Forteljingar frå folkemunn, av Åsmund Hatlestad

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Nokre småsoger, som har levt på folkemunn i Bergsdalen
Oppskrive av Åsmund Hatlestad


Skyttar frå Hamre feller bjørn på Fosse.

Eingong i fyrste halvdelen av 1800 åra, såg bøndene på Dale vister etter bjørn i markene deira. Ein bjørneskyttar i Hamre, Dokke-Jo kalla, vart bodsend. Han hadde med seg to munnladningsgevær, og han ladde båe. Det eine bar han sjølv, det andre skulle ein mann gå ved sida hans og bera, slik at han alltid hadde to skot om det røynde på. Slik for dei markane rundt i dagevis utan å finna bjørn. Då tok Jo børsene med seg og la i vegen mot Fosse i Bergsdalen for å sjå der. På vegen opp møtte han folk frå Fosse, dei var på veg til Haus kyrkja. Jo ville ha med seg ein mann som var kjend, og til bera eine børsa. Fossane drog på smilen og sa at den bjørnen han fann på deira eigedom, skaut han godt åleine. Likevel snudde ein av fylgjet og vart med på jakta.

Då det leid på var desse to komne opp under Dystingen, og der på ei myr såg dei bjørnen, han murka og grov etter eit eller anna. Dei greidde koma seg på skothald, og skyttaren brende laus. Men han hadde ladd so hardt, at då skotet gjekk slo det han i uvit. Då han rådde or att, spurde han kvar det vart av bjørnen. "Han for om kanten å ne’i Dystingadalen, men da æ kje klokt å ga ne dar ette ein skaskoten bjødn", sa fossemannen. "Jaumen ska me ette han", sa han Jo.

Under ei ufs fann dei bjørnen daud. So flo dei han, og skinnet vart gjeve til Hamre kyrkja, og der låg det i 80 år, går det segner om.


Ei "bjørne"soga til.

Det er godt 100 år sidan. På garden Øye hadde dei sauene sine på sørsida av dalen. Ein dag ser dei at sauene kjem om eggjane og ned i liene, med eit gråbrunt "ryte" etter seg. Dette laut vera bjørn, ikkje tvil om det. Kvinnfolka bar ut ein koparkjel dei slo på til skremsel, og karane såg etter børsene sine. Den eine fann at han hadde korkje kuler eller krut, den andre hadde nett til ein bjørneladning i flintelåsbørsa si. So tok desse to i veg for å veida bjørn, i allfall skræma han or beite for ei tid. Han utan børsa kom fyrst opp og fekk sjå "udyret" på nært hald. Han med børsa såg det òg på lenger hald og tok til sjå seg om etter noko å "leggja nepao", so han fekk skjota med støtta. Då ropa han som var lengst oppe: "Skjot ikkje! Da æ ein vaur"! Det var ein framand gråbrun ver som jaga etter sauene deira den gongen.


Like for like.

Etter at Peter Jebsen hadde fenge Dale Fabrikker i drift i 1879, var han med ein mann i fylgje på tur oppover Bergsdalen for å sjå på elva som var kraftkjelda hans.

Hjå Øyagroa kom dei på ei lita kvern som dura og mol, og han Nils som passa ho, låg og sov utfor kvernhusveggen. Jebsen går då bort og dreg kippesloket frå, so kverna stansar. Då vakna han Nils og vart arg på det som vart gjort. Jebsen lo og sa at det heile berre var ein liten spøk, men Nils svara: "Detta ska du ha att, da ska eg lova deg"!

Ei tid etter: I fabrikken i Dale går vevstolane jamnt og trutt. Der er turbin i fyrste høgda og ein vertikal aksling går opp gjennom etasjane, og reimar frå denne driv vevstolar og andre maskinar. Men brått tek alt til å gå saktare og saktare for til slutt å stansa heilt. Turbinen vanta vatn, fann dei ut. Då kom Jebsen på kva Nils Øye hadde lova, endå han trudde lite på at han ville setja det i verk. Han spurde so om nokon hadde sett Nils på Dale den dagen, og det hadde dei. Eit par mann vart sende til inntaket for å sjå etter, og der var vatnet stemt ifrå. Han Nils hadde halde lovnaden sin.


På smørhandel.

Den same "Nilsen" og ein mann frå Brekke var eingong til Bergen for å selja smør. Det var før jarnvegen kom, og dei rodde frå Bolstad. Ein bytur den tid tok kring åtte dagar.

I byen gjekk dei frå dør til dør og selde i smått. På den måten fekk dei nokre skillingar meir enn om dei selde til kjøpmannen.

Vel heim att komne sat Nils i ein krins av tilhøyrarar og la ut om kva som hadde hendt dei på turen:

Jau, dei var komne opp i Øvregata og gjekk der og falbaud smøret sitt. På ein altan i andre høgda sat to jenter og skravla, og dei kunne høyra den eine sa til den andre: "Der kommer to striler". Og då dei kom nærare vart dei bedne opp. Karane sa at dei selde smør. Ja, då måtte dei berre koma opp, so kunne det verta god handel, sa jentene. Og karane troppa opp med smørambrar og vekt. Jentene ville ha kvar sitt stort smørstykke, som karane vog opp. Men pengar ville ikkje jentene ut med, dei baud "andre tjenester" i staden. Då tok karane smøret att, og skjente på dei for slik skamlaus framferd. Men der kom dei ikkje langt med moralpreik. Jentene var just ikkje munnvalne, og i grove ord og vendingar fekk karane vita kva dei vart verdsette til, og dei fann det best å koma seg ut snarast råd var. Då dei kom utfor huset, stod jentene utpå altanen med "nattmøblet" og let karane få innhaldet over seg. "Eg trudde mest ikkja da fanst danslags kvinnfolk i bydn no, men jaumen vart me vise mæ nokke anna, me", slutta han Nils.


Vervarsel.

På Øye budde ein einsleg kårkall i ei stova som stod for seg sjølv. Attåt kåret dreiv han litt med markaslått, so han fødde vel ei geit eller ein sau ekstra.

Når han hadde slege graset og fenge det i breitler, var det berre å bia på godver for å få det turt og i hus.

For å sleppa gå ut om morgonen og sjå kor veret var, hadde han stelt seg til med eit serdeles originalt vervarslingssystem. Tett med senga hans var eit navarhol i veggen. Der stakk han ut eit riveskaft om kvelden, so kunne han, liggjande i senga, dra inn skaftet og kjenna om det var regn eller turrver. Var skaftet vått, tok han det med ro; var det turt måtte han opp og bu seg på høyberging. Smågutane på garden vart fort vise med dette vervarslingssystemet hans, og so passa dei på i godver då dei alltid var tidleg oppe, å springa burtom stova til kårkallen og "lata vatnet" på riveskaftet for å lura kårkallen på veret. Soleis vart ikkje vervarslinga i gamle dagar heilt å lita på.


På frieri.

I eldre tid, særleg før det kom veg i dalen, vart det eit visst motsetningshøve mellom dei to krinsane Oppedalen og Nidalen. Om ein gut frå eine krinsen kasta eit auga på ei jenta i andre krinsen, so var det ikkje heilt fårelaust for guten.

Ein gut frå øvste garden hadde kome seg inn på florslemmen til ei jenta i Nidalen. Då samla ungkarane seg og gjekk mannsterke inn og henta guten og stakk han ned i mottingdammen, stakk han nedi og drog han oppatt fleire gonger. So meinte nokre at det fekk vera nok. Då var det ein i laget som sa: "Nett ei venda te"! Etterpå stakk dei han i vasskjelda. Det var haustadags, og det var so vidt guten vann heim att, ei mil i veglaust terreng.

Seinare var det ein gut frå Oppedalen som fekk godhug for ei jenta i Nidalen. Han visste kva det kunne føra med seg, men det laut vågast. Ein haustkveld med bleikt måneskin var han komen inn til jenta. Då høyrde han det samla seg folk ute, kva dei no pønska på. Ville dei setja igang bjølleleik, eller etla dei han same traktering som den førnemnde? Båe delar var han lite interessert i. Difor hoppa han ut og la på sprang, med heile hurven etter seg. Guten var både lettføtt og snarrådig, og var ikkje god å taka. Litt frå garden såg han seg snitt til usett kliva opp i ein stor raun med tette greiner, og dei som var etter han sprang framom og vidare. Etter ei tid kom dei attende, og han i raunen høyrde praten deira: "Han mao ha gjøymt seg. Sist eg saog han va nett her hjao dessa raunæ", og meir slikt. Men ingen kom på å sjå oppi raunen, so dei tusla seg der ifrå.

Guten tok ikkje støkken av dette, han vart gift med jenta sidan. Då han var vorten ein aldrande mann, var det nokre ungdomar som gjekk innpå han for å få stadfesta denne soga, som dei berre hadde høyrt andre fortelja. Og han sanna at det var slik som her fortalt. "Men ka ville du gjort om dei hadde sett deg i raunæ, og kom og ville ta deg"? spør ein. "Å, eg skulde meje ne pao dei", sa gamlingen.


Meir om bjørnejakt.

Peder Småbrekke (1824-1905) var skyttar og hadde munnladningsgevær. Etter at han hadde kjøpt garden Småbrekke, såg han ein vår vister etter bjørn ved Moastølen. Då ladde han for bjørn, og tok ut på jakt. To guter frå Rødland vart med han, men dei var våpenlause. Dei tædde traktene ved Moastølen, Storlihjellen og Løkjaljellet, og elles der det var truleg at bjørn hadde tilhelde, utan å finna noko. Til slutt gjekk dei ned Hatlestaddalen og kom ned på Dalaflaten. No såg dei jakta avslutta for denne gongen, og sidan det var pinseaftan, ville han Peder skjota or børsa før dei gjekk heim att. Ein av gutane sette opp ei hella til skotmål. Då han Peder hadde skote, sprang guten bort og skulle sjå korleis han hadde råka. "Du kunne 'kje treft bære om du hadde sett kulo borti med klypena", sa guten.

Men dette skotet skræmde bjørnen, som må ha lege oppå Dalatremmena. Og på Kaldestad såg dei han koma over Hyttehaugen i fullt tan so ragget lufsa. Han stemnde mot Steingardshølen, kasta seg uti og sumde over og vart borte i urdane under Hjedlaberget. Dette fortalde stundom ho Kari Kaldestad (1842-1926) om, og at ho som småjenta såg det heile frå tunet heime.

Pinsedagsmorgon var ein flokk bergsdøler på kyrkjeveg om Øvrafjellet. Det hadde snøa eit lite him om natta, og på høgdene mot Løddevarden fann dei ferske bjørnespor. Der hadde han fare mot vest, i retning Rasdalen. Ho Kari fortalde òg frå sine jentedagar, at dei ein vetter vart vise med at der låg bjørn i hi under Løkjafjellet.

Ein øvd hijæger frå Hardanger vart bodsend til å ta seg av dette. Då jægeren kom, gjekk ho Kari saman med mange andre og stilte seg opp på motsett sida av dalføret, for å sjå korleis det gjekk. Skyttaren åleine brøytte seg opp til hiet. Der skaut han binna og avliva ein unge, som han drog og velta nedatt på flaten. So kunne tilskodarane gå ned og bisnast på veidna på nært hald.


Over fjellet med lik.

Ein mann dei nemnde Jenstræen kom til Bergsdalen og gav seg til på ein gard. Kona på garden hadde vore gift tri gonger, og enkja like ofte. Alle rekna med at Jenstræen skulle verta fjerde mannen hennar. Men det kom ikkje so langt, for om vetteren døydde "kandidaten".

So skulle han då førast om fjellet til gravstaden på Bolstad. Kista vart sett på ein kjelke, og fire mann drog. Opp mot Bergsskaret er lang og dryg stigning, og karane var vel både trøytte og leie då dei nådde høgda, der det tek til å halle undan. Då sa ein av dei: "Ja, no ha me dreie Jenstræen sopassa, at no ska jamen Jenstræen fao dra oss litt". Dermed hivde han seg omskrevs på kista og let det stå til nedover.


Ein minnestein.

I vestre enden av fjellområdet Lonane, og tett ved den gamle kyrkjevegen om Øvrafjellet, står ein alenhøg stein oppreist på eit lite res. Ein gong me sat der og kvilte, fortalde Olav Kaldestad (1888-1963) ei lita soga med tilknytning til steinen, og den skal vera svært gamal: Ei jenta frå evangersokna tente på ein gard i Bergsdalen. Ein gong om vetteren ville ho lydast til folket sitt. Ho tok i veg åleine på ski ein laurdagsmorgon, so skulle ho fylgja kyrkjefolk or dalen utom att sundagskvelden.

Då kyrkjefolk sundagsmorgon kom hit, fann dei jenta sitjande her, ihelfrosen.

Av spora hennar kunne dei sjå kva som hadde hendt. Ho hadde kome ut i skodda og snøkavar då ho skulle over høgdene til Vossedalen. So hadde ho mist låm og leid, og villa seg bort i dei einsforma snøkvite heiane. Til slutt hadde ho kome attende til denne staden. Uttrøyt og motlaus har ho sett seg for å kvila, og sovna, for godt. Sidan ein gong har nokon reist denne steinen på staden dei fann henne, og gjort so godt arbeid at steinen står framleis.


Utmarkslått i eldre tider.

Midt inne i Kaldestadlia er ein liten teig, kalla Jo-stakk-støe. Han var i si tid brukt som slåtteteig av folk frå Evanger. Det kom seg slik at eit bruk på Skorve, Evanger, leigde støl av Hatlestad, på Bukkatødna. Kva tid leiga kom i stand, veit me ikkje, då det truleg ikkje er skrive noko om det. Men dei gamle fortalde at stølsleiga var sett til ein hesteskogang (4 hestesko) for året. Stølen var i bruk fram mot slutten av 1800-talet, men no er det berre grunnmurane att. Ein som brukte stølen heitte Jo. Han såg seg ut denne slåtteteigen, fekk slå der og sette opp høystakk. Når dei so var buførde frå stølen, tok han høyet att, la det i byrder og bar det opp på stølen, der han fekk det under tak. Seinare når det vart godt snøføre, tok han kjelke og for ut på stølen etter høydroga. Men det er lang og tung veg, so ein vetradag gjekk nytteleg med til ein slik tur.

Dette fortel litt om kva mon dei såg seg i ein sleik markhøy i gamle dagar.

Det er òg fortalt om han Jo, at ein gong han sat ved Løddevarden og kvilte med høydroga si, såg han ein ulv nede i Vossedalen ein stad. Det skal vera siste ulven som er sedd i Vassvøro. (Vassvøro = grendene kring Evangervatnet).


Valfart til krusifikset i Røldal kyrkja.

I Røldal kyrkja var eit gamalt krusifiks som skulle ha stor lækjekraft. Frå Hordaland, Telemark og Ryfylke var mykje tilstrøyming av folk som søkte lækjedom for alleslag sjukdomar. Mengdevis av krykkjer, stavar og andre ting låg att ved kyrkja som teikn på at dei var lækte og greidde seg dette forutan.

Jonsoknatta var rette tida, då sveitta krusifikset, og det var denne sveittedogga som gav lækjedom. Kyrkjekoren var då fullsett av tilreisande, og det vart sunge salmar og lese av ein gamal postill. Ved midnattstid vart krusifikset teke ned frå plassen sin og sett ved altaret. Under salmesong gjekk ein for ein fram og turka litt av "sveitten" på ein duk som dei tok vel vare på. Etterpå song dei offersalmen og fyretok ofring, inntekta gjekk til kyrkje-eigarane.

I 1835 kom presten uventa til ei slik samkoma. Han fekk stogga valfarten til Røldal-kyrkja for alltid. (Fritt etter "Vår gamle bondekultur" av Visted og Stigum).


So kjem soga:

På gardane Helle og Stanghelle har gått ei gamal segn frå mann til mann, som òg har tilknyting til Bergsdalen.

På ein av gardane der nede var kome ei nykona. Ho var enkja då ho gifte seg dit, og hadde med seg born frå eit tidlegare ekteskap. Minste barnet hennar hadde eit helseveile av eit eller anna slag. Kona var overtydd om at ho kom seg til Røldal og det heilage krusifikset der, skulle ho få lækjedom for barnet. Mannen gav henne lov å fara, men ho måtte vera heime att til den dagen dei skulle buføra til støls. So tok ho i veg, berande på barnet. Ho tok opp den veglause Bergsdalen og truleg om Hardingaskaret og til Øystese, som var mykje brukt ferdsleveg den tid. Det vart lang og slitsam ferd, men nettopp slit og strev, liding og forsaking måtte til om ei slik pilgrimferd skulle ha sin rette verknad. Over Hardangerfjorden måtte ho ha båtskyss båe vegar, men der det var landfast vart det å bruka føtene.

Då buferdsdagen kom, var kona ikkje komen til rettes att. Bonden sende to ungguter opp i Bergsdalen for å sjå etter ho. Dei skulle høyra seg for på kvar gard, og ikkje gje opp før dei fann henne. Dei gjekk seg på henne ein stad ho sat og kvilte. Det døde barnet låg attmed henne. Ho hadde bore det med seg livlaust ei tid. Sjølv var ho so avkrefta at ho knapt hadde kome seg lenger ned med eiga hjelp. Men gutane var vaksne for oppdraget sitt, dei murde barneliket inn i ei urd for seinare henting, og fekk kona velberga heim att.

Soga seier og at staden der dei gøymde barneliket, fekk namn etter denne hendinga. Mange lokale stadnamn kan ha gått tapt i ein tidbolk på godt 200 år, som dette skal vera.

Eit namn som Badnagjele på Kaldestad, kan kanskje vera ein peikepinn, men det er berre gissingar.


Ymse.

Dei gamle hadde mange teikn og varsel og merkedagar for kor veret skulle verta. Dette galdt helst sumarhalvåret. Når det var snakk om vetraveret, so spådde dei det i "vebrauta" = (verbraut eller vinterbraut. Svensk: vintergatan. Dansk: melkeveien). Det var særleg snøtilhøva dei spådde om, og det hadde interessa oppe i ein fjelldal. Dei som var kunnige i kunsten tok til å granska "vebrautæ" i Mikkjelsmess tider, for då skulle ho vera mest å marka på. Desse "stjernetydarane" var varsame med å læra ifrå seg kunsten, men dei fortalde villig om kor mange og store "snjodøkk" dei såg i vebrauta og om lag kva tid dei var ventande.

Men spåkunsten var nokso enkel, og gjekk ut på at vebrauta viste heile vetterhalvåret med vinterdagen (14. oktober) i nordaust, og sumarmål (14. april) i sørvest. Kyndelsmess (2. februar) kom omlag midt på. So var det å sjå etter kor mange store og små klumpar og utvokstrar det var på vebrauta. Dei store klumpane tydde store snødokker, og etter kvar dei var plasserte, kunne dei rusa tida so nokolunde.


Ein av dei som folk sette mest lit til når det galdt verspådomar og slikt, var gamle Peder Småbrekke. (1819-1905). Han var kjend for å kunna litt meir enn folk flest. I sine yngre år hadde han vore med på reingjæting i fjella her. Han kunne bruka stjernehimmelen til både kompass og klokka. Han var ein frisk og aktiv mann til langt oppi alderdomen.

Men ein ting var han redd, og det var torever. Når tora slo på det verste, hende det at han kraup under sengja i stova og låg der til det var over, (Dei hadde høgføtte senger før i tida). I eit slikt høve er det hermt etter kona hans, ho Ingebjørg. Ho heldt på å laga mat, og han låg under sengja.

Då maten var ferdig sa ho: "Kor æ da mæ deg Peder, æ du og’te komma fram å æta, helde vil du ha da unde te deg"? Båe desse to vart gamle og velvyrde folk, dei døydde tett etter kvarandre i 1905.

På Rødland sat han Arve med einbølt gard til 1874. Då delte han garden på to av sønene sine, Nils og Askjel, og tok kår. Desse to var kjende for å vera flittige som mauren og tidlege som fuglen. So vart det som ein still kappestrid dei i mellom kven som var fyrst om morgonen. Var den eine komen godt i gang før den andre, so trudde den siste at han sjølv måtte ha for sein klokka, og so sette han klokka litt fram. Neste gong kunne det verta den andre fløyta klokka si av same grunn.

Han Askjel kom ein preikesundag til Dale-kyrkja. Etter hans klokka skulle det nærma seg kyrkjetid, men hjå kyrkja var det audt og stilt som det ikkje var tenkt på preik den dagen. Han gjekk då på Gamlestasjonen for å sjå kva stasjonsuret viste.

"Jai-ja", sa han med ein liten flir, "eg ser klokko mi æ nett i fljotaste lagjæ, to og ein halv time snar". Han Nils og han gaml-Ola Berge var ein gong samsnakte om å vera i lag om Bolstadfjellet. Dei hadde kvar sin slakteokse dei skulle levera ombord på dampen på Bolstad. Det var på ettervetteren med god nattskare, men han blotna fort når sola kom på han.

Nett kvar time dei skulle ta ut var ikkje sagt, men båe var samde om å vera tidleg ute. Klokka hadde nett "streka eitt" om natta, då hauka det ute på tunet på Berge, då var Nils komen, leiande med oksen sin. Han forsov seg ikkje den guten.

Om vetteren 1897 døydde han Arve, far deira, og det på ein altfor snipleg måte. Det heldt på å gå lauseld i husa hans Askjel. Eldhuset var bygd inntil ramen på stova, so at desse hadde ein vegg saman. Om morgonen då dei heta brynningavatn i eldhuset, hadde det teke fyr i stoveveggen, og røyken slo gjennom, men til all lukka fekk dei sløkkja før det gjorde større skade.

Han Arve, som då var 81 år, låg på stovelemmen. Under oppstyret som vart skulle han koma seg ned den bratte lemstroppa, men so bar det seg slik til at han ramla ned og slo seg ihel.

Sju dagar etter dødsfallet vart halde "sjaundaveitla" i heimen, som skikk og bruk var den tid. Og neste morgon skulle Nils og Askjel saman med "Gamle-smaobrekkjen", han Peder, og han Knut Kaldestad ta i veg med kista på kjelke over fjellet til gravstaden på Bolstad.

Han Nils ville plent at Peder og Knut ikkje skulle fara heim att om kvelden, men overnatta på Rødland. Dei kunne ta tidleg ut og nytta skareføret om morgonen, for det var klårver og kaldt. Og slik vart det, han Nils skulle vekkja klokka fem, var dei samde om. Peder og Knut tykte dei var nett skapleg sovna då Nils’en kom og sa at no var klokka fem. Dei to hadde ikkje klokka på seg, og då dei gjekk "om novæ" spurde han Knut: "Trur du klokka æ so mykje so han Nils seie"? Peder glytte opp på stjernehimmelen litt før han svara: "Jau da trur eg vel at klokko hans Nils visa nokke slikt, dann kan han svinga pao, men sjødna naor han kje i".

Dei kom til Bolstad just på den tid folket der sto opp om morgonen. Og frå Rødland til Bolstad er vel 4-5 timars veg med droga, som desse hadde med seg.


Korleis "Maonsløype" fekk namn.

I 1835 var det to bruk på Kaldestad. Det var Peder Amundson og Mons Sjurson som hadde kvar sitt bruk. (Sjå Kaldestad).

Ein fin vårdag 1835 tok han Mons øks på nakken og rusla om Stølareset, skulle stad og gjera Liagarden.

Då det leid til kveldsmat, var han enno ikkje heim att komen. Ein halvvaksen son vart send for å sjå etter han.

Guten såg at garden var ferdig-gjord, men faren var ikkje å sjå. Ned mot Kaldåna fann han øksa til faren, og i kvitveisbolet der såg det ut som noko hadde sklide eller rulla ned mot brådjupe Svarthølen. Guten ottast det verste og sette heim og fortalde kva han hadde sett.

Mannfolka på garden samla seg og laga til noko soknereiskap. Ho Brita, kona hans Mons, hadde nett kokt kveldsgrauten og aust opp. So hadde ho funne seg ein mjølkeskvett og ei hornskei og var i ferd med å "grava gryto".

Då karane gjekk ropa ho etter dei: "Eg kjem eg òg, naor eg ha æte tao". Og då ho var ferdig, tok ho i veg for å sjå kva som hadde hendt mannen. Men komen opp mot Stølareset stogga ho brått, kjende vel i stakkelomma si, - og småsprang heim att. Ho hadde gløymt lykelen att i buadøra då ho henta grautmjøl. I bua si hadde ho både mjøl og annan mat. Det var ikkje bra at lykelen stod i, til freisting for nokon.

Det vart som dei ottast, --- dei fann han Mons tillåten inne i Svarthølen. Og ingen kunne seia for visst om det var med eller mot sin vilje han var hamna der.

Sidan den tid har stupet der han for utfor vorte kalla "Maonsløype".


Bannlyst fela.

Under fyrste verdskrigen vart sett i verk ei storstila vedhogging i bygdene der det var bjørkeskog til det.

I byane var det brenselnaud då kolimporten stogga. Jamvel dampbåtar og lokomotiv måtte spe på med bjørkeved for å halda stimen oppe.

Nokre bergsdøler, og saman med dei han Arne Hatlestad, "han Aodne", som vart sagt her, tok seg ut på vedhogst då. Dei fekk seg tilvist skogteig oppe i Ho, mellom Sakhaug og Seimsgrend.

Desse karane vert buande på stovelemmen hjå ei eldre kona, som heitte Eli. Han Aodne hadde sjølvsagt fela med seg. Men då ho Eli fekk sjå feleskrinet, sa ho greitt ifrå; "Ikkje nokko læte pao eit slikt satans instrument i mitt hus". Og det måtte til ei viss grad respekterast. For å skyna ho Eli rett, må me ta nokre av hennar eigne utsagn: I ungdomen var ho av dei ivrigaste til vera med på leik og dans etter fela. Ein vetter det låg steinhard skare på Vangsisen, brukte dei den til dansegolv. I tre laurdagsnetter på rad hadde dei leika og dansa på isen, og det gjekk heller vilt for seg. Men fjerde laurdagsnatta vart verst av alle.

For då var sjølvaste Hinmannen med som føredansar, påstod ho. Og leiken vart villare og villare, og "hin" han lokka dei nærare og nærare Lilandsosen, -- og det enda med at tre gutar gjekk seg nedi og var borte for alltid. Då vart det ein brå slutt på dansen.

Etter dette vart Eli med i ei vekking i bygda. Sidan hadde ho levt eit strengt religiøst liv, og ikkje late noko høve gå frå seg til læra og rettleia born og ungdom på rett veg. Og fela hadde ho bannlyst. Men han Aodne klødde i fingrane etter å spela. Og ein kveld ho Eli var i floren og mjølka laut det vågast. Dei gløymde seg alle til Eli kom inn att, og då var ho ikkje blid, nettopp.

Etter ei tid vart freistingane for store att for han Aodne. Han sat og kjælte med fela si, heldt henne tett inntil øyra og klunka so smått. Eli sat i stova under dei og spann, og mellom dei var eit enkelt lydt golv.

Eli brukte tidt å syngja attåt arbeidet sitt. Og nett då stemde ho i med: "Den store hvite flokk", med høg og klår røyst. Då la han Aodne fela under haka og gav henne tonefylgje, men ikkje slik at ho høyrde det gjennom songen sin. Brått vart det ei togn i songen medan fela heldt fram. Ho stogga rokken og sat undrande og lydde, - Var det draum og hildring - eller var det omen frå Sæleheimen som nådde øyro hennar?

Ho gjekk ut i gangen og lydde, og høyrde det framleis ---. Då ropa ho til dei oppe: "Høyre de nokke, de og"?
Ein kar steig ut or troppelemmen og svara: "Ja, me høyre. Da æ han Aodne so spela. Æ da kje fint"? "Jau, svara ho, "naor han spela slik, so mao han berre halda pao".

Og han Aodne let seg ikkje beda to gonger til det, no han skyna at fela var godteken. Det rike utvalet han hadde av fin musikk, let han no strøyma fritt, til hugnad for alle som høyrde på.


Mange sette livet til.

So lenge Bergsdalen låg veglaus, og hadde alt sitt samkvem med omkringliggjande bygder berre over fjell og ulende, so hende ymse dødsulukker av den grunn. Det kunne vera snøstøkk eller uver, folk gjekk seg utfor eller i isen og meir slikt.

Nokre av dei er nemnde i eigar- og brukarsoga, men mange er nok gløymde for alltid.
Ei hending frå 1873 tek me med her:

Eit syskenlag frå Brekke (ei syster og visstnok tre brør, sjå Brekke br. nr. 3.) var på veg heimanfrå og til Arna, der eldste bror deira skulle halda bryllaup. Dei gjekk ned dalen og skulle fylgja postbåten frå Dalebryggja til Garnes. I Storebotn på Fosse var det gangbru over elva. So gjekk den skrale stigen på sørsida dalen til dei kom til Dalegarden, der det var bru over att.

Då dei kom litt nedom der Dale Fabrikker sidan sette inntaksdammen, hende ulukka. Ho Maria, einaste systra dei hadde, glei brått utfor eit stup og ned i ur og elvestein. Ho miste livet med det same. Brørne kom seg ned og fekk henne opp att. Dei bar henne med seg til Dalegarden der dei fekk leggja henne på likstrå. Nokon av dei for heim att med bod, og nokon for til Arna der dei var venta, for dette var brullaupsaftan.

Kista til Maria vart køyrd til Dalseid og rodd til Bolstad og gravlagd der.
Dette var sikkert fyrste likkista frå Bergsdalen som kom til Bolstad sjøvegen. Men seinhaustes året etter, er det fortalt, valde dei denne vegen med kista frå Fosse, i staden for å vassa i alnedjup nysnø over Bolstadfjellet.


Mot i brystet –.

Året 1747 vart Brekkegarden delt i to bruk. Helge Olsen fekk då av faren skøyte på br.nr. 2, Brote, dei kalla.

Helge gifte seg 1749 med Ragnhild Oddsdotter Li (1726-1804) (Sjå Lid og Brekke).

Garden hadde beste beitet sitt hisida elva. Det var ikkje bru den tid, og ho Ragnhild brukte oftast hesten og reid over når ho skulle mjølka. Ho hadde fast mjølkeplass, og der var som regel kyrne å finna både kveld og morgon. Men ein morgon ho kom, var det ikkje ei ku å sjå. Ho reid då lenger oppover for å sjå etter dei, og der høyrde ho raut og beljing, som tydde på at noko særs var tids. Då ho kom nærare, såg ho bølingen stå tettpakka på ein liten haug, og kring dei gjekk ein bjørn og dreiv nervekrig for å spreia dei so han kunne gå til åtak.

Korkje hest eller kona kunne ha stor bjønnskrekk, for ho styrde beint på udyret i fullt tan og skreik og bad han dra seg vekk. Og hesten gjekk villigt på med rin og frosing og var nok av same meining som ho på ryggen.

Dette vart for mykje, jamvel for ein bjørn, han tok til vitet og stakk av. Soleis vart buskapen berga denne gongen.


Det er òg fortalt om ho Ragnhild at ho hadde dåpsbarn ein vetter. Fadrane var tinga, dei skulle òg vera reisefylgje. Men so vart det so meinhøvt at dei kunne ikkje vera med. Heller ikkje mannen vart med, han måtte ta hand om det som var heime.

Barnet var innmeldt til dåp, og Ragnhild ville ikkje ha noko "slinger i valsen". So budde ho seg til ferd, barnet vart vel innpakka og hengt om halsen i ein "her(d)aklut". Ho steig i vidjebandskiene, tok ein bjørkelurk til stav, og gav seg åleine i veg på den lange kyrkjevegen til Evanger.

Fadrar fekk ho hjå kyrkja, og ho kom velberga heim att då alt var ordna.


Litt om ein bytur i 1860.

Kari Kaldestad (1842-1926) var flink å fortelja, og på sine gamle dagar la ho stundom ut om den fyrste byturen ho var med på, og då var ho 18 år gamal.

Jau, det hende i gamledagar òg at folk herifrå gjorde seg ein bytur. Då slo dei seg i lag, nokre, og reiste helst i jonsoktider. Det fyrste var å få lovnad på båt på Bolstad. Når det var i orden, var det å bu seg til for dei som skulle reisa.

I nistebomma måtte leggjast mat for heile turen, og det kunne verta 10-12 dagar det, etter so hastige dei var, og kor veret vart. So skulle dei ha med seg byføring, som dei sa. Ofte fekk dei òg ærend for andre å utføra, og dei sende gjerne med smør som skulle skaffa skillingar til oppdraget. Ja det var no helst smør som var brukt til byføring, men spekekjøt, ull og skinn var òg brukt å ha med. Det måtte ein kar med kløvhest til for å frakta dette over fjellet til Bolstad.

So vart det overnatting på Bolstad fyrste natta, for dei ville vera tidleg i båten når dei tok ut på byferd. Bolstadfolket heldt som ei rekning med kva tid Straumen var best å fara. Når Straumen gjekk ut på det verste var det eit vågespel å sleppa seg ned, og mange har sett livet til på det, fram gjennom tidene.

Det var han Nils i Nistovene som liksom var høvedsmann på turen. Elles var det karar or gardane her. Dei var 4 mann til ro, og det bar kvikt utover til Stamnes, og vidare gjenom Mellesdalsundet og om Vossaneset. I Osterfjorden ein stad vart fyrste overnattinga. Men ut på andre dagen landa dei i Bergen. So var det å få seg "losimenta", og so skulle dei bera opp or båten. "Losimento" var eit stort rom der dei fekk tilvist ein plass på golvet, so fekk dei halm-madrasser til å liggja på. Der var fleire reiselag før dei, og kvart lag hadde sine eignaluter samla i ein haug på golvet. So måtte kvart lag passa sitt, for det rak folk ut og inn mest til alle tider.

Dei vart i byen to-tre dagar for å utretta seg. Og jammen var det mangt nytt og bisneleg å sjå, og mykje både bitandes og slitandes å få kjøpt for dei som hadde skillingar. Hjå bakarane var "lausebrød" og "heiteveggje" og mangt fint bakverk. I krambuene var pynt og stas og søtsaker av ymse slag, so det var ikkje lett å velja. Men nokre småting og litt bygodt kom med i bomma heim att. I gatene var ein larm av store hestar og køyrety, og på bryggene var det nok å bisnast på av store båtar som lasta og lossa.

Eit par av båtlaget var tilfarne smaka "sterkt", og han Nils laut halda pass på dei so dei ikkje skulle "fara i hole".

So var det å ta på heimveg att. Men då gjekk det ikkje fullt so greidleg som på framturen. Karane var bytrøytte; og med vinden stundom imot og stundom på sida, var det tungt å ta seg fram. Dei hadde ein dunk brennevin i framskuten, og den var dei av og til borti for å styrkja seg, som dei sa. So vart det vel i meste laget med dette og mindre bra med roren. Men då kvesste han Nils til og meinte at no fekk dei fara som folk og ro gjæveleg; elles skulle han spunsa dunken slik at dei ikkje fekk ut dropen før dei nådde i navar. Etter 34 dagar var dei endeleg komne oppom "Gudløynæ" i Bolstadstaumen. På Straume måtte ein or båten og dra han opp verste straumen. Der var tillaga ein mur til å gå på, og so heldt dei båten frå med årane.

Dei kom seg til Bolstad til slutt, og overnatta der. So var det å ta seg om Nærafjellet heim att. Turen hadde teke kring halvanna veka, som var nokolunde vanleg den tid. Dei var både trøytte og slitne, og det var godt å koma heim att, slutta ho Kari.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy