Gardssoge for bnr. 1-21

Frå Vaksdal Historielag

(Skilnad mellom versjonar)
Jump to: navigation, search
('''BRUK 6''')
Noverande versjon (14:37, 18 november 2017) (endre) (undo)
('''BRUK 9''')
 
Line 1 066: Line 1 066:
-
'''1901''' skøyte til''' Ivar Monsson''' 1851-, g.m. Brita Monsdtr. Olsnes ca. 1848-1943.
+
'''1901''' skøyte til''' Ivar Monsson''' 1851-1922, g.m. Brita Monsdtr. Olsnes ca. 1848-1943.
Born:
Born:
-
:Mons 1886-, brukar her.
+
:Mons 1886-1944, brukar her.
Line 1 075: Line 1 075:
Born:
Born:
-
:Borghild Konstanse 1910-, g.m. lærar Samuel Dale. Sjå [[Ættesoge|ættesoge for Dale.]]
+
:Borghild Konstanse 1910-1979, g.m. lærar Samuel Dale. Sjå [[Ættesoge|ættesoge for Dale.]]
-
:Ingolf 1920-, brukar her.
+
:Ingolf 1920-1988, brukar her.
-
'''1950''' skøyte til''' Ingolf Monsson''' 1920-, g.m. Edith 19**-, dtr. åt fiskar Gabriel Iversen, Hjelma, og kona Borghild.
+
'''1950''' skøyte til''' Ingolf Monsson''' 1920-1988, g.m. Edith 1924-2013, dtr. åt fiskar Gabriel Iversen, Hjelma, og kona Borghild.
Born:
Born:
Line 1 087: Line 1 087:
<center>
<center>
 +
==='''BRUK 10'''===
==='''BRUK 10'''===
</center>
</center>

Noverande versjon

<Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band II | Gnr. 22 Dale


Gardssoge for Dale.


GNR. 22 DALE
Brukssoge for bnr. 1 – 21.


Innhaldsliste

INNLEIING

Dale ligg 2,5 km nordaust for Helle, i dalføret som går frå botnen av Dale-vågen nordover mot Bolstadfjorden. Næraste grannegard mot nord, Dalseid, ligg i nordenden av dalen. Fråstanden mellom tuna er 4,5 km.

Omlag midtveges er dalføret stengt av ei høgd, Holhovden, som dannar vasskilje. Nordover mot Bolstadfjorden renn det ein bekk som heiter Dalseidbekken. Sørover mot Dalevågen renn det ei stor elv som kjem ned gjennom ein sidedal, Bergsdalen. Elva kjem frå Hamlagrøvatnet som ligg 588 m. o. h. Den øvste delen vert kalla Bergsdalselva og er omlag 17 km lang. Den eldste delen, Dale-elva, er omlag 6 km. lang. Fleire sideelvar og ei mengd bekker renn ut i denne elvestrekninga. Dei største er Norselva og Moko.

I den øvste delen av Dale-elva er det eit par store fossar, Møyadalsfossane og Forklefossen, men på dei siste 3-4 km er fallhøgda liten og dalbotnen nokså flat. Dalbotnen her er gamal sjøbotn med store avleiringar av stein og grus som elva har ført med seg gjennom tusenvis av år. Dei største grusterassane ligg på stader der dalen vidar seg ut og elva renn i ein stor boge, i Kvammen og i den store botnen mellom Kleivfjellet, Beitelen og Nonhaugane. Her ligg innmarka og tunet, omlag 1,5 km frå botnen av Dalevågen.

Grensa mot grannegardane går alle stader i utmark. Dale grensar mot Helle, Fylingslidd, Dalseid, Furnes, Verpelstad og Fosse. Grensa mot Fosse var før heradsgrense og prestegjeldsgrense mellom Bruvik og Evanger. Grensa mot Fylingslidd, Dalseid, Furnes og Dalseid er soknegrense mellom Dale og Stamnes.

Frå Blåfjellet sør for DalestØlen og nordvestover til Dalevågen går grensa mot Helle. Ho held fram på nordvestsida av Dalevågen opp på høgda. Her vinklar grensa mot nordaust og fylgjer brotalaget på vestsida av Hestafjellet til Søre Krokavatnet. Frå vinkelen til Søre Krokavatnet grensar Dale mot Fylingslidd. Frå Krokavatnet til Nordrenova grensar Dale mot Dalseid. Mellom Nordrenova og Storedystingen grensar Dale mot Furnes og Verpelstad. Sjå III s. 428, 449 og 461. Frå Storedystingen går grensa hovudsakleg mot sør-sørvest tvers over Bergsdalen attende til Blåfjellet. På dette stykket grensar Dale mot Fosse.

Gardsnamnet vart skrive Dall 1427, 1563 og 1610. 1490 vart det skrive Daler, 1620 Dalle. Elles har det mest alltid vore skrive Dale. Denne skrivemåten finn ein 1317 i det fyrste dokumentet om garden, i 1427, 1468, 1667 og 1723. Namnet er ei dativform av hankjønnsordet dal. Det er eit usamansett namn, og difor vanskeleg å tidfesta. Men det kan seiast nokså visst at namnet er eldre enn dei samansette namna Hesjedal, Sæterdal, Herfindal og Vaksdal.

Det er gjort fleire fornfunn på Dale. Det eldste funnet er ei steinalderøks frå Jotræet søraust for Storelva. Øksa er i Bergens Museum. På Lauvgards-floten vart det funne fleire våpen ved tomtegraving kring år 1900. Dei skreiv seg truleg frå ei mannsgrav. Det skal ha vore ein gravhaug der heradshuset no står. Tradisjonen fortel også om at det var restar etter gravrøyser i Holhovden. Då dei grov ut tomter, skal det ha vore gjort ein del funn. Men funna frå Lauvgardsfloten og Holhovden er ikkje tekne vare på.

Gravhaugar og røysar finst det fleire stader på den gamle innmarka. På Skeie, nokre meter nord for jarnbana, sør for løa på bnr. 14, er det merke etter ein gravhaug. Haugen var meir synleg før. Fleire haugar eller røysar har vorte borte ved dyrking. Ein av haugane heitte Rudkallen. Det er eit namn som er kjent frå fleire gardar. Som regel er det knytt til ein haug der den som rudde garden skulle vera gravlagd. Rudkallen låg omlag 70 m. ovanfor brua over Norselva.

Korkje gardsnamnet eller fornfunna gjev noko sikkert haldepunkt for alderen på garden. Steinalderøksa frå Jotræet gjev ikkje noko prov for fast busetnad. Det er truleg ein veidemann som har mist henne. I steinalderen ferdast det nok mange veidemenn i denne dalen. Den store buplassen under Skipshelleren låg ikkje langt borte. Folka der kjende visseleg til fiskerikdomane i Daleelva. Det ligg nær å tenkja seg at dei heldt til ved elva visse tider på året, når laksen var lett å fanga. Det var serleg i gytetida om hausten, når laksen stod still i hølane. Heilt fram til 1860-åra vart det drive laksefiske om hausten. Reiskapen som dei brukte var ei stor teine som laksen vart jaga inn i. Det vert gjort nærare greie for dette nedanfor i avsnittet om fiske. Her skal det berre nemnast at fangstmåten er kjend heilt frå steinalderen, og at han truleg har vore nytta i Daleelva 3-4000 år, kanskje endå lenger.

I yngre steinalder, 2500-2000 f. Kr., vandra det inn jordbruksfolk i ein del kyst- og fjordbygder, m. Å. i indre Hardanger. I bronsealderen, 1500-500 f. Kr., var det fleire stader storgardar med mange folk og allsidig næringsdrift. Dei dreiv både åkerbruk, feavl, veiding og fiske. Overgangen til jarnalderen vart markert med eit klimaskifte. Veret var kaldare, og krava til hus og forråd var større. Vilkåra vart hardare for jordbruksfolka. Fangst og fiske vart viktigare enn det hadde vore i varmetida, då husdya kunne gå ute om vinteren og varmekjære vokstrar var lette å dyrka.

Næringsgrunnlaget på Dale var så allsidig at ein godt kan tenkja seg fast busetnad heilt frå yngre steinalder. Likevel bør ein vel, så lenge dei arkelogiske haldepunkta ikkje er fleire, stogga ved jarnalderen. At folk hadde teke til med åkerbruk og feavl på Dale ved Kristi tid, kan ein vel rekna for å vera nokså sannsynleg.

I slutten av det 4. hundreåret vandra hordane inn i Hordaland. Det var ein germansk folkestamme som kom hit frå Mellom-Europa. Folkevandringstida 400-600 var ei tid med store omskifte, ikkje minst i desse bygdelaga. På Voss vart det ein rein eksplosjon i busetnaden, med stor tilflytting og nydyrking. I fjordbygdene, der det var meir busetnad frå før, fekk dei også merka presset frå innvandringa. Strid om makt og landområde, plyndring og åtak av framande, gjorde det naudsynt med forsvarstiltak. Fleire stader gjekk folk saman om å byggja bygdeborger der dei kunne forskansa seg når fienden kom.

På Dale finn ein merke etter noko som kan ha vore ei bygdeborg. Det er haugen Børjelen søraust for tunet. Haugen fell bratt ned mot aust, vest og mot elvebarden på sørsida. Mot nord er det ein etter måten smal morenerygg som fører frå tunet bort på haugen. Namnet på haugen tyder ei lita borg. Det kan tenkjast at namnet er gjeve berre avdi haugen likna ei borg. Men staden må i alle fall ha vore svært høveleg til å byggja eit vern for garden, som må ha lege svært utsett til i folkevandringstida. Det tronge dalføret mellom to fjordarmar var ein viktig ferdsleveg. Garden som låg der, var den største og verd-fullaste på lang lei.

I kystbygdene vaks det i folkevandringstida fram ein hovdingklasse. Store og verdfulle gardar som låg strategisk til vart hovdingsete. Fleire av desse gardane vart seinare kongsgardar, fyrst for nesjakongar, sidan for den sentrale kongemakta.

Segna fortel at det skal ha butt ein nesjakonge på Dale. Han heitte Laugar og rådde over eit stort landområde. Laugar hadde ein hær på eit par hundre våpenføre menn. Ein annan nesjakonge som heitte Herfinn budde lenger ute i fjorden. Han var ikkje fullt så mektig, for landområdet hans var ikkje så godt. Herfinn budde seg til strid mot Laugar. Han tok mennene sine med seg over fjellet og tok seg ned i Bergsdalen nedanfor Kvamstølen.Ei gjætargjente hadde vorte var hæren oppe på fjellet og fekk varsla kong Laugar. Han fylkte mennene sine på sletta oppe i Kvammen og tok mot Herfinn då han kom dit. Det vart ein kvass strid. Laugar fekk banesår og Herfinn fekk ulivssår. Han rømde heim med dei få mennene han hadde att. Aret etter døydde han av såra som han fekk i striden. Laugar vart gravlagd på vollen der striden hadde stått. Dei falne mennene vart brende og oska vart lagd i hovdinggrava saman med liket og våpna åt kong Laugar. (Hmsm. Karl Hesjedal.)

Ei onnor segn fortel om ein mektig mann som åtte alt som var mellom Fossmark og Bolstadøyri. (Hmsm. Einar Dale.) Denne segna inneheld få detaljar. Det gjer derimot ei segn om den mannen som budde på Dale på slutten av 1100-talet, då Sverre Sigurdsson var konge. Han heitte Torbjørn Ivarsson og høyrde til motmennene åt kong Sverre. På ei ferd vestover frå Voss kom kong Sverre med hirden sin til Dale. Då Torbjørn fekk veta at birkebeinarane var ventande, sende han dei to døtrene sine, Ingebjørg og Margreta, til støls. Ingebjørg var løynleg trulova med ein birkebeinar som heitte Vagn Olavsson. Då Vagn fekk greie på kvar Ingebjørg var å finna, bad han kongen om lov til å vitja henne.

Kong Sverre bad Torbjørn henta døtrene heim, og ein tenestgut vart send til støls etter dei. Margreta hadde fått festarmannen sin, Gorm Gormsson frå Mjelde, på vitjing. Ho ville vera på stølen, men Ingebjørg fylgde med heim. Kongen tykte vel om henne og såg gjerne at det vart giftarmål mellom Ingebjørg og Vagn Olavsson. Han visste at Vagn var av god ætt. Det visste ikkje Torbjørn. Då kongen bad han gje samtykkje til giftarmålet, svara Torbjørn at han ville ikkje sjå dotter si i husmannskår, gift med ein ransmann. Sverre sa då at han ville gjera Vagn til lendmann, og at han ville syta for at ætta hans fekk att dei eigedomane dei hadde mist i ufredsåra. Då vart det slutt med motstanden frå Torbjørn si side. Bryllaupet mellom Ingebjørg og Vagn vart halde straks etterpå. Kongen og mennene hans var mellom gjestene. Men med Margreta, syster åt Ingebjørg, gjekk det ikkje så vel. Ho og Gorm Gormsson vart tekne av eit snøskred som la seg over seterhusa. Båe dei unge miste livet i ulukka. (Hmsm. Karl Hesjedal.)

Endå om desse segnene har med ein del detaljar som kan ha kome til i seinare tid, må ein kunna rekna med at dei inneheld ein historisk kjerne. Teorien om at Dale har vore eit hovdingsete vert også styrkt ved det eldste skriftlege vitnemålet om garden, eit skiftebrev frå 1317. Mannen som det vart halde skifte etter, var bonde på Dale. Han heitte Sigurd og bar tilnamnet Tanne. Han åtte store jordeigedomar i Evanger og på Voss, i tillegg til den garden han budde på. Sjå eigarsoga.

Sigurd Tanne var ikkje åleine om eigedomsretten til Dale. Parten hans hadde ei landskyld på 9 1/2 laup smør. Landskylda på heile garden må ha vore minst 30 laupar smør før svartedauden. Kven dei andre eigarane var, veit ein ikkje visst. Parten åt Sigurd vart skift mellom ein son og ei dotter, og held truleg fram med å vera i bondeeige enno ei tid. Så seint som 1427 var ein part av garden bondegods. Men storparten hadde kome i eiga åt Munkeliv kloster.

Ved reformasjonen var heile garden geistleg gods. Munkeliv åtte 4/7, bispestolen 2/7 og Apostelkyrkja i Bergen 1/7. Alt saman vart drege inn under kruna ved reformasjonen, men sidan partane høyrde til ulike godssamlingar vart dei forvalta kvar for seg. På innmarka hadde kvar jordeigar sine klårt avgrensa teigar. Det må ha vore halde ei utskifting på garden i mellomalderen, medan ein del av jorda enno var i bondeeige. Talet på brukarar var truleg større før svartedauden enn det var på 1500-talet. Då var her 3 leiglendingar, ein på kvar jordeigedom.

På 1600-talet vart det ein monaleg auke i folketalet. Manntala frå 1645 og 1666 syner dette klårt, endå om ikkje alle vart talde med. Kopskattemann-talet 1645 tok med alle vaksne, både kvinner og menn. Dei var 13 i talet, fordelt på 5 huslydar. Ved manntalet 1666 vart ikkje kvinnene talde, men både gutar og vaksne menn. Dei var 19 i alt. 4 var drenger, 6 var brukar-søner og 9 var brukarar.

Storleiken på bruka åt kvar av dei 9 brukarane finn ein i manntalet 1666. Oppgåva kastar ljos over det viktige spørsmålet om korleis bruksdelinga frå 3 til 9 bruk, hadde gått føre seg. Munkelivsjorda var delt i 4 jamstore bruk. Aposteljorda var delt i 2 jamstore bruk. Bispejorda var delt i 3 bruk, men dei var av ulik storleik. Seinare må dette ha jamna seg ut, for i matrikkelen 1718 var desse 3 bruka også jamstore.

Men om ein samanliknar alle dei 9 bruka, var det stor skilnad. Dei 2 bruka på Apostelkyrkjejorda, bnr. 9 og 11, var minst. Kvart av dei hadde 1/14 av den samla landskylda. Bruka på bispejorda, bnr. 18, 19 og 21, var noko større. Kvart av desse bruka hadde 2/21 av landskylda.

Dei største bruka var dei 4 på Munkelivsjorda, bnr. 1,6, 8 og 14. Dei vart kalla Storelutane, og det vart sagt at «Storelutane fylst alltid». Dette sa dei avdi mange av teigane åt desse 4 bruka låg inntil einannan. Landskylda på kvart av bruka var 1/7 av samla skyld.

Denne bruksdelinga heldt seg uskipla på 1700-talet, men verdsetjinga av dei ulike bruka vart endra. 1725 vart skatteskylda sett ned med 1 1/2 laup smør etter elvebrot og flaumskade. 1743 kom det ein ny storflaum. Det vart halde avtaksforretning året etter, og skatteskylda vart sett ned med 1 laup smør. Avtaket i skyld var ulik for dei ymse bruk, alt etter kor stor skade dei hadde fått.

Eit anna tilhøve som fekk verknad for bruksstorleiken var dei eigarskifte som gjekk føre seg etter 1660. Då vart alle dei tre eigedomspartane selde ved krungodsauksjonar. Dei nye eigarane var borgarar i Bergen. Eigarar av bispejorda var fyrst familien Lem, seinare familien Gartner. Dei gav skøyte til brukarane 1774. Så vidt ein kan sjå, førde dette ikkje til noko endring av grensene for dei ulike bruk. Bnr. 18 Knutajorda og bnr. 19 Torbjørnsjorda fekk namn etter dei fyrste sjølveigarane. Bnr. 21 Norsajorda fekk namn etter lægjet i tunet. Det var husa på dette bruket som låg lengst nord.

Munkelivsjorda og Apostelkyrkjejorda vart også bondeeigedom fyrst på 1700-talet, men det var ikkje brukarane sjølve som kjøpte. Den mektige lensmannen Johannes øvste Mjelde i Haus kjøpte Munkelivsjorda, versonen Nils Monsson Raknes kjøpte Apostelkyrkjejorda.

Ved ei rekkje arveskifte vart eigarpartane sterkt oppdelte, men mykje vart samla att ved giftarmål, makeskifte og kjøp. Dette vert det gjort nærare greie for i eigarsoga nedanfor. Her skal berre nemnast dei tilhøve som fekk innverknad på bruksdelinga.

Etterkomarane etter lensmann øvste Mjelde var ikkje innstilte på å bygsla bort jordeigedomane sine, i alle fall ikkje til folk utanfor ætta. Etter kvart som bruka vart bygselledige, kom ein av parteigarane inn som ny brukar. I fleire høve lukkast det å samla eigedomspartane, slik at det ikkje vart naudsynt med oppdeling av bruka. Dette galdt Haldorsjorda (bnr. 1) og Samelsjorda (bnr. 6). Båe desse bruka var av dei såkalla Storelutane og låg på den jorda som hadde høyrt til Munkeliv kloster. Der låg også Olajorda (bnr. 8) og Brotajorda (bnr. 14). Båe desse bruka vart reduserte då parteigarane vart brukarar.

Den viktigaste grunnen til dette er at to av dei andre bruka åt lensmannsætta var dei minste på heile garden. Det var Monsajorda (bnr. 9) og Andersjorda (bnr. 11). Desse bruka var berre halvparten så store som bnr. 8 og 14. Tomas Hana overtok bnr. 11 i 1780-åra. Han åtte 1/3 av bnr. 14. Han kravde fråskiljing av denne parten og la han til bnr. 11. Kona åt brukaren på bnr. 9, Anna Monsdtr. Helle, hadde fått1/4 av bnr. 8 i arvelut. Denne parten vart frådelt 1833 og lagd til bnr. 9.

Talet på brukarar heldt seg nokså stabilt frå 1660 til 1860. Det kunne i stuttare periodar vera fleire enn ein brukar på kvart av dei 9 bruka, men det førde ikkje til varige endringar før 1862. Då vart bnr. 1 delt i to jamstore bruk, bnr. 1 og 5. 1863 vart det skilt frå eit lite bruk, Jotræet, på sørsida av elva. Til dette bruket vart det seinare lagt attåt fleire teigar. Sjå bnr. 3, 4 og 41. Tunet åt dette bruket vart 1882 flytt ned i Hagen ved Dalevågen.

Oppdelinga i 11 gardsbruk førde til uvanleg stor teigblanding. Grense-reguleringane mellom bnr. 8, 9, 11 og 14 gjorde det ikkje betre. Men i 1870-åra byrja eit stort omskifte i eigartilhøva. Konsul Peter Jebsen, som hadde grunnlagt tekstilfabrikkane i Ytre Arna, fekk 1873 kjøpa nokre av fossefalla øvst i Daleelva for å kunna byggja ein ny tekstilfabrikk. Dei nærare omstende ved sal av vassrettar og jord til Peter Jebsen og seinare til Dale Fabrikker vert det gjort utførleg greie for i John Dale si utgreiing Dale Gaard. Sjå nedanfor.

Den fyrste utskiftinga av innmarka gjekk føre seg 1880, stutt tid etter at Peter Jebsen hadde vorte eigar av den gamle Haldorsjorda, bnr. 1 og 5, i 1874 og 1877. Utskiftinga vart ikkje tinglyst, og ho vart berre fullførd for bnr. 1 og 5, som no fekk heile si innmark lagd til Laugardsfloten. Dei teigane som Haldorsjorda hadde hatt i heimeinnmarka vart delte mellom dei andre bruka som vederlag for teigane dei hadde hatt på Laugarsfloten. Tradisjonen fortel at brukarane tykte fordelinga var urimeleg, og at dei sjølve foretok visse reguleringar etterpå.

1908 vart det kravt ny utskifting på innmarka, og det vart teke opp utskiftingskart som var ferdig 1911. Utskiftinga vart tinglesen 1917, men ho vart sett ut av kraft ved dom 1923. Ei ny utskifting vart fullførd 1944, men det vart kravt overutskifting. Denne vart tinglesen 1946. Lars Matre var hjelpesmann og student då kartet var laga og utskiftingsformann ved den endelege utskiftinga. Han heldt utskiftinga av Dalegarden for å vera den mest innfløkte han hadde vore med på i alle dei åra han arbeidde i jordskifteverket.

John Dale gjev i utgreiinga Dale Gaard utførlege opplysningar om ein del av dei tilhøve som gjorde utskiftinga så vanskeleg. I åra 1912-13 kjøpte A/S Dale Fabrikker (DF) på nytt 2 gardsbruk, bnr. 11 og 18. Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap (BKK) eksproprierte 1923 store areal til kraftanlegg. Mellom DF og gardbrukarane på Dale vart det gjort fleire makeskifte. Talet på gardsbruk gjekk attende, både ved at DF sine bruk fall ut av produksjon og ved samanslåing av to av dei produktive bruka bnr. 14 og 11. Såleis var berre 6 bruk med ved den endelege innmark-utskiftinga.

Etter utskiftinga fekk det minste bruket, bnr. 3, 4 og 41, den innmarka som ligg lengst mot vest. Det er Hagen på sørsida av elva nede ved Dalevågen.

Bnr. 6 fekk den delen av innmarka som ligg lengst aust, Kjerrane og ein del av Storåkrane. Bnr. 8 fekk Samuelstræet og Liatræet på sørsida av elva og området mellom brua, Tresvegen og Myrateigane på nordsida av elva. I tillegg til dette fekk bnr. 8 Haldastykket og ein del av dei gamle Storåkrane. Bnr. 9 fekk Botløynæ på sørsida av elva, Lammetangen og Myrane på nordsida. Bnr. 21 fekk Tverrmannsteigane og noko av Stor-åkrane på nordsida av jarnbana og ein teig mellom tunet, jarnbaneundergangen og postvegen på sørsida av jarnbana. Bnr. 14 og 19, som no var det største bruket, fekk innmarka på nordsida av elva frå Dalevågen opp mot Norddalen, avgrensa mot aust av ei line over Tverrmannsteigane og mot sørvest av jarnbanelina.

2 bruk flytte ut or fellestunet. Bnr. 9 flytte til Myrateigane på nedsida av jarnbanelina. Bnr. 14 og 19 fekk det nye tunet på oppsida av jarnbanelina, eit godt stykke nord for det gamle tunet.

Det gamle tunet på Dale var eitt av dei største fellestun på Vestlandet. Då Instituttet for Sammenlignende Kulturforskning tok til med ei landsomfattande gardsetterrøkjing 1947, vart Dale peika ut som ein av dei gardane som skulle granskast. Innsamlingsarbeidet på Dale vart utført 1953 av Ivar Skre. I det fylgjande vert det gjeve att ymse utdrag av granskingsrapporten. (Utdraga er merkte I.S.)

«Tunet ligg på morenegrunn. Eit morenetrinn deler tunområdet i to. Alle hus, både stovehus og ymse slag uthus, ligg langsetter lengdeaksen i tunet. Ingen hus står på tvert. I alle høve på vestsida er elva ei naturleg grense for busetnaden, og likeins i sør. Den store teigen Smiøynæ var før omflødd av elva, og det hender framleis av og til når elva er svært stor. Dette gamle laupet munna ut der det no heiter Litlelvane, nett sør for slipehuset.

Det er ikkje så lett å skjøna kvifor busetnaden, i staden for å spreida seg mot nordvest, har spreidt seg mot søraust, opp på neste terrassetrinn. Der er vanskar med vatn på øvste terrasse, og alle uthus (florar og løor) ligg av den grunn nede på lægste terrasse, hevda hmsm. Einar Dale. Her nede er rikeleg med vatn. Same hmsm. sa og at når ein kom nærare Norselva, vart der meir grunnvatn; dette kan kanskje ha verka med til å hindra tunvokster den vegen. Kanskje kan omsynet til vertilhøva ha hatt noko å seia i denne samanhengen og. Hmsm. E.D. meinte at tunplassen var den laglegaste og høvelegaste som fanst på garden.

Tunet har god byggjegrunn. Som nemnt er det morenegrunn, elvaskol (= stein og aur), som hmsm. E. D. sa. Når dei kjem nærare Norsbekkjen, kan det vera meir grunnvatn. Best er det på Storåkeren, men der er det ikkje vatn att. På lægste terrasse er det laglegast av omsyn til vatnet.

Vatn er der rikeleg med. Der tryt aldri vatn. Men oppå øvre terrasse er der ikkje vatn. Uthusa står alle nedom brotet av omsyn til vassforsyninga. (Dette gjeld ikkje hestestallane).

Postvegen Bergen-Oslo gjekk gjennom tunet. Sjølve garden ligg i botnen av ein nokså trong dal, med høge fjell tett innpå, over 500 meter. Frå tunet er der augnesamband til stølen, som ligg på 667 meter over havet, medan tunet ligg på 20-30 meter over havet. Sola er borte 18 vekor om vetrane.

Tunet låg bra sentralt i eigedomen, omlag midt i innmarka, som er stort sett flat. Frå utmarka var det svært tungvint, men det er lendet som her gjer det vanskeleg. Likevel må ein seia at tunet ligg sentralt også når det gjeld sambandet mellom tun og utmark. Tunet ligg i ferdslevegen langs hovudføret, som fører vestetter til sjøen, austetter til utslåttor som låg der busetnaden og fabrikkane på Dale no er.» (I.S.)

Det heiter vidare i rapporten at kvart bruk åtte grunnen der husa stod, og at det som regel var samanheng mellom teigane i og utanfor tunet. I samband med denne granskinga vart det ikkje fortalt munnleg tradisjon om korleis bruksdelinga hadde gått føre seg. Men tradisjonen om avståing av jord frå bnr. 8 og 14 til bnr. 9 og 11 var levande framleis. Under innsamlingsarbeid for bygdeboka vart ein seinare gjort merksam på viktige tilhøve ved den gamle teigdelinga, m.a. uttrykt i ordtaket «Storelutane fylst alltid». Det kunne slåast fast at dette galdt bruka på den gamle Munkelivsjorda. Plasseringa av husa i tunet samsvara langt på veg med delinga i tre brukargrupper som det er gjort greie for ovanfor.

Stovehusa på Munkelivsjorda og Apostelkyrkjejorda låg på den øvste terrassen, oppå Brotet, som dei sa. Brukarane på bispejorda budde under Brotet. Det var berre eitt unnatak, stovehuset åt bnr. 1. Det låg ikkje oppå Brotet saman med husa på dei andre Storelutane (Munkelivsjorda), men under Brotet, saman med husa på bispejorda.

Løene og florane låg som før nemnt under Brotet. Også her var det merke etter gamalt hopehav. Dei to bruka på Apostelkyrkjejorda hadde løene og florane sine hopbygde i ei lengd. Det same galt to av bruka på bispejorda, bnr. 19 og 21.

Då Haldorsbruket vart flytt opp til Laugardsfloten i 1880-åra, flytte bnr. 8 stovehuset ned under Brotet til husgrunnen åt bnr. 1. Bnr. 6 kjøpte stovehuset på eitt av dei andre «fabrikkbruka», bnr. 11, i 1946-47. Dette huset, Andersstova, er truleg eitt av dei eldste stovehusa. Midt i huset er det gang og kjøken i eitt stort rom. På kvar side er det ei stove med kammers innåt.

Lengst sør i tunet vart det skilt ut to hustomter i 1880-åra. Den eine var Smeahuset. Det vart bygt av ein av sønene på bnr. 11, smed Olav Tomasson Dale. Den andre tomta vart kjøpt av ein jarnbanearbeidar. Sjå bnr. 12 og 13.

Lengst nord i tunet, på nordsida av postvegen, vart det også skilt ut ei hustomt 1880. Her bygde lærar Mons Vedå eit hus som vart heitande Skulestova. Sjå bnr. 20.

Husmannsplass kjenner ein ikkje til før 1870. Då vart det tinglyst feste-setel frå eigaren av bnr. 5 på plasset Lauarsfloten med tilhøyrande teigar til Andreas Knutsson og kona Brita Haldorsdtr. Dei hadde vore brukarfolk på bnr. 5 sidan 1868. Sjå nedanfor. Alt i 1874 vart festesetelen innløyst av konsul Peter Jebsen. Andreas og Brita hadde bygt hus på Lauarsfloten medan dei sat med plasset, meiner N.O. Langhelle. Sjå bladet Nordhordland 24/6 1939, «Den første opsitter i Dale-byen».

Tettgrenda kring Dale Fabrikker vart liggjande eit par kilometer nordaust for tunet, i den delen av gardsområdet som dei frå gamalt kalla Kvammen. Ein stor del av området var utmark og låg i felleseige, men Lauarsfloten eller Lauvgardsfloten var inngjerd og delvis oppdyrka. Alle hovudbruka hadde teigar på Lauvgardsfloten til utskiftinga 1880. Då fekk bnr. 1 og 5 innmarka si her oppe. Det vart bygt driftsbygning og paktar-bustad, arbeidarbustader og funksjonærbustader for dei som vart knytte til Dale Fabrikker.

Postadressa til tettgrenda er no Dalekvam. Den gamle postadressa var Dale i Bruvik. Jarnbanestasjonen heiter framleis Dale, og det er dette namnet som vert brukt om tettgrenda. Framvoksteren av busetnaden i tettgrenda, som frå 1964 har hatt namnet Dalekvam, vil det verta gjort nærare greie for seinare i den ålmenne soga. Men i dette bandet vil ein finna ein del kjeldetilfang: Eigarliste og ætte-soge for bnr. 22-462, kart og illustrasjonar. Serleg viktig er John Dales utgreiing som fylgjer nedanfor. Den inneheld også mykje tilfang om utslåtter, seterbruk, stadnamn m.m. I tillegg til det John Dale har skrive om fisket vert det i dei fylgjande avsnitt prenta utdrag frå ein spesialartikkel i By og Bygd, Årbok for Norsk Folkemuseum 1962.

Fisket har heilt frå gamal tid gjeve stor avkasting. Den gamle landskylda på garden var fastsett slik at 6/7 vart betalt med laks og1/7med smør.

Men laksen vart ikkje berre brukt til å betala avgifter med. I kosthaldet på garden hadde han nok og sitt å seia. Enno fortel folket i bygda at tenarane på Dale tok seg unna rett til å sleppa eta laks meir enn eit visst tal vekedagar. Dette er ei segn som ein finn i andre delar av landet der det vart rikt laksefiske. Sanningsinnhaldet let seg ikkje så lett kontrollera, men segna gjev i alle fall ein peikepinn om kva stader som var haldne for å ha rikt fiske.

På Dale har dei kunna fiska laks både i sjøen og i elva. I Dalevågen, ein arm av Sørfjorden, hadde grannegardane Helle og Stanghelle også fiskerett. Sjå gnr. 20 og 21.

Vassføringa i elva var svært skiftande til ulike tider på året. Seinhaustes og i vårløysinga gjekk elva stor og stri. Ho grov seg nye laup på den flate strekninga mellom Kvammen og Dalegarden. Sume år gjorde ho stor skade på innmarka. Men når det leid på sumaren, hadde elva som oftast minka mykje ned, og vatnet var stilt og klårt i dei mange hølane frå Dalevågen til opp under Fossane.

Gardsfolket reknar med at der er kring 30 hølar på denne strekninga, og dei aller fleste har namn. Nedst ved vågen er Tveitahølen eller Haga-hølen. Sidan kjem ein til Hesjebakkhølen, Storahedlehølen, øvste og nedste Lammetangen, Bottlastihølen, Vaskehølen (like ved gardstunet), Storsteinane, Kuhølen (der kyrna vassa elva før det kom bru), Bruhølen, Bxrjelahølen, Torvhølen, Gjerdehølen, Geitabakkhølen, Pøyso, Sandlihølen og Marflaten. Dei to siste ligg like nedanfor Dale jarnbanestasjon. Endå er det 8-10 hølar før ein kjem opp til Fossane.


'(Laks frå Daleelva 9/6 1906. Til venstre Ivar J. Dale bnr. 19. Han var i mange år kleppar for laksefiskarane.)


Sidan 1865 har dei leigd vekk fisket i Storelvæ. Ei tid var det bergenserar som leigde, ei tid engelskmenn, og den siste mannsalderen eit jakt-og fiskelag i Dalekvammen. Tradisjonen om korleis gardsfolket sjølve dreiv laksefisket gjeld altså tilhøve som ligg minst 100 år attende, og er som ventande kan vera ikkje så sers detaljrik, men det som folk minnest om dette fisket, har stor historisk interesse.

Til laksefisket nytta dei fleire slag reiskap. Dei fiska med stong, dei kunne stikka fisken med ljoster eller krøkja han med klepp. Johannes Dale fann ei ljoster då dei grov ut ein potetkjellar heime i tunet. Ho hadde to tindar, over 1 cm tjukke, 8-9 cm mellom kvar tind. Til å festa ljostra på skaftet var der ein hake, omlag som på ein ljå.

Det verkelege storfisket gjekk for seg om hausten, når elva var liten og vatnet klårt. Då stod laksen still i hølane, dott i dott, og han var ikkje vanskeleg å få auga på. No fiska dei med storateina, ei stor teine som heile garden åtte i lag.

Storateina var så tung at dei måtte bruka hest når dei skulle flytta henne frå høl til høl. Ho kunne vel vera 4-5 m lang, og tverrmålet ved opninga var 2-3 m. Ved opninga var ein firkanta karm, og strangane som teina var laga av, var feste til denne karmen.

Det var 7-8 hølar i elva der det kunne høva å setja ut storateina. Men det vert hermt etter dei gamle at dei brydde seg ikkje med å setja ut teina dersom det ikkje stod minst 5-6 dottar med laks i hølen. Teina vart sett i stryket nedanfor hølen, og elvelaupet på sidene vart stengt med store steinar og torv. Noko av desse bægjegardane kunne halda seg frå år til år, men mykje vart sopa vekk når elva fløymde opp.

Når elvelaupet var stengt, tok dei til å jaga laksen inn i teina. Dei kasta stein og slapsa i vatnet med stenger. Dette kalla dei å råka. Same verbet vart brukt om drivjakt, råka bjødn, og om å driva fenad til og frå beite. Ein teig lengst vest på innmarka på Dale har namnet Fanaråkjæ eller Fanareråkjæ.

Det var karfolket på garden som styrde med å setja ut teina. Born og ungdom hadde arbeidet med å dra eller bera fisken heim til tuns. Der delte dei fangsten mellom bruka. Storleiken på bruka var svært ulik, men heimelsmennene meiner at alle bruk fekk like store partar av fisken.

Når gardbrukarane hadde fiska det dei ville, fekk husfolk og lausekarar gå åt elva og fiska åt seg.

I sideelvane og bekkene vart det også fiska med teiner. Der gjekk ikkje laksen opp, men sjøaure var det rikeleg av. Kring århundradskiftet kunne dei få aure på opptil 6 kg. At fisket i sideelvane og bekkene har vore verdfullt, syner seg m.a. ved at dei var teigdelte. No vert det ikkje lagt serleg vekt på denne teigdelinga, og fleire av hølane har fått nye namn. Men enno hugsar folk fleire døme på det gamle eigedomstilhøvet: Bnr. 14, Brotane, hadde ein høl ved Lammatangen i Norselva og fleire hølar i Sandlibekken. Bnr. 6, Samelane, åtte Katthølen. Bnr. 8, Dyvikane, åtte Tverrmannsteighølen. Andershølen og Knutahølen i Norselva har vel fått namn etter bnr. 11 og bnr. 18.

Orgateiner kalla dei dei teinene som dei fanga aure i. Dei var laga av hasle- eller raunestrangar, omlag 2 m lange. Ein slik strange kalla dei ein teining. Sume aureteiner hadde firkanta opning, men på andre var opninga oval. Istadenfor karm hadde dei ei gjord av hasleband. Nedover buken på teina var der fleire mindre gjorder. Gjordene var bundne fast til teiningane med bast eller vidjer. Dein siste tida teinene var i bruk, vart det brukt anten jarnband eller ståltråd til gjorder og ståltråd til å festa gjordene med. I enden på teina var teiningane samla ihop til ein lang strut som dei kalla rova. Det var mykje om å gjera at rova var lang og trong, så fisken ikkje fekk snu seg der inne og fara ut att.

Aureteinene vart sette i bægjegardar som dei kalla teinegardar. Dei kunne stå frå år til år, men måtte vølast om og tettast. Sume av teinegardane syner det rester av enno.

Teinefisket gjekk for seg i september og oktober. Når bekkene fløymde opp, gjekk auren oppover mot straumen, men når vatnet tok til å minka, vende han og gjekk nedover. Då var det rette tida å setja ut teina. Ofte sette dei teina ut om kvelden og såg til henne om morgonen. Fisken gjekk som oftast nedover med straumen når det leid på natta. I teina hadde dei eit band som dei feste i bakkebardet eller i eit tre. Oppå teina hadde dei stein for å tyngja henne ned. Det hende at dei sette ut teina, «råka» fisken ned i henne og tømde med det same.

Det var helst gutungane som sette ut aureteiner. Gutar frå fabrikkbyen såg på teinene som dei frå Dalegarden hadde sett ut, og gjekk heim og laga maken sjølve. Dei dreiv og fiska i dei bekkene som låg nærast Kvammen.


Det sermerkte ved desse teinene var at dei ikkje hadde kalv (eit stengje som hindrar fisken i å koma utatt). Difor måtte dei setjast på stader der straumen var stri. Både fiskemåten og nemningsbruken som knyter seg til, har røter langt attende i tida. På dansk område har dei funne fleire fisketeiner frå steinalderen. På norsk område er det ikkje funne teiner, men teinegardar. Fisketeinene som har vore brukte på Dale har vekt åtgaum mellom granskarar. Modellar av aureteina finst på Sunnhordland Folkemuseum, Stord, og Norsk Skogbruksmuseum, Elverum.

Kring 1905 tok dei til å bruka glip i staden for teine. Det var nokre fabrikkarbeidarar ute frå havkanten som lærde dei å laga denne reiskapen. Glipen var ein nettpose, lang og tilspissa sameleis som teina. Ved opninga var det ei gjord. Glipen var mykje lettare å frakta med seg enn den lange teina.

Glipfisket vert drive enno, både på Dale og andre stader i heradet, men det vert helst rekna for å vera eit tidtrøyte for gutungar. På Dale vert glipane sette i nokre av dei gamle teinegardane, som dei etterkvart har gått over til å kalla glip-plassar.

Fisket i Dalevågen er det gjort greie for under gnr. 20 og 21. Her skal ein berre ta med dei siste føresegnene for dette fisket.

«Direktoratet for jakt, viltstell og ferskvassfiske har 1. desember 1966 i medhald av lov om laksefiske og innlandsfiske frå 6. mars 1964 gjeve nye føresegner for fisket i Dalevågen. Føresegnene gjeld frå 1. januar 1967, og dei har ifylgje Norsk Lovtidend denne ordlyden:

Alt fiske med kastenot, setjegarn og liknande reiskap, kilenot, lakseverp og liknande innretningar, er forbode innafor ei line ved utløpet av Daleelva, Vaksdal kommune, Hordaland fylke, som er dregen frå eit med kryss merkt punkt i Stanghelle kai til eit med kryss merkt punkt på austre pynten av Holmen og vidare i rett line til eit med kryss merkt punkt ved Steins-vertet.

Dette forbodet gjeld likevel ikkje fiske med kastenot med moskevidd på 5.8 cm eller meir, kilenot, lakseverp og liknande reiskap, i tida frå tysdag kl. 18 til fredag kl. 18 når slike reiskapar vart nytta før matrikkelrevisjonen etter lov frå 6. juni 1863, og det kan provast at det er teke omsyn til dette fisket ved auke i matrikkelskylda. Brot på føresegnene er straffbart.» (Bladet Bruvik 13.2 1967).


SKYLD, UTREIDSLER, FØDNAD, AVLING, FOLKETAL

Gamalt matr.nr. 13 i Arna skipreide. 1838 matr. nr. 14. Landskyld 1626 -1723: 1 l. smør 1 1/2 t. laks ( = 7 l. smør). 1725 avtaksforretning etter flaumskade. Landskylda vart sett ned med knapt 22 m. Smør 1/2 t. laks. 1747: Ny avtaksforretning. Landskylda vart sett ned med vel 11 m. smør, knapt 1/4 t. laks.

Skatteskyld 1666: 6 l. smør. 1725: Avtaksforretning. Skatteskylda sett ned med 1 1/2 l. smør. 1747: Ny avtaksforretning. Skatteskylda sett ned med 1 l. smør.

1838: Ny skyld 15 dl. 1 sk. 1886: 27.23 skm.

Leidang 1567: 5 geite- og saueskinn, 1 kalvskinn, 1/2 p. smør, 1 mele korn. 1590: 1 p. smør, 2 melar korn, 3 kalveskinn, 3 saueskinn, 1 geiteskinn, 1665: Leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar 3 rd. 4 mark 14 sk. Småtiend 3 mark. Kandtiend 3 t.

Fødnad 1657: 5 hestar, 6 uksar, 48 kyr, 17 kviger, 64 geiter, 110 sauer. 1665: 3 hestar, 80 storfe. 1723: 4 hestar, 45 kyr, 20 ungfe, 91 småfe. 1863: 11 hestar, 91 storfe, 370 småfe. 1875: 10 hestar, 2 uksar, 70 kyr, 26 ungfe, 245 sauer, 29 geiter.

1863 var her omlag 73 mål åker. Vel 42 mål var god, knapt 21 mål var middels god. 10 mål var ring åker. Bøen var omlag 355 mål. 97 mål var god bø, 67 1/2 mål var middels god. Resten var ring bø. Sånad: 38 1/4 t. havre, 49 1/2 t. poteter. Avling: 192 t. havre, 235 t. poteter, 8625 v. høy, 1323 v. halm. Frå slåttene fekk dei 2390 v. høy. Beit og skav tilsvara 190 v. høy. Garden kunne selja ved for 31 spd. netto årleg. Avkastinga av laksefisket var 30 spd. netto for året.

Folketal 1801: 61. 1865: 109. 1875: 95. 1967: 2486.


EIGARAR

Den fyrste kjende eigaren er Sigurd bonde med tilnamnet Tanne. Han budde på Dale og døydde truleg 1316. 31. mars 1317 vart det halde skifte etter han. Mange gjæve menn var til stades på Dale då dette skiftet vart halde. Anders Pålsson sette opp dokumentet. Guttorm Bolstad og Hallgrim Erlingsson var formyndarar for dei yngste borna. Håvard Glysbud, Hallbjørn Gjest, Harald Gjalt, Tord Torbjørnsson, Arne Dalakoll, Torkell Svanga og mange andre gode menn var med som vitne.

Skiftebrevet vart skrive på pergament. Det er no i Riksarkivet. Innhaldet er attgjeve i Diplomatarium Norvegicum I s. 132.

Lista over jordegods syner at Sigurd Tanne var ein sers velståande mann. Forutan 9 1/2 månadsmatbol i Dale og 8 1/2 månadsmatbol i Oppheim på Voss åtte han partar i fylgjande gardar i Evanger: Ytre Bjørgo 1 1/2 månadsmatbol, Indre Bjørgo 8 månadsmatbol, Nakka 5 månadsmatbol, Hernes 5 månads-matbol, Fadnes 8 månadsmatbol, Mestad 3 månadsmatbol. Øvretunet på Væle 5 månadsmatbol, Nedretunet på Væle 7 månadsmatbol, Tuft 1 1/2 månadsmatbol og 1 spannsbol.

Sigurd Tanne var gift 2 gonger. Fyrste kona heitte Guri. Med henne hadde han sonen Bjarne og dottera Gunnhild, g.m. Steingrim. Andre kona heitte Sigrid. Med henne hadde han sonen Trond og dottera Hallgjerd. Dei fekk i morsarv 5 1/2 månadsmatbol i Oppheim og 5 månadsmatbol i Hernes.

Resten av jordegodset vart skift i to jamstore deler mellom borna frå 1. og borna frå 2. ekteskap. Bjarne og Gunhild fekk partane som buet åtte i Ytre Bjørgo, Fadnes, Mestad, Øvre og Nedre Væle og Tuft. Garden Tuft vart seinare liggjande øyde. Han låg i Rasdalen sør for Bolstadøyri. Trond og Hallgjerd fekk den parten buet åtte i Dale, ein part på 31/2 månadsmatbol i Oppheim, og dessutan partane i Indre Bjørgo og Nakka.

Lausøyret vart skift til slutt. Det vart då opplyst at sonen Bjarne hadde fått med seg lausøyre for 24 kyrlag då han flytte heimanfrå. Gunnhild hadde fått 12 kyrlag. Noko av dette var morsarv. Til vederlag fekk Trond og Hallgjerd 20 kyrlag av det lausøyret som var att i buet. Resten vart delt mellom ervingane.

Over 100 år seinare får me den neste opplysningen om eigarar. I eit dokument oppsett på Vossevangen 11. mai 1427 gjer Hallad Torkelson kjent at han har selt til Håvard Botolfson «Driggia laupa bool j Dale med fiskki og allum Keim lunnendom sem til jarda liggor ok legit hevir... firi sex kyrlag . . .» Same året finn me også Dale nemnt i Munkeliv klosters jordebok. Klosteret eig då 10 månadsmatbol i Dale. Same talet finn me i klosterets jordebok frå 1480-90. I jordeboka frå 1463 er parten som klosteret eig oppgjeven til 2 tunner laks. Dette svarar til 8 laupar smør eller 8 månadsmatbol. Etter svartedauden må landsskylda for Dale ha gått mykje ned, liksom for alle andre gardar over heile landet. Den første samla oppgåva over landsskylda åt heile garden er frå 1626 og samla landsskyld var då 1 1/2 tunne laks og 1 tunne smør. Dette svarar til 7 laupar smør eller 7 månadsmatbol.

Oppgåva over eigarar syner at Dale ved slutten av mellomalderen må ha kome heilt over i hendene på kyrkjelege institusjonar. Munkeliv Kloster åtte 4/7 av garden, bispestolen åtte 2/7 og Apostelkyrkja i Bergen 1/7. Ved reformasjonen vart alt dette godset drege inn under kruna. Men avdi godset som hadde høyrt til ulike kyrkjelege institusjonar vart forvalta kvar for seg som eigne forleningar, heldt dei gamle nemningane seg. Så seint som på 1600-talet vert framleis 4/7 av Dale omtala som Munkelivsgods, 1/7 som Apostelgods og 2/7 som Stigtens gods, dvs. gods som hadde høyrt inn under ein bispestol.

Den vanlege ordninga når ein gard hadde fleire eigarar som sjølve ikkje var brukarar på garden, var den at den største parthavaren ordna tilhøvet til leiglendingane. Dette synest å ha vore tilfelle på Dale så seint som 1648. Det heiter då at Munkeliv hadde bygselrett til heile garden. Men 1655 vert det opplyst at forvaltaren av Munkeliv berre bygsla bort den jorda som hadde høyrt til klosteret, og at dei andre bruka vart bygsla vekk av kruna.

Under det store salet av krungods i 1660-åra vart også Dalegarden boden ut til sal. Men dei 3 eigarpartane vart selde kvar for seg, og fekk ulike eigarar også etter 1660.

Bispejorda vart kjøpt av Peder Lem. Han kjøpte også mykje anna jordegods. Enkja hans, Abel Lem, åtte 1676 partar i 160 gardar berre i Nordhordland. Seinare eigarar av slekta Lem var Peder Lem, eigar 1700, og Kathrine Lem, eigar 1718. Men 1723 vart parten seld til byskrivar Gartner. Bispejorda hadde då 3 brukarar. Dei fekk skøyte og vart sjølveigarar 1774. Sjå bnr. 18, 19 og 21.

Apostelkyrkja sin part hadde to eigarar sist på 1600-talet. Gjerstad anneks åtte den eine helvta. Oberst Weisburg åtte den andre helvta 1692, men 1696 var enkja etter Otte Ottesen oppførd som eigar. Sidan ser det ut til at heile Apostelkyrkjeparten kom i eiga åt huslyden Ottesen. Ervingane etter Hans Ottesen gav skøyte 1718 til Severin Seehusen. Han vart seinare adla under namnet Svanenhielm. 1725 gav han skøyte til brukaren Haldor Johannesson på hans bruk, som var halvparten av Apostelkyrkjejorda. Sjå bnr. 9. Den andre helvta vart seld til Nils Monsson Raknes Fossmark bnr. 5. Denne parten kom såleis på dei same eigarhender som Munkelivsjorda.

Munkelivsjorda vart truleg fyrst seld til rådmann Peder Hansen i Bergen. Han var i alle høve eigar 1676. 1692 var magister Niels Smith eigar. Ervingane hans vart førde opp som eigarar 1723. Stutt tid etterpå selde dei til lensmann Johannes Øvste Mjelde. Ved skiftet etter lensmann Øvste Mjelde 1732 ser det ut til at denne delen av det store jordegodset hans må ha vorte delt likt mellom sonen, lensmann Johannes Nordre Askeland, og dottera Magdeli. Sjå Fossmark bnr. 5 og Helle bnr. 1.

Som tidlegare nemnt i avsnittet om bruksdelinga, var Munkelivsjorda delt i 4 jamstore bruk. Den helvta som lensmann Askeland ervde etter far sin omfata bnr. 1 og 6. Då det vart halde skifte etter lensmann Askeland 1749 vart jordegodset som buet åtte i Dale utlagt til enkja Kari Monsdtr. Ved skiftet etter Kari 1764 vart parten utlagt til sonen Anders g.m. enkja Brita Nilsdtr. Ytre Arna og dottera Kari g.m. Anders Olsson Fokstad. Sjå Haus s. 131 og Arna s. 526.

Partane åt dei to syskena var ikkje jamstore. Brorparten åt Anders var dobbel så stor som systerparten åt Kari. Men 1771 gjorde Anders Ytre Arna og verbroren Anders Fokstad eit makeskifte. Etter den tid åtte båe like store partar i Dale. Dette makeskiftet vert det gjort greie for i skiftebrevet etter Anders Fokstad 1777. Dei må og ha gjort det klårt kva for bruk partane deira galdt.

Kari og Anders Fokstad åtte bnr. 1. Ved skiftet etter Anders vart jord-eigedomen delt mellom enkja, sonen Anders og dottera Kari g.m. Haldor Ingebrigtsson Dale. Haldor var brukar på bnr. 1. Ved arven åt kona, makeskifte med verbroren 1779 og skøyte frå vermora vart han sjølveigar 1789. Sjå bnr. 1.

Anders Ytre Arna åtte bnr. 6. Ved skiftet etter kona Brita Nilsdtr. 1774 ervde dei to sønene Mons og Johannes like store partar av dette bruket. Ved eit makeskifte 1779 vart Johannes Ytre Arna eineeigar. Han flytte til Dale og var truleg meint på å overta bruket når det vart bygselledig. 1783 var han dagleigar på Dale. 1785 gjorde han makeskifte med Johannes Johannesson Helle mot eit bruk på Tungeland i Arna. Johannes Helle kom hit og vart brukar på bnr. 6. Johannes Ytre Arna flytte til Tungeland. (Sjå Arna s. 528 og 450, men opplysninga på s. 450 om makeskifte med Johannes Andersson Stanghelle må byggja på eit mistak.)

Magdeli Johannesdtr. ervde bnr. 8 og 14 i skiftet etter faren lensmann Johannes øvste Mjelde. Ho ervde også partar i andre gardar. Mellom etterkomarane hennar vart det gjort ein heil del makeskifte og overdragingar for å få jordegodset fordelt på den beste måten. Giftarmål mellom parteigarar eller deira næraste skyldfolk var det mykje av i denne ætta. Magdeli var sjølv gift 3 gonger. Sjå Fossmark bnr. 5 og Helle bnr. 1.

Nils Monsson Raknes, 2. mannen åt Magdeli, hadde som før nemnt fått skøyte på Dale bnr. 11 1725. Ved skiftet etter Nils 1733 fekk sonen Olav utlagt dette bruket. Bnr. 8 og 14 vart ved skiftet etter Magdeli utlagt til sønene Olav, Mons og Nils. Ingen av dei vart brukarar på Dale. Olav var brukar på Hana, Mons på Helle bnr. 3 og Nils på Helle bnr. 7. Partane som dei åtte i Dale var fordelt slik: Nils åtte 2/3 av bnr. 8. Mons åtte 2/3 av bnr. 14. Olav åtte 1/3 av bnr. 8 og 1/3 av bnr. 14. I tillegg til dette åtte han som før nemnt heile bnr. 11.

Tomas Olsson Hana overtok bnr. 11 og 1/3 av bnr. 14 ved skiftet etter mor si 1782 og ved skøyte frå faren og broren Nils 1784. Han sette seg ned som brukar på Dale og slo heile eigedomen sin ihop til eitt bruk. Sjå innleiinga og bnr. 11.

Nils Helle gav skøyte 1779 på 2/3 av bnr. 8 til versonen Olav Ivarsson Dale. Han var brukar på bnr. 8. 1790 fekk han løysa ut resten av bruket hjå Olav Hana. Ved skiftet etter 1. kona åt Olav, Brita Nilsdtr., vart halve bruket utlagt til borna. Olav gav skøyte 1803 på sin halvpart av bruket til versonen Mons Nilsson Helle, f. 1775, brukar på Helle bnr. 1. Han bygsla bruket bort til broren Johannes. Sjå bnr. 8. Eigedomsretten til bruket vart mykje oppdelt ved skiftet etter Mons 1810 og skiftet etter Brita Monsdtr. Helle 1833. Men 1833 vart det meste samla på ei hand att. Då gav dei fleste av parthavarane skøyte til brukaren Mons Johannesson, f. på Helle bnr. 1 1814. Den einaste som heldt på sin part var Anna Monsdtr. Helle f. 1804. Ho vart gift på Dale bnr. 9. I skiftet etter faren 1811 hadde ho ervt ein part med skyld 1 11/120 m smør, 1 11/120 k. laks. Denne parten vart skilt frå bnr. 8 og lagt til bnr. 9.

Den eigarparten som ser ut til å ha valda mest strid mellom ervingane, var den som Mons Nilsson Helle f. 1724 åtte i bnr. 14. Mons gav skøyte på denne parten 1784 til sonen Nils. Ved skiftet etter Nils Helle og kona Anna 1817 vart jordegodset i Dale utlagt til dottera Magdeli og sønene Johannes og Anders. Parten åt Magdeli vart 1818 seld til dei to brørne, som no åtte kvar si helvt av det reduserte bnr. 14. Både Johannes og Anders var brukarar på Dale. Johannes hadde som nemnt ovanfor bygsla bnr. 8 hjå broren Mons. Anders hadde 1810 fått bygsla bnr. 14 hjå faren. Men Johannes gjorde krav på odelsretten til bnr. 14. 1820 vart det gjort forlik mellom dei to brørne i Haus Forlikskommisjon. Anders fekk bygselsetel på heile bnr. 14 hjå broren Johannes 1821. (Ved tinglysinga vart det gjort merknad om at Johannes berre hadde heimel til halve bruket.)

1825 fekk Anders skøyte på bnr. 11. Dette var farsgarden åt kona hans, Brita Tomasdtr. Dale. Ho var jordagjente og hadde ervt helvta av bruket i skiftet etter far sin 1822. Sjå bnr. 11. Anders overlet den parten han åtte i bnr. 14 til versonen Nils Olsson. Han vart brukar på bnr. 14. Den helvta som Johannes åtte, fekk Nils bygsla dei fyrste åra. 1833 fekk han skøyte og vart sjølveigar.


BRUKARAR FØR ÅR 1700

Den fyrste kjende brukaren var Sigurd bonde med tilnamnet Tanne. Sjå ovanfor under eigarsoga. Det var halde skifte etter han 1317. Han må difor ha vore brukar her på slutten av 1200-talet og fyrst på 1300-talet. Sonen Trond og dottera Hallgjerd ervde parten som Sigurd hadde ått i Dale. Det er truleg at ein av dei, eller kanskje båe to, vart brukarar her.

Dei neste brukarane som me får veta namnet på budde her fyrst på 1500-talet.

«Ener på Dale szt 2 marc Item Niels ibidem szt 2 marc (NRJ II s. 492). Item 10 mark 2 sh 2 alb. Niels paa Dall sszt totum Item 22 mark penninge (NRJ III 2. 464). Item 7 mark 4 str. Ener paa Dallen sszt totum oc boer i Arne skibred (s. 437 under Rae skpr.)»


1563 finn me brukarane Eirik og Hallstein i skattelista. Dei betalar 1 dl. kvar. Om Hallstein er det dessutan opplyst at han var jordeigande bonde og at halvparten av landsskylda hans var 1 1/2 m. 4 sk. I ei jordebok 1590 -91 får me veta meir om Hallstein. Landskylda på den jorda han brukar er 1 t. laks. Denne opplysninga saman med fleire seinare opplysningar tyder på at Hallstein var einaste brukar på Munkelivsjorda på denne tid. I leidang betalte han 1/2 p. smør, 1 ml. korn, 1 geiteskinn, 2 saueskinn, 1 kalvskinn. Fredtollen var 1 sau for året.


1603 har Knut Hallsteinsson vorte brukar etter faren. Han var også jordeigar og åtte 1 1. smør i Bruvik. Han var leiglending på Munkelivsjorda liksom faren hadde vore.


1630-55 var Hallstein Knutsson brukar her.

1645 vert det opplyst i kopskattemanntalet at Hallstein er enkjemann. Namnet åt kona kjenner me ikkje.

Kjende born:

Knut, sjå nfr.
Johannes 1628-, sjå nfr.
Nils 1634-, sjå nfr.
Johannes 1648-.


1645 hadde Knut Hallsteinsson vorte brukar på Munkelivsjorda saman med faren. Knut og kona Marta hadde to born som me kjenner namnet på: Mikkel-, sjå nfr. Anna 1639-1722.

1648 var Knut brukar på halve Munkelivsjorda. Faren Hallstein hadde 1/4 og sonen Mikkel 1/4. Den same fordelinga finn me 1655. I husdyrmanntalet 1657 hadde Knut 1 hest, 1 ukse, 7 kyr, 12 geiter og 18 sauer. 1642 var Knut lagrettemann.


1657 hadde Johannes Hallsteinsson vorte brukar på 1/4 av Munkelivsjorda. Han fødde 1 hest, 6 kyr, 2 kviger, 6 geiter og 13 sauer. Johannes 1628-1712 var g. m. Kari Knutsdotter d. 1696.

Born:

Hallstein 1659-, sjå nfr.
Oluf d. 1695, g. 1692 m. Maren Mikkelsdtr. Dale d. 1698, dei hadde barnet Jorunn 1693-1696.
Marta, g. 1691 m. enkjem. Gudmund Olsson Eikefet, sjå Eikefet brukarar.
Brita, g. 1706 m. Mons Nilsson Stanghelle.
Gudleik 1665-, tenar på Helle 1701.
Mikkel 1677-, tenar på Helle 1701.


1648 var Mikkel Knutsson brukar på 1/4 av Munkelivsjorda. Han er nemnd som brukar 1655, men ikkje 1657. Mikkel f. før 1633, d. ca. 1656 hadde desse

Born:

Johannes 1650- sjå nfr.
Tore, sjå nfr.
Maren d. 1698 g.m. Ivar Simonson Dale d. 1691.

Maren og Ivar fekk sonen Ivar f. 1691. Maren vart seinare g.m. Oluf Johannesson Dale. Sjå ovanfor.


Johannes Mikkelson 1650-1698, sjå ofr., var brukar på slutten av 1600-talet.

Born:

Mikkel 1677-, busett på Blom i Haus.
Johannes, g. 1705 m. Brita Mikkelsdtr. Indre Boge.
Gunnhild 1687-1741, g.m. Olav Sjursson Borge. Sjå Gjerstad s. 77.
Ågota 1693-1694.
Ågota 1695-, g. 1729 m. Arne Andersson Mele, sjå Gjerstad s. 351.
Brita 1697-1773, g. 1735 m. Johannes Nilsson Stanghelle, Rivenes. Sjå Haus s. 166.
Ingeborg 1697-, g. 1747 m. Knut Olsson Lid.
Marta-, g. 1714 m. Anders Jonsson Hesjedal, Hesjedal, Stamnes.


Tore Mikkelsson var brukar sist på 1600-talet. 1701 låg bruket hans øyde. Tore og kona Anna d. 1694 hadde ei dotter, Ingeborg 1692-1739.


1657 var Nils Hallsteinsson brukar på 1/4 part av Munkelivsjorda. Nils 1634-1713 var g.m. Anna Knutsdtr. 1639-1722. Det vart halde skifte etter Nils Hallsteinsson 1713. Midlane i buet var 39 rdl. og 12 sk. Mons Nilsson Askeland kravde 3 rdl. i buet for gjeld. Knut Nilsson Dale svara at far hans hadde betalt denne gjelda for 30 år sidan. Dette vart stadfesta av enkja, men dei hadde ikkje noko prov å leggja fram. Gjelda vart mellombels utlagd i buet, men ervingane vart innkalla til tinget for å gjera eid på at gjelda var betalt. Då gjelda var fråtrekt, vart det att 7 rdl. 5 m. og 6 sk. til å dela mellom enkja og dei to sønene Knut og Hallstein. Arveluten til Hallstein vart overlevert til Amund Helle til oppsyn og forvaring.

Born:

Knut 1663-, sjå nfr.
Jon f. 1664 d. før 1713.
Johannes f. 1669 d. før 1713.
Hallstein f. 1683 g. 1717 m. Kari Eiriksdtr. Fylingslid.


Knut Nilsson 1663-1733 vart brukar etter faren. Knut var g. 1708 m. Marta Ingebrigtsdtr. Hesjedal frå Stamnes.

Born:

Marta 1709-1710.
Ingebrigt 1710-.
Nils 1713-, sjå bnr. 21.
Anna 1716-,
Anna 1719-, g. m. Rasmus A. Myster, sjå Myster husfolk.
Maria g. m. Magne Å. Myster bnr. 4.

Marta g. 2. g. 1738 med Anders Jensson Myster. Sjå Myster bnr. 4.


1686 bygsla Hallstein Johannesson eit bruk av Munkelivsjorda hjå magister Nils Smith. Denne bygselssetelen vart lagt fram på tinget 1699. Hallstein f. 1660 er oppførd som postbonde i major Storms rulle 1711. Han er då 50 år gamal. Kona hans heitte Ingeborg Andersdtr.

Born:

Johannes 1692-, brukar på Hekland.
Kari 1693-1698.
Ingeborg 1695, g.m. Olav Torbjørnsson Tysso, sjå Dale bnr. 19.
Nils 1697-.
Hallstein 1699-, g. 1721 med Dortea Monsdtr. Hekland, brukar på Hekland bnr. 1.
Kari 1705-.
Anders f. og d. 1709.
Kari f. og d. 1711.
Anders 1712-1714.


Dei brukarane som er nemnde ovanfor, var alle saman leiglendingar på den delen av garden som Munkeliv kloster hadde ått. Brukarane på den gamle Bispejorda finn me i serskilde lister.


Aslak er den eldste kjende brukaren på Bispejorda. Han er nemnd i lensrekneskapen 1590 i ei liste over landskyld, leidang og fredtoll på bruk som hadde lege under Bispestolen. Landsskylda på bruket hans er 1/2 t. laks.

Gamal landsskyld var 3 1. smør. I leidang betalar han 1/2 p . smør 1 ml. korn,

1 saueskinn og 2 kalveskinn. 3 år på rad betalar han 1 geit i fredtoll. Det fjerde året er han fri fredtollen. Aslak er også nemnd i ei liste 1590-91 over bruk som det ligg laksefiske til. 1603 og 1611 finn me Aslak i skattelistene mellom leiglendingar som kvar svarar 1 dl. i landsskatt.


1638 hadde Nils Eirikson vorte brukar på Bispejorda. Han var brukar til fram imot 1660, men hadde då overlate ein del av jorda til sønene sine. 1652 måtte Nils betala 8 ørtogar i bot for å ha halde bryllaup lenger enn det var tillate. Det var truleg eit bryllaup som Nils og kona Brita heldt for eitt av borna sine.

Av borna er desse kjende:

Eirik 1624-, sjå nfr.
Knut 1628-, sjå nfr.
Olav 1634-, sjå nfr.


1645 var Eirik Nilsson brukar på Bispejorda saman med faren. 1655 vart det opplyst at bruka deira var jamstore og hadde ei landsskyld på 1/4 t. laks kvar. 1666 var Eirik brukar saman med to yngre brør. Då var bruket hans på 9 k. laks, dvs. 3/8 av Bispejorda.

Eirik og kona Ingeborg hadde desse born:

Nils 1640-.
Magne 1650-, brukar på Langhelle bnr. 3.
Ingeborg 1660-1729, ug.


1666 var Knut Nilsson brukar her. Bruket hans hadde ei landskyld på 9 k. laks, d.v.s. at det utgjorde 3/8 av Bispejorda. Knut er nemnd berre i denne eine kjelda. Etterkomarar etter Knut er ikkje kjende.


1666 var Olav Nilsson brukar. Bruket hans var noko mindre enn dei som dei to eldre brørne hadde. Olav hadde ei landskyld på 6 k. malt, d.v.s. 2/8 av Bispejorda.

Olav hadde ei dotter:

Sigrid, g. 1703 m. Nils Mikkelsson Romslo, Haus.


1626 er Anders Nilsson brukar på den delen av garden som høyrde til Apostelkyrkja. Han var brukar heilt til 1666. Då var han 80 år gamal. 1661 vert det opplyst at Anders er postbonde og at bruket hans har ei landskyld på 1 l. smør. 1666 er landskylda 1/2 l. smør. Han hadde då truleg overlate halve bruket til sonen.

Anders f. ca. 1586 og kona Anna hadde desse born:

Marta.
Olav f. ca. 1624, sjå nfr.


1666 var Olav Andersson brukar på halve Aposteljorda. Det var også ein annan brukar på garden med same namn, og det er vanskeleg å halda dei frå kvarandre. Olav Andersson d.y. var truleg fødd ca. 1626 og var brukar på eitt av bruka på Munkelivsjorda. 1657 hadde den eine Olav ein fødnad på 1 ukse, 7 kyr, 3 kviger, 9 geiter, 15 sauer. Den andre Olav hadde ein fødnad på hest, 1 ukse, 7 kyr, 4 kviger, 8 geiter, 15 sauer.

Av borna åt dei to brukarane med namnet Olav Andersson.

Kjende born:

Marta 1655-, g. 1696 m. Olav Pedersson Toskedal. Sjå Toskedal bnr. 1.
Kari, g. m. Olav M. Stamnes. Dei var husfolk i Kallvik.
Simon f. ca. 1656-, sjå bnr. 19.


Det ser ut til at det var fleire brukarar på garden som heitte Anders fyrst på 1600-talet. Skattlegginga var i alle høve så ulik at det er rimeleg å tru at me har med ulike personar å gjera.


1611 betalar Anders på Dale 1/2 dalar i skatt. Han står saman med husmenn i skattelista. I skattelista 1620 finn me Anders Dale saman med husmenn, øydejordsmenn og drenger som går for full løn. Same året finn me Anders Dale mellom leiglendingar som betalar 1 dalar i skatt. 1630 står Anders i landsskattelista saman med halvgardmenn og øydejordsmenn som betalar 1 rdl. kvar.


BRUK 1

Daglegnamn: Haldorsjorda.

Gamalt løpenummer 32. 1853 nytt løpenummer 525, seinare 525 aa. Gamal landskyld 1/4 t. laks eller 72 m. smør. 1744 avtak i landskylda på 10 2/7 m. smør etter elvebrot og flaumskade. 1757 skatteskyld 1 sp. 13 m. smør. Sånad 2 1/2 t. havre. Avling 8-9 t. i gode år. Fødnad 5 kyr, 1 hest, 6-8 småfe. 1838: Gamal skatteskyld 1 p. 14 626/651 m. smør. Ny skyld 2 dalar 1 ort. 1862, etter at bruk 5 var skilt frå, skyld 1 dalar, 12 sk. 1863 omlag 5 mål åker. Av det var 2 4/5, mål god åker, 2 mål middels god, resten ring. Der var 15 mål dyrka eng. 6 mål var god eng, 5 4/5 mål var middels god, resten var ring. I tillegg til dette var det nokre mål dyrkingsjord. Sånad 3 t. havre, 4 1/2 t. poteter. Avling 14 t. havre, 22 t. poteter, 557 v. høy, 98 v. halm. I slåttene 125 v. høy. Fødnad 1 hest, 4 storfe, 27 småfe. Lyng, beit og skav svarar til 10 v. høy.


1735 bygsla Ingebrigt Knutsson Dale. Han er den fyrste brukaren ein med visse kan seia hadde dette bruket. Ingebrigt f. på bnr. 21 1709 d. 1779, g. 1735 m. Anna Haldorsdotter Dale bnr. 9 1709-1795.

Born:

Knut 1735-.
Knut 1737-, sjå bnr. 18.
Marjo 1739-, g.m. Erik Nilsson Helle, sjå Helle bnr. 2.
Marta 1742-, g.m. Johannes Andersson, Stanghelle bnr. 3, brukar på Kvåstad.
Halldor 1745-, brukar her.
Johannes 1749-, g. 1784 m. Magdeli Ivarsdotter Vimmelvik. Sjå Haus s. 279.
Nils 1752-, g. 1784 m. Anna Torbjørnsdtr. Dale bnr. 19, b. N. Veset. Sjå Haus s. 25.
Olav 1755-, g. 1782 m. Anna Rasmusdtr. Nordås.


1768 bygsla Haldor Ingebrigtsson 1745-1828, sjå ofr., g. 1771 m. Kari Andersdtr. Fokstad f. 1752. Far hennar åtte dette bruket saman med Anders Ytre Arne. I skiftet etter faren Anders Fokstad 1777 ervde Kari ein part på 8 m. smør i dette bruket. Bror hennar Olav ervde 7 m. smør. Haldor og svogeren Olav gjorde eit makeskifte i 1779 slik at Haldor og kona åtte i alt 15 m. smør. Vermora Kari Johannesdtr. hadde fått utlagt 19 m. smør i skiftet 1777. Denne parten gav ho skøyte på til Haldor 1787 for 60 rdl.

1829 var det halde skifte etter Haldor som då hadde late garden frå seg og var vilkårsmann. Bruttoen i buet var 150 spd. 2 ort, 4 sk. Nettoen var 132 spd. 2 ort, 4 sk.

Born:

Kari 1774-, g. m. neste brukar.
Anna 1777-, g. m. Nils Olsson Hana.
Gjertrud f. og d. 1780.
Gjertrud 1781-1782.
Gjertrud 1783-, g.m. Nils N. Helle bnr. 7, b. Indre-Bruvik bnr. 13.
Maria 1786-, g. m. Olav Gudmundsson Veo. Sjå Veo bnr. 5.
Magdeli 1786-, g. 1832 m. ekm. Johannes Olsson, b. i Bergen. (Maria og Magdeli var tvillingsystre).
Ingebrigt 1788-, brukar her.
Anders 1791-, brukar på Vik bnr. 1.


1802 vart Johannes Nilsson Helle f. 1776 g. m. Kari Haldorsdtr. f. 1774. Dei fekk bygsla halve bruket hjå far hennar. Etter eit par år flytte dei til farsgarden hans, Helle bnr. 7, og vart brukarfolk der.


1823 skøyte til Ingebrigt Haldorsson for 120 sylvspd. og kår til foreldra verdsett til 40 spd. for 5 år. Ingebrigt 1788-1839 var g. 1812 m. Unna Tomasdtr. Skaftå bnr. 2 1789-1853. Ingebrigt var skulehaldar. Han døydde 1839 ved ei ulukke då han fall utfor eit fjell med ei høybør. Dette var etter at han hadde late garden frå seg. Ved skiftet i 1839 var nettosummen i buet 4 spd. 1 ort og 12 sk. etter at utgiftene - 15 spd. og 4 ort - var trekte ifrå.

Born:

Halldor 1814-1876, brukar her.
Maria 1816-1901, g. m. Olav Johannesson Helle bnr. 1, flytte i 1844 til Knappskog i Fjell.
Kari 1819-, g. 1836 m. Anders Johannesson Helle, b. Votlo. Sjå Haus, s. 147.
Marta 1822-1823.
Tomas 1823-1824.
Tomas 1825-, g. m. Sigrid Johannesdtr. Fossdal, Fossmark, b. Vaksdal bnr. 5.
Marta 1828-, g. 1849 m. Johannes Johannesson Asheim, b. Grindheim i Manger. Sjå Haus s. 209.


1835 skøyte til Haldor Ingebrigtsson for 200 spd. og kår til foreldra. Haldor var skulehaldar liksom faren hadde vore og vart gjerne kalla «Skule-Haldor». Haldor 1814-1876 var g. 1834 m. Maria Tomasdtr. Skaftå bnr. 2 1816-1878. 1862 vart det halde skylddeling og bruket vart delt i to like partar, bnr. 1 og bnr. 5.

Born:

Tomas 1835-, brukar her.
Ingebrigt f. og d. 1837.
Ingebrigt 1839-, sjå bnr. 5.
Unna 1842-, b. på Jæren.
Brita 1846-, g. m. Andreas Knudsson, sjå bnr. 5.
Kari 1849-1853.
Kari 1852-, g. m. Johannes Johannesson Langeland, Samnanger.
Haldor 1855-1857.
Haldor 1857-.

1862 skøyte til Tomas Haldorsson for 150 spd. og kår til foreldra.

Tomas 1835-1907 var g. 1. g. 1855 m. Marta Pedersdtr. Blomdal f. på Indre Bruvik 1827. Foreldra var Peder Olsson Søre Myking og Dordi Pedersdtr. Indre Bruvik. 1865 fekk Tomas skøyte hjå broren Ingebrigt på halvdelen i eit stovehus som høyrde til dette bruket. Etter at Tomas hadde selt bruket sitt 1868, var han ei tid paktar på ein gard i Hamre, deretter fabrikkarbeidar i Ytre-Arne. Sidan kom han attende til Dale. Då Vossebana opna, vart han banevaktar der. Tomas flytte stovehuset som han hadde fått skøyte på 1865 opp til Kalvakroken, like ved jarnbaneundergangen.

Born: .Maria 1856-, g. m. Johannes Godvik, Laksevåg.

Unna 1858-, g. m. fabrikkarbeidar Hans Nilsen, sjå ættesoge for Dale.
Kari 1861-, g. og b. i Samnanger.
Haldor 1863-, maskinist på fjordabåten «Ole Bull», b. Bergen, g. m. Marta Indre Bruvik.
Ingebrigt 1865-, sjå ættesoge for Dale.
Jon, d. som barn.
Thomas 1872-, sjå ættesoge for Dale.

Tomas Haldorsson g. 2 g. 1899 m. Brita Rørbakken f. Stamnessundet d. 1940. Sjå Lars Rørbakken, ættesoge for Dale.

Born:

Marta 1901-, g. m. Konrad Kvamme, sjå ættesoge for Dale.


1868 skøyte til Andreas Knutsson Ladvig for 500 spd. Forråd av korn og poteter, høy og halm vart selt serskilt for 50 spd.


1870 skøyte til Ola Knutsson Lavik for 600 spd. Ole og kona Anna f. Nesheim var frå Eksingedalen. Dei kjøpte seinare garden Berge i Bergs-dalen. Fleire av borna busette seg på Dale. Sjå Nils og Johannes Berge, ættesoge for Dale.


1877 skøyte til Peter Jebsen og Jurgen Jebsen for kr. 4.700. 1879 vart det tinglyst ei påteikning på skøytet som gjorde det klårt at Peter Jebsen åtte 2/3 av bruket og Jürgen Jebsen 1/3. Ved kjøpekontrakt tinglyst 1880 vart PeterJebsen eineeigar. 1881 tinglyst fråsegn frå Peter Jebsen at han ynskte at denne parten og andre partar som Jürgen Jebsen hadde selt til han skulle skøytast til Dale Fabrikker.


1881 skøyte til Dale Fabrikker på bnr. 1 og 5.


1906 auksjonsskøyte på dette m.fl. bnr. til A/S Dale Fabrikker.

1914 søkte eigaren om å få samanføydd bnr. 1 og 5. Søknaden vart stetta. Det felles bnr. vart nr. 5. Bnr. 1 vart dermed stroke av matrikkelen.

Etter utskifting av innmarka i 1880-åra fekk bnr. 1 og 5 innmarka si lagd til Lauvgardsfloten. Her vart det bygt forpaktarbustad og driftsbygning.


Jakob Fjellanger 1861-1933 var forpaktar i omlag 30 år. Fram til 1925, då Dale og Bergsdalen Billag vart skipa, hadde han offentleg skysstasjon for strekninga Dale-Hamlagrø. Han dreiv også varetransport til forretningane på Dale. Jakob var son åt kramkar, seinare gardbrukar, på Lid i Bergsdalen. Anders Jakobsson Fjellanger og kona Guri Andersdtr. f. Øksendal, g.m. Torbjørg Jakobsdtr. Skorve frå Evanger 1867-1959. Av dei 17 borna døydde 3 medan dei var små.

Born:

Guri 1888-, g.m. verkstadeigar Peder Skrelling, Sandnes.
Anders 1889-, sjå ættesoge for Dale.
Marta 1894-, sjå Johannes P. Langhelle, ættesoge for Dale.
Kristianna 1896-1958, g.m. Henrik Rønhovde, sjå ættesoge for Vaksdal og Jamne.
Torbjørg 1897-, g.m. stolstillar Karl O. Soltvedt, Sandnes.
Peter Johan Lie 1898-, b. Hayfield, Minn. USA.
Ingeborg 1900-, sjå Ingvald P. Langhelle, ættesoge for Dale.
Jørgine 1901-, g.m. Karl Monsson Arnetvedt, Espeland.
Ole 1902-, sjå Ole Lie, ættesoge for Dale.
Anthon Lie 1904-, forretningsmann, Minneapolis, USA.
Anna 1905-, g.m. Arnfinn Johan Haugland. Sjå ættesoge for Stanghelle.
Trygve Johan Lie 1907-1970, sjå ættesoge for Dale.
Sigurd Lie 1909-, målar, b. Espeland, g.m. Brita Knutsdtr. Hernes.
Jakob 1914-, sjå ættesoge for Stanghelle.


BRUK 2

1871 vart det halde delings- og skyldsetjingsforretning. Bruket, som skulle tena til fabrikktomter, vart utskilt i felles utmark i nærleiken av Laugardsfloten. Bruket som var på omlag 30 mål fekk gamal skyld 3 ort, ny skyld 1.18 skm. 1956 skyld 0.04 skm.


1879 skøyte til Peter og Jürgen Jebsen. Seljarane tok unna vegrettar og rett til vederlag for skade på laksefiske m.m. Det vart også sett forbod mot sal av rusdrikk på denne eigedomen.


P. og J. Jebsen overdrog seinare denne eigedomen saman med bnr. 1,5 o.fl. til Dale Fabrikker.


1906 auksjonsskøyte til A/S Dale Fabrikker på bnr. 2 m.fl. for kr. 50.500.-. Under bnr. 2 høyrer desse festenr.:


Festenr. 1.

Grunnsetel dagsett 1891, tinglyst 1938 frå Dale Fabrikker til Ole Johnssen Søvik og kona Unna og deira 2 born på 2 hustufter for deira levetid mot årleg avgift.


1938 skøyte frå skifteretten i buet etter Ole Johnssen Søvik og kona Unna til sonen John Martin Søvik på bygningar. Sjå ættesoga.


Festenr. 2.

Festa 1881 til skreddar Lars Eriksson Strømme, kone og born mot årleg avgift. 1902 påskrift på festesetelen der Dale Fabrikker bygsla til dei same 2 andre grunnstykke med årleg avgift. Sjå ættesoge for Dale.


Festenr. 3.

Festa 1897 til Ole Nilsson Hole, kone og born for deira levetid mot årleg avgift. Sjå ættesoge for Dale.


1935 skøyte frå Ole Nilsson Hole til Elisabeth Olsdtr. Hole på bustadhus m.m.


Festenr. 4.

Festa 1902 frå bnr. 2, 5, 6, 8, 9, 11, 14, 18, 19, 21 og 23 til Nils Einarsson Dyvik, kona Brita og deira born.


Festenr. 5.

Festa 1903 til slaktar A. L. Vatle, kona Berta og deira born for levetida mot årleg avgift. Sjå ættesoge for Dale.


BRUK 3, 4 og 41

Daglegnamn: Hagen eller Johagen.

Bruket låg fyrst Jotræet på sørsida av elva, der idrettsanlegget no ligg. Seinare vart det flytt ned åt Dalevågen. Bnr. 3 utskilt frå bnr. 1 1863. Løpenr. 525 ab. Skyld 16 sk. Gamal landskyld knapt 2 m. smør. Ny skyld 1886 0.12 skm. Oppgåve i Herredsbeskrivelsen av 1863: 2/3 mål middels god åker. 5 1/2 mål middels god natureng. Ikkje dyrkingsord. Sånad 1/4 t. havre, 1 t. poteter. Avling 1 1/4 t. havre, 3 t. poteter, 30 v. høy i slåttene. Fødnad 2 storfe, 8 sauer. Litt vedskog, ikkje lyng, beit eller skav. Vanleg godt dyrka. 1875: Sånad 2 t. poteter. Fødnad 2 kyr, 2 ungfe, 5 sauer, 2 geiter. Bnr. 4 utskilt frå bnr. 9 1880. Løpenr. 528 c. Urevidert skyld 3 sk., revidert 4 sk. Ny skyld 1886 0.05 skm. Bnr. 41 utskilt frå bnr. 11 1906. Skyld 0.20 skm. 1917 søknad om samanføying av bnr. 3, 4 og 41. Søknaden vart stetta. Felles bnr. 41, skyld 0.35 skm.


1863 skøyte på bnr. 3 til Jon Nilsson Helle for 100 spd. 1880 fekk han skøyte på bnr. 4. Jon 1835-1882 var frå Helle bnr. 1, g.m. Kari Andersdtr. Olsnes 1821-1904.

Born:

Nils 1864-1926, b. Ulefoss, Telemark, g.m. Birgit frå Amdal.
Anders 1864-1941, ug. b. her.
Andreas 1865-, brukar her.


1895 skøyte til Andreas Jonsson på bnr. 3 og 4 for kr. 600 og kår til mora Kari, verdsett til kr. 400 for 5 år. 1906 fekk Andreas skøyte på bnr. 41. Andreas 1865-1953 var g.m. Maria Nilsdtr. Stanghelle bnr. 4 18731955.

Born:

Klara Dorthea 1905-, sjå Martin Nilsson Helle, ættesoge for Dale.
Sigrid 1906-, sjå Johannes Olai Stanghelle, ættesoge for Dale.
Anna 1907-, sjå Birger Takvam, ættesoge for Dale.
Jenny 1909-, g.m. kommunearbeidar Konrad Wågenes, Bergen.
Jon 1910-, brukar her.
Margit 1911-, g.m. fabrikkarbeidar Ingvald Sandal.
Ingeborg 1914-, sjå Ivar I. Dale, ættesoge for Dale.


1937 skøyte til Jon Andreasson f. 1910.


BRUK 5

Utskilt frå bnr. 1 ved skylddeling 1862. Løpenr. 525 b. Gamal skyld knapt 19 1/2 m. smør. Skyld 1 dl. 12 sk. Revidert skyld 1 dl. 7 sk. Ny skyld 1886: 1,74 skm. 1905: 1.70 skm. 1914 vart bnr. 1 og 5 samanføyd under dette bnr. Skyld 3.12 skm. 1956: 0.22 skm. Herredsbeskrivelsen av 1863 fortel at dette bruket hadde omlag 5 mål åker. 2 4/5 mål var god åker, 2 mål middels god, resten var ring. Av natureng var her 26 4/5 mål. 6 mål var god eng, 14 mål ring eng, resten var middel god. Her var nokre mål dyrkingsjord. I slåttene hausta dei 160 v. høy. Sånad 3 t. havre, 4 1/2 t. poteter. Avling 14 t. havre, 22 t. poteter, 557 v. høy, 98 v. halm. Beit og skav svara til 10 v. høy. Skog nok til ved og hustømmer. Bruket fødde 1 hest, 4 storfe og 27 småfe. 1865 fødde dei på bruket 1 hest, 9 storfe, 19 sauer, 15 geiter. Sånad 3 t. havre og 6 t. poteter.


1862 skøyte til Ingebrigt Haldorsson for 150 spd. og kår til foreldra. Dei hadde også kår på bnr. 1. Ingebrigt f. på bnr. 1 1839 var g. 1. g.m. Dordi Andersdtr. Sandvik 1839- omlag 1867.

Born:

Maria, 1868-1927 ug. Tekstilarbeidar, b. Sandvik bnr. 1.


1868 makeskifteskøyte til Andreas Knutsson mot hus som Andreas Knutsson åtte på gardane Hole og Mjøs i Hosanger. Husa var verdsette til 400 spd., og Andreas betalte eit mellomlag på 220 spd. Andreas f. 1836 i Jondal i Hardanger var g.m. Brita Haldorsdtr. Dale bnr. 1 f. 1846. Dei fekk seinare bygsla plasset Lauvgardsfloten. Sjå ofr. og Hosanger I del 1 s. 388.


1870 skøyte til Ingebrigt Haldorsson for 600 spd. Ingebrigt var g. 2. g. m. enkja Kristina Hansdtr. f. Lillekvare, Eivindvik. Kristina var g. 1. g.m. skomaker Arne Larsson Ytre Eide, Hosanger. Sjå Hosanger 1, 2. del s. 490 og 1. del s. 388. Ingebrigt var 1870 garvar på Hole. Ingebrigt flytte seinare til Bergen, der han var møbelsnikkar og gardeigar. Ingebrigt g. 3 g.m. Margrete.


1872 skøyte til Anna Kristine Arnesdtr. Eide for 300 spd. Ingebrigt tok unna bruksrett for seg og kona Kristina så lenge dei ynskte det. Anna Kristine 1864- var dotter åt Kristina i hennar 1. ekteskap. Anna Kristine vart seinare busett i USA.


1874 skøyte til Peter Jebsen og Jürgen Jebsen frå Ole Johnsson Eide som verje for Anna Kristine Arnesdtr. Eide. Kjøpesum 900 spd. 1874 tinglyst påteikning på skøytet: P. Jebsen eig 2/3, J. Jebsen eig 1/3 av eigedomen.


1880 kjøpekontrakt: J .Jebsen overdreg sin del av eigedomen til P. Jebsen.

1881 fråsegn frå P. Jebsen om at skøyte skal skrivast ut til Dale Fabrikker.

1881 skøyte til Dale Fabrikker frå Jürgen Jebsen på 1/3 og frå Peter Jebsen på 2/3 i dette m. fl. bnr.

1906 auksjonsskøyte på dette m.fl. bnr. til A/S Dale Fabrikker.


Festenr. 1 under bnr. 5.

Grunnsetel tinglyst 1897 til Olav Andersson Kleiveland, kona Anna og deira born. Sjå ættesoga. 1931 skøyte frå Anna Kleiveland til Gulleik Hesjedal på bustadhus.


1955 testament frå enkja Andrea Hesjedal til Gunnar Hesjedal på bustadhus.


Festenr. 2 under bnr. 5 og dei andre hovudbruka.

1911 festa til Herman Dahl, kone og born for deira levetid.


BRUK 6

Daglegnamn: Samelsjorda. Gamalt løpenr. 33, nytt løpenr. 526. Gamal landskyld 1/4 t. laks. Matrikkelskyld 1718 2 l. 13 2/3 m. Smør. (= 157 2/3 m.). 1744 avtak i landsskylda etter elvebrot og flaum, 10 2/7 m. smør. 1838 gamal skyld 1 bismarpund 13 290/651 m. smør. Ny skyld 2 dl. 1 ort 6 sk. 1886 gamal skyld 2 dl. 19 sk. Ny skyld 4.26 skm. Fødnad 1757: 1 hest, 5 kyr, 6-8 småfe. Kornavling 8-9 t. havre. Herredsbeskrivelsen 1863 gjev opp åkervidda til 10 1/2 mål. 5 1/2 mål var god åker, 3 mål middels god, 2 mål var ring åker. Her var 50 mål naturleg eng. Av det var 11 mål god eng, 12 mål middels god og 27 mål ring eng. Attåt dette var her nokre mål dyrkingsjord. I slåttene var det 370 v. høy. Sånad 5 t. havre, 6 t. poteter. Avling 25 t. havre, 30 t. poteter, 915 v. høy, 175 v. halm. Skav og beit svarar til 20 v. høy. Fødnaden var 1 hest, 9 storfe, 2 ungfe, 33 småfe. Dei kunne selja ved for netto 10 spd. årleg. Bruket var godt dyrka. 1865 var husdyrtalet 1 hest, 14 storfe, 24 sauer, 10 geiter, 1 gris. Sånad 5 t. havre 5 t. poteter. Kring 1920: 15 mål åker. Kring 1930: Fødnad 1-2 hestar, 7 kyr, 2 ungfe, vel 20 vinterfødde sauer.


1726 bygselsetel til Johannes Andersson Dale 1696-1766, g. m. Marta Haldorsdtr.Dale, 1699-1757.

Born:

Ingebjørg 1723-, g. 1747 m. ekm. Knut Olsson Lid.
Johannes 1724-, brukar her.
Ingebjørg 1727-, g.m. Torbjørn Olsson Dale bnr. 19.
Maria 1730-, g.m. Nils Nilsson Jamne, sjå Jamne bnr. 1.
Anders 1733-1734.
Anders 1734-1736.
Anders f. d. 1736.
Kari 1739,, g. 1 g.m. Lars Besseson. G 2 g.m. anders Johannesson Indre-Boge. Sjå Skreiæ bnr. 1.


1753 bygsla Johannes Johannesson 1724-, sjå ofr. Han var ein kjend bjørneskyttar.

1751 felte han ein bjørn i Hellesmarka. 1756 felte han ein bjørn i Dalemarka. Båe gongene fekk han ein skotpremie på 2 rdl. som var fastsett i ein forordning av 8. mai 1733. Johannes g. 1. g. 1753 m. Marta Olsdtr. Fossmark bnr. 1 f. 1731 d. ved drukningsulukke i elva 1761. Ved skiftet etter henne var bruttosummen i buet 51 rdl. 1 ort 6 sk. Nettosummen 30 rdl. 2 ort og 14 sk.

Born:

Brita f. og d. 1754.
Maria 1755-, g.m. Anders O. Sæterdal, sjå Sedalen bnr. 9.
Olav 1759-, g. 1784 m. Synneva Olsdtr. Tunes.

Johannes g. 2. g. 1762 m. Gunnhild Andersdtr. Øyo bnr. 1 1735-1796.

Born:

Marta f. og d. 1763.
Haldor 1764-,
Johannes 1766-, g.m. Kari Olsdtr. Dale bnr. 8, b. på Vaksdal bnr. 1.
Kari 1768-.

Johannes fekk den spedalske sykja og vart innlagd i St. Jørgens Hospital i Bergen. Dei rekna ikkje med at han kunne verta lækt. Gunnhild søkte om skilsmål. Ho fekk 1771 kongeleg bevilling til å gifta seg att. Sjå neste brukar.


1771 vart Olav Sjursson Herfindal bnr. 1. f. 1745 g.m. Gunnhild Andersdtr. Dei driv dette bruket til 1789. Då flytte dei til Sedalen bnr. 9.

Born:

Anders 1771, brukar i Sedalen, bnr. 9.
Borgny 1773, g. 1805 med Johannes Knutsson Valvatne, Manger.
Johannes f. og d. 1775.
Anna 1778, g.m. Olav Knutsson Herfindal, sjå Herfindalen bnr. 6.


1785 makeskøyte til Johannes Johannesson Helle frå Johannes Andersson Ytre- Arna. Sjå eigarsoga. Bruket var verdsett til 170 rdl. Johannes 1741-1805 var frå Helle bnr. 7, g.m. Agate Nilsdtr. Romslo 1745-1830.

Born:

Kari 1769-, g.m. neste brukar.
Magdeli 1786-1803.


1800 skøyte til Olav Johannesson Fossmark bnr. 5 1765-, g.m. Kari Johannesdtr. 1769-, dtr. til den førre brukaren her. Foreldra hennar fekk kår. I kårbrevet heiter det m.a. at dei skulle ha varmt hus og tilsyn. Kvart år skulle dei ha 3 t. korn. Det skulle fødast 3 kyr og 8 sauer åt kårfolket. Olav fekk skøyte på Vaksdal bnr. 1 1787. Han var brukar der til han flytte til Dale.

Bruket på Vaksdal makeskifte han med Olav Andersson Steinsland mot bnr. 1 på Dalseid. Bruket på Dalseid skøytte han til sonen Johannes, som vart brukar der.

Born:

Marta 1791-,
Johannes f. og d. 1792.
Agate 1793-,
Agate 1796-,
Johannes 1798-, brukar her.
Johannes 1801-, sjå Dalseid bnr. 1.
Magdeli 1803-.
Nils 1804-, sjå bnr. 14.
Anna 1807-, g.m. Johannes H. Midt-Bruvik, sjå Kyrkje-Bruvik og Seilæ bnr. 11.
Olav 1809-, g.m. Kari Halsteinsdtr. Midt-Bruvik. b. Søre Haukeland i Sæbø.
Kari 1814-, g. 1834 m. Johannes Larsson Hansdal, Hosanger.
Mons 1813-, g.m. Kristi Olsdtr. Olsnes.


1821 skøyte til Johannes Olsson for 120 sylvspd. og kår til foreldra. Johannes f. 1798 var g.m. Brita Nilsdtr. Helle bnr. 2 f. 1804. Dei sat med dette bruket til 1850. Då selde dei bruket og emigrerte 1850 til USA saman med borna Johannes, Olav, Dordi, Agate og Marta.

Born:

Olav 1823-, emigrerte til USA 1850.
Nils 1825-1871, emigrerte til USA 1846. Nils g. 1850 i USA m. Dordi J. Stanghelle f. 1825, Stanghelle bnr. 3. Dei hadde 3 born.
Kari 1828-1848.
Erik 1831- emigrerte til USA 1849. Erik g. 1854 i USA m. Catarina L. Ødven 1835-1927, frå Ulvik.
Johannes 1834-1864, emigrerte til USA 1850.
Dordi 1836-1866, USA. Dordi g. 1857 i USA m. Samuel Larsen 1827-1871, frå Hafslo. Dei hadde 4 born.
Agate 1840-, emigrerte til USA 1850.
Marta f. og d. 1843.
Marta f. 1844, USA. Marta g. 1866 i USA m. Gullik Knutsen 1840-1901, frå Røldal. Dei hadde 7 born.


1850 skøyte til Samuel Pedersson Langeland for 1100 spd. Samuel 1791-1878 var g.m. Synneva Monsdtr. Høyseter 1795-1861. Dei hadde drive farsgarden hans på Langeland i Samnanger frå 1808. 1844 skøytte dei Langeland over til sonen Peder. Sjå Samnanger I s. 551.

Born:

Marta 1815-, g. 1836 m. Lars Olsson Reigstad.
Peder 1816-, brukar på Langeland.
Mons 1819-, klokkar i Samnanger 1843-1848, seinare lærar i Bergen.
Kari 1819-, g.m. Mons Sjursson Høyseter, Samnanger.
Margreta 1823-, g.m. Johannes Hansson Svendal, Samnanger.
Olav 1828-, brukar her.
Samuel 1831-, brukar på Brekke, Bergsdalen g.m. Ragnhild Pedersdtr. Øye, Bergsdalen.
Johannes 1834-, brukar på Steinsland, Samnanger.
Anders 1836-, g.m. Sigrid Mikkelsdtr. Dale bnr. 18, b. i USA.


1862 skøyte til Olav Samuelsson for 600 spd. og kår til faren. Olav Samuelsson 1828-1907 var g.m. Agate Nilsdtr. Dale bnr. 14 1835-1907.

Olav Samuelsson var vaksen då han kom hit med foreldra sine frå Samnanger. Det vert fortalt at han kom med den første plogen til Dale. Plogen hadde han med frå Samnanger. Olav vart på fleire måtar ein føregangsmann i gardsdrifta. Han nytta hesten meir ut enn dei gjorde før, og han nytta meir hjulreidskap. Før han overtok garden, var han jekteskippar og reiste på Nordland. Saman med verbroren Anders J. Indre Bruvik, var han ei tid postførar Dale-Garnes.

Born:

Synneva 1858-, g.m. gardbrukar Olav Fiske, Samnanger.
Anna Margreta 1860-, g.m. smed Knut Solberg, Mjeldheim i Haus.
Kari 1862-, g.m. gardbrukar Nils Jamne, b. Jamne og Skulstad i Haus.
Samuel 1865-, brukar her.
Margreta 1868-, g.m. Mons J. Hellestræ, Dale. Sjå bnr. 7.
Brita 1871-, g.m. John Hannisdal, Dimmelsvik, Kvinnherad.


1888 skøyte til Samuel Olsson for kr. 2.000.- og kår til foreldra, verdsett til 600 kr. for 5 år. Samuel 1865-1941 var g.m. Kristi Andersdtr.Indre-Bruvik bnr. 3 1865-1914

Born:

Ole Andreas 1886-, brukar her.
Anders 1888, smed, b. Bergen g.m. Berta Samuelsdtr. Algård frå Algård ved Stavanger.
Johannes Kristoffer 1891-, sjå ættesoge for Dale.
Edvard 1894-1941, sjå ættesoge for Dale.
Nils 1896-, trygdesjef i Haus, b. Ytre Arna, g.m. Ragna Rydland frå Titlestad i Fana.
Peder 1899-1921, g.m. Emma Gilje. Emma g. 2.g.m. Edvard Dale. Sjå ættesoge for Dale.
Agathe 1901-, g. m. gardbr. Knut M. Olsvold, Sæbø i Manger.
Samuel 1904-, sjå, ættesoge for Dale.


1916 skøyte til Ole Andreas Samuelsson for kr. 6.000.- og kår til foreldra. Kjøparen skulle binda seg til å overdra til broren Anders 2 mål jord av Kalvekroken når han gjorde krav på det.

Ole Andreas 1886-1959 var g.m. Synneva Helgesdtr. Furnes bnr. 2, 1886-1954. Sjå III s. 471.

Born:

Kristi Helena 1914-2012, sjå Steffen Viksund. ættesoge for Dale.
Sigrid 19**-, g.m. skogsarbeider Knut Lande, Røykenvik, Hadeland.
Samuel Olai 19**-, brukar her.
Helge 19**-, sjå ættesoge for Dale.
Sigmund 19**-, lærar b. Tertnes i Åsane g.m. Ragna Fauske frå Tysvik på Sunnmøre.


1955 skøyte til Samuel Olai Olsson f. 1918, sjå ofr., g.m. Sella f. 1914, dtr. åt Hartvig Myklebust og kona Guro f. Enæs. Sjå Kvinnheradslekter I s. 26.

Born:

Olav Hartvig 1946-2011, landbruksmekanikar, Bergen.
Gunnar 19**-, tekstil- og anleggsarbeidar, sjå Stanghelle bnr. 139.


BRUK 7

Skilt frå bnr. 6 1888. Gamal skyld 1 sk. Ny skyld 0.01 skm. Bnr. 7 er ei hustomt i Kvammen.


1888 skøyte til Mons Johannesson Hellestræ 1863-1939, tekstilarbeidar, g.m. Margreta Olsdtr. 1868-1929. Sjå Helle bnr. 4 og Dale bnr. 6.

Born:

Maria Johanne 1886-1949, sjukepleiar, Dale.
Agathe Kristine 1890-1970, hushaldar, Bergen.
Ingeborg Matilde 1894-1964, g.m. maskinist Bjarne Hannisdal, Bergen.
Johannes 1897-1956, vognvisitør ved NSB, Bergen, g.m. Marie Mikkelsen Ebbesvik 1898, frå Fjell,
Ole 1904-1968, b. i USA, g.m. Ellen Alexanderson 1904-.


BRUK 8

Eldre bruksnamn Olajorda. Seinare Einarane eller Dyvikane. Gamalt løpenr. 34, nytt løpenr. 527. Gamal landskyld 1/4 t. laks. 1802: Skyld 1 p. 5 1/4 m. smør. 1838: Gamal skyld 1 p. 4 1/2 m. smør. Ny skyld 1 dl. 3 ort 10 sk. (Dette var etter at løpenr. 34 b var skilt frå og lagt til bnr. 9.) 1853 vart den gamle smørskylda oppgjeven til 1 p. 4 219/2604 m. 1886: Gamal skyld 1 dl. 3 ort 2 sk. Ny skyld 3.49 skm. 1956: 2.80 skm. Herredsbeskrivelsen 1863 rekna åkervidda på dette bruket til 4 mål. 2 1/2 mål var god åker, 1 mål var middels god, resten var ring. Engvidda på 18 1/2 mål, av det var 6 mål god eng, 3 1/2 mål middels god, 9 1/2 mål ring eng. Her var også nokre mål dyrkingsjord. Sånad 2 1/2 t. havre, 3 t. poteter. Avling 12 t. havre, 12 t. poteter, 600 v. høy, 84 v. halm. Frå slåttene fekk dei 150 v. høy. Fødnad 1 hest, 5 storfe, 1 ungfe, 23 småfe. Skav og beit tilsvara 10 v. høy. Dei kunne selja ved for 1 spd. netto årleg. Fødnad: 1657 1 hest, 1 ukse, 8 kyr, 2 kviger, 12 geiter, 20 sauer. 1863: 1 hest, 5 storfe, 1 ungfe, 23 småfe. 1750-åra: Fødnad 1 hest, 5 storfe, 6-8 småfe. Kornavling 8-9 t. havre. 1875: 1 hest, 8 kyr, 1 ungfe, 32 småfe. Sånad 3 t. havre, 6 t. poteter. 1960: Fødnad 9 kyr, 2 ungfe, 7 sauer.


1720 bygselsetel til Anders Nilsson Dale f. 1659 g.m. Kari Johannesdtr. Dalseid.

Born:

Nils 1694-1761, g. 1714 m. enkja Brita Rasmusdtr. Nordre Askeland. Sjå Haus s. 131.
Johannes 1696-.
Mons 1698-1752, g. 1726 med Maria Rasmusdtr. Nedste-Mjelde. Sjå Haus s. 38.
Lars, g. 1728 m. Kari Olsdtr. Grov.
Anna 1700-, g.m. Anders Mikkelsson Stamnes, sjå Stamnes bnr. 10.
Ågota 1703-,
Olav 1707-1708.
Olav f. og d. 1709.
Olav 1711.


1742 vart Ivar Knutsson brukar her. Både han og kona var frå Dale, men det ser ikkje ut til å ha vore noko slektsskap med den tidlegare brukaren på dette bruket. Ivar 1713-1790 var frå bnr. 21. Kona Kari Olsdtr. 1718-1783 var frå bnr. 19. Ivar var lagrettemann på tinget 1760.

Born:

Olav 1743-, brukar her.
Jon 1750-, sjå bnr. 21.
Johannes f. og d. 1753.
Ingeborg 1756-, g.m. Nils N. Jamne, sjå Jamne bnr. 1.
Johannes f. og d. 1760.
Ragnhild 1762-1792.
Knut 1747 gjestgjevar på Indre Bruvik.
Brita 1765-, g.m. Mons H. Dale bnr. 9.


1768 bygsla Olav Ivarsson.

Dei gamle brukarfolka Ivar Knutsson og kona Kari fekk tinglyst kår på 2 t. korn, fór åt 2 kyr og 6 sauer årleg så lenge dei levde både. Når berre ein var att, skulle kåret minkast til det halve.

Olav 1743-1805 g. 1770 m. Brita Nilsdtr. Helle 1747-1791. Ho var sonedotter åt jordeigaren, Magdeli Johannesdtr. Helle. Ved dette giftarmålet opna vegen seg for Olav til å verta sjølveigar. Ved skiftet etter Magdeli Johannesdtr. 1779 fekk dei tre sønene - Mons Nilsson Helle, Nils Nilsson Helle og Olav Nilsson Hana, kvar sine partar i Dale. Kvar part var på knapt 4 m. smør og knapt 4 k. laks. Nils Helle skøytte med ein gong sin part over til versonen Olav Ivarsson.

1790 fekk Olav skøyte på halvparten av det som Olav Hana åtte i Dale. Ved skiftet etter Brita Nilsdtr. 1791 var buet sitt jordegods i Dale på knapt 6 m. smør og knapt 6 t. laks, verdsett til 134 rdl. 4 ort. Nettosummen i buet var 216 rdl. 2 ort 8 sk. Halve jordegodset vart utlagt til Olav. Resten vart delt mellom dei fem borna som var i live då mora døydde. Olav gav skøyte på sin part av jorda til versonen Mons Nilsson Helle. Sjå eigarsoga.

Born:

Magdeli 1771-1772.
Ivar 1773-1792.
Magdeli 1775-1856, g.m. Mons Nilsson Helle, sjå Helle bnr. 1.
Kari 1778-, g.m. Johannes J. Dale bnr. 6, brukar på Vaksdal bnr. 1.
Kari 1781-, g.m. Johannes Helle, brukar her.
Ingeborg f. og d. 1784.
Nils 1787-1800.

Olav g. 2. g. 1792 m. enkja Ingeborg Johannesdtr. Vaksdal bnr. 5, f. på Helle bnr. 7 1736 d. 1807.

Olav var postmann på strekningen Dale-Tysso for austgåande og Dale -Stanghelle for vestgåande post. I skiftet etter han 1805 var midlane i buet knapt 129 rdl. Enkja ervde halvparten. Resten vart delt mellom dei tre døtrene frå fyrste ekteskap - Magdeli, Kari d.e. og Kari d.y.


1804 vart Johannes Nilsson Helle brukar her. Han fekk bygsla dette bruket av broren Mons Nilsson. Johannes f. på Helle bnr. 1 1778 vart g. 1803 m. Kari 1781-1810, dotter åt den førre brukaren. Kari og Johannes var barnlause.

Ved skiftet etter Kari 1810 vart buet på vel 148 rdl. delt mellom enkjemannen og dei to systrene til Kari.

Johannes g. 2. g. med Marta Olsdtr. Dale bnr. 6 1791-. 1818 vart Johannes ved arv og kjøp eigar av halve bnr. 14. Sjå eigarsoga og bnr. 11 og 14.

Det 2. ekteskapet åt Johannes var også barnlaust. Han var 72 år gamal då han og kona emigrerte til USA 1850. Dei hadde då hatt kår av dette bruket og av ein part i bnr. 14 sidan 1833. Kåret var avlyst 1850.


1833 skøyte til Mons Johannesson Helle. Seljarane var ei rekkje av dei som åtte jordepartar i bruket. Ein part vart ikkje seld. Den fylgde med giftarmål over til bnr. 9. Det vart halde utskifting og 1/4 av bnr. 8 vart lagd til bnr. 9.

Mons 1814-1862 var son åt Magdeli Olsdtr. Dale i hennar 2. ekteskap med Johannes Olsson Rivenes. Sjå Helle bnr. 1.

Mons g.m. Maria Halldorsdr. Dale bnr. 21 1812-. Dei selde dette bruket 1849 og reiste til Voss der dei kjøpte Nedkvitne bnr. 2. Sjå Vossaboki s. 478.

Born:

Johannes 1837-, brukar på Nedkvitne bnr. 2. Sjå Vossaboki s. 478.
Halldor 1849-1875, ug. lærar.
John 1846-1925, g. 1876 m. Marta Persdtr. Vinje, brukar på Nedre Grauo. Sjå Vossaboki s. 241.


1849 skøyte for 1000 spd. til Nils Jonsson Sæterdal bnr. 1 1811-, g.m. Ingebjørg Olsdtr. Fossmark bnr. 5 1818-.

1856 vart det halde skyldsetjingsforretning. Bruket vart delt i to like deler, den eine med løpenr. 527a, den andre med 527b. 527a vart selt 1856. 527a vart selt 1871. Nils og huslyden hans emigrerte til USA.

Born:

John 1843-1845.
Marta 1844-1849.
John f. og d. 1845.
John 1846-, g. 1870 med Ingebjørg Olsdtr. Audestad.
Anna 1848-1849.
Anna 1850-.
Olav 1851-.
Ågota 1855.


1856 skøyte på lnr. 527b for 400 spd. til Ivar Jonsson Sæterdal bnr. 1 1814-, g.m. Anna Filipsdtr. Øyene/Øye frå Bergsdalen. Ivar og Anna hadde før vore brukarfolk på Løtveit bnr. 1. 1861 selde dei dette bruket og utvandra til Amerika.

Born:

Jon 1845-.
Kari 1849-.


1861 skøyte på lnr. 527b for 500 spd. og 1871 skøyte på lnr. 527a for 500 spd. til Olav Einarsson Dyvik 1832-, g.m. Maria Nilsdtr. Myster 1828-1885. Sjå Dyvik bnr. 4 og Myster bnr. 4.

Born:

Einar 1862-, brukar her.
Kari 1863-.
Nils 1867-1916, portier på Fleischers Hotel, Voss.


1901 skøyte til Einar Olsson 1862-1941, g.m. Kari Grimestad 1860 -1938, dtr. åt Lars O. Reistad og kona Marta f. Langeland. Sjå Samnanger I s. 338 og Grimastad Vossaboki s. 522.

Born:

Maria 1886-1967, sjå Alfred Emil Eliassen, sjå ættesoge for Dale.
Marta 1887-1888.
Olav 1890-1900, d. ved ulukke.
Martin 1892-, d. før 1900.
Einar 1894-, brukar her.


1941 skøyte til Einar Einarsson 1894-, g.m. Guri 1902-, dtr. Åt Torkel Hovland, Øystese, og kona Ragnhild f. Laupsa.

Born:

Eldbjørg 19**-, g.m. elektrikar Arne Lindstad, Askim.
Einar 19**-, kontormann i Rikstrygdeverket.
Kari 19**-, kontordame, b. Vaksdal, g.m. bilmekanikar Johannes Nilsen 1947-.


BRUK 9

Daglegnamn Monsajorda. Gamalt løpenr. 36 og 34 b. Nytt løpenr. 528. Gamal skyld 1702: 1/2 laup smør. 1756: 21 m. smør. 1784: 2 19/30 m. smør, 2 19/30 k. laks. 1838: 1 bismar pund 2 891/2604 m. smør. (Auken i skylda kom av at bruket hadde fått tillagt løpenr. 34 b). Ny skyld 1838: 1 dl. 3 ort 1 sk. 1886: 3.24 skm. 1956: 2.50 skm. 1957: Fødnad 3 kyr, 4-6 sauer. Avling 4-5 t. havre. 1865 var åkervidda på dette bruket 8 mål. 5 mål var god åker, 2 mål middels god. 1 mål var ring åker. Bøen var på 38 mål. 12 mål var god bø. 6 1/2 middels god. 19 4/5 var ring bø. I tillegg til dette var her nokre mål dyrkingsjord. Dei sådde 4 1/2 t havre og 5 t. poteter. Avling 22 t. havre, 25 t. poteter, 1051 v. høy, 154 v. halm. Frå slåttene fekk dei 250 v. høy. Dei fødde 1 hest, 9 storfe. 52 småfe og 1 ungfe. Skav og beit tilsvara 20 v. høy. Skog var her nok til ved og hustømmer. Bruket kunne dessutan selja ved for 4 spd. netto årleg. Fødnad 1960: 5-6 kyr, 1 kvige, 6 sauer.


1702 bygsla Haldor Johannesson Horvei frå Evanger bruket hjå Jens Ottesen, Bergen, som då var eigar. 1725 fekk Haldor skøyte. Han var den fyrste sjølveigaren på Dale etter leiglendingstida.

Haldor 1670-1744 var g.m. Marjo 1667-1730, dotter åt Torbjørn Knutsson Tyssen, Evanger, og kona Ragnhild Helgesdtr. Nokre born døydde små.

Born som vaks opp:

Marta 1699-, g.m. Johannes Andersson Dale.
Johannes 1703-, g. 1725 m. Ragnhild Haldorsdtr. Hermundsdal, Evanger.
Anders 1704-, g 1740 m. Ingebjørg Haldorsdtr. Dalseid.
Lars 1706-, sjå bnr. 11.
Kari 1707-, g.m. neste brukar.
Anna 1709-, g.m. Ingebrigt Knutsson Dale bnr. 1.

I skiftet etter Marjo 1731 var buet si nettoeige 63 rdl. 1 ort 2 sk.


1734 skøyte til Mons Hansson Hermundsdal frå verfaren Haldor Johannesson. Mons 1700-1741 var g.m. Kari Haldorsdtr. Dale 1707-1769. I skiftet etter Mons vart jordegodset verdsett til 20 rdl. og utlagt til enkja, sonen Hans og dottera Marjo. Dei gav skøyte til neste brukar.

Born:

Hans 1736-, brukar her 1756.
Marjo 1740-, g.m. Nils Knutsson Dale bnr. 21.


1742 skøyte til Olav Johannesson Dale bnr. 19 for 24 rdl. Han gifte seg same året med enkja Kari Haldorsdtr. Olav f. ca. 1716 var brukar til han døydde 1755.

Born:

Mons, nemnd i skiftet etter faren 1755.
Anna 1748-1782.

I skiftet etter Olav 1755 vart bruket utlagt til enkja, sonen Mons og dottera Anna. Dei gav skøyte til neste brukar.


1756 skøyte til Hans Monsson Dale for 28 rdl. Han hadde odelsrett til bruket. Hans 1736-1816 var g.m. Synneva Olsdotter Vaksdal 1733 – 1815.


Born:

Mons 1760-, brukar her.
Magdeli 1761-1836, b. Votlo i Haus.
Ole 1768-, brukar i Blomdal 1793.
Haldor 1773-, sjå bnr. 21.
Kari 1778-, g.m. Johannes J. Fossmark, sjå Fossmark bnr. 1.

1784 skøyte til Mons Hansson. 1788 gav han kår til foreldra. Mons 1760-1806.

var g.m. Brita Ivarsdtr. Dale bnr. 8 1765-1864. I skiftet etter Mons 1806 var bruket verdsett til 60 rdl. Heile nettoeiga var 145 rdl. Enkja fekk halve bruket. Resten vart skift mellom dei 5 borna. Partane åt borna vart samla att same året og skøytte til eldste sonen Hans.

Born:

Kari 1791-1827, g.m. Lars J. Fossmark,sjå Fossmark bnr. 1.
Synneva 1794-, g.m. Ingebrigt N. Veset, brukar på Ytre Bruvik. Dei emigrerte til USA 1837 og døydde barnlause fyrste vinteren dei var der.
Hans 1797-1810, sjå nfr.
Ivar 1800-, brukar her.
Marie 1804-1831 ug.


1806 bygsla Mons Nilsson Helle halve bruket hjå Johannes Torbjørnsson Dale som var verje for Hans Monsson. Då Hans døydde 1810, vart denne parten skift mellom ervingane, men samla att ved skøyte til broren Ivar 1813.

Mons Nilsson Helle bnr. 7 1779-1867 var g.m. enkja Brita Ivarsdtr. sjå ofr.

Born:

Magdeli 1807-, g.m. Nils J. Helle, sjå Helle bnr. 7.
Kari 1813-1845, g.m. Tomas O. Hekland,sjå Hekland bnr. 1.


1813 skøyte til Ivar Monsson frå medarvingane for 56 rdl. Han gav kår til mora og stykfaren, verdsett til 18 rdl. årleg. Ivar 1800-, var g.m. Anna Monsdotter Helle bnr. 1 1804-. I skiftet etter faren hadde Anna ervt ein part i bnr. 8. Denne parten vart skild frå og lagd til dette bruket. 1831 var Ivar lagrettemann.

Born:

Mons 1826-, brukar her.
Mons 1828-, g.m. enkja Kristi Olsdtr. Dale bnr. 11.
Brita 1831-, g. 1849 m. Mons Johannesson Asheim, sjå Haus s. 280.
Hans 1835-, g. 1858 m. Anna Johannesdtr. Jamne, b. Hjørnevik, Evanger.
Johannes f. og d. 1838.
Magdeli 1839-, g.m. Johannes Monsson Herfindal, sjå Herfindalen bnr. 5.
Johannes 1844-1845.
Johannes 1848-, sjå bnr. 14.


1856 skøyte til Mons Ivarsson for 200 spd. og kår til foreldra. Mons 1826-1903 var g.m. Agate Monsdotter Herfindal bnr. 5 1825-1909.

Born:

Ivar 1851-, brukar her.
Anna 1853-, b. i USA.
Margreta 1855-, g.m. Nils J. Hellestræ. Sjå bnr. 10.
Anna 1859-1932, ug.
Mons 1862-.

Mons 1866-.


1901 skøyte til Ivar Monsson 1851-1922, g.m. Brita Monsdtr. Olsnes ca. 1848-1943.

Born:

Mons 1886-1944, brukar her.


1923 skøyte til Mons Ivarsson 1886-1944, g.m. Anna Nilsdtr. Hana bnr. 2 1888-1950.

Born:

Borghild Konstanse 1910-1979, g.m. lærar Samuel Dale. Sjå ættesoge for Dale.
Ingolf 1920-1988, brukar her.


1950 skøyte til Ingolf Monsson 1920-1988, g.m. Edith 1924-2013, dtr. åt fiskar Gabriel Iversen, Hjelma, og kona Borghild.

Born:

Magnar 19**-.
Anne Brith 19**-.


BRUK 10

Skyld 0,01 skm. Skilt frå bnr. 9 1880. Bnr. 10 er ei hustomt i Kvammen.


1880 skøyte til Nils Johannesson Hellestræ 1857-1907, fargerimeister i DF, d. ved arbeidsulukke. Sjå Helle bnr. 4. Nils g. 1. g. m. Margreta Monsdtr. Dale bnr. 9 1855-1884.

Born:

Mons 1879-, b. Buøy ved Stavanger.
Johannes 1882-.

Nils g. 2. g.m. Ingeborg Monsdtr. Valestrand 1854-1887.

Born:

Margrethe f. og d. 1886.

Nils g. 3. g. m. Anna Johannesdtr. Herfindal 1860-1943.

Born:

Margrethe 1888-1966, g. m. Nils Svendsen, Stavanger.
Josefine 1888-1930 (tvillingsyster åt Margrethe), ug. b. Dale.
Johannes 1890-1924, forsikringsinspektør, b. Stavanger, g. m. Anna f. Rasmussen.
Magda Kristine 1893-, g. m. Magnus Madsen, b. Boge.
Ingeborg 1895-1934, ug.
Anton 1899-, forsikringssekretær, b. Oslo, g. m. Valborg f. Nessøe.
Nils 1902-, sjå ættesoge for Dale.
Olav 1904-, musikkløytnant, Bergen, g. m. Ruth f. Jansen.


1957 skøyte til Dale Handelsforening på bnr. 10 og 35.


BRUK 11

Daglegnamn Andersjorda. I seinare tid Olsnesjorda. Gamalt løpenr. 35, nytt løpenr. 529. Landskyld 1666: 1/2 l. smør. 1744 fekk bruket avtak i landskylda på 5 1/7m. smør etter flaumskade. 1784: 3 127/135 m. smør og 3 127/135 k. laks 1837: Gamal skyld 1 bismarpund 1 31/808 m. smør. Ny skyld: 1 dl. 4 ort 2 sk. 1886: Gamal skyld 1 dl. 3 ort 15 sk. Ny skyld: 3.28 skm. 1956: 2.45 skm. 1657: Fødnad 1 ukse, 7 kyr, 3 kviger, 9 geiter og 15 sauer. 1863: Fødnad 1 hest, 8 storfe, 2 ungfe, 43 småfe. Åkervidda var 9 1/4 mål. Av dette var 4 1/2 mål god åker, 3 1/2 mål middels god. Resten var ring. Bøen var på 43 1/2 mål. Av dette var 10 mål god bø, 4 m. middels god og 29 1/2 m. ring bø. Attåt det var her nokre mål dyrkingsjord. Sånaden var den same som på bnr. 9: 4 1/2t. havre, 5 t. poteter. Dei avla 22 t. havre, 25 t. poteter, 989 v. høy, 140 v. halm. Frå slåttene fekk dei 250 v. høy. Skav og beit svara til 10 v. høy. Skogen som høyrde til bruket var nok til ved og hustømmer. Dei kunne dessutan selja ved for 4 spd. årleg netto.


Anders Nilsson var brukar her midt på 1600-talet. Han var truleg brukar både på bnr. 9 og 11. Det var dei to bruka som Apostelkyrkja i Bergen åtte. Anders er nemnd i skattelistene 1611, 1620 og 1630. Han er kvar gong mellom dei som betalar minst skatt. Det var halvgardsmenn, øyejordsmenn, og drenger med full løn. I manntalet 1666 var Anders Nilsson 80 år gamal. 1655 var han postbonde. I kopskattemanntalet 1645 finn me Anders, kona Anna og dottera Marta.


1657 var Oluf Andersson brukar her. 1670 vart han stemnd til tings for gjeld til Thomas Christensen, Bergen. Om huslyden åt Oluf Andersson vantar det sikre opplysningar. (Simon Olsson 1656-, brukar på bnr. 19, var kanskje frå bnr. 11, men han kunne også vera frå bnr. 18, der brukaren på denne tid også heitte Oluf Andersson).


1701 var Johannes Nilsson brukar og postbonde med kongeleg approbasjon. Johannes var gift 2 gonger. 1. kona er ukjend.

Born i 1. e.:

Gulleik 1685-, g.m. Anna Olsdtr. Vevle. Sjå Gjerstad s. 422.
Brita g. 1706 m. Mons Nilsson Stanghelle, b. Vevle.
Nils 1689-.

Johannes g. 2 g. m. Maria Johannesdtr. Kvamme. Sjå Kvamme.

Born:

Sigrid 1702-, g. m. neste brukar.
Olav 1703-, brukar på bnr. 9.


1728 bygsla Lars Ivarsson Lillejord 1706-1736, g.m. Sigrid Johannesdtr. 1702-, sjå ofr. I skiftet etter Lars 1736 var eiga knapt 8 rdl. Buet hadde ikkje jordegods. Arven vart skift mellom borna.

Born:

Ivar 1727-1730.
Helga 1728-1757.
Anna 1729-, d. før 1736.
Ivar 1730-.
Johannes.
Olav 1734-.
Nils 1735-, g. 1763 m enkja Barbru Magnesdtr. Skår. Sjå Gjerstad s. 100.


1741 bygsla Lars Haldorsson Dalseid f. 1706-. Sjå Dalseid bnr. 1. Lars var g. 1737 m. Marta Olsdtr. Dale bnr. 19 1716-.

Born:

Nils 1735-, g.m. Brita Fabiansdtr. Votlo, sjå Haus s. 142.
Brita 1737-1816, g.m. Gulleik Gudmundsson Dalseid, sjå Haus s. 68.
Johannes 1741-.


1742 bygsla Mikkel Jonsson Brekke 1715-1784, g.m. Marta Olsdtr., enkja etter Lars Haldorsson.

Born:

Anna 1745-, g. 1784 m. Johannes Olsson Dale bnr. 14, sjå Haus s. 25.
Lars 1751-, g.m. Ingeborg Andersdtr.
John 1754-, g.m. Magdeli Hansdtr. Dale. Sjå Furnes bnr. 1.
Mons, g. 1803 m. Magdeli Olsdtr. Dale.


1782 og 1784 skøyte til Tomas Olsson Hana 1761-1822 på bnr. 11 og 1/3 av bnr. 14. Sjå eigarsoga framanfor. Partane vart slegne saman, og Tomas ytte kår til enkjene etter dei gamle brukarane. 1818 fekk Tomas kongeleg bevilling til å halda gjestgjeveri og skyssstasjon.

Tomas var g.m. Synneva Johannesdtr. Skaftå 1765-1827. Ved skiftet etter Tomas vart jordegodset verdsett til 200 spd. Det vart skift mellom enkja og eldste dottera Brita.

Born:

Brita 1789-, g.m. neste brukar.
Brita 1792-, sjå bnr. 19.
Marta 1796-1803.
Magdeli 1800-1803.


1825 skøyte til Anders Nilsson Helle bnr. 1 1786-, g.m. Brita Tomasdtr. Dale bnr. 11 1789-. Anders var postbonde og brukar på bnr. 14 frå 1810. Sjå eigarsoga og bnr. 14.

Born:

Anna 1811-, g.m. Nils Olsson Dale bnr. 14.
Tomas 1814-, brukar her.
Synneva 1818-, g.m. Johannes Olsnes, sjå Olsnes bnr. 5.
Nils 1821-, g.m. enkja Anna Olsdtr. Midt-Bruvik, sjå Ytre-Bruvik bnr. 7.
Helga 1824-, g. 1845 m. Olav J. Ytre Bruvik, b. Garnes.


1840 skøyte til Tomas Andersson for 100 spd. og kår til foreldra. Tomas 1814-1852 var g.m. Kristi Olsdtr. Olsnes bnr. 5 1813-1890. I buet etter Tomas var nettosummen 430 spd. Dette bruket var verdsett til 400 spd.

Born:

Brita 1835-, g.m. Johannes Jamne, sjå Jamne bnr. 12.
Anders 1841-, brukar her.
Olav 1840-1934, sjå bnr. 12.


1853 vart Mons Ivarsson Dale bnr. 9 1828-1873 g.m. enkja Kristi Olsdtr. 1866 fekk dei tinglyst kår på dette bruket, verdsett til 175 spd. for 5 år.


1852 fekk Anders Tomasson skøyte i skiftet etter faren. Anders 1841-1906 var g.m. Anna Johannesdtr. Jamne 1835-1880.

Born:

Tomas, 1865-1942, g.m. Oline Johannesdtr. Garnes. Dei overtok farsgarden hennar.

Anders og Anna selde dette bruket og flytte til Garnes. Sjå Arna s. 12 og 17.


1892 skøyte til Jon Johannesson Strømme på bnr. 11 og 12 for kr. 6.000,-. Jon 1839-1922 var g.m. Ragnhild Knutsdtr. Straume 1840-. Han hadde drive som garvar på Straume. Då han selde dette bruket 1899, flytte han til Straume att, og dreiv sidan med snikkararbeid, sandarbeid og losing gjennom Bolstadstraumen. Sjå Straume bnr. 19.

Born:

Johannes 1866-1955, sjå ættesoge for Dale.
Knut d.e. 1868-, sjå ættesoge for Dale.
Knut d.y. 1870-, sjå ættesoge for Dale.
Mathias 1873-, skreddar, g.m. Brita Langhelle, b. USA.
Brita 1875-, g. 1904 m. jarnbanesmed Nils Olsson Steine, Voss.
Johannes 1878-, farmar i USA, g.m. Agate Haldorsdtr. Dale bnr. 21.
Andreas 1881-.
Ingebrigt 1881-.
Ingeborg 1883-, g.m. Anders O. Stamnes, sjå Straume bnr. 19.


1889 skøyte til Ole Haldorsson Olsnes bnr. 6 1855-1924, g.m. Karolina Maria 1862-1948, dtr. åt tekstilarbeidar Anders Haugland og kona Synneva. Sjå Arna s. 585 og Ytre Arna s. 79. Frå 1912 var Ole tekstilarbeidar i DF.

Born:

Haldor 1884-, g.m. Bertina Ivarsdtr. Dale bnr. 19, b. USA.
Anders 1887-, g.m. Karolina Berntina Andreasdtr. Maursund. Sjå Ytre Arna s. 131.
Kaia Sofie 1889-, g.m. Johannes Vie, sjå bnr. 18.
Martin 1890-, ug. brukar på Kleppe, Gjerstad, sidan b. USA.
Synneva 1893-, g.m. Johan Ivarsson Dale bnr. 19, b. USA.
Johanne 1895-, ug. fabrikkarbeidar, b. Minde.
Karoline Marie 1898-, g.m. Olaf Kindem, b. Dale og Odda.
Olaf 1900-, fabrikkarbeidar, Odda, g.m. Helena F. Koven.
Margit Sofie 1902-, sjå Ingvald Bruvik, ættesoge for Dale.
Johan 1904-, farmar i Minnesota, USA.
Martha Bertine 1905-, ug. b. Dale.
Edith Mathilde 1909-, sjå John Sääv, ættesoge for Dale.


1912 skøyte til A/S Dale Fabrikker.


BRUK 12

Skilt frå bnr. 11 1880. Skyld 0.01 skm.


1893 skøyte til Olav Tomasson Dale bnr. 11, ca. 1847-1934, g.m. Kari Nilsdtr. Dale bnr. 14 1854-1934. Olav var smed. Han bygde smidje og bustadhus. I kjellaren under «Smeahuset» var det ei tid landhandel. I smidja framfor huset var det damphanar og maskiner. Olav åtte også bnr. 15 og 24.


1904 skøyte på bnr. 12 og 1934 skøyte på bnr. 24 til Knut G. Sandvik 1876-, smed, g.m. Ingeborg Nilsdtr. Dale bnr. 14 1874-. Knut var frå Rauland i Telemark. Han flytte attende dit med huslyden sin 1936 og busette seg på garden Berge. Sjå eigarliste Dale bnr. 37.

Born:

Margit Konstanse 1905-, g. og b. i Telemark.


1940 skøyte på bnr. 24 til Bertin Øye 1886-1968, landmålar i BKK, son åt mylnearbeidar Peder Besseson Skreien, Vaksdal, og kona Kari Helgesdtr. fra Evanger. Kari g. 2. g.m. gardbrukar Johannes Øye, Bergsdalen. Borna frå 1. e. tok også namnet Øye.

Bertin g. 1. g.m Amanda Sanden 1897-1919, dtr. åt notbas Jakob Sanden, Sulen, og kona Mathilde.

Barn:

Per 1919-, sjå ættesoge for Dale.

Bertin g. 2. g.m. Magnhild 1903-, dtr. åt Brita og Anders Reistad, Samnanger.

Barn:

Kristi 19**-, kontorassistent i BKK.


BRUK 13

Skilt frå bnr. 11 1886. Skyld 0.01 skm.


1886 skøyte til Anders Isakson.


1892 skøyte til Anders Andersson Frøski, baneformann, frå Elvsborg lån, Sverike, b. i USA frå 1920, g.m. Brita Olsdtr. Stanghelle 1863-. Sjå Stanghelle bnr. 7 og Dale eigarliste Dale bnr. 42-43.

Born: ’

Alfred, b. USA.
Anders, b. USA, g.m. Anna Hvidsten.
Olav, b. USA.
Albert, b. USA.
Stina, b. USA.
Marta, b. USA.


1920 skøyte til Lars Rørgård 1879-1938, banevaktar, son åt Haldor Knutsson Gjeilen og kona Ranveig Larsdtr., b. Stigen under Røyrgo, Evanger, g. 1. g.m. Randine 1883-1929, dtr. åt Baste Andersson Haugland og kona Oline Jonsdtr., Herdla. Sjå eigarliste Dale bnr. 42-43.

Born:

Laurits Bertin f. og d. 1919.
Håkon Bertin 1920-, sjå nfr.

Lars g. 2. g. m. Maria Andersdtr. Lavik frå Voss. Ingen born i 2. e.


1938 skøyte til Håkon Bertin Larsson Rørgård 1920-, sjå ofr., banereparatør i NSB, g. 1. g.m. Agnes Ingvarda 1921-1966, dtr. åt fiskar Alfred Johannesson Stormark og kona Ingeborg Steffensdtr., b. Fedje. Sjå eigarliste Dale bnr. 42-43.

Barn: Rolf 19**-, sjå ættesoge for Dale.

Håkon Bertin g. 2. g.m. Borgny Rakel 19**-, dtr. åt Herman og Laura Nøttveit, Manger.

Born: Siren 19**-. Hogne 19**-.

Borgny Rakel g .1. g.m. Gunnar Mellingen.

Born i 1. e.: Geir Bjarte Mellingen 19**-. Linda Merete Mellingen 19**-.


BRUK 14

Daglegnamn Brotajorda. Gamalt løpenummer 37 og 530. Gamal landsskyld 1/4 t. laks. 1718: 2 p. 13 2/3 m. smør. Etter avtaksforretning 1744: 1 bismarpund 1 31/808 m. smør. Ny skyld 1838: 1 dl. og 6 sk. 1880: 4 ort 18 sk. 1886: 2,39 skm. 1956: 2,24 skm. 1750: Sånad 2 1/2 t. korn. Avling 8-9 t. korn i gode år. Fødnad 1 hest, 5 kyr, 6-8 småfe. Matrikkelkommisjonen av 1863 rekna åkervidda på bruket til 7,3 mål. Av det var 5,8 mål god åker, 1/2 mål middels god. Resten var ring åker. Bøen var på 34 mål. 8 1/3 mål var god bø, 9 2/3 mål middels god, 16 mål var ring bø. Her fanst nokre mål dyrkingsjord. Sånad 3 t. havre, 4 t. poteter. Dei avla 15 t. havre, 18 t. poteter, 807 v. høy. Fødnad 1 hest, 7 storfe, 1 ungfe, og 33 småfe. Her var skog nok til ved og hustømmer. Dei kunne selja ved for 3 spd. netto årleg. Skav og beit tilsvara 30 v. høy. Bruket var godt dyrka.


1700 bygsla Einar Larsson. Han hadde før vore brukar og sjølveigar i Fyllingslid. Sjå III s. 284. År og dag etter at han var flytta frå Fyllingslid, tok Einar eit hus frå garden og selde det til Nils Helle. Lensmann Johannes Øvste-Mjelde, den nye eigaren i Fyllingslid, saksøkte han for dette. Einar vart dømd til å føra huset til gards att og syta for at det vart skikkeleg oppsett. Dersom dette ikkje vart gjort innan neste vår, skulle han bøta 10 lodd sylv. Dessutan måtta han svara 2 rdl. i sakskostnad til lensmann Øvste-Mjelde.

Einar 1656-1738 var g.m. Synneva Mikkelsdtr. Fyllingslid 1650-1740.

Born:

Lars 1687, g. 1708 m. Kari Olsdotter Kvisti f. Havrå, sjå Haus s. 231.
Ingeborg 1690-, g.m. neste brukar.
Mikkel 1692-.
Johannes 1695-. g. 1713 m. enkja Ingeborg Larsdtr. Meland.
Anna 1712- .
Marta.
Kari, g. 1717 m. Halstein Nilsson Dale.


1726 bygsla Johannes Andersson 1698-1746, son åt Anders Johannesson Toskedal og kona Anna Pedersdtr. Dale. Dei var husfolk på Dale. Johannes var g.m. dotter åt den førre brukaren, Ingeborg Einardtr. 1690-1772. Ingeborg g. 2 g.m neste brukar. Sjå nfr.

Born:

Nils 1721-1726.
Anna 1722-, g.m. Olav J. Helle, brukar her.
Johannes 1724-, sjå bnr. 6.
Synneva 1726-, g.m. Tomas Sjursson Herfindal, sjå Langhelle bnr. 6.
Anders 1729- .
Einar 1733-, brukar i Dyvik. Sjå Dyvik.
Nils 1736-1780, gift og let etter seg 2 søner,
Johannes 1763-.
Lars 1766-.


1750 bygsla Lars Olsson Furnes f. 1709-1768, g.1.g.m. Anna Knutsdtr. Straume 1717-1748. Sjå Straume bnr. 5 og Furnes bnr. 2.

Born:

Marta 1742-, g.1781 m. Askjel Sjursson Tyssen, Evanger.
Knut 1744-, d. før 1768.
Ingeborg 1746-, g. 1. g.m. Anders Olsson Bolstad, g.2.g.m.
Johannes Bergesson Toskedal. Sjå Toskedal bnr. 3.
Lars 1748-, brukar på Fosse i Bergsdalen, g.m. Anna Johannesdtr. Dalseid.

Lars g. 2. g.m. enkja etter den førre brukaren her, Ingeborg Einarsdtr. 1761 fekk dei kår på dette bruket. Dei hadde ikkje born. I skiftet etter Lars 1768 var nettoen 32 rdl., som vart skift mellom sonen Lars og døtrene Marta og Ingeborg.


1758 bygsla Olav Johannesson Helle 1733-1784, g.m. Anna Johannesdtr. 1722-1796. Sjå ofr. og Helle bnr. 7.


Born:

Olav 1759-1790, b. N.Veset, Haus.
Einar 1760-, brukar her.
Nils 1762-, g.1789 m. Anna Larsdtr. Veo. Sjå Gjerstad s. 353.
Johannes 1764-, g.1.g.m. Anna Mikkelsdtr. Dale bnr. 11, b. N. Veset, g.2.g.m. enkja Ingebjørg Johannesdtr. Dale bnr. 14. Sjå nfr. og Haus s. 25.


1785 bygsla Einar Olsson 1760-1809, sjå ofr., g.m. Ingeborg Johannesdtr. Stamnes (Stavenes?) 1763-1852.

Born:

Olav 1786-, g.1.g.m. Anna Johannesdtr. N.Veset, g.2.g.m. Brita Johannesdtr. Stamnes. Sjå Haus s. 25.
Johannes 1787-1790.
Brita 1791-, g.m. Olav K. Herfindal, sjå Herfindalen bnr. 6.
Anna 1795-, g.m. Olav Knutsson S. Veset. Sjå Haus s. 33.
Ingebjørg 1797-, g.m. Olav J. Grøtå, brukar i Børsli.
Kari 1800-, g.m. Olav J. Romslo. Sjå Haus s. 354.
Johannes 1804-1817.

I skiftet etter Einar var nettoeiga vel 80 rdl. Enkja Ingeborg g.2.g.m. yngste bror åt mannen, Johannes N.Veset, Haus. Sjå ofr.


1810 bygsla Anders Nilsson Helle dette bruket hjå faren, Nils Monsson Helle bnr. 1. Frå 1818 var Anders eigar av halve bruket. Den andre helvta åtte broren Johannes. Det vart noko strid mellom dei to brørne. Sjå eigarsoga og bnr. 11. 1825 fekk Anders skøyte på bnr. 11 og vart brukar der. Han overlet dette bruket til ein verson.


1825 skøyte til Nils Olsson Dale frå verfaren Anders Nilsson på halve bruket for 50 spd. Den andre helvta fekk Nils fyrst bygsla. 1833 fekk han skøyte for 50 spd. hjå eigaren Johannes Nilsson. Dale bnr. 8. Nils 1804-1883 var frå Dale bnr. 6, g.m. Anna Andersdtr. Dale bnr. 11 1811-.

Born:

Kari 1830-, g.m. neste brukar.
Brita 1833-, g.m. Nils N. Jamne d.y., brukar på Jamne bnr. 1.
Agate 1835-, g.m. Olav S. Dale bnr. 6.
Marta 1839-, g.m. Tomas N. Jamne, sjå Jamne bnr. 7.
Magdeli 1842-, g. 1 g.m. Anders Veset, g. 2 g.m. Elling Monsson Olsnes, sjå Olsnes bnr. 3.


1855 skøyte til Nils Nilsson Jamne d.e. for 100 spd. og kår. Nils f. på Jamne bnr. 1 1829 var g.m. Kari 1830-, jordajente på dette bruket.

Born:

Kari 1854-1934, g.m. smed Olav Dale, sjå bnr. 12.
Anna 1857-, g.m. Andreas Eikanger, sjå bnr. 16.
Brita 1859-, g.m. Johannes E. Dalseid, sjå Dalseid bnr. 1.
Ingeborg 1874-, g.m. smed Knut G. Sandvik, sjå bnr. 12.


1893 skøyte til Johannes Ivarsson Tungeland 1848-1917. Johannes var frå Dale bnr. 9. I byrjinga av 1870-åra dreiv han eit bruk på Meland i Evanger. Frå 1874 var han brukar på Tungeland. Sjå Arna s. 455. Johannes g.1.g.m. Kari Monsdtr. Olsnes 1840-1885.

Born:

Madli 1868-, g.m. Fredrik M. Løtveit, b. Nebraska, USA.
Brita 1870-1892, ug.
Anna 1872-, b. Nebraska, USA.
Ivar 1874-, sjå ættesoga, Dale.
Marta Olina 1878-, g.m. gardbrukar Erik Simonsson Rå, Fana.
Johanna Karina 1882-, g.m. elverksarbeidar Simon Simonsson Rå. Fana.

Johannes g.2.g.m. Ingebjørg Johannesdtr. Romslo 1847-1914. Sjå Haus s. 355.

Born:

Maria 1887-, g.m. Henrik Henriksson Rolland. Sjå ættesoge for Dale.
Johannes 1891-, brukar her.


1916 skøyte til Johannes Johannesson Dale, son åt den førre brukaren, som fekk kår. 1928 kjøpte Johannes bnr. 19 og dreiv siden bnr. 14 og bnr. 19 under eitt. Det var det største bruket som hadde vore på garden sidan oppdelinga skaut fart på 1600-talet.

Johannes 1891-, var g.m. Anna 1881-1961, dtr. åt Johannes N. Helle, b. Meland, Evanger. Sjå Helle bnr. 1.

Barn:

Ingjald 1921-.


1965 skøyte til Vaksdal kommune.


BRUK 15

Bruksnamn Kjersmyra. Løpenr. 530b. Skilt frå bnr. 14 1880. Skyld 7 sk. 1886: 0,07 skm.


1880 skøyte til Olav Tomasson for kr. 600,-. Sjå bnr. 12.

1925 skøyte til A/S Dale Fabrikker for kr. 1500,-.


BRUK 16

Skilt frå bnr. 14 1888. Skyld 0.01 skm.


1888 skøyte til Andreas Olsson Ekanger 1852-1896, g.m. Anna Nilsdtr. Dale bnr. 14 1857-1938. Dei bygde hus på dette bnr., tett ved gamle-kyrkja. Andreas var den eldste av tre brør som kom til Dale kring 1880. Sjå Gjerstad s. 410 og ættesoge for Dale.

Born:

Olaf Severin 1878-, sjå nfr.
Kari 1879-, g.m. Ole Johannesson Sæterdal, sjå Sedalen bnr. 7.
Sofia Bertina 1881-, g.m. Nils Knutsson, Vaksdal.
Nils 1883-, g.m. Olina Larsdtr. Midtun, Vossestrand.
Berta 1885-, sjå Olav Bernhard Ingebrigtsen, ættesoge for Dale.
Anna Nilsine 1887-, g.m. Lars Brunborg, Evanger. Sjå Lars Brunborg, ættesoge for Dale.
Ingeborg 1893-, g.m. Hans B. Thunestvedt, Nesttun. Sjå Besse Thunestvedt, ættesoge for Dale.

1935 skøyte til Olaf Severin Andreasson Ekanger 1878-, sjå ofr., g.m. Kaia Kristine Andersdtr. Padøy frå Florø, 1878-. Ho var syster åt Elen Gunnhild, g.m. Isak O. Ekanger. Sjå ættesoge for Dale.

Born:

Anna.
Anders, b. i Oslo.
Andreas, b. i Oslo.
Kathrina.
Karen.


BRUK 17

Skilt frå bnr. 15 1888. Løpenr. 530b. Gamal skyld 4 sk., ny skyld 0,09 skm.


1888 skøyte til Peter Jebsen d. y.

1905 skøyte til A/S Dale Fabrikker.


BRUK 18

Daglegnamn Knutabruket el. Torsteinsbruket.

Gamalt løpenr. 38. Nytt løpenr. 531. Gamal landskyld 6 k.laks. Skatteskyld 1694: 30 m. smør. 1744 vart skylda sett ned med 5 1/7 m. smør. 1774: 16 143/1302 m. smør. 1838: 1 dl. 6 sk. 1886: 1,85 skm. 1956: 1,54 skm. 1757: Sånad 1 1/4 t. havre. Fødnad 3 kyr, 4-6 småfe. Matrikkel-kommisjonen av 1863 rekna åkervidda på dette bruket til 5,4 mål. 3 mål var god åker, 1,2 mål middels god. Resten var ring åker. Bøen var på 27 2/3 mål. 5 mål var god bø, 2 1/2 mål midels god. Resten var ring bø. Her var nokre mål dyrkingsjord. Sånad: 3 t. havre, 3 1/2 t. poteter. Avling 15 t. havre, 16 t. poteter, 565 v. høy, 105 v. halm. Skav og beit tilsvara 20 v. høy. Frå slåttene fekk dei 185 v. høy. Fødnad 1 hest, 5 storfe, 2 ungfe og 17 småfe. Skog nok til ved og hustømmer. Dei kunne selja ved for 1 spd. netto årleg.


1701 bygsla Johan Andersson. Han var brukar her berre ei stutt tid. Bygsla vart oppsagd.


1705 bygsla Nils Helgesson. Han slutta som brukar her før 1711.


Born på Dale:

Helge 1705-.
Nils 1709-.


Halstein Rasmusson 1644-1711 var truleg brukar her eit par år. Halstein var frå Sunnhordland. 1701 var han dreng på Helle. Seinare var han husmann eller innerst på Langhelle. 1708 vart han gift med Maria Nilsdtr. Ho var truleg enkje og hadde ein son, Lars 1791-, frå 1. ekteskap.

Born:

Jon 1708-.
Anders 1711-.

I skiftet etter Halstein 1712 var det ikkje reide pengar eller sylv, men bra med husdyr: 1 hest, 4 kyr, 1 uksekalv, 2 lamsauer, 1 gimber. Nettoen i buet var 3 rdl. Enkja Maria g.3.g.m. neste brukar.


1713 bygsla Anders Mikkelsson Kvitingen 1692-, g.m. enkja Maria Nilsdtr. d. 1723. Sjå Samnanger I s. 576.

Born:

Mikkel 1714-.
Berta f. og d. 1717.
Berta 1718-.
Kari 1723-.


1738 bygsla Helge Olsson Furnes 1707-1744, g.m. Inga Monsdtr. Dalseid 1709-1752. Sjå Furnes bnr. 2 og Dalseid bnr. 2.

Born:

Marta 1739-.
Ingeborg 1740-.
Mons 1742-, brukar på Furnes bnr. 2.

Ved skiftet etter Helge 1744 ervde sonen Mons vel 7 rdl. i lausøyre. Buet hadde ikkje jordegods. Enkja Inga g.2.g.m. neste brukar.


1744 bygsla Lars Knutsson Fosse 1718-1747, g.m. enkja Inga Monsdtr.

Born:

Knut 1745-1758.
Helge 1745-, brukar på Hekland bnr. 2.
Ingebjørg 1748-.


1748 bygsla Nils Olsson Jamne, g.1.g.m. Inga Monsdtr., enkja etter den førre brukaren.

Barn:

Guri 1751-1808.

Nils g.2.g.m. Kari Simonsdtr. Njåstad.

Barn:

Inga 1754-.


1769 bygsla Knut Ingebrigtsson 1737-1821.


1774 fekk han skøyte for 40 rdl. Knut var frå Dale bnr. 1, g.m. Brita Davidsdtr. 1736-1817.

Born:

Brita, g. 1791 m. Nils Knutsson Rekve frå Voss.
Anna, g. 1804 m. Johannes T. Dale bnr. 19.
Marta 1770-, g. 1803 m. Olav Monsson Hermundsdal, Evanger.
Ingebrigt f. og d. 1774.
Nils 1775-, brukar her.
Maria 1777-, g. 1803 m. Berge B. Hanstveit. Sjå Hosanger I, 2. del s. 10.


1798 skøyte til Nils Knutsson 1775-1856. Foreldra fekk kår frå 1801.

Nils g.1.g.m. Siri Mikkelsdtr. Kyrkje-Bruvik, 1777-1840.

Born:

Mikkel 1804-, brukar her.
Knut 1806-, b. Ytre Bruvik bnr. 8, g.m. Brita Bastesdtr. Stokke.
Brita 1809-, g.m. Johannes Jensson, Ytre Bruvik, bnr. 8.

Nils g. 2. g.m. Synneva Larsdtr. Indre Boge, 1801-. Nils vart gjestgjevar på Dale etter Tomas Olsson. 1814 vart Nils vald til å møta frå Bruvik-sokna på valtinget i Bergen 28. mars, der dei skulle velja utsendingar til riksforsamlinga på Eidsvoll. 1821 var han lagrettemann.


1838 skøyte til Mikkel Nilsson 1804-1886, for 100 spd. og kår til foreldra.

Mikkel var g.1.g.m. Katrine Olsdotter Fossmark, bnr 5, 1810-1850.

Born:

Nils 1833-, brukar på Helle bnr. 2.
Ole 1836, emigrerte til USA kring 1860.
Marta 1839-1852.
Siri 1842-, g.m. Anders Samuelsson Dale bnr. 6, b. i USA.
Agate 1845 g.m. Nils Haldorsson Faugstad, sjå Fokstad/Faugstad bnr. 1.
Nils 1848-, brukar her.

I skiftet 1850 etter Katrine var bruket verdsett til 310 spd. Nettoeiga var 297 spd. Bruket vart utlagt til enkjemannen.

Mikkel g.2.g.m. Marta Monsdtr. Herfindal bnr. 5, 1822-1852.

Barn:

Mons 1851-, smed, b. Jondal i Hardanger.

Mikkel g.3.g.m. Kari Eriksdtr. Helle bnr. 2, 1831-1897.

Born:

Katrine 1853-, g.m. Mons Nilsson Helle, USA.
Erik 1856-, b. USA.
Marta 1860-, b. USA.

.Agate 1863-, g.m. Erik Olsen, USA.


1886 skøyte til Nils Mikkelsson for 150 spd. og kår, verdsett til 135 spd. for 5 år. Nils 1848-, sjå ofr., var g.m. Madli Johannesdtr.

Born:

Katrina Olina 1871-.
Marta Johanna 1883-.

1892 var Madli og den eine av dei to døtrene avlidne. Nils utvandra då til USA saman med den attlevande dottera.


1892 skøyte til Torstein Vie 1843-1925, son åt Anders Vie, Førde i Sunnfjord, og kona Inger Torsteinsdtr. d. på Dale 1908, 92 år gamal. Torstein g.m. Brita Johannesdtr. Dale bnr. 21 1859-1931. Då dei selde bruket, tok dei unna ei tomt på nordsida av Holhovden og bygde seg hus der. Sjå eigarliste Dale bnr. 56.

Born:

Albert Martin 1880-, brukar her.
Inga Amalie 1884-.
Johannes 1888-, brukar her.
Marta 1893-, g.m. Saras Meisfjord frå Vefsn, b. Tyssedal.


Albert Martin Torsteinsson Vie, 1880-, var brukar eit par år til han flytte til Odda 1908. Kona Olina Johannesdtr. Neset 1878-1954 var frå Modalen.

Born:  :Torstein Dale 1907-, lege og generalmajor, b. Oslo, g.m. Unn Søiland f. 1926 i Haugesund.

Brita 1912-, g.m. Arne Fonneland, Norheimsund.


Johannes Torsteinsson Vie 1888-1949 g.m. Kaia Sofie Olsdtr. Olsnes 1889-. Dei var brukarfolk her nokre år. Etter ei tid i Odda busette dei seg 1933 på Kleppe, Osterøy. Sjå Dale bnr. 11 og Gjerstad s. 245.

Born:

Torstein Dale 1911-, g.m. Elsa Birgitta Evensen, b. Kleppe og Hatland, Osterøy.
Karolina 1912-, g.m. gardbrukar Jon J. Løtveit, b. Njåstad, Osterøy.
Ole Dale 19**-, dykkar, b. Bergen, g.m. Hjørdis Sunde frå Horten.
Berit 19**-, fabrikkarbeidar, Ytre Arna.


1913 skøyte til A/S Dale Fabrikker.


BRUK 19

Daglegnamn Torbjørnsjorda.

Gamle løpenummer 39 og 532. Gamal landskyld 9 k. laks. 1744 vart skylda nedsett med 7 5/7 m. Smør. 1775: 4 8/15. smør, 4 8/15 k. laks. I panteregisteret 1774 og matrikkelen 1838: 1 pund 5 317/2602 m. smør. Ny skyld 1838: 1 dl. 3 ort 9 sk. 1886: 3.29 skm. 1757: Fødnad 1 hest, 4 kyr, 6-7 småfe. Sånad 2 t. havre. Matrikkelkommisjonen av 1863 sette åkervidda på dette bruket til 8 mål. Av det var 5 mål god åker, 2 mål middels god, 1 mål ring åker. Bøen var omlag 38 mål. Av det var 13 1/2 mål god bø, 4 2/3 middels god. Resten var ring bø. Her var også nokre mål dyrkingsjord. Sånad: 3 1/2 t. havre, 5 t. poteter. Avling: 20 t. havre, 25 t. poteter, 1006 v. høy, 140 v. halm. Skav og beit tilsvara 40 v. høy. Frå slåttene fekk dei 250 v. høy. Fødnad: 1 hest, 11 storfe og 47 småfe. Skogen var nok til ved og hustømmer. Dei kunne dessutan selja ved for netto 4 spd. årleg. Bruket var godt dyrka.


1694 var Simon Olsson Dale brukar her. Frå 1706 var han hjelpesmann for postbonden Halstein Johannesson, Dale.

Simon 1656-1721 var gift 2 gonger. Namnet på 1. kona er ikkje kjent.

Born i 1. e:

Ivar d. 1691. Olav 1689-, sjå Fossmark bnr. 1.
Johannes 1691-, sjå nfr.
Anders 1696-, brukar på Stokke bnr. 3.
Ivar f. og d 1698.

Simon g. 2.g.m. Brita Eiriksdtr. Furnes.

Born:

Ingebjørg 1708-1781.
Anna, g. 1740 m. Johannes J. Stanghelle.


1716 bygsla Olav Torbjørnsson Tysso, f. i Evanger 1686, g. 1715 m. Ingebjørg Halsteinsdtr. Dale 1685-1753. Olav var postbonde. Han førde austgåande post frå Dale til Tysso i Bolstadfjorden og vestgåande post frå Dale til Stanghelle. Løna for dette var 4 rdl. for året.

Born:

Marta 1716-, sjå bnr. 11.
Kari 1718-, sjå bnr. 8.
Johannes 1721-.
Ingeborg f. og d. 1725.
Torbjørn 1726-, brukar her.
Ingeborg 1729-, g.m. Jon G. Dalseid, sjå Dalseid bnr. 2.
Maria 1731-, d. ved drukningsulukke i elva 1762.
Olav.


Johannes Simonsson 1691-1755 og kona Anna Monsdtr. Dalseid bnr. 2 1689-1762 var brukarfolk her kring 1740.

Born:

Olav f. ca. 1716, sjå bnr. 9.
Simon 1722-1749, ug.
Ingebjørg 1724-, g.m. neste brukar.
Mons f. og d. 1728.

Det vart halde skifte etter enkja Anna Monsdtr. 1762. Buet var gjeldfritt. Arven som var på knapt 20 rdl. vart skift mellom dottera Ingebjørg og borna etter den avlidne sonen Olav.


1750 bygsla Torbjørn Olsson. 1774 fekk han skøyte. Han var fyrste sjølveigaren på dette bruket. 1760 var han lagrettemann.

Torbjørn 1726-1798 og kona Ingebjørg Johannesdtr. 1724-, var båe born åt tidlegare brukarar her. Sjå ofr.

Born:

Ingebjørg 1751-, g.m. Mons Olsson Hermundsdal, Evanger.
Anna 1754-, g.m. Nils Ingebrigtsson Dale bnr. 1, b. N. Veset i Haus.
Marta 1755-1787.
Maria 1757-1758.
Johannes 1759-, brukar her.
Maria 1762-1787.
Olava f. og d. 1765.
Olav 1766-1780.


1784 skøyte til Johannes Torbjørnsson 1759-1843, g. 1. g.m. Ragnhild Ivarsdtr. Vimmelvik, Haus, 1763-1792.

Born:

Ivar f. og d. 1788.
Ivar 1789-, brukar her.

Ved skiftet etter Ragnhild 1792 var jordegodset verdsett til 60 rdl. Nettoeiga var vel 113 rdl. Enkjemannen og sonen Ivar ervde ein halvpart kvar, både av jordegodset og det som elles var i buet. Johannes bygsla 1792 den halvparten av bruket som Ivar hadde fått utlagt.

Johannes g. 2.g.m. Agot Jonsdtr. Dalseid bnr. 2 1769-1803.

Born:

Ragnhild f. og d. 1794.
Jon 1795-, emigrerte til USA 1838, g.m. Anna Sjursdtr. Vaksdal.
Ragnhild 1798-, g.m. Johannes N. Helle, sjå Helle bnr. 3.
Torbjørn 1801-, g. 1829 m. enkja Ingebjørg N. Veset, Haus.

Ved skiftet etter Agot 1804 var nettosummen i buet 116 dl. 4 art 7 sk. Enkjemannen fekk utlagt jordegodset.

Johannes g. 3. g.m. Anna Knutsdtr. Dale bnr. 18.

Born:

Agot 1805-, g.m. Johannes Å. Vaksdal, b. Indre-Boge bnr. 6.
Knut 1807-1809.
Johannes 1808-, b. Knapskog i Sund prestegjeld, g.m. Brita Askjelsdtr.
Brita f. og d. 1809.
Knut 1810-, g.m. Kari Johannesdtr. Dale. Sjå Sedalen, husfolk.


1792 skifteskøyte til Ivar Johannesson på halve bruket.


1825 fekk han skøyte på resten av bruket for 50 spd. og kår, verdsett til 100 spd. for 5 år.

Ivar g. 1. g.m. Brita Tomasdtr. Dale bnr. 11 1792-1851.

Born:

Magdeli 1823-, g.m. Nils E. Helle, sjå Helle bnr. 2.
Johannes 1825-, brukar her.

Ivar g. 2. g.m. Anna Filipsdtr. Øye frå Bergsdalen.

Barn:

Filip 1856-, d. ved drukningsulukke.


1846 skøyte til Johannes Ivarsson for 100 spd. og kår. Johannes 1825-, g.m. Dordi Eriksdtr. Helle bnr. 2, 1829-1906. Dei hadde hus og dreiv handel i Gata på Dale.

Born:

Brita 1848-, g.m. Anders O. Fokstad sjå Fokstad/Faugstad bnr. 2.
Ivar f. og d. 1851.
Ivar 1853-, brukar her.
Agot 1856-1877.
Madli 1858-, g.m. lærar Mons Vedå. Sjå bnr. 20.
Eirik, b. i USA.
Sina, b. i USA.
Olina 1871-, sjå Ole L. Myking, ættesoge for Dale.


Neste brukar var Ivar Johannesson 1853-1933, g. 1. g.m. Dordi Nilsdtr. Dalseid bnr. 1 1856-1886.

Born:

Johannes 1877-, b. USA. Sjå Andreas Dahle, ættesoge for Dale.

Nils 1879-, brukar her. Albert Martin f. og d. 1881. Albert Martin 1882-1940, b. i USA. Dortea 1885-, b. i USA, g.m. Nils Helle, son åt Mons N. Helle bnr. 7.

Ivar g. 2. g.m. Madli Johannesdtr. Blødal 1864-.

Born:

Johan 1888-, b. i USA, g.m. Synneva Olsdtr. Olsnes, sjå Dale bnr. 11.
Edvard 1890-, b. i USA.
Nils Olai 1893-, brukar her.
Ivar 1901-, sjå ættesoga og bnr. 116.
Johanna Albertine 1903-, g.m. Jakob Hårvik, sjå ættesoge for Dale.
Margit 1906-, b. på bnr. 20.
Albert Martin 1908-, sjå bnr. 20.
Birger brukar her.
Bertina b. i USA, g.m. Haldor O. Olsnes. Sjå bnr. 11.


1901 skøyte til Nils Ivarsson 1879-, anleggsarbeidar, g. 1 g.m. Anna Mathilde 1877-1922, dtr. åt Olav 0. Romenes frå Värmland, Sverige, og kona Sina Amundsdtr. frå Sogndal. Sjå Haus s. 312.

Born:

Signe Olefine 1912-1919.
Ivar 1906-1969, sjå ættesoge for Dale.
Olav 1919-, b. Stokke i Vestfold, g.m. Solveig Midtun, Nesttun.

Nils g. 2. g.m. Aslaug Nøstvik 1890-1960, dtr. åt Thea og Leonhard Monsen frå Lødingen, Lofoten, b. Kvåle, Voss.

Born:

Signe 1930-1940.


1922 skøyte til Birger Ivarsson. Han selde bruket året etter og busette seg i USA.


1923 skøyte til Nils Olai Ivarsson 1893-, tunnel- og fabrikkarbeidar. Han var ei tid i USA. Han er no busett på bnr. 20.


1928 skøyte til Johannes Johannesson Dale, brukar på bnr. 14.


1965 skøyte på bnr. 14 og bnr. 19 til Vaksdal kommune.


BRUK 20

Daglegnamn Skulestova.

Skilt frå bnr. 19 1880. Gamalt løpenr. 532b. Skyld 0.01 skm.


1880 skøyte til Johannes Monsson Vedå 1876-1964 ved hans verje Olav Samuelsson Dale. Sjå nfr.


1922 skøyte til Mons Magnesson Vedå på bnr. 20 og halve våningshuset som stod på tomta. Resten av huset åtte kjøparen frå før.

Mons 1849-1931 var lærar, g.m. Madli Johannesdtr. 1858-1876. Sjå Dale bnr. 19 og Veo bnr. 4.

Born:

Johannes 1876-1964, sjå ofr., gardbrukar b. Adal, Borre i Vestfold, g.m. Magnhild 1892, dtr. åt Hanna og Edvard Nesthorne, Øvre Eiker, Buskerud.


1947 skøyte til Albert Martin Ivarsson Dale bnr. 19 1908-, spesialarbeider i BKK, g. 1. g.m. Inga 1914-1949, dtr. åt gardbrukar Johannes Sandvik, Fitjar, og kona Sirene.

Born:

Solveig 19**-, g.m. handelsbetjent Atle Vie, Førde i Sunnfjord.
Ivar Johannes 19**-, bilmekanikar, g.m. Kjelfrid Hilleren 19**-, frå Hafslo.
Svein
Torbjørn 19**-, elektrikar, b. Dale.

Albert Martin g. 2. g.m. Laura 1917-, dtr. åt Sirene og Johannes Sandvik, Fitjar.

Born:

Øystein 19**-.
Laila 19**-.


BRUK 21

Daglegnamn Norsajorda.

Gamalt løpenr. 40. Nytt løpenr. 533. Gamal landskyld 9 k. laks 1694: 1 pund 21 m. smør. 1744 vart skylda minka med 7 5/7 m. smør. til 4 4/15 m. smør, 4 1/15 k. laks. (Omrekna i rein smørskyld 1 pund 2229/2604 m). Ny skyld 1838: 1 dalar 3 ort 9 sk. 1886: 3.29 skm. 1956: 2.60 skm. 1757: Sånad 2 t. havre. Avling 6-7 t. havre. Fødnad 1 hest, 4 storfe, 6-7 småfe. Matrikkelkommisjonen av 1863 rekna åkervidda til 8 mål. 5 mål var god åker. 2 mål middels god og 1 mål ring åker. Bøen var på omlag 38 mål. Av det var 13 1/2 mål god bø, 4 2/8 mål middels god, resten var ring. Her var nokre mål dyrkingsjord. Dei sådde 3 1/2 t. havre, 5 t. poteter og avla 20 t. havre, 25 t. poteter, 978 v. høy, 140 v. halm. Skav og beit tilsvara 30 v. høy. Frå slåttene fekk dei 250 v. høy. Dei fødde 1 hest, 9 storfe, 3 ungfe og 37 småfe. Dei hadde skog nok til ved og hustømmer og kunne dessutan selja ved for 4 spd. netto årleg Bruket var godt dyrka. 1875: Fødnad 1 hest, 10 kyr, 2 ungfe, 37 småfe. Sånad 3 1/2 t. havre, 7 t. poteter.


Kring 1700 bygsla Knut Pedersson Stamnes 1664-1744, g.m. Brita el. Berete Ingebrigtsdtr. Hesjedal 1672-1744. Sjå Stamnes og Hesjedal, Stamnes bnr. 1.

Born:

Peder 1699-1700.
Marta 1701-, g.m. neste brukar.
Anna 1704-, g.m. Olav J. Olsnes, sjå Olsnes bnr. 5.
Ingebrigt 1709, sjå bnr. 1.
Ingebjørg 1710-1711.
Nils 1712-.
Ivar 1713-, sjå bnr. 8.


1726 bygsla Jon Johannesson Olsnes 1701-1741, g.m. Marta Knutsdtr. Dale bnr. 21 1701-1769.

Born:

Johannes 1726-, sjå Fossmark bnr. 1.
Knut 1730-, brukar på Olsnes bnr. 7.


1742 bygsla Nils Knutsson Dale 1713-1775, g. 1. g.m. enkja etter den førre brukaren, Marta Knutsdtr.

Nils g. 2. g. m. Maria Monsdtr. Dale bnr. 9.


1774 fekk Nils skøyte på dette bruket for 99 rdl. I fylgje testament skulle den av ektemakane som levde lengst sitja med bruket også i tilfelle av nytt ekteskap.


1776 vart Jon Ivarsson Dale bnr. 8 g.m. enkja Maria Monsdtr. Ho var då eigar av dette bruket. Jon 1750-1836 og Maria 1740-1813 var barnlause. 1807 let dei bruket frå seg og tok kår. I skiftet etter Jon 1836 var nettosummen i buet 160 spd. som vart skift mellom brorborna og syster-borna deira.


1807 skøyte til Haldor Hansson Dale bnr. 9 1773-1843, g. 1808 m. Helga Nilsdotter Helle bnr. 7 1791-1842. I skiftet etter Helga var nettoen knapt 27 spd. I skiftet etter Halldor var nettoen vel 25 spd.

Born:

Maria 1812-, sjå bnr. 8.
Jon 1816-, brukar her.
Magdeli 1828-1899, g. 1848 m. Anders Olsson Olsnes 1820-1898. b. Bergslidi, Vestbygdi, Voss. Frå 1868 b. Bergestig, Rauland i Telemark. Sjå Olsnes bnr. 5 og [1] s. 74.</li>


1836 skøyte til Jon Haldorsson for 90 spd. og kår til foreldra. Jon 1816-1845 var g. m. Marta Johannesdotter Helle bnr. 1. 1811-1867. I skiftet etter Jon 1845 var dette bruket verdsett til 400 spd. Lausøyret var verdsett til 268 spd. Nettosummen i buet var vel 628 spd. Bruket vart utlagt til eldste sonen. Enkja vart attgift m. neste brukar.

Born:

Haldor 1837-, brukar her.
Johannes 1839-, b. i USA.
Olav 1842-.
Jon 1844-, b. i USA.


1845 vart Johannes Eiriksson Helle bnr. 2 g.m. enkja Marta Johannesdtr. Johannes 1824-1888 dreiv skyss-stasjon.

Born:

Magdeli 1846-.
Agate 1849-1878.
Jon 1852-, b. i USA.
Helga 1854-, g.m. Johannes L. Kleveland. Sjå ættesoge for Dale.
Brita 1859-, g.m. Torstein Andersson Vie. Sjå bnr. 18.


1845 skifteskøyte til Haldor Jonsson Dale 1837-1926, g.m. Agate 1844-, dtr. åt Olav Eiriksson Helle, b. Kyrkje-Bruvik, og kona Brita Olsdtr. Sjå Helle bnr. 2.

Born:

John 1865-1945, brukar her.
Olav 1867-1962, lagersjef. Sjå Ytre Arna s. 96.
Johan 1869-, b. i USA.
Bertha 1872-, g.m. Nils O. Hana, sjå Hana bnr. 1.
Marta 1875-, g.m. Ludvig Hetlevik, Bruvik.
Anna Malena 1878-1905.
Agate 1881-, g.m. Johannes J. Straume bnr. 19, b. USA. Sjå bnr. 11.
Johanna Mathilde 1884-, g.m. Mons B. Helle, sjå Helle bnr. 1.
Olina 1887-, b. i USA.


1901 skøyte til John Haldorsson 1865-1945, g. m. Brita Jonsdtr. Blomdal 1862-1932, bnr. 1 . John Dale var ordførar i Bruvik 1914-16 og 1920-28. Sjå og bolken Dale gaards forhold.. .

Born:

Harald 1890-1962, sjå ættesoge for Dale.
Johan 1891-1958, ug. Gardsarbeidar, b. her.
Agate 1894-1973, sjå John R. Laastad, ættesoge for Dale.
Johannes 1896-1953, elektrikar, Dale, g. m. Sofie f. Hagen frå Romsdal, b. Bergen.
Malena 1899-1958, ug. tekstilarbeidar, b. her.
Ole 1903-1990, brukar her.


1933 skøyte til Ole Johnsson 1903-1990, g. m. Anna Sofie 1907-2010, dtr. åt Anna og Johan Hjalmar Sääv, sjå ættesoge for Dale.

Born:

Astrid Helene f. og d. 1932.
Berit 19**-, tannlækjar, g. m. lækjar Knut K. Vaksdal, b. Fana.
Astrid 19**-, sjukesyster, g.m. ingeniør Kåre Dahl, Fana.
John Hjalmar 19**-, gruppesekretær i Stortinget, g. m.
Alma 19**-, dtr. åt Alma og Peter Locieriené Vilnius, Litauen.
Harald 19**-, lærar, b. Karmøy, g. m. Kirsti Hafstad frå Bergen.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy