Arbeidsdelinga på garden, av Kristina Fosse

Frå Vaksdal Historielag

Jump to: navigation, search

< Vaksdal Historielag < Bygdebøker for Vaksdal < Bergsdalen Innhald


Arbeidsdelinga på garden:
Manns- og kvinnearbeid.

Av Kristina Fosse


Å vera husmor på garden, var eit tungt og ansvarsfullt yrke. Ho var den fyrste som måtte opp grytidleg om morgonen, etla til maten og vekkja dei andre. Var der ikkje småborn å stella, so sette ho seg gjerne til rokken og spann ei snella føre florstid. Floren og stellet der var kvinnfolkarbeid. Mannfolka hjelpte til når det var kalving, eller dei måtte gå med kyr.

Det var ikkje alltid so naust med fór, og det var eit særs viktig arbeid og mæla fóret til so det varde til våren. Det var husmora som viska vondlar og la det i kjessa, so kunne jentene bera det rundt. Det vart helst enghøyet til kyrne og markhøyet til sauene. Mjølking og mjølkestell var kvinnfolkarbeid. Då separatoren kom til dalen, var det karfolk som sveiva den fyrste tida. Men etter kvart vart kvinnfolka tiltrudde dette arbeidet òg. Å kinna smør var eit omstendeleg arbeid. Då vart smørkinna og ambara vaska i sprake-lòg (einelòg). So vart rjomen tømd i kinna, og det var å snu rundt og rundt til det vart smør, eller til prinsen var vunnen. Det heitte stundom slik, når det var ei jenta som kinna. So vart smøret grundig vaska, salta og knadd i ambara for sal. Saupet (kjernemjølk) vart kokt til prim, men det var vanleg å ta av noko og koka til saupgraut. Den var svært god, særleg med eit lite smørauga i. Dessutan var litt saup i ein kopp so ekstra godt å smørja seg i andletet med, det var den tids "skjønnhetsmiddel".

Å klippa sauene var for det meste kvinnfolkarbeid. Som oftast vart det gjort i stova. Dei la sauen ned på golvet, og ein kar heldt bakbeina med dei klipte buken. So batt dei bakføtene og ein framfot ilag, og so var det å bruka sauesaksa snøgt og fint, og ikkje klippa i skinnet.

So valde dei ut ull til spinning og veving. Særleg var dei nøye med ulla til veving. Her måtte ulla grøypast og kardast so godt som mogeleg. Borna måtte hjelpa til med dette. Dei sat oftast på skammel rundt mor eller bestemor, som leia arbeidet.

Skulle ein ha grått garn, vart det grøypt kvit og svart ull saman. Den måtte nuppast godt etterpå, slik at alt vart same fargen. So stod det om å leggja høveleg i karda og få fine tudlar.

Dei hadde fleire rokkar på ein gard. Dei eldste var noko klumpute, men seinare vart dei fine og lett-trødde. Jentene som skulle læra spinna, fekk byrja med sokke- og labbegarn. Dei vaksne spann vevgarn, og største kunsten var å spinna varpet. Det måtte vera so glatt og fint at ikkje trådane slitna i veven. Til bruradoss skulle varpet vera so tynt at varp til heile veven skulle kunna gli gjennom gifteringen. Varpet skulle vera spunne føre jol. Etter at ullvarefabrikkane på Voss og andre stader byrja, gjekk mange over til å byta ut ull i fabrikkspunne garn. Vevinga skulle ta til snarast råd var etter jol. Fyrst var å setja opp rennebommen. Det måtte karfolkhjelp til då. Øvre enden av bommen gjekk i eit lager som vart spikra til ein takbjelke inne i stova, i nedste enden gjekk han på ein liten jarntein, som dei la ein flat stein under. So tok renninga til. Garnet måtte vegast, so hadde dei eit høveltal mellom mark og alner, og med omsyn til om garnet var grovt eller tynt. Når lengd og basmer var utrekna, var det å svinga bommen rundt og rundt, so langt renningsgarnet rakk. Når renninga vart teken av bommen, vart det fletta som dei sa, for at det ikkje skulle gå i vase.

Før bommen vart boren ut, var det stor stas for borna å få stå inne i bommen med han vart svinga rundt som ein karusell. Men det var ikkje lange stunder til leik, bommen måtte ut og vevreien inn. Fleire måtte hjelpast åt med å få renninga stramt og fint innpå storerullen. So var det å tre i hovold og vevskei. Og so byrja vevinga. Det høyrdest langt utom stova, taktfaste slag. Alnesnora viste målet, og for kvar alen vart det merkt på merkesfjøla. Det var ei annsam tid med vevinga stod på. Til spoling brukte dei ein gamal rokk med påsett spoletein, og det var oftast ungearbeid å spola. Dei som vov måtte aldri sitja opprådd for spolar.

Dei vov kvitlar, ofte med fleirfarga render. Desse måtte syast saman av to breidder, og rendene måtte møtast. Vidare vov dei vadmål til underklede og utanpåklede til mannfolka. So vov dei einskjefta til kvinnene til loss og til finare bruk.

Dei fleste sydde seg sjølv skjørt og kjolar av fint heimevove og heimefarga einskjefta.

Vevreien skulle helst ut att til påske. I eldre tider stampa og leta dei veven heime, men då ullfabrikkane kom i sving, vart vevane sende dit til dette tungarbeidet.

Om hausten og vinteren var karane på skogen. Det skulle mykje ved til i stovehus og eldhus, og mange hadde særskilde kårhus. Famneveden vart lagd for seg, og risveden var det ung-gutarbeid å hogga opp. So var det oftast ein eller fleire gamlekarar som lødde veden i lad i skytjer og halvtekkjer.

Då køyrevegen vart ferdig, selde dei litt famneved til Dale. Det som skulle verta hesjestaur og tro, vart lagd for seg. Det var eit heilt arbeid å laga til hesjeved. Borna måtte ofte hjelpa til med skaving. Elles var det arbeid for kårmannen òg. Han hogg ofte "mork" og tok det med i kårstova og skov av borken. Dette vart bruka til for åt beista. Smågutane var òg med på slikt arbeid.

Elles hadde mannfolka vinter- og kveldsetearbeid med å halda i stand og laga nytt alle slags gardsreiskapar, vri vidjer, laga rissoplar og florsreker og mangt anna. Her fekk smågutane læra tidleg kor alt skulle gjerast. Husbonden hadde ofte høvlebenk i stova om vinteren.

Når ver og føre var lagleg, drog karane til utmarka og henta heim markahøy or løer eller stakkar. Det var eit tungt slit, og ofte stakk finntoppen seg heilt innom vadmålsudla. Høyet la dei på tog i store byrder, batt desse saman til sloar, som dei drog ned gjennom lidane og fekk til gards.

Karfolka køyrde òg ut møk på vinterføre og la i store dungar, som dei klappa til for at dei ikkje skulle turka opp. Sume stader var det so brattlendt at dei måtte bera møk i kipa.

So snart det var tåe og møkdogg, breidde karane møka på bakkane, og so var det kvinnfolkarbeid å rivla og gnu møka sund med riva. Dei måtte passa på når ho var høveleg hard.

Åkrane spadde dei kvar vår. Det var dei same åkrane dei bruka oppatt år etter år. Men dei skifte litt med korn og poteter. Det var berre bygg og havre dei hadde von om å få moge her oppe. Setjepotetene vart lagde i varmt rom til groing i sumarmål-tider, og kom i jorda kring 17. mai. Dette arbeidet var ofte heile huslyden saman om. Å plukka ugras vart rekna for unge- og kvinnfolkarbeid. Hesjane sto ute heile året. Det var ei heil onn å vøla dei oppatt om våren. Alt som var rote måtte skiftast ut. Til å binda med brukte dei bjørkerynningar, som dei kløyvde med hendene frå toppen og ned. Best var dei å bruka med nett utsprunge lauv, då var dei seigast. Her var òg arbeid for dei store borna. Det måtte rydjast fint kring kvar hes, og alt avfall fyllast i kipa og berast heim i eldhuset til ved. Sume stader brukte dei hesjar i markslåttene òg, der det var tenleg.

Rundt jonsok brukte dei logga bjørk. Av toppkvistene batt dei saman knippe og hengde til turk. Best var det om det turka i skuggen, då heldt det grønfargen. Dette var godt sauefor.

So var det losting. Det var å flekkja never og bork av større bjørketre. Nevra vart brukt til taktekkjing. Borken vart turka og sidan knust og hatt i sekker. Den vart seld til garveria. Noko av den bruka dei sjølve når dei barka huder og skinn til sko og reimar av ymse slag. Karane reidde og saueskinn til skinnbrøker.

Om våren gjekk det gjerne ei vika og meir til flatbrødbaking. Det var skikk å stella fint med bakstedeiene, med god mat og kaffi. Dei fekk lite tid å gå frå bakstebordet om ikkje nokon kunne byta for dei. Det hende at sume karar og var flinke til å baka, og dei knodde deigen òg.

Stundom kunne kårkona og koma ut i eldhuset til dei som baka. Der var det varmt og lunt og mykje god prat. Og om ho ikkje makta baka sjølv, so hadde ho hug å sjå etter om det var flinke bakstedeier. Var det rette slaget, so øydde ho korkje ved eller breiemjøl til fånyttes.

Flatbrødleiven vart lagd ein gong saman når han var steikt. Markalefsa vart baka tjukkare og bretta meir saman, med ein veng ytst. Dei rekna ei lefsa i målet til ein kar. Krotekaka vart det og baka, den var helst til gjestebodsmat.

Om hausten var det baking att. Det skulle vera til våren kom. Då bruka dei òg baka knekabrød. Det brukte dei til kling til jol.

Husvasket skulle vera ferdig til pinse. Det var å kvitskura tak og vegger med sand og såpe. Ofte rauk det svært av omnane, so det var ikkje vanskeleg å sjå kor langt ein var komen med vasket. Stundom var karane med og skura taket. Det måtte leggjast mykje krefter til, skulle stova verta ferdig på ein dag.

I floren vart og gjort reint. Etter at karane hadde teke smalagardane, vart dumba og skit kosta ned, og murane vart kalka.

Vassbering var dagleg arbeid på kvar gard, og var både kar- og kvinnearbeid. Mange hadde brunnar i lag, det var gjerne ein brunn til floren som låg nære tunet, og ein som låg lenger ifrå med ekstra godt vatn, som dei bruka til matlaging. Det var eit useieleg gode å få innlagt vatn.

Klevask var og eit tungt arbeid. Ull- og vadmålskler fekk hard omgang med banketre og heimekokt såpe. Kvitekler vart koka i kjel eller gryta med oskelut i vatnet. Dessutan var snøen og aprilsola fin å bleika kvitetyet, då som no.

Såpa koka kvinnfolka om hausten av talg og kaustisk soda. Eit lite glas lavendelolja gav ei ekstra fin såpelukt.

Når kyrne skulle løysast ut om våren, var heile garden i lag. Dei var gjerne so mange karfolk at dei leidde ut heile bølingen or ein flor samstundes. So måtte kyrne gjætast fyrste dagen. Det var kvinnearbeid, ogso for dei største borna.

Stølegonga var òg eit tungt arbeid. Oftast hadde budeia spøtet med seg, og gjekk oppover liene og spøta. Nysto hang i ein krok i stakken. So var det å kalla på kyrne og nytta ventetida med spøting. Dei som hadde fjellstølar her i dalen, brukte det slik at budeia gjekk heimanfrå om kvelden, mjølka kyrne på stølen og låg der om natta. So mjølka ho om morgonen tidleg og tok all mjølka med seg på ryggen, til arbeidet som venta heime.

Kring 10. juli kom slåtten i gang. Det var litt etter kor nedbeita bøen var vorten av sauene om våren. Tidleg var dei oppe før, og endå tidlegare i slåtten, so dei var i arbeid i femtida. Låg dei inne til kl. 6 vart dei rekna for lite drivandes. Kårfolka slo gjerne på bøen, om dei var so spreke at dei greidde det, og so tok husbondsfolka seg av utmarksslåttene. Ungeflokken vart gjerne delt, slik at nokre vart med på heimebøen og nokre med i utmarka. Hadde dei småborn var det gjerne eit eldre kvinnemenneske heime med dei. Det var om å gjera at alle nytta tida vel med sumarveret var fint. Det mona mest med å slå og turka flatt. Når karane slo til hes, drog borna til, og kvinnene hesja. So var det husbonden som slipa ljåane kvar kveld, og det var bra der var fleire born som skifta med å snu slipesteinen.

Når høyet skulle i hus, var det ofte kvinnearbeid å henta hesten i fjellbeite. Der det let seg gjera lessa dei høyet på tremeiaslede og køyrde det i hus. Men mesteparten vart bore inn på ryggen.

Slaktinga om hausten var arbeid for alle på garden. Karane slakta og flådde, kvinnene skola or, skrapa tarmar og ilåt, løypte og mol måren, (innmatpylsa). Å svi smalahove og skolda føter og pylsa, var fellesarbeid. Salting og røyking var karfolkarbeid.

Det var ikkje vanskeleg å få leigehjelp på gardane før. Mange hadde store huslydar og dei såg seg mon i om ein gut eller ei jenta kunne tena til mat og kler og nokre meter vadmål, og kanskje nokre kroner og. Det var ingen 8 timars dag. Både dreng og jenta måtte tidleg opp til hardt arbeid heile dagen. Det hende stundom at ein dreng tente på to gardar og var 14 dagar hjå kvar.

Jentene fekk gjerne reisa ut og tena om vinteren, men måtte vera heime på garden om sumaren. Det var stas når dei kom so langt at dei kunne kjøpa seg ei kåpa av "bytøy".

Elles vart kleda for det meste sydde heime, og kvinnene måtte bruka kvar ledig stund til bøting og lapping. Småjentene måtte tidleg læra spøta.

Alt i 1890 åra, kanskje før, kom det symaskinar til dalen, det var til stor hjelp.

Tid om anna vart det på kvar gard tenestefolk av båe kjønn som ikkje vann meir utearbeid, men fekk vera på garden likevel. Legd var lite og inkje brukt her i dalen. I takksemd gjorde dei det dei kunne av sitjande arbeid, so som spøting, tøving, lapping, karding og liknande.

Å støypa talgljos var òg eit arbeid for dei gamle, men her var ofte borna til hjelp. Borna hadde mykfe arbeid og plikter. Og arbeidet gjekk som oftast framom lekser og skulearbeid.

Etter som åra har gått, har alt gardsarbeid vorte lettare. Etter kvart kom dei faste hesjane bort, og utmarkslåtten minka av i 1950 åra. So no står utløene tome og rotner ned.

Slåmaskin for hest løyste av longorven der det var lende til det. Mykje jord som før var utenkjeleg å dyrka, er no grøfta og pløgd, og fødnaden aukar år for år. No fer motorslåmaskina over nokso bratte bakkar, og ser du vel etter, so er det gjerne ei ungjenta som slær. På flatane gjer forhaustaren snøgt av med graset, som vert køyrt i silo. Soleis vert slåtten gjort på ein brøkdel av tida dei brukte før.

Møka vert mange stader pumpa ut i røyranlegg, so den slitsame møkbreiinga er det lite att av.

Alt vask og reinhald har og vorte lettare. Det gjorde mykje då dei tok til å måla golva, og gjerne heile rom i 1920-30 åra. Kjøpety og garn har gjort veving og spinning uturvande.

Nye symaskinar har avløyst dei gamle, og alt dette gjer arbeidet lettare og betre.

Gardsarbeidet er vorte meir utjamna. Det er ikkje lenger skam for ein kar å stella i floren. Med mjølkemaskin og røyrmjølkanlegg har han god hjelp.

Men arbeidshjelp på gardane er det mykje mindre av no.
Ungdomen reiser ut på skular og arbeid. So vert det her som andre stader at maskinane må hjelpa til.

Utmarkslått, høybering og ei kvilestund i utløa etter ein ansam høyversdag er berre minne for dei eldre idag.

Men alle bør me minnast at forfedrane våre med si nøysemd og sitt tunge slit, med enkle sjølvgjorde reiskap, og har vore med og lagt grunnlaget for den framvokster og velstand me alle nyt godt av idag.


© Vaksdal Historielag, Postboks 205, 5721 Dalekvam, e-post: bygdebok@vaksdalhistorielag.org

Ansvarleg redaktør Rolf Erik Veka.
Personlege verktøy