VELKOMEN TIL VAKSDAL HISTORIELAG SINE HEIMESIDER

brudlaup på StraumeHistorielaget har i lengre tid hatt planar om å oppretta ei heimeside, og no er endeleg tida inne. Me vonar at dette vert ei side som brukarane kan ha både glede og nytte av.

På heimesidene vil ein m.a. finna oversikt over årbøkene til historielaget. For dei som likar å få innsyn i slektene i kommunen, vil det om litt bli lagt ut tilgang til dei ulike bygdebøkene i Vaksdal. I tillegg vil ein vonleg finna anna stoff som vil fremja historieinteressa til lesarane.

Biletsamling

I 2009 vart det starta opp eit arbeid i høve innlegging av bilete frå kommunen i ein database. Med tida er det meininga at lesarane våre skal få tilgang til desse bileta via sidene til VH.

Årbøkene våre

kaffekopp

Vaksdal historielag gav ut si første årbok hausten 1995. Sidan dette har det kvart år kome ei ny årbok på marknaden, noko som er blitt godt motteke av innbyggjarane i Vaksdal. Det er meininga at årbøkene skal gjevast ut med same layout til ein har like mange bøker som bokstavar i Vaksdal Historielag. Reknar ein med mellomrommet mellom orda Vaksdal og Historielag, vert dette 18 bokstavar og eitt mellomrom, altså 19 bøker. Reknar ein frå 1995, vil siste årbok i serien koma ut i 2013. Det er meininga at me skal leggja ut artiklar frå dei bøkene som er utselde frå lager. Som de vil sjå, er det alt lagt ut nokre artiklar frå årbøkene i perioden 2003 til 2008.

historielaget sin logo