Gnr. 4 Hesjedal

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band II


Gards og ættesoge for Hesjedal.


GNR. 4 HESJEDAL


Innhaldsliste

INNLEIING

Hesjedalen heiter dalføret som går frå Botnavatnet mot nord-nordaust omlag 2 1/2 km. Inst inne vert dalen stengd av høge fjell: Setnipa mot vest, Høgafjellet mot nord, Fjellsnova og Nipa mot aust.

Gardsnamnet vart 1630 skrive Hesdall, 1648 og 1665 Hessdall, 1661 Hessedall, 1694 Hessiedahl, 1700 Hesiedal, 1711 og seinare for det meste Hesjedal.

Stadnamngranskaren Magnus Olsen meiner at namnet har samanheng med at det finst helleskifer i dalen. Fyrstelekken i namnet skal vera ei avleiing av ordet esja, brukt om stein som let seg kløyva i skiver.

Gjennom dalen renn ei elv som dei kallar Storelva. Ei sideelv, Rosshølelva eller Austeråa, kjem ned gjennom Austedalen på nordsida av fjellet Nipo. Ho renn ut i Storelva noko nedanfor det eldste huset.

Blomdal og Grøtå er dei næraste grannegardane. Sjå gnr. 3 og 5, der det er gjort greie for fråstand og grenser.

I nord grensar Hesjedal mot Veo i Stamnes. Fråstanden mellom tuna er omlag 7 km i luftlinje. Grensa tek til i Klårebekken på Ljøshellerfjellet og går mot nordvest til Fjellsnova og Nardalsskaret, derfrå opp på Høgafjellet. Her møtest grensene for Stamnes, Hosanger og Dale sokner. Frå Høgafjellet til Setnipa grensar Hesjedal mot garden Tyssebøtnen i Hosanger. Fråstanden mellom tuna er omlag 4 km i luftlinje. Frå Setnipa til eit punkt i Nedre Melkinghaug grensar Hesjedal mot Allmenningen. Derfrå ned til Torvevatnet går grensa mot Blomdal. Men frå Torvevatnet til Botnavatnet er det grense mot Allmenningen på nytt. Grensa går over Torvevatnet til Sagelva og fylgjer elva til ho renn ut i Botnavatnet. Der byrjar grensa mot Grøtå. Sjå gnr. 5.

Det aller meste av det store gardsområdet er utmark og snaufjell. Innmarka er samla på to stader, i Botnen nede ved Botnavatnet og oppe i dalen, omlag 1/2 km frå vatnet.

Det er ikkje registrert fornfunn i Hesjedal. Men ei segn fortel om dei. som rudde garden. Det var to menn, Sevre og Magne, som kom over fjellet nordanfrå. Magne budde under ein heller den fyrste tida. Eit vatn vart oppkalla etter han og fekk namnet Magnevatnet. Det er det same vatnet som 00 vert kalla Botnavatnet. Ei slåtte, Sevregotene, er oppkalla etter Sevre.

Dei eldste brukarnamna i dei skriftlege kjeldene, er Sephind og Magne. Sephind er nemnd i landsskattelista for Arna skipreide 1630. Han er då oppførd mellom øydejordsmenn. Dette kunne tyda på at garden har vore nedlagd etter svartedauden og var rudd på nytt på 1600-talet. Men nybrotsmenn kunne og verta kalla øydejordsmenn i skattelistene, og det er vel mest rimeleg å tru at Sephind var nybrotsmann. Truleg er det same mannen som i segna vert kalla Sevre. Brukaren Magne er nemnd i kopskattemanntalet 1645 og i lensrekneskapen 1648.

1661 opplyser landkommisjonen at det ikkje er noko lunnende til garden.

I eksaminasjonsprotokollen 1723 er garden skildra såleis:

«Hesjedal. 2 Mænd, Landskyld 18 m. smør. Opsidderen Helge ejer med Bøxel ald Gaarden. Ingen Huusmands Pladser. Furreskoug til Huusfornødenhed og Brendeveed . ligger en god halv Miil udi uføre fra Søen og maa samle Høet af vilde Field, ligger 5 Mile fra Bergen. Saaer intet . . . Har ingen anden Næring end af Qvæget og kand ei benøttige sig Skougen formedelst U-føre at faa det need.»

Den eldste tunstaden låg i dalbotnen vel 1/2 km opp frå Botnavatnet. Denne staden vert no kalla Tuftene. Husa måtte flyttast frå Tuftene då Storelva delte seg i to elvefar, Storelva og Litlelva. Det nye elvefaret kom for nær tunet. Den nye tunstaden ligg meir opp under lia på austsida av dalen.

Alt i 1660-åra hadde Hesjedal to brukarar. Den eine budde i dalen, den andre oppe på ei høgd aust for Botnavatnet. Dette bruket vart kalla Åsen. Frå 1730-åra til fram mot 1780 låg tunet i Åsen øyde. Då vart det bygt oppatt og brukt til 1820-åra. Då flytta brukaren i Åsen husa ned i Hesjedalsbotnen på austsida av vatnet.

I fyrste helvta av 1800-talet vart garden delt på nytt, slik at det no vart 4 jamstore bruk. Bnr. 1, Johansbruket, og bnr. 2, Andersbruket, ligg i dalen. Bnr. 3 og 4 ligg i Botnen. Tuna i dalen ligg tett innåt kvarandre. I Botnen er det meir fråstand mellom husa. Bnr. 3 låg øvst oppe og vart kalla Haugen. Bnr. 4 kalla dei stundom Nerebruket, stundom «dei nere i Botnen». Sidan 1928 har bnr. 3 og 4 hatt same eigar. Dei to bruka vert no oftast nemnde under eitt som Botnen eller Hesjedalsbotnen.

Den fyrste delinga på 1600-talet førde truleg ikkje til noko teigblanding på innmarka. Ved dei seinare delingane vart det noko teigdeling både på innmarka og i slåttene. Det vart tinglyst delingsdokument for bnr. 1 og 2 1827. 1843 vart det halde minneleg utskifting på bnr. 3 og 4. Offentleg utskifting mellom bnr. 1 og 2 byrja 1964 og vert truleg ferdig 1973.

Eitt av dei eldste husa på garden er ei tømra bu, bygd av halvrunde stokkar. Bua høyrer til bnr 2. Stova på bruket er frå 1844. Båe desse husa, saman med løe og flor, stod før 30-40 m høgre oppe i bakken. Bua er nemnd i eit kårbrev frå 1883. Kårfolket skulle ha rett til å flytta bua og innreia henne til bustad. Det vart ikkje gjort den gongen. Då husa vart flytte, vart bua og stova sett innåt einannan med ein gang imellom, Gangen er no delt i to. Den søre delen er innreidd til kjøken. Bua er innreidd til stove, og eit kammers er bygt attåt. Bustadhuset på bnr. 1 har omlag same grunnplan, og det har to stover som vert kalla Storastovo og Vetlastovo. Den vestlegaste stova er eldst. Resten av huset er frå slutten av 1.870-åra. Dette huset er også ombygt seinare år. Mellom dei to stovene var det ein gang med ein stor skorstein og ei sval attmed. Noko av gangen er avdelt til kjøken, og huset har fått glasveranda. I andre høgda er det lem over kvar av stovene og utelem over gangen. Huset hadde før nevertak, men er no tekt med heller. Den gamle floren på bnr. 2 var mura. Oppå den var det ei løe av reisverk. Noko av løa hadde brakekledning, elles var det brukt bordkledning. Floren var delt i to rom. Det eine var kuflor, det andre var til sauer og geiter. Løa var tredelt med treskelåve i midten, korntuft på den eine sida og høytuft på den andre. Løa hadde dører både på oppsida og nedsida, men den minste døra var alltid stengd om vinteren. Båe dørene var todelte. Ikkje langt frå løa var det ei smie. På Eldhusbrekka stod det gamle eldhuset. Bnr 1 og 2 hadde kvar sitt geithus på Geitastallen. Det var mura hus med steinheller tiI tak. Båe bruka hadde kvar sitt torvhus, Bnr 2 hadde også vårflor.

På bnr 4 var det fyrste bustadhuset visstnok ei bu utan lem. Brukaren Olav Jakobsson 1851 - bygde ei ny stove og gang innåt den gamle bua, alt saman med lemmar over. Grua stod i kjellaren. Gudmund Johannesson som overtok bruket 1886 reiv den gamle bua og bygde ei ny stove i staden. Gudmund var bygningsmann og dreiv med ymse snikkararbeid heime. Han bygde eit verkstadrom innåt huset. Kjellaren var delt i 4 rom. I seinare tid er huset ombygt, det har vorte høgare og taket har fått skiferheller.

På bnr 3 vart det gamle bustadbuset rive i 1930-åra. Det hadde omlag same grunnplan som husa på dei andre bruka: bu i den eine enden, gang med grue og skorstein i midten, og stove i den andre enden. Bua var truleg eldst. Buadøra var prydd med utskjeringar, ho var både tjukk og brei, og svært tung å lata att. Det var kjellar både under stova og bua, men berre buakjellaren hadde inngang utanfrå. Ei luke i stovegolvet førde ned til den andre kjellaren. I kjellaren under bua stod m.Å. ei innekvern som dei mol på når dei var mjøllause og vanta kvernvatn. Kverna vart seinare brukt til å mala salt på. I gangen var det ei lita dør på oppsida. Hovudinngangen var på framsida. Ei solid steintropp var lagd opp innåt kjellarmuren. Det nye huset på bnr 3 har stove, kjøken og 2 mindre rom i . høgda, 2 rom i andre. Inngangen er gjennom eit bislag på oppsida av huset. Den gamle floren på bnr. 3 var mura og hadde berre eitt rom. I kvar ende var det ei dør med sjåglugg. I taket var det ei luke ned frå løa som var bygd oppå floren. Ho var bygd på same vis som løa på bnr 2, men hadde brakekledning på alle yttervegger. Taket var tekt med never og torv. Dette huset er rive og eitt nytt uthus er sett opp på same staden.

Innmarka vart 1863 rekna til vel 100 mål. 10 1/4 mål var åker. Berre 2 1/6 mål var god åker. 6 1/2 mål var middels god. Resten var ring åker. Åkrane åt bnr. 1 og 2 heiter Storåkrane, Storåkerflaten, Myrane, Nyåkrane, Smiåkeren på bortsida av Litlelva, Skitmyra og Floten vest for gardsvegen. Øvst på Floten ligg Andersåkeren. Han er truleg oppkalla etter Anders Knutsson som var fødd på bur. 1 1857. Dei fleste åkrane vart truleg oppdyrka på 1700- og 1800-talet. 1665 heiter det i matrikkelen: «Sager intet, thi det er fieldgaard.»

Av enga som var 91 2/5 mål, var det 12 mål god eng, 7 1/5 middels god, og resten var ring eng. Det var stor skilnad mellom dei to bruka oppe i dalen og bruka i Botnen både når det galdt engvidd og godleik. I dalen var det 53 mål eng. 4 mål var god eng, 2 mål var middels god og resten var ring. Kvart av dei to bruka hadde like mykje både av god, middels og ring eng. I Botnen var engvidda ein del mindre, 38 2/5 mål. Men der var det 8 mål god eng og 5 1/5 mål middels. Berre 25 1/5 mål vart rekna som ring eng. Tala for dei to bruka er litt ulike. Bruk 3 hadde litt meir både av middels god og av ring eng enn bruk 4.

På innmarka er det mange teigar med serskilte namn. Til bnr 1 og 2 høyrer Revamyra, Revasteinen, Hestehagen, Kattel- el. Kattahaugen, Svinatranten og Gamlingateigen. Mellom steinbrua og Kroken ligg Litletongen, Sniglabrekka og Kjesteinen. Mellom Storelva, vegen og Rosshølelva ligg Elvateigen.

Ei rad namn fortel om gamle inngjerdingar til ymse bruk. Humlegarden og Humlegardsbrekko vitnar om humledyrking. David Andersson på bruk 2 1859-1944 hugsar at her vaks humle. Purkegjerdet var ei innhegning til griser.

Ovanfor Purkegjerdet ligg StadIabrekkene, Langarennet og Langarenngjerdet. Kalvaholo og Kalvahjellane var gamle kalvebeite. Hestahagen bortom Litlelva og Hestagarden ved Botnavatnet er truleg gamle hestebeite.

Det gamle bøgjerdet oppe i dalen var lagt opp av jord, stein. og brake. Andersbruket og Johansbruket var saman om vedlikehaldet. Dei arbeidde i lag når gjerdet skulle vølast. Innmarka på øydegarden Åsen var innhegna med torvgard. Torvgard var det også frå Raudnova til Djupeskardet i grensa mot Allmenningen.

Mykje av høyet vart sanka i utslåttene, heile 260 våger, vart det opplyst 1863. Nokre av slåttene ligg ved Botnavatnet, andre i liene og oppe i fjellet. Når dei slo i fjellet, kunne heile huslydane halda til der veka til endes, om veret var lagleg. Dei laga mat og åt ute, og sov i utløene. Det hende og at dei sov under hellerar. Då bar dei høy inn i helleren til å liggja på. Ved Steinstølen var det ein slik heller.

Mange av slåttene var teigdelte, andre var hopaslåtter. Benkene er ei stor slåtte med ein teig til bnr. 1 og ein teig til bnr. 2. Bnr. 2 har utløe på sin teig. Andre slåtter som er delte likt mellom bnr. 1 og bnr. 2 er Slåttebrotet, Stetramyra, Tverrbrekka og Stallen. Krossatødna og Narrarennet høyrer til bnr. 1, Midtstallen og Småbrekkena høyrer til bnr. 2. Røyrbotnen har truleg namnet sitt av eit storrgras som veks der. Når dei slo i hopaslåttene, delte dei høyet ved å telja fengjene som dei la på høybøra. Både vekta og talet på bører skulle vera likt. Sevregotene og Grønevollen var hopaslåtter til bnr. 1 og 2. Sist på 1800-talet vart desse slåttene teigdelte.

I fleire av slåttene var det utløer. Bruka i Hesjedalsbotnen hadde 2 løer i Åsen, 1 i Moldurbotnen, 1 på Bjørnstigane, 1 på fjellet ved Storevatnet, 1 i Joslåtta nord i Dalen. Bnr og 2 hadde løer i Benkene, Røyrbotnen, Sevregotene, Grønevollen. Høyet frå løene drog dei heim på sledar om vinteren. Mykje av høyet vart sett i stakkar. På Ljøsheldrane, i Setebrekkene og i Sevrebrekkene var det stakkstøe.

Hesjedal har også slåtterettar i Allmenningen. Nokre av desse slåttene ligg på sørvestsida av Botnavatnet, frå Sagelva, Raudskrea til Stemmetonæ. Ein annan slåtterett er i Sagheldrane på sørsida av Torvevatnet.

Garden har sers rikeleg beite. 1863 heiter det: «Havnegangen ved Gaar-den af god Beskaffenhed og mere end tilstrækkelig». Krøter frå andre gardar vart også slepte i sumarbeite her. Olav Knutsson, som var brukar på bnr. 1 1832-36, flytte til Vinås i Haus og overtok eit bruk der. Då han selde bruket i Hesjedal, tok han unna rett til å ha nokre krøter i sumarbeite her. Han bygde seterhus attmed vegen nedanfor Botnen. Staden der seterhusa stod, vert kalla Vinåssetra. 1873 vart det tinglyst leigekontrakt til Eirik Ivarsson Gjerstad på havnegang i utmarka for 20 år.

I vårbeitet kunne dei slå gras når det leid på sumaren. Dei hausta dette foret dersom dei rakk på det. Graset frå beitet bar dei oftast heim med det same.

Sist på 1800-talet selde dei ikkje lite tømmer, ved, never og bork.

Matrikuleringskommisjonen 1863 meinte at skogen ikkje gav meir enn det som trongst til husbruk og knapt nok det. Men med den store folkesetnaden vart også skogen sterkt utnytta. Det vart sett opp sagbruk i elva. Dei saga tømmeret opp til bord og kantvyrke som dei førde til sjøen og selde i Haus, Åsane, Bergen og vidare med. Bork og never bar dei to mil over fjellet til Bernestangen og Fotlandsvåg. Veden som skulle seljast, løypte dei gjerne i strangar ned til GrØtå. Der saga og kløyvde dei strangane. Veden vart gjerne bunta i knippe. Knippeveden selde dei oftast i Ytre Arna.

I Botnavatnet dreiv dei noko fiske, men det kasta lite av seg. Veiding hadde meir å seia. Rypene fanga dei i snarer. Mår, røyskatt, oter og rev fanga dei i jarnglefser i seinare tid. Tidlegare brukte dei ymse slag feller. Revhuset var eit kammer av stein og heller. Inst inne la dei åtslet. Når reven kom inn og ville eta, datt det ned ei steinhelle. Slike revhus fanst det fleire stader. På Slåttsdalsbrotet var det eitt for ikkje så lenge sidan. I Revhusura har det og vore ei slik felle. Fellene som dei fanga mår og røyskatt i, var før lagde opp på ei flat steinhelle. Seinare nytta dei ein trekarm, 8-10 cm høg. Ei skråstilt helle var sett opp over karmen. Hella var støtta opp av spiler som stod i einannan i hakk. Inst inne under hella låg åtslet. Dyregraver fanst det fleire av inne på fjellet. Dyraskaret er eit trongt skar der hjorten trekkjer. Dei gamle fortalde at det fanst ei dyregrav i dette skaret. Dyrkupo under Høgafjellet og Dyråsheia mellom Moltestallet og Rinden er kanskje også minne om gamle fangststader. Fugl, vilt og skinn avhenda dei i Bergen.

På 1800-talet og seinare har fleire av brukarane hatt attåtarbeid; smiing, støyping, ler- og skomakararbeid, murar- og anleggsarbeid. Fleire har arbeidt i industriverksemdene i Ytre Arna og på Dale. Nokre har arbeidt som lærarar og reisetalarar.

I 1870-åra vart det dyrka opp eit lite bruk i Skrapahaugen eller Sjurahaugen. Sjå nedanfor. Her budde det ein huslyd omlag 20 år.

Kvernstøet var i Kvernhuslia på vestsida av elva nedom Husaleitet. 1723 hadde dei ikkje kvern på garden. Det vart ikkje dyrka korn her på den tid.

Kring 1900 flytte bnr. 2 kverna si over til austsida av elva.


SKYLD, UTREIDSLER, FOLKETAL, FØDNAD OG AVLING.

Gamalt gnr. 37 i Mjelde skipreide. Matrikkelnr. 1838 35. Nytt matr.nr. 1853 137. Gnr. 15 i Bruvik herad. Landskyld 18 m. smør i alle oppgåver frå 1644 til 1802. Matrikkel-takst 1665 18 m. smør. Ny skyld 1838 1 dl. 3 ort 5 sk. 1886 3,22 skyldmark. Husdyrskatt 1657 6 mark 7 sk. Leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar 1665 1 mark. Småtiend 2 sk. Folketal 1865 29, 1875 25, 1967 5. Fødnad 1657 6 kyr, 1 kvige, 16 geiter, 17 sauer. 1665 8 storfe, 1 hest. 1723 6 kyr, 2 ungfe, 12 småfe. 1863 19 kyr, 7 ungfe, 52 sauer, 15 geiter. 1875 13 kyr, 5 ungfe, 26 sauer, 31 geiter. 1723 «Saaer intet». 1863 sånad 73/4 t. havre, 71/» t. poteter. Avling 33 t. havre 34 t. poteter, 1562 våger høy, 231 v. halm. 260 v. høy i slåttene. Lyng til for åt 1 ungfe. Skavet tilsvarar 10 v. høy.


EIGARAR

I Allmenningen vart Kongen rekna som grunneigar. Nybrotsmannen som rudde gard i Hesjedal, vart Kongens leiglending. I lensrekneskapane frå 1648 og dei neste 20 åra vert det opplyst at Kongen åtte garden og rådde for bygsla.

Men i slutten av 1660-åra eller byrjinga av 1670-åra må garden ha vorte seld, saman med mykje anna krungods. I odelsskattelista 1676 er fru Abel Lemb eigar. Ho eig partar i over 160 gardar i Nordhordland, m.Å. i Simenes og Dale. Ho var enkje etter Peder Lemb. Det var truleg han som hadde samla dette jordegodset. 1692 er det enkja etter Ludvig Lemb som eig Hesjedal. 1694 og 1700 er Giertrud de Finne eigar. 1717 eig brukaren Helge heile garden, men brukar berre halve garden sjølv. Likevel må ein rekna dette årstalet som grense for leiglendingstida. Dei seinare eigarane er omtala i samband med brukarsogene.


BRUKARAR FØR 1820

1630-31 er Sephind Hesdall nemnd i lensrekneskapen. Dette er truleg den rudningsmannen som i segna vert kalla Sevre. Som tidlegare nemnt seier segna at Sevre kom nordanfrå og at han hadde med seg 3 kyr. Namnet hans lever enno i stadnamnet Sevregotene. Sephind var så forarma at han ikkje kunne betala skatt 1631.


1645 er Magne Oddmundsson nemnd i kopskattelista. Kona hans heiter Synneva. To andre ektepar budde her på same tid: Pål Knutsson og kona Berta eller Dortea, og Torolf med kona Ingeborg. Desse folka var truleg ikkje brukarfolk, for berre Magne er nemnd som brukar 1648 og 1657. Dette året fødde han 6 kyr, 1 kvige, 15 geiter og 17 sauer. Magne lever også i segna som ein av rudningsmennene i Hesjedal. Det fortelst at han budde under ein heller før han fekk bygt hus. Vatnet i Botnen vart oppkalla etter han. Det heitte før Magnevatnet.


1655 og 1661 er brukaren kalla Mogens. Dette kan vera feilskrift for Magne.


1666 er her 2 brukarar. Den eine budde i tunet i dalen, den andre budde i Åsen. Her vert det fyrst gjort greie for brukarane i dalen fram til 1820. Deretter kjem brukarsoga for Åsen.


Mogens Mogensson eller Magnesson er brukar 1666. Han er då 28 år gamal. Kva kona heitte, er det ikkje opplyst noko om.

Born:

Olav 1668- brukar her.
Åsa g. 1699 m. Johannes Monsson Havrå, Haus.
Brita g. 1710 m. Helge Markusson Olsnes, brukar her.


1692 hadde Olav Monsson vorte brukar etter faren. 1694 vart denne brukaren kalla Vesle-Olav for å skilja han frå brukaren i Åsen. Olav Monsson og kona Anna Knutsdtr. var visstnok barnlause. Dei døydde 1709, 41 og 73 år gamle.


1710 vart Helge Markusson Olsnes 1672-1734 brukar her. Han var gift same året med syster åt den førre brukaren.

Born:

Mons 1711 d.s.å.
Marta 1712-1722.
Mons 1714- brukar her.
Anders.
Markus 1719- brukar på Kleppe i Hosanger.
Johannes 1720- g. 1750 in. Guri Askjellsdtr. Vare, Hosanger.

Helge var den fyrste sjølveigaren. Han fekk skøyte på heile garden ein gong mellom 1710 og 1717. Helge brukte berre halve garden sjølv. Brukaren i Åsen vart no leiglending under Helge. Den siste leiglendingen hans, Nils Johannesson, hadde bytt bruket i Åsen til seg, og hadde ikkje gyldig bygselbrev. 1734 stemnde enkja Brita leiglendingen sin for retten. Saka enda med at Nils Johannesson måtte flytta frå Asen. Heile garden vart no truleg driven som eitt bruk fram mot 1780-åra.


1758 skøyte til Mons Helgesson frå Markus Kleppe, Johannes Vare og Marta Helgesdtr. Desse 4 syskena hadde fått kvar sine partar i skifta etter foreldra Helge Markusson og Brita Monsdtr. Garden vart på denne tid verdsett til 21 rdl.

Mons 1714-1763 vart gift 1746 med Kari Andersdtr. Løtveit 1721-1793.

Born:

Johannes 1748-.
Helge 1749-1804, brukar her.
Anders 1750-, brukar i Børsli.
Mons 1753-, brukar i Åsen.
Magne 1756 d.s.å.
Magne 1757 d.s.å.
Magne 1758 d.s.å.
Brita 1760 d.s.å.
Brita 1761-, g. 1 g. 1787 m. Mons Olsson Løtveit, Byrkjeland i Gjerstad sokn. g. 2. g. 1804 m. Per Knutsson Vevle.

Ved skiftet etter Mons Helgesson 1763 fekk enkja Kari utlagt 9 m. smør. Sønene Helge, Johannes, Anders og Mons fekk kvar 2 m. smør. Brita fekk ein part på 1 in. smør.


1787 skøyte til Helge Monsson frå mora Kari og svogeren Mons Olsson Løtveit. Med det han sjølv hadde ervt, åtte no Helge halve garden. Helge var ugift, men han og Marta Haldorsdtr. Hakanes frå Gjerstad sokn hadde ein son Olav 1786-.

Marta 1754-1812 gifte seg 1790 med Knut Johannesson Svenheim.


1794 skøyte til Knut Olsson Stanghelle. Knut 1751-1835 var frå Olsnes bnr. 3, g.m. Dorte Andersdtr. Stanghelle 1753-1832. Dorte og Knut hadde bygsla farsgarden hennar, Stanghelle bnr. 3, før dei kom hit. Difor brukte Knut dette namnet då han fekk skøyte i Hesjedal. 1812 bygsla Knut bruket bort til versonen Johannes Andersson Grønås. Knut og Dorte fekk kår. Men 1827 let Knut tinglysa eit delingsdokument, der det vart bestemt at garden skulle delast mellom sønene Olav og Anders. I skiftet etter Dorte 1834 var nettosummen i buet 196 spd. Ved skiftet etter Knut året etter var nettosummen vel 95 spd.

Born:

Anna 1780-, g.m. Olav K. Blomdal.
Maria 1783-, g.m. Johannes Å. Grønås, sjå bnr. 1.
Olav 1785-, sjå bnr. 1.
Marta 1788-.
Maria 1789-.
Brita 1792-.
Brita 1793-,
Anders 1795-, sjå bnr. 2.
Johannes 1799-.
Johannes 1800-, bygsla Åsheim 1819.
Maria 1801-.


Den fyrste brukaren i Åsen, Olav Johannesson 1634-1701, finn me i manntalet 1666. Han er seinare nemnd i ei rettsak 1689. Olav stemnde då Nils Bruvik for retten og skulda han for å ha stole ei skjorte. Olav hadde mist skjorta medan ho låg til bleiking, og det tok tid før han fekk greie på kvar ho hadde vorte av. Nils hadde slite ut skjorta før det kom opp at han var gjerningsmannen. Nils vart dømd til å betala skjorta og sakskostnadene. Kona, som døydde 1696, er ukjend.

Born:

Olav 1653-.
Haldor 1661-brukar her.
Johannes 1664- g. 1692 m. Kari Markusdtr. Olsnes, sjå Olsnes brukarar.
Inger g. 1700 m. Mons Hallsteinsson Tveiten, Hosanger.
Johannes 1666- g. m. Brita Olsdtr. Blomdal, sjå Blomdal brukarar.
Marta 1702-.


Haldor Olsson var neste brukar i Åsen. Haldor 1661-1719 var g.m. Brita Monsdtr. Ho døydde på barnseng 1708.

Born:

Madli 1685- g.m. neste brukar.
Kari 1692- g.m. Magne Bastesson Bruvik, husfolk på Midt-Bruvik.
Lars 1698- brukar på Langhelle bnr. 5.
Kari 1703-1737 ug.
Eli 1705-1719.
Dødfødt gutebarn 1708.


1720 bygselbrev til Nils Nilsson Sæterdal frå Helge Markusson Hesjedal på 9 m. smør landskyld i Åsen under Hesjedal. Nils 1698-1767 gifte seg året etter med dotter åt den førre brukaren i Åsen, Madli Haldorsdtr. 1685-1767. Dei budde her til 1731. Då bytte dei til seg Jamne bnr. 1. Der vart ætta deira buande.


1731 bytte Nils Johannesson til seg bruket i Åsen. Nils 1670-1738 var frå Fossmark bnr. 1. Han er nemnd fleire gonger både i kyrkjebøkene og i tingbøkene. Opplysningane som ein finn der, fortel om ein heller tung lagnad. 1689 vart Nils stemnd for retten av Malena Monsdtr. Stanghelle, som hadde vore tenestgjente hjå far hans. Malena og Nils hadde fått ein son i lag. Guten var fødd 1687 eller 1688. No kravde Malena at Nils anten skulle gifta seg med henne eller betala for æra hennar det lova tilsa, og dessutan ta på seg å fostra opp barnet. Nils vedkjende seg farskapet og vedgjekk at han hadde krenkt Malena. Retten tok omsyn til at Nils var utan eigedom. Domen gjekk ut på at Nils skulle betala Malena 4 rdl, og at dei båe skulle ta på seg å halda barnet med mat og klede kvar sin halvdel av året, til dess barnet vart så stort at det kunne forsyta seg sjølv. Kva sonen heitte og kvar han seinare vart av, er det ikkje opplysningar om.

1692 gifte Nils seg med Eli Larsdtr. Trengereid, Haus, 1647-4726. Dei bygsla Jamne bnr. 1. Nils og Eli hadde truleg ikkje Born i lag. 1723 fekk Nils barn med ei gjente frå Sæterdal, Gonetta Persdtr. 1692-1777. Gonetta var i Tromsø då ho fødde barnet, men no hadde ho kome heimatt. I kyrkjeboka er det notert at Nils og Gonetta vart publikabsolvert for dette.

1726 vart Nils enkjemann. Året etter fekk han eit barn med Gonetta.

1728 fekk dei Kongens løyve til å gifta seg. Dei hadde det vanskeleg også økonomisk. Dette var vel ein av grunnane til at dei 1.731 bytte bruk med Nils Sæterdal og busette seg i Åsen. Noko tinglyst bygselbrev fekk dei truleg ikkje.

1734 let enkja Brita Monsdtr. Hesjedal stemna Nils til tings. Ho hevda at Nils hadde forsømt å halda husa ved like og at han hadde hogge uvøre i skogen. Ho kravde og at Nils skulle prova at han hadde rett til å sitja som leiglending i Åsen. Nils møtte for retten 1735 og bad om utsetjing til neste ting. Saka vart utsett for at Nils skulle få tid til å skaffa fram dei prov som trongst. Det greidde han ikkje. Han måtte då flytta frå Åsen og fekk leiga seg hus på Stanghelle. Der døydde han stutt tid etterpå.

Gonetta vart gift 2. g. 1750 m. Lars Fabiansson Grøtå. Ho døydde 1777 på Tunestveit hjå sonen Besse.

Dei borna som Nils og Gonetta hadde før dei gifte seg har me ikkje nærare opplysningar om.

Dei andre borna var:

Ingeborg 1729-.
Eli 1730-.
Besse 1731- g.m. enkja Anna Gregoriusdtr. Tunestveit, brukar der frå 1756.
Johannes 1732-.
Nils 1733- brukar i Søylen, Fana 1764-1794.
Olav 1735-.
Brita 1736-.
Eli 1737-.
Eli 1739.


1780 skøyte til Mons Monsson frå broren Anders og verbroren Mons Olsson Løtveit. Med den parten Mons hadde ervt, var han no eigar av halve garden. Saman med broren Anders hadde Mons rudt oppatt Åsen, som hadde lege øyde sidan 1730-åra. 1782 fekk Mons og Anders ein premie på 25 rdl. Denne premiesummen vart gjeven for «øde gaards istandsettelse». I samband med tildelinga vart det opplyst at dei hadde bygt opp alle hus som trongst på garden og dyrka han slik at han no kunne fø 13-14 storfe og ein del sauer og geiter. Fjøset som dei bygde, hadde 14 båsar. Det stod lenge etter at garden var fråflytt, og vart bruka til sumarfjøs. Grunnmuren syner enno. Elles synest eit storfetal på 13-14 å vera i største laget når ein samanliknar med andre oppgåver over fødnaden. 1791 vart Mons gift med Anna Johannesdtr. Vik bnr. 3. Same året fekk han bygsla det bruket som far hennar hadde hatt. Han selde då Åsen til neste brukar.


1792 skøyte til Anders Hallsteinsson Stamnesleiro på 9 m smør for 190 rdl. Anders heldt fram med å dyrka oppatt Åsen. Truleg vart det i hans tid også skift noko sameige mellom hovudbruket og Åsen. 1805 fekk Anders ein premie på 5 rdl. frå Det Nyttige Selskab «for rydning og fælleskabs ophævelse». Anders 1767-1810 var g.m. Eli Andersdtr. Ho skulle vera frå Voss.

Born:

Brita 1793 d.s.å.
Brita 1795 g.m. neste brukar.
Barbro 1797-.

Ved skiftet etter Anders 1811 var bruttosummen 257 rdl., nettosummen 241 rdl. Jordegodset, 9 m smør, vart verdsett til 150 rdl. Det vart skift med ein halvpart til enkja Eli og 1/4 til kvar av dødtrene.

Eli g. 2 g. 1811 m. Nils Johannesson Hovda frå Hosanger. Dette ekteskapet var barnlaust.


1812 skøyte til Johannes Johannesson Hovda, Hosanger. Johannes var då trulova med Brita Andersdtr. Mor hennar og stykfar åt Brita 1795-, skulle ha kår. Johannes seide bruket att 1817, men vart buande her til han døydde 1826, 33 år gamal.

Born:

Eli 1814-.
Anders 1815-.
Marta 1819, g.m. handelsmann Olav K. Ardal, sjå ættesoge for Stanghelle.


1817 skøyte til Johannes Gulleiksson Hornve for 30 spd. Johannes var frå Svanga i Evanger. 1814 gifte han seg med enkja Ingebjørg Jørgensdtr. Vetla Hornve på Voss. Dei bygsla denne garden 1814-17. I Åsen stogga dei berre eit års tid. Dei måtte pantsetja garden for 60 spd. som dei fekk låna hjå Marta og Anders Hustruli. Johannes og Ingebjørg var dei siste som budde i Åsen, vert det fortalt. Dei flytte herfrå til Njåtveit.

Born:

Gitle 1814-, husmann på Rokne, Voss, g.m. Gudve Oddsdtr. Tesdal.
Ingebjørg 1817-.


1818 makeskøyte til Olav Olsson Njåtveit. Mellomlaget var 60 spd., og Olav overtok den pantobligasjonen som kvilte på eigedomen. 1818 bygsla han bort halve eigedomen til Johannes Grøtå. Sjå bnr. 4. Same året vart det tinglyst to pantobligasjonar. Olav var skuldig til Arnfinn Eiriksson Finne vel 27 spd. og Gulleik Sjursson Bø 45 spd. Ei av årsakene til at Olav vart så gjeldbunden, var vel flyttinga frå Åsen ned til Hesjedalsbotnen. 1820 vart garden seld ved tvangsauksjon. Same året fekk Olav bygsla den delen av jorda som han sjølv hadde drive. Sjå bnr. 3.


1820 skøyte til Henrik Jakobsson Ågotnes for 262 spd. frå lensmann Ringheim, som hadde fått auksjonsskøyte på eigedomen for 232 spd. Henrik Ågotnes var frå Fjell. Det vert fortalt at han var ein velståande mann som åtte fleire gardar i Osterfjorden. Eigedomen i Hesjedalsbotnen bygsla han bort. Sjå bnr. 3 og 4.


BRUK 1 JOHANSBRUKET

Gamalt løpenr. 227 a, nytt løpenr. 539. Gamal skyld 4 1/2 m. smør. Frå 1838 1 ort 19 sk.

Frå 1886 0,74 skm. 1863 var her 1/2 mål god åker, 1 1/4 mål middels god, 2/3 mål ring åker, i alt 2 5/12 mål. Engvidda var 26 1/2 mål. 2 mål var god eng, 1 mål middels god, resten ring. Dei sådde 2 t. havre, 1 1/2 t. poteter, og hausta 8 t. havre, 6 t. poteter, 405 v. høy, 56 v. halm. 50 v. høy kom frå slåttene, Fødnad: 4 kyr, 1 ungfe, 12 sauer, 6 geiter. Skog nok til hustømmer, ved, og never til husbruk. Ikkje dyrkingsjord. «Meget Skinlændt meget frostlændt. Slet dyrket». 1875: Sånad 2 t. havre, 2 t. poteter. Fødnad 2 kyr, 2 ungfe, 6 sauer, 8 geiter.


1832 skøyte til Olav Knutsson for 100 spd. Olav 1785.-1844 var g. 1806 med jordajenta Marta Larsdtr. Vinås, Haus sokn, 1782-1816. Dei overtok farsbruket hennar. Olav var barnlaus og gav difor skøyte på dette bruket til verbroren.


1836 skøyte til Johannes Andersson Grønås frå Hosanger. Han var g. 1812 m. Maria Knutsdtr. Hesjedal 1783-1825. Dei fekk same året bygselsetel på farsgarden hennar som omfata dette bruket og bruk 2.

Born:

Knut 1814 d.s.å.
Knut 1815- brukar her.
Gjertrud 1819- g. 1850 m. Nils Knutsson Loftås. Sjå Haus s. 94.
Anders 1822-1823.

Ved skiftet etter Maria 1825 var nettosummen 9 spd. 3 ort 4 sk. Johannes g. 2 g. 1826 m. Brita Olsdtr. Hole 1778-. Dette ekteskapet var barnlaust. Johannes og Brita fekk kår 1848 av bnr. 1 og 2. Kåret omfata også bruksrett til teigar. Ein av vilkårsteigane deira ber namnet Gamlingateigen.


1848 skøyte til Knut Johannesson for 170 spd. Knut 1815-1872 var g.m. Marta Ivarsdtr. Kaustøl 1816-1891 el. 1817-1892. Sjå Haus s. 107.

Born:

Johannes 1848 d.s.å. Maria 1850-1862. Ho gjekk seg bort i fjellet ein haustkveld då ho leita etter sauer, og vart seinare funnen død.
Ivar 1852- brukar her.
Johannes 1855- ca. 1911 ug.


1876 skøyte til Ivar Knutsson for 140 spd. og kår til mora. Kåret var verdsett til 110 spd. Ivar 1852-1907 var g.m. Marta Olsdtr. Hesjedal bnr. 4 1847-1898. Ivar dreiv ein del med anleggsarbeid attåt gardsbruket. Ved hundreårsskiftet overlet han gardsbruket til sonen Knut og emigrerte til Amerika, der sonen Obert Martin og fostersonen Karl var busette.

Born:

Maria 1875-.
Knut 1879- brukar her.
Trillingar Olav, Brita og Maria 1882 d.s.å.
Obert Martin 1887- b. i Alberta, Canada.
Maria 1888 d.s.å.
Maria 1891- g. 1911 m. forretningsmann Ragnvald Hannevik, Askøy, b. Bergen.

Fosterborn:

Alette Pedersdtr. Høiland 1889-1970 g.m. Isak Ukvitne, Voss, 1880-1957, b. Odda.
Karl Gustafsen b. i Amerika.


Ca. 1900 overtok Knut Ivarsson bruket etter faren. Grunnboksheimel tinglyst 1936. Ved sida av gardsdrifta arbeidde Knut som reisetalar for Indremisjonen, Santalmisjonen og Finnemisjonen. Knut 1879-1963 var g.m. Helena 1877-1958, dotter åt Gjertrud f. Myking og Hans Jordal, Lindås.

Born:

Ivar Martin 1901-1966 lærar i Stamnes.
Abraham 1903-1925 gards- og steinarbeidar.
Gjertrud 1905-1924.
Johannes Andreas 1907 tekstilarb. Sjå ættesoge for Dale.
Marta 1909-1930.
Hanna Gjertina 1911 - kafeteriaarb. Ytre Arna.
Klara 1913-1929. Olav Andreas 1914-. Sjå Arna sokn s. 413.
Bertin Johan 1917- tekstilarb. Sjå ættesoge for Dale.
Karl Normann 1919-, sjå ættesoge for Stanghelle.


1947 skøyte til Ivar Martin, Johannes Andreas, Hanna Gjertina, Olav Andreas, Bertin Johan og Karl Normann Hesjedal for kr. 2000,-. Dersom bruket vart seld til framande medan seljaren Knut lvarsson og kona Helena enno levde, skulle dei ha rett til å overta ein del av bruket. Dette vart det gjort nærare greie for i skøytet.


BRUK 2 ANDERSBRUKET

Skilt frå bnr. 1 ved delingsdokument 1827. Gamalt løpenr. 227b, nytt løpenr. 540. Gamal skyld 4 1/2 m. smør. 1838 i ort 18 sk. Frå 1886 0,74 skyldmark. 1863 var her 1/2 mål god åker, 1 1/4 mål middels god, 2/3 mål ring, i alt 2 2/5 mål åker. Engvidda var 26 1/2 mål. 2 mål var god eng, 1 mål middels god, resten ring. Dei sådde 2 t. havre, 1 1/2 t. poteter og avla 8 t. havre, 6 t. poteter, 405 v. høy, 56 v. halm. I slåttene hausta dei 50 v. høy. Fødnad 4 kyr, 1 ungfe, 12 sauer, 6 geiter. Ikkje dyrkingsjord. Utsett for turke og frost som bnr 1. Matrikuleringskommisjonen 1863 meinte at her var for lite skog: « .. mangler noget til Husbrug». :1875. Sånad 2 t. havre, 2 t. poteter. Fødnad 2 kyr, 2 ungfe, 8 sauer, 6 geiter.


1829 skøyte til Anders Knutsson frå faren Knut Olsson for 100 spd. Både dette bruket og bnr. 1 var bygsla bort 1812 til Johannes Grønås og kona. Johannes og Anders hadde gjort hemlingslag, dei kalla: Dei hadde gift seg med systrene åt kvarandre. Anders 1795-1851 var g.m. Ingebjørg Andersdtr. Grønås 1795-1872. Dei budde på Grønås til 1836. Sjå Hosanger 1 s. 90. Det vert fortalt at Johannes ville at Ingebjørg og Anders skulle rydja seg eit plass på Benkene. Dei var ikkje viljuge til det, dei ville overta bruket som dei hadde skøyte på. 1836 fekk Johannes skøyte på bnr. 1, og det er truleg at han på denne tid overlet drifta av bnr. 2 til Anders. Men bygselbrevet vart ikkje avlyst før 1848. Då vart det tinglyst kår til Johannes og kona både av dette bruket og bnr. 1. Same året skøytte Anders bnr. 2 frå seg til sonen. Anders og to gjenter frå Blomdal drukna i ein straum ved Storavatnet 1851. Sonen Anders var også med i båten. Han var den einaste som berga seg. Ingebjørg fekk kår 1852. Ingebergjerdet og Mydloskorvene var kårteigane hennar.

Born:

Anders 1819- brukar her.
Dordi 1823- g.m. Johannes Bysheim, Hosanger.
Knut 1825- fabr. arb. Ytre Arna, g.m. Barbro Hansdtr. Brørvik, Stamnes. Sjå Brørvik, brukarar og Y.Å.s 39.
Johannes 1830- Stamnes bnr. 9, sjå Stamnes bnr. 9.
Mikkel 1834- g.m. Brita Bysheim, Hosanger. B. i Ålesund, seinare i Oslo,
Maria 1838- g. 1869 med bakar Karl Sjøtun, Bergen.


1848 skøyte til Anders Andersson for 100 spd. Anders var dugande smed og dreiv dette som attåtyrke. Han tok mot leigearbeid og laga m.Å. rullegogner som han selde på Dale. Ein pistol prydd med massing og ei klebersteinsform som Anders brukte til massingstøyping finst enno på garden. Anders 1819-1900 var g.m. Anna Davidsdtr. Fyllingslid 1822-1887. Sjå Fylingslid, brukarar. Anders og Anna tok unna til kårteig ei slåtte som nådde frå Rosshølteigen og Rosshølberget til Svestallberget og steinbrua. Denne teigen har seinare heitt Godfarteigen og Godfarlia.

Born:

Anders 1852- d. på Vassdal medan han gjekk i skulen.
Ingeborg 1854- tekstilarb. Dale og Arna. Hushjelp i Bergen.
Brita 1855-1924 tekstilarb. Dale.
David 1859- brukar her.
Askjell 1865-1910 g.m. Marie Bygstad frå Dale i Sunnfjord. Han var ei tid i USA, seinare i Bergen. Oppsynsmann ved Hordaland vegkontor.


1883 skøyte til David Andersson. Kår til foreldra vart tinglyst samstundes med skøytet. I ungdomen arbeidde David ved Arne Fabrikker. Seinare arbeidde han stundom ved Dale Fabrikker. David var dugande murar. Han var med og mura opp den fyrste ullvarefabrikken på Dale og laga husgrunnar og kjellarar under mange bustadhus. Kona stod for gardsstellet når David var borte på arbeid. Heime hadde han også ymse attåtarbeid. Han ol opp mange unghestar og laga sledar og seletøy som han selde.

David 1859-1944 var g.m. Sigrid Olsdtr. Hesjedal bnr. 4 1861-1954.

Born:

Anna 1883- g.m. Lars Andreas J. Fossmark, sjå Fossmark bnr. 1.
Andrea1886- g.m. fabrikkarb. Olaf Haugland frå Dale, Odda.
Alfred 1890- elektrikar Odda kraftstasjon g.m. Alfhild Jonsen, Bergen, 1891-1967. Deira dotter Solveig 1914- g.m. Håkon Fyllingslid, sjå bnr. 4.
Berta 1895-1967 g.m. Johs. O. Blomdal, sjå Blomdal bnr. 2.
Oline 1897- hushaldar, Odda.
Magne 1900- brukar her.
Knut 1903- transportarb. Sjåb ættesoge for Dale..


1937 skøyte til Magne Davidsson for kr. 800,- og kår til foreldra. Magne 1900- har vore lærar i Veafjorden, Bolstadfjorden og i Hesjedalskrinsen. Ei tid var han tekstilarbeidar. Magne har hatt ymse kommunale tillitsverv og er m.a. medlem av Vaksdal Bygdeboknemnd. Jfr. føreordet.


BRUK 3 HAUGEN

Gamalt Iøpenr. 228 a, nytt løpenr. 541. Gamal skyld 4 1/4 m. smør. Ny skyld 1838 2 ort 8 sk. 1886 0,88 skm. 1863 var ber knapt 3 mål åker. 2/3 mål var god åker, 2 mål middels god, 1/5 mål ring. Engvidda var 20 2/5 mål. 4 mål var god eng, 3 1/5 mål var middels god, 13 1/5 mål ring. Lite dyrkingsjord. Dei sådde 2 t. havre, 2 1/2 t. poteter og avla 9 t. havre, 12 t. poteter, 420 v. høy, 63 v. halm. I slåttene 80 v. høy. Fødnaden var 4 kyr, 2 ungfe, 20 sauer. Dei skar lyng svarande til for åt 1 ungfe. Bruket var godt dyrka lettbrukt, men sers skinlendt. Det var 1/4 mils veg til slåttene.


1820 bygsla Olav Olsson Njåtveit dette bruket hjå den nye eigaren av Hesjedalsbotnen, Henrik Jakobsson Ågotnes. Olav var fyrst sjølveigar, men kom i vanskar og måtte lata garden frå seg. Sjå framanfor.

Olav 1770-1834 var gift med Brita Olsdtr. 1778-1863. Dei hadde kår frå 1826.

Born:

Marta 1799- g.m. neste brukar.
Olav 1802-, g.m. Marta Å. Stanghelle bnr. 3, emigrerte til USA i 1860-åra.
Mons 1803-. Sigvor 1805-, g.m. Nils N. Helle bnr. 3, b. på Tungeland, Haus.
Olav 1805-1826.
Guri 1809- g. 1849 m. Olav 0. Fokstad. Guri og Mons Engelsson Frotveit hadde ein son, Mons 1842-.
Jon 1811-1827.


1826 skøyte til Mons Nilsson Helle for 100 spd. Seljaren var Henrik J. Ågotnes. Sjå framanfor. Mons 1799-1877 var frå Helle bnr. 2, g.m. Marta 1799-, dotter åt den førre brukaren. 1839 bytte dei bruket bort mot eit bruk i Rødland, Skjold skipreide, og flytte dit.

Born:

Olav 1827-1859.
Nils 1827-.
Mons 1827- g. 1859 m. Marta Olsdtr. Hesjedalsbotnen f. Ullvatne. (Desse 3 brørne var trillingar).
Marta 1830-.
Dortea 1833-.
Madli 1836- g. 1859 m. Olav Nilsson Rødland.


1839 makeskøyte til Olav Olsson Rødland, Skjold skipreide. 1843 vart det halde minneleg utskiftning mellom dette bruket og bnr. 4. Om Olav Olsson og huslyden hans er det ufullstendige opplysningar. 1857 gifte Guri Ivarsdtr. Mellesdal frå Mæle i Gjerstad sokn seg med Olav Olsson Hesjedalsbotnen 1830-. Dette kan vera Olav Rødland. Olav 1830- og kona Guri utvandra til USA 1868. Dei fylgde eit seglskip som brukte 6 veker på turen over havet. Olav kalla seg Botne etter at han kom til Amerika. Han busette seg fyrst i Wisconsin, seinare i Bode, Iowa. Olav og Guri fekk i alt 10 born.

Desse var fødde i Hesjedalsbotnen:

Marta 1858-.
Olav 1859-.
Anna 1862-.
Ivar 1864-.
Karolina 1867-.


1868 skøyte til lensmann Christian J. Brudvik for 370 spd. Christian 1796- g.m. Ingeborg Larsdtr. Hekland bnr. 2 1799- var son åt sersjant Jens Tørresson Ytre Bruvik og kona Maria Helgesdtr. Hekland. Chr. B. var lærar i Bruvik sokn og budde ei tid på Skreianeset. 1830 vart han lensmann i Herdla. 1834 busette han seg med huslyden i Litle-Bergen. Bruket i Hesjedalsbotnen vart drive av forpaktarar.

Born:

Maria 1834- g.m. Anders Åse, Alversund. Deira son Jakob var eineerving etter morfaren.


Johannes Kaustøl 1824-1885 var ein av paktarane åt lensmann Brudvik. Johannes var frå Haus sokn, g.m. Madli Skulstad, Haus. Dei flytte til plasset Bergane ved Storavatnet. Dette plasset høyrde til Kaldeklauv, Gjerstad sokn. Sjå Gjerstad s. 213.

Born:

Ivar 1861-, b. i Farsund.


Knut Olsson Hesjedal bnr. 4 1853-1882 var også paktar her. Knut var g.m. Marta Olsdtr. Veo bnr. 1 1852-. Ho utvandra til USA, der sønene hadde busett seg.

Born:

Brita død ung.
Olav b. i USA.
Johannes b. i USA.
Bertha Kristine 1881-, g.m. Alfred Vaksdal, sjå ættesoge for Dale..


Olav Jakobsson Toskheller vart paktar etter brorsonen Knut. Olav 1804-1887 var gift med Maria Andersdtr. Myster bnr. 1 1805-1883. Dei hadde hatt plass i Mystermyra før dei kom hit. Då sonen Jon fekk kjøpa dette bruket, fekk dei kår.

Born:

Agathe 1844-.
Jon 1839-1914, brukar her.
Anna 1842-, sjå nedanfor.


1883 skøyte til Jon Olsson frå Jakob Andersson Åse, eineerving etter lensmann Brudvik. Jon vart kalla Myren etter plasset i Mystermyra der han var fødd. Jon var kjend som visediktar. Han kunne utanåt heile Nordlands Trompet og Katekismussange av Peter Dass, vert det fortalt. Jon var ugift, og systra Anna stelte huset for han. Då Jon var død, selde ho bruket og flytte attende til Myster. Der levde ho sine siste dagar.


Omlag 1915 skøyte til Olav Johannesson Fyllingslid for kr. 2000,-. Olav 1883-1940 var g.m. Synneva Hansdtr. Midttun, Fana, 1887-1955. Sjå bnr. 4 og Blomdal] bnr. 4.

Born:

Johan 1910-, sjå ættesoge for Stanghelle.
Håkon 1912-1957, b. Nesttun g.m. Solveig Alfredsdtr. Hesjedal 1914-.
Marta 1914-1957, g.m. Bernhard Bjørndal, Laksevåg.
Ingvald 1915-, sjå nedanfor.
Sverre 1917-, g.m. Sigrid Helle, sjå ættesoge for Stanghelle.
Sigurd 1919 d.s.å.
Sigurd 19**-, sjå bnr. 6.
Solveig 1923-, g.m. David Heggebotnen, sjå Blomdal bnr. 2.
Otto 1925- b. Blomdal bnr. 2.
Kåre 1927-, sjå nedanfor.


1957 skøyte til Kåre Olsson Fyllingslid frå medarvingar i buet etter foreldra. Kåre 1927- er g.m. Borghild Reidun Bukkstein bnr. 1 19**-. Då dei overlet bruket, busette dei seg på Voss, der Kåre arbeider som sjåfør.

Born:

Steinar.
Arild.
Bjørn.

1960 skøyte til Ingvald Olsson Fyllingslid frå broren Kåre. Ingvald 1915- er g.m. Astrid Elida Tømmerstøl 1911-, Vikna i Haus. Dei er busette i Fana.

Born:

Irene,
Ove.
Ståle.


BRUK 4 NEREBRUKET

Gamalt løpenr. 228 b, nytt løpenr. 542. Gamal landskyld 4 1/2 m. smør. Frå 1838 2 ort 8 sk. 1886 skyld 0.86 skm. 1863 var her 1/2 mål god åker, 2 mål middels god, 1/5 mål ring, i alt 2,7 mål. Engvidda var på 18 mål, 4 mål var god eng, 2 mål middels god, resten ring. Lite dyrkingsjord. Sånad 1 3/4 t. havre, 2 t. poteter. Avling 8 t. havre, 10 t. poteter. 332 v. høy, 56 v. halm. 80 v. høy i slåttene. Skav svarande til 10 v. høy. Fødnad 3 kyr, 3 ungfe, 8 sauer, 3 geiter. Vanleg godt dyrka. Lettbrake, men sers skinlendt. 1/4. mils veg til slåttene. 1875 var sånaden 2 1/2 t. havre, 2 1/2 t. poteter. Fød-naden 4 kyr, 1 ungfe, 16 sauer, 4 geiter.


1818 bygselbrev til Johannes Johannesson Grøtå frå Olav Olsson Njåtveit. Sjå bnr. 3. Johannes heldt fram som bygselmann under skiftande eigarar til 1852, då han fekk kår. Johannes 1788-1861 var g.m. Anna Andersdtr. Stanghelle bnr, 3 1795-1850.

Born:

Johannes 1820-1823.
Brita 1822- g. 1. g.m. Johannes J. Blødal. G 2. g.m. Johannes Sætre, Grøtå bnr. 2.
Johannes 1824 d.s.å.
Kari 1825- g. 1858 m. Ingebrigt Johannesson Jamne.
Anders 1827- brukar i Grøtå.
Sigrid 1829-.
Johannes 1831- brukar i Børsli.
Magne 1833-1835.
Ingeborg 1836- g. 1862 m. Daniel Hestnes. Sjå Sjur Bukkesten. ættesoge for Dale.
Ingeborg 1843-1844.
Askjell 1848 d.s.å.


1820 skøyte til Henrik Jakobsson Ågotnes på bnr. 3 og 4.


1837 skøyte til Olav Olsson Elvik for 50 spd. Olav budde på Rivenes. Sjå Haus s. 169. 1843 vart det halde minneleg utskifting mellom bnr. 3 og 4. Same året fekk Johannes Grøtå nytt bygselbrev. Det gamle frå 1818 vart avlyst.


1853 bygselbrev til Olav Jakobsson Gammersvik. Olav 1815-1900 var frå Toskhelleren, g.m. Brita Ingebrigtsdtr. Gammersvik 1827-1921. Sjå Gammersvik, Porsmyr. Olav og Brita bygsla plasset Porsmyra under Gammersvik 1844. Sidan flytte dei hit og dreiv dette bruket. Olav var skomakar og skinnarbeidar. Det var serleg om haustane han arbeidde skor. Han drog då frå gard til gard med skomakarkista. Olav og Brita fekk kår då dei overlet bruket. Brita flytte seinare til :Dale, der dei fleste av borna hadde busett seg. Ho budde hjå sonen Ingebrigt då ho døydde, mest 94 år gamal. Brita hadde eit godt minne og var flink til å fortelja gamle segner og livsminne.

Born:

Anna 1846- g.m. Jon Trettenes, ættesoge for Dale.
Marta 1847- g.m. Ivar Hesjedal, sjå bnr. 1.
Eilev 1850- g.m. Marta Monsdtr. Boge bnr. 2 1832-. Han var ei tid paktar i Blomdal og i Litle-Bergen. Seinare mylnearbeidar, Vaksdal.
Ingebrigt 1856- tekstilarbeidar, sjå ættesoge for Dale.
Jakob 1858- tekstilarbeidar, sjå ættesoge for Dale.
Knut 1853-1882 paktar på bnr. 3.
Sigrid 1861- g.m. David Hesjedal bnr. 2.
Ole 1864- tekstilarbeidar, sjå ættesoge for Dale.
Gulleik 1867- skomakar, sjå ættesoge for Dale.
Brita 1870- g.m. Johan Sjursson Hesjedal, Dale.
Josef 1872- tekstilarbeidar Dale. Seinare USA.
Maria 1876- g.m. Hans Sjursson Langhelle, sjå ættesoge for Dale. Seinare USA.


1884 skøyte til Olav Johannesson frå enkja og dei andre ervingane etter Olav Olsson Elvik, for kr. 1200,- og kår. Kårytinga var verdsett til kr. 400,- og galdt Olav Jakobsson og kona Brita. I skøytet vart det teke unna rett til krøterbeite for eigarane av garden Litle-Bergen. Olav Johannesson og kona Olina Olsdtr. fekk ei dotter medan dei budde her, Anna Kristine 1885-.


1886 skøyte til Gudmund Johannesson Grøtå 1839-1924, g.m. Maria Knutsdtr. Bukkstein bnr. 1 1831 .

Born:

Maria 1860-1861.
Maria 1861- g.m. Steffen Larsson Almeland, Voss.
Sigrid 1864- g.m. Olav Blomdal, sjå Blomdal bnr. 1.
Johannes g. 1891 m. Dordi Olsdtr. Rongve, Gjerstad, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne, Johannes Sætre.
Andrine 1872- g.m. Olav Sætre, sjå Grøtå bnr. 2.
Brita 1876- g.m. Olav Sætre, Grøtå bnr. 2.


1917 skøyte til Hans Knutsson Midtun for kr. 3050,- og kår til Brita Ingebrigtsdtr. Hans selde bruket året etter og kjøpte eit bruk i Blomdal. Sjå Blomdal] bnr. 4.


1918 skøyte til Nils Olai Espeland for kr. 4100,-. Nils 1885-1950 var g. 1911 m. Ingebjørg Johannesdtr. Børsli 1885-. Dei kjøpte seinare eit bruk på Vikno og flytte dit. Sjå Arna sokn s. 189 og Haus s. 225.


1928 skøyte til Olav Johannesson Fyllingslid for kr. 3500,-. Sjå bnr. 3.


Bnr. 5 Skulehustomt, skyld 1 øre. Skilt frå bnr. 4 1930 og selt 1933 til Bruvik herad for kr. 728,-.


Bnr. 6 Haugen. Skilt frå bnr. 3. 1957 skøyte til Sigurd Fyllingslid frå Kåre Fyllingslid. Sigurd 19**- er bygningssnikkar.


SJURAHAUGEN

Skrapahaugen var nokre teigar på innmarka åt bnr. 2. Teigane var ikkje vidare oppdyrka då Sjur Johannesson Presttun kjøpte dei i slutten av 1860-åra. Han budde der med huslyden sin omlag 20 år. Bruket vert kalla Sjurahaugen. Fødnaden var 1 ku, 5-6 geiter og nokre sauer. Sjurauræ og Sjurberget er også oppkalla etter Sjur Presttun. Før han kom hit, var han skyssmann og postførar på Garnes. Sjå Gjerstad s. 321 og Arna s. 9.

Sjur 1820-1899 var g. 1 g.m. enkja Kari Martina Jonsdtr. Garnes. Dette ekteskapet var barnlaust.

Sjur g. 2. g.m. Ingebjørg Johannesdtr. Blødal 1843-.

Born:

Kari Martina 1868-1901 g. 1890 m. Nils N. Sæterdal, sjå ættesoge for Dale.
Kari Bertina 1870-1947 g.m. Lars B. Øye, sjå ættesoge for Dale.
Johannes 1872-1961 tekstilarb, sjå ættesoge for Dale.
Johan 1875- tekstilarb. Dale g.m. Brita O. Hesjedal bnr. 4.
Magdeli 1877-1913 g.m. Eirik Eiriksson, Ytre Arna, b. USA.
Martin 1882-1912 ug. Dale.

Sjur g. 3. g. 1886 m. Marta Jakobsdtr. Mundal 1835- ca. 1900. Det var ikkje tinglyst skøyte på Sjurahaugen. Då bruket var fråflytt, løyste bnr. 2 innatt jorda og bnr. 1 kjøpte husa.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy