Fråselde fjellbeite, av Knut Rødland

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Fråselde fjellbeite
Av Knut Rødland


Gode og romslege sumarbeite har til alle tider vore eit av vilkåra for å driva med husdyrhald. Difor har det vore stor etterspurnad for å kjøpa eller leiga beitestrekningar i Bergsdalen.

Eigar- og brukar-soga for Rødland syner at dei der leigde bort hamn i 1863 for 3 spd. årleg.

Frå vegen kom og heilt til våre dagar kjem det sau frå Fana, Åsane, Osterøy og andre stader til fjellbeite i Bergsdalen.

Bøndene i øvre dalen har fram i gjennom tidene selt unna stølsrettar til bønder i Voss og Kvam.

Dei gamle fortalde at Rødland bytte bort Lien-stølen ved Hamlagrø til Berge i Kvam, og i byte fekk rødlandsmannen ei grå merr. Ein holme i vatnet som då skulle vera skilje mellom eigedomane, fekk namnet "Gråmerri".

Hålebergstølen vart seld frå Rødland i 1800 for 65 riksdaler til Berge Olson Skylje.

I 1811 selde Småbrekke stølen Torvneset med beiterettar for 800 riksdalar. Og det står i skøytet. "Kjøberen Godskalk Knutson skal have felles havner og stølsbejter med gaarden Smaabrekke eijer for saamange kreaturer, som han eller hans efterkommere kan føde på hans brug i gaarden Ejde i Dørvedahls otting i Voss". Sjur Nilson og Peder Amundson Kaldestad skøytte i 1837 ein støl "Bukkatødna" for 135 spd. til Anders Sjurson Skjerven, Voss. Det kunne ikkje beitast meir enn 13 storfe og 30 sauer.

Det var 2 eigarar på Kaldestad i 1857, då den eine eigaren Magne Monsson selde bruket sitt til 11 bruk i Kvam i Hardanger. Dei sat på Vik nedre, Vik øvre og Mo. Prisen var 350 spd. Same året utvandra Magne Monsson med huslyden til Amerika.

Med makabyte mellom den andre Kaldestadbonden og kvemmene fekk sistnemnde sin eigedom på sørsida av elva, og bonden fekk sitt på heimesida. Eigedomen fekk namnet "Bergsdalsbeitet". I 1859 kjøpte same bøndene frå Kvam ein del av Hatlestad for 140 spd.

Denne eigedomen låg på sørsida av elva, og var samanhangande med eigedomen på Kaldestad.

Nokre år seinare har same karane frå Kvam fått kontrakt på noko tillegg, fyrst av Berge, gnr. 73 bnr. 1 og 2. Og so eit beitesteg til, det heiter: "Forening mellem Halvor Magneson og Arne Solberg, og oppsidderne på gaardene Nedre Vik, øvre Vik og Mo i Vikørs tinglag, hvorved bemelte gaarde tilstaaes havnegang for deres kreaturer paa østre og søndre side av Amundsdalen under Løkjafjeldet".

I kontrakti av 1864 heiter det: "– stedsevarende rettighed til havnegang av gaarden Berge". Dette er tinglyst 31. mars 1864. Desse beitestrekningane brukte eigarane frå Kvam til sauebeite og kvigebeite. Dei kjøpte ei gamal tømra bu på Kaldestad, som dei sette opp på "Byttehaugen" til gjætarbu. Me som er noko til års minnest at hytta stod der, og at det budde folk der. Hytta datt ned ein gong i 20 åra.

Brikt Vik Mo har skrive ei soga om Bergsdalsbeitet. Der er òg med rekneskap for beitebruken. Alt i 1875 vart det ført rekneskap, og dyretal, for beitet. Brikt Vik Mo fortel at denne protokollen er i bruk for grendalaget i dag, det vert sauma inn nye blad etter kvart det er trong for det. På permen står fylgjande: "Bogholderi er en nyttig ting og bør anvendes bestandig. 1875 Jan Olsen Mo".

Denne rekneskapsboka fortel om sauetal - bort- og heimjaging, kløvjing av busalt - gjætarløn, og ikkje å gløyma jordskatten for beitet.

Sauetalet var kring 250 for året. Utgiftene var frå kr. 0,45 til kr. 0,83 for kvart dyr.

Busalet var ein stor artikkel, enkelte år, 2 kløvhestar, med 3 skjepper salt på kvar hest. Dei leigde Mons Botnen med saltkløv frå Botnen til Lia. Det var 4 skjeppar, og løna var 3 ort og 12 skilling. Gjætaren det året var Sjur Hansen Kanikkenberg, og han bar saltet frå Lia ned til beitet. Ekstra for dette fekk han 1 ort og 12 skilling. Dessutan står det: "Peder Småbrekke var som oftast gjætar etter 1876". Gjætarløna ymsa noko, i 1878 vart betalt kr. 68,80.

I 1884 sende grenda 261 smalar til Bergsdalsbeitet, og i rekneskapen står det: "Alle elleve oppsidderne til sammen har dette år mistet 62 smale". Det står 6g at 1885 var siste året dei sende smale til Bergsdalsbeitet, fordi snøfenner, bekker - og reven gjorde for stort innhogg i saueflokken.

Seinare vart det kvigehamn frå 1886 til 1900, utgiftene pr. kviga var frå kr. 1,40 til 3,27, alt etter kor mange som var med i drifta. Seinare leigde Jørgen Småbrekke beitet for kr. 25 om året, til 1917. Dette året, den 20. juli, kjøpte Olav Kaldestad Bergdaisbeitet med alle rettar som høyrde med for kr. 2000.

Dette vart tinglyst 10/5 1924.

Karolina Kaldestad, som var den siste attlevande av syskenflokken, selde Kaldestad til Bergsdalen Jordbrukslag,. med unnatak av våningshus og 3,4 dekar tomt. Tinglese skøyte 13/3 1972 på bnr. 14. Kaldestad fellesbeite er no under arbeid på det området som dei tidlegare eigarane frå Kvam kalla Bergsdalsbeitet.

Dei gamle fortalde at Hatlestad leigde bort ein stølsrett til Skorve for ein hesteskogong i årleg svaring. Det var på nordsida av Kaldå ved Bukkatødna. Då denne svaring ikkje vart halden ved lag, gjekk stølsretten attende til Hatlestad.

Hatlestad selde stølsrett i Øvre Geitabotn i 1873 til Peder Hosås og Peder Flage - med rett til å hamna 14 storfe og rett til å bruka ein liten skogteig i Nedre Geitabotnen.

Eit område av Berge sin eigedom som grensar til Geitabotn, er lagd til denne stølsretten.

I dag er det berre Torvneset, stølen til Eide i Dørvedals åtting på Voss, som er i bruk kvart år til mjølkekyr og sau.

Det har ofte vore leigd ut hamnegang til geitesti, særleg i krigsåra. Det var Øyastølen i Rauskredalen, og Brekkestølen, som var mest omtykt til geitahamn. På Fosse var det geitastøl i Storebotn, som var i bruk fram til hundreårsskiftet.

Fosse har fjellstøl som det står selshus på, men det er slutt med eldre tids støling.

Då var det ofte fleire stølar på ein gard. Dei flytta buskapen frå støl til støl for å ha nytt friskt beite heile sumaren.

På Brekke var det slik. Stølshusa på Brekkestølen er i full stand, og det er stølsmurar på 2 andre stader i deira beitestrekning. Liastølen kom i forfall etter at han ikkje vart brukt til støling.

Men i våre dagar viser eigarane interessa for å byggja han opp att, til gagn og gleda for gardsfolket.

Berge og Hatlestad har heimestølar, som var i bruk for ikkje mange år sidan.

Av Høgstølen på Kaldestad står berre murane att.

Moastølen til Småbrekke er i god stand, endå so gamal han er. Bergsdalen Jordbrukslag har i mange år leigd stølshusa av Småbrekke til jakt og fiskebu. Stølen ligg lagleg til attmed militærvegen, og med mange gode fiskevatn ikkje langt unna.

Stølsflorane var ofte store, då det var vanleg å ta mot hyrekyr i sumarhamn.

Det ville vore til trivnad for grenda, om dei gamle stølane kunne takast vare på for framtida, og om det vart bygd nye der dei gamle er borte.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy