Føreord (Vaksdal bygdebok Band I)

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search


FØREORD


      Vaksdal Bygdebok I inneheld gards- og ættesoge for Bruvik sokn. Dette er i samsvar med den planen som bygdeboknemnda vedtok 1955. Då heitte kommunen Bruvik, hadde 64 gardsnummer og var eige prestegjeld med 3 kyrkjesokner.

      Gards- og ættesoga skulle delast på 3 band, eitt for kvar kyrkjesokn. Gardane i Bruvik sokn skulle vera med i band I, gardane i Dale sokn i band II og gardane i Stamnes sokn i band III.

      Av praktiske grunnar vart arbeidet med band III teke fyrst. Gards- og ættesoga for Stamnes sokn kom ut 1965. I føreordet til band III er det gjort utførleg greie for gangen i arbeidet, både i den kommunale nemnda som vart oppnemnd 1945 og i ei friviljug nemnd frå slutten av 1930-åra.

      Band II Dale sokn kom ut 1974. I føreordet er det gjort greie for arbeidet i åra 1967-1974. Under arbeidet med band I har redaktøren Brita Skre arbeidt i 1/2 stilling. Åse Strømme har vore sekretær. Ingebrigt Hesjedal vart formann i bygdeboknemnda då Arthur Stavenes sa frå seg attval etter 30 års teneste.

      Bygdeboknemnda har no desse medlemene: Gunvor Bjørsvik, Oddmund Faugstad, Anna Ekse, Lars Gammersvik, Kjell Hanevik, Ingebrigt Hesjedal, Jakob Kalleklev, Alvhild Langhelle, Randolf Rønhovde. Medlemene frå Vaksdalskrinsen har ajourført slektsopplysningane og kontrollert manuskriptet for gnr. 7-18.

      Ved reguleringa av kommunegrensene 1964 vart 11 gardsnummer i Bruvik sokn overførde til Osterøy kommune. Det var semje om at desse gardane skulle takast med i Vaksdal Bygdebok I, i samsvar med planen frå 1955. Osterøy kommune valde ei nemnd som skulle hjelpa til med gardane på Bruvik-stranda og Bruvik-dalen. Magnus 0. Bruvik, Konrad Skaftun, Magnus Stokke og Olav T. Stokke har site i denne nemnda. Dei har ajourført slektsopplysningane og kontrollert manuskriptet for gnr. 147-157.

      Etter 1964 høyrer Bergsdalen og heile Eksingedalen med til Vaksdal kommune. 8 gardsnummer i Eksingedalen har høyrt til Modalen kommune. Dei er med i Modalen Bygdebok I, som kom ut 1976. Gardane i Bergsdalen er med i boka Bergsdalen, ei fjellbygd i Hordaland, som kom ut 1978. Av dei 80 gardsnummer i Vaksdal kommune er det no berre 8 gardar øvst i Eksingedalen som ikkje har fått si gards- og ættesoge. Men arbeidet er i gang under leiing av Voss Bygdeboknemnd, som tok på seg ansvaret for gardane i det gamle Evanger herad då det vart oppløyst 1964.

      Vanskane som reguleringa av kommunegrensene skapte for bygdebok-arbeidet har vore løyste ved tingingar og avtalar med grendesogenemnda i Bergsdalen og med Modalen, Osterøy og Voss kommune. Dette har ført til at gards- og ættesoga for Vaksdal kommune har vorte spreidd på 6 bøker. Vaksdal Bygdebok I inneheld eit alfabetisk register over alle gardane i kommunen med tilvisingar til dei bøkene der dei er å finna.

      Interessa for bygdesoga har vorte sterkare etter kvart. Bygdebokarbeidet har møtt stor velvilje både frå bygdefolk og styresmakter. Mc vil retta ei hjarteleg takk til alle som har vore med og bore arbeidet framover.

      Me lyser fred og signing over minnet åt gode medarbeidarar som er avlidne dei siste åra: Nemndmedlemene Einar Eide, Johan Høyseter, Konrad Ulevik og bygdebokforfattarane i grannebygdene Modalen og Evanger, Eilef Steinsland og Lars Schjærven.

Dalekvam

Elverum

i august 1980


Ingebrigt Hesjedal, Brita Skre,
nemndformann redaktør


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy