Dugnad og grannesamarbeid, av Åsmund Hatlestad

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 11:57, 12 januar 2008 by Rolferik (Talk | bidrag)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Bergsdalen | Bergsdalen Innhald


Dugnad og grannesamarbeid
Av Åsmund Hatlestad.


I Bergsdalen, som i alle små bygdesamfunn, har dugnad og samarbeid vore halde høgt i hevd i eldre tider. Dette positive samarbeidet var ein viktig faktor for å overleva og ha framgang i ei lita fjellgrend. Mest var dugnadsarbeid brukt når det galdt transport av byggematerialar og taktekking.

Før på 1800 takt var det knapt ei skikkeleg tømrastova her i dalen, det var steinstover og steinflorar som rådde grunnen då. Men til steinhusa trongst òg noko trevyrke, og dette måtte for det meste skaffast frå andre bygder, og det vart frå Rasdalen, Bolstad, Evanger, Træn, Skjeldal og andre stader.

Å få desse materialane heim over eit par mil lange fjell, kravde mykje slit og arbeid. Det var då grannane samla seg til dugnadsarbeid med køyring, draging eller bering alt etter som lendet var. So fekk dei seg eit mål mat når dei var i tunet med lasset. Då det leid fram på 1800 talet, vart det meir og meir vanleg å få seg tømmerstover på gardane her, med kjellar under og lem oppå, men det var steinstover i bruk her til alle fyrst i 1900 åra. Sume kjøpte tømmerhus som var til sals i andre bygder og flytta hit. Andre kjøpte fura på rot, hogde og fekk det saga, og gjorde dugnad på å få det heim. På Bolstad hadde bergsdalsbøndene i sameiga ei stor blokk (talja) med tog. Den vart brukt til å ta tømmeret opp bratte kneikar, der hest ikkje vann med det. Talja vart då festa oppe på bakken, eine enden av toget gjekk til lasset og den andre til hesten, so kunne hesten dra i unnabakke medan lasset for motebakken opp.

Frå Rasdalen køyrde dei tømmeret fram på kantane fjellovergangen Berge-Bolstad og løypte det ned ein bratt bakke. Der heiter det framleis Løypesbakkane. Dei øvste i dalen tok helst husvyrket sitt anten frå Træn, Skjeldal eller Nestås. Då køyrde dei om isane som dei sa, det vart over Svartetjørna, Hamlagrøisen og mest mogeleg etter elv og vatn nedetter dalen.

Over Kinnæ kom dei òg med materialar, seiest det. Der er det svært bratt til dei kjem oppå, sidan er det bra lende å køyra i. All den lange transporten kunne lite nytta utan god dugnadshjelp.

Når det var "hustak" var det støtt dugnad. Det galdt å få taket ferdig på ein dag, og det måtte vera lagleg ver og vindstille, elles bles nevra av fortare enn ho vart pålagd.

Å leggja eit godt nevertak var eit grannvart arbeid, som berre dei eldste og mest vane vart tiltrudde. So fekk dei som var yngre vera med og læra etter kvart. Ungdomane vart sette til skaffa never, mold og torv på taket, dei vart kalla "moldtrodl".

Då køyrevegen kom gjennom dalen, vart mangt annleis. Sidan vart alt hustilfang teke med jarnvegen om Dale, men dugnadskøyringa vart brukt til fram mot siste verdskrigen.

Før det kom gravstad i dalen i 1902, var dalen oppdelt i fire gravroter. Dette hadde ingenting å gjera med bedelag, men fire mann innanfor si rota eller gravarlag, hadde på seg å frakta kista frå heimen til gravstaden på Bolstad. I endå eldre tid til Evanger kyrkjegard. Fosse og Øye var ei slik rota. Brekke og Lid var ei. Solberg, Berge og Hatlestad var saman om ei, og Kaldestad, Småbrekke og Rødland hadde øvste rota.


I Storebotn på Fosse hadde "nidølingane" i gamal tid sett opp ei gangbru over Bergsdalselva, i samarbeid og kostnad. Dette gjorde det mogeleg å koma til Dale og sjøen denne vegen, endå om det var ein skrøpeleg gangveg å fara. Det hende at folk nedst or dalen for til Haus kyrkja, og kan henda til Bergen denne vegen.

"Oppedølingane" gjekk saman om å laga bru over Kaldaonæ. Der hadde berre vore utlagt laup som dei kalla. No vart det fast bru, der både kløvhest og storfe kunne ferdast trygt over. Attåt tok dei til å planera ut gangveg ved vassmålet gjennom Bergsurda mellom Hatlestad og Berge. Den gamle gangvegen gjekk om Skare på Hatlestad og fylgde fjellfoten til Geitebotsgroa ved Berge. Han var både lang og tung, og steinsprang frå Berget gjorde han utrygg å fara. Men vegen ved vatnet vart aldri ferdig. Då dei fekk vissa for at det skulle koma køyreveg, slutta dei av, men enno viser litt av arbeidet deira med dette.

Om det minkar med dugnadsarbeidet no, so er det enno i bruk av og til, t.d. ved støyping når det trengst stort mannskap, eller om ein mann står i beit med å få gjort vår- eller haustingsarbeidet sitt. Det er ein god skikk som ikkje bør gløymast av.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org
Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.

© Formgjevar og teknisk ansvarleg Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy