Fjellanger

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 18:08, 9 november 2010 by Reveka (Talk | bidrag)
(skil) ←Eldre versjon | Vis noverande versjon (skil) | Nyare versjon→ (skil)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Modalsboka band I


Gards og ættesoge for Fjellanger.



Gnr. 60 Fjellanger


Gnr. 92 i Hosanger


Innhaldsliste

Innleiing

Dette gardsnamnet hev gjeve dei lærde mykje bry, og ingen av dei hev funne fullnøyande forklåring på det. Ikkje fordi namnet i seg sjølv er vandt å tyda, men fordi dei ikkje finn noko rimeleg grunnlag for namnet her som garden ligg, langt oppi fjellbygdi, utan fjord eller vatn i nærleiken. I bygdemålet seier dei Fjedlong, og det heiter på Fjedlong og til Fjedlong. - Magnus Olsen seier i «Norske Gårdsnavne»: «Man møder store vanskeligheder ved dette navn hvis nuværende udtale med dl står i strid med de fleste av de gamle skriftformer. I ethvertfald kan navnet ikke være sammensatt med angr i den almindelige betydning fjord, vik, da der i den trange tværdal hvori gården ligger, ikke findes nogen sjø eller elveudvidelse. Man bør derfor kanskje helst blive stående ved den mulighed at angr her kan være brugt om en trang dal, ligesom vik ikke blot betegner en vik av havet, men også en indbugtning av terrainet. I så fald burde man vel gå ud fra formen Fjallangr, hvormed nutidsformen stemmer overens, og deri se samme navn som fjordnavnet Fjallangr, Fjellanger gardsnr. 103 i Lindås». - Lektor Andreas Leiro vilde helst tru at siste leden i namnet er ei omlaging av ordet vang, ein vang, og at namnet skulde tyda Fjellvang, men då er det vel lite rimeleg at namnet skulle få o-ljoden i ut-talen. Etter «Norske Gårdnavne» skal namnet vena skrive Fiolangir, Fialangir og i Fiallangre på 1300-talet. Frå garden kjem med att i lensrekneskapane kring 1600, finn me skriftformene Fieldanger, Fieldanger og Fjellanger. Den siste er offisiell namneform no.

Fjellanger er næraste grannegarden til Haugen. Når me fer Fagerdalen innetter, deler dalføret seg der Haugelvi og Fjellangerelvi møtest, litt heimanfor Diket. Haugadalføret vender litt vestleg, og Fjellangerdalføret held fram mot nord- nordaust. Fyrst er det slak stiging langs elvi fram til husi i Diket, eller Vonheim og Nybø, som dei to småbruki der heiter. Men so stig vegen bratt opp til sjølve Fjellanger-garden. Storparten av bøen her ligg i bratt fall frå Husafjellet og ned mot Fjellanger-elvi, og det gamle tunet Iåg i bratta eit stykke nedanfor fjellet. Herifrå ser du Haugen i sørvest. I sør står Yksendalskulten og stengjer for utsynet, so du kan ikkje sjå heim i Yksendalen herifrå. Mot nord ris Husafjellet opp so bratt og høgt at du tykkjer det kunne koma yver deg, og skulde «Kidno» støkkja ut og ramla ned, so stod nok ikkje husi trygt her. «Kidno» er eit stort fjellstykke høgt oppi bergveggen, og det hev skap som ei smørkinna av det gamle slaget, ei staukekinna. Det er fortalt at i gamal tid fekk presten eit årleg «offer» frå Fjedlongmannen for at han skulle beda frå preikestolen at Kidno ikkje måtte ramla ned.

Fjellanger hev grensa mot Haugen og mot stølsmarki deira i Lavik i vest. Her er Haugelvi grensa heile vegen. I søraust og aust vert det grensa mot Yksendalen, og innpå fjellet vert det merke mot Brakestad i aust og nordaust.

I matrikkelen 1723 heiter det om Fjellanger: «Ingen husmandsplads. Ingen Seter. Brendeved skog. 1 flomkvern. Ligger 2 3/4 mile fra sjøen. Gandske uvis til korn og gandske tungvunden og 8 mile fra Bergen. Såer havre 1 tønde, afles udi beste år 2 tønder. Lever allene af quægets afling». - Husmandsplass veit me ikkje om at det hev vore seinare heller på Fjellanger. Det som er sagt om skogen, høver framleis. Garden hev rikeleg skog til brensel, men hev ikkje hogge nemnande ved til sals, anna det som gjekk med til koking den tid det var geitasti på garden, men då trongst det nokre mål for året.

At «gården er uvis til korn», hev nok alltid vore so, men noko sådde dei no kvart år, endå lendet er lite lagleg til åkerbruk. I folketeljingi 1865 er sagt at dei sådde 4 tunnor korn, og i siste tidi dei hadde kornåker, dyrka dei både bygg og havre, og i gode år fekk dei retteleg fin bygg. Det var vanleg at dei bytte med korn og potetor i åkeren annakvart år. Kverni hadde dei i elvi innanfor bøen. Kvernhuset var mura av gråstein, og hev vore halde i stand til denne tid, men etter 1945 hev det ikkje vore male noko der, og korndyrking er det slutt på, her som elles i bygdi. Stolsdrifti er det og slutt med no. Ei tid bruka dei to stølar på Fjellanger. Kva tid Gamlestølen var teken i bruk, veit me ikkje. men det må ha vore etter 1723. Han ligg i lidi nord for garden, i austsida av Haugadalføret, på lag ein halv times gonga heimanfrå. Der hadde dei to bruki kvar sitt sel. I selet på Mikkjel-bruket var loft med sengeplass for budeione. Nyestølen ligg lenger til fjells, nord for Longavatnet i Fjellangerdalen. Dit er ein times gonga heimanfrå. Der hadde dei to bruki eitt sel i lag. Her var nok endå betre beite enn på Gamlestølen. Den tid det var skikk på stølsdrifti, var den vanlege ruta: Løysingstid 14 dagar fyre jonsok, so gjekk beisti ein månad i heimehagen, deretter 8 vekor til støls, til slutt i heimehagen att til beisti måtte setjast inn kring mikjelsmess. Frå 1912 og frametter var det ofte geitasti på Fjellanger. Jakob Jakobson Fjellanger, busett på Garnes, og Sjur Lone frå Haus hadde geitasti i lag i mange år her. Dei hadde «dobbelt sti», med gjætar og 2 budeior og 170 - 180 geiter. Då var beiti godt utnytta.

I 1723 heiter det om Fjellanger: «Lever allene af quægets afling». Soleis hev det vore seinare og. Garden var alltid rekna for ein god «fogard». Her var gode beite, og både på bøen og i utslåttone var retteleg godt for. I brattlendet opp mot fjellet gjekk det årvisst snøskredor utpå vinteren, og dei førde med seg stein ned på slåtterenni. Når våren kom, rudde dei og raka vekk steinen, og her fekk dei so godt gras at det synte kyrne «drog seg» når dei fekk høy herifrå. Det var mange markaslåttor på Fjellanger, og oftast gav dei meir får enn det dei fekk av engbøen. I dei fleste slåttone hadde dei løa og hesjar. På Mikkjelsluten var desse slåttone: Likstighjellane med to Iøor, Øvrehjellane med løa. På Fossen var løa ei tid, men sidan tok dei høyet heim på løypestreng og fekk det i løa heime. I Dalen var løa, og sameleis på Berget oppyver Dalen. So var det Lægdi og Steinmurdalen, båe med løor. Ved Vetlavatnet hadde dei stakkstøe. - På Ola-bruket hadde dei Rusti aust for garden og Åsen og Furehjellen. I nord var heimste og nordste Haugaløa og Helleren. På Dalaberget var to stakkstøe. Elles slo dei Husatoi og løypte graset heim på streng. I Kultabrekko var og slåtta, men ikkje løa.

I det gamle tunet på Fjellanger låg husi nokso tett saman. No hev Mikkjels-bruket flytta bort på Hjellane på austsida av Fjellangerelvi og bygt hus og dyrka opp mykje av flatane der, so no er det langt mellom grannane.

11928, det store skredeåret, tok ræsingi løebygningen på Ola-bruket. Ny løa vart sett opp same året. Nokre år etter brann stovebygningen på bruket, og då budde huslyden i Vonheim til dei fekk opp nytt bustadhus året etter. Det gjekk ikkje folk med, korkje i ræsingi eller i brannen. Då dei bygde ny løa, vart den gamle smia rivi, og ho er ikkje oppattbygd.

På Fjellanger bygde dei privat elektrisitetsverk i Fjellangerelvi. Det var på 33 kw og gav straum til ljos og koking for Fjellanger og Haugen, men gav altfor lite spenning når elvi var liti. No får dei kraft frå B.K.K.


EIGARAR.

1647: «Kongen eier og bygsler». I 1660 det same.

1664: Odelsmanntalet: «Abell Munthe eier».

1673: Abell Munthe, Peder Lembs.

1691: Fogderegnsk.: Hans Lilienschiold.

1718: Matrikkelen: Assessor Willum Hansen.

1756: Skøyte frå Jaen van de Veldes dødsbu til monsiur Jaen Frøchen.

1764: 30/11 auksjons-skøyte på Kgl. Maj. eiendommer til studiosus Herman Jansen Frøchen. Same dag gjev han skøyte til Jakob Larsen på 1 pd. smør, som er heile garden. Sidan er garden sjølveigarbruk.


Skyld og utreidslor.

1644/45: Jordeboki syner at skyldi er pd. smør, og den skyldi hev garden so lenge skyldi er rekna i smør. I 1838 er ho omgjord til pengeskyld, 2 jamstore bruk, kvart på 1 ort 23 skilling. 1 1886 er skyldi omgjord til 2 mark 20 øre.


Fødnad.

1657: Kvegskatten fører ein brukar, og han føder 1 hest, 1 ukse, 6 kyr, 1 kviga, 24 geiter og 24 smalbeist.

1667: Matrikkelen: 1 hest og 12 naut. Småfe er ikkje med.

1723: Matrikkelen: To brukarar føder tilsaman 1 hest, 6 kyr, 3 ungfe, 12 smalbeist.

1803: Jordavgift: Den eine brukaren føder «8 kreaturer og 10 får». For den andre vantar oppgåvor, men me kan rekna med omlag det same hjå han og.

1865: I samband med folketelj.: 2 hestar, 22 storfe, 32 smalbeist og 1 svin.

1875: I samband med folketelj.: 1 hest, 1 fyl, 17 kyr, 1 ukse, 2 ungfe, 32 smalbeist.


Sånad og avling:

1667: Sår 1 tunne, avlar 2 1/2 tunnor.

1723: Matrikkelen: «Saar havre 1 td., afles udi beste aar 2 td. Lever allene af quægets afling».

1803: Jordavgift: Sår 1 tunna, avlar 2 1/2 tunnor.

1865: I samband med folketelj.: Sår 4 tunnor havre, 4 tunnor potetor.

1875: I samband med folketelj.: Sår 3 1/2 tunnor havre, 6 1/2 tunnor potetor.

Avling for dei to siste teljingane er ikkje oppgjevne.


1863: «Jordbrugsbeskrivelse».

Dei to bruki hev tilsaman 10 mål åker og dyrka eng. Av det er 2 mål godt, 6 mål medels og 2 mål ringt. Dei hev 51 mål naturl. eng, av det 11 mål godt, 26 mål medels og 14 mål ringt. Dei haustar 1320 våger høy, av det 600 våger markahøy, og dei får 50 våger halm.

Fødnaden er 16 kyr, 4 ungfe, 2 hestar og 30 smalbeist.

Dei sår 4 t. korn og 5 t. potetor, avlar 9 t. korn og 20 t. potetor.


1959. Etter «Norske Gardsbruk».


Bruk 1. Dyrka jord 20 da. (mold og myrjord), anna jordbr.areal 30 da., prod. skog 50 da., onnor utmark 100 da. Bunadshus bygt 1874, vølt og påbygt 1928, driftsbygningar bygde 1905 og 1939. Brt. 68.000 kr. Fødnad 1 hest, 5 kyr, 4 ungdyr, 15 sauer, 2 griser. Part i kraftverk (33 kW.).


Bruk 2. Dyrka jord 10 da. (myrjord og mold), anna jordbr.areal 25 da., prod. skog 50 da., onnor utmark 50 da. Bunadshus bygt 1882, ombygt 1932, driftsbygning bygd 1928, smalahus 1940, silo 1956. Brt. 9.000 kr. Fødnad 1 hest, 3 kyr, 4 ungdyr, 12 sauer, 1 gris.


BUSITJARAR

Bruk 1.

1603/04: I skattemanntalet dette året heiter det: «Fjellanger ligger øde».


1608/09: Skattemanntalet nemner no fyrste gongen brukar på garden. Det er


1. Eilieff Fjellanger. Om han finn me ikkje noko opplysningar.

1645: Skattemanntalet hev Anders Fieldanger som brukar 1 pd. smør, og han er no førd i jordebok og skattemanntal so seint som i 1668. I prestemanntalet 1667 heiter det at han «bruger alt, 1 pd. smør», er 80 år gamal, hev tenestedrengen Niels Knudsen, 16 år, men ingi søner heime.<bnr>

I 1679 er gravfest «Anders Fieldanger och et lidet barn frå Fieldanger».


2. Anders Fjellanger, d. 1679, g. m.

Marta, nemnd i kopskatten 1645.

Born:

  1. Marta, med i kopskatten.


I tidi 1668 - 1691 vantar det rekneskapar, og ein kan ikkje vita med vissa kven som kom etter Anders på garden. Men kyrkjebøkene viser at det hev butt ein Ole på Fjellanger kring 1678 - 1686, for han hev fire born til dåpen den tidi, og me må tru at han då hadde bygsel på garden.


3. Olav Fjellanger. Me finn ikkje giftarmål.

Born:

  1. Namnlaus f. 1678.
  2. Namnlaus f. 1682.
  3. Kari f. 1684.
  4. Olav f. 1686.


1691: Futerekneskapen fører no Knud, som brukar heile garden, 1 pd. smør. Han må vera den Knud Monsen som er førd i manntalet 1701. I 1677 er døypt eit barn frå Flatekvål, utan namn og født utanfor ekteskap. Foreldri er Knut Monsen Næssem og Anna Nilsdtr. Flatekvål. Det ser ut til at dei hev vorte gifte, og at dei hev fenge bygsel på Fjellanger. Truleg hev dei butt på Flatekvål nokre år fyrr dei kom hit, og hatt to born der, for i 1682 er der døypt ei Brita Knutsdotter, og i 1689 er gravfest Knud Fladequals barn Nils, og der finst ingen Knut millom brukarane på Flatekvål som ein kan tenkja er far til desse borni.<bnr>

At Anna Nilsdtr. Flatekvål er kona til Knut Fjellanger, går fram av eit skifte på Otterstad i 1744 etter syster til Anna, Brita Nilsdtr. Flatekvål. Ho vart gift i 1714 med enkjemann Mons Andersson Otterstad bnr. 5.


4. Knut Monsson Fjellanger, f. 1652, d. 1733, truleg frå Nesheim, g. 1678 m.

Anna Nilsdtr. Flatekvål, bnr. 2-3, f. 1652, d. 1728.

Born:

  1. Namnlaust f. 1677.
  2. Brita (truleg) f. 1682, f. på Flatekvål, g. m. næste brukar.
  3. Nils (truleg) f. 1689, d. 1689, f. på Flatekvål.
  4. Nils f. 1690, d. 1690, f. på Fjellanger.
  5. Nils f. 1692, d. 1692.
  6. Anna f, 1693, d. 1744.


Den namnlause, a framanfor, må truleg vera den Knud Knudsen Fjellanger som i 1705 vart gift med Brita Larsdtr. Flatekvål bnr. 1. Dei hadde dotteri Mari til dåpen frå Fjellanger i 1707, og ho er gravfest same året berre fem vekor gamal. Me veit ikkje meir kvar det vart av Knut og Brita.


1719: Bygselbrev frå Wilhelm Hansen til Lars Jakobson på 1/2 pd. smør.


1720: Oppattnya bygselbrev frå Wilhelm Hansen til Knut Fjellanger og Lars Jakobson på kvar sitt 1/2 pd. smør. Truleg sit dei no med kvar sin halvpart av garden til 1733 då Knut Monsson døyr. Sidan sit Lars med heile garden. I 1739 fekk Lars Jakobson bygsel frå Wilhelm Hansen på heile garden. Lars Jakobson er frå Langelands-Li i Teigdalen. Han vart gift i 1708 med Brita, dotter til Knut Monsson. I skoskatten 1711 er han tenar hjå Knut.


5. Lars Jakobson Fjellanger, f. 1688, d. 1766, frå Li, Evanger, g.

1. 1708 m. Brita Knutsdtr. Fjellanger, f. 1682, d. 1733.

2. 1734 m. Anna Larsdtr. Geilen, f. 1697, frå Evanger.

Born:

  1. Jakob f. 1711, d. 1711.
  2. Ivar f. 1712, brukar på Flatekvål bnr. 2-3.
  3. Nils f. 1715, g. 1. g. 1738 m. e Brita Simonsdtr. Nesheim f. 1703, d. 1777. Sjå Nesheim brukarar.
  4. Torbjørg f. 1718, g. 1751 m. em Eilev Halvorson Høvik, sjå Høvik bnr. 1.
  5. Jakob f. 1722, næste brukar her.
  6. Christen f. 1725, g. 1753 m. Anna Johannesdtr. Flatekvål bnr. 1.
  7. Olav f. 1728, d. 1728.


1764: Skøyte frå Herman Jansen Frøchen til Jakob Larsson på 1 pd. smør for 42 rd. Jakob sit med bruket til han døyr i 1766.


6. Jakob Larsson Fjellanger, f. 1722, d. 1766, g. m.

Agata Olavsdtr. Lavik, bnr. 4, f. 1728, d. 1782.

Born:

  1. Olav f. 1757, d. 1787, g. 1786 m. Ingerborg Ingebrigtsdtr. Kringlebotn, busett der, 1 dotter Eli, f. og d. 1786.
  2. Brita f. 1759, d. 1837, g. 1795 m. Olav Monsson Otterstad bnr. 1. f. 1765, d. 1799, busett Milde i Skjold skipreide i 1795, og er då kalla paktar der.
  3. Kari f. 1762, d. 1795, g. 1787 m. em. Johannes Johannesson Otterstad, sjå Otterstad bnr. 5.
  4. Marta f. 1764, d. 1829, då «inderst» på Farestveit, 1 dotter, Brita, f. 1787.


1767: Enkja Agata Olavsdtr. gifter seg att med Mikkel Torbjørnson Yksendal, og dei sit med bruket til ho døyr, og sidan Mikkel til han skøyter frå seg til sonen i 1805.


7. Mikkel Torbjørnson Fjellanger, f. Yksendal 1737, d. 1806, g.

1. 1767 m. e. Agata Olavsdtr. Fjellanger, f. 1728, d. 1782.

2. 1784 m. Brita Johannesdtr. Flatekvål, bnr. 1, f. 1753, d. 1837.

Born:

  1. Ingeborg f. 1771, d. 1771.
  2. Ingeborg f. 1773, g. m. Johannes Halvorsen (i sk. etter faren 1806).
  3. Jakob f. 1785, næste bonde her.
  4. Agata f. 1787, g. 1831 m. Jens Johannesson Nese f. 1785, sjå Nese bnr. 1.
  5. Johannes f. 1790, g. m. Ingeborg Olsdtr. Dale, busett Framfjorden. 2 born, Reiste til Amerika 1845.
  6. Torbjørn f. 1792, d. 1834, g. 1 g. 1827 m. Ingeborg Andersdtr. Yksendal bnr. 2, f. 1785, d. 1830, attg. 1832 m. Kari Andersdtr. Stusdal f. 1787, busett Flatekvål, Kari attg. 1835 m. Gudmund Magneson Nottveit bnr. 3, busett Tellevik.
  7. Anna f. 1795, g. 1. g. 1815 m. Simon Andersson Flatekvål bnr. 2-3, g. 2. g. m. Nils Larsson Flatekvål, sjå Flatekvål bnr. 6-7.


1805: Skøyte frå Mikkel Torbjørnson til sonen Jakob på heile garden, 1 pd. smør. Jakob gjev vilkårsbrev til faren.


8. Jakob Mikkelson Fjellanger, f. 1785, d. 1844, g. 1808 m.

Marta Olavsdtr. Lavik, bnr. 4 f. 1785, d. 1879.

Born:

  1. Mikkel f. 1809, næste bonde her.
  2. Olav f. 1811, fyrste brukar på bnr. 2 her.
  3. Olav f. 1813, d. 1843, ug.
  4. Kristbjørg f. 1815, g. 1843 m. Nils Helgeson Øvre Helland bnr. 5, ei dotter Synneva f. i Lavik 1844. Dei er då paktarfolk der.
  5. Anna f. 1817, d. 1900, g. 1865 m. Johannes Knutson Lavik, sjå Lavik bnr. 5.
  6. Brita f. 1819, g. 1848 m. Jakob Helgeson Øvre Helland bnr. 5, busett Haga på Vossestrand.
  7. Torbjørg f. 1822, døydde truleg barn.
  8. Lars f. 1823, d. 1912, g. m. Brita Nesheim, sjå Nesheim bnr. 1.
  9. Torbjørn f. 1826, d. fyrr kristning.
  10. Kari f. 1827, g. m. Jon Brekkhus, Evanger.
  11. Anders f. 1829, d. 1900, g. 1858 m. Guri Andersdtr. Yksendal bnr. 2, busett Lid, Bergsdalen. Sonen, Jakob, pakta Dale bnr. 1 i Bruvik.


1845: Skifte etter Jakob Mikkelson. Sonen Mikkel får bruket, 1 pd. smør, utlagt for 150 spd.


1849: Skøyte frå Brynjel Johannesson Lavikhaugen på hans gard i Lavikhaugen til Mikkel Jakobson Fjellanger for 150 spd. Mikkel var gift med syster til Brynjel, og han sat no med båe gardane, både Fjellanger og Haugen. I Haugen sat Olav Jakobson Flatekvål med bygsel på tridjeparten av garden sidan 1837, og han vart framleides sitjande, so det var 2/3 av Haugen Mikkel kom til å bruka. Same året, 1849, selde Mikkel halve Fjellanger til broren, Olav, for 450 spd. Det vart halde skylddeling, og Fjellanger vart no delt i to bruk, kvart på 12 mrk. smør. Mikkel sat sjølv med bruk 1 her og 2/3 av Haugen, og han dreiv båe desse gardane i mange år, visstnok til 1861, då han skøytte frå seg dette bruket til sonen. Sjølv budde han i Haugen etter han kjøpte der.<bnr>

Det var jolehelgi 1848 at desse gardahandlane vart avtala. Johannes A. Lavik hev fortalt soleis om hendingi:<bnr>

«Olav Jakobson Fjellanger, f. 1811, var gift med Anna Johannesdtr. Brekkhus, f. 1817. Dei kjøpte seg gard i Abbedissen på nordenden av Askøy, ut mot Herdlafjorden, men korkje Olav eller kona kunne trivast på desse lyngkledde rabbane der ute. I 1848 kom Olav heim til Fjellanger til jol, og tridjedag var det jolegilde hjå broren Mikkel. Der var Mikkel og kona, Brynjel Haugen og Anders Yksendal med sine konor, og so Olav. Der var rikeleg både med mat og øl, men Olav drakk aldri so mykje at han ikkje var klår i toppen. Medan dei åt og drakk og radla, selde Mikkel halve Fjellanger til Olav bror sin. Dette var vitnefast, og Olav passa på og fekk det stadfest. Fjordedag var same laget i gjestebod hjå Anders i Yksendalen. Der vart mykje prat om kor gjævt det var i Amerika. Ordet gjekk at «dar hongje tobakksmerkjena på vegastengjo, so folk kunne berre taka med dei vilde». Med dei prata og søgde om dette, kom Anders på at no ville han fara til Amerika. Dermed selde han garden sin til tenesteguten sin, Jakob Almelid. - Næste dag var same laget i Haugen i gjestebod hjå Brynjel. Då kom Brynjel på at han ville slå lag med Anders til Amerika, og dermed selde han Haugen til Mikkel Fjellanger. Med dette slutta både jolaradl og gardahandel for det året».<bnr>

Det vart no ingi Amerika-ferd korkje for Anders eller Brynjel. Anders kjøpte seg gard på Flaktveit i Åsane, og Brynjel for til Askøy og kjøpte garden Haugane på Hop, som det er nemnt i soga om Lavikhaugen.


9. Mikkel Jakobson Fjellanger, f. 1809, d. 1887, flytte til Lavikhaugen bnr. 1, g. 1831 m.

Anna Johannesdtr. Lavikhaugen, f. 1804, d. 1888.

Born:

  1. Jakob f. 1832, næste bonde her.
  2. Marta f. 1834, d. 1839.
  3. Inga f. 1835, g. 1863 m. Knut Helgeson Øvre Helland bnr. 5 f. 1825, bonde på Bergo bnr. 1.
  4. Torbjørn f. 1838, d. 1846.
  5. Marta f. 1839, d. 1919, ug.
  6. Johannes f. 1842, bonde nr. 9 i Lavikhaugen, bnr. 1.
  7. Ivar f. 1844, d. 1846.
  8. Torbjørn f. 1848, d. 1912. Han nytta etternamnet Haugen. Han var lærar på Voss, g. 1881 med Marta Sjursdotter Tveiti f. 1861, d. 1933. Ho var jordagjenta, og dei tok yver garden Tveiti i 1891. 13 born.
  9. Torbjørg f. 1851, g. 1880 m. Ingebrikt Larsson Lavik, sjå Lavik bnr. 3.

Marta f. 1789, d. 1853, g. 1813 m. Knut Olavson Farestveit. Marta Vikingsdtr. Fjellanger, ho er ikkje funne på Fjellanger.


1861: Skøyte frå Mikkel Jakobson til sonen Jakob på dette bruket for 260 spd.


10. Jakob Mikkelson Fjellanger, f. 1832, d. 1909, g. 1864 m.

Maria Jakobsdtr. Nese, d.y. bnr. 3 f. 1841, d. 1915.

Born:

  1. Anna f. 1865, g. 1887 m. Ivar Johannesson Høvik bnr. 3, bonde på Bindingbø bnr. 3.
  2. Mikkel Martin f. 1868, næste bonde her.
  3. Jakob f. 1870, d. 1940, g. m. Ragnhild Larsdtr. Refsdal, Vik, Sogn, busett Garnes, sidan Y. Arna, 2 born, Maria og Johan, Ættebok Haus III s. 20. Jakob dreiv geitasti saman med Sjur Lono frå Gjerstad sokn.
  4. Andreas f. 1874, g. 1904 m. Synneva Knutsdtr. Bergo f. 1872. Andreas var fehandlar, kjøpte eit bruk i Bergo, og sidan busett der.
  5. Johannes f. 1878, reiste til USA, g. der med ei gjenta frå Gudbrandsdalen, mange born.


1907: Skøyte frå Jakob Mikkelson til sonen Mikkel for 1500 kr. og kår til foreldri, verdsett til 1000 kr. for 5 år.


11. Mikkel Jakobson Fjellanger, f. 1868, d. 1953, g. 1894 m.

Olina Knutsdtr. Bergo, f. 1874, d. 1960.

Born:

  1. Jakob Johan f. 1895, busett Nybø, bnr. 4.
  2. Anna Maria f. 1896, fabr. arb., no pensj. busett Dale i Vaksdal.
  3. Ingvald f. 1899, d. 1927 ved ulukka på vegarbeid, ug.
  4. Alfred f. 1901, g. 1942 Maria Olavsdtr. Kårtveit, Fjell. Han er snikkar og fabr.arb., busett Y. Arna, 6 born.
  5. Knut f. 1903, næste bonde her.
  6. Johan f. 1908, ug., bonde på Haukeland.
  7. Harald, byggm., g. 1953 m. Målfrid Sørensdtr. Ryssdal, busett Y. Arna, 1 son Arne.
  8. Valborg, ug., husmor på Yrkesskulen, Norheimsund.


1930: Bygselkontrakt frå Mikkel Jakobson til sonen Jakob og kona Borghild på eit stykke, Vonheim, av dette bruket for deira livstid, med ymse rettar og plikter.


1938: Frå dette bruket, bruk 1, vert fråskilt og selt til Jakob Mikkelson Fjellanger eit stykke med skyld 25 øre og namnet Nybø. Det får bruk nr. 4. Bruk nr. 1 hev då att skyld 0,85 mark.


1939: Skøyte frå Mikkel Jakobson Fjellanger og kona Olina Knutsdtr. til sonen Knut på dette bruket, bnr. 1 for 1500 kr. og kår.


12. Knut Mikkelson Fjellanger, f. 1903, d. 1975, g. 1929 m.

Konstanse Marie Oskarsdtr. Mehus, Dale i Bruvik f. 1905, d. 1993.

Born:

  1. Inga Olina, g. 1953 m. møbelsnikkar Magnus Johannesson Myster, busett der.
  2. Reidar, næste bonde her.
  3. Solveig, g. 1968 m. anleggsarbeidar Oddvar Didrikson Faugstad, busett Dale i Vaksdal. Sjå ættesoge for Dale.
  4. Tore.


1970: Skøyte frå Knut Mikkelson til sonen a. for 15.000 kr.


13. Reidar Knutson Fjellanger, ug.


Bruk 2 Ola-Jakob-luten.

1849: Ved skylddeling vert no garden skift i to jamstore bruk, kvart på 12 mrk. smør, ny skyld 1 ort 23 sk. Mikkel Jakobson sel bruk 2 til broren Olav for 450 spd. og sit sjølv att med bruk 1.


1. Olav Jakobson Fjellanger, f. 1811, d. 1897, g. 1840 m.

Anna (Unni?) Johannesdtr. Brekkhus, Evanger, f. 1817, d. 1896.

Born:

  1. Torbjørg f. 1841, g. m. Nils Simonson Bindingsbø f. 1841, sjå Bindingbø bnr. 2.
  2. Marta f. 1845, g. 1g. 1873 m. Per Bindingsbø f. 1851. Dei reiste til USA.
  3. Jakob f. 1850, næste bonde her.
  4. Synneva f. 1852, d. 1890, ug.


1890: Skøyte frå Olav Jakobson til sonen Jakob for 400 kr.


2. Jakob Olavson Fjellanger, f. 1850, d. 1925, g.

1. 1872 m. Agata Olavsdtr. Lavik, bnr. 4, f. 1850, d. 1899.

2. 1901 m. Maria Johannesdtr. Flatekvål, bnr. 1, f. 1859, d. 1943.

Born:

  1. Olav f. 1873, næste bonde her.
  2. Anna f. 1902, Brita f. 1906. Sonen, Helge var gardbr. på Brakestad, sidan arb. i Vestl. Salslag, Bergen.
  3. Andreas f. 1877, reiste til USA, g. og hadde 3 born.
  4. Torbjørg Martina f. 1880, busett Finnabotn, 4 born. Lars attg. m. Sofie f. Vollevik, enkja etter Knut, bror til Lars.
  5. Olina f. 1882, reiste til USA, g. og hadde born der.
  6. Johannes f. 1886, d. ug.
  7. Maria f. 1889, d. 1889.
  8. Andri f. 1895, reiste til USA, g. og hadde born, levde i 1973.
  9. Ågot f. 1902, d. 1903.


1901: I skifte etter Agata Olavsdtr. får enkjemannen utlagt bruket for 2000 kr. mot å svara panterettsleg til dei 3 yngste borni som lever: 100 kr. til Olina, og til Johannes og Andri 371 kr. til kvar.


1918: Skøyte frå Jakob Olavson til sonen Olav for 1200 kr.


3. Olav Jakobson Fjellanger, f. 1873, d. 1923, g. 1896 m.

Anna Johannesdtr. Brekkhus, f. 1871, d. 1940, frå Evanger.

Born:

  1. Jakob f. 1897, d. 1921, ug.
  2. Johannes f. 1899, reiste til USA kring 1913-14, og døydde der få år etter, ug.
  3. Augustin f. 1900, næste bonde her.
  4. Olav f. 1907. Sjå bnr. 3!
  5. Ågot, g. m. Fredrik Dale, Blomvåg, Øygarden, og busett der. Han arb. i Florvåg Bruk A/S, 2 søner.


1944: Augustin Olavson får skøyte frå broren Olav systeri Ågot på deira partar i bruket for 2200 kr. og sit då med heile bruk 2.


4. Augustin Olavson Fjellanger, f. 1900, d. 1974, g. 1926 m.

Ingebjørg Knutsdtr. Straume, bnr. 2, f. 1903.

Born:

  1. Aslaug, g. m. Stanly Westervik, Gulen, snikkar, busett Isdalstø, 4 born.
  2. Olav Kristian, næste bonde her.
  3. Margit, g. 1955 m. Ingvald Gabrielson Sandnes, Masfjorden, busett Frøyset, Masfjorden, 5 born.
  4. Knut, g. 1958 m. Oddny Johannedtr. Fosse, busett Fosse, 3 born. Knut er anleggsarb.
  5. Klara, g. 1957 m. bonde Olav Knutson Robberstad, Bømlo, 3 born.
  6. Ingunn, g. 1961 m. Ingvald Johan Davidson Gullbrå, busett Eidsland.
  7. Solbjørg, g. 1969 m. Inge Kjell Ness, bilmekanikar, busett Kaupanger, 2 born.


1975: Skøyte frå enkja Ingebjørg Knutsdtr. Fjellanger til sonen b. på dette bruket for 14.000 kr.


5. Olav Kristian Fjellanger, g. 1956 m.

Marit Johannesdtr. Fosse, frå Eksingedalen.

Born:

  1. Ida.
  2. Magnhild.
  3. Jan Arne.


Bruk 3 Vonheim.

Dette bruket er skilt ut frå bruk 2 på Fjellanger.


1. Jakob Olavson Fjellanger, bonde nr. 2 på bruk 2, flytte ut frå hovudbruket sitt og bygde hus og busette seg lenger nede på garden, på ein stad som var kalla Diket. Der dyrka han opp eit stykke, og han og kona budde der sidan til dei døydde. Dei kalla denne heimen sin for Vonheim. Me finn ikkje skylddeling på bruket fyrr i 1929, men Jakob busette seg her lenge fyre den tid, visstnok fyrr han skøytte frå seg hovudbruket til sonen i 1918. Den 21/10 - 1929 vert det halde skylddeling, og Vonheim vert utskilt som eige bruk med bruksnr. 3 og skyld 35 øre.


1930: Olav Olavson Fjellanger, soneson til Jakob, får skøyte og grunnbokheimel til dette bruket.


2. Olav Olavson Fjellanger, f. 1907, d. 1964, g. 1937 m.

Agnes Larsdtr. Trefall.

Born:

  1. Unni.
  2. Reidar, ug., døydde ved ulukka med gravemaskina.
  3. Gullborg, næste eigar her saman med mannen.
  4. Oddvar.


Olav Olavson flytte frå Vonheim med lyden sin og pakta fyrst ein gard i Eikangervåg, men flytte sidan til Alversund og pakta garden til Gladtvedt Prahl der. Enkja Agnes Larsdtr. gifte seg att med Kåre Dokkato frå Bodin, og dei er busette i Ytre Arna.


1966: Skifteskøyte frå enkja Agnes Larsdtr. Fjellanger til dotteri c. og mannen hennar for 12.000 kr. Dei hev framleis heimel til bruket, men dei hev ikkje hatt fast bustad her.


Bruk 4 Nybø.

1938: Ved skylddeling er dette bruket utskilt frå bruk 1, får bruksnr. 4, skyld 25 øre og namnet Nybø. Same året skøyter Mikkel Jakobson bruket til eldste sann Jakob.


1. Jakob Mikkelson Fjellanger, f. 1895, d. 1968, g. 1921 m.

Borghild Andersdtr. Lavik, bnr. 4 f. 1894, d. 1960.

Born:

  1. Audun f. 1922, bonde nr. 15 i Lavik bnr. 4.
  2. Olina, g. 1. g. m. Olav Anderson Brunborg, d. 1953, 3 born, attg. m. snikkar Johan Grande, Ørlandet.
  3. Martin, arb. og fiskar, g. 1950 m. Tordis Jonsdtr. Kleppe, Sund, busett Kleppe, 3 born, a. Borghild Jorunn, b. Anna Maria, typograf i Bergen, c. Torill Margit.
  4. Kåre, g. m. Nora Antonsdtr. Olsen, Vaksdal, busett Stamnes, 3 born.
  5. Ingrid, g. m. Sigmund Andreasson Lid, postopnar, busett Tveitegrend, Lindås.
  6. Gjermund, pylsemakar, busett Kuven i Os.


1969: Skøyte frå dødsbuet etter Jakob Mikkelson til sonen Audun på dette bruket for 5000 kr.


Om Audun Jakobson sjå Lavik bruk 4!


Bruk 5 Gamletunet.

1967: Ved skylddeling på bruk 1 er fråskilt eit stykke med skyld 1 øre utan frådrag, og med namn Gamletunet. Dette må vera det gamle tunet som enno står att på bruk 1, etter at brukaren Knut Mikkelson bygde og busette seg på Hjellane. Same året skøyter Knut Mikkelson dette bruket, Gamlehuset, bruk 5, til sonen Tore.


1. Tore Knutson Fjellanger, ug.


Bruk 6 Fjellhaug.

1967: Den 26/8 er halde skylddeling på bruk 3 og fråskilt eit stykke med skyld 1 øre, bruksnr. 6 og med namnet Fjellhaug.


1968: Den 16/5 skøyter Gullborg og Jan Olaussen denne parsellen til Ove Liland, f. 1948. Kjøpesummen er 3000 kr.


Folketeljingar.

1645: Kopskatten: 3 yver 15 år.

1667: Prestemannt.: 2 mannspersonar.

1701: Manntal: 2 mannspersonar.

1801: Mikkel Torbjørnson med kona, 6 born og 1 tenestgjenta.

1865: Folketeljing: I alt 12 personar. Av deim 2 tenarar og 1 kårenkja.


1875: Bruk 1. Jakob Mikkelson med kona og 4 born. Dessutan bur her med eige hushald Anders Olavson Lavikhaugen som er inderst og joirdarbeidar med kona og 3 born.


Bruk 2. Olav Jakobson med kona, og mor hans som er enkja og kårkona. I eige hushald sonen Jakob som er inderst, med kona og 2 born og tenestgj. Denne huslyden bur på fjøsloftet.


1900: Bruk 1. Jakob Mikkelson med kona Maria Jakobsdtr. og 3 vaksne søner. I eige hushald sonen Mikkel Jakobson med kona Olina Knutsdtr. og 3 born. Dessutan Borghild Olavsdtr. Skår, «tyende» og barnepike f. 1887 i Haus.


Bruk 2. Jakob Olavson Fjellanger som er enkjem. med 4 born heime. Eldste dotteri Torbjørg Martina er hushjelp og f. 1879. I eige hushald Olav Jakobson med kona Anna Johannesdtr. og 3 born. Dei er inderstfolk.



© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy