Fylingslid

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 20:25, 21 januar 2011 by Reveka (Talk | bidrag)
(skil) ←Eldre versjon | Vis noverande versjon (skil) | Nyare versjon→ (skil)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III


Gards og ættesoge for Fylingslid.


GNR. 44 FYLINGSLID


Innhaldsliste

INNLEIING

Ligg lengst sør av gardane på austsida av Veafjorden. Det er lang veg til alle grannegardane: 4,5 km til Kvåstad, 4,5 km til Stanghelle, 3,5 km til Helle og 3,5 km til Dale. Alle desse måla er i luftline. Det er høge og ville fjell på alle kantar, anna enn på vestsida mot fjorden, som er den einaste sambindingsvegen.

Gardsnamnet vart skrive Fylenn 1611, Fyllen 1620, Følingslj 1667, Fyllingslie 1723. I Norske Gårdsnavne er det oppgjeve to bygdemålsformer: fýló og fý'lå. Der finn me denne utgreiinga om namnet:

«Gaardens Folk skal kalde Stedet: pa fý'lene lene (best. Dat.f.). Af Andre skal det kaldes: i fy'lingjæ (Dat.m.), med samme Vokal som t. Ex. Præpositionen «fyre». Der er saaledes opgivet Udtaleformer, som synes at henvise til Fýl med en Sideform F y l- (med kort Vokal). Disse Dobbeltformer forklares let, om man gaar ud fra en Stamme F u h l-, idet Vokalen foran et of – lh – opstaaet – l – snart forlænges og snart forbliver kort (jfr. Noreen, Altisl. Gramm. § 119,2). Man henvises da til Slægtskab med Verbet fela (gotisk f i l h a n), at skjule, og med Subst. oldn. f ó l i m., Tyvekost (egentlig: det, som skjules), gammelsvensk f u l i (med kort Vokal); jfr. Ønavnet Herføl i Hvaler (i Herfyli RB. 513), d.e. Øen, som yder en (s k i p a) h e r r, en Flaade, Skjul. Navnet skulde efter denne Forklaring betyde omtrent det samme som L ø y n i n g (se Kvinnherred GN. 3) og have Hensyn til skjult Beliggenhed. Gaarden, som ikke sees fra Fjorden, ligger afsides og skjult i en «Botn» i den stupbratte Fjeldside, temmelig høit oppe fra Søen, hvortil Trapper føre ned. Den Elv, som gaar forbi Gaarden, og som fra Fjorden er synlig kun i allernederste Løb, har vel hedet F ý l a, medens F y l i n g r synes at have været Navn paa hele Strækningen omkring denne. F y l i n g r findes ellers oftere som Gaardsnavn, se Fane GN. 23 og Hammer GN. 20.»

Grensa mot grannegardane Kvåstad, Dale og Helle vart skriftfest og tinglesen etter grensegang 1837. Grensa mot Kvåstad tek til ved Merkesneset. Sjå under Kvåstad. Grensa mot Dale tek til ved Ore Krokavatnet. På vestsida av vatnet ligg det ein stor stein med ein innhoggen kross som er fyrste punkt på grensa. Grensa gr mot sørvest etter vatnet til Renneberget. I nordenden av Renneberget er det hogge ein kross. Herifrå går grensa vidare mot sørvest etter berget til ein kross hoggen i berg på Tverrhamaren. Herifrå fylgjer grensa Geitånæ til sjøen, der det er hogge ein kross.

Det synest rimeleg å tru at Fylingslid er ein av dei yngste gardane i Stamnessokna. Garden ligg så avsides og avstengd frå andre gardar at det vart svært tungvint for dei som skulle bu der. 1863 heiter det om Fylingslid: «Omtr. 1/8 Miil meget vanskelig Vei til Søen og derfra 5 3/4 Miil til Bergen. Meget tungt.» Gardsnamnet kan ikkje fortelja oss noko avgjort om alderen på garden. Dei ulike namneformene tyder på høg alder, men namnet har truleg ikkje vore gardsnamn frå fyrst av. (Jfr. utgreiinga om gardsnamnet framfor.)

Fylingslid er kalla øydejord i dei aller eldste kjeldene frå fyrsten av 1600- talet. Fram til 1803 var her berre ein brukar. Sidan var her truleg to brukarar nokre få år. 1851 vart plasset Fylehaugen skilt ut som eige bruk. Etter den gamle skylda var det av heile garden. Sjå bnr. 3. Hovudbruket vart delt 1877 i to jamstore partar, bnr. 1 og 2. Br. 2 vart selt, og i skøytet var det gjort greie for korleis husa skulle delast mellom bruka.

1877 gjekk det ei snøskrede på garden. Ein snøkavl stokk ut og tok med seg den delen av huset som brukaren på bnr. 2, Johannes Olsson, budde i. Eldste sonen miste livet. Johannes og kona flytte til Vaksdal og budde der nokre år. Seinare flytte dei til Fylingslid att. Brukaren på bnr. 1 fekk 1886 skøyte på eit bruk på Kalland og flytte dit. Johannes kjøpte bnr. 1 same året, og dreiv båe bruka til 1917, då han flytte til Veo. Seinare har det ikkje vore fastbuande folk på hovudbruket.

På Fylehaugen eller Haugen budde det folk til 1945. (Sjå bnr. 3.) Plasset Geitånæ låg i utmarka ved sørgrensa åt garden. Her budde det folk oml. 1844-1868.

1863 var her knapt 11 mål åker på heile garden. Berre 3/5 mål var god åker, 4 mål middels god, resten ring. Bøen var vel 38 1/2 mål. Knapt 8 mål var god bø, 14 1/2 mål middels god, resten ring.

Om skogen heiter det 1661: «. er noget Brendeschouff till Husbehoff.» 1863 er det skog nok til ved, hustømmer og litt never. På hovudbruket kan dei selja skog for 1 spd. årleg netto.

1863: «God Fjeldhavn lidet hjemme men tilsammen tilstrækkelig.»

Kring 1930 tok dei til med laksefiske. Det var sitjenot og kilenot dei nytta, og fisket har til vanleg gjeve løn for strevet.


SKYLD OG UTREIDSLER m.m.

Gamalt matr.nr. 12 i Arna skipreide. Nytt 1838 13. I 1853 matr.nr. 159 i Haus tinglag. 1886 gnr. 55 i Bruvik. Landskyld på 1600-talet 1 spann (18 merker) smør. (I Stathaldarrekneskapen for 1626 er skylda oppgjeven til 1/2 laup smør og 2 våger never. Prestebolet er eigar. Dette stemmer ikkje med seinare opplysningar. Oppgåvene frå 1626 har også vist seg upålitlege i andre tilfelle og ein bør vel sjå bort frå dei.) Skylda heldt seg uendra til 1838, då ho vart sett til 3 ort 14 skilling. 1886 og seinare: 2,30 skyldmark. 1665: Leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar 1 mark. Kandtiend 1/2 mæle. Småtiend 2 sk. Husdyrskatt 1657: 5 mark 6 skilling. Fødnad og avling 1657: 6 kyr, 1 kvige, 12 geiter, 6 sauer. 1863: 15 kyr, 2 ungfe, 72 småfe. 1875: 11 kyr, 3 ungfe, 29 sauer, 5 geiter. 1665: Sår 1/2 t., avlar 11/2 t. korn. 1863: Sår 5 t. havre, 4 t. poteter. Haustar 13 t. havre, 15 t. poteter, 1257 våger høy, 91 våger halm. I slåttene 300 våger 11øy. I tillegg til dette kjem sånad og avling på pl. Geitånæ. Sjå nedanfor. Folketal 1801: 4. 1875: 13. 1956: 0.


EIGARAR

Fylingslid er ein av dei få gardane i Bruvik som frå gamalt har vore i bondeeiga. «Bønder eier och bøgs,» (dvs. bygslar), heiter det 1655. Den fyrste kjende eigaren er Ingebrigt Kvamme. 1620 betalar han odelsskatt av Fylingslid. 1626 vert Fylingslid rekna for å vera presteeige, men dette er truleg eit mistak, for seinare på 1600-talet vert det alltid oppgjeve at Fylingslid er bondegods.

1676 åtte Nils Sjursson Kvamme halve garden. Han åtte også ein part i garden Kvamme i Alenfit skipreide*) og var truleg busett der. Korkje han eller Ingebrigt, som var eigar 1620, ser ut til å ha butt på Kvamme i Stamnes.

Lars Dale, ein av brukarane på Dale, åtte den andre helvta av garden 1676. Sonen Einar ervde jordparten etter faren. Einar var brukar her ei tid. 1690 selde Einar parten sin til Nils S. Kvamme, som no åtte heile garden.

Litt før 1700 vart lensmannen i Mjelde skipreide, Johannes Øvste Mjelde, eigar. Han saksøkte Einar Dale fordi han hadde flytt eit hus frå Fylingslid «år og dag» etter Einar sjølv var flytt frå garden og hadde slutta å vera brukar der. Huset vart selt til Nils Helle. Einar Dale vart dømd til å føra huset til gards att og syta for å få det skikkeleg oppsett. Dersom dette ikkje vart gjort innan neste vår, skulle han bøta 10 lodd sølv. Dessutan skulle han svara 2 rdl. i sakskostnader til lensmann Øvste Mjelde.

1718 var det Tørres Ytre Arne som åtte garden. Han selde att 1721 til Henrik Monsson Stanghelle. Henrik flytte hit og var brukar ei tid. Om seinare eigarar, sjå under brukarsoga.


BRUKARAR

1611 Øydejordsmann Hans.


1620 Torstein. Han er også kalla øydejordsmann.


1638 Mikkjel Pedersson f. 1610 og kona Synneva. Dei har tenestegjente 1645.

Born:

Mikkjel f. 1650.
Tor f. 1660. Synneva g.m. Einar Larsson Dale, brukar her.


1680 oml. var Einar Larsson Dale f. 1656 brukar. Han gifte seg med Synneva Mikkjelsdtr., dotter åt den førre brukaren. Far åt Einar åtte halve garden, og Einar ervde gardparten etter han. Han selde parten 1690. Seinare flytte han til Dale og vart brukar der.

Born: Sjå Dale bnr. 14.


1701 var Eirik Olsson brukar. Han var f. oml. 1670, vart gift, men namnet åt fyrste kona er ukjent.

Born:

Johannes f. 1697, sjå husfolk.
Berete f. 1700.
Gjertrud f. 1702.
Johannes f. 1704.
Olav f. 1707 d. 1732 g. 1731 m. enkja Marta Nilsdtr. Romslo.

Eirik g. 2. g. 1725 m. enkja Anna Mikkjelsdtr. Romslo. Eirik brukte Romslo-namnet då dei gifte seg og busette seg på Romslo, der sonen Olav seinare vart brukar.


1721 fekk Henrik Monsson Stanghelle skøyte på garden. Henrik f. 1684 og kona Ingeborg flytte hit og var brukarar nokre år.

Born:

Torstein f. 1722.
Kristi f. 1725.


1727 skøyte til Nils Monsson Stanghelle f. 1692 d. 1756. Han var bror åt den førre brukaren. Nils var g.m. Brita Danielsdtr. Vaksdal f. 1691 d. 1770. Dei budde fyrst på Dale der dei fekk eldste barnet.

Born:

Anna f. 1727 g.m. Johannes J. Kvåstad, brukar på Kvåstad.
Mons f. 1729 d. før 1756.
Daniel f. 1735 d. før 1756.

Ved skiftet etter Nils 1756 vart Fylingslid delt mellom enkja Brita og dotra Anna. Olav E. Veo, som var verje for enkja, og Johannes Kvåstad, som var gift med Anna, bygsla no garden bort til eldste son åt Johannes Kvåstad.


1756 bygsla Anders Johannesson Kvåstad f. 1733 og kona Agota Monsdtr. Sæterdal f. 1727. Anders fekk truleg etter kvart skøyte på ein del av garden. Heimelspapira hans er ikkje å finna i arkivmaterialet, men då stykbroren Nils fekk skøyte, var det Anders som ferda det ut.

Born:

Ingeborg f. 1755 g.m. Johannes J. Stamnes, sjå Stamnes bnr. 1.
Marta f. 1757 g.m. Johannes J. Kalland, b. Helland, Radøy.
Mons f. 1762 d. 1780.
Helga f. og d. 1762.
Helga f. og d. 1763.
Helga f. 1764.
Nils f. og d. 1765.
Nils g. 1794 m. Kari Hansdtr. Brørvik, b. Helland, Hosanger.


1775 skøyte til Nils Johannesson Kvåstad f. 1757 d. 1798. Han ervde 1/4 av garden ved skifte etter mora 1767, og var den som hadde best odelsrett til garden. Nils var lagrettemann 1789. Han gjekk gjennom isen og bleiv berre vel 40 år gamal. Ved skiftet vart garden utlagd til enkja etter han, Anna Olsdtr. Myster bnr. 3 f. 1742 d. 1817, og dotra Anna f. 1784 d. 1803. Ei onnor dotter, Kari, døydde 1786, same året ho var fødd.


1798 vart Knut Johannesson Kvamme f. 1763 d. 1822 g.m. enkja Anna Olsdtr. Då stykdotra Anna døydde 1803 fekk Knut utlagd hennar part i Fylingslid. Same året selde Knut garden til Johannes Andersson Romarheim og tok kår. Året etter kjøpte han garden att, men selde straks etter til Olav Davidsson Kvåstad. Knut tok seg undan rett til å driva halve garden «så lenge han løster» og var truleg brukar enno ei tid.


1803 skøyte til Johannes Andersson Romarheim. Han sat med garden berre eitt år, men har truleg butt her, for han vart kalla «Romarheim eller Fyllingslie» då han skøytte frå seg.


1804 skøyte til Olav Davidsson Kvåstad. Han var plassmann på Kvåstadstølen, men var oppvaksen på Bukkstein bnr. 2. Olav f. 1759 d. 1816 var g.m. Brita Johannesdtr. Kvåstad f. 1760 d. 1816.

Born:

Kari f. 1788 g.m. Olav J. Toskedal, sjå Toskedal bnr. 2.
David f. 1792, brukar her.
Brita f. 1795 d. før 1818.
Johannes f. 1798 bygsla Geitevik under Kallvik 1825.


1816 skøyte til David Olsson for 200 rdl. og kår til foreldra, verdsett til 25 rdl. for året. 1822 gav David kår til enkja Anna Andersdtr. Tyssen, vermor si, f. 1741, d. 1832. David var g.m. Brita Askjelsdtr. Tyssen frå Evanger f. 1784 d. 1870.

Born:

Brita f. 1812, sjå husfolk.
Anna f. og d. 1814.
Brita f. 1816 g.m. Jon J. Stamnes, plassmann i Geitånæ, Fylingslid.
Olav f. 1819, brukar her.
Anna f. 1822 g. 1849 m. Anders Andersson Hesjedal, sjå Hesjedal, Dale sokn bnr. 2.
Askjel f. 1824, sjå husfolk.


1845 skøyte til Olav Davidsson for 160 spd. og kr. Denne brukaren ser ut til å ha sete heller tungt i det, og det var vel ein av grunnane til at ein part av jorda vart frådelt og selt 1851. Sjå bnr. 3. Olav f. 1819 d. 1877 var g.m. Brita Jonsdtr. Kalland f. 1814.

Born:

Kari f. 1840 g.m. Johannes A. Hesjedal, Stamnes, sjå Stamnes bnr. 9.
Brita f. 1842 g. 1. g. m. Ingebrigt H. Kallvik, sjå Kalland bnr. 2.
David f. 1843, sjå bnr. 1.
Kari f. 1846.
Jon f. 1848 g. 1875 m. Gjertrud Haldorsdtr. Kalland, sjå plasset Lunde under bnr. 1, Vik, Stamnes.
Brita f. 1851.
Anna f. 1853 g. 1875 m. David Jonsson Fylingslid, b. pl. Svarteberg, Kalland.
Marie f. 1854.
Halvor f. 1857 d. 1858.


BRUK 1

1838 løpenr. 1, seinare 1 a. 1853 løpenr. 588. 1877 løpenr. 588 a. 1853 gamal skyld 13 1/2 mark smør, ny 2 ort 17 skilling. 1877 1 ort 9 sk. 1886 og seinare 81 øre. 1863 var her 4 1/2 mål åker. 2 mål var middels god, resten ring. Naturleg eng 14 1/6 mål. 5 1/2 mål var god eng, 5 1/2 mål middels, resten ring. Sånad 3 1/2 t. havre, 2 t. poteter. Avling 8 t. havre, 7 t. poteter, 817 våger høy, 56 våger halm. I slåttene 200 våger høy. Beit svarande til for åt 1 ungfe. Ikkje dyrkingsjord. På spørsmålet: «Er gården mer eller mindre enn almindelig godt dyrket?» vert det svara: «Mindre end almindelig.» Bruket hadde skog nok til ved, hustømmer og litt never. Der kunne seljast ved for 1 spd. årleg netto. Fødnad 1863: 8 kyr, 1 ungfe, 40 småfe. 1875: 7 kyr, 2 ungfe, 19 sauer, 3 geiter.


1867 skøyte til David Olsson for 200 spd. og kr verdsett til 170 spd. Ein del av kjøpesumen vart greidd med ein obligasjon på 150 spd. til seljaren, tinglyst 1873, avlyst 1876. 1877 vart bruket delt i to jamstore bruk, og det eine vart fråselt. Sjå bnr. 2. David var g.m. Herborg Jonsdtr. Trettenes, Dalseid bnr. 3 f. 1842. 1886 fekk dei ved skifte utlagt bnr. 1 på Kalland. Dei selde då dette bruket og flytte dit.

Born: Sjå Kalland bnr. 1.


1886 skøyte til Johannes Olsson for kr. 1400. Han åtte bnr. 2 frå før, og båe bruka vart no drivne under eitt. Johannes og kona Ingeborg budde her til 1917. Då flytte dei til Veo. Der fekk dei feste 1923 på Nybø, festenr. 1 under bnr. 4.

Born:

Ola f. 1873 d. ved skredulukke 1877.
Anders f. oml. 1879, b. Odda, g.m. Lina H. Vik, Fitjar.
Ola f. 1883 d. 1940, b. Hesjedal, Dale sokn bnr. 3.
Nils f. 1885, sjå Veo bnr. 5 og 7.
Gunnhild f. 1887 g.m. Ivar Johannesson Fylingslid frå pl. Haugen, b. U.S.A.
Karl f. 1889 d. 1891.
Kari f. 1891 d. 1917 g.m. Nikolai Olsson Kåstad, b. U.S.A. (Dei var syskinborn.)
Malene f. 1894 g.m. Magnus Haugen. (Han ætta frå Fylehaugen.)


1917 skøyte til Nils Johannesson Fylingslid på d. bnr. og bnr. 2 for kr. 2400 og kår. Nils f. 1885 er g.m. Ingeborg Danielsdtr. Kvamme bnr. 1 f. 1883. Dei busette seg på Veo bnr. 5. Sjå nærare om dei der.


BRUK 2

Løpenr. 588 b. Skyld: 1877 urev. 1 ort 8 sk. 1886 og seinare 80 øre. Skilt frå bnr. 1 1877 og selt til Johannes Olsson Kåstad kr. 800. I skøytet vart det gjort greie for korleis husa på garden skulk delast. Johannes var f. på Kvåstad bnr. 1 1850 d. 1929, g.m. Ingeborg Andersdtr. Veo bnr. 2 f. 1848 d. 1935. Det året dei overtok bruket tok ei snøskrede den delen av huset dei budde i. Eldste son miste livet. Dei flytte til Vaksdal og budde der nokre år. Johannes arbeidde på mylna der. Sidan flytte dei hit att, og 1886 fekk dei skøyte på bnr. 1. Meir om dei under bnr. 1.


BRUK 3, FYLEHAUGEN

Bruket var frå fyrst av eit plass og vart kalla Haugen. 1851 vart plasset skilt ut som eige bruk under namnet Fyllingshaugen, fekk løpenr. 1 b og skyld 41/2 mark smør eller 21 skilling. 1853 fekk det løpenr. 589. Skyld 1886 og seinare: 69 øre. 1863 var her 4 2/5 mål åker. 3/5 mål var god. 2 mål middels, resten ring. Naturleg eng 12 2/5 mål. 2 2/5 mål var god eng, 6 mål middels, 4 mål ring. Sånad 1 1/2 t. havre, 2 t. poteter. Avling 5 t. havre, 8 t. poteter, 440 våger høy, 35 våger halm. I slåttene 100 våger høy. Dei kunne finna så mykje beit at det gjorde ut for 20 våger høy. Der var ikkje dyrkingsjord, men det som var, var godt dyrka. Skog til ved og hustømmer. Fødnad 1863: 4 kyr, 1 ungfe, 24 småfe. 1875: 4 kyr, 1 ungfe, 10 sauer, 2 geiter.


1826 festesetel til Halstein Styrksson Kvamme. Han var fødd på Kvamme bnr. 2 1801 og g. 1825 m. Marta Andersdtr. Kvåstad f. 1798.

Born:

Anders f. 1825.
Anders f. 1826, brukar her.
Styrk f. 1827, b. Stamnesleiro husfolk.
Guri f. og d. 1829.
Guri f. og d. 1830.


1851 skøyte til Anders Halsteinsson for 150 spd. Anders vart g. 1852 m. Brita Monsdtr. Vik, St. bnr. 1 f. 1832. M. Anders selde bruket her, flytte han til Sunnfjord der han kjøpte garden Espedal. Anders døydde visstnok i Sunnfjord, men enkja flytte til Askøy og budde der dei siste åra ho levde.

Born:

Halstein f. 1852, b. i U.S.A.
Marta f. 1853 g. 1876 m. Johannes Olsson Lavik.
Marta f. 1855 g.m. bakar Velom Larsson Stamnes 1857-1933 b. Tysse i Samnanger.
Mons f. 1857, brannkonstabel i Bergen.
Gjertrud f. 1859 g.m. Mons N. Øyo, sjå Øyo bnr. 2.
Guri f. 1862 g.m. Joh. N. Kirkevik, Ask.
Brita f. 1864.
Synneva f. 1865.


1868 skøyte til Jon Johannesson for 300 spd. Jon hadde før bygsla plasset Geitånæ. Han døydde alt 1870, i skiftet etter han vart bruket verdsett til 170 spd. og kår til enkja Brita Danielsdtr. verdsett til 120 spd.

Born:

Brita f. 1840 d. 1864.
Anna f. 1842 d. 1864.
Johannes f. 1845, brukar her.
David f. 1849 g.m. Anna Olsdtr. Fylingslid, b. pl. Svarteberg, Kalland.
Johannes f. 1852 g. 1881 m. Kari Hansdtr. Sæbø
Hans f. 1855 g. 1882 m. Monsine Hansdtr. Sæbø.
Brita f. 1859 g.m. Johannes Olsson, b. pl. Geitvik, Kallvik.
Brita f. 1862 g.m. Anders Nilsson, b. pl. Bakken, Øyo.


1874 skifteskøyte til Johannes Jonsson mot å svara panterettsutlegg på 100 spd. til Ole Magnesson Kallvik og 50 spd. til Ole Johannesson Kvamme. Han skulle også svara kr til mora. Johannes f. 1845 vart g. 1872 m. Anna Ivarsdtr. Grøtåen f. oml. 1845.

Born:

John f. 1874.
Anna f. 1876.
Berta f. 1879.
Ivar f. og d. 1881.
Ivar f. 1883 g.m. Gunnhild J. Fylingslid bnr. 2, b. U.S.A.
Johannes f. 1885.
Bertin f. 1887.
Amalie f. og d. 1890.


1893 skøyte til Sjur Olsson Hermundsdal for kr. 1000. Sjur f. 1870 d. 1944 vart g.m. Brita L. Arhus, Evanger f. 1850 d. 1933. Dei hadde ikkje born.

Foreldra til Sjur, Olav Andersson Styve f. 1835 d. 1906 og kona Anna Sjursdtr. f. 1831 d. 1916, var båe frå Evanger. Olav Styve pakta gard i Hermundsdal kring 1880-90, og då sonen Sjur fekk skøyte på Fylehaugen 1893, kom heile huslyden hit. Forutan foreldra var det Sjur og ei syster hans, Kari Olsdtr. Alle vart buande i Fylehaugen så lenge dei levde.

Kari hadde ei dotter:

Anna, f. 1897. Far hennar var Johannes Monsson Eikefet (sjå Kalland bnr. 2 Svarteberg). Anna vart g. kring 1940 m. Anders Bernes, Hosanger, men han døydde berre nokre veker etter bryllaupet. Dei fekk ikkje born.

Vinteren 1945 drukna Kari og Anna ved Fylingslid. Ein dag fann Johannes Leiren, Solhaug, Anna drivande i sjøen ved Kallvik. Dei ottast da det kunne feila Kari noko, og nokre folk med motorbåt reiste utetter. Ved Fylenaustet låg Kari drukna. Det vart rettsleg etterrøkjing, men dei kom til at det var ei ulukke.


1945 eller 1946 auksjonsskøyte til Nils Fylingslid, sjå bnr. 1 og 2.


PLASSET GEITÅNÆ

Låg på Teistaadberget,lengst sør i utmarka, ved elva som er grense mellom Fylingslid og Helle. Både Geitånæ og Teistadberget vart brukt som namn på plasset.


1844 festesetel til Jon Johannesson Stamnes bnr. 1 f. 1814 d. 1870, g. 1840 m. Brita Davidsdtr. Fylingslid f. 1816 d. 1885.

1863 heiter det om plasset: «Ager 2 Maal slet, Bøe 3 Maal middels, 9 Maal slet. Havreavl 4 Tdr. Poteter 5 Tdr. I Slaatterne 40 Vgr. Høe. 3 Køer, 8 Faar. Bygselsum 25 Spd. og aarlig Afgift 6 Dagsværk.»

1868 fekk Jon skøyte på bnr. 3, Fylehaugen, og flytte dit. Seinare har det visst ikkje butt folk i Geitånæ.

HUSFOLK

Mikkjel Ørjansson var f. på Vaksdal 1709 og var g. 1729 m. Marta Monsdotter Herfindal bnr. 1 f. 1704. Dei budde fyrst i Herfindal, og flytte hit om lag 1732. Dei hadde 3 søner, Mons og Jens f. 1730 og Ørjan f. 1733. Den eine av sønene budde i Bergen og arbeidde ved krutmylna.


Johannes Eiriksson var brukarson i Fylingslid, f. 1697. Han vart g.m. Ågota Johannesdotter Ytre Boge bnr. 1 f. 1691. Dei budde fyrst på Kvåstad, seinare på Veo, og kom til sist attende hit.

Born:

Eirik f. 1725 d. 1729.
Brita f. 1726.
Eirik f. 1729.
Kari f. 1730.
Mons f. 1732, bygsla Kalland 1751.

Johannes g. 2. g. 1771 m. Anna Haldorsdotter Kalland f. 1710. Han døydde som almisselem 1793.


Knut Larsson var f. på Kallestad bnr. 1 1806, vart g. 1835 m. Brita Davidsdotter Fylingslid f. 1812 d. 1837. Knut flytte attende til Kallestad og døydde der 1861.


Born:

Guri f. 1835 g.m. Olav J. Kallvik, sjå Kallvik pl. Geitevik.


Askjel Davidsson f. 1824 d. 1863 vart g. 1854 m. Gjertrud Olsdotter Stamnessund f. 1827 d. 1900. Dei budde ei tid her, og ei tid i Stamnessundet.

Born:

Marta f. 1854.
Olav f. 1856.
Brita f. 1858 g. 1880 m. arb. Nils Jonsson Rørbakken.
Anna f. 1860.
David f. 1862 d. 1881.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy