Dalen får elektrisk kraft, av Knut Rødland

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Dalen får elektrisk kraft
Av Knut Rødland


Bergsdalselva har gjennom alle tider vore med i det ressursgrunnlaget som folket nytta ut for å finna levelege vilkår for busetnad i dalen.

Elva låg der og gav sine tenester til alle årstider utan nokon påkostnad. Om sumaren kunne vesleguten og bestefar henta aure til gryta hennar mor, so ofte og mykje det var trong for.

Elva var det naturlege gjerde for buskapen i hamnehagane. Ho drog slipesteinen når den steinhogde stuttorven og vedøksa skulle kvessast. Og mange gardar hadde kvernhus der dei mól mjølet til graut og flatbrødbaking.

Elva kom til stor nytte om vinteren. Då låg isen, som mange stader gjorde framkoma langsetter dalen mykje enklare og snøggare. Isen var òg ei naturleg bru når vinterveden og fóret frå sørsida av elva skulle køyrast heim.

Alt dette var so naturleg og sjølvsagt. Ingen rekna med at det skulle verta større omskifte, med menneskelege inngrep, som ville skapa vanskar for praktisk utnytting i framtida.

Men so føddest ei ny tid i slutten av 1850 åra, som hadde stor innverknad på grenda vår.

Vossebanen vart bygd og teken i bruk i 1883. Og i boka om Dale Fabrikker 1879 - 1937 står det: "De første maskiner kom til Dale den 9. april 1879, og så gikk det slag i slag med transport og installering".

Veganlegget Dale - Fosse var under arbeid frå 1891-95.

Nettopp i denne tidbolken var det framsynte folk fekk interessa for elverettar og fallrettar. Og Bergsdalen med si elv og sin geografi var so velskapt for kraftutbygging at dei som hadde auga for slikt måtte sjå og skyna sjansane.

Det var i 1896 at brukseigar Wollert Konow kjøpte Bergsdalsvassdraget frå grensa til Bruvik kommune i vest til grensa mot Kvam i sør og Voss i aust, omlag 20 km.

I artikkelen: "Bergsdalsvassdraget-kraftutbygging" skriven av Lars Ljone ved Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap, er det fortalt om vidare sal og utnytting av vassdraget.

Seinare vart Wollert Konow stortingsmann og statsminister. Dei gamle fortalde at då Konow tinga om kjøp av elverettane, lova han at han skulle gjera sitt til at vegarbeidet frå Fosse til Hamlagrø skulde koma i gang snarast råd var.

Det er heilt naturleg at ein slik lovnad var med og gjorde elvahandelen lettare for Konow.

Det er underleg i dag å sjå attende på "billegsalet" av elvarettane i 1896. Og bøndene tok ikkje unna i avtalen fri straum, slik som vart meir vanleg i andre bygder når elverettar vart selde.

Men me ber ikkje fram nokon kritikk av forfedrane våre for dette. Dei hadde lite kunnskapar om kva omfang ei kraftutbygging i dalen ville få, og det var ikkje ålment kjent at nettopp på desse tider fann dei fram til metoder i Frankfurt Am Main i Tyskland som gjorde at elektrisk straum kunne førast på leidningsnett over lange avstandar.

Men ein ting kan me ikkje sjå bort frå, at utnyttinga av vassdraget vårt til kraftproduksjon har vore med og skapt mange gode og sikre arbeidsplassar kring i distriktet og i Bergen by.

Det var i 1920 åra at Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap (seinare kalla: B.K.K.) søkte om konsesjon for utbygging av Bergsdalsvassdraget.

Bøndene prøvde den gongen å få med i konsesjonsvilkåra at kvart gardsbruk skulde få 3 kW fri straum.

Men Evanger heradstyre vågde ikkje taka med dette kravet frå Bergsdalen. Då same saka kom til førehaving og avgjerd i statlege organ, sende Bergsdalen bondelag ein av bøndene til Oslo for å få kravet med i vilkåra for utbygging. Men heller ikkje dette førde fram.

År 1935 den 12. oktober kom melding til Bergsdalen Bondelag frå Evanger formannskap at statsminister Wollert Konow og hustru Frigga Konow den 15. oktober 1931 hadde testamentert eit fond til dalen. Fondet var på kr. 25.000.– og skulle brukast i samsvar med statuttane for fondet.

Dei fyrste vedtektene varde frå 1937 til 1967, då vart dei noko omarbeidde, etter at Bergsdalen var komen inn i Vaksdal kommune. Då bondelaget dryfta denne saka, var det semja om at rentepengane frå fondet burde gå til kraftforsyning for dalen.

Ei nemnd vart vald, som fekk i oppdrag å arbeida ut planar for kraftforsyning til heile dalen.

Evanger kommune hadde ikkje den gong planar om å byggja ut linenettet utanom dei sentrale strok på Evanger og Bolstad.

Nemnda vende seg til B.K.K. for å høyra om dei hadde planar for linebygging gjennom Bergsdalen. Svaret var at det hadde dei ikkje. Då tok nemnda kontakt med overingeniør Lægreid for Elektrisitetsforsyninga i Hordaland fylke. I samråd med han vart det laga planar med kostnadsoverslag for kraftforsyning i Bergsdalen. På grunnlag av dette vart det sendt søknad til staten om tilskot stort kr. 33.280,–.

Tingingane med Evanger om stønad der ifrå drog i langdrag. Og staten ville vita dekningsplan for utbygginga før dei kunne gjeva tilsegn om tilskot.

Overslagssummen var på kr. 54.700,–, og nemnda fekk fullmakt av bøndene til å søkja om lån. Men eit slikt lån måtte ha kommunegaranti.

Slik gjekk tida til krigen kom, og det såg ikkje ljost ut for kraftforsyning til grenda. Men so kom eit vendepunkt i saka. B.K.K. trong straum til drift av ein reguleringstunnel for senking av Hamlagrøvatn.

Den 24. oktober 1940 kalla B.K.K. nemnda frå Bergsdalen, og Evanger Kommune, inn til eit møte for å drøfta spørsmålet om linebygging gjennom dalen til Hamlagrø.

År 1928 vart halde eit reguleringsskjøn for overføring av Torfinno til Hamlagrø og Bergsdalen. Bøndene hadde då på ny fremja kravet om 3 kW fri straum til kvart bruk i dalen.

Denne gongen fekk kravet stønad i Evanger, men departementet svara nei. - Men i ein uttale til Evanger kommune seier departementet. "Med hensyn til de eiere ved Bergsdalen som tidligere har solgt sine rettigheter, er komiteen med departementet enig i at disse i en rimelig utstrekning bør tilgodesees".

Vidare heiter det: "I det man henviser til disse uttalelser, skal departementet be henstillet til Evanger kommune å oppta denne sak til behandling snarest mulig og tilstille departementet meddelelse om resultatet".

Denne uttalen frå departementet kom fram under arbeidet med saka om kraftforsyning til Bergsdalen, og var kan henda med å mykja opp forhandlingane med Evanger.


Avtalen vart soleis:

Bergsdølene gav fri linegrunn til høgspent og lågspentnettet. Dei skulle yta 240 gratisdagsverk på lågspentlina, og stilte til rådvelde kr. 15.000,–, som staten hadde gjeve tilsegn om til kraftforsyning i Bergsdalen.

B.K.K. skulle byggja høgspentlina. Dei fekk rådvelde over dei 15.000 kronene som staten gav i tilskot, og frå Evanger kommune fekk dei noko linemateriell (Ålvikalina).

Evanger Kommune skulle byggja lågspentnettet. Og for den innsatsen og ytingane Bergsdalen gav, skulle me få ein lågare kraftpris. Heradstyret gjorde seinare vedtak om 10 % lågare kraftpris for Bergsdalen enn elles i kommunen.

Denne avtalen skulle førebels gjelda i 30 år.

Hausten 1941 var alt klart til linebygging. B.K.K. var ferdig med høgspentlina. Men Evanger vanta stolpar til fordelingsnettet, og stolpar var ikkje lett å få tak i. Då drog bergsdølene til Evanger og hogde 90 stolpar i Haugahagen og frakta dei til Bergsdalen. Driftsstyrar Ola Gulbrå stakk lina og leia arbeidet, medan folket i dalen sette opp stolpane og strekte trådane.

Då dei 240 dagsverka var til ende, var lågspentnettet omlag ferdigt. Men den lange leveringstida på transformatorar gjorde at me ikkje fekk straum før i november 1942.

Alle installasjonar i bustadhus og florshus var unnagjort til den store dagen me kunne skru på straumen.

Nemnda søkte til A/S Dale Fabrikker og fekk kr. 5000,– til fordeling for installasjonsarbeid. Og rentene frå Konow-fondet vart etla utmed kr, 130,– til kvart gardsbruk til same formålet.

Nemnda hadde klar tingingslista på straum frå kvar husstand i dalen, det var frå 1. kW til 3. kW pr. husstand.

Det var ein underleg dag for Bergsdalen då me for fyrste gong skruva på brytaren, og det lyste i stova og flor.

Og straumen kom då me trong han alle mest.
Det var lite parafin å få tak på den tid under krigen. Den 15. november 1942 var heile Bergsdalen og mange gjeste samla i Fredheim til "ljosfest".
Alle i grenda var samde om at dette var ei storhending i dalen si soga, som måtte feirast.
Kvinnene i dalen duka bord med det likaste dei hadde av mat, og folk kunne verdsetja god mat under krigen.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy