Gamal busetnad, av Åsmund Hatlestad

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 10:34, 24 oktober 2010 by Reveka (Talk | bidrag)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Gamal busetnad i Bergsdalen
Av Åsmund Hatlestad


Attom 1600-talet er det ikkje funne skriftlege kjelder som fortel noko om Bergsdalen. Likevel er me overtydde om at busetnaden her er mykje eldre.

Ved Hamlagrøvatnet som er kjelda til hovudelva vår, og på Rødland øvst i dalen, er det funne spor etter myrmalmsmelting. Men dette treng ikkje ha noko med fast busetnad å gjera.

Av gravfunn og andre fornfunn har me heller ikkje mykje å visa til. Det einaste faste fornminnet er ein gravhaug på Hatlestad som vart utgraven 1953 av magister Asbjørn E. Herteig.

På vedkomande stad var sett i gang eit planeringsarbeid i samband med ei hytta som var bygd i nærleiken. Dette arbeidet vart då stogga, og Bergens Museum vart varsla for å få fagfolk til å sjå om denne haugen kunne gøyma noko funn av ålmenn interessa.
I ei melding til Bergens Museum skriv Herteig m.a.:

"På en bakkeknatt omtrent midt i lia, ca. 150 m nord for Kaldåen og ca. 500 m NØ for husa på Hatlestad lå en flat haug ca. 7 m i tverrmål ved foten og ca. 4 m i overkant.

Den har vært oppfattet som gravhaug av stedets innbyggere. Etter å ha foretatt en enkel opprensking, ble det straks konstatert et større brannskikt i midten av haugen omgitt av et bredere steinbelte. I brannskiktet ble det funnet tre- og kullrester, en del brente beinfragmenter og brott av et dekorert spannformet leirkar med tynt asbestblandet gods. Haugens karakter var dermed klar og den urørte halvdel ble utgravd så omhyggelig som omstendighetene tillot det uten at nevneverdig nye trekk kom for dagen. Haugens konstruksjon kom imidlertid klarere frem. I sentrum et brannflak, på sine steder opptil 25 cm tykt, oppblandet med trekull, brente bein og leirkarfragmenter. Rundt dette lag som var ca. 2 m i tverrmål, var anbragt et 1-1,5 m bredt belte av større og mindre stein. Over det hele var så dynget et relativt tynt jordlag, nå ca. 15-20 cm. Haugen er lagt på grå leire, men under den sentrale del var leiren rødbrent i opptil 10-15 cm dybde. En del av de omgivende stein, særlig mot øst og vest var sterkt kullsvertete og viste varmespor. Ellers er å merke at leirkarbrottene synes å være av samme kar, men ble funnet spredt omkring i brannskiktet. De største delene sammen med noen beinstumper ble funnet nøyaktig i sentrum".

1. juni 1953 hadde Bergens Tidende ein artikkel om dette funnet.
(Artikkelen er her litt avkorta).


INTERESSANT FUNN FRA HØYFJELLSBYGD PÅ VESTLANDET.
Gravfunn fra 400-tallet på Hatlestad i Bergsdalen.
Av magister Asbjørn E. Herteig.


"Langt oppe i Bergsdalen mellom forblåste fjell og trefattige heier har det i lange tider vært en bufast befolkning. Dens naturlige forbindelser med kysten synes å måtte være langs elvefaret ned til det nå moderne industrisenteret Dale i Bruvik, men de ville og forrevne fjellformasjoner åpner seg bare vestover i utilgjengelige kløfter som helt inn i vår tid har sperret for all trafikk. En skulle derfor tro at det vanskelig kunne finnes forhistoriske minnesmerker så langt av lei, men ikke desto mindre er det i disse dager undersøkt en gravhaug på gården Hatlestad i Bergsdalen - i en høyde av 550 m.o.h. og den gir tross sitt fattige innhold interessante gløtt inn i en fjern fortid. Et menneske - om mann eller kvinne er uvisst - har funnet sin død i disse trakter, og restene etter det store likbålet med kull, aske og brente beinstumper, samt noen få krukkebrott forteller om hendelsen. Det er alt. Men disse krukkebrottene er av en slik karakter at de sier oss ganske meget. Samtlige tilhører et såkalt spannformet leirkar med sterkt asbestblandet gods, hvis overflate er ornert med fine punktdekorasjoner og båndformete linjeornamenter. Det tilhører en type som var fremherskende på 400 tallet, fortrinsvis den tidligere del.

Nå er det ingen ting i dette funn som tyder på fast busetting så langt til fjells og så tidlig, men det har likevel sin store kulturhistoriske interesse.

Forutsetningen for den eksisterende busetting er ferdselsveien over øde fjellstrekninger på tvers av dalen. Tradisjonen vet også å fortelle at den gamle ferdselsveien mellom Voss-Vaksdal og Bergen med forgreninger til Evanger og Hardanger, førte gjennom bygden. På godt utstyrte kart finnes den opprikket over gården Hatlestad, og terrenget sier at den nettopp må ha gått her hvor graven er blitt lagt. Leirkarbrottene er også i annen henseende av spesiell arkeologisk interesse. Selv under denne eksepsjonelle begravelse hvor alt annet gravgods tilsynelatende mangler, har leirkaret funnet sin plass i graven slik skikken var i bygdene ved kysten. Det vitner om at transporten bl.a. omfattet leirkar og rimeligvis ikke bare dette ene. I så fall er det av ganske spesiell betydning, for man har ofte stillet seg avvisende overfor tanken om fjernhandel med leirvarer i forhistorisk tid.

Man kunne fortsette analysen av det foreliggende sparsomme materiale bl.a. hva gravskikken angår, men det vil føre ut over rammen av denne lille artikkel.

Vi har bare villet peke på noen få og sentrale spørsmål som naturlig reiste seg i forbindelse med dette, første og eneste funn fra Bergsdalen.

Så fattig som det er, gir det rikelig stoff til ettertanke".
Dei spørsmål Herteig reiser, syner oss at gravhaugen på Hatlestad kan tolkast på fleire måtar. Var det ferdafolk eller fastbuande som gravla ein av sine i denne haugen?

Der det finst gravhaugar, har det ofte vore fast busetnad i nærleiken. Særleg var fyrste mannen, rudkallen, æra med hauglegging. Herteig meiner at fast busetnad so tidleg ikkje kan koma på tale. Men han peikar òg på samanhengen mellom ferdsla på tvers av Bergsdalen og den faste busetnaden. Ferdsla over fjellet var ein føresetnad for fast busetnad nede i dalen.

Den gamle ferdslevegen mellom Bergen og Voss kjem me attende til i ein serskild artikkel. Stadnamna er ei av dei viktigaste kjeldene til busetnadsoga. Me vil sjå litt nærmare på namnet på dalen, på sume terrengnamn, og sist men ikkje minst, vil me ta for oss gardsnamna.

Sjølve grendenamnet Bergsdalen har ikkje klang av særleg elde, men kan likevel vera av gamalt opphav.
Reknar me med at den ferdslevegen Voss - Bergen var kjend og brukt alt på 400 talet, kan me gå ut frå at dalen med elvar og vatn var namnsette dei fyrste hundreåra etter Kristi fødsel.

Ser me etter noko særmerkt som kan ha vore med og sett namn på dalen, må me tenkja oss langt attende i tida, i lag med veghittarar som var på leiting etter lettaste og rettaste vegen mellom Voss og Bergensområda.

Kom dei frå aust og ned i eit utbygd og namnlaust dalføre (Bergsdalen), vart dei stogga av eit stort vatn som so å seia skar av heile dalbotnen.

På nordaustsida låg eit høgt dominerande berg med ei bratt grov steinurd under. Det var berre 15 - 20 m frå fjellfoten til vatnet på det smalaste. Dette berget vart truleg heitande berre "Bærje", som det framleis heiter, avdi det var so særmerkt og avdi det ikkje var noko anna berg å forveksla det med.

Gjennom eit trongt skar i austre enden fann dei ei gangbar rand tett ved fjellveggen, og kom seg gjennom. Heilt til køyrevegen kom, var Bergsurda verste vegstubben på lang lei, og heller ikkje fårelaus med is- og steinsprang tid om anna. Ikkje å undrast at folk her gledde seg til at isen skulle leggja seg på Bergsvatnet so dei slapp kravla under Berget.

Det går forteljingar om dette frå seinare tid. Ein mann frå Rødland var for tidleg utpå isen, han gjekk seg i og drukna (1862). Ein mann frå Småbrekke kom frå Bolstad med mjølbøre. Han gjekk på ski og tok ut på den nylagde isen. Komen litt utpå tok det til å bresta under han. Då tok han børa av, la seg flat på skiene og drog seg fram etter tolekniven og skauv børa føre seg. Soleis kom han velberga over. Ein mann frå Berge var tobakkslaus og skulle til Hatlestad for å låna. Han hasta avstad på nylagd is, og folket hans heime slepte ikkje augo av han før han steig i land. "Eg va so flyktig, eg gjekk isen", sa han då han kom fram og fekk seg tobakk.

At dette dominerande Berget har hatt sitt å seia for namngjeving av vatn, dalføret og garden Berge er lett å tenkja seg.

Det ligg òg nær å tru at hovudelva her, eingong i tida har hatt sitt eige namn, og ikkje som no vorte nemnd berre etter dalføret ho renn gjennom. For dette synest vera mot skikk og bruk. Sume elvenamn er mellom dei eldste som finst. Elvane var gode haldepunkt og vegleiarar frå utgamle tider.

Stadnamngranskaren Øystein Frøysadal meinte at mellom dei namna i Bergsdalen som var særleg gamle, var fjellnamnet Nos og gardsnamnet Lid.

Dei som meiner at Lid kan vera den eldste garden her, får god støtte i dette i NORGES HISTORIE. I bd. 4 s. 16 står:


Bilete Gamalt tun på Lid


"Ofte har de aller eldste gårdene i en bygd enkle naturnavn som Mo, Lid, Ås, eller navn som betegner gården, bosted, rett og slett: Bø. Slike gårder finner vi ofte sentralt i bygda, der det har vært åpent lende, lett å rydde og god jord".

Dette høver godt på Lid, som ligg midt i dalen og framleis er det sentrale punkt med kyrkje, ungdomshus og ny skule. Eigedomstilhøva for garden synest òg å understreka dette, når me ser på beite og fjellvidder sør for elva.

Det kan tenkjast at garden var busett alt i folkevandringstida, (år 400 - 600).

Dei gardane som ligg ovanfor Lid, kallar me Oppedalen. Lid og gardane nedanfor kallar me Nidalen (forkorting av Nedidalen). I Nidalen har alle gardane usamansette naturnamn: Lid, Brekke, Øye og Fosse. Det er vel ikkje urimeleg å tenkja seg at det budde folk på alle desse gardane då vikingetida tok til kring år 800 e. Kr. I Oppedalen er Berge den einaste garden med usamansett namn. Berge må soleis vera den eldste garden her. Berge grensa til Lid frå gamalt av, men dette var brigda sist på 1700-talet, då Solbjørg vart skild ut frå Berge.

Dei andre gardane i Oppedalen har samansette namn. Rødland, den øvste garden, er truleg eldst av desse. Namngjeving med landending skal ha vore mest brukt frå slutten av folkevandringstida til fram mot kristningstida (ca. 600 - 1050). Rødland kan ha vorte busett tidleg i denne bolken. Garden hadde stor vidd frå fyrst av. I aust er stølen Holeberg frådelt. I vest er etter mangt å døma garden Småbrekke delt frå sist på 1600-talet. Alt dette tyder på tidleg busetnad på Rødland, då det enno var romsleg i dalen.

På Rødland er gjort fleire fornfunn som ikkje er tidfeste. Gamle segner fortel at husa på Rødland vart tekne av ras to gonger. Etter kvart ras vart tunet flytta. Ved jorddyrking i nyare tid har dei funne tømmerrestar og bruksting på dei gamle tunstadene: kvernstein til ei handkvern, vektlodd og spinnesteinar av kleber. Eit sverd er òg funne og teke vare på, saman med dei andre funna som er på garden. Gardsnamnet Rødland vert tolka på fleire måtar. Ei tolking er at namnet kjem av gno. røyrr, eit sivgras som veks i elva. Namnet kan vel òg tenkjast å kome av raudfarga myrmalm. Merke etter myrmalmbrenning finst fleire stader på garden.

Hatlestad og Kaldestad ligg mellom Berge og Rødland. Namngjeving med endinga stad vart mykje brukt i vikingetida. Ofte var fyrsteleden i namnet eit personnamn. Truleg er det rudningsmannen sjølv me har minne om i mange gardsnamn av dette slag. Gardsnamna på Island syner mange døme på dette. Den eine av dei to stadgardane i Bergsdalen ser òg ut til å ha eit personnamn i fyrste leden. Hatlestad har i eldre tider stundom vore skrive Atlestad, og må ha tilknyting til mannsnamnet Atle eller Atli. Seinare er so h-lyden påhengd, kanskje for at det fell lettare på tunga. Oluf Rygh skriv om dette: "Meget almindelig er dette ved Navne, som til 1ste Led have Mandsnavnet Atli eller et med Asl-begyndende Personnavn (Haslestad, Haslerud)".

Kaldestad ligg ved elva Kaldao. Stadnamngranskarane Oluf Rygh og Magnus Olsen held det for visst at garden har fått namn etter elva. "Vist temmelig sent Navn", skriv dei i Norske Gaardnavne. Om dette tyder at dei rekna namnet for yngre enn 1050, er uvisst. I alle høve synest gardsnamna i Bergsdalen vera eit tydeleg vitnemål om at dei fleste gardane var rudde og bygde då høgmellom-alderen tok til.


Bilete Skisse av Hatlestadtunet - 1880 årene.


I høgmellom-alderen (ca. 1050 - 1350) vart det ein sterk busetnadsvokster. Nye gardar vart rudde og gamle gardar vart delte i fleire bruk. Kan me finna merke etter denne utviklinga i Bergsdalen?

Mellom dei gamle gardane med usamansette namn er det ein som kan tenkjast å vera frå denne perioden. Skriveforma for dette gardsnamnet er Øye. I bygdemålet vert oftast nytta formene Øyo og Øyane, men ikkje på slump. Det heiter t.d. Skal i Øyane. Kjem or Øyo. Formene i bygdemålet er bundne fleirtalsformer. Dette kan tyda på at namnet er etter måten ungt.

Kaldestad kan òg tenkjast å vera busett etter år 1050. Busetnadsvoksteren må òg ha gjeve seg utslag i bruksdeling. Kor mykje det var av dette, let seg vanskeleg slå fast. Vitnemåla er sparsame. Eitt synest vera visst: Lid vart delt i minst to bruk. I dei skriftlege kjeldene frå 1600-talet er Lid delt i 2 matrikkelgardar, kalla "1st og 2det tun", eller "øvre og nedre tun". Liknande døme finst over heile Sør-Noreg. Døma vert rekna for temmeleg visse prov på bruksdeling i mellomalderen.


Etter den store mannedauden i 1349-50 kom det ei nedgangstid som varde i fleire hundreår. I NORGES HISTORIE bd. 4 handsamar Jørn Sandnes dette emnet nokso grundig. Mellom mangt anna kjem det der fram at mannedauden for særleg hardhendt fram i indre Hardanger, Voss og indre Sogn. Landskylda fall her til 15 - 20% av det som hadde vore, og i indre Sogn ned til 13%.

Gardar i utkantar og fjellbygder vart for det meste heilt avfolka. Dei overlevande hadde lett for å få seg god og rimeleg jord på meir sentrale stader. Jordeigarane tevlast om å få folk på gardane sine, og sette jordleiga og avgifter ned. Kring 20 år seinare kom ny pest. Om ikkje so hard som den fyrste, so tok han mange liv, og særleg i dei yngste årsklassane. Dette gjorde mykje til at folketilveksten gjekk seint. I tillegg kom òg ei klimaforverring på den tida.

Korndyrking vart det so å seia slutt med for ei tid. Dei slo seg meir på husdyrhald, som kravde mindre arbeidshjelp. Fisket tok seg godt opp, og me kan rekna med at mange frå innlandet flytta ut til kysten og slo seg på fiske. Fisk, smør og skinn var gunstig bytemiddel mot korn, som særleg tyskarane førde inn. Folk kom lettare til godt korn på den måten enn om dei skulle dyrka det sjølv med primitive reiskap, lite arbeidshjelp og uvisse åringar.

I byane tok mannedauden mest liv. Til ei kyrkja i Bergen kom på ein dag 80 lik, av desse var 20 prestar eller geistlege.

Mykje folk frå landsbygda flytta etterpå inn til byane og tok nokon av dei tome plassane der.
Kring hundreårsskiftet 1500-1600 var folkemengda i landet truleg komen opp att i nokolunde det same som før 1349. Det vart då meir pågang etter jord, og øydegardane vart etter kvar tekne opp att. I 1540 kom ei kongeleg forordning som skulle stimuler til meir jordbruk. M.a. skulle ein som tok opp ein øydegard sitja skatte- og avgiftsfri i 6 år, eller til dess garden gav rimeleg utkoma til ein huslyd. Korleis kom bygda vår frå denne tidbolken?

Me har ikkje segner som fortel noko om dette. Skal me få svar på spørsmålet må me sjå det heile i ein større samanheng, og freista finna ut kva dei sparsame kjeldene kan fortelja. Som før nemnt er ikkje gardane i Bergsdalen nemnde i skriftlege kjelder før på 1600-talet. I fyrste helvta av 1600-talet har me berre skattelister og skattemanntal å halda oss til. I desse kjeldene er alle gardane og brukarane ein eller fleire gonger kalla øydegardar og øydejordsmenn. Er dette eit prov på at alle gardane i Bergsdalen vart liggjande øyde etter den store mannedauden?

Nemninga øydegard vart i skattelistene brukte om den lågaste skatteklassa, dei gardane som hadde minst landskyld. Ofte var dette nyrudde gardar eller gardar som hadde lege øyde ei tid. Men den låge landskylda kunne òg ha vore eit sermerke frå gamalt av. Gardar som låg høgt til fjells og avla lite korn, hadde lågare landskyld alt i mellomalderen enn gardar med grøderik innmark.

Skattematrikkelen 1647 gjev opp desse landskyldtala for Bergsdalen: Lid 48 merker smør, Brekke 36 merker, Fosse 30 merker, Berge, Hatlestad og Rødland 24 merker, Øye 18 merker, Kaldestad 12 merker. Alle gardane høyrde altso heime i den lægste skatteklassa.

Skattematrikkelen 1647 viser òg at alle brukarane i Bergsdalen var leiglendingar, so nær som brukaren på Rødland. Dei andre gardane var på utanbygds hender.

Anders Lunde, truleg ein mann på Voss, åtte Hatlestad. Kirsten Jakobsdtr. Bolstad i Evanger, åtte Berge og halve Lid. Apostelkyrkja i Bergen åtte den andre helvta av Lid, heile Kaldestad, Brekke og Fosse. Børge Juel åtte Øye, Børge Juel var skipskommandør, busett på Lungegården i Bergen. Han åtte ei mengd gardar i Hordaland, m.a. Dalseid og Fossmark.

Tilhøva på 1600-talet kan gje oss nokre få haldepunkt når me vil finna ut kva som skjedde i Bergsdalen etter den store nedgangen i folketalet frå 1350. Me vil vel aldri få eintydig svar på dette. Men soga generelt lyt her tena som rettesnor. Det vart då mangel på folk til driva den alt oppdyrka jorda. Beste gardane som låg lagleg til vart fyrst og fremst brukte. Utkantar og tungdrevne gardar vart liggjande øyde. Dette har òg hatt sin verknad for Bergsdalen, og ei kortare eller lengre øydejordstid må me rekna med. Likevel kan det ha butt folk her på 1400-talet òg. Jordleiga her måtte då vera sers rimeleg. Husdyrhald og utnytting av gode beite vart det viktigaste. Veiding og litt fiske kunne vera god attåtnæring. Korndyrking kan aldri ha hatt mykje å seia her i dalen.

Dei som åtte øydegardar heldt på eigedomsretten lengst mogeleg. Og måtte dei til slutt selja, so selde dei til kyrkjer og kloster, eller til private pengefolk, sokalla proprietærar. Storparten av dei som tok oppatt øydegardar, vart soleis leiglendingar.

Etter namnet å døme kan me tru at Grønestad, stølen i vestre enden av Hamlagrøvatnet og kan ha vore gard før mannedauden. Og at bonden seinare har vorte eigar av garden Seim nede ved Bulken, og brukt Grønestad til støl. Bjørndalen ved inste enden av Hamlagrøvatnet har og vore gard ei tid.

Forordninga 1540 førde vel til at gardar i Bergsdalen vart tekne oppatt. I 1647 var 8 gardar med 9 brukarar i drift.

Etter brukarsoga er Småbrekke fyrste gongen nemd i 1664, og då som halv øydegard. Det skulle tyda på at garden har vore i bruk nokre år. I 1665 er garden "formedelst Vandfloe aff Fieldskree udtagen", og brukaren er friteken for skatt 1665 - 69.

I 1695 er Småbrekke ikkje nemnd mellom dei brukarane her som betalte 6 slag skatt.

Solbjørg vart skild ut frå Berge 1795, og er soleis den yngste av gardane i Bergsdalen. Solbjørg ligg eit stykke opp i lia mellom Lid og Berge. Denne staden heitte frå gamalt Bjørjæ, som framleis er det namnet som helst vert nytta av bygdefolket. Etter Norsk Stadnavnleksikon er tydinga berg. "Nærskyld er bjørk, gno. bjọrg, som eigentleg er fleirtal av berg. Etter bruken i stadnamn ser bjọrg ut til å ha vore nytta særleg om høge bratte berg".

Siste setningen her synest ikkje gjeva full klaff for Bjørjæ. Og det spørs om namnet kan ha anna tilknyting. På gamal bergsdaldialekt sa dei bjørg for bjerg (bjerging, hjelpefór), og dei sa hjølp, jødn, sjødna, øldhus, sløng o.s.v. Ø-lyden er no bytt ut med æ-lyd. Kan namnet Bjørjæ koma av at dei fann bjørg der? På Rødland har dei eit liknande namn, Bjørgena.

Eldre folk på Rødland kan stadfesta at det var nettopp i Bjørgena dei gjekk for å linna bjerg (bjørg). Der var det tidleg snøbert, og der voks det bjørnekam. Det var ei vintergrøn bregne som dei blanda i fóret for å drygja det.


Bruksdeling.
Frå fyrst av var det berre eitt bruk på kvar gard her. Men etter kvart vart gardane delte opp i to og fleire bruk.

Lid vart 2 - delt alt i 1691. Dei fekk kvar sitt matrikkelnr. Seinare er kvar av desse delte i 3 bruk. Lid har soleis 6 bruk. Brekke vart 2 - delt 1747, og 3 - delt 1848. 1926 vart bnr. 1 Brekke delt i to. Øye 2 - delt 1781. Fosse 1802. Kaldestad 1809, men sameint att 1924. Hatlestad 2 - delt 1834. Berge 1865. Og Rødland 1874.

I dette hundreåret er 5 bruk slutta med vanleg gardsdrift, og eit nytt kome til.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy