Den gamle driftevegen, av Åsmund Hatlestad

Frå Vaksdal Historielag

Revision as of 12:48, 8 januar 2008 by Rolferik (Talk | bidrag)
(skil) ←Eldre versjon | Vis noverande versjon (skil) | Nyare versjon→ (skil)
Jump to: navigation, search

Den gamle driftevegen og "fjellmannane"
Av Åsmund Hatlestad.


Frå utgamal tid har den landfaste ferdslevegen mellom Voss og Bergen vore kjend og brukt av både fant og fagnadmann, som det heiter. Samferdsla mellom desse stadene kunne òg gå sjøleies, med båt mellom Bolstad og Bergen.

Den gamle postvegen tok ei litt anna lei. Den fylgde dalføret frå Voss til Bolstad, so med båt til Dalseid, over land til Dalebryggja og med båt att til Garnes, sidan landveges til Bergen, og same vegen attende.

Men med fedrifter for dei alltid fjellvegen, egen, heilt til vossebana vart opna i 1883.

Kor store nautdrifter det stundom kunne vera, får me ein toknad av etter forteljingar frå dei gamle som hadde sett det. Dei gav opp stadnamn i terrenget, der fyrste og siste dyret i drifta var samstundes, og dette lyt etter vurdering vera 12 - 1300 m. Ei so lang rad laut telja mange hundre dyr, alt etter so tett dei gjekk samla. Truleg var det då fleire eigarar som hadde slege seg saman. Ikkje alle flokkar var so store, men det kunne fara fleire av dei kvar haust, og alt saman var kjøtforsyning til Bergen.

I Bergsdalen og elles i vossebygdene vart desse driftekarane kalla "fjellmenn", avdi dei heile sumaren låg i høgfjellet og gjætte dyra, som vart henta hjå seljarane ved jonsoktid. Der det var stølar og brukt beitemark, var desse flokkane lite velsedde, dei måtte halda seg so høgt til fjells som råd var. Der heldt dei flokken samla, og styrde berre langsamt i den lei dei skulle fara til hausten.

Det er fortalt at det kom fedrifter, ikkje berre frå Voss og Sogn og Fjordane, men og frå Hallingdal, som skulle til Bergen. Like eins er det fortalt om drifter frå Sogn som for opp Aurlandsdalen om Finse og vidare fram heilt til Drammen og Kristiania på same måten. I dag veit me ikkje so nøye kvar dei fann sumarbeite til alle dyr som for til Bergen om hausten. Men me kan gå ut frå at fjelltraktene ved Myrdal, Raundalen og Bordalen vart nytta. Likeeins Stølsheimen med sine store beitevidder. Og då låg vegen grei, om Gullbrå, Kvitenosi, Vålane og Sakhaug, der dei måtte over Vosso.

Hit kom fedriftene til vanleg sør for Veten, gjennom Lonane og ned Kaldådalen til Hatlestad. Vidare om Berge til Korane, der dei kryssa Bergsdalselva. Då kom dei til ei allmenning dei kalla Fjellmannaøyane. Allmenningen låg under Berge, og driftekarane hadde ei avtale med bergsmannen at han kunne slå høy i ei løda der, men kom det fedrifter so seint at det var lite mat å finna ute, kunne fekarane ta høy i løda og fòra dyra sine med, er det fortalt. Ei kvinna som heitte Borni, skulle vera frå Osterøy. Ho hadde, kanskje med fjellmannane si hjelp, sett opp ei hytte der i allmenningen og dreiv det som eit lite vertshus. Ho hadde øl og brennevin til sals, og det vart sikkert kokt mang ei god kjøtgryta der medan folk og dyr fekk seg ein kvilepause. Truleg møtte folk or dalen dg opp her for å bisnast på dyreflokkane. Og hadde dei slaktedyr til sals, kunne dei verta av med dei her. At det kunne verta fyll og leven her, som Haukanæs skriv, er lett å tru, men det ligg langt attende i tida og uvissa. Heller ikkje kan me få tidfesta når Borni var der, men murane etter huset hennar har stade til nyleg, då det vart dyrka der. Men korleis det var eller ei, so har ho Borni for alltid fått namnet sitt knytt til eit av dei finaste fjellparti i Bergsdalen: Borninolten. Det må vera rimeleg å tru at det er "fjellmannane" som har sett navn på denne "nolten" når dei såg han på avstand og visste at bakom der budde ho Borni. Då har dei vel hasta mot Fjellmannaøyane som ørkenvandraren mot oasen.


Men i Fjellmannaøyane kunne heller ikkje verta so langt opphald, dei måtte lenger. Då tok dei av frå Bergsdalen og sette kursen over Vaksdalstfella mot Gullbotn. Vidare over Gullfjellet og ned Unnelandsdalen til Haukelandsvatnet, og so etter dalføret til dei kom til Årstad. (Ålrekstadr). Der sette dei dyra på hegn. Då var det tid for bymennene å ta med seg skillingar og eit par drenger og møta opp og ta seg ut slaktebeist. Og 2-3 nautslakt til kvar huslyd var ikkje uvanleg. Dette var heilårsforsyning, og kyrne var små samanlikna med i dag. Bymennene slakta heime kvar hjå seg, og nytta alt som nyttast kunne.


Det var ikkje berre slaktenaut til Bergen som for denne gamle driftevegen. Hestehandlarar for 6g her med driftene sine. Sauedriftene var dei som heldt lengst ut, til kring siste hundreårsskifte. Før køyrevegen kom, vart Bergsurda avstengd i båe endar, og der hadde driftekarane saueflokken sin gåande, medan dei for rundt i dalen og kjøpte opp all slaktesmale dei kunne få tak i. Smaledriftene vart helst drivne over fjellet til Vaksdal. Der vart det klypping og slakting, og kjøt og skinn teke med førsleskuter til Bergen.

No er det berre segner og forteljingar att om dei store fedriftene som for framom. Dei var i si tid viktigaste lekken i kjøtforsyningane til Bergen by.

Personlege verktøy