Bergsdalen. Tekst og tone av Lisbet Lid Venås

Frå Vaksdal Historielag

(Skilnad mellom versjonar)
Jump to: navigation, search
Noverande versjon (16:10, 10 november 2010) (endre) (undo)
 
(8 intermediate revisions not shown.)
Line 1: Line 1:
-
Bilet av original
+
{{navigere Bergsdalen artikkel}}
Line 43: Line 43:
Tekst og tone:<br/>
Tekst og tone:<br/>
LISBET LID VENÅS
LISBET LID VENÅS
 +
 +
 +
 +
[[kategori:Dikt]]
 +
{{kategorisere Bergsdalen artikkel}}
 +
 +
{{rettar}}

Noverande versjon

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


BERGSDALEN


Det finst så mang ein dal i mellom dalar,
men berre ein er dalen min.
Der syng ein elv i ljose bjørkesalar
der leikar det ein lettføtt sommarvind.


Og hausten hengjer fargerike klede
frå høgste knaus til botnen djup.
Men vinteren med all si kvite glede
kan venda brått til snøstorm over stup.


Det vert vel ofte seine kalde vårar
før lamma grøne groren ser.
Men aldri tykkjest himmelkvelven klårar'
enn når den fyrste symra står og ler.


Her talar minna stilt om farne dagar,
om slitarar som borte er.
Dei planta skog, bar stein og dyrka hagar
og fekk den vesle åkerflekken kjær.


Igjennom dalen rulla nye tider
som endra mangt i strev, i fest.
Men grender ligg som før innunder lier
med open famn for bergsdøl og for gjest.


I dalen min med fjell, med lein og lone,
med barndomsheim hjå mor og far
der bur ein fred, der skjelv ein salmetone
i graset på ein gammal kyrkjegard.


Tekst og tone:
LISBET LID VENÅS


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy