Fødslar, nærkoner m.m., av Klara Lid

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 20:10, 22 januar 2008 by Kaare (Talk | bidrag)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Fødslar, nærkoner m.m.
Av Klara Lid.


I eldre tider var det inga fagleg hjelp å få for ei kvinna som skulle ha barn. Det var vanleg at konene hjelpte kvarandre i slike høve. Det kunne vera at sume av dei var meir kunnige i faget og vart mykje brukte, dermed fekk dei meir røynsla, og sine faste krinsar i bygda. Nærkoner vart dei kalla, og kunne gje råd og hjelp medan mora gjekk med barnet, når det vart fødd, og stell av mor og barn den fyrste tida etter.

Det var ofte store barneflokkar den tid, 7 til 10 var vanleg. Å få mange born vart rekna som ein rikdom og ei velsigning.

Folket hadde ei grunnfesta tru på Gud og lagnaden i slike ting og. Det var gleda og takksemd når alt gjekk godt og ein ny familiemedlem var komen til. Men dei måtte og læra å bøya seg i sorgtung lagnad når det gjekk andre vegen, der sumtid barnet ikkje fekk leva opp, eller at både mor og barn strauk med.

Her skal me ta med eit par sanne soger: Ei kona som snart skulle ha barn, var med på slåtteteigen i utmarka tilliks med dei andre på garden. Ein dag kjende ho seg ikkje bra, difor la ho vegen heim om grannegarden og snakka med kona der, om ho ville koma og hjelpa henne med det som førestod.

Grannekona heldt nett på å koka graut, og det var store grautgryter i dei dagar, so ho bad om å få gjera den ferdig før ho kom. Med den lovnaden rusla barselkona heim. Ho hadde ein gut på 2-3 år med seg.

Då grauten var ferdig snøgga nærkona seg i veg, som ho hadde lova. Då ho kom fram, møtte det henne eit uventa men hyggjeleg syn, -barnet var fødd, og kona sat i senga og vaska det i ei "kolfoto" (liten trestamp). Vesleguten hadde og funne seg ei filla og hjelpte til med vasket. Nærkona overtok so både mora og barnet, og alt var berre gleda då slåttefolket kom heim utpå kvelden.

Men ikkje berre solskinssoger. Mor fortalde om ei kona her som var barnsjuk i fleire døger utan at det lukkast å få barnet fram. Nærkona som var hjå ho, kunne ikkje hjelpa meir, og anna hjelp var ikkje å få den tid. Ho måtte til slutt bera fram den tunge bodskapen til mannen og dei to horna dei hadde før, at mora kom til å fara frå dei, og soleis gjekk det òg.

Ei av dei nærkonene som eldre folk i dalen minnest og fortel om, var Anna Hatlestad (1847-1940). Haldor-Anna vart ho kalla, då mannen heitte Haldor. Ho var kunnig og vart ofte henta når barselkoner trong hjelp. Og mang ei kona, ja mannen med, kjende seg trygg når ho kom i stova tidsnok og overtok.

Ei anna nærkona var Anna Lid (1835-1932). Det var helst i nedre Bergsdalen ho hadde sin krins, og mangt eit barn hjelpte ho fram. Og såg det sumtid ut til at barnet var lite liv laga, so var ho "prest" og døypte barnet heime. Seinare om det levde opp, var det å ta turen over fjellet til Evanger kyrkja.


Barnestell og barselpleie.

Noko særleg lærdom i barnestell og barselpleie var ikkje vanleg i eldre tider. Det var med dette som med alt anna; det var det dei hadde lært i heimen som kom vel med seinare i livet.

Når ungkona skulle ha barn, var det den opplysning og rettleiing ho hadde fått hjå mor si, som kom ho til hjelp.

Barnekleda måtte syast heime, og syast med hand. Symaskina var ikkje vanleg på gardane då. Kunne dei få kjøpt ty, lin eller bomull, so vart skjorter, trøyer og små liv og huer sydde av det. Navlebind var òg ein sers viktig ting den tid. Utanpå kom so dei varmare plagga av heimespunna ull, gjerne strikka, hekla eller haka. Til slutt vart barnet reiva og linda. Reiven var eit langt stykke ty, ofte av vadmål, det vart sveiva rundt barnet med ein opning for rumpa, so dei kunne byta kjeld (rumpeduk) utan å ta dei andre kleda av. Linden var eit ca. 8 cm breitt band, gjerne vevd i mønster og fargar. Den vart rulla rundt barnet frå føtene og opp til ormane, og heldt alle andre kleplagg på plass. Barnetyet var oftast fint fråseggjort, gjerne med litt uttrekksaum på lintyet, og vart sett på som ein dugleiksprøve på ho som hadde laga det.

Her er ei sann soga om ein av dei fyrste symaskinane som kom her til dalen:
Der det var store barneflokkar, laut dei eldste tidleg ut og tena hjå andre for å få mat og klede og nokre få kroner for året. Slik her òg. Den eldste jenta hadde vore ute på tenesta i fleire år, ikkje berre på gardsbruk og bondearbeid, men hjå "finare" folk, der dei hadde symaskin som ho "aller nådigst" hadde fått bruka litt. Hennar store draum var å verta eigar av ein slik maskin, og det lukkast etter mykje strev.

Den same jenta skulle gifta seg med ein bonde her i dalen. Det var for dei, som for dei fleste, svært smått i pengevegen, og bryllaup kosta pengar i dei dagar òg. Då var det dei fann løysinga - Symaskina. Reine luksusvara å ha på ein gard.

Dei var godt hjelpne den forutan, som dei andre. Soleis var det symaskinen som måtte ofrast for bryllaupet. Ja, endåtil skautadrammen var det ho som kosta på gjestene.

Matspørsmålet til speborn og småborn var ofte vanskeleg. Det var lite å laga av, utan dei vanlege matvarene dei hadde på garden. Noko av det fyrste barnet fekk var rjomegraut, feit og god. Det var fast skikk når barnet var fødd, at då koka mor eller vermor til barselkona rjomegraut og bar på senga til ho. Den skulle både smørja og metta mor og barn, og gje krefter etter ein hard dyst. Tåta vart og mykje brukt til speborn. Det var lette matemne som vart mosa saman, eller mora togg det saman. Det vart so lagt i ein gresen duk, og barnet fekk suga på det. Det gav næring, og barnet godna seg med suginga. Var mora so uheldig å ha for lite mjølk til barnet sitt, kunne det verta mykje vanskar med magen og helsa til barnet det fyrste leveåret, ja seinare med. Særleg var det "engelsksykja" (rakitt) som ofte melde seg, og kunne setja merke og mein for livetida. Maten var vel helst både for tung og einsidig, ærnæringsmessig sett, og dødsprosenten av speborn og småborn var høg i eldre tider. Det kjem klårt fram av gamle ættesoger.

Det er vel mykje sant i det ein sterk og staut olding sa då dei spurde han kvifor folk var so sterke og spreke i gamle dagar. "Dei borna som var veike og svakhelsa, voks sjeldan opp, dei sterke med god helsa vart det kraftige kvinner og menn av, og dei førde ætta vidare", sa han.

Barselkoner vart teke hånd om av sine eigne so godt det let seg gjera, men noko fullgodt stell var vel mest uråd å få til då. Reinhald og vask av klede til bom og barselkona var vanskeleg. Vaskemidlar var det lite av, og dei kleda dei brukte var tunge å halda reine. Barselfeber ville sumtid melda seg, og uty av ymse slag var vanleg den tid. "Der det ikkje er lus, er heller ikkje lukka", vart det sagt til sjølvtrøyst. Det var berre ved koking av kleda i gryta at dei kunne verta fri slikt.

Vatn måtte berast frå bekker og brunner til eldhuset, der klevasket vart gjort. Det var eit tungt arbeid å stå ved klestampen og gni og banka ved slike høve, men det måtte gjerast den tid òg.


Barnedåp.

Før køyrevegen kom oppover frå Dale, måtte dei her frå Bergsdalen reisa med skirslaborn over fjellet til Evanger kyrkja for å få dei døypte. Frå Nidalen tok dei helst over til Bolstad og rodde vatnet til Evanger. Oppedølene reiste beinvegen om Øvrafjellet og ned Vossedalen til Evanger. Slike dåpsturar tok fleire dagar, og vart lagde til vår- og sumartid om det let seg gjera. Då kunne dei bruka hesten til å kløvja nistematen og anna som trongst på ein slik tur. Mor og gudmor med barnet kunne og skiftevis få seg ein kviletur i salen på hesteryggen.

Dei tok ut på ferda laurdag, og kunne vera ein heil flokk. Var det eit gutebarn, måtte det vera tre mannlege fadrar og to kvinner. Var det jenta var det omvendt. Og so måtte foreldra til barnet sjølvsagt vera med og styra det heile. Det kunne vera reine hyggjeturar om dei fekk fint ver, med gode vener og god nistemat. Dei fekk koma til bygdar og både sjå og fretta på kyrkjebakken. Men og harde turar haust og vinterstider om dei fekk uver på seg. Her er fleire soger om slike ferder dei gamle kunne fortelja om:
Ein gong var det eit barn frå Berge som skulle til dåpen. Det var seinhaustes, men berr mark då dei for om fjellet til Bolstad laurdag. So vart det kyrkjeferd sundag. Då dei skulle heim att måndag, la det til å snøa, og då dei kom til Bolstadstølen måtte dei snu, for skavlane gjekk til bringa på hesten. I Rasdalen tok dei inn hjå skyldfolk for natta. Morgonen etter tok dei ut att, men måtte venda på nytt. Dei vart verfaste i Rasdalen ei heil veka før dei kom heim att. Om vetteren var det dei flinkaste skikarane som fekk den æra å bera dåpsbarnet.

Anna Lid, som før er nemnd, var på kyrkjeveg over fjellet med dåpsbarn midvetters. Då dei kom frampå so dei såg ned i dalen, tok karane til å snakka seg i mellom kven som skulle ta barnet ned dei bratte bakkane, alle ville helst sleppa. Då tok mora barnet sitt sjølv, la det innom kufta si og skreid ned frå Husaleitet so snøspruten stod om dossa, og heilt i Lidatunet.


Bilete s. 384 Kristbjørg og Knut Berge.


Skiutstyret dei hadde var heimelaga bjørkeski med vidjeband, og ein lang stav. Til smurning brukte dei talg, ja sildaister var òg prøvd. Når dåpsfylgjet kom fram til Bolstad eller Evanger, hadde kvar huslyd sine faste folk å ta inn til, og der hadde dei kyrkjekleda sine hangande, so dei slapp bera på dei over fjellet.

Når det høvde so, slo dei gjerne barnedåp og konfirmasjon eller bryllaup saman. Då gjekk alt meir for det same.

Barnedåp var gjestebod og stor familiehøgtid. Det beste dei hadde, kom då på bordet og til nistemat. So som kling, rauddravle, rjome og mjølkekaker og spekemat. Komne heim att frå kyrkja, var det alltid sodd (= røykekjøt med grynsuppa på).

Namneskikken var helst direkte oppattkalling. (sjå ættesogene) Fyrste guten, jordakaren, fekk same namnet som farfaren, og fyrste jenta fekk namnet til mormor si. Sidan stod farmor og morfar for tur til å kallast oppatt, og vidare folk lenger ute i slekta. Stundom hende det at to syster eller to brør fekk same namnet, avdi det var to likt heitande som skulle kallast oppatt, og ingen måtte kjenna seg støytte av namnebrigde. Til avbrøyte sa dei då t.d. store-Knut og vetle-Knut, eller stor-Anna og vetl-Anna.

Etter at vegen kom gjennom dalen (opna og levert 1910) vart mange ting annleis. Grenda vår høyrde framleis til Evanger herad, men handel og alt kyrkjeleg vart lagt til Dale i Bruvik.

Å fara med hest og stolkjerra eller slede til Dale kyrkja, tok no berre timar mot før døger til Evanger.

I I955 fekk Bergsdalen si eiga kyrkja på Lid. Og dermed var det slutt på alle dåpsferder ut frå dalen. Mange høgtidsstunder med barnedåp har bergsdølene no opplivt i eiga kyrkja. Den nye tida der foreldre og fadrar med dåpsbarnet set seg i bilen og køyrer til kyrkja på berre minuttar, er og koma her til dalen. Berre som sogesus høyrer dei unge no om sine forfedrar og deira dåpsferder over fjellviddene.


Dei fyrste jordmødrene.

Etter vegsambandet kom, vart Bergsdalen lagd til same jordmordistrikt som Dale. Der var fastbuande jordmor, Anna Strømme. Ho var ei stor og kraftig og uredd kvinna, som alltid var reie til ta ut når det kom bod, vetter som sumar.

Mange soger fortel om hennar innsats og vilje til å koma fram og hjelpa barselkoner på gardane i Bergsdalen.

Sumarstid gjekk det helst snart, den tid rekna, med hesteskyss. Jordmorskyss gjekk etappevis oppover dalen. Ein av fossemennene tok gjerne frå Dale til Fosse, so stod ein utkvild hest og kar ferdig til å halda fram. Soleis byttest dei på køyringa etter so langt skyssen skulle gå.

Om vetteren i snøfok og ubrøytt veg var det "mann av huset" på brøyting når bod om jordmorhjelp kom. Soleis var dei 21 mann og 7 hestar ein gong jordmora skulle til ein av øvste gardane. Verste stykket var oftast nedom Storefossen, i Storefjellet og Svedna, der kunne ofte vera mykje snøskred og vanskeleg å koma fram med hest. Der var korkje overbygg eller tunnel frå fyrst av, men vegen gjekk utanfor i slette fjellet. Då måtte dei sumtid setja truger på jordmora, og andre tider ski. So gjekk ein mann fyre og ein etter, det hende og at dei brukte tóglina mellom seg for å hindra at det bar utfor bakke med nokon. Anna Strømme hadde pågangsmot og vilje til å ta seg fram om det kunne sjå vonlaust ut ofte. Stundom tok det so lang tid på vegen at barnet kanskje var fødd før ho nådde fram med si hjelp. Men det var alltid ein tryggleik når ho stod i stova og tok hand om barselkona og barnet på sin dugande måte. Ho var godt likt av bergsdalsfolket, og vart òg brukt til gudmor til mange av dei borna ho hjelpte fram ved fødselen. Ho var jordmor på Dale til ho gjekk av ved fullnådd aldersgrensa.

Men sjølv i fru Strømme si tid, og jordmorhjelp var vanleg, kunne ho ikkje alltid greia dei vanskelegaste tilfella. Lækjar måtte sumtid hentast, og det tok lang tid, for næraste lækjaren var på Voss, og næraste telefonen på Dale.

Soleis var det ei kona på ein av øvste gardane som skulle ha barn. Det var midvetters og snøstormane raste. Likevel fekk dei jordmor Anna Strømme på plass. Ho gjorde alt som stod i hennar makt, utan at det lukkast. So vart det sendt bod etter lækjar frå Voss. Han kunne fyrst koma dagen etter med tog til Dale, og sidan gå på ski kring to mils veg i uver og klabbeføre. Han nådde fram langt utpå ettermiddagen. Det viste seg då at kona hadde tvillingar, det eine var dødt då dei fekk det fram, det andre levde, men livet var svakt. Mora var og svært medteka etter den lange harde striden. Lækjaren kunne lite seia kor det ville gå med mor og barn då han reiste att. Enden vart at både mor og barn strauk med. Då gravferdsdagen kom, var det uver og storm framleis. Dei satte kista med mor og to born på ein slede, og fire mann gjekk på ski og drog, fram til kyrkjegarden på Lid. Ein gravstein viser kvar dei kviler.

Etter Anna Strømme kom Bertha Hauge som jordmor til Dale, og hadde sameleis Bergsdalen med i sitt område.

I hennar tid var det mykje lettare å ferdast som jordmor, då bilen kom meir og meir i bruk. Og etter det vart fast lækjar på Dale, besna det mykje på det området òg.

Jamvel om jordmorhjelp no var vanleg og alltid brukt, so var "nærkoner" framleis gode å ty til. Gulina Lid var ei av dei som ofte tok over når barnet var fødd og jordmora måtte reisa att. Mange heimar var takksame når ho på sin rolege og dugande måte stelte mor og barn den tid dei trong hjelp etter fødselen.

Seinare vart det meir brukt at konene i Bergsdalen reiste til Voss eller Bergen når dei skulle få barn. I dag er det å setja seg i bilen heime i tunet på kvar gard, og på ein times tid er dei komne på fødestova, og får all den faglege hjelp som trengst.
Noko som barselkonor i gamle dagar ikkje eingong kunne drøyma om.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org
Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.

© Formgjevar og teknisk ansvarleg Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy