Eide

Frå Vaksdal Historielag

(Skilnad mellom versjonar)
Jump to: navigation, search
('''BRUK 3''')
Noverande versjon (15:00, 13 oktober 2017) (endre) (undo)
('''BRUK 3''')
 
Line 464: Line 464:
:Brita f. 1755 på Trefall d. 1773.
:Brita f. 1755 på Trefall d. 1773.
:Ola f. 1757 på Trefall. Brukar i [[Grøsvik]] bnr. 3.
:Ola f. 1757 på Trefall. Brukar i [[Grøsvik]] bnr. 3.
-
:Herborg f. 1759. i Langedalen, Modalen. G.m. Anders M. Hesjedal. Sjå [[Hesjedal, Stamnes sokn]] bnr. 3.
+
:Herborg f. 1759. i Langedalen, Modalen. G.m. Anders M. Hesjedal. Sjå [[Hesjedal, Stamnes]] bnr. 3.
Ved skiftet etter Ivar 1794 var nettoen i buet 4 rdl. 5 mark, 14 sk.
Ved skiftet etter Ivar 1794 var nettoen i buet 4 rdl. 5 mark, 14 sk.

Noverande versjon

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III


Gards og ættesoge for Eide.


GNR. 35 EIDE


Innhaldsliste

INNLEIING

Ligg inst i Eidsfjorden på ein morene mellom fjordbotnen og Eksingedalselva. Gardstunet ligg oppe på toppen av morenen, om lag 1 km i luftline frå det gamle gardstunet på Myster. Ferdsla mellom dei 2 gardane gjekk før med båt over elva. Båtane låg i Båthølen, der det seinare vart bygt bru. Ned mot fjorden ligg Eidslandet med gamal båtstø for Eide, Eikefet og Eikemo. Her er det dampskipsstoppestad med kai, landhandel og postopneri. 1820-30 vart det bygt kløvveg frå Eide til Høvik i Eksingedalen. Gardane i nedre Eksingedalen, som før som oftast hadde fare til Mo når dei skulle til sjøen, tok no til å føra varene sine til og frå Eidslandet. I 1880-åra vart det bygt køyreveg oppover Eksingedalen. Vegen langs Eidsfjorden var under bygging i 1919-1939 og opna for ferdsla over land til Stamnes og Straume.

Gardsnamnet vart skrive Eidh 1463, Eide 1610, 1667, 1723. Bygdemålsuttalen er ei`e. Namnet er ei dativform av inkjekjønsordet eid, som tyder landhals ell. landtunge. Det kan førast attende til eit gamalt indogermansk ord med tydinga gard. Eid bruka som stadnamn har mest alltid noko med ferdsla å gjera. Oftast merkjer det ut ein stad mellom 2 fjordar eller vassdrag der ferdsla måtte gå over land. Magnus Olsen skriv om dette gardsnamnet i Norske gårdnavne: «Her falder Eksingedalens betydelige Vasdrag ud. Navnet maa være motiveret ved Begyndelsen of Landtransporten op til dette lange Dalføres Gaarde.»

Eide grensar mot Mellesdal, Brørvik, Mostraum, Langedal, Eikefet og Myster. Eksingedalselva er grense mot Myster. Denne grensa vart fastsett ved grensegang på Myster 1837. Om grensa mot Brørvik, sjå Brørvik. Grensa mot dei andre grannegardane er, såvidt ein kan sjå, ikkje skriftfest eller tinglyst.

Det eldste skriftlege vitnemålet om garden finn ein i Munkeliv klosters jordebok 1463. Her er registrert ein gravhaug på garden 1963, men han er enno ikkje utgraven, så ein veit ikkje kor gamal han er. Gardsnamnet er ikkje av ein slik type at det kan gje noko rettleiing om kva tid garden er rudd. Namnet fortel om ferdsle, ikkje om fast busetnad, men det er rimeleg å tru at folk tidleg har busett seg på ein så sentral stad med dyrkingsjord og godt fiske. Eide er truleg ein av dei eldste gardane i Stamnes sokn.

Det er ikkje noko som tyder på at garden vart nedlagd etter svartedauden. Det vart betalt leidang både 1567 og 1590-91. 1626 vert garden karakterisert slik: « i lige maade noged Ringe Furreschouff thiil Husbehoff». «i lige maade» viser til noten for Lillejord: «ligger langtt og thil Fieldz er noged Ringe Fureschouff.» Dette må vel seiast å vera freistnad på å gjera garden ringare enn han var. I matrikkelen 1723 finn me dette: «11. Eide 3 Mænd landskyld 1 løb Smør 1/2 t. Malt,

Opsidderen Ole eier 18 pund smør 6 Kander Malt. Opsidderen Hans eier 18 pund Smør 6 Kander Malt, resten Elling Hannestvet, og hver sit med Bøxel. Ingen Hussmands Pladser. Sætter 1/2 Mil fra Gaarden liggende, furreved til Husfornødenhed Brendeveed. 3de flomqværn. ligger ved Søen 5 1/2 Mile fra Bergen, maadelig til Korn, og meget tungvunden til Høe. Saar havre 6 3/4 t. Afler 23 1/4 t. 15 Kiør 3 Ungnød 36 faar 3 Hester. Taxt efter gl. Matricul 1 løb 18 pund Smør. Forhøyet 18 pund Smør, lever of Qvægetz avling og lit Brendeved at selge til Skatternis Hielp.” Om lægjet åt garden heiter det 1863: «Ved Søen og derfra 5 1/4 Miil til Bergen. Meniis omtrent 5 1/2 Mdr. . . . Lidt frostlændt lidt skinlændt.» Oppdelinga av garden i fleire bruk ser ut til å ha gått for seg fyrst på 1600-talet. 1645 var her 3 brukarar. 1648 hadde brukaren Olav helvta av garden, og Knut og Arne kvar sin fjerdepart. Men 1666 var garden delt i 3 jamstore bruk, og denne delinga vart ikkje skipla før 1898. Då vart eit stykke på Eidslandet, bnr.nr. 4 Naustleitet, skilt frå bruk 3. Her vart det drive landhandel og seinare samyrkelag. 1899 vart tomt til skulehus skilt ut frå alle 3 hovudbruka, og 1906 vart det gamle husmannsplasset Sveo sjølveigande. Seinare har det vorte skilt frå ein del mindre jordstykke, for det meste hustufter.

Busetnaden på Eide viser uvanleg stor stabilitet. Dei 3 hovudbruka heldt til i same tun fram til 1924. Br. 1 heiter «Olastovo». Den fyrste Olav finn me på dette bruket 1694. Hans etterkomarar har site på bruket heile tida seinare. Br. 2, «Jakobsstovo», har namnet etter Jakob J. Straume, som bygsla dette bruket 1735. Enkja hans vart g.m. Bertil H. Eikefet, og deira etterkomarar sit framleis med bruket. Br. 3, «Larsastovo», har namnet etter Lars J. Eikemo, som vart brukar her 1735. Han var g.m. dotter åt den gamle brukaren, og deira etterkomarar sit enno med bruket.

I det gamle tunet låg husa som høyrde til dei 3 bruka samla. Mange av husa som låg i tunet før utskiftinga, var heller gamle. Offentleg utskifting vart halden 1911, overutskifting vart tinglesen 1916. Ei rettssak etterpå førde ikkje til endringar, men gjorde at overutskiftinga ikkje vart sett i verk før 1924. Då flytte Jakobsstova ut or det gamle tunet og bygde nytt tun lenger nord på innmarka.

Innmarka var nokså mykje teigdelt før utskiftinga. Fleire stader var det slik at ein mann åtte åkeren, ein annan bøen som låg ikring. Der var ikkje noko sameige på innmarka. 1863 var her om lag 19 1/2 mål åker, av det var 12 3/5 mål god åker, 5 1/4 middels, og 1 1/2 mål ring åker. Aker og eng var delt likt mellom dei 3 bruka. Engvidda var på 91 mål. 30 mål var god eng, 6 mål middels god, resten var ring. Av dyrkingsjord reknar dei at her var om lag 6 mål. Heime var det lett å onna, men det var langt til slåttene. Frå slåttene fekk dei 672 våger høy, dvs. 224 våger høy på kvart bruk.

I utmarka var beitet sams, men elles ser det ut til at eigedomsdeling var fullt gjennomførd når det galdt slått og skog. Dei slåttene som låg lengst til fjells, låg oftast greitt i skogteigen til eigaren, men nærare heimebøen var det meir ymist. Der kunne slåttene liggja i annan manns skogteig.

Skogen vert nemnd fleire gonger på 1600-talet, som i Landkommisjonen 1661: «Jngen Lunder Vden Brende och Furresch. till Husbehoff.» Seinare er det fleire gonger, t.d. 1723, nemnt at dei kunne selja ved, men ikkje tømmer. 1863 kunne dei selja ved for netto 8 spd. årleg på kvart bruk. Beitet vert 1863 karakterisert slik: «Hjemmehavn ved Gaarden men liden af god Beskaffenhed. Ogsaa Sæterhavn 1/4 Miil borte og tilsammen tilstrækkelig.» Sætra ligg oppe i fjellet, vest for garden. Der er 3 sæterhus, eitt til kvart bruk. 2 av husa er grindabygde med 3 par stavar i kvart. I eine enden er det eit ope skot, resten er kledt med liggjande kledning. Sæterhusa har torvtak. I kjellaren under husa er det flor. Det tredje sæterhuset er tømra. Dei to grindabygde husa er ikkje så serleg gamle. Det eine er oppsett i maims minne og kom i staden for eit eldre hus av tømmer. Sætra har ikkje vore i bruk sidan 1930-åra.

Fisket er det lite nemnt om i dei eldre kjeldene. 1863: «Her kastes undertiden Smaasild.» Kasting plar brukarane vera i lag om, og landsluten vert delt likt, same kvar dei kjem til lands.

I Eksingedalselva har Eide og Myster fiskerett i lag frå elveosen til grensa mot Eikefet om lag 3 km. oppe i elva. Dette fisket er ikkje nemnt i offentlege dokument før 1883, då elva vart vekkleigd for 10 år til engelskmannen H. T. Partridge. Frå 1887 vart elva vekkleigd for kr. 120,— årleg til Charles Amesley Hamond. 1889 vart det tinglyst ny kontrakt med den same. Kontrakta skulle gjelda i 8 år, rekna frå 1892. Frå 1922-46 leigde ein plantasjeeigar frå Guatemala fiskerettane i elva. Han heitte Pettersen Lind, og var ætta frå Stolmen, der far hans hadde brennevinshandel.

I nyare tid har alt fiske vore med stong. Elveretten er delt i sjettepartar. Dei tre hovudbruka på Eide har kvar sin sjettepart. Dei andre partane er delte mellom brukarane på Myster bnr. 1-2, 3, 4 og 6. Fisket går for seg i fisketida om sumaren og er skipa slik at eigaren av kvar sjettepart har full råderett over elva i 2 døger. Sidan må han venta 10 døger til dei andre har hatt sine turar.

Innkoma av fisket er nokså skiftande frå år til år. I det siste har leiga for ein sjettepart i ein sesong vore betalt med kr. 1.800.

Eit av dei lunnende som ikkje har vore utnytta før i seinare tid, er dei store mengder av sand som finst i den morena garden ligg på. Sanddrifta her inne tok til noko seinare enn på Stamnes og Straume, truleg kring hundreårsskiftet. Brukarane har for det meste stått for sanddrifta sjølve. Men på bnr. 2 pakta dei ei tid bort nokre sandtak. 1907 vart det tinglese forpaktningskontrakt frå Jakob J. Eide til Johannes Martinsson og Martin Johannesson Aas for levetida, med rett til å ta all sand og grus frå sandtaka «Tunåkerbrotet», «Smidjebrotet» og «Veaflotsbrotet». 1906 vart det tinglese kontrakt frå den same brukaren til Halstein og Johannes Stamnesleiro med einerett til å grava og ta all brukande mursand frå «Tunåkeren» og «Tunåkerbrotane».

Fram til 1950-åra tok dei berre ut sand på innmarka. I åra 1943-48 grov dei seg tvers gjennom morena noko sør for Jakobstunet, slik at det vart ei djup gjel der. Gardsvegen vart lagd på bru over gjela, og på botnen i gjela fekk dei veg opp til dei nye sandtaka i Hagen, lenger oppe langs elva. Sanddrifta har etter kvart vorte ein så viktig del av næringsgrunnlaget på denne garden at ho gjev hovudinnkoma.

Fleire andre verksemder har gjort at folketalet på garden og busetnaden har auka etter hundreårsskiftet. Her er fleire møbelfabrikkar. Den eldste av dei er A/S Eidsfjord Møbelfabrikk, som 1911 vart flytt frå Myster til Eidsøyra, sjå bnr. 9. Eidsøyra var før slåtteland under dei 3 hovudbruka. 2 mindre møbelfabrikkar vart grunnlagde 1947. Det er Elvestrand Trevarefabrikk og Friborg Møbelfabrikk.

På Eidsøyra vart det 1892 laga gravplass for gardane i Eidsfjorden. Seinare vart det teke opp arbeid for å få reist eit kapell i samband med gravplassen. Då det samstundes hadde vore samla inn midlar til bedehus, vart båe føremål slegne i hop, og det vart bygt eit korbedehus med fullt kyrkjeleg utstyr. Huset vart teke i bruk 1924 og vigsla 1925. Sjå soga om Stamneskyrkja 1942. Gravferdsrota ell. skyndagrenda, som dei seier her, omfatar Eide, Brørvik, Eikefet og Eikemo. I takningsrota var også Myster og Leiro med.


SKYLD OG UTREIDSLER m.m.

Gamalt matr.nr. 10 i Hosanger skipreide. Nytt 1838: 13. 1853 matr.nr. 150 i Haus tinglag. 1886 gnr. 46 i Bruvik. Landskyld 1590-91: 1 laup smør, 1 får. 1626: 1 laup smør, 1 t. malt. 1644-45: 1 1/2 laup smør. 1648, 1655 og 1661: 1 laup smør, 1/2 t. malt. 1665: 1 laup, 18 merker smør. 1718: 1 1/2 laup smør. Seinare på 1700-talet: Skatteskyld: 1 laup, 18 merker smør. Landskyld: 1 laup smør, 1/2 t. malt. Skyld 1838: 4 dl. 1 ort 21 sk. 1886: 9,96 skm. Leidang 1567: 6 merker smør, 1 geitskinn, 1 kalvskinn. 1590-91: Leidang 1 geitskinn, 1 fårskinn, 1 kalvskinn. Fredtoll kvart tredje år. Etter ei opplysing 1590-91 var fredtollen frå brukaren på Eide og 25 andre menn 2 nautslakt årleg. 1665: leidang, fredtoll, gjengjerd, vedpengar 4 mark 13 sk. Småtiend: 10 sk. Kandtiend: 1 1/2 t. (?) Folketal 1801: 29. 1875: 35. Fødnad 1665: 18 storfe, 2 hestar. 1723: 15 kyr, 3 ungfe, 36 småfe, 3 hestar. 1863: 3 hestar, 25 kyr, 11 ungfe, 118 småfe. I 1863 var sånaden 19 1/2 t. havre og 15 t. poteter. Avling 60 t. av kvart. Av åkeren var 12 3/5 mål god, 4 1/4 mål middels og 1 1/2 mål ring. Der var 30 mål god eng, 6 mål middels og 55 mål ring. Dei slo 2881 våger høy og hausta 420 våger halm. 672 våger høy i slåttene.

I 1959 hadde garden 108,3 mål innmark, og fødnaden var 5 kyr, 3 ungfe, 40 sauer, 10 høns.

EIGARAR

1463 er Eide nemnd i Munkeliv klosters jordebok. Der står berre: «Item Eidh», ingen ting om kor stor part Klosteret eig. Det er vel då rimelig å tru at dei åtte heile garden. Neste gong me finn opplysning om eigar er i lensrekneskapen 1590-91. Garden er då krungods og står oppførd i den gruppa som var gamalt bispegods, det såkalla «Stigtens Gods». 1626 finn me garden i «Konng. Mayttz Jordeboegh» (Den Kongelege Majestets Jordebok). 1648 heiter det: «Ko. Ma. eyer og bøxler”.og 1661: «Kongens Gotz Der aff har Halduor Mundal 1 1øb i pant Det øffrige følger Kongenn.» På denne tid var ein god del krungods pantsett, og da det noko seinare vart selt, vart det ofte panthavarane som fekk tilslaget. Slik gjekk det i dette høvet og. 1676 står Halvard Mundal oppførd som eigar. 1689 eig lensmannen Rasmus Hannestveit halve garden. Om den andre helvta vert det opplyst 1694 at eigarane er Barbro Midtgaard og Ingeborg Ellvig. Om desse personane er arvingar etter Halvard Mundal veit me ikkje, men det skulle kunna lata seg gjera å finna det ut ved studium av manuskriptet «Folkesetnaden i Hosanger» av lærar Eknes, som er i statsarkivet i Bergen.

Den helvta som Barbro Midtgaard og Ingeborg Ellvig ell. Hjelvik (namnet er i 1700 skrive Jelwig) åtte, skifte eigar først på 1700-talet. Brukaren på Eide bnr. 3, Hans Olsson, fekk skøyte på helvta av parten deira, dvs. 1/4 av heile garden 1705. Dei som gav skøyte er (etter Langhelles avskrift) Eiliv Midtgaard, Olav Leknes, Berje Nepstad, Lars Håland, Olav Nepstad, Halvard Nesse, Mons Hopland og Hans Ryland. Den andre fjerdeparten var det i 1718 «Christen Garmands Enke» som åtte, men alt same året vart denne parten skøytt til brukaren på bnr. 1, Olav Johannesson. Skøytet var utferda av generaltollforvaltar Johan Garmand på vegne av Hans Henrikson Urdal.

Den helvta av garden som Rasmus Hannestveit åtte, gjekk utover på 1700-tallet i arv til Hannestveitslekta. 1718 står Johannes Hannestveit oppførd som eigar av heile parten, men det var Erling Hannestveit som skreiv ut bygselsetlar til brukarane i 1720. 1748 vert det opplyst at jordeparten, eller ein del av han, har vore utlagd i skiftet etter Brita Rasmusdtr., og at hennar dotter Brita Ivarsdtr. då ervde 8 2/3 merker smør, 1 4/9 kanner malt, verdsett for 8 rdl. 4 ort. Brita var g.m. Olav Nilsson Fammestad, og han gav med hennar samtykkje i 1748 skøyte på parten til bror hennar, lensmann Magne Eidsheim. 1770 vert det opplyst at ein part i Eide har vore utlagd i eit skifte 1747. Kven det då var skifte etter, veit me ikkje, men mellom ervingane var Ivar Magneson Eidsheim og systra Brita Magnesdtr. som var gift med bonde og lensmann Nils Nilsson Revheim 1765. Ivar og Brita ser ut til å ha ervt i alt 18 merker smør, 6 kanner malt, verdsett for 29 rdl. 3 ort og 12 sk. 1770 gav Nils N. Revheim, som var gift med Brita og var kurator for Ivar Magneson, skøyte på denne parten til Olav Ivarsson Askeland. Olav åtte frå før 12 merker smør, 4 kanner malt i garden, så etter dette skøytet åtte han 30 merker smør og 10 kanner malt. 1770 skreiv Nils N. Revheim også ut skøyte til Johannes Jonsson Hesjedal på ein part: 6 merker smør, 2 kanner malt, som kona hans, Brita Magnesdtr., hadde ervt ved skifte i 1757. (Det er truleg 1757 som er rette årstalet for skiftet som er nemnt ovanfor og. Datoen er den same på båe, 18/6.) Johannes J. Hesjedal fekk samstundes skøyte frå Ivar Larsson Eide på bnr. 3 på 18 meker smør, 6 kanner malt og åtte no i alt 1 pund smør, 8 kanner malt, verdsett for i alt 52 rdl. Johannes døydde 1771. Han var brukar på bnr. 1 i Hesjedal. 1775 gav enkja Anna m.fl. skøyte på 1 pund smør, 8 kanner malt til Ivar Larsson som var brukar på bnr. 3.

Olav Askeland gav 1776 bygselsetel til Jakob Bertelson på bnr. 2 på 1 pund smør, 8 kanner malt. 1779 fekk Jakob skøyte på parten hjå Olav Ivarsson Kvamme som truleg er den same som Olav Ivarsson Askeland. Samstundes fekk Olav Magneson på bnr. 1 skøyte på 6 merker smør, 2 kanner malt, og åtte no heile bruket sitt.

Overgangen til full sjølveige for brukarane på Eide kan stort summerast opp slik: Der var 3 jamstore bruk, kvart med 1/3-part av skylda. 1705 fekk brukaren på bnr. 3 skøyte på 1/4 av skylda og bygsla resten.1718 fekk brukaren på bnr. 1 skøyte på 1/4 av skylda, og bygsla resten. 1775 vart brukaren på bnr. 3 sjølveigar fullt ut, etter at garden hadde vore på andre hender 1770-1775. Same året vart brukaren på bnr. 1 heilt ut sjølveigar. På bnr. 2 var brukarane leiglendingar til 1779, då brukaren fekk skøyte på heile bruket med ein gong.


BRUKARAR FØR 1650

1590-91 var Eirik brukar. Han gjev i landskyld 1 laup smør, 1 sau. I leidang: 1 geitskinn,1 saueskinn,1 kalveskinn og betalar fredtoll kvart 3dje år. I eit anna avsnitt i same lensrekneskapen finn me Eirik Eide, mellom 26 menn, som i Hosanger skipreide gjev årleg i fredtoll: 2 nautslakt, men desse mennene finn me mellom dei som ikkje gjev Kruna eller Stigten landskyld, og Eide er på denne tid oppførd under «Stigtens Gods».


1603 finn me brukaren Randue.


1611: Knut. Han betalar 1 dalar i landskatt. Knut er også nemnd 1620, og betalar då og 1 dalar i landskatt. 1630-31 betalar han full skatt: 2 rdl., men 1638 er Knut Eide mellom halvegards- og øydejordsmenn som berre gjev halv skatt. Kvar betalar 1/2 ort. Ein annan brukar på Eide, Olav, er 1638 oppførd mellom dei som gjev full skatt. Kvar 1 ort.


1645 finn me for fyrste gong 3 brukarar samstundes. Den eine er Knut Eiriksson med kone Ågota.

Nummer 2 er Olav Knutsson med kone Barbro og ei dotter Gjertrud, og den 3. er Arne Eiriksson med kone Anna. Etter kontribusjonsskattemanntalet 1648 har Olav halve garden og Knut og Arne kvar sin fjerdepart. Det same tilhøvet finn me 1655. 1661 er nemnt 2 brukarar som båt heiter Olav, men 1666 er der 3 brukarar som alle har jamstore bruk. Det let seg slå fast nokså sikkert kva bruk dei sat på. Sjå vidare under dei einskilde bruk. Knut og Arne Eirikssøner, nemnde i manntalet 1645, er truleg sønene til Eirik som var brukar 1590. Arne er nemnd berre denne eine gongen, men 1666 er der ein dreng, Knut Arneson, 12 år, der på garden. Han er truleg son åt Arne og kona Anna.


BRUK 1

Daglegnamn: Olastovo. Gamalt løpenr. 22. Nytt 1853: 570. Landskyld 1666: 1 pund smør, 8 kanner malt. Skatteskyld: 1 pund, 6 merker (30 merker) smør. 1838: 1 dl. 2 ort 7 sk. 1886: 3,32 skm. 1956: 2,78 skm. 1863: 6 1/2 mål åker og dyrka eng. Av det var 4,2 mål godt, 1/2 mål ring og resten middels godt. Bøen var på 30 1/2 mål. 10 mål var god bø, 2 mål middels god, resten var ring. Av dyrkande jord var der om lag 2 mål. Sånad: 6 1/2 t. havre, 5 t. poteter. Avling: 20 t. havre, 20 t. poteter, 834 våger høy, 140 våger halm. I slåttene 224 våger høy. Fødnad: 1 hest, 7 kyr, 3 ungfe, 35 småfe. Beit, skav og lyng til 1 kufôr. Kan selja ved for 8 spd. netto årleg. 1875: Fødnad: 1 hest, 1 okse, 8 kyr, 5 ungfe, 23 sauer, 11 geiter. Sånad: 6 t. havre, 6 1/2 t. poteter. I 1959 hadde bruket 28,3 mål innmark, fødnaden var 1 ku, 17 sauer, 2 svin.


Om lag 1665 bygsla Jon Olsson f. 1645. Jon var truleg son åt Olav Knutsson. Sjå bnr. 3.

Born:

Olav. Brukar her.


1694 bygsla Olav Jonsson, truleg f. om lag 1655 d. 1735. 1718 fekk han skøyte på ein del av bruket, 18 merker smør, 6 kanner malt. Olav var g. 1. g. m. Anna Magnesdtr. f. oml. 1669. Ho var dotter åt Magne Sjursson Romarheim f. 1620 d. 1696 og kona Siri Olsdtr. f. 1624 d. 1692.

Born:

Jon f. og d. 1696.
Siri f. 1697. G. 1714 m. Anders Jensson Myster, sjå Myster bnr. 4.
Marta f. 1700. G.m. Johannes K. Grøsvik, sjå Grøsvik bnr. 3.
Brita f. 1703. G.m. Mons Andersson Veo, sjå Veo bnr. 2.
Ingeborg f. 1704 d. 1706.
Magne f. 1707. Brukar her.
Ingeborg. G. 1731 m. Jakob Knutsson Trefall, sjå Trefall.
Jon. G. 1737 m. Anna Simonsdtr. Høvik.
Anna f. 1713. G.m. Johannes Jonsson Hesjedal, sjå Hesjedal, Stamnes bnr. 1.
Ingebrigt f. og d. 1721.

Kona Anna døydde 1721 52 år gamal. Det vart halde skifte etter henne, og ein rest av originaldokumentet finst enno på bruket. Ervingane var, forutan enkjemannen Olav, borna Magne, Jon, Sin, Marta, Brita, Ingeborg og Anna. Buet åtte 18 merker smør, 6 kanner malt i garden, verdsett til 24 rdl. Sidan dokumentet er ufullstendig, veit me ikkje korleis det vart skift men etter skiftet som vart halde 1735 går det fram at helvta vart utlagd til enkjemannen, og resten har då truleg vorte delt mellom borna.

Olav vart g. 2. g. 1722 m. Marie Ingebrigtsdtr. Hesjedal f. 1684 d. 1737.

Born:

Ingebrigt f. 1726 d. 1769 ug.
Knut f. 1727. Sjå Olsnes, leigebuarar.

Det vart halde skifte etter Olav 1735. Dette skiftet finst og på garden. Forutan enkja er sønene Magne og Jon frå 1. ekteskap, Ingebrigt frå 2. ekteskap og døtrene Sin, Marta, Brita, Ingeborg og Anna med i skiftet. Jordegodset 9 merker smør og 3 kanner malt var verdsett til 12 rdl.


1736 skøyte til Magne Olsson frå mor og syskin. Dette skøytet er referert i skiftet 1741. Magne var g. 1. g. m. Ingeborg Andersdtr. Veo f. 1701 d. 1741.

Dei hadde to døtre:

Anna f. 1737. G.m. Johannes H. Eikefet. Sjå husfolk.
Siri f. 1739. G.m. Jakob B. Eide bnr. 2.

I skiftet etter Ingeborg 1741 vart jordegodset verdsett til 16 rdl. og delt mellom enkjemannen og dei to døtrene. Magne g. 2. g. 1742 m. Marie Gulleiksdtr. Øyo f. 1712 d. 1799. Magne var lagrettemann 1741. Han var f. 1707 d. 1765.

Born:

Olav f. 1742. Brukar her.
Gulleik f. 1743. Brukar på Kallestad bnr. 2.
Gudmund f. 1745.
Ingeborg f. 1747 g. 1785 m. Anders L. Eide, busett Haukøy i Hosanger.
Sigrid f. 1748. G.m. Johannes Trettenes.
Eirik f. 1749. Brukar her.
Gunhild f. 1752 d. 1782 ug.
Marie f. 1755. G.m. Johannes M. Kallestad, sjå Kallestad bnr. 2.

I skiftet etter Magne 1765 ervde dei 4 sønene, Olav, Gulleik, Gudmund og Eirik 3 rdl. 4 ort og 4 sk. kvar, og døtrene Ingeborg, Sigrid, Gunhild og Marie 1 rdl. 5 ort og 2 sk. kvar. Noko av arven var i jordegods.


1765 skøyte til Olav Magneson frå mor og syskin på i alt 18 merker smør, 6 kanner malt verdsett til 16 rdl. Olav hadde arva ein part, verdsett til 1 rdl., så det han skulle betala var 15 rdl. Dette skøytet finst og på bruket. Same året fekk Olav bygselsetel på 6 merker smør, 2 kanner malt. Bygselsetelen finst på bruket. Olav f. 1742 d. 1791 var g.m. Brita Olsdtr. Nese f. 1728. Dei hadde ikkje born som levde opp. 1779 fekk Olav skøyte på den parten han hadde bygsla.


1785 og 1789 skøyte til Eirik Magneson frå broren Olav, kvar gong på halve bruket. Olav og kona skulle ha kår etter kårbrev tinglyst 1785. Eirik f. 1749_d. 1833 var g. 1782 m. Gjertrud Magnesdtr. Kallestad bnr. 2 f. 1764 d. 1852. Eirik var skulehaldar i Stamnes og vart 1785 innsett til medhjelpar i Stamnes sokn. Eit brev til han frå soknepresten finst på bruket. Eirik Magneson Eide f. 1749 d. 1833 var g.m. Gjertrud Magnesdtr. Kallestad bnr. 4 f. 1764 d. 1852.

Born:

Magne f. 1784. Brukar her.
Magne f. 1787. Brukar på Kallestad bnr. 2.
Marie f. 1791. G.m. Nils Elvik, sjå Elvik bnr. 2.
Olav f. 1793 d. 1810.
Anna f. 1797. G.m. Mons J. Stamnes, sjå Stamnes bnr. 2.
Ingeborg f. 1800. G.m. Anders M. Kalland, Busett Lindås. Sjå Mellesdal bnr. 2.
Gunhild f. 1805. G.m. Knut A. Grøsvik, sjå Grøsvik husfolk.


1807 skøyte til Magne Eiriksson for 150 rdl. og kår til foreldra. Magne f. 1784 d. 1835 var g.m. Ingeborg Jakobsdtr. Eide bnr. 2 f. 1780 d. 1847. Magne var truleg mellom dei som drukna ved Furneset etter ei gravferd. I skiftet etter han var bruttoen 449 spd. 12 sk., og frådraget vel 25 spd. Netto 423 spd. 3 ort og 14 sk. Jordegodset var verdsett til 280 spd.

Born:

2 born døydde små.
Olav f. 1813. Brukar her.
Sigrid f. 1817.


1836 skifteskøyte til Olav Magneson for 280 spd. Olav f. 1813 d. 1870 var g. 1839 m. Marie Olsdtr. Leiro f. 1817 d. 1889. Olav var ein av rotemeistrane i Haus prestegjelds fatigdistrikt. Instruksen som han fekk tilsendt frå sokneprest Hammer og som var skriven i Haus prestegard i januar 1850, finst enno på bruket.

Born:

Ingeborg f. 1840 g. 1861 m. Einar Monsson Vik.
Dortea f. 1842 d. 1843.
Magne f. 1845 d. 1871.
Gjertrud f. 1848. G.m. Nils Knutson Langedal. Sjå nedanfor.
Dortea f. 1851 d. 1911 ug.
Olav f. og d. 1853.
Ole f. 1854. Brukar her.
Siri f. 1858. G.m. Mons Andersson Espedal.


1866 skøyte til Magne Olsson for 200 spd. og kår, verdsett til 210 spd. for 5 år. Magne døydde ug. 1871.


1872 skifteskøyte til Ole Olsson i buet etter broren Magne. Bruket vart utlagt til han for taksten 475 spd. Mora Maria hadde ståande i garden 250 spd. etter 1. prioritets pant. Nils Knutsson Langedal frå Hosanger og kona Gjertrud Olsdtr., syster til brukaren, budde her og styrde garden saman med Ole.

Dei hadde ei dotter:

Malene f. 1874.
Ole f. 1854 d. 1928 vart g. 1912 m. Anna Johannesdtr. Høvik f. 1872. Ho var dotter åt gardbrukar Johannes Høvik d. 1948 og kona Maria f. Straume, Modalen.

Born:

Marie Margrete f. 1913 d. 1934.
Dortea f. 1914. Sjå nedanfor.


1949 grunnboksheimel til Dortea Olsdtr. f. 1914. Dortea er g.m. Mandius Myster bnr. 3 f. 1909.

Born:

Frank f. 19**. Gardsarb., busett her.
Maria f. 19**. Sjukesyster i Bergen.
Ola f. 19**. Gartnar i Bergen.
Magne f. 19**.
Alfhild f. 19**.
Dagmund Eide f. 19**.
Einar f. 19**.

Kårbrevet frå 1866 finst på bruket enno.


BRUK 2

Daglegnamn: «Jakobsstovo». Gamalt løpenr. 23. Nytt 571. Landskyld 1 pund (24 merker) smør, 6 kanner malt. Skatteskyld 1 pund, 6 merker (30 merker) smør. 1838: 1 dl. 2 ort 7 sk. Revidert til 2 dl. 1 ort og 6 sk. 1886: 3,32 skm. 1956: 2,40 skm.

1863 var vidda på åker og dyrka eng rekna for å vera den same som på bnr. 1: 4,2 mål god, 1,75 mål middels, 1/2 mål ring, i alt 6,5 mål omlag. Bøen var likeeins rekna for å vera av same vidd som på bnr.1: 10 mål god bø, 2 mål middels god, 18 1/2 mål ring, i alt 30 1/2 mål. 2 mål dyrkingsjord. Sånad: 6 1/2 t. havre, 5 t. poteter. Avling: 20 t. havre, 20 t. poteter. 1054 våger høy, 140 våger halm. 224 våger høy i slåttene. Fødnad: 1 hest, 10 kyr, 4 ungfe, 38 småfe. Beit, skav og lyng til eitt kufôr. Kan selja ved for årleg netto 8 spd. Fødnad 1875: 1 hest, 6 kyr, 3 ungfe, 19 sauer, 11 geiter. Sånad: 6 t. havre, 6 t. poteter.

I 1959 hadde bruket 37 mål innmark, og fødnaden var 23 sauer.


Om lag 1690 bygsia Mons Nilsson f. 1658 d. 1717. Han var truleg g.m. Guri Olsdtr. d. ca. 1745 (sjå nedanfor).

Born:

Sjur f. 1691.
Kari f. 1695. G.m. neste brukar.
Gjertrud f. 1697 d. 1737.
Magdeli f. 1700.
Olav f. og d. 1704.


1715 vart Johannes Nilsson Helleland frå Hosanger g.m. Kari Monsdtr. Johannes f. 1690 d. 1734 og Kari f. 1695 d. 1737 fekk kongeleg løyve til å gifta seg, for dei var i slekt i 3. led.

Born:

6 born døydde små.
Synneva g. 1739 m. Johannes Andersson Veo. Dei var husfolk der. Seinare busette på Skjerping i Gjerstad sokn, Haus.
Olav f. 1721 g. 1748 m. Ingeborg Nilsdtr. Veo. Dei var ei tid brukarfolk på Søre Askeland, Haus, men kom sidan til Veo. Sjå Veo, husfolk.
Guri f. 1723.
Kari f. 1725.
Nils f. 1727 g. 1754 m. Adele Kristine Akerberg.
Lars f. 1731 g. 1765 m. enkja Brita A. Tunes.

Ved skiftet etter Johannes 1735 ervde kvar av dei 3 sønene 3 rdl. 4 ort 2 sk., og kvar av dei 3 døtrene 1 rdl. 5 ort og 1 sk.


1735 bygsla Jakob Johannesson Straume f. 1708 d. 1750. Han gifte seg med enkja etter fore brukaren, Kari Monsdtr. Dei fekk ein son Johannes f. og d. 1737. Jakob vart g. 2. g. 1738 m. Brita Haldorsdtr. Dalseid bnr. 1 f. 1710 d. om lag 1753.

Born:

Haldor f. 1739. Brukar på Veo bnr. 3.
Kari f. 1740 d. 1741.
Anna f. 1741.
Jakob f. 1742.
Ågota f. 1750.
Ellen f. og d. 1750.

I skiftet 1737 etter Gjertrud (?) Monsdtr. ervde dei 3 sønene 1 rdl. 3 ort 15 sk., og døtrene 4 ort 15 sk. kvar. 1746 vart det halde skifte etter mormor åt desse borna. Ho heitte Guri Olsdtr. Dette må vera kona åt Mons Nilsson som var brukar frå ca. 1690. Dottersønene Nils og Lars ervde då kvar 1 rdl. 3 ort og 4 sk., og dotterdøtrene Guri og Kari 4 ort og 10 sk. kvar.


1751 vart Bertil Haldorson Eikefet g.m. enkja Brita Haldorsdtr. Bertil f. 1729 d. 1780 og Brita hadde ein son, Jakob f. 1752, brukar her. Bertil 2. g. 1754 m. Marta Johannesdtr. Straume f. 1722.

Born:

3 born døydde små.
Brita f. 1758.
Ågota f. 1761.
Gjertrud f. 1762 g. 1789 m. Jon Nilsson Veo.

I skiftet etter Bertil 1781 var bruttoen 64 rdl. 5 ort, 6 sk. og nettoen 28 rdl. 5 ort og 10 sk. Dottera Gjertrud kravde i «hjemmegifte» 14 rdl. som vart rekna med i frådraget i buet. Av borna er berre Jakob og Gjertrud nemnde i skiftet. Dei andre var truleg døde før.


1776 bygsla Jakob Bertilson f. 1752 d. 1832. Faren fekk kår. Kårytinga var mellom anna på 4 t. korn og for til 3 kyr og 6 sauer. Jakob var fleire gonger lagrettemann. Han vart g. 1. g. m. Sigrid Magnesdtr. Eide bnr. 1 f. 1739 d. 1801. 1779 fekk Jakob skøyte på bruket.

Born:

Johannes f. 1778. Sjå nedanfor.
Ingeborg f. 1780. G.m. Magne E. Eide bnr. 1. (Ho er ikkje med i skiftet etter morsystra 1831.)
Bertil f. 1783. Brukar her.


1799 skøyte til Johannes Jakobson f. 1778. Foreldra skulle ha kår. Mora Sigrid Magnesdtr. døydde 1801 og faren Jakob vart g. 2. g. m. Ingeborg Johannesdtr. Eide f. 1760 d. 1840. Johannes Jakobson vart g. 1804 m. jordagjenta Gjertrud Monsdtr. Eikefet, og flytte dit.


1805 bygsla Bertil Jakobson f. 1783 d. 1820. Stykkmora Ingeborg skulle ha kår. Bertil vart g.m. Brita Helgesdtr. Veo bnr. 4 f. 1781.

Born:

Jakob f. 1804 g. 1828 m. Kari Olsdtr. Bukkstein, busett Nøttveit i Hosanger.
Sigrid f. 1807 g.m. Helge Furnes, sjå Furnes bnr. 1.
Helge f. 1809 g.m. Åse Ivarsdtr. Meland. Var paktarfolk kring 1840, truleg på dette bruket.
Johannes f. 1812.
Nils f. 1815. Brukar på Verpelstad bnr. 2.
Kari f. 1818 g.m. Johannes J. Litlebergen. Sjå husfolk.
Bertil f. 1820 d. 1907, g.m. Sigrid J. Eikefet, busett Berås i Lygra sokn. G. 2g. 1869 m. Marie (Mario) L. Stamneshagen f. 1838 d. 1908, sjå Stamnes bnr. 11. Busett på Øyene/Øye, Bergsdalen


1822 bygsla Johannes Haldorson Nesse frå Eksingedalen. Han gifte seg same året med enkja Brita Helgesdtr. Dei fekk rett til kår av bruket etter vilkårsbrev tinglyst 1822. Dei fortalde om Johannes at han var vyrk for all slag vara og vending og hadde jamt dette ordet: «Tak vare på vara di, det er pengaverd i den.» (Etter Johannes Leiro.)

Born:

Haldor f. 1823. Utvandra til USA i 1850.
Sigrid f. 1826 d. 1831.


1837 skøyte til Jakob Johannesson Eikefet frå faren for 150 spd. Jakob f. 1811 d. 1871 vart g. 1835 m. Helga Johannesdtr. Simenes f. 1808. Dei var brukarfolk her.

Born:

Johannes f. 1835 d. 1837.
Knut f. 1837 d. ug. 1865. Sjå Elvik bnr. 2.
Johannes f. 1840. Brukar her.
Johannes f. 1842. Sjå nedanfor, plasset Fagerbø el. Brotet.
Haldor f. 1845.
Anders f. 1847.
Gjertrud f. 1848.
Marie f. 1854 d. ug. 1890.


1866 skøyte til Johannes Jakobson for 200 spd. og kår til foreldra. Johannes f. 1840 d. 1911 var g.m. Gjertrud Knutsdtr. Bustevoll frå Åsane, f. 1839 d. 1919. Johannes var med i heradstyret 1870-73.

Born:

Helga f. 1861. Busett her. Død 1920 ug.
Gjertrud f. 1862 g.m. Ole I. Eikefet, sjå Eikefet bnr. 1.
Jakob f. 1864. Brukar her.
Knut f. 1865.
Knut f. 1867 g.m. Marta Straume bnr. 5. (Sjå nedanfor, festekontrakt 1 under bnr. 3.)
Helga f. 1868.
Johannes f. 1869.
Haldor f. 1871. Sjå bnr. 8.
Marta f. 1873.
Askjel f. 1874.
Anna f. 1875.
Olav f. 1879.
Olav f. 1881.
Haldor f. 1884 d. 1900.


1899 skøyte til Jakob Johannesson for kr. 1200,- og kår. Jakob f. 1864 d. 1946 vart g. 1896 m. Synneva Monsdtr. Straume bnr. 6 f. 1871.

Born:

Johannes f. 1897. Brukar her.
Magnus f. 1898. Brukar her.
Sofie f. 1900. G.m. fabrikkeigar Ragnvald Solberg, Arnatveit.
Gjertrud f. 1902. G.m. Henry Espeland. Sjømann. Seim, Alversund.
Magnhild f. 1904. G.m. møbelsnikkar Johannes Tellstø, Steinestø.
Kristine f. 1906. G.m. vaktmeister Andreas Heimvik, Arnatveit.
Aslaug f. 1909. G.m. vegarbeidar Gunnar Neset, busett Eide. Sjå bnr. 32.
Olav f. 1911. Murar. Busett Arnatveit.
Sigurd f. 1913.
Einar f. 1914. Målar, busett Arnatveit.


1928 skøyte til Johannes Jakobson for kr. 6.200,— og kår til foreldra. Johannes døydde same året. Garden vart utlagd til foreldra, som sat med han til 1944. Neste brukar Magnus var gardstyrar.


1944 skøyte til Magnus Jakobson for kr. 5.000,— og kår til foreldra. Magnus f. 1898 er g.m. Amanda f. 1903, dotter til Martin og Serina Aas, Stamneshella (Stamnes bnr. 23).

Born:

Aksel Martin f. 19**. Sjømann. Brukar her.
John Sigvard f. 19**. Sjåfør. Busett Eide (sjå bnr. 38).
Sigbjørg Marie f. 19**. G.m. handelsmann Audun Kristiansen, Hundvin.
Judith Julie f. 19**. G.m. sjåfør Arnljot Myster. Busett Ulvik.
Randi f. 19**.
Helga Åse f. 19**. G.m. handelsbetjent Kjartan Nymark. Busett Løten, Hedmark.
Karsten Magne f. 19**. Kontorist. G.m. Unni f. Halvorsen. Busett Lillestrøm.
Odd Malvin f. 19**. Mekanikar. G.m. Kirsten f. Nesheim. Busett Røa.
Willy f. 19**.Sjåfør. G.m. Ada Gundersen. Busett Bergen.


1961 skøyte til Aksel Martin Magnusson for kr. 12.000,— og kår. Aksel er ugift.


Festenr. 1 under bnr. 2.


1926 festekontrakt på 2 hustomter til Ole Andersson Nesse og kona Marta for årleg avgift kr. 4,—. Festet gjeld for deira levetid.


1923 tinglyst leigekontrakt frå Jakob J. Eide og kona Synneva til Andreas Eide på jordstykket Stokken for 5 år og eventuelt lenger mot årleg leige kr. 50,—.


BRUK 3

Daglegnamn: «Larsastovo». Gamalt løpenr. 24. Nytt løpenr. 1853: 572. Landskyld: 1 pund smør, 6 kanner malt. Skatteskyld: 30 merker smør. 1838: 1 dl. 2 ort 7 sk. Revidert til 2 dl. 1 ort og 6 sk. 1886: 3,32 skm. 1956: 2,57 skm. 1863 var jordvidda rekna for å vera den same som på bnr. 1. Der var det om lag 6,5 mål. 4 1/2 mål var godt, 1/2 mål ringt, resten middels. Der var 30 1/2 måi naturleg eng. Av den var 10 mål god, 2 mål middels og resten ring. Om lag 2 mål dyrkingsjord. Sånaden av havre og poteter vart rekna for den same som på bnr. 1: 6 1/2 t. havre, 5 1/2 t. poteter, og avlinga var og den same: 20 t. havre og 20 t. poteter. Men bnr. 3 hadde meir høy. Her var det 993 våger høy, 140 våger halm. I slåttene 224 våger høy. Fødnad: 1 hest, 8 kyr, 4 ungfe, 45 småfe. Kan selja ved for 8 spd. årleg netto. Beit, skav og lyng til eitt kufôr. 1875: Sånad: 6 t. havre, 6 t. poteter. Fødnad: 1 hest, 1 føl, 1 okse, 8 kyr, 3 ungfe, 30 sauer, 16 geiter. 1956: Om lag 30 mål dyrka innmark. Fødnad: 4 kyr, 4 ungfe. 1959 hadde bruket 43 mål innmark, og fødnaden var 4 kyr, 3 ungfe, 10 høns.


Om lag 1690 bygsla Hans Olsson Brørvik. Farfaren Olav Knutsson Eide hadde truleg sete med det same bruket. (Borna åt Olav Knutsson var: Gjertrud, Olav f. 1638, brukar i Brørvik, Jon f. 1645, brukar på Eide 1666, Knut f. 1650, Matias f. 1653.) 1705 fekk Hans skøyte på ein del av bruket, 18 merker smør, 6 kanner malt hjå Eiliv Midtgaard m.fl. Resten, som var 6 merker smør og 2 kanner malt, åtte Elling Hannestveit, og Hans fekk bygsla hjå han. Hans f. 1664 d. 1730 vart g. 1697 m. Anna Johannesdtr. Leiro f. 1668 d. 1733.

Born:

Brita f. 1698. G.m. neste brukar.
Marta f. 1700.
Johannes f. 1701. G. og busett på Askvik, Hosanger.
Olav f. 1702. G. 1726 m. Synneva Knutsdtr. Fjelle.
Jon f. 1705. Busett på Børnes.
Synneva f. 1707. G. 1735 m. gardbr. Anders J. Veo, sjå Veo brukarar.
Nils f. 1710. Brukar i Leiro 1750.
Olav f. 1714. G. og busett på Eikemo. Hosanger.

Ved skiftet etter Hans 1731 var eiga i buet 71 rdl. 2 ort og 5 sk. Dottera Marta er ikkje nemnd i skiftet og må vera død før 1731.


1734 skøyte til Lars Johannesson Eikemo på 16 1/2 m. smør, 5 1/2 k. malt frå kona sine medarvingar. Lars f. 1702 d. 1765 vart g. 1731 m. Brita Hansdtr. f. 1698 d. 1741.

Born:

Hans f. 1732.
Anna f. 1733. (Spillsjuk.)
Ivar f. 1735. Brukar her.
Johannes f. og d. 1737.
Marta f. 1738.

Lars g. 2. g.m. Anna Olsdtr. Gammersvik f. 1718.

Born:

2 born døydde små.
Mons f. 1743 d. 1773 ug.
Brita f. 1747.
Kari f. 1754.
Anna f. 1757. G.m. Lars J. Straume.
Olav f. 1759. G. 1795 m. Kari Andersdtr. Odderås.


1765 skøyte til Ivar Larsson frå stykkmora Anna Olsdtr. m.fl. på i alt 18 merker smør, 6 kanner malt med det han sjølv hadde arva. Resten av bruket bygsla han.


1770 gav Ivar skøyte til Johannes Jonsson Hesjedal på parten sin. Johannes fekk samstundes skøyte hjå Nils N. Revheim på resten av bruket. Heile kjøpesummen var 52 rdl.


1775 fekk Ivar skøyte att på heile bruket hjå enkja og arvingane etter Johannes Hesjedal. Ivar f. 1735 d. 1794 vart g. 1760 m. Gunnbjørg Jakobsdtr. Langedal f. 1732 på Trefall, sjå Trefall. Død 1803.

Born:

Ingeborg f. 1761 d. 1761 på Langeland, Modalen.
Ingeborg f. 1763 på Langeland, Modalen. G. 1791 m. Johannes Knutsson Mo, St. Sjå Mo.
Brita f. 1764 på Langeland, Modalen.
Marthe f. 1766 d. 1806. G. 1799 m. Johannes K. Elvikbotn b. Tyssebotn. Sjå nfr.
Lars f. 1768. Brukar her.
Jakob f. 1769
Maria f. 1771
Ole f. 1774 d. 1775.
Jon f. 1777 d. 1858, g. 1804 m. Marta K. Møster f. 1786 sjå Myster bnr. 4, d. 1851. Dei var busett i Fana.
2 jenter døydde i «smaae kopper» 1772.

Marta hadde ei dotter Marie Andersdotter. 1798-1854, ugift tenestegjente i Tyssebotn. I kyrkjeboka står det: Confirmeret Et Uægte Pigebarns Hiemmedaab, kaldet Maria. Moderen er et løs Qvindemenniske ved Navn Martha IversDr. Ejde, som tilforn ligeledes har været besvangret; Hun angav Ungkarl Anders Johannissen Qvadstad at være Barnefader. NB: Barnet har kun 2 Fi.


Gunnbjørg Jakobsdtr. G.1. 1750 m. Ole Sylvfestson Arnetveit 1714-1759. Sjå Trefall husmenn og Langedal bnr. 1.

Born:

Marita f. d.1750 på Trefall
Marita f. 1751 på Trefall g. 1792 m. Ivar J. Yksendal. Sjå Yksendal bnr. 2 og Ekse husmenn.
Jon f. 1754 på Trefall d. 1773.
Brita f. 1755 på Trefall d. 1773.
Ola f. 1757 på Trefall. Brukar i Grøsvik bnr. 3.
Herborg f. 1759. i Langedalen, Modalen. G.m. Anders M. Hesjedal. Sjå Hesjedal, Stamnes bnr. 3.

Ved skiftet etter Ivar 1794 var nettoen i buet 4 rdl. 5 mark, 14 sk.


1789 skøyte til Lars Ivarson for 80 rdl. og kår til foreldra. Lars f. 1768 d. 1834 vart g. 1790 m. Brita Knutsdtr. Simenes f. 1765 d. 1835

Born:

2 born døydde små.
Ivar f. 1791. Brukar her.
Marta f. 1797. G.m. Haldor Torbjørnson Mellesdal.
Brita f. 1798.
Knut f. 1801. G. 1830 m. Gunhild Nilsdtr. Øyo. Busett Langedal bnr. 2, Modalen.
Gunbjørg f. 1806. G.m. Rasmus A. Eikemo, sjå Eikemo bnr. 1.


1814 skøyte til Ivar Larsson for 100 rdl. og kår til foreldra. Ivar f. 1791 d. 1835 g. 1819 m. Marta Ivarsdtr. Høvik frå Eksingedalen. Dei døydde ved drukningsulukke 1835. Ved skiftet etter dei var bruttosummen i buet 874 spd. 4 ort og 22 sk., og nettoen 782 spd. 2 ort og 10 sk. Dette bruket vart ved skifte verdsett til 400 spd. Arven vart skift mellom dei 6 borna som då levde. 2 søner var død før.

Borna:

Lars f. 1820. Brukar her.
Brita f. 1823. G.m. Mons Jonson Kalland.
Gjertrud f. 1825 G.m. Eirik J. Myster, sjå Myster bnr. 3.
Anna f. 1829 d. 1838.
Gunbjørg f. 1830. G.m. Jon Andersson Myr, Lindås. Husfolk i Elvik.
Brita f. 1834. G. 1865 m. Johannes Olson Kallvik, bnr. 1.


1836 skifteskøyte til Lars Ivarson for taksten 400 spd. Lars f. 1820 d. 1906 vart g. 1839 m. Ingeborg Gudmundsdtr. Grautå f. 1816 d. 1900.

Born:

Marta f. 1840, g. og busett på Mjelheim. Død før 1915.
Anna f. 1842.
Ivar f. 1845 d. 1870 ved drukningsulukke, g.m. Ingeborg Jonsdtr. Grøsvik bnr. 1, som seinare vart g.m. Mons Monsson Vik, St. bnr. 1 sjå Stamnes bnr. 10.

Ivar og Ingeborg hadde ei dotter:

Ingeborg f. 1868, g.m. Ola Jonsson Straume bnr. 5. Gudmund f. 1848. Brukar her.
Anna f. 1852.


1888 skøyte til Gudmund Larsson for kr. 2400,- og kår til foreldra, verdsett til kr. 730,- for 5 år. Gudmund f. 1848 d. 1919 vart g. 1868 m. enkja Inga Olsdtr. Eikefet, Myster, bnr. 1, f. 1839 d. 1926.

Born:

Ingebrigt f. 1869.
Ivar f. 1870, død ved ulukke 1881.
Ingeborg f. 1871. G.m. smed og gardbr. Lars K. Myster bnr. 4.
Lars f. 1874. Brukar her.
Brita f. 1876. G.m. gardbr. Rasmus Vetlejord. Sjå Vetlejord bnr. 1, Eksingedalen.
Ingebrigt f. 1878.
Marta f. 1881.
Ivar f. 1883 d. 1906.

I denne slekta var det fleire spelemenn. Den fyrste ein kjenner til var Ivar Larsson d. 1835. Sonesonen Gudmund Larsson var dugande spelemann og fekk premie ved ein kappleik i Bergen. Sonen Ivar var halden for å vera sers gåverik. Han tok premie på ein landskappleik i Oslo. Det vart halde for eit stort tap for vestlandsk folkemusikk då han døydde berre 23 år gamal. Gudmund Larsson var med i heradstyret og hadde ymse andre tillitsyrke. Han var med i byggenemnda for Eidsfjorden skulehus 1897 og i nemnda for representasjon på Bergensutstillinga 1898.


1898 skøyte til Lars Gudmundsson for kr. 2.200,— og kår. Lars hadde sers mange tillitsyrke i kommunen. Han var med i heradstyret frå 1902, i formannskapet frå 1914 og var varaordførar eit par periodar. Han sat i forstanderskapet i Bruvik Sparebank frå banken vart skipa 1903 til 1935, og var mesteparten av tida formann. I styret for banken sat han frå 1934-38 og var formann 1935-37. Fra 1915 utover til 1926 var han overformyndar. Han var med i likningsnemnda, var formann i likningsrådet 1912 og sat i overlikningsnemnda 1916 og fleire periodar seinare. I nemnd for krinssjukekassa var han med frå 1911, og 1917-19 var han forstandar for krinssjukekassa. 1920-38 var han med i tvistenemnd for trygdekassa. Elles var han lagrettemann, domsmann, var skjøns- og meddomsmann, utskiftingsmann og takstmann. Han var og med i vegnemnda 1907, i nemnd for elektrisitetsverket i Stamnes 1915, i nemnd til å koma med ny vassdragslov 1910, i teikningsnemnd for B.K.K. for elektrisk kraft til heradet 1921. Han var med i jordstyret og i grensenemnd for Bruvik der han var formann 1931, i skogrådet var han varaformann 1937-38. Han var og med i ein del andre nemnder og utval, som det vil føra for langt å nemna her.

Lars f. 1874 d. 1938 vart g. 1896 m. Karoline Einarsdtr. f. i Espedal i Ytre Holmedal, Sunnfj. f. 1876 d. 1950. Foreldra hennar var Einar Monsson Vik, St. og kona Ingeborg Olsdtr. Eide bnr. 1 f. 1840. Sjå nedanfor under husfolk.

Born:

Inga f. 1897 d. 1899.
Maria f. 1899. G.m. fylkesagronom Rudolf Njerve, Vest-Agder.
Ivar f. 1904 d. 1926.
Einar f. 1907. Brukar her.
Gunnar f. 1909 d. 1914.


1940 skøyte til Einar Larsson på dette bruk og bnr. 19 for kr. 2.500,— og kår til mora. Einar har mange kommunale tillitsyrke. Han har vore med i heradstyret frå 1948, i forstanderskapet for Bruvik Sparebank frå 1944 og i styret frå 1948. Frå 1952 er han varaformann i styret. Han har site i likningsutvalet og i likningsnemnda frå 1938. Han har vore utskiftingsmann og domsmann. Formann i skogutvalet frå 1943-45, og har site i alderstrygdnemnda der han har vore formann og varaformann. Han er med i bygdeboknemnda.

Einar f. 1907 er g.m. Bergit f. 1912, dotter til Johannes Mostraum og kona Berta f. Langedal.

Born:

Lars f. 19**.
Kirsten Berit f. 19**.
Johan f. 19**.


Feste nr. 1 under bruk 3

Datert 1908, tinglyst 1925, til Knut Johannesson Eide for levetida mot årleg avgift kr. 6,—.

Knut Johannesson Eide, f. 1867 (sjå Eide bnr. 2), d. 1955, var ei tid farmar i Nord-Dakota, U.S.A., seinare hjelpearbeidar og busett på dette stykket. Han var g. 1. g.m. Marta Jonsdtr. Straume f. 1876 (sjå bnr. 5), og g. 2. g.m. Maria Olsdtr. Eikemo f. 1879 (sjå bnr. 3).

Born:

Justin Hjalmar f. 1903, busett Stamnes.
Gurina Sylvia f. 1904.


Frå 1949 gjeld festet for Gurina Knutsdtr. f. 1904 og hennar mann Henrik Myrvang. Henrik Rasmusson Myrvang, f. 1893 i Helgøy, Karlsøy, er lagerarbeidar i Bergen. 1949 fekk dei og skøyte på huset frå Knut Eide for kr. 1.000,—.

Born:

Rolf Karsten f. 19**.
Helge Georg f. 19**.
Bjørn Martin f. 19**.


Feste nr. 2 under bruk 3

Tinglyst 1954 til Arne Straume i 99 år mot årleg leige kr. 5. Denne festetufta ligg på Eidsøyra, ved sida av bnr. 16 og 17, som Arne Straume eig (sjå bnr. 16).


Feste nr. 3 under bruk 3

1954 til Eksingedalsruta L/L i 25 år mot årleg leige kr. 70. Festetufta ligg nede mellom sjøen og bnr. 21, like inn til kaien.


BRUK 4, NAUSTELEITET

Skyld 8 øre, skilt frå bnr. 3.

1898 selt til Andreas Hansson Lillejord for kr. 300,—. Andreas Lillejord var styrar for Eksingedalen Forbruksforening 1888 til 1890. Då vart dette laget oppløyst, og Lillejord kjøpte forretningen og dreiv vanleg landhandel her til 1920. Han åtte våningshus, fjøs, sjøbu og bryggje. Då han selde eigedomen, tok han seg undan rett til å disponera det minste stovehuset, løa og fjøset, og til å så og hausta jordstykket eitt år. 1924 fekk han festesetel hjå Ole Olsson på ein parsell Naustleitet, mot årleg avgift. Festet galdt for livstida, men minst i 20 år.

Eksingedalen Forbruksforening som Andreas Lillejord kjøpte av, var skipa 1874. Fyrste styre var Mons Lillejord, Lars Flatekval og Jakob Fjellanger. Fyrste handelsstyraren var Johannes Larvik, — 1876 til 1879. Johannes 0. Haugen var styrar 1879 til 1886. Han kjøpte då gard i Leiro. Ivar J. Høvik styrar 1886-1887, Andreas Flatekval 1887-1888. Og sidan var Andreas Lillejord styrar til han kjøpte forretningen.

Andreas f. 1867 var g. 1893 m. Gurine Andersdtr. f. på Mostraum 1870. Ho vaks opp på Myster. Andreas dreiv litt som spelemann og laga nokre hardingfeler. Ei av desse felene er no på Sunnhordland Folkemuseum.

Born:

Brita f. 1893 g. 1914 med arb. Nils R. Mostraum.
Marta f. 1895 g. 1922 m. lærar Lars L. Nøttveit.
Marie f. 1897.
Henrik f. 1899.
Arnljot f. 1901, sjå bnr. 31.
Øystein f. 1903.
Leiv f. 1906.
Anbjørn f. 1909.
Guttorm f. 1912.


1921 skøyte til Eidsland Samvirkelag for kr. 26.000,—. Samvirkelaget driv framleis handel her.


BRUK 5, 6 og 7, SKULETOMT

Skilt frå bnr. 1 1899. Skyld 1 øre. Samstundes vart bnr. 6 med same skyld skilt frå bnr. 2, og bnr. 7 med skyld 1 øre skilt frå bnr. 3. Alle eigedomane ber namnet «Skoletomt».


1949 fekk Magnus J. Eide skøyte på bnr. 5, 6 og 7 for kr. 1.024,—, og bruki fall attende til bnr. 2.


BRUK 8, SVEEN

Skyld 15 øre, skilt frå bnr. 2 1906. Dette bruket var fyrst eit plass. Haldor Johannesson Eide frå bnr. 2 fekk 1899 festesetel hjå faren på dette plasset. 1906 fekk han skøyte.

Haldor f. 1871 var g. 1895 m. Ragnhild Jonsdtr. Strømme f. 1873.

Born:

Jenny f. 1896 d. 1911.
Jon f. 1898 d. 1899.
Inga f. 1901. Inga vart g. m. Lars Otterstad frå Modalen.

Deira born:

Ragna.
Trygve f. 19** (sjå nedanfor).
Borgny.
Haldis.
Liv g. på Dale m. Arthur Stanghelle.


1937 skøyte til Trygve Larsson Otterstad for kr. 1000,— og kår til Inga Otterstad. Trygve Otterstad vart g.m. Astrid Finden frå Sogn. Busett Bærum.

Born:

Liv f. 19**.


BRUK 9, EIDSØYREN

Skilt frå bnr. 2 1911, skyld 8 øre.


Selt til A/S Eidsfjord Møbelfabrikk for kr. 1000,—. Dette selskapet vart skipa 1911 og var framhald av eit mindre privat føretak,som var grunnlagt av Johannes Myster. Han hadde 1902 sett opp ein verkstad ved Storelva på Myster. Denne fabrikken var driven med vasskraft. 1908 kom der bru over elva og fabrikken kunne flyttast til Eidsøyra på ein laglegare tomt som låg nær ved dampskipsstoppestaden. Samstundes vart det bygt eit elektrisitetsverk i Sagelva på Myster. 1912 tok fabrikken til med elektrisk drift. 1925 brann fabrikkbygningen ned til grunnen, men ein ny fabrikkbygning på 20 X 10 m med ein fløy 12 X 10 m vart oppsett. I den første tida laga fabrikken helst måla og lakkerte møblar, slik som kommodar, stolpesenger, barnesenger, sengebenker og kassedivanar. Men etter kvart gjekk dei over til å laga finare polerte møblar. Eidsfjord Møbelfabrikk har m.a. levert innreidnaden til Eidslandet kapell. Arbeidsstyrken har vore på opptil 40 mann, men er no til vanleg 30 mann når det er full drift. Fabrikken leverer møblar til dei fleste byar i landet og har faste representantar i Oslo og Bergen. Formann i styret har vore Lars Eide frå 1911 til 1938. Johannes Møster var disponent frå 1911 til 1940. Disponent for fabrikken no er Håvard Wiik.


BRUK 10, SOLVANG

Skyld 2 øre skilt frå bnr. 1.


1913 selt til Johannes A. Strømme og kona Maria K. Strømme.

1949 skøyte til Magnus A. Haugen og kona Gunnhild for kr. 5.000,—.

Magnus A. Haugen f. 1903 er son til Askjel Trettenes og kona Anna (sjå Dalseid bnr. 3). Han er snikkar. G. 1. g.m. Anna Olsdtr. Straume f. 1906 (sjå Straume bnr. 5).

Born: Arnhild f. 19**.

Magnus g. 2. g.m. Gunhild Johannesdtr. Straume f. 1901, sjå Myster bnr. 6.

Born: Jan Martin f. 19**.


BRUK 11, FREDHEIM

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 2.


1913 selt til A/S Eidsfjord Møbelfabrikk for kr. 9.000,—. Dette salet er tinglyst 1918.


BRUK 12, SOLSTRAND

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 2 1913.


1926 skøyte til Magne Jakobson Myster. Magne f. på Myster bnr. 3 1887 var g. 1. g. m. Guri Nilsdtr. Vik, St. bnr. 1 f. 1888 d. 1923.

Born:

Nils f. 1912, g.m. Sigfrid A. Flatekval.
Johannes f. 1913.
Agnes f. 19**, g.m. Einar J. Skaftun.

Magne g. 2. g.m. Helga Nilsdtr. Vik, St. f. på bnr. 1 1884.

Born:

Dagny f. 19**.

Magne er snikkar. Sonen Nils driv Friborg Møbelfabrikk.


BRUK 13, VOLL

Skyld 2 øre, skilt frå bnr. 3 1917.


Selt 1918 til A/S Eidsfjord Møbelfabrikk for kr. 600,—.


BRUK 14, EKSINGEDALSVASSDRAGET I

Skyld 1 mark, skilt frå bnr. 1 og 3.1918.


Selt 1919 til h.r.adv. Nicolai Wiig. Kjøpekontrakta var tinglesen 1918. I skøytet 1919 tok seljarane Lars og Ole Eide unna rett til fritt å få levert fram til garden 16 HK elektrisk kraft når utbygginga av elverettane var utført, og dessutan rett til fiske.

1926 skøyte til Bergenshalvøens kommunale kraftselskap.


Bruk 15, EKSINGEDALSVASSDRAGET II

Skyld 50 øre, skilt frå bnr. 2 1918.


Kjøpekontrakt frå Jakob J. Eide til adv. Nicolai Wiig vart tinglesen 1918. Skøyte tinglese 1919.

1926 skøyte til Bergenshalvøens kommunale kraftselskap.


BRUK 16 (og 17), ELVELUND

Skilt frå bnr. 1.


1921 selt til Bertin Andersson Straume. 1926 vart det slege saman med bnr. 17, som var skilt frå bnr. 3 1921. Skylda er no 2 øre. Tufta nytta til bustadhus. Bertin Andersson var f. 1881 (sjå Straume bnr. 4) d. 1931. Han var snikkar. G.m. Brita Marie Einarsdtr. Tyssen frå Evanger, f. 1885.

Born:

Borgny f. 1913 g.m. Hans M. Brørvik, handelsstyrar.
Arne f. 1914, sjå nedanfor.
Ragnhild f. 19** g.m. John Ringøy, lagerarb., Bergen.

Etter mannen døydde sat enkja Marie Straume med eigedomen.


1953 skøyte til Arne Bertinsson Straume for kr. 1000,—. Marie Straume har rett til fritt hus, tilsyn og pleie. Arne B. Straume er snikkar. G.m. Aslaug Johannesdtr. Myster bnr. 1-2, f. 1915 d. 1956.

Born:

Bjørnvald Arne f. 19**.
Ingrid f. 19**.
Kari f. 19**.
Borgny f. 19**.


BRUK 18, SJØTUN

Skilt frå bnr. 1.

1923 selt til Samvirkelaget Eidsland for kr. 1300,—. Skyld 1 øre. Same eigar som bnr. 4.


BRUK 19

Skilt frå bruk 2 1930. Skyld 13 øre. Dette stykket vart gjeve ved makebyte mot bnr. 20 til bnr. 3.

1942 skøyte til Einar Eide (sjå bnr. 3).


BRUK 20

Skilt frå bnr. 3 1930. Det gjeld eit makeskifte med bnr. 2, etter at utskiftinga på garden var ferdig, då det synte seg vanskeleg for bnr. 2 å få ut sand med det opplegget som var gjort. Skyld 13 øre.

1936 skøyte til Jakob Johanneson Eide (sjå bnr. 2).


BRUK 21, SJØTUN

Skyld 1 øre, skill frå bnr. 3 1939. Tuft til forretning og bustad.

1940 skøyte til Halfdan 0. Eikefet for kr. 250,—. Han er handelsmann f. på Eikefet bnr. 1 1900 g.m. Kaia Hjørdis Elisa Klausen f. 1901.

Barn:

Finn Roald f. 1940.


BRUK 22, FOSSHEIM

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 1, 2 og 3.

1942 selt til Gunnar O. Nese (sjå bnr. 32). Heimelen til stykket hadde dei tre hovudbruka på garden til 1959. Då selde Gunnar Nese til Ingebjørg Strømme, som har fått skøyte. Ingebjørg Strømme er g.m. Ola Strømme, busett Dale i Bruvik. Dei har hytte på eigedomen.


Bruk 23, BAKKETUN

Skilt frå bnr. 2.

1945 selt til Johan Johannesson Flatekval for kr. 600,—. Stykket var meint som bustadtuft då det var kjøpt, men ligg for tida unytta.


BRUK 24, HEIMLY

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 2.

1945 og selt til Håvard H. Wiik for kr. 1000,—. Han er disponent for Eidsfjord møbelfabrikk. Eigedomen nytta som bustadtuft. Håvard Wiik er f. 1908 og er son til Håvard og Oline Bertina Wiik frå Lindås. Han er g.m. Astrid Johannesdtr. Straume f. 1910 (sjå Myster bnr. 6).

Born:

Bjørn f. 19**.
Kjell f. 19**.

BRUK 25, ALLTUN

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 1 1946.

Heimelen har eigaren på bnr. 1. Stykket ligg ved sjøen på Eidsland, ved kaien, og er brukt til makeskifte med Bruvik kommune.


BRUK 26, NYHOPEN

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 1.

1946 selt til Bruvik herad. Stykket er nytta som dampskipskai og ligg saman med denne.


Bruk 27, ELVEBREKKA

Skyld 1 øre, skilt frå bnr.3 1947.

Heimel har Einar Eide bnr.3.


BRUK 28, VIKA

Skyld 3 øre, skilt frå bnr. 2.

1947 selt til Bruvik herad. Stykket er tuft til folkeskulen på Eidsland.


BRUK 29, VIKA

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 3.

1947 selt til Bruvik herad. Sjå bnr. 28.


BRUK 30, GARATUN

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 1.

1949 selt til Guttorm Lillejord. Eigedomen ligg ved Naustleitet og er nytta til bustadtuft. Guttorm Andreasson Lillejord, f. 1912, er postopnar. Foreldra hans er Andreas H. Lillejord og Gurina. Han er g.m. Olga Berntsdtr. Førre frå Avaldsnes, Rogaland.


BRUK 31, FJORDGLYTT

Skilt frå bnr. 30.

1949 selt til Arnljot A. Lillejord og kona. Arnljot Andreasson Lillejord f. 1901 (sjå Eide bnr. 4) er lærar på skulen på Eidsland. Han er g.m. Malena Gudmundsdtr. Nottveit.

Born:

Finn Atle,
Eirinn Tove.


BRUK 32, LITUN

Skit frå bnr. 8.

1950 selt til Gunnar 0. Nese. Eigedomen er nytta som bustadtuft. Gunnar Olsson Nese f. 1909, er vegarbeidar. Foreldra hans er Ola K. Nese og kona Anna A. Nese, Eksingedalen. Bror hans, Augustin Nese, bur på Myster, sjå bnr. 16. Gunnar Nese er g.m. Aslaug Jakobsdtr. Eide bnr. 2 f. 1909.

Born:

Roald f. 19**.
Sigrunn Anbjørg f. 19**.


BRUK 33, LIBAKKEN

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 8.

1950 selt til Andreas Eide. Eigedomen er nytta som bustadtuft. Andreas Eide, f. 1901, er vegarbeidar. Han er son til Anna Johannesdtr. Eide bnr. 2 f. 1875 og er ugift.


BRUK 34, MOBERG

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 3.

1955 selt til Jakob Mo og kona. Eigedomen er nytta som bustadtuft. Jakob Olsson Mo, f. 1913, er disponent. Foreldra hans er Olav og Brita Mo, Modalen. Han er g.m. Aslaug Klara Henriksdtr. Matre, f. 19**. Hennar foreldre er Henrik og Anna Matre, Masfjorden.

Born:

Olav f. 19**.
Sveinung f. 19**.
Torunn f. 19**.
Audun f. 19**.


BRUK 35, SJØTUN II

Skyld 1 øre, skilt frå bnr. 1.

1955 selt 1957 til Samvirkelaget, Eidsland, for kr. 20.500.


Bruk 36.


Bruk 37.


Bruk 38.

Skilt frå bnr. 2 1960 og skøytt frå Magnus Eide på bnr. 2 til sonen John Eide. Stykket er nytta som bustadtuft. John Eide f. 19**, er sjåfør. Han er g.m. Jorunn Johannesdtr. Mo, frå Modalen.

Born:

Åshild f. 19**.
Magnar f. 19**.


PLASSET BROTET



Johannes Jakobsson Eide bnr. 2 f. 1842 fekk 1866 festa eit plass under bnr. 2 som vart kalla Fagerbø, men i daglegtalen heitte Brotet. Arleg avgift var 1 spd. Johannes vart g. 1863 m. Brita Nilsdtr. Myster bnr. 4 f. 1841. Johannes d. 1922.

Born:

Kari f. 1864 g.m. Mons Ingebrigtsson Eikefet, busett der.
Jakob f. 1866.
Nils f. 1869.
Knut f. 1872.
Marta f. 1873 g.m. skomakar Ole Andersson Nesse.
Johan f. 1875.
Helga f. 1877 d. 1881.
Marie f. 1879.
Hilda Berentine f. 1882.
Marie f. 1885 g. 1912 m. gardbrukar Olav Jakobsson Høvik.
Andreas f. 1887.


HUSFOLK

Johannes Haldorsson Eikefet f. 1725 d. 1801 og kona Anna Magnesdtr. Eide bnr. 1 f. 1737 d. 1813 var fyrst inderstar på Eikefet, men kom til Eide kring 1770 og vart husfolk her. Johannes var bror til Bertil Haldorsson, brukar på bnr. 2.

Born:

Ingeborg f. 1760 d. 1840 g.m. enkjemann Jakob Bertilsson Eide bnr. 2.
Anna f. 1761.
Kari f. 1763 d. 1828 ugift.
Magne f. 1766 g.m. Anna Helgesdtr. Veo bnr. 4.
Magne vart brukar der.
Kari f. og d. 1768.
Kari f. 1770 d. 1837.
Magne f. og d. 1775.
Haldor f. 1777.
Marie f. 1779 g. 1825 m. Olav Ivarsson Vikene.
Kari f. 1781 d. 1802.


Haldor Torbjørnsson Mellesdal f. 1801 vart 1821 g.m. Marta Larsdtr. Eide bnr. 3 f. 1797. Dei budde på Eide ei tid.

Hadde då eit barn til dåpen.

Marta f. 1826 g.m. Isak Larsson Saue, Voss.


Johannes Jakobsson Litlebergen f. 1806 vart g.m. Kari Bertilsdtr. Eide bnr. 2 f. 1818. Dei budde som inderstar på Eide ei tid, men flytte 1838 til Langeland i Haus. Medan dei budde her, fekk dei sonen Jakob f.1837 d.1838.


Bertil Bertilsson Eide bnr. 2 f. 1820 vart g.m. Sigrid Johannesdtr. Eikefet f. 1826. Dei budde ei stutt tid på Eide, men 1855 var dei komne til Berås i Lygra. Sjå Øyene/Øye, Bergsdalen.

Medan dei var her, fekk dei dottera:

Brita f. 1849.


Einar Monsson Vik, St., bnr. 1 f. 1839 vart g. 1861 m. Ingeborg Olsdtr. Eide bnr. 1 f. 1840. Dei budde på Eide ei tid som husfolk, men kjøpte seg sidan gard i Espedal, Sunnfjord, og flytte dit kring 1875. Denne garden er framleis i slekta.

Medan dei var her fekk dei desse borna:

Marta f. og d. 1861.
Mons f. 1863, lagersjef, busett Salhus, g.m. Kari Andersdtr. Eikemo.
Marta f. 1864.
Ola f. 1866.
Karoline f. 1876 i Sunnfjord vart g.m. Lars Gudmundsson Eide på bnr. 3.


Johannes Monsson Stamnes bnr. 1 f. 1841 vart g. 1862 m. Anna Larsdtr. Eide bnr. 3 f. 1842. Dei busette seg på Eide, der dei 1875 er kalla inderstefolk. Dei busette seg seinare i Ytre Arna.

Born:

Ivar f. 1862, sjå Stamnes bnr. 19-20.
Anna f. 1863.
Mons f. 1867.
Ingeborg f. 1874.


Mons Matiasson Brørvik f. 1859 og Helga Johannesdtr. Eide bnr. 2 f. 1861.

Barn:

Mons f. 1885 på Eide.


Gudmund Ivarsson Grautå f. 1852 vart g.m. syskinbarnet sitt Marta Larsdtr. Eide bnr. 3 f. 1840. Dei busette seg på Eide, der Gudmund var smed, ved sida av at han arbeidde som gardsdreng hjå verfaren.

Born:

Lars f. 1874.
Brita f. 1875.
Ingeborg f. 1876.
Oline f. 1877.
Ivar f. 1880 d. 1904.
Marta f. 1881 d. 1889.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy