Bergsdøler i bygdestyringa, av Knut Rødland

Frå Vaksdal Historielag

(Omdirigert frå Bergsdøler i bygdestyringa)
Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Bergsdøler i bygdestyringa
Av Knut Rødland


Vossaveldet omfata ogso Evanger frå gamalt av, men i 1885 vart Evanger eigen kommune. Denne skipnaden varde til 1963, då vart Evanger kommune delt mellom Voss og Vaksdal. Bergsdalen vart då lagd til Vaksdal kommune.

Dei styrande under krigen hadde planar om at delar av Evanger skulle leggjast under Bruvik kommune, men dei folkevalde og folket elles ville ikkje at ei slik sak skulle fremjast med dei styresmakter som rådde då.

Frå gamalt av måtte dei som ville røysta i stortings- og kommuneval møta til Evanger og røysta der, og for å ha røysterett måtte dei ha betalt minsteskatten. Endå lenger attende i tida hadde berre dei som åtte jord, røysterett. Dette førde til at mange kjøpte litt jord, og fekk namnet "myrmenn".

Kvinnene fekk avgrensa kommunal røysterett i 1904 og ålmenn røysterett i 1913.

Seinare vart det to røystekrinsar i Bergsdalen, Hatlestad og Øye. Då vart det lettare for bergsdølene å gjera si samfunnsplikt når det galdt å velja inn folk i lands- og bygdestyringa.

Kring 1900-talet stod valet mellom høgre og venstre, og det skulle gode grunnar til å skifta parti. Dersom lensmannen og presten røysta høgre - ja, so va det vel best å gjera som han "far" ville.

Jørgen Småbrekke (1855) fortalde han skulle stad og røysta. "Eg reiste te Evonga só høgremann, men kom heim att só venstremann". Då hadde han snakka med kjentfolk som han hadde tiltru til, og det høyrde han på.

Det er fortalt at før 1885, med Bergsdalen høyrde til Voss, var det av og til folk frå dalen med i kommunalt styre og i andre tillitsyrke. Det er nemnt fleire lagrettemenn herfrå.

Frå den tid Evanger var eigen kommune, 1885 til 1963, har me ved å gå gjennom møtebøkene til Evanger heradsstyre, funne fram til bergsdøler som var med i bygdestyringa.

Dei var med i nemnder og råd, slik som likningsnemnd, skulestyre, vegnemnd, jordstyre, ljosverkstyre, fattigstyre og "Fåreskabbetilsyn", dei siste var på folkemunne kalla "skabbforvaltara". Det vart venta mykje av dei som kom inn i styr og stell, til framhjelp og gagn for grenda. Og det var eit tillitsverv.

Einaste framkomstvegen til møtestaden, som var på Evanger, var over fjellet, heilt til vegen gjennom dalen vart bygd, då vart det høve til å reisa om Dale og med jarnvegen til Evanger. Det fylgde mykje slit og bortheft med desse turane. Ofte var det styggever, og særleg vintersdag vart det overnatting på Evanger.

Me har eit herme etter ein bergsdøl frå den tid: "Eg æ gla só fekk eit høve só ikkje kunne brukast i bygdastyringjæ".

Fyrste valbolken, i 1885, var ingen frå Bergsdalen vald inn i kommunestyret for Evanger. Men i 1888 vart David Nilsson Hatlestad (1848-1899) vald, og i 4 bolkar var han med i kommunestyret. So i 1899 og i 3 valbolkar var Tormod Lid (1858) medlem. Anders Brekke (1855) var med i 2 valbolkar frå 1904 til 1909. Frå 1910 og i 3 valbolkar var Helge Fosse (1870- ) med. År 1919 kom Nils K. Rødland (1875) inn i kommunestyret. Og i 1922 i 2 periodar var Helge Fosse på ny medlem.

Johannes L. Berge (1872- ) vart innvald i 1925 og var medlem i Evanger heradsstyre i 4 periodar.

Gulleik Øye (1891) vart vald inn i Evanger heradsstyre i 1931, og frå 1937 og til krigen slutta var Johannes H. Hatlestad (1885-1951) heradsstyremann frå Bergsdalen. Det vart innført 4 års valbolkar for stortinget denne perioden.

I fyrste valet etter krigen, 1945, fekk Bergsdalen 3 mann i heradsstyret, det var Anders H. Fosse (1908), Trygve Hatlestad (1901-1973) og Knut Rødland (1910). Dei same kom inn att valbolken 1948-51. No vart valbolkane 4 år, slik som for stortinget.

År 1952 vart Ragnvald Berge (1903) og Johan Hatlestad (1922) innvalde i heradsstyret, og sistnemnde var òg med i bolken 1956-59. So i 1960 kom Knut Rødland og Anders Fosse med i det kommunestyret som vart det siste i Evanger si soga.

Siste møtet vart halde 21. desember 1963.

Det var vemodigt for Evanger kommune å leggja årane inn, og for Bergsdalen vart det eit brot på alt hopehav med dei bygdelag me hadde samarbeidt med i hundrevis av år.

I overgangsperioden til den nye kommunen Vaksdal, slik som budsjettarbeid m.m. og tingingar om det økonomiske oppgjeret mellom Voss og Vaksdal om Evanger, var Knut Rødland med. Fyrste valbolken i Vaksdal, 1964-67, var ingen frå Bergsdalen med i kommunestyret. I 1968-71 var Klara Lid (1907) med.
Og 1972-75, var det Klara Lid og Roald Brekke (1940).
1976-79 kom Kjell Rødland (1934) og Asbjørn Berge (1940) med i kommunestyret.
Elles kan nemnast at Bergsdalen har medlemer i jordstyre, skulestyre, sosialstyre, ljosverkstyre, og i andre nemnder og råd.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy