hennar som hadde vore brukarar her før. 1838 fekk dei skøyte på hi helvta av bruket. Jon var medhjelpar for presten i Stamnes.

Born:

Brita f. 1831 g.m. Johannes M. Kallestad, sjå Kallestad bnr. 2.
Ragnhild f. 1834 g.m. Askjel O. Kallestad f. 1834.
Gunhild f. 1836 g.m. Knut N. Myster, busett i Hesjedal, Stamnes, bnr. 2.
Inga f. 1839 g.m. Johannes M. Kallestad, sjå Kallestad bnr. 2.
Jakob f. 1842-, sjå bnr. 2.
Ingeborg f. 1846 g. 1. g. m. Ivar Larsson Eide bnr. 3. G. 2. g. m. Mons Monsson Vik, St., sjå Stamnes bnr. 10.

I skiftet etter Jon vart bnr. 1 utlagt til enkja og bnr. 2 til sonen Jakob.


1850 vart Nils Magneson Kallestad g.m. enkja Guri Jakobsdtr. Han vart brukar på det bruket som ho åtte. Nils f. 1828 d. 1852 og Guri hadde sonen Jon f. 1851. Han vart seinare dampskipsekspeditør og garvar i Salhus.


Mons Olsson Kallestad bnr. 1 f. 1827 d. 1903 vart g.m. enkja Guri Jakobsdtr. d. 1899.

Born:

Inga f. 1853 g.m. Einar Dyvik, sjå Dyvik bnr. 4.
Nils f. 1856. Brukar i Vik, sjå Vik, Stamnes bnr. 1.


1866 skøyte til Jakob Jonsson for 130 spd. og kår. Jakob hadde ved skiftet etter faren fått skøyte på bnr. 2, og dei 2 bruka vart seinare slegne saman til eit bruk under bnr. nr. 1.

1875 vart fødnaden 1 hest, 6 kyr, 2 ungfe, 18 sauer, 17 geiter, 1 svin.

Jakob f. 1842 d. 1927 vart g. 1866 m. Anna Magnesdtr. Veo d. 1923. Jakob var kyrkjeverje i Stamnes, var med i heradstyret frå 1880 til 1892, var lagrettemann, var med i likningsnemnda og overlikningsnemnda. Han vart heist kalla Store-Jakob.

Born:

Jon f. 1867, brukar her.
Brita f. 1869 g.m. Jon. Kallestad, sjå Kalland bnr. 2.
Magne f. 1872. Brukar i Kallvik.
Mons f. 1874 d. 1963. Skulelærar. Busett Ådland, Stord.
Marie f. 1876. Hotellstyrarinne, Stord, d. 1927.
Guri f. 1871 g.m. Gudmund Kleiveland, busett i Nord-Dakota, U.S.A.
Malene f. 1879. Lærarinne g.m. lærar Hodnekvam, Ytre-Arne, Haus.
Jakob f. 1881. Snikkar g.m. Anna O. Grøsvik frå bnr. 4. Busette U.S.A.
Inga Berta f. 1886, d. same år.
Ingvald f. 1888 d. 1899.


1902 skøyte til Jon Jakobson for kr. 1600,- og kår. Jon f. 1867 d. 1906 vart g. 1897 m. Ane Elisabet Anbjørnsdtr. Høyvik, Jelsa, d. 1929. Jon dreiv som målar ved sida av gardsbruket. Han var med i heradstyret 1902 og 1904, i nemnda for representasjon ved Bergensutstillinga 1898, i likningsnemnda 1891 og 1896. Han var roteforstandar, domsmann, skjøns- og meddomsmann.

Born:

Anna f. 1898 d. oml. 1922, g.m. Knut Ivarson Mellesdal (sjå Husfolk).
Jakob f. 1900. Brukar her.
Asbjørn f. 1903. Sjå bruk 8.
Gunhild f. 1905 d. 1924.


Om lag 1930 skøyte til Jakob Jonson Grøsvik f. 1900 d. 1941. Jakob g. 1929 m. Josefine Olsdtr. Eikemo, Hosanger f. 1898.

Born:

Ada f. 19**. Sjukesyster, g.m. Arvid Løtuft, busett Naustdal, Sunnfjord. 3 born.
John f. 19**. Brukar her.
Ove Magnus f. 19**. Ekspeditør. Busett Hauge, Haus. G.m. Maria Brüger, Mastrevik. 2 born.
John f. 19** er g.m. Målfrid f. Hille, Innvik, Nordfjord.

Born:

Jakob f. 19*’.
Oddveig Jorund f. 19**.


BRUK 2

Løpenr. 1838: 42. 1853: 1.nr. 559. Gamal skyld 15 merker smør. 1838: 2 ort 22 sk. 1886: 1,45 skyldmark.

Dette bruket vart skilt frå bnr. 1 1831 då Jakob Olsson gav skøyte til versonen Jon Nilsson Kalland på dette bruket. 1836 vart det halde minneleg utskifting, og da vart truleg teigane åt bruka fastsette. 1838 fekk Jon skøyte på bnr. 1 og dreiv båe i lag. Ved skifte etter han 1849 vart dette bruket utlagt til sonen Jakob. 1866 fekk han skøyte på bnr. 1 og. Dei to bruka vart samanslegne 1902.


BRUK 3

Gamalt løpenr. 43. Nytt 560. 1838: Gamal skyld 1 pund 6 merker smør. Ny 1 dalar 20 sk. 1862: 3 ort 10 sk. 1886: 1,72 skm. 1956: 1,55 skm.

Daglegnamn: Neratunet. 1863 var her 5 mål åker. 2 mål var god, 1 1/2 mål middels, resten ring. 31,6 mål eng. 6 mål god, 6,6 mål middels, 13 mål ring. Sånad: 4 t. havre, 2 1/2 t. poteter. Avling: 13 t. havre, 10 t. poteter, 712 våger høy, 91 våger halm. 30 våger høy i slåttene. Fødnad: 1 hest, 6 kyr, 2 ungfe, 36 sauer. 1 mål dyrkingsjord. Skog nok til ved og til husbruk. Kan selja ved for 10 spd. årleg netto. Lyng, beit og skav svarande til 30 våger høy. Fødnad 1875: 1 hest, 6 kyr, 2 ungfe, 16 sauer, 12 geiter. 1959: 40,4 mål innmark. Fødnad: 1 hest, 2 kyr, 6 sauer, 1 svin, 105 høns.

Daglegnamn etter tunet vart flytt: Vikane.


1723 var Johannes Knutsson brukar. Johannes f. 1702 d. 1738 var g.m. Marta Olsdtr. Eide bnr. 1 f. 1700 d. 1767. 7 born døydde tidleg.

Dei andre var:

Anna f. 1723 d. 1777 ug.
Marta f. 1726 g.m. Simon J. Toskedal, sjå Toskedal bnr. 1.
Ingeborg f. 1727 d. 1780 ug.
Brita f. 1730 g. 1751 m. Johannes E. Otterstad, Romarheim.
Sjur f. 1732. Sjå Husfolk.

Ved skiftet etter Johannes 1738 ervde kvar av dei fire sønen 1 rdl. 11 sk. og dei 5 døtrene 3 mark 5 sk. kvar. Heile arven vart utbetalt i lausøyre.

1739 vart Anders Nilsson Kallvik g.m. enkja Marita Olsdtr. Grøsvik. Same året fekk han bygselsetel.

Born:

Sigrid f. 1740 d. 1741.
Sigrid f. 1741 g.m. Knut Torbjørnson Mellesdal, sjå Mellesdal brukarar.
Guri f. 1742 d. før 1792.

Anders f. 1719 d. 1792 var g. 2. g. 1768 m. Brita Nilsdtr. Helle bnr. 2 f. 1746 d. 1837.

Ved skiftet etter Anders 1792 var nettosummen 45 rdl. 3 sk. Det fanst ikkje reide pengar i buet, men ei mengd med lausøyre. Av sylv var der 2 belte, 1 snor, 3 ringar, 1 skål og 2 staup, 2 messing ljosestakar, 2 ljosesokser, 2 tinnfat, 3 koparkjelar. Gangkleda åt den avlidne var 1 kvit vadmålsvampe, 1 barka kufte, 1 barka trøye, 1 kvit vadmåls brystduk, 1 svart vadmålsvampe, 1 par svarte vadmålsbukser, 1 kvit ullskjorte, 1 par grå hoser eller strømpar, 1 par grå vottar. Der var 4 kyr: Skauta, Knapprei, Bustjerna og Fagrei. 1 kvige, 1 fjorgamal kalv, 2 oksar, 14 sauer, 7 geiter, 1 brun hest. Ein åtringsbåt med segl vart verdsett til 10 rdl. Brochmanns huspostill 1 rdl. Bruttosumen i buet var 138 rdl., men det var nokså mykje skuld. Knut T. Mellesdal, Ingebrigt D. Bukkstein, Mons L. Gammersvik, Haldor Knutson Stamnes, Jakob K. Kvåstad, Simon K. Mo, Johannes Eiriksson, Nils B. Toskedal hadde alle til gode løn etter dei var her i teneste. Johannes E. Romarheim, Helga Nilsdtr. Veo og Dordi Grøsvik hadde alle lånt pengar til buet. Hjå kjøpmannsdotter Madame Katarina Eltegjer i Bergen hadde buet ein gjeldspost på 34 rdl. 1 mark og 6 sk., men då gjeldsboka ikkje var forsynt med noko påteikning frå den avlidne, vart det vedteke at alt som var eldre enn 20 år skulle falla bort, og då stod det att vel 7 rdl.

Ved skiftet etter Marita Olsdtr. 1767 erode døtrene Anna og Ingeborg kvar 4 rdl. 2 mark 15 sk.

Enkja Brita vart g. 2. g.m. Lars Ivarson Otterstad, Hosanger.

Born i 1. ekteskap:

Nils f. 1769 d. før 1792.
Marta f. 1770 g.m. neste brukar.
Maria f. og d. 1773.
Nils f. 1776 d. 1793.
Olav f. 1779. Busett i Florvåg.
Anders f. 1782 d. før 1837. Truleg busett i Litle-Bergen.


1792 bygsla Olav Olsson Eide bnr. 1 f. 1755 d. 1838. Han vart gift same år med dotter åt den førre brukaren, Marta f. 1770 d. 1842. Dei skulle svara kår til mor hennar.

Born:

Gunnbjørg f. og d. 1793.
Anders f. 1794 g. 1820 m. Dordi Johannesdtr. Toskedal bnr. 3. Busette Lønborg, Store Sandviken v/Bergen.
Olav f. og d. 1797.
Gunnbjørg f. 1798 g.m. Nils N. Nipen Sjå Nipen, Modalen.
Nils f. 1801. Brukar her.
Marie f. 1803. G.m. Sjur Davidson Skauge, Lindås.
Olav f. 1805. Busett Tohellerhaugen, Mellesdal.
Ivar f. 1807. Busett Midt-Bruvik og Grautå, sjå Grøtå strandsitjarar.
Brita f. 1810. G. 1857 m. kårmann Anders Olsson Eikemo. Brita hadde ein son Anders f. 1838, b. Bergen. Anders vaks fyrts opp hjå mora, seinare hjå faren, Anders Sjurson Romarheim, Hosanger.
Jon f. 1813. G.m. Gunnhild Knutsdtr. Florvåg. Busette der.
Marta f. 1817. G.m. Wilhelm Nilsson Bredvik.


1826 bygsla Nils Olsson f. 1801 d. 1890. Han var g.m. Anna Olsdtr. Elvik f. 1797, 1 barn.

Born:

Marta f. 1826. G.m. Olav Larsson Gammersvik.
Marta f. 1829. Sjå bruk 4.
Olav f. og d. 1831.
Brita f. 1833. G.m. Nils Toskheller, sjå Gammersvik bnr. 2.
Olav f. 1836 d. 1837. Olav f. 1838. Brukar her.
Herborg f. 1843. G.m. Jakob Knutson Toskheller. Sjå Husfolk.


1862 skøyte til Olav Nilsson på 171/2 mark smør for 400 spd. frå verbroren Olav Larsson Gammersvik (sjå Eigarar ovanfor).

Kår til foreldra Nils Olsson og Anna Olsdtr. Olav f. 1838 d. 1921 var g.m. Brita Olsdtr. Veo bnr. 1 f. 1857 d. 1933.

Born:

Nils f. 1881 d. 1882.
Nils f. 1883. Brukar her.
Ole f. 1888. Sjå bnr. 4.
Knut 1. 1893. Sjå bnr. 6.
Anna f. 1895. G.m. snikkar Jakob J. Grøsvik bnr. 1. Busette U.S.A.
Gjert f. 1897.


1921 skøyte til Nils Olsson for kr. 2.000,- og kår til foreldra. Nils f. 1883 er g.m. Ingeborg Knutsdtr. Litle-Urdal, Hosanger, f. 1881.

Born:

Marie f. 1906. Busett her.
Olav f. 1907. Sjå nedanfor.
Bergljot f. 1911. Hushjelp. Busett i Fjelberg, Sunnhrdl.
Kåre f. 19**. Fiskar og snikkar. Busett her.
Margunn f. 19** g.m. Lars Soldal, busett Kvam.

Nils Olsson hadde ei dotter Borghild 1901-1977 med Brita Nilsdtr. Veo 1877-1904, bnr. 1. Borghild vaks opp her hjå farforeldra. Ho busette seg i Masfjorden, g.m. Rasmus Bertin Olsson Matre.

Born:

Reidar f. 19**
Olav f. 19**


Olav Nilsson f. 1907 er no brukar her. Han er g.m. Liv Svoldal f. 19**, dotter til lærar Bjørn Svoldal og kona Torbjørg f. Mannsåker, Ullensvang.

Born:

Ingebjørg f. 19**.
Torbjørg f. 19*’.
Nils f. og d. 19**.
Nils f. 19**.
Bjørn f. 19**.


BRUK 4

Skilt frå bruk 3 ved skylddeling 1881. Bruket fekk løpenr. 561 a og skyld 2 ort 10 sk. (revidert 4 ort 4 sk.). 1886: 1,23 skm. 1956: 1,11 skm. Omlag 20 mål innmark. Fødnad: 1 ku, 1 hest, 8 saner.

1959: 36 mål innmark. Fødnad: 1 hest, 2 kyr, 1 ungfe, 5 sauer, 200 høns.


1859 skøyte til Knut Larsson Hordvik frå faren Lars J. Hordvik for 290 spd. Knut, som ofte vart kalla Knut Balane, reiste med fartøy på Nordland. Han gifte seg 1861 med Marta Nilsdtr. Grøsvik bnr. 3 1. 1829. Ved skiftet etter Knut 1881 vart bruket utlagt til enkja for kr. 3.100,-. Jakob Knutsson Toskheller og kona Herborg Nilsdtr., syster til Marta, dreiv dette bruket ei tid. Jakob f. 1844 d. 1902 og Herborg f. 1843 d. 1912 hadde ikkje born.


1908 skøyte til Ola Olsson Grøsvik bnr. 3 for kr. 1500,- og kår til Marta og Herborg Nilsdøtre. Ola f. 1888 g.m. Aletta Gustava Anbjørnsdtr. Høivik, Jelsa, 1. 1885.

Born:

Ola f. 1909. Gardsarbeidar. Busett her.
Gunlaug f. 1915. Busett her.
Arvid f. 19**. Gardbr. g.m. Dagny Bertinsdtr. f. Leikvoll, Austrheim.

Deira born:

Otto f. 19**.
Astrid f. 19**.
Bjarte f. 19**.

Ola O. Grøsvik f. 1888 har vore med i heradstyret 1936-38, i skulestyret og ymse nemnder.


BRUK 5, NORDALSVIK

Skilt frå bruk 1

1919 og selt til Bruvik kommune tit lærarjord. Jorda vart aldri nytta til dette føremålet og låg difor unytta.

1941 skøyte til Knut O. Grøsvik for kr. 550,-. Jfr. bnr. 6.

1956 skøyte til Ole O. Grøsvik for kr. 1500,-. Kona (enkja) til Knut tok stykket til kulturbeite, det fyrste i Grøsvik, og såleis er det nytta framleis.


BRUK 6, ELVELUND

Skyld 9 øre, skilt frå bruk 3 og 4.


1921 selt til Knut O. Grøsvik. Knut f. 1893 d. 1943 var gardbrukar, bygningsmann og fiskar. Enkja Marta Olsdtr. f. Utheim v/Stavanger har no heimel til bruket.

Adoptivborn:

Ragnhild f. 19** g.m. gardbr. Osvald Teigland, Vevle, Haus.
Ottar f. 19**. Mekanikar. Busett v/Stavanger. G.m. Sigrid Haugland frå Valevåg, Sunnhordland.


BRUK 7, FREDHEIM

Skyld 1 øre, skilt frå bruk 1.

1928. selt til Jakob Janson (bnr. 1) og Asbjørn Jonson (bnr. 8) har att dette bruket. Heimel no har Asbjørn og enkja etter Jakob, Josefine.


BRUK 8, FRITUN

Skyld 0,93 mark, skilt frå bnr. 1.

1929 og selt til Asbjørn Jonson Grøsvik for kr. 1000,—. 1959 hadde eigedomen 30 mål innmark og fødnaden var 3 kyr, 2 ungfe og 200 høns. Asbjørn f. på bnr. 1 1903 er g.m. Katrina Nilsdtr. f. Brattland frå Fana.

Born:

Asta f. 19**.
Marta f. 19**.
Jostein f. 19**.


BRUK 9, URAFJÆRA

Skyld 1 øre, skilt frå bruk 1.

1938 og selt til Bruvik herad for kr. 100,—. Eigedomen er nausttuft at lærarbustaden og ligg ved sjøen rett nedanfor skulen.


BRUK 10, SOLBAKKEN

Skyld 0,20 mark, skilt frå bruk 6.

1952 og selt til Petter Finn Pettersen for kr. 16.000,--. Nytta til sumarbustad. Eigaren driv saftfabrikken Kyrre i Bergen og er busett der.

HUSFOLK

1761 vart Sjur Johannesson Grøsvik bnr. 3 f. 1732 g.m. Dordi Johannesdtr. Mo, St., f. 1739. Dei var husfolk her ei tid, men busette seg seinare på Li i Myking, Lindås.

Born:

Marita f. 1762. G.m. Knut Johannesson Jordal.
Johannes f. 1763 d. før 1827. 2 born.
Brita f. 1764. G.m. Simon K. Toskedal, sjå Toskedal bnr. 1.
Marta. G.m. Haldor Monsson Bjørnvoll.
Marta. G.m. David Johannesson Schou.
Ingeborg. G.m. Bard Olson Tveitå.
Maria.


1826 vart Knut Askjelsson Grøsvik bnr. 1 f. 1795 g.m. Gunhild Eiriksdtr. Eide bnr. 1 f. 1805. Dei var husfolk her, eller kanskje plassfolk i Askjelsneset under Kleiveland.

Born:

Dordi f. 1828. G.m. Johannes Kleiveland, Hosanger. Deira son Gudmund g.m. Guri Jakobsdtr. Grøsvik bnr. 1.
Gjertrud f. 1830.


1856 vart Askjel Olsson Kallestad bnr. 1 f. 1834 g.m. Ragnhild Jonsdtr. Grøsvik bnr. 1 f. 1834. Dei var husfolk her ei tid.

Born:

Inga f. 1857
Brita f. 1859.


1919 vart Knut Ivarson Mellesdal g.m. Anna Jonsdtr. Grøsvik bnr. 1 f. 1898. Knut var snikkar og fartymann, og dei budde her ei tid. Knut var f. 1887 og oppvaksen i Ulevikshaugen under Stamnes.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy