Bukkestein

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag | Bygdebøker for Vaksdal | Vaksdal bygdebok band III


Gards og ættesoge for Bukkstein.


GNR. 24 BUKKSTEIN


Innhaldsliste

INNLEIING

Ligg på vestsida av Veafjorden om lag 1,5 km nord for Veo. Grensar til Veo, Mo, Toskedal og Kallvik. Tunet og innmarka ligg på eit nes med nokolunde flatt lende. Elles er det meste av gardsområdet bratte lier som stuper ned i fjorden. Her er ikkje liten skredfåre. I seinare tid har det gått fleire store skreder på innmarka. Den eine kom oml. 1887. Då var skaden så stor at skylda for garden vart sett ned med 1/8 ved resolusjon tinglesen 1887. Den siste skreda kom om lag 1900. Det var det dei kallar ræsing, ei blanding av snø og vatn som kom veltande. Grannane i krinsen og folk inne frå Stamnes kom og hjelpte til å rydja opp att. Mange hjelpte utan vederlag, som vanleg var i slike høve.

Til grannegarden Veo er det gongveg. Elles går det meste av ferdsla over fjorden.

Gardsnamnet vart skrive Buckesteen 1610, Biuckesten 1620, Buchesteen 1667 og 1723. På 1800-talet skreiv dei Bukkesteen el. Bukkesten. Den siste forma er ofte nytta av dei som har gardsnamnet til slektsnamn. I bygdemålet heiter garden bo'kkstein. Steinen som garden har namn etter, ligg nede ved sjøen, tett attmed Øykjaskjeret. Segna fortel at det var ein bjørn som heldt på ta ein bukk, men bukken berga seg opp på den store steinen. Namnet Øykjaskjeret meiner folket på garden kan koma av at dei har leidd hestar over dette skjeret når dei skulle i båt.

1863 heiter det om lægjet åt garden: Wed Søen er derfra 5 3/4 Mill til Bergen. Let hjemme men besværligt til Slaatterne. Lidt Skinlændt.»

Grensa mot Veo tek til i Holeløypet innanfor Holeelva. Derifrå går ho opp i Bjørkehaugen, over Holeelva til Rundhaugen, sidan opp i Kleivhaugen og til Kleivamyra. Grensa går vidare over nedste delen av Osphaugen, tvers over Olderstallen, utom Marahaugen, Nipebotnen og Nipo og kjem ned i Tverånæ oml. 50 m. nedanfor osen åt Ljosavatnet. Sidan fylgjer grensa Tverånæ til Fjellbotsvatnet. Litt av Fjellbotsvatnet og mest heile Strupedalsvatnet høyrer til Bukkstein. Derifrå fylgjer merket søre og austre kanten av Snjonipo og går i austleg retning over Heiane mot nordenden av Bukksteinvatnet. Grensa mot Toskedal tek til i Strupedalshjellane. Grensa går over Bukksteinvatnet til ein stor stein nordaust for Bukksteinvatnet. Her møtest grensa mellom Toskedal, Kallvik og Bukkstein.

Grensa mot Kallvik vart fastsett ved grensegang i Kallvik 1837. Ho tek til i ein hamar under Rossevikløypet ved sjøen. Derfrå går grensa mot vest-nordvest opp til sjølve Rossevikløypet. Sidan i same line etter Rossevikløypet til ein stor stein som ligg i ein bekk. No fylgjer grensa bekken til ein stein, vidare i same retning til Austelidalen i ein stor stein. Derifrå i same line til utfallet åt Nipetjørna. Merket fylgjer no tjørna mot nordvest til eit skarv. Sidan går det mot sørvest til ein nedsett merkestein i Sundrekråa, vidare mot vest-sørvest til ein stein på Kråhaugen. Frå Kråhaugen går det i same retning til ein stor stein som ligg 60 alner nordaust for Bukksteinvatnet og som er siste punkt på grensa mot Kallvik.

Det er gjort fleire arkeologiske funn på Bukkstein. Eit par år før 1860 grov Sjur Davidsson (bnr. 1) ut fjøstuft i ein sandbakke ovanfor tunet. Han fann då ei steinhelle som var så stor at han ikkje kunne få henne opp utan å knusa henne. Under hella var eit holrom, truleg eit gravkammer. Av steinen i haugen nytta dei det som var brukande til fjøsmuren, og under dette kom det for dagen ein brynestein av kvarts. Distriktslækjar F. Ellertsen fekk tak i brynet og skreiv rapport til Bergens Museum 1860. «Rimeligvis har den sandbakke han omtaler været en Gravhøi; jeg havde ikke Anledning til at see den,» seier han. Nord for tunet, ca. 120 meter, tett sør for Smådalsbekken, ligg Smådalshaugen, og på sørvestre sida av han endå ein haug, båe truleg gravhaugar. Ca. 25 meter aust for Smådalshaugen er det funne eit sverd av jam, med hjalt, men det er diverre gått tapt.

Dei arkeologiske funn gjer det rimeleg å tru at Bukkstein var bygd i alle høve i vikingtid. Garden har truleg lege øyde ei tid etter svartedauden, brukaren på Bukkstein vert kalla øydejordsmann 1611. Det er mykje mogeleg at garden kan ha vorte brukt til beitemark for ein eller fleire av grannegardane i øydetida. Ei segn fortel at Veo-mennene brukte Bukkstein til kalvahage i gamal tid. No har garden beiterett i noko av Veo si utmark, men Holo eller bnr. 5 på Veo har beiterett i Bukkstein-marka.

Garden vart delt i to bruk i 1660-åra. 1720-50 var her berre ein brukar, men kring 1750 vart garden delt på nytt, og sidan den tid har her vore to jamstore bruk. Den munnlege tradisjonen på garden fortel fylgjande om delinga på 1700-talet: Brukaren Olav Olsson var enkjemann og gifte seg oppatt med ei enkje frå Elvik, Maria Gudmundsdotter. Kvar av dei hadde 7 born frå fyrste ekteskap. Enkja ville at Guri, dotter hennar, skulle få seg ein gard, og så vart Bukkstein delt. Arkivmaterialet syner at Guri var gift 1733 og at ho og mannen fekk bygselsetel på bruk 1 same året. Men garden var nok delt tidlegare. David, nesteldste son åt Olav, bygsla halve garden 1752. Han døydde alt 1765, og enkja gifte seg att med ein av sønene åt Maria Gudmundsdotter. Deira etterkomarar vart sitjande på bruk 2. Dette giftarmålet vart det også fortalt om i den munnlege tradisjonen på garden. Noko av slektstradisjonen er oppskriven i ei gamal skrivebok som finst på bruk 2.

Her har ikkje vore offentleg utskifting, og grensene mellom bruka er truleg ikkje serleg brigda sidan delinga. Innmarka er delt i to samanhangande teigar. Bruk 1 eig den sørlegaste teigen og bruk 2 den nordlegaste. Merket er ikkje beint, men går i fleire krokar. Det deler den gamle storåkeren i to teigar.

Bruk 1 vert til dagleg kalla dei dar oppe. Flor og løe åt dette bruket står eit godt stykke ovanfor dei andre husa, på ein stad dei kallar Geithustufta. Stovehuset stod også her oppe før, men her var ikkje trygt for steinsprang og snøræsing. Omlag 1870 vart stova flytt ned mot husa åt bruk 2. Her er truleg den eldste tunstaden. Bruk 2 vert til dagleg kalla dei dar nere. Før kalla dei brukarfolket der for dalane.

Stovehuset på bruk 2 vart ombygt 1923. Før var det ei bu i den eine enden med loft oppå. Denne delen var mykje lågare enn huset elles. I den andre enden var det stove med lem oppå. I midten gang med utelem.

1923 vart det laga kjellar under huset. Den gamle bua vart riven ned og ei ny stove bygd i staden. I gangen vart det delt av eit kjøken, og noko av utelemen vart panelt av til arkrom. I kvar ende av huset er det lem. Til om lag 1950 var det nevertak på stova. Då vart det lagt nytt tak av bylgjeeternit. Ovanfor huset er det ei vedskytje, bygd av standardverk. Oppå skytja er det eit tømra loft som dei før brukte til kledeloft. Taket er tekt med never. Løa ligg lenger oppe. Ho er bygd omlag 1870, av reisverk og med mura flor. Ombygd omlag 1959. Bortom løa er det ein gamal jordkjellar.

Flor og løe åt bruk 1 vart bygde 1873. Årstalet står på bindinga i 1øa. Floren er mura, avdelt med trevegg. I kyrafloren er det plass til 7-8 kyr og i smalfloren er det rom åt 10-12 sauer og 2-3 geiter. Motting vart tilbygt omlag 1915. Før låg møka under berr himmel. Løa er bygd oppå floren, av reisverk. Nørdste ramen er kledd med brake, dei andre veggene med bord. Før var det brake på søre ramveggen og. Der er ikkje låvebru, men 2 dører, ei i nørdste enden og ei på midten. Den siste er 2-delt og fører inn til låven. Før var det høystål i synste enden og kornstål i nørdste. No er det ombytt. Over høytufta er det stauraskukk.

1863 var det 8 1/5 mål åker på hovudbruka og 1/2 mål på plasset Rossevikneset. 1 3/5 mål var god åker, 2 mål middels god, resten ring. I Rossevikneset var det berre ring åker. Akrane var i store og små teigar, spreidde kring på bøen. Ein del av dei er no attlagde. På bruk 1 har dei lagt att Kringlo, Stallåkeren, Seljeteigen og Kjelderennet, men dei brukar framleis Storåkeren, Tuftæ, Ækro, Svoåkeren, Hønsaflekken, Floråkeren og Geithustuftæ. På bruk 2 brukar dei Storåkeren, Bekkjakroken, Skallen, Vetlækra, Inste-ækra, Urdakroken, Nylendo og Kråkehaugen. Men dei har lagt att Løbrekka, Bakken, Smådalshaugen, Storækra, og deler av Storåkeren, Skallen og Inste-ækra. Dei brukar framleis greip og spade til å arbeida opp åkrane med. Det vart slutt med korndyrkinga omlag 1935, men under siste krigen dyrka dei noko kveite.

Av naturleg eng var det i 1863 33 mål på hovudbruka. 11 2/5 mål var god, 3 3/5 mål var middels god, resten ring. På bøen har dei faste hesjar som dei går over og vøler kvar vår. Før var det trestenger i hesjane, og dei var bundne med bjørkekvist eller brakeband. No brukar dei streng. På bruk 1 har dei omlag 35 hesjar som alle har namn. Ved naustet står Rindahesæ, ved Fetæ Fitjahesæ, ved sjøvegen Sjogothesæ. I Storåkerholo er det ei hes, i Kirseberhagen ei, og på Kringlo ei. Så er det Dalahesæ, Vetla Myrhesæ, Apalstadlhesæ, Ekrhesæ, Mottingahesæ, Skjerpo, Pilhesæ (under floren), Svohesæ, Longhesæ, Haughesæ, Askhesæ, Stokkhesæ (ved Stokkurdæ), Kjellerennhesæ, Holehesæ, Storamyrhesæ, Kyrasteinhesæ, Geithusmyrhesæ;, Geithushesæ, Bekkjarennhesæ, Seljeteighesæ. Der er to Stadlehesjar, 3 Gardahesjar og 2 Ladberghesjar (under Ladberget). Ved Heggehamaren er det ei hes som dei tek ned om hausten.

Mellom innmark og utmark er det ikkje samanhangande bøgjerde. Sume stader er det bølvgjerdt. Ovanfor fjøset åt bruk 1 er det eit steingjerde på 15-20 m mellom to urdar. Mot nord har truleg elva vore grense mot utmarka tidlegare. No rekk innmarka eit stykke nordom elva.

I utmarka er beitet sams, men slått og skog er teigdelt. Fleire teigar er delte slik at det eine bruket eig slåtten og det andre skogen. I løypet, sør for innmarka, eig bruk 2 skogen, men bruk 1 har slåtterett frå sjøen opp til kyrahagen. I Akslateigen har bruk 2 slåtterett oml. 200 m opp frå sjøen, men bruk 1 eig skogen heilt til fjells. Delinga på innmarka held fram til fjells som grense mellom Heimaliteigane. Det er skogteigar.

Skogen som høyrer til garden er heist lauvskog.

1661 var her «Brendeued Schouff til Husbehoff».

1863: «Nok til Brende Huseved og til Husbrug». Dessutan kunne dei selja ved for 16 spdl. årleg netto.

Utmarkslått er her mykje av. Dei slo kring liene og sende graset nedåt sjøen i rodder. Liaslåtten er det no mest slutt med. Mykje av høyet frå utmarka hadde dei inn i utløer og frakta heim om vinteren, anten i rodder eller i seinare tid på løypestreng. På Pinefjellet var det bytingsslått. Dei slo i lia eitt år, og i fjellet det neste. Der er ei løe, Dokkeløa, omlag 3/4 t. gonge heimanfrå. Siste året det var høy i løa var 1956. Der var rom til 14 bører. Det hende dei laut bera heim høy som ikkje gjekk i løa. Dette høyet henta dei i april-mai.

Bergløa ligg 1 times gonge heimanfrå. Der var det 37 bører smalahøy. Der var det og bytingsslått, renne som dei slo annakvart år. I Strupedalsløa står innskrive DOSB 1759. Denne løa var ei tid sams for båe bruk og delt med ein vegg. Brnr. 2 hadde slitter aust for løa og brnr. 1 vestanfor. Der var bytingsslått. Brnr. 1 slo eitt år i Lia og neste år i Flærne (Flædna). No har brnr. 1 løa åleine. Ho er ombygd og har vorte noko mindre. Der er rom til 26 bører. Høyet vart henta på vårparten, i februar-mars, når det var skareføre. Dei stappa høyet i rodder og velte det ned til Bukksteinvatnet. Over vatnet og heimetter dalen brukte dei slede. Det siste stykket brukte dei løypestreng. Siste året dei slo i Strupedalsløa var i 1952 eller 1953. Dei siste mannsaldrane har dei brukt mykje løypestreng til å frakta høy. Det finst no minst 4 løypestrenger på garden. 2 av dei er sams for båe bruk. 1863 vart høyet frå utmarksslåttane rekna til 240 våger for året.

Om beitet heiter det 1863: «God Hjemmehavn ved Gaarden ogsaa SeerhavnMiil borte og tilsammen tilstrækkelig.»

Kyrne beiter først i Nedrehagen i Bukksteindalen. I Bjørkhaugen, eit kvarters gonge frå tunet, er det vårflorar. Der var det eit trede som dei slo. Høyet hadde dei på vårflorskukken og gav det til kyrne når det var kalde vårar. Elles vart det bore heim. 1914-18 hadde dei poteåkrar der oppe.

Fyrst i juli flytte dei til Bukksteinstølen. Der var seterhus, men ikkje florar. Budeiene låg på setra om natten og gjekk heim om dagen. Der var to sæterbuer med eit skot imellom. I buene hadde dei avdråtten. I skotet var sengjeplassar og grue. Kvart bruk hadde si helvt av skotet. Sæterbuene var bygde fyrst på 1800-talet. Tømmeret skulle vera hogge i dalen ved Bukksteinvatnet. Ved sørenden av vatnet ligg Seterbrotet. Der skulle husa vera bygde, og sidan borne opp til Lynghaugen og sett oppatt der. Sætra vart vølt for ein del år sidan med tømmer som var hogge i sams skogteig i Fjellbotnen. Sidan 1930 har setra ikkje vore i bruk. Dei låg på setra til sist i august. Sidan beitte kyrne ned i dalen til hausten kom.

Til småfeet hadde dei før både smalhus og geithus. Ved hundreårsskiftet hadde dei 8-10 geiter på kvart bruk. Dei gjekk heime haust og vår, men om sumaren var dei på hi sida av fjorden, i Fylingslid. Brukaren i Fylehaugen tok mot drottegeiter. Dei som åtte geitene fekk 2/3 av mjølka. Dei henta mjølka når det høvde. Før mjølka dei sauene. Då måtte dei stengja lamma inne om nettene.

I utmarka finst det fleire stader gjerde som skal stengja feet ute frå slåttene. Kvernstøde har garden i Holeelva. Kvart bruk har sitt kvernhus. Kvernhuset åt bruk 1 var bygt omlag 1930.

Sjøen har hatt ikkje lite å seia for denne garden. Tidlegare hausta dei tang til for. Dei siste par mannsaldrane har dei drive mykje med skjelskraping og har hatt bra innkome av det. Dei driv også laksefiske med kilenot. Johannes Olsson på bruk 1 tok opp det lakseplasset som dei brukar no. Det har også vore brislingbruk på garden. Sjå elles bygslesetel på plasset Rossviknes 1887. På bruk 1 har dei 3 naust. Det eine vert berre brukt til lagring av salsved. Det er bygt av standardverk, med ein skukk som dei plar turka hå på. Håninganaustet brukar dei til å hengja nøter i.

1844 vart det teke opp eit husmannsplass i Rossvikneset i utmarka ved nordgrensa åt garden. Der budde ein huslyd til om lag 1880. Seinare vart plasset bygsla bort til ein annan mann inne på Stamnes.


SKYLD OG UTREIDSLER m.m.

Gamalt matr.nr. 9 i Arna skipreide, nytt 1838 10. 1853 matr.nr. 139 i Haus tinglag. 1886 gnr. 35 i Bruvik. Landskyld fyrst på 1600-talet 1/2 laup = 36 merker smør. Matrikkelkommisjonen 1665 gjorde framlegg om at skylda skulle setjast opp til 2 pund = 48 merker smør.

1718: Landskyld 1/2 laup smør.

1774: Skatteskyld 2 pund smør, landskyld 36 merker. 1838: 3 dalar 2 ort 6 sk. 1886: 4,52 mark. 1665: Kandtiend 1/2 tn. Leidang, fredtoll, gjengjerd og vedpengar 2 mark 2 sk. Småtiend 5 sk. 1 hud. Husdyrskatt 1657 8 1/2 mark 3 skilling. Fødnad 1657: 1 ukse, 6 kyr, 4 kviger, 14 geiter, 23 sauer. 1863: 13 kyr, 4 ungfe, 48 småfe. 1875: 11 kyr, 1 ungfe, 31 sauer, 16 geiter, 1 svin. 1959: 3 kyr, 1 ungfe, 12 sauer, 1 svin. 1665: Sår 2 t. korn, haustar 5 t. 1863: Sår 7 t. havre, 6 t. poteter. Haustar 28 t. havre, 26 t. poteter, 1196 våger høy, 96 våger halm. I slåttene 240 våger høy. På plasset Rossvikneset avlar dei 8 t. poteter. Hovudbruka har beit og skav til 2 kufø³r. 1959: 51,2 mål innmark. Folketal 1801: 13 menneske. 1875: 28 menneske.


EIGARAR.

Munkeliv kloster åtte Bukkstein, men etter reformasjonen vart klostergodset drege inn under kruna. Om lag 1670 vart garden seld til stiftskrivar Herman Garman. 1703 fredlyste han skogen, som han meinte hadde vorte meir uthoggen enn lov og leiglendingsrett gav høve til. Då Garman var avliden 1710 kjøpte lensmann Johannes ø˜vste Mjelde Bukkstein og fleire andre gardar. Han fredlyste skogen på nytt 1712. I skiftet etter lensmann ø˜vste Mjelde 1733 ervde dottera Magdeli garden. Ho var då gift med Anders Nilsson Helle. Sorenskrivar Johan Garman åtte ein part i Helle, og meintest ha odelsrett til Bukkstein, saman med herr Jens Mariager og kommerseråd Lyder Schult. Dei let tinglesa odelsretten 1735. Det vart så gjort eit makeskifte 1744. Anders og Magdeli Helle gav Garman skøyte på Bukkstein for 36 rdl. Garman døydde om lag 1770, og enkja Engel vart attgift med hoffagent Hans Krohn i Bergen. I skiftet etter Krohn 1811 vart garden utlagd til dottera, madame Alida Kroepelin. I skiftet etter henne 1826 ervde Christian Kroepelin og Hans Krohn Kroepelin kvar si helvt av garden.

Hans Krohn Kroepelin gav skøyte 1841 til brukaren på bnr. 1 for 450 spdl. Skøytet var utferda av løytnant Pleym som hadde fullmakt frå eigaren. Christian Kroepelins verje, Hans Krohn, gav skøyte 1852 til brukaren på bnr. 2 for 200 spdl. og kår verdsett til 175 spdl. for 5 år.

Det vert fortalt at brukarane på Bukkstein fekk kjøpa garden på vilkår av at dei skulle gje kår til ein son åt jordeigaren. Han hadde vore til sjøs, og sidan hadde han vorte noko underleg av seg. Han skal liggja gravlagd på Stamnes kyrkjegard. Truleg gjeld dette Christian Kroepelin som åtte bnr. 2. (Sjå kårbrevet.)

1854 døydde «forhenværende kjøpmann i Bergen Christian Krøplin, opholdt sig som sindsvag paa gd. Bukkesten» 66 år gamal.


BRUKARAR TIL OM LAG 1710.

1591 Magne. 1611-30 øydejordsmannen Nils. 1638-55 Haldor Hansson og kona Ingeborg.


1664 var Nils Johannesson brukar av halve garden. Nils f. om lag 1637 hadde ei dotter, Anna f. 1663 g.m. Olav K. Furnes. 1694 var Helge brukar på halve garden. I manntalet 1701 er Helge Nilsson brukar. Han er 53 år gamal. 1711 vert brukaren kalla Helge Hansson. 1715 vert det halde skifte etter brukaren Helge Olsson. Han let etter seg enkja Dorte Knutsdtr. og sonen Nils Helgesson. Nettoeiga i buet var vel 11 rdl. Enkja dreiv bruket til 1720. Om det her har vore heile tre brukarar etter einannan som har heitt Helge, er vel uvisst. Det som synest vera visst, er at dei har site på same bruket. Ein son på dette bruket, Nils Helgesson, f. 1673 vart g. 1698 m. enkja Marta Olsdtr. Veo og vart brukar der.

Ågota Helgesdtr. f. 1683 vart g. 1708 m. Haldor K. Kalland.


1657 Gudbrand Davidsson f. 1615. Han var fyrst åleine brukar, men delte seinare garden med Nils Johannesson.

Born:

Brita f. 1656 d. 1730 g. 1692 m. Olav T. Søre Myking. Busett Kaldeklauv, Haus.
David f. 1663. Brukar her.
Ingeborg f. 1669 g. 1697 m. Knut J. Grøsvik.


1694 David Gudbrandsson f. 1663 d. 1727. Han var kyrkjeverje i Stamnes. G. 1686 m. Kari Knutsdtr. Tyssebotn.

Born:

Gudbrand f. 1688 d. 1710.
Maria f. 1691 d. 1741. Sjå neste brukar.
Anna f. 1694.


BRUK 1.

Daglegnamn: dei dar oppe. 1838 løpenr. 5. 1853: nytt løpenr. 547. Skyld: 1752 18 merker smør. 1838 1 dl. 3 ort og 5 sk. Revidert 1 dl. 3 ort og 4 sk. 1887: «Aftag for bestandig af 1/8 del af 1 ort 1 skill. i den urev. og 30 øre i den rev. Skyld». 1906: 2,11 skyldmark. 1863: 3 4/5 mål åker, av det var 4/5 mål god, 1 mål middels, 2 mål ring. 16 1/2 mål av det var 5 1/5 mål god, 1 4/5 mål middels, 9 1/2 mål ring. Sånad: 3 1/2 t. havre, 3 t. poteter. Avling: 14 t. havre, 13 t. poteter, 644 våger høy, 98 våger halm. Frå slåttene fekk dei 120 våger høy. Fødnad: 6 kyr, 2 ungfe, 20 sauer. Beit og skav til 1 kufór. Om skogen heiter det at der er nok til ved, hustømmer og til husbruk. Dessutan kan dei selja ved og ha ei årleg nettoinnkome på 8 spdl. 1959 var innmarka 25,2 mål og dei fødde 2 kyr, 1 ungfe, 6 sauer og 1 svin.


1713 vart Olav Olsson Sandvik f. 1695 g.m. Maria Davidsdtr. Bukkstein. Dei bygsla fyrst halve garden, sidan heile. 1752 let Olav frå seg halve garden til sonen David, sjå bnr. 2, og sat sjølv att med dette bruket. Olav var medhjelpar for presten i Stamnes.

Born:

Barbro f. 1714 g.m. Jon H. Kvamme, sjå Kvamme brukarar.
Marie f. 1717 g.m. Anders J. Stanghelle, sjå Stanghelle bnr. 3.
Olav f. 1720 b. på Romslo, Haus.
David f. 1722. Sjå bnr. 2.
Dordi f. 1725. B. i Toskedal bnr. 2.
Inga f. 1728 g.m. Olav J. Hvidsten (Kvisti), Haus.
Johannes f. 1733 b. på Romslo, Haus.

Olav g. 2. g. 1742 m. enkje Marie Gudmundsdtr. Elvik f. 1697 d. 1780. Ho hadde også 7 born frå 1. ekteskap, og fleire av dei må ha fylgt med til Bukkstein. Segna seier at garden vart delt i 2 bruk fordi enkja villa at hennar dotter Guri skulle få seg ei jord. Om det ikkje var nett slik det gjekk føre seg, så vart i alle høve Guri og hennar mann brukarfolk på d. bnr.


1773 bygsla Knut Brynjulvsson Meland f. 1748 d. 1811 og kona Guri Olsdtr. f. i Elvik 1731 d. 1823. Knut var lagrettemann 1788.

Born:

Maria f. 1774 g.m. neste brukar. Ingeborg f. 1776 g.m. David Sjursson bnr. 2.

Guri hadde ein son før ho gifte seg, Anders f. 1768. Hans far var Johannes Andersson Stanghelle. Anders bygsla Blom, Haus, til 1810, deretter Langhelle bnr. 1 til 1815. Sidan busett i Blomvåg i Herdla. G.m. Brita Mikkjelsdtr. Veo bnr. 2.


1806 bygsla Olav Knutsson Nese og kona Maria Knutsdtr. f. 1774 d. 1844. Olav f. 1774 d. 1847 var frå Nese i Eksingedalen. Han åtte eit bruk der, og dreiv det sjølv ei tid han busette seg her. Bruket på Nese vart selt 1822 til sonen Jakob. Olav var lagrettemann 1815 og skreiv under protokollen med bumerket sitt.

Born:

Jakob b. på Nese bnr. 3, Eksingedalen.
Knut, brukar her.
Guri f. 1799.
Kari.
Knut f. 1806 b. på Kleiveland, Hosanger, g.m. Marta Andersdtr. Mo, St.
Ole f. 1809 b. på Veo, sjå Veo bnr. 4.
Kristbjørg f. 1811 d. 1812.
Eiliv f. 1813 b. i Manger.
Kristbjørg f. 1817 g.m. Johannes B. Toskedal, sjå Toskedal bnr. 3.
Ole f. 1821 b. på Nøttveit i Manger g.m. Dorte Johannesdtr. Kvamme bnr. 2.

I skiftet etter Maria Knutsdtr. var nettoeiga vel 72 spd.


1841 skøyte til Knut Olsson for 450 spd. Foreldra fekk kår. Knut var den fyrste sjølveigaren på dette bruket, og han måtte setja seg i stor skuld då han tok over jorda frå Hans Krohn Kroepelin. Knut var g. 1. g. 1830 m. Maria Davidsdtr. frå bnr. 2 f. 1812 d. 1846. Dei budde her som husfolk til å byrja med.

Born:

Ole f. 1831 d. 1912, brukar her.
Ingeborg f. 1833, arb. i Dale fabr,
Marie f. 1834 g.m. Gudmund Johannesson Hesjedalsbotn, sjå Hesjedal, Dale sokn bnr 4.
David f. 1838, arb. i Dale fabr.
Anders f. 1841.
Kari f. 1844, b. på Ryland, Herdla.

I skiftet 1847 etter Maria Davidsdtr. var bruttoeiga vel 516 spd., men skulda var vel 469 spd., så nettoen var berre 47 spd. Bruket var verdsett til 400 spd. og vart utlagt til enkjemannen.

Knut g. 2. g. 1848 m. Brita Olsdtr. Nedre Mjelde.

Born:

Ole f. 1849 g. 1878 m. Kari Bertilsdtr. Nøttveit, b. Sandnessjøen, Helgeland.
Marie f. 1851, b. Votlo, Haus.
David f. 1854, busett Votlo, Haus, seinare Oslo.
Knut f. 1857, b. Votlo, Haus.
Marta f. 1860, arb. i Dale fabr.
Jakob f. 1864 d. 1892 ved ulukke på Bergsdalsvegen.
Ingeborg f. 1869, arb . i Dale fabr.


1868 skøyte til Ole Knutsson for 250 spd. og kår verdsett til 170 spd. for 5 år. Ole var g.m. Anna Johannesdtr. Grautå f. 1836 d. 1912. 3 born døydde før dei nådde vaksen alder.

Dei andre var:

Marie f. 1861.
Siri f. 1864 ug., b. hjå syster si på Romarheim.
Johannes f. 1866, brukar her.
Brita f. 1868 g.m. Mons Fotland, b. i Salhus.
Johanne f. 1870, b. Romarheim, g.m. Nils Kvamme bnr. 1.
Anna f. 1872.
Ingeborg f. 1876 g.m. Mons Rundhovde, b. Indre Arna.
Oleanna f. 1878 b. Indre Arna. Knutsine f. 1881 b. Indre Arna d. 1961.

Ole var kyrkjeverje i Stamnes og roteforstandar.


1891 skøyte til Johannes Olsson og kona Agate Olsdtr. for kr. 800 og kår, verdsett til 700 kr. for 5 år. Agate var f. på Kvamme bnr. 1 1858.

Born:

Anna f. 1892 arb. i Dale fabr., no b. her.
Ingeborg Johanne f. og d. 1895.
Ole f. 1897 brukar her.
Oliver f. 1899 b. her, driv laksefiske og ymse arbeid.
Ingeborg Johanne f. 1901 g.m. Harald Berget, Stamnes bnr. 11.

Johannes var mykje med i offentleg styre og stell, i heradstyre, skulestyre, liknings- og overlikningsnemnd, forsorgsstyre. Han var mykje bruka ved skjøn og utskiftingar, var kyrkjeverje, kravde inn kyrkjetiend og heradsskatt.


1932 skøyte til Ole Johannesson og kona Anna Larsdtr. for kr. 2000 og kår. Ole var g. 1. g. 1921 m. Borghild Rødland frå Bolstadøyri, Evanger. Ho døydde same året. Ole g. 2. g. 1924 m. Anna Larsdtr. Berget, Stamnes bnr. 11, f. 1894. - Han har vore mykje med i styre og stell i bygda.


Born:

Johannes f. 19** g.m. Klara Bernes, Hosanger. B. i Indre Arna.
Lars f. 19** gardsarb. b. her.
Agnar f. 19** fiskar b. her.
Borghild Reidun f. 19** g.m. Kåre Fylingslid, sjå Hesjedal, Dale sokn bnr. 3.


BRUK 2.

Daglegnamn: dei dar nere el. dalane. Det siste namnet kjem truleg av at den fyrste brukaren ei tid brukte Dale til etternamn. 1838: Løpenr. 6. 1853: løpenr. 548. Skyld: 1752: 18 merker smør. 1838: 1 dl. 3 ort 15 sk. Revidert 1 dl. 3 ort 4 sk. 1906: 2,41 mark. Fødnad 1762: 5 kyr (Gråskauta, vesle Bustjerna, Fagrei, Raudskauta, store Bustjerna), 1 kvige, 1 stut, 1 hest, 5 sauer med lam, 4 utan lam, 4 geiter med kje, 3 utan kje. Fødnad 1765: 5 kyr (Blåsida, Skauta, Skogrei, Påskrei og Bustjerna), 1 kvige, 1 hest, 3 lamsauer, 2 verar, 5 gimbrar, 5 geiter med kje. 1863: 4 2/5 mål åker, av det var 4/5 mål god, 1 mål middels, resten ring. Bøen var på 16 1/2 mål. 5 1/5 mål var god, 1 4/5 middels, resten ring. Sånad: 3 1/2 t. havre, 3 t. poteter. Avling: 14 t. havre, 13 t. poteter, 552 våger høy, 98 våger halm. Frå slåttene 120 våger høy. Beit og skav til 1 kufór. Fødnad: 7 kyr, 2 ungfe, 20 sauer. Der er skog nok til ved, hustømmer og til husbruk. Dessutan kan dei selja ved og ha ei årleg nettoinnkome på 8 rdl. av det. 1959 var innmarka 26 mål og dei fødde 1 ku, 6 sauer.


1752 bygsla David Olsson f. 1722 d. 1765. Han fekk overta halve garden hjå far sin, og var den første som sat med dette bruket. David har truleg butt ei tid på Dale eller har av ein annan grunn brukt dette namnet då han gjorde verneplikta si. Dimitteringssetelen hans finst i slekta enno og lyder slik:

«Hans Kongel. Majests. til Danmark og Norge, u. Tilforordnede Sessions Deputerede ved det Andet Bergenhuusische National Infanterie Regimente. Giør hermed vitterligt/ at nærværende den Mandhafte David Olsen Dahle haver tient ved ovenmelte Regimente, og LivCompagniet som Soldat udi 11 Aar; Og udi saadan Tiid ved alle forefaldne Occasioner, efter sin allerunderdanigste Pligt, forholdet sig Ærlig og Tro, som det een Ære-kier og Tapper Soldat sømmer og anstaaer; Men som han følgelig den allernaadigste udgangne Forordning de dato 28. Febnr. 1705 dens 23 Articul, som Soldat haver udtient, og han ved denne holdne Session er bleven dimitteret; saa meddeeler Vi hannem herved hans velfortiente ærlige Afskeed. Til Bekræftelse under vore Hænder. Actum Sessionen som holdtes paa Hougs den 7de Junij Anno 1751 - Paa Hr. Stiftbefalingsmand von Cizignons vegne efter Ordre

B. Smidth. C. W. Segelcke. J. Undall.
Lægd No 78.

Indbenefnte har Ligeledes som Landværnsmand tienet 3 Aar, og er derfra demitteret ved Sessionen paa Hougs d:5te Junii 1754.

W. Segelcke. J. Undall.»


David var g.m. Kari Ingebrigtsdtr. Øyo f. 1731 d. 1762. Ho var av velstandsfolk, og har truleg hatt ei bra heimanfylgje med seg då ho kom til gards. I skiftet etter henne er det av sylvsaker: 1 ugylt belte med 19 store og 5 små stølar og sprotte og sylgje, 1 staup, 3 skeier, 1 agnestei med forgylt dalar, 1 snor med nål, 2 ringar, 2 spenne. Der var 1 messing ljosestake, 3 tinnfat, 3 koparkjelar. Gangkleda åt Kari var: 2 stakkar, 5 trøyer, 5 linskjorter, 2 stryskjorter, 4 linhuer, 1 blått forklede med svarte snorer, 1 do. med raude og kvite snorer, 1 blårandut forklede og 1 kvitsaumsforklede, 1 par svarte hoser. Der var 1 gamalt svensk åklede og 3 andre åklede, 3 par kvitlar. Buet åtte ein åtringsbåt med segl, verdsett til 9 rdl. Krøtera var verdsette til 27 rdl.

Nettoeiga i buet var 82 rdl. 3 m. og 6 sk.

Born:

Ingebrigt f. og d. 1753.
Maria f. 1753 g.m. Olav Olsson Straume, sjå Straume bnr. 4.
Dordi f. 1755 g.m. Johannes Olsson Kallestad bnr. 1, b. Skauge i Lindås.
Ingebrigt f. 1757 bleiv på Straume 1828.
Guri f. og d. 1759.
Ole f. 1759 b. på Kvåstad, pl. Stølane.
Kari f. 1762 d. 1765.
Guri f.1762 d. 1824 g.m. Jon Johannesson Kvåstad, plm. i Stamnessundet.

David g. 2. g. 1763 m. Sigrid Olsdtr. Veo bnr. 2 f. 1744 d. 1812. I Strupedalsløa er innskore DOSB 1759, så denne løa var truleg bygd i hans brukartid. David døydde 1765, og det vart halde skifte som syner ei nettoeige på vel 82 rdl. Gangkleda åt David var: 1 grå kufte, 1 kvit kufte, 1 ermetrøye, 1 kvit trøye, 2 ullskjorter, 3 par hoser, 1 par svarte bukser, 2 par andre bukser, 1 par leistar, 1 barka vampe, 3 stryskjorter, 1 linskjorte, 2 brystdukar. Elles syner skiftet at 3 av systerborna åt David, Hans, David og Helga Kvamme var i teneste her. Dei hadde mist foreldra tidleg, og David var formyndar for Hans og David.

Born:

Eirik f. 1764.
Kari f. 1765.


1765 bygsla Sjur Olsson Elvik f. 1738 d. 1820. Han vor son åt enkja Marie Gudmundsdtr. som vart gift til bnr. 1. Sjur gifte seg no med Sigrid Olsdtr., enkja etter David Olsson. Sjur og David var stykbrør, så slektskapstilhøva på garden vart etter kvart nokså innfløkte. Sjur var lagrettemann 1788. I skiftet etter Sigrid 1812 var nettoeiga 151 rdl. 4 m. og 12 sk. 3 born døydde før dei var vaksne.

Dei andre var:

Kari f. 1767 g.m. Anders Johannesson Kvåstad pl. Stølane.
David f. 1775 brukar her.
Olav f. 1711 d. 1795.
Brita f. 1778 g.m. Johannes Mikkjelsson Veo, sjå Veo bnr. 2.
Olav f. 1780 g. 1815 m. Marta Knutsdtr. Vik, St, b. N. Mjelde, Haus.
Marie f. 1782 d. 1810.


1803 bygsla David Sjursson f. 1775 d. 1848. Vilkårsbrev til foreldra vart tinglyst same ant. David var lagrettemann 1815 og skreiv under protokollen med førebokstavane sine. David og kona Ingeborg Knutsdtr. f. på bnr. 1 1776 d. 1864.

Born:

Sigrid f. 1805 g. 1831 m. Gulleik Jakobsson Fosse, Hamre, b. her ei tid som husfolk.
Guri f. 1807 g. 1844 m. Knut Johannesson frå pl. Veastølen i Mellesdal.
Marie f. 1809 g. 1833 m. Gudmund Jakobsson Fosse.
Marie f. 1812 g.m. Knut Olsson bnr. 1.
Sjur f. 1814 brukar her.
Johannes f. 1816 brukar på Veo bnr. 3.
Kari f. 1820 g.m. Anders Johannesson Veo, sjå Veo bnr. 2.


1838 bygsla Sjur Davidsson f. 1814 d. 1907. Han gifte seg året etter m. Anna Danielsdtr. Veo f. 1819 på bnr. 3. Ho var jordagjente, og 1849 fekk Sjur tilsegn frå verfaren om at han i si tid skulle få skøyte på jorda som Anna hadde odelsrett til. Sjur og Anna vart likevel buande her. Dei fekk skøyte på bruket sitt 1852 for 200 spd. og kår til seljaren Christian Kroepelin, verdsett til 175 spd. for 5 år.

Born:

Ingeborg f. 1841 g.m. Anders Johannesson Toskedal, sjå Toskedal bnr. 2.
Synneva f. 1844 g.m. Johannes Io, Herdla.
David f. 1847 brukar her.
Marie f. 1849 g.m. Johannes Johannesson Toskedal b. Rydland, Herdla, og Tysse i Hosanger.
Daniel f. 1852 g.m. Dortea O. Kvåstad b. U.S.A.
Nils f. 1855 d. 1884 ug.
Johannes f. 1858 g.m. Marie Monsdtr. Sørhuglen f. 1855. Budde her som husfolk ei tid, sidan b. Rydland, Herdla, der Johannes var mylnearb.
Ole f. 1864 brukar på Kvåstad bnr. 1.


1881 skøyte til David Sjursson for kr. 800 og kår til foreldra. David f. 1847 d. 1930 g. 1872 m. Magdeli Olsdtr. Kvåstad bnr. 1 f. 1848 d. 1885. Ved skiftet etter Magdeli vart jorda verdsett til kr. 1200 og utlagd til enkjemannen.

Born:

Anna f. 1873 arb. i Dale fabr.
Gunhild f. 1876 arb. i Dale fabr.
Susanne f. 1880 ug. arb. i Dale fabr.
Oline f. 1882 d. 1932 g.m. telegrafarb. Karl Johan Simonsson Ytre Arne, b. Voss.

David g. 2. g. m. Sigrid Nilsdtr. Øyo f. på bnr. 2 1863 d. 1930.

Born:

Nils f. 1892 b. Tysnes. i U.S.A. 1955.
Johannes f. 1894 brukar her.
Magdeli f. 1896 g.m. Ragnvald N. Stamnes, sjå Stamnes bnr. 8.
Nils f. 1897 murar på Vaksdal Mølle.
Ragnhild f. 1899 g.m. Nils Simonsson Dyvik, sjå Dyvik bnr. 4.
Ingeborg f. 1901 g.m. Nils Johannesen frå Herdla, b. Indre Arna.
Sofie f. 1903 g.m. Tomas P. Bruvik, b. Dyvik.


1924 skøyte til Johannes Davidsson for kr. 2000. Kona Sofie Nilsdtr. er f. på Veo bnr. 3 1910.

Born:

David f. 19**.
Norvald f. 19**.
Sverre f. 19**.
Gunnar f. 19**.
Sigmund f. 19**.

Johannes har drive fiske og anna arbeid attåt gardsdrifta. Han har vore med i likningsnemnda og skulestyret.


HUSMENN

1701 var her 1 husmannsete. Der budde Olav Knutsson, 74 år gl. Kvar dette plasset var, er ikkje godt å seia. Kan henda var det på Ekrene, der det skal ha vore eit plass i eldre tid. Segna fortel at der budde ein husmann, Johannes, som slo seg i hel i Johansløypet oppe i lia.


PLASSET ROSSVIKANESET

Dette plasset ligg ved fjorden i den nørdste delen av gardsområdet. Grenser: Sjå festesetelen nedanfor frå 1887. 1863 var det her 1/2 mål ring åker, 2 1/2 må! middels god bø, 2 1/2 mål ring bø. Der vart avla 5 tunner poteter og fødnaden var 8 sauer. Bygselsum 10 spd. og årleg leige 4 dagsverk. Dei fyrste som budde her, skulle vera Ivar Jonsson Føre frå Evanger og kona Guri Olsdtr. Bukkstein. Dei var gifte 1825 og budde på Bukkstein som husfolk til å byrja med.


1844 fekk dei festesetel hjå Knut Olsson på bnr. 1 på dette plasset. Knut og Guri var syskin.

Born:

Guri f. 1825 g.m. Johannes Olsson Veo, sjå Veo bnr. 5.
Ingeborg f. 1826.
Marie f. 1830 g. 1858 m. Anders Monsson Tuften.
Jon f. 1833.
Olav f. 1836.
Anders f. 1840.
Hans f. 1846.
(Ei dotter, Kari, f. på Bukkstein 1858.) Husfolk på Nedste Mjelde, Haus, seinare brukar på Runnhovda.


1887 festesetel til Ole Olsson Stamneshella. Han var f. 1844 på bnr. 2 i Toskedal. 1885 bygsla han pl. Hesjebakken på Stamnes og busette seg der. Sjå Stamnes bnr. 33. Så vidt ein kjenner til, budde ikkje Ole i Rossvikaneset, han berre onna det.


HUSMANDSSEDDEL


Jeg undertegnede Ole K. Bukkesten gjør herved vitterligt at have stedet og bortbygslet til Ole Olsen Stamneshellen paa hans og hustrus levetid til brug og beboelse den under min anpart i gaarden Bukkesten i Bruviks thinglag beliggende husmandsplads kaldet

Roseviknes paa følgende betingelser:


1. Pladsens Grændser ere:

I syd tager merket sin begyndelse ved Wen og følger merkeskillet mellem mig og min nabo David Sjursen Bukkesten følger denne linje til et skary Hesjebakken hvor et x er indhugget, gaar derfra i retning mod nord til en furu hvori et x er indhugget, følger derfra et hammerlag ned til Wen hvor hammerlaget skjærer denne, der er merkets endepunkt. Bygsellønnen kr. 200,- to hundrede kroner er mig dags dato udbetalte, desforuden skal han svare mig i aarlig afgift 2 - to - kroner der erlegges engang hvert aar heist straks efter hvert aars nytaar.


2. Alt fiskeri nemlig af laks og landslot af sild skal jeg selv have ret til hvorimod han har ret til at tage den sjell der skulde vogse paa pladsen grund. Ligeledes skal han have ret til fri grund til et nøst udenfor den her opgivne grendse paa det sted hvor den forrige bruger av pladsen havde sit nøst staaende.

3. De steder paa pladsen der nu ikke er bevokset med skog skal han have ret til at holde ryddig for saadan hvorimod den skog der nu vogser paa pladsen ikke maa nedhugges eller paa anden maade ødelegges af ham.

4. Den matrial der tiltrenges til indhengning af pladsen har brugeren selv at forskaffe sig, ligesom han selv besørger alt gjerdehold omkring denne. Omkostningerne ved thinglesning m.v. af dette dokument har festeren at udrede.

Stamnes den 1ste November 1887.
Ole Knudsen Bukkesten.

Vidner:

O. K. Dyvik.

Ole J. Strømme.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy