Bergsdalsvassdraget, av Lars Ljone

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Bergsdalsvassdraget - Kraftutbygging
Av Lars Ljone


Brukseigar Konow kjøpte vassdragsrettane i Bergsdalen i 1896 frå Fosse til Hamlagrøosen. Han betalte kr. 125,– til kvar av dei 20 eigarane langs vassdraget, i alt kr. 2.500.–.

I 1907 selde Konow rettane sine til A/S Dale Fabrikker for kr. 250.000,–.

Alt året etter, i juni 1908, fekk Dale Fabrikker konsesjon på ei mindre regulering, ca. 1 m senking av Hamlagrøvatnet. Dale Fabrikker hadde elles alt i 1870-åra kjøpt vassdragsrettane i den nedre delen av Bergsdalselva, fyrst og fremst fallet frå grensa mot Fosse til fabrikkområdet, men også 40% av rettane nedanfor Dale Fabrikker til sjøen.

Etter konsesjonen i 1908 utnytta Dale Fabrikker eit mindre fall på ca. 55 m i ein kraftstasjon på ca. 600 kW. Stasjonen vart sett i drift omkring 1912 - og nedlagd i slutten av 1950-åra. Det var likevel berre små kraftmengder som hittil var utbygd i Bergsdalsvassdraget.

I 1918 kjøpte Bergen kommune vassdragsrettane i Bergsdalen av Dale Fabrikker for kr. 995.000,–. I tillegg til dette sikra Dale Fabrikker seg levering av 2.000 HK vederlagsfritt når utbygging hadde funne stad.

Kapitalisert tilsvarar desse vilkåra ein samla kjøpesum på ca. kr. 2 mill. Det var pengeflaum og inflasjon i 1918, men det er likevel vanskeleg å finna ei naturleg forklåring på prisskilnaden berre 20 år tidlegare.

Etter strid i fleire år med eit privat interessentskap om Torfinnsvassdraget, fekk Bergen og Voss kommune hand om rettane i dette vassdraget etter dom i høgsterett hausten 1919. I mai 1920 kjøpte Bergen og Voss i fellesskap vassdragsrettane i Torfinno for kr. 950.000,- rettane delt med ein halvpart på kvar.

Våren 1920 hadde det i eit par års tid vore hard dragkamp mellom ei rekkje landkommunar og Bergen by om korleis Bergsdalsvassdraget på beste måte skulle utnyttast for distriktet. Med dette som bakgrunn vart Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap skipa. Konstituerande møte vart halde 2. juni 1920.


Bilete s. 299 Dale kraftstasjo .


Her vart det fyrste styret valt med ingeniør Ivar Vaksdal som formann.

Dei vassdragsrettar Bergen kommune tidlegare hadde sikra seg i Bergsdalen og Torfinno vart no overdregne til kraftselskapet. Seinare på året vart dei fyrste vedtak gjort med sikte på å koma i gang med anleggsarbeid i Bergsdalsvassdraget. Men det fyrste ein måtte få gjennomført var å få hand om vassdragsrettane nedanfor Dale Fabrikker og dessutan å sikra turvande areal til bustadbygging m.v.

Dette vart gjennomført ved ekspropriasjon i 1921.

Utbyggingsalternativa for Bergsdalen og Torfinno var mange, i alt 11 frå fyrst av, men dei fleste fall bort etter nærare gransking. Ein sto til slutt med tre alternativ til vurdering. Alle hadde som føresetnad at Hamlagrøvatnet skulle vera hovudmagasin. Kraftstasjonen skulle liggja enten på Evanger, ved Fyksesund eller på Dale. Dei to fyrstnemnde stadene hadde og som føresetnad at Hamlagrøvatnet ogso skulle vera inntaksbasseng.

Når Dale vart vald til utbyggingsstad, har det m.a. samanheng med at ein i alle høve kunne byggja ein flaumstasjon på Dale - ein sto med andre ord fritt i valet av hovudalternativ på eit seinare tidspunkt.


Bilete s. 300 Slorefossdammen.


Når det galdt Torfinno, vart det lang og hard strid, då Voss helst såg kraftstasjonen plassert ved Vangsvatnet. B.K.K. meinte overføring av Torfinno til Hamlagrø var beste løysinga.

No synte det seg snart at overføringsalternativet vart mykje billegare, og partane vart til slutt samde om overføring med kraftstasjon ved Hodnaberg når tida var inne.

I møte 12. mai 1921 gjorde representantskapet endeleg vedtak om å gå i gang med utbygging av Bergsdalsvassdraget med kraftstasjon på Dale. Samstundes vart det løyvt kr. 2.340.000,– til anleggsarbeidet den fyrste tida.

Fullt utbygd rekna ein på den tida med at Dale kunne yta ca. 44.000 kW.

I fyrste byggesteget rekna ein med å byggja ut i alt 22.000 kW fordelt på 2 aggregat. Seinare vart dette brigda til 28.000 kW ved å gå opp i maskinstorleiken.

Ein gjekk straks i gang med arbeidet. Fyrst og fremst tok ein i ferd med bygging av hus på Hestevollen og Kalvekroken til alle arbeidstakarane det etter kvart vart bruk for. Arbeidet elles kom i gang med dei arbeidsoppgåvene som tok lengst tid eller måtte vera fyrst ferdig.

Men alt på denne tida - i dei fyrste 1920-åra - var det tydelege teikn på at ein gjekk nedgangstider i møte med avtakande etterspurnad - også etter elektrisk kraft.

Dette saman med dalande prisnivå, gjorde at ein utsette fullføringa av 1. byggesteget frå 1. oktober 1925 til 1. januar 1928. Anlegget var ferdig for prøvedrift i god tid og 17. november 1927 vart det for fyrste gong levert elektrisk kraft frå Dale til Bergen. Ordinær drift tok til alt neste dag.

Anleggskostnadene for denne fyrste utbygginga vart ca. 12,5 mill. kroner eller ca. 6 mill. kroner mindre enn rekna med under planlegginga.


I dei fyrste åra var dei utbygde kraftmengdene rikelege, men etter at konjunkturane hadde nådd lågmålet i dei fyrste 1930-åra, tok forbruket av elektrisk energi til å stiga.

Administrasjonen gjekk soleis i ei utgreiing til styret av 18. februar 1936 inn for utbygging av det 3. aggregatet i Dale kraftverk. I november same året vart utvidinga vedteken av representantskapet.

Føresetnaden for vedtaket var ikkje fyrst og fremst sviktande produksjonsevne, men heller reserveomsyn, stigande prisnivå og uvisse tilhøve ute i Europa.

Når ein har gått so nøye inn på vedtaket i 1936 om utviding med aggregat 3 på Dale, er det fordi det fekk overmåte mykje å seia for kraftforsyninga under krigen som braut ut nokre år seinare. Aggregat 3 var driftsklart i mars 1938.

Men før ein kom so langt hadde kraftselskapet sikra seg ressursar for den vidare utbygging av vassdraget. Det viktigaste i denne samanheng var overføring av Torfinno til Hamlagrø.

Reguleringskonsesjonen for Bergsdalsvassdraget av 13. juli 1928 gav rett til slik overføring, men grunneigarane langs Torfinno tok til motmæle mot avgjerda i Stortinget og fekk saka inn for domstolane.

I august 1930 vart avgjerda i Stortinget stadfesta i Høgsterett, og dermed var det gjeve grønt ljos for overføring.

I fyrste omgang og som ei mellombels løysing, vart overføringa realisert ved ein kanal som tappa Torfinnsvatnet ned omlag 3 m. Dette var i 1932.

Men konsesjonen av 1928 gav høve til å senka Torfinnsvatnet i alt 30 m, samstundes som det var løyve til oppdemming på 5 meter. Tappetunnelen som seinare vart driftstunnel for Hodnaberg kraftverk kunne takast i bruk i mai 1937, medan oppdemminga ikkje vart utført før på haustparten i 1955.

Det er verd å leggja merke til at overføringa av Torfinno til Bergsdalen var den fyrste i sitt slag her i landet. Den markerte soleis eit gjennombrot i norsk vassdragspolitikk.

Då krigen braut ut i Polen i september 1939, var det 3 driftsklare aggregat til rådvelde i Dale kraftverk. Det 3. aggregatet kunne likevel ikkje nyttast fullt ut før røyrgata var utvida.

Røyrleidning nr. 2 var tinga for levering innan utgangen av august 1939, men på grunn av krigstrusselen fyrst og fremst, vart leveringa noko seinka. Røyrleidninga var likevel driftsklar i juni 1940. Og no skulle ein snart få røyndom for kor viktig vedtaket frå 1936 var - det kom nemleg til å røyna på for kraftforsyninga i krigsåra. Alt i august 1940 vedtok representantskapet ytterlegare utviding med eit nytt aggregat i Dale kraftverk. Aggregatet var driftsklart i februar 1942.

Men installasjonen av nok eit aggregat var ikkje tilstrekkeleg til å løysa dei etter kvart prekære kraftforsyningsspørsmål for distriktet. Ein måtte og få fram meir vatn.

Årsaka til dette var ikkje berre stor forbruksauke, men ein fekk og stor svikt i nedbøren dei fyrste krigsåra og med uvanleg kalde vintrar.

Måten ein måtte løysa denne saka på, var å senka Hamlagrøvatnet til konsesjonsgrensa, d.v.s. 17,5 m under vanleg høgvass-stand. Arbeidet med tappetunnelen vart sett i gang våren 1941 og var avslutta etter forsert arbeidsdrift. Ein fekk gjennomslag 21. desember 1942. Utsiktene for kraftforsyninga vart med dette monaleg betre. Anleggsdrifta på Hamlagrø i 1941-42 gjorde krav på elektrisk kraft, og det vart difor bygd ei 20 kV kraftline gjennom Bergsdalen etter samarbeid med Evanger herad og nemnda for kraftforsyning av Bergsdalen.

Ein av dei positive verknadene av denne kraftlina var at bergsdølene no fekk elektrisk kraft.

Evanger herad som Bergsdalen då var ein del av, hadde fått straumtilførsel alt i 1931 - eit resultat av dei avtalar B.K.K. fekk med Voss og Evanger om overføring av Torfinno til Bergsdalsvassdraget. Ljosfesten i Bergsdalen vart halden på Lid 15. november 1942. Omlag på same tid, i 1942-43, vart arbeidet på Storefossdammen førebels avslutta. Dammen vart førd opp i full høgd mellom vegen og lukehuset og det provisoriske overlaupet vart heva slik at inntaksmagasinet auka ein god del.

Enda det var gjort mykje under vanskelege tilhøve for å betra kraftforsyninga under krigen, var det likevel ei kjensgjerning at yteevna ved Dale kraftverk var utilstrekkeleg då krigen var slutt i mai 1945. Det fyrste ein difor måtte gå i gang med etter frigjeringa, var den vidare utbygging av Bergsdalsvassdraget.

På representantskapet sitt møte 11. desember 1945 vart det vedteke å utvida Dale kraftverk med ytterlegare ei røyrleidning og to nye maskinaggregat av same storleik som dei tidlegare installerte. dette høvet var det turvande å utvida sjølve kraftstasjonsbygningen òg. Arbeidet var avslutta 1950-51.

Dale kraftverk yter 84.000 kW med ein samla årsproduksjon på ca. 465 mill. kWh.

I dei næraste åra før og etter 1950 vart ei rekkje mindre elvar og vatn i Kvam herad overført til Hamlagrø. Av dei einskilde skal nemnast Songrøvatn, Løkjesdalen og Breisettjørn med samla nedbørfelt på ca. 20 km2. Konsesjonen for overføringane er datert 2. juli 1948. Utbygginga av Dale kraftverk var no fullført i samsvar med dei planar det var lagt opp til.

Etterspurnaden etter elektrisk kraft var likevel framleis sterkt aukande, og kraftselskapet forsto at ein snart måtte gå i gang med utbygging av ei større kraftkjelde.

Dette er ei sak for seg, men det skal nemnast her at i fyrste omgang fall valet på Matre i Masfjorden.

Men enno sto det att uttbyggingsoppgåver i Bergsdalen- planane om kraftstasjonar ved Fosse, Kaldestad og Hodnaberg vart etter kvart sette ut i livet samstundes med at utbygginga i Matre gjekk sin gang. Det fyrste i rekkja vart Hodnaberg kraftverk, som nyttar fallhøgda på ca. 300 m mellom Torfinno og Hamlagrø.

Stasjonen vart sett i drift med eit aggregat på ca. 15.000 kW straks før jol i 1953. I 1959 vart stasjonen utvida med eit aggregat av same storleik slik at stasjonen ferdig utbygd yter 30.000 kW med samla årsproduksjon på ca. 80 mill. kWh. Hodnaberg kraftverk er i drift stort sett berre i vinterhalvåret.

Utbygginga av Hodnaberg er i samsvar med semja av 1927 mellom B.K.K. og Voss kommune om utnyttinga av Torfinno.

Eigaren av Hodnaberg kraftverk er Voss kommune.

Alt medan utbygginga av Hodnaberg gjekk for fullt, vart anleggsarbeidet for Fosse kraftverk sett i gang etter vedtak av representantskapet 24. februar 1950.

Arbeidet heldt fram i mest 5 år inntil idriftsetjinga i november 1954. Det største einskildarbeidet var den omlag 7,3 km lange driftstunnelen som utgjorde ca. 30% av anleggskostnadene for Fosse kraftverk.

Fosse kraftverk nyttar ei fallhøgd på ca. 100 m mellom Bergsvatn og Storefossen, og installasjonen er eit aggregat på ca. 19.000 kW med ein årsproduksjon på omlag 100 mill. kWh.

Det var no berre fallhøgda, omlag 85 m, mellom Hamlagrø og Bergsvatn, som sto att for utbygging.

Ei alvorleg kraftkrise på grunn av stor nedbørsvikt i fleire år, oppsto i 1960-61, og dette fekk avgjerande innverknad på at det alt i 1960 vart gjort førebuingar til å byggja ut ogso dette fallet, med kraftstasjon på Kaldestad.

For å få tilgang til meir vatn vart det i fyrste omgang slått ein tappetunnel med inntak ved Langaneset og utslag ved Dyrastegen, eit lite stykke innanfor Rødland. Hamlagrøvatnet vart med dette senka ytterlegare ca. 10 m.

Dessutan vart Ljosvatn og Holmevatn, til saman ca. 4,8 km2 i Voss kommune, overført til Hamlagrø ved ein tappetunnel med utslag i Bjørndalen.

Som eit framhald av tappetunnelen Langaneset-Dyrastegen vart anleggsarbeidet for Kaldestad deretter sett i gang. Samla lengd for driftstunnelen Langaneset-Dyrastegen-Kaldestad er ca. 5 km. Det høyrer elles med at størsteparten av nedbørsfeltet til Kaldåa, ca. 14,8 km2, gjennom driftstunnelen Langaneset-Dyrastegen-Kaldestad, vart overført til Hamlagrø.

Konsesjonen for overføring av Ljosvatn og Holmevatn er datert 31. august 1962 og konsesjonen for ytterlegare senking av Hamlagrø 24. april 1964.

Kaldestad kraftverk vart sett i drift i november 1964. Installasjonen er eit aggregat på ca. 24.000 kW med ein årsproduksjon på ca. 75 mill. kWh. Styringa av stasjonane Fosse Kaldestad skjer frå Dale kraftverk.

Etter kvart som utbygginga av vassdraget skreid fram, vart det ført fram turvande kraftleidningar mellom stasjonane i Bergsdalen og Hodnaberg.

Då B.K.K. i slutten av 1950-åra tok på seg levering av elektrisk kraft til industriverksemda A/S Bjølvefossen, vart det bygd kraftleidning frå Fosse til Ålvik. Uttaket i Fosse vart seinare flytt til Kaldestad for å gjera overføringslengda kortare og dermed overføringstapa mindre. Det skal elles nemnast at då stamlina som elektrisk bind saman Austland og Vestland, vart førd fram til Dale i 1968, fekk Dale ein viktig og sentral plass i kraftforsyninga i Hordaland fylke.

Bortsett frå nokre unntak har B.K.K. utført alt anleggsarbeid i Bergsdalen med eigne arbeidsstyrkar og i eigen regi.

I den fyrste anleggstida 1921-27, bortsett frå 1924 då alt anleggsarbeid låg nede, var arbeidsstyrken for det meste jamn, 130-180 mann. I seinare anleggsperiodar har arbeidsstyrkane stort sett vore mindre, men då Fosse vart utbygd i fyrste delen av 1950-åra, var arbeidsstyrken oppe i 180 mann.

Bergsdølene nytta dg høvet i kortare eller lengre tid til å delta i anleggsarbeid, men det var aldri mange som deltok samstundes. Det samla nedbørfeltet i Bergsdalsvassdraget var då utbygginga tok til i 1920-åra 169,8 km2, herav til Hamlagrø 67,2 km2.

Nedanfor Hamlagrø låg altso 102,6 km2, 51 km2 til Storfossen og 51,6 km2 til Bergsvatn.

I tillegg utgjorde feltet til Torfinno 47,3 km2, som seinare vart overført.

Som nemnt tidlegare er og ei rekkje andre nedbørfelt overført til Hamlagrø. Til saman utgjer desse felta 31,1 km2.


Bilete s. 306 Fosse kraftstasjon.


Under fåre for storflaum i Bergsdalen vert dei overførde felta avstengde på Hamlagrø.

Då kraftutbygginga tok til i 1920-åra kjende ein lite til nedbørtilhøva i vassdraget. Ein måtte difor i stor grad støtta seg til målingar i nabovassdrag, t.d. Samnangervassdraget, for å gjera seg opp ei meining om kva vassføringar ein kunne rekna med i Bergsdalen.

Det skal likevel nemnast at A/S Dale Fabrikker alt under fyrste verdskrigen 1914-18 tok til med måling av vassføringa i Bergsvatnet. Målingane heldt fram til vatnet vart regulert i 1951.

Men etter at Dale kraftverk kom i drift, vart det oppretta meteorologiske målestasjonar i Bergsdalen, på Rødland i 1927 og på Fosse i 1928.

Det vart og oppretta stasjonar for direkte måling av vassføringa i elva, limnigrafar, m.a. på Rødland og på Storefossen.


I oppstellinga nedanfor er vist medelverdiar i mm for månads- og årsnedbør i perioden 1931-1960 for Rødland og Fosse:


JanFeb.Mars.Apr.Mai.Juni JuliAug.Sept.Okt.Nov.Des.Årsnedbør
Rødland 21817212114885133 1261572443012432652.213
Fosse 265223161190102165 1561842823372842982.647


Bilete s. 307 Kaldestad Kraftstasjon.


Med dei røynsler ein etter kvart har hausta, syner det seg at nedbørmålingane på Fosse er representative for heile Bergsdalsvassdraget med overføringar.

Det er sjølvsagt at vasskraftutbygginga fekk verknader - både positive og negative - for oppsitjarane i Bergsdalen.

Av positive sider skal nemnast at utbygginga skapte økonomisk framgang i Bergsdalen i ei elles vanskeleg tid i mellomkrigsåra og seinare.

Ulempene er det søkt rådd bot på enten ved direkte økonomiske vederlag eller ved andre tiltak.

Etter fyrste utbygginga i 20-åra vart, på grunn av auka vassføring, transporten over Bergsdalselva hindra. Særleg om vinteren var vanskane store. For å avhjelpa dette, vart det bygt i alt 15 hengebruer for hestetransport frå Fosse til Rødland utover i 1930-åra. Vedlikehaldet av bruene vart òg pålagt B.K.K.

I dei seinare år har det synt seg at hengebruene ikkje lenger gfer fullgod teneste for transporten over Bergsdalselva, då moderne transportreiskapar som traktorar og bilar ikkje kan brukast i nemnande grad.

Difor vart det snart klårt at transportspørsmålet over elva måtte løysast ved å byggja større og sterkare bruer.


Bilete s. 308 Elveterskel på Lid.


I fyrste omgang vart det i 1973 ved samarbeid mellom Kaldestad Beitelag og B.K.K. bygt ny bru i betong ved Kaldestad. Året etter vart Brunemnda i Bergsdalen skipa, som saman med B.K.K. tok opp spørsmålet om å byggja betongbruer på fleire stader over Bergsdalselva.

Ein føresetnad for samarbeidet var frå B.K.K. si side, at talet på bruer over Bergsdalselva skal reduserast monaleg. Dessutan skal vedlikehaldet på betongbruene falla på grunneigarane i Bergsdalen.

Styret i B.K.K. tok elles atterhald om at Staten gjennom Hordaland Fylkeslandbruksstyre, omframt økonomisk stønad, også skal ha kontroll med at disponible pengemidlar vert brukte på forsvarleg vis. Med sikte på å byggje i alt 8 - 9 betongbruer i Bergsdalen reknar ein med at arbeidet vil vera avslutta i dei fyrste 1980-åra.


Då Fosse kraftverk var ferdig til drift i 1954, oppstod eit nytt kommunikasjonsproblem, då Bergsdalselva som tidlegare var eit naturleg gjerde, vart turrlagd for det meste heile året.

Det vart difor turvande å setja opp gjerde langs Bergsdalselva. Seinare, då Kaldestad var utbygt, måtte ein setja opp gjerde ogso langs Kaldåa.

Det vart i 1956 oppretta ein gjerdeavtale der B.K.K. stiller til rådvelde turvande midlar til vedlikehald.

For å råda bot på verknaden av at vassføringa i Bergsdalselva er monaleg redusert, er det ved garden Lid bygt tersklar på to stader i elva.

Av andre tiltak skal nemnast at i 1965 oppretta B.K.K. eit jordbruks-, skogbruks- og fiskefond på kr. 100.000,– til bate for hovudnæringane i Bergsdalen.

B.K.K. skal ha ein representant i fondsstyret som i alt har tre medlemer.

Til kraftutbygginga i Bergsdalen gjennom omlag 45 år, er det nedlagt i kapitalutgifter ca. 100 mill. kroner - tilsvarande ca. 300 mill. 1977-kroner.

Då Kaldestad kraftverk var fullført midt i 1960-åra, var òg, Bergsdalsvassdraget i det store og heile fullt utnytta til kraftpróduksjon. Det einaste som no står att er fallet på ca. 30 m frå Dale kraftverk til sjøen.

Utvikling på energiområdet - prisar og etterspurnad t.d. - me i den seinare tid har vore vitne til, kan føra med seg at ogso denne fallhøgda vert utnytta i framtida.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy