Glimt frå livet på ein gard, av Johan Hatlestad

Frå Vaksdal Historielag

(Skilnad mellom versjonar)
Jump to: navigation, search
Noverande versjon (11:01, 24 oktober 2010) (endre) (undo)
 
(2 intermediate revisions not shown.)
Line 3: Line 3:
<p align="center"><font size="+1"> Glimt frå livet på ein gard i Bergsdalen for 50-60 år sidan </font> <br/>
<p align="center"><font size="+1"> Glimt frå livet på ein gard i Bergsdalen for 50-60 år sidan </font> <br/>
-
<font size="o> ''Av Johan Hatlestad.'' </font>
+
<font size="o> ''Av Johan Hatlestad'' </font>
</p>
</p>
Line 93: Line 93:
-
[[kategori:Bygdebok artikkel Bergsdalen]]
+
{{kategorisere Bergsdalen artikkel}}
-
{{Historielag rettar}}
+
{{rettar}}

Noverande versjon

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Glimt frå livet på ein gard i Bergsdalen for 50-60 år sidan
Av Johan Hatlestad


Tenkjer me oss litt attende i tida, vil me snar sjå at både arbeids-og driftsmåtar og miljøet på gardane har gjennomgått ei stor forandring på få år. Kanskje meir forandring på dei siste 30 år enn på dei 300 førgåande.

Her er prøvt å teikna eit lite bilete av ymse arbeidsmåtar frå tida før alle dei noverande tekniske hjelpemidlar var kjende. Elektrisk kraft var då ein framtidsdraum, til ljos vart nytta parafinlampar og heimelaga talgljos. Gardane i dalen var helst små og tungdrivne, og heile grenda måtte seiast var noko avstengd den tid, endå køyrevegen frå Dale stasjon til Hamlagrøosen var opna i 1910, og 10 år seinare tok dei fyrste bilane til å gå i ruta på denne strekningen i 3-4 sumarmånader; men helst til meir plaga og skremsel for hestar og køyrekarar enn til nytte for dei fastbuande.

Lat oss prøva fylgja ein vanleg huslyd her for 50-60 år sidan, og det kan vera på kva gard som helst i dalen.

Dei er mann og kona med 6-7 born. Kårfolk er det og på garden, dei skøytte garden til sonen og tok kår då han gifte seg. Kårbrevet vart høgtideleg formulert og underteikna og alt tilhøyrande, før det vart sendt til tinglesing. Dette papiret viste kva rettar kårfolket hadde til kyr og sauer, hus og brensel, og hjelp av ymse høve. I det heile var kåret eit stort innhogg i det vesle garden produserte, men slik hadde det alltid vore. Dei som no var kårfolk hadde i si tid ytt kår i dryge 30 år, so dei visste kva det var.

Alders- eller folketrygd hadde ingen so mykje som drøymt om den gong.

Det er tidleg vintermorgon og kaldver. Sjølvefolket som ligg i stova saman med dei minste, er nett vakna. Det er kaldt i stova, men kona får snart elda opp i kokeomnen og får kjelen påhengd. Til mannen har vore stad og stjorna hesten, er kaffien på kok, so dei kan ta til med bisken.

Det var tanken å brøyta veg i marka i dag for å få heim ein høystakk, og då må gutane på lemmen vekkjast.

Nokre dunk med enden av kosteskaftet oppunder lemsgolvet er signalet, og litt etter høyrest liv i halmsengene oppe, og gutane kjem ned. Dei som går på skule må òg stå opp og gjera seg ferdig i god tid. Dei går på skule annakvar veka, avdi læraren har to krinsar og er ei veka på kvar stad.

Kona tek på seg florsstakken og kveikjer parafinlykta, og saman med største jentungen går ho i floren for å gjera fyrste stjornet. Kvelden før har ho viska vondlar i vidjekjessa, so det står ferdigt det kvar ku skal ha. Likeso er det tillaga i ei kipa til sauene, ein vondel til kvar sauejøta. Husmora har eit visst ansvar for at fòret vert drygd ut på beste måte utan å sveltefora. Høyløysa på ein gard er noko av det verste som kan henda. Det fell seg dyrt å kjøpa høy og mjøl, og so må dei ut på berging, som dei sa, det er å fara skog og mark og riva bjørnekam og mose til å dryga foret med.

Mannen tek seg eit tak i høystålet og skjer laust noko høy med høykniven, resten i floren er kvinnfolkarbeid, bortsett frå hesten, den steller han sjølv til vanleg.

Det tek til å ljosna, og rjupeleiken i liene tek til å stilna av. Mannen og dei to sønene hans er budde til fara på snøbrøyting. Dei har gode vadmålskler og snøsokkar utanpå pliggskorne. Han sjølv har teke på seg "fætaskor" eller lodneskor, og vidjatruger til å trakka snøen med.

Der det er skrålendt må dei spa ut snøen til braut, og ei høybraut må vera brei og god, for eit høylass er romstort.

I dag vil dei brøyta til den høystakken som er lengst borte, dermed har dei underbraut til det som er nærmare, både høy og ved. Etter middag set dei "ringtrug" (d.e. trug på alle fire føtene) på hesten og set han for sleden for å prøva brauta. Om hesten av og til slår igjennom, so fyller dei på snø og trakkar til, og dei reknar med å. køyra berrleista (utan trug) neste dag.

Dagen etter er det høytak. Dei har fått med seg ein mann frå grannegarden for å vinna det på ein dag. Stakken står litt oppi lia, so høyet må dragast ned til brauta i sloar.

Det skal litt tame til leggja ei god vetrabør, og ho skal vera so stor som berre tòget kan nå. Dei rekna at det gjekk to sumarbører på ei vetrabør, for den skulle ikkje berast, men dragast eller køyrast. Dei gamle rekna ei god vetrabør til vera 5 våger (90 kg).

Når tre bører er ferdige, vel snørde og avpussa, legg dei børene på sida og bind dei saman til ein sloe. Og ein godtlaga sloe glir fint på snøen der det hallar litt unna.

So kjem køyrekaren med hesten, og det går tre bører i lasset. Dei vert sette på tvers av sleden og gyrde fast med høytong, det var ei avlang treråma som låg oppå langs lasset med tòg under sleden. Dei set og på tverrgyrdingar for å få lasset stødig. Ved ein bratt unnabakke set køyrekaren på "reist", det er ein tjukk klave, samantvinna av bjørkevidjer, som vart festa om sledemeien for å bremsa lasset.

Før det skymest for mykje er siste lasset kome i løda, og karane går inn til ein god middag av smalahove, poteter, flatbrød og surmjølk.

So står det for tur å få vedkostane heim. Småveden vart lagd i kost ukvista om hausten, berre grovaste strangane var fråkappa og kvista. Lass etter lass vart køyrt heim og lagt i kost ved skytjeveggen. Det var eit langdrygt arbeid for gutane å hogga opp all småveden og leggja inn i skytja. Berre tunnaste kvistane vart lagt ifrå til beit åt kyrne. Medan gutane hogg på veden, fekk dei og ta nokre timar for dagen til å sjå om rjupesnarene sine. Dette er noko dei likar, og mang ein kvit fugl vart henta heim or skogen. Dette er mest einaste måten dei kunne få seg nokre kroner i neven på, og so var dei sjølvhjelpne med pengar til ski- og skeiseutstyr og anna. Grovaste strangane vart kappa i alneved til sal. Noko av kubbane vart teke til skaving, nevra avflekt og borken skavd i tunne strimlar til kufòr, og nevra nytta til kveiksle i omn og eldhus. Av langveden tok dei gjerne med eit kvartmål på sleden når dei hadde ærend til Dale med hest. For eit mål turr bjørkeved levert på huset fekk dei 20-25 kroner den tid.

Dei lange vintrakveldane vart godt utnytta til kveldsetearbeid for heile huslyden, bortsett frå dei alle minste.

På kvinnesida var det karding, spinning, spøting og klevøla, og på karasida var det mykje trearbeid, so som ljåorv, river, skaft av ymse slag, sleiver, auser og treskeier, skovøling, ettersyn med hesteselar og køyregreier med meir. Sume var og kunnige på laggingsarbeid eller treskograving, so dei kunne hjelpa både seg sjølv og andre med slikt. Andre kunne laga hornskeier, eller fletta korger, eller binda heresold av bjørketeger, og mykje meir. Eit viktigt arbeid var å laga gode vidjer. Til det vart skore bjørkerynningar frå 1-1 1/2 m lange. Desse vart kvista og reinskrapte for bork og vridne snur i, slik at fibrane opna seg litt, og etterpå vart dei bundne saman kvar for seg i ein ring slik at snuren heldt seg. Når vidja skulle brukast, vart ho bløytt for å vera mjuk og føyeleg. Ei vidje var utruleg sterk når ho vart rett handsama, og vart brukt til so mangt: til homleband, til binding av høykjesser og truger, til smalegrindar og jøteoppheng, og mangt anna. Støls- og utmarksgrindar vart og hengsla med to vidjespenningar, og attlatet var òg ein samantvinna vidjetamp med ein tverrpinn, klure, i enden. Denne vart tredd mellom to av grindremane og lagd på tvers av desse når grinda var stengd.

Husbonden sjølv hadde i dagevis arbeidt med ein ny slede. Ein gnellturr meiekubb vart handslissa til to meiar, attåt måtte han ha emne til stabein, flautar, meidvål, remar og snellebein, og alt vart teke av bjørkevyrkje som var vakse på garden. Når emna var tiløksa, var det å gå laus på dei med tomannshøvelen, den hadde fire handtak, so at ein mann drog og ein skuva på, då kunne dei stilla høvelen grov, so at det muna meir. Når sleden var ferdig, vart han send til ein smed, som skodde og beslo han.

Med det er godt snøføre må dei òg tenkja på å få møk opp i brattaste bakkane og på åkrane. Brauta vert lagd i svingar for at det ikkje skal verta for stor stigning, og møkholer vert spadd ned på bakken. Det vart ofte lagt lagvis ku- og sauemøk i kvar hola.

Når våren nærma seg og det var godt skareføre, måtte dei passa på å molda (aota) snøen på flatane der han vart lengst liggjande. Dette kunne fløyta tøyren med 2-3 viker om det vart soltøyr. So er det våren. Snøen er borte, herre i holer og delder ligg litt att. Straks regnet kjem no, so er tid for møkbreiing. Dei utkøyrde møkdungane vert ferda kring bøen, finhakka og spreidde med greip. Etterpå vert det køyrd møkharv og raka etter med riva for å få alt vel smuldra.

So står åkrane for tur. Etter gjødsla er spreidd, vert dei omspadde med greip og molda slengd godt oppover. Molda hadde lag til fara unnabakke med alt anna arbeid i åkeren og samla seg i nedste reina. Før sådde dei alltid litt korn på kvar gard i Bergsdalen, om ikkje for anna enn sengehalmen; men dette vart det meir og meir slutt med no. Poteter og kålrot veks godt og vart dyrka både til folk og fe. So kom tida for hesjabinding. Dei hadde ei mengd faste hesjar på bøen som stod ute vetter og sumar, og desse måtte ha eit ettersyn kvar vår. Då måtte avrotna staurar og troer bytast ut og bindast opp att. Frå gamalt brukte dei bjørkebendlar til binda med, men no var dei flestre tilfarne binda med streng. Risgardane måtte og setjast i stand før kyrne vart utslepte. På risgardane vart lagt eit omfar med nyhogd gardvond (gjerdetilfang) kvar vår, for å få den rette høgda.

Den dagen kyrne skal løysast er som ein festdag for både folk og krøter. Ku for ku vert leidd om garden, for å hindra at dei spring rundt i åker og eng, for no er kyrne kåte og styrlause. No er budeiene fri florsstellet heime, men i staden må dei gå til sumarfloren morgon og kveld og bera mjølka heim. Til dette brukar dei eit ryggbytte av tre, og dette saman med byttningen (skinn og gjord) som dei brukar til lok, er oppvaska og ettersett.

Attåt alt anna Hors- og husstellarbeid om vetteren, har kona på garden sett seg tid til å ha oppe kvitlavev, og ein stuv kvitlar (ullteppe) er sendt til stamping og luing.

No høyrest dur av kjevle, og ein god gjem av nysteikt flatbrød kjennest frå eldhuset, der dei er i gang med baking for sumaren. Det er oftast so at dei hjelpest åt med slikt arbeid i grannelaget. Men no er tida at karane må ta seg nokre dagar i losteskogen. Dei har eit gamalt merkje, at når raunen blømer, "går" bjørka best. Om der ikkje er so svært mange lostebjørker å finna på garden, so har dei alltid greidd å halda hustaka med never; og no når vosseskiferen tek til å verta meir og meir brukt, so minkar det med nevertak på kvar gard. Borken brukar dei til å barka eit ku- eller kvigeskinn år om anna. So får dei skomakar på huset til å laga sko som trengst åt huslyden.

So kjem slåtten, og alt anna må vika. Lang- og stuttljåar er oppslipte, orv og river ettersedde. Kring dei faste hesjane brukte dei stuttorven, og der det var steinut og ujamnt. So var det å slå det graset som var mest utvakse til kvar hes, og ein gangveg til neste.

Når alle hesjar var fulle, var kanskje dei fyrste turre og kunne takast inn, og dei gjekk i gang med andre hesjafylla. Vart dei opprådde for hesjar, slo dei markagras som dei turka på bakken. Det har ikkje vore brukt hesjar til markhøyet i Bergsdalen, avdi graset var kort og skyrt og hang lite i hes.

Kom det varigt godver og enggraset var utvakse, slo dei flathøyteigar og fekk det turt på to dagar. Dette fløytte godt på slåtten, og so fekk dei meir hå der det alt var jamslege.

Dei faste hesjane gjekk etter kvart or bruk, dei sette heller opp strenghesjar når dei hadde bruk for det, og tok dei ned att etter bruk. I slåtten var heile huslyden ute på teigen, om veret var nokolunde, frå besteforeldre til speborn, og alle hjelpte til etter beste evne.

Etter som det leid på sumaren, var det markslåtten som tok meste tida. Der vart graset slege og raka i breitler på dei turraste teigane. Når godveret kom, var det å snu det med riva so det fekk turka på undersida. So var det å få det i ei markløda eller setja det i stakk, alt etter som det var tillaga i slåtta.

Endeleg ein dag er dei i ferd med å høya i siste stakkstøe for dette året, og alle er glad for at ei stri onn går mot slutten. Dagane har alt kortna, og arbeidet må gå kvikt om dei skal vinna det før mørkret fell på. Etter middagen, som idag er skyrsoppa og spekekjøt, kan dei alt ta til å raka saman og bera til stakksplassen. Husbonden sjølv fengjer og legg på tòg, og gutane ber. Han kan kunsten å leggja gode bører, dei må vera faste og liggja høgt på ryggen om dei skal vera gode å bera.

Å stekkja ein god høystakk var ein kunst som gjekk frå far til son eller dotter, og kunne lett mislukkast om uvane folk tok i ferde. Fyrst var det å setja opp ei kraftig stakkstong med støtter, litt høgare enn stakken vart. So var det å leggja godt med bjørkeris på bakken for at ikkje vatn skulle trekkja opp i høyet. Det galdt å døma rett om vidde og høgd etter børetalet, og stekkja slik at han ikkje tok inn vatn. Fengjene i yta måtte skrå passeleg ut, so han skara av seg. Til slutt er stakken ferdig, og der er so vidt det er plass til mannen på den smale toppen. Ein ring av tvinna enghøy vert surra om stonga, og so ei seig grastorv med hol i midten vert tredd nedpå for å halda toppen på plass. Dei yngste og dei som skal mjølka kyrne, er alt tekne på heimveg, men karane må få opp ein risgard kring stakken, so ikkje kyr og sauer kjem til og gjer skade.

Det er alt nokso myrkt før alle kjem i hus om kvelden, og oljelampen vert kveikt med dei får seg kveldsmat, dette minner meir enn noko om at hausten er komen.

So er det håslåtten. Håa vert køyrd på tremeiaslede eller hjulslede, etter som lendet er, og lagd i håkabbe ute.

Sidan kjem potetopptak og anna innhausting.

Etterpå sauesanking, klipping, slakting og alt som fyl med dette. Men hausten held seg fin, og dei tek til å bryta ny åker i ein skrapteig på bøen. Steinen vert lagd i haug so dei kan få han køyrd bort på snøføre. Her skal verta ny potetåker til våren, og gamal åker skal leggjast att i staden.

So går det mot jol att. Karane har vore i skogen og hogd saman årsveden.

Ein dag tek dei til å laga talgljos. Sauetalga vert smelta i ei gryta, og eit høgt smalt trebytte vert halvfylt med kokande vatn. Den smelta talga flyt på vatnet og held seg varm. På nokre teinar er knytt ljosveik, og so vert veikane dyppa i talga og hengd til avkjøling. Gong etter gong etter gong må dette gjerast, til ljosa er passeleg tjukke. Joledagsmorgon er husmora tidleg oppe. Etter gamal skikk skal ho gje heile huslyden mat på senga for ho sjølv går i floren. So kjem ho med jolebakst og kaffi, eller ein kopp sjokolade til kvar einskild. Talgljosa på sengstokkane lyser og skin. Alle ligg og kjenner på kor godt dei har det. Likare kan ikkje kongen i si seng ha det ein joledagsmorgon.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy