Gnr. 1 Børsli

Frå Vaksdal Historielag

(Skilnad mellom versjonar)
Jump to: navigation, search
(<center>'''LEIGEBUARAR'''</center>)
Noverande versjon (16:07, 21 november 2017) (endre) (undo)
(INNLEIING)
 
Line 44: Line 44:
'''1864 '''bygselbrev til '''Johannes Johannesson Hesjedal''' bnr. 4 og kona Marta Olsdtr. f. Blomdal. Dei skulle svara kår til enkja Ingebjørg Einarsdtr.
'''1864 '''bygselbrev til '''Johannes Johannesson Hesjedal''' bnr. 4 og kona Marta Olsdtr. f. Blomdal. Dei skulle svara kår til enkja Ingebjørg Einarsdtr.
 +
Johannes 1831-1891 og Marta 1842-1881.
-
Johannes 1831-1891 og Marta 1842-1881 hadde desse born:
+
Born:
:Olav 1864-1903 g. 1890 m. Maria Sevresdtr. Herland 1862-1935. Olav var mylnearbeidar i Fotlandsvåg, men flytte 1900 til Bjørsvik.
:Olav 1864-1903 g. 1890 m. Maria Sevresdtr. Herland 1862-1935. Olav var mylnearbeidar i Fotlandsvåg, men flytte 1900 til Bjørsvik.
:Kari 1867-1931 g. 1890 m. smed Andreas Sevresson Herland, sjå Hosanger 1 532-537.
:Kari 1867-1931 g. 1890 m. smed Andreas Sevresson Herland, sjå Hosanger 1 532-537.
:Anna 1870-1954 g.m. gbr. Elling Løtveit sjå [[Løtveit]] bnr. 3.
:Anna 1870-1954 g.m. gbr. Elling Løtveit sjå [[Løtveit]] bnr. 3.
:Johannes 1873-1950 ug. oppsynsmann v/vedlikehaldsvesenet Bergen kommune.
:Johannes 1873-1950 ug. oppsynsmann v/vedlikehaldsvesenet Bergen kommune.
-
:Olina 1876- g.m. mylnearb. Nils Olsnes, sjå [[Vaksdal Ættesoge|ættesoge for Vaksdal og Jamne.]]
+
:Olina 1875-1947 g.m. mylnearb. Nils Olsnes, sjå [[Vaksdal Ættesoge|ættesoge for Vaksdal og Jamne.]]
:Marta 1878- g.m. bygningsmann Askjell Vare, Bergen.
:Marta 1878- g.m. bygningsmann Askjell Vare, Bergen.
:Marta 1879-1880.
:Marta 1879-1880.
Line 61: Line 62:
Johannes var den siste brukaren i Børsli. I hans brukartid var fødnaden 2 kyr og ein del sauer og geiter. Ein del famneved til sal vart hogd i skogen. Mellom onnene var Johannes mykje borte på ymse arbeid, helst steinarbeid. Han var også mykje nytta til kjømeister i veitsler. Johannes miste livet ved ei drukningsulukke. Han hadde vore til kverna og var på heimveg med mjøl. Han kom truleg til å snåva då han skulle gå or båten, fall i vatnet og kom ikkje laus frå det tunge kvernbyttet.

==<center>'''LEIGEBUARAR'''</center>==
==<center>'''LEIGEBUARAR'''</center>==

Noverande versjon

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band II

Gards og ættesoge for Børsli.

GNR. 1 BØRSLI

INNLEIING

Børsli ligg ved Storavatnet på Osterøy i Mjelde skipreider Allmenning. Næraste grannegardar er Blødal og Blomdal.

Gardsnamnet vart skrive Børslien 1801. Seinare er det stundom skrive Børslid. Den siste forma er nytta som familienamn. «Aldeles uvis forklaring» skriv Oluf Rygh om dette namnet i Norske Gaardnavne. Seinare namnegranskarar har vore inne på den tanken at fyrstelekken kan vera eit mannsnamn.

Garden vart truleg teken opp på slutten av 1700-talet. Den fyrste kjende bygselsetelen er frå 1801. Garden har aldri vore sjølveigande. Alle brukarane har bygsla hjå styret for Allmenningen.

1863 vart garden skyldsett for fyrste gong. Skylda vart fastsett til 18 skilling. 1886 vart skylda sett til 22 øre. Det gamle matr.nr. var 161, løpenr. 591. I Bruvik herad var Børsli gnr. 12.

Dei mest utførlege opplysningane om Børsli finn me i Herredsbeskrivelsen av 1863. Her var då 1/2 mål god og 1 mål ring åker. Innmarka elles var 17 4/5 mål. Omlag halvparten var middels god eng. Resten var ring. Dei sådde 1 t. havre og 1 1/2 t. poteter og hausta 3 1/2 t. havre og 5 t. poteter. I utslåttene hausta dei 24 våger høy. Lyng og beit svara til 10 våger høy. Fødnaden var 2 kyr, 4 sauer, 2 geiter. Her var skog nok til ved og hustømmer. Bruket var noko skinlendt, og her var ikkje kvernstøe.

Husa i Børsli var etter måten små. I stovehuset var det kjøken, stove og eit kammers nede. Ovanpå var det 2 små loftsrom.

Den fyrste kjende brukaren var Anders Monsson Hesjedal. 1801 vart festesetelen hans tinglyst. Før Anders tok til å rydja seg gard i Børsli, hadde han saman med broren Mons rudt oppatt øydegarden Åsen i Hesjedal. For dette fekk dei to brørne 1782 ei påskjøning på 25 rdl.

Anders 1750-1828 og kona Gjertrud var barnlause. Gjertrud var 105 år gamal då ho døydde 1827. Heimstaden og slekta hennar veit ein lite om. Det vart halde skifte etter Anders og Gjertrud 1829. Bruttosummen i buet var 14 spd. 4 sk., men gjelda var 29 spd. 16 sk., så det vart ikkje noko å dela mellom ervingane. Ervingane etter Anders var systra Brita som var gift på Byrkjeland i Gjerstad sokn, og borna etter den avlidne broren Mons Monsson Vik Br. Skifteretten hadde ikkje kjennskap til ervingar etter Gjertrud.

Dei ymse offentlege dokument inneheld ulike namn. I skifteprotokollen er ho kalla Gjertrud Matiasdtr., i kyrkjeboka Johannesdtr., og i kårbrevet 1824 vart ho kalla Gjertrud Andersdtr.

1824 festesetel til Olav Johannesson Grøtåen. Samstundes vart det tinglyst kårbrev til dei gamle brukarfolka. Kåret var verdsett til 70 spd. i 5 år. Olav 1793-1858 var g.m. Ingebjørg Einarsdtr. Dale bnr. 14 1797-1874. Dei var husfolk på Dale nokre år før dei kom hit. 1875 vart det halde skifte etter Ingebjørg. Nettoen i buet var 34 spd. 1 1/2 sk.

Born:

Ingeborg 1819- g. 1850 m. Tomas J. Sæterdal 1825-, b. i USA.
Brita 1820-1888 g.m. Olav Ivarsson Vassdal, b. Vikno. Sjå Haus s. 222.
Brita 1824- g. 1851 m. Nils Olsson Vaksdal, sjå Vaksdal bnr. 1.
Einar 1826 d.s.å.
Kari 1832- sjå leigebuarar.
Anders 1834- b. i USA.
Johannes 1837- b. i USA.
Johannes 1842- b. i USA.

1864 bygselbrev til Johannes Johannesson Hesjedal bnr. 4 og kona Marta Olsdtr. f. Blomdal. Dei skulle svara kår til enkja Ingebjørg Einarsdtr. Johannes 1831-1891 og Marta 1842-1881.

Born:

Olav 1864-1903 g. 1890 m. Maria Sevresdtr. Herland 1862-1935. Olav var mylnearbeidar i Fotlandsvåg, men flytte 1900 til Bjørsvik.
Kari 1867-1931 g. 1890 m. smed Andreas Sevresson Herland, sjå Hosanger 1 532-537.
Anna 1870-1954 g.m. gbr. Elling Løtveit sjå Løtveit bnr. 3.
Johannes 1873-1950 ug. oppsynsmann v/vedlikehaldsvesenet Bergen kommune.
Olina 1875-1947 g.m. mylnearb. Nils Olsnes, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
Marta 1878- g.m. bygningsmann Askjell Vare, Bergen.
Marta 1879-1880.

Johannes g. 2. g. 1882 m. Kari Nilsdtr. Tyssebotn 1843-1929. Sjå Hosanger 1, 2. del s. 148.

Born:

Nilsine Martine 1884-1959 g. 1910 m. gbr. Jens Martin Espeland, Arna s. 192.
Ingebjørg 1885- g. 1911 m. Nils Olai Espeland. Sjå Hesjedal, Dale sokn bnr. 4.

Johannes var den siste brukaren i Børsli. I hans brukartid var fødnaden 2 kyr og ein del sauer og geiter. Ein del famneved til sal vart hogd i skogen. Mellom onnene var Johannes mykje borte på ymse arbeid, helst steinarbeid. Han var også mykje nytta til kjømeister i veitsler. Johannes miste livet ved ei drukningsulukke. Han hadde vore til kverna og var på heimveg med mjøl. Han kom truleg til å snåva då han skulle gå or båten, fall i vatnet og kom ikkje laus frå det tunge kvernbyttet.

LEIGEBUARAR

Johannes Johannesson Koppen 1821-1866, f. Koppen, Gjerstad sokn Osterøy. G. 1850 m. Kari Olsdtr. Børsli 1832-1928. Johannes kollsiglte og drukna på veg frå Bergen til Ask. Fyrste året dei var gifte, budde dei til leige på Indre Boge. 1851 flytte dei hit. Seinare på året flytte dei til Erdal på Askøy. Seinare paktar dei garden Træet, no Sollien. 1875 vart det halde skifte etter mor åt Kari, Ingebjørg Einarsdtr. Då var Kari enkje og budde på Hop på Askøy.

Born:

Johannes 1850-, fødd på Indre Boge .
Ole 1851-.
Berent Martin 1860-1885 f. på Ask.
Hans Johan 1865-1957 f. Ask.
Johannes d.y. 1867-1906 f. på Ask.

© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy